Page 16

Litteraturkveld i Ivar Aasen-tunet Verdiar i krise – ekteparet Vesaas Halldis Moren Vesaas (1907 – 1995) og Tarjei Vesaas (1897– 1970) er blant dei viktigaste forfattarane på 1900-talet. Ho kom inn i litteraturen med ein vital optimisme, han stod i ei spenning mellom trygg tilhøyrsle i «det store spelet» og ei vaken erkjenning av undergangskreftene i samtida. Begge høyrde dei til i den frilynde norskdomsrørsla. Begge var sterkt internasjonalt orientert, ho mest mot Frankrike, han mest mot Tyskland. Men begge forstod tidleg at framveksten av nazismen i Tyskland var farleg. Søndag 24. september 19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda Det vert musikalske innslag frå operaen Kimen ved komponist Magnar Åm, Avdeling for kulturfag, og Volda Vokal.

For begge vart opplevinga av andre verdskrigen ei vending, der den optimistiske og (særleg for Halldis) glade, nasjonale kulturen vart sterkt utfordra. Men for begge førte denne konfrontasjonen til ei konsolidering og til nye, meir djuptloddande litterære tekstar. Tarjei har fortalt at den tyske okkupasjonen endra skrivemåten hans, og endringa starta med Kimen i 1940. Halldis skreiv nokre av sine mest monumentale dikt etter krigen, i Tung tids tale. Ho gjorde også eit stort omsetjingsarbeid for teateret i tida etter krigen. Vesaas-ekteparet er begge interessante samtidsvitne frå ei uroleg tid. Førsteamanuensis Anemari Neple, Avdeling for humanistiske fag og lærar­ utdanning, og professor Jan Inge Sørbø, Avdeling for samfunnsfag og historie, samtaler om dette.

16

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you