Page 17

Filmkveld i Hjørundfjord Filmteater Verdiar på spel? «Havet brenner» er ein italiensk dokumentar om livet på den italienske øya Lampedusa, som på grunn av sin geografiske nærleik til Libya vert målet for mange menneske på flukt. Lampedusa og den greske øya Lesvos skulle bli dei mest kjende hamnene i det som i vårt offentlege ordskifte vart kalla «flyktningkrisa». Den krisa var av dobbel karakter, på den eine sida eit uttrykk for krisa til dei som flykta frå tønnebomber og granatar, på den andre sida opplevinga av krise for dei som skulle ta imot. Det vart ein unntakstilstand som mobiliserte folk av ulik politisk valør, og som sette Europa sine verdiar på prøve. Denne filmen tek føre seg livet til lokalbefolkninga på Lampedusa, som medan unntakstilstanden skyl over strendene, fortsett så godt dei kan med sine eigne liv. Utanfor kysten og på stranda utspelar derimot det ekstra­ ordinære seg. Det er lokale liv som brått vert fanga i eit globalt spel. Regissøren Rosi har gjort det til sin spesialdisiplin å bu lenge blant dei han filmar. Dei lokale vert vande med både han og kameraet, og Rosi får slik høve til å gje oss eit unikt innblikk i balansegangen mellom unntakstilstand og normaltilstand, det kvardagslege og det ekstraordinære.

Søndag 24. september 19.30 Hjørundfjord Filmteater, Sæbø

Filmen vann Gullbjørnen for beste film på Filmfestivalen i Berlin 2016. Visinga er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Filmsalongen ved Hjørundfjord Filmteater og Amnesty International. Filmsalongen ynskjer å setje fokus på aktuell og relevant film, der målet ikkje berre er å underhalde, men å setje avtrykk: «Ein film skal vere som ein stein i skoen» (Lars von Trier). Filmen vert introdusert av stipendiat Erlend Walseth, Avdeling for sam­ funns­fag og historie. Forskingsdagane 2017

17

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you