Page 11

Verdien av koding Kodeklubb Verda over satsar land på å innføre programmering som ein del av det borna skal lære i skulen. Kva er programmering og kvifor ser mange dette som verdi­full kunnskap? Denne laurdagen skal vi prøve å leike oss fram til eit svar på dette spørs­ målet, når vi inviterer til kodeklubb - for første gong i Volda. Her skal vi sjå korleis vi kan få datamaskina til å gjere det vi vil, ved å lære oss data­maskina sitt språk. I tillegg til vanlege berbare datamaskiner, vil vi sjå på mini­ datamaskiner som vi kan kople ledningar til og få spanande ting til å skje.

Laurdag 23. september 11.00–15.00 Henrik Kaarstad-huset, Rom 104/108, Høgskulen i Volda

Arrangementet er i samarbeid med Kodeklubben Ulsteinvik.

Skaparane av Facebook, YouTube, Minecraft og Tesla har skapt store verdiar med koding, kanskje vert du den neste? Kva har du lyst til å lage? Fagleg ansvarleg for arrangementet er høgskulelærar Torbjørn Frantsen, Avdeling for kulturfag. Ta med: berbar datamaskin om du har, hodetelefonar og nysgjerrigheit. Forskingsdagane 2017

11

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you