Page 18

Verdien av lokal byggjeskikk Bygningar i Volda sentrum Måndag 25. september 14.00–15.00 Berte Kanutte–huset, Rom 159 (vesle BK) Høgskulen i Volda

Arrangementet er i samarbeid med Eldreuniversitetet i Volda og Ørsta.

Høgskulelektor Kari Aslaug Hasle, Avdeling for samfunnsfag og historie, er oppteken av bygningar som kulturminne og kjelder til fortida. Ved første augekast skil kanskje ikkje bygningskulturen i Volda sentrum seg særleg frå andre tettstader. Men har du først fått auga opp for dei mange uthusa i sentrum, vil du sjå at dei gir Volda eit særpreg. Løene, og dei små uthusa med fleire dører og vindauge, er vitne frå ei tid som var. Dei etablerer rom og tun mellom bygningar, og gir visuelle kvilepunkt. I dag er uthusa sjeldan i bruk, og må stadig vike for nye bustader, vegar og parkeringsplassar. Dei forsvinn litt etter litt. Med dette misser vi ein viktig del av bygningshistoria vår. Mangfaldet i bygge­skikken forsvinn. Bygningar kan fortelje om mentalitet, levekår, hand­verkstradisjonar og materialval, og dei er viktige for å forstå utviklinga av tettstader. Uthusa i sentrum er viktige kjelder til å forstå nærings­ grunnlaget og utviklinga av staden Volda, og dei bidreg til lokal identitet og tilhøyrsle. I foredraget vil vi få sjå ei rekkje glimt av bygningar i Volda sentrum.

18

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you