Page 10

Verdien av å meistre eit estetisk språk 12-konsert i Volda kyrkje Laurdag 23. september 12.00 Volda kyrkje, Volda.

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda spelar studentkomposisjonar.

Professor Magnar Åm, Avdeling for kulturfag, er fagleg ansvarleg for arrangementet.

I ei tid då regjeringa satsar alt på å auke born og lærarar si meistring av norsk og realfag, blir dei estetiske faga i urovekkande grad gløymde. Men Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda gløymer ikkje. Ved den avdelinga er meistring av dei estetiske språka den fremste misjonen. Å finne det estetiske språket som høver for eins eige talent, og lære å meistre det, kan vere avgjerande for at eit barn eller ein vaksen skal greie å oppretthalde balanse og indre harmoni når livet stormar. Å få ei logisk eller matematisk eller fysisk forklaring er ikkje alltid godt nok. Somme tider treng ein uttrykke sine livsopplevingar estetisk for betre å forstå dei og bearbeide dei. Årets studentar i «Intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi» har fått lære å uttrykke seg musikalsk. Og desse orkesterkomposisjonane er det klingande resultatet av deira uttrykksbehov så langt. Kanskje vil dei også sjå verdien av å bruke det musikalske språket som eit middel til å bearbeide framtidige livsopplevingar?

10

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you