Page 12

Blomsten og bien – eit verdifullt eventyr

Laurdag 23. september Biene i nærleiken 12.00–13.00 – vandring i området rundt Ivar Aasen-tunet

Foredrag 14.00–16.00 Salen, Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda

Arrangementet har mottatt arrangements­ støttemidlar frå Noregs forskingsråd.

12

Biene i nærleiken Ei oppdagingsferd i nærområdet til Aasen-tunet for barn og vaksne i alle aldrar. Her skal vi ut å sjå kven som er på besøk i blomane rundt Aasentunet. Med på turen blir tre bieforskarar (Eirik Søvik frå Høgskulen i Volda, Anders Nielsen frå Universitet i Oslo, og Clint J. Perry frå Queen Mary University, London). Det blir anledning til å stille alle tenkelege spørsmål og å lære mykje om levesettet til dei verdifulle insekta som pollinerer plantene rundt oss. Kva verdiar har biene for oss? Dei aller flest set ikkje særleg stor pris på insekt. Dei ser rare ut. Dei kravlar på stader vi helst ikkje vil ha dei. Dei stikk og bit. Likevel er det enkelte insekt som har ein spesiell plass i hjarta våra. Honningbia og humler er det få folk som har noko særleg imot. Og det er jo ikkje rart, utan desse insekta hadde ikkje samfunnet vi lever i sett ut som i dag. I denne foredragsserien belyser tre bieforskarar ulike delar av det verdifulle samspelet mellom menneske og bier. Først ut er førsteamanuensis Eirik Søvik, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, som fortel om korleis menneska gjorde honningbia til husdyr, og korleis dette forholdet har utvikla seg gjennom tusen av år. Her blir det fokus på båe den økonomiske og den kulturelle verdien honningbia har for oss menneske. Deretter vil forskar Anders Nielsen ved Universitetet i Oslo fortelle om ville bier og humler i Noreg. Fokuset her vil vere på den verdiskapinga desse dyra gir samfunnet våra heilt gratis. Til slutt vil forskar Clint J. Perry ved Queen Mary University i London diskutere eigenverdien til biene. Han vil ta for seg kva vi veit om det som skjer i hjerna til biene når dei flyg frå blome til blome (denne biten vert på engelsk). Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you