Førdefestivalen 2013 katalog

Page 48

Krar Collective Etiopia Dei heitaste danserytmane frå Afrika

“One of the most rousing, reliable new African bands of the year” The Guardian

Laurdag 6. juli 17.30 – 18.00 Møt artisten: Krar Collective Utstillingssalen, Førdehuset 23.00-02.30 Festivalnatt Festivalsalen, Rica SH Søndag 7. juli 13.00 – 15.00 Familiesøndag Førdehuset

Den britiske avisa The Guardian er ikkje i tvil om kven som er dei heitaste i Afrika nett no: Krar Collective! Ja, innan musikk altså! Denne trioen er blant dei mest groovy sør for Middelhavet, og i sommar kjem dei til Noreg for første gong. Til Førde! Med Temesegen Zeleke i spissen festar dei hemningslaust med seksstrengs-harpa krar, som har ein uvanleg mjuk og rund klang. Den mjuke og samstundes ville grooven bind dette bandet direkte til Etiopias største og mest kjende artistar: Mulatu Astatke, som i desse dagar er ein dj-farsott på dansegolv verda over. I Førde er trioen utvida til kvartett, og med seg har dei også to dansarar. Det blir både heitt og heftig på Festivalnatta med dette kollektivet i aksjon. Dette er afrikansk musikk og dans av det råe slaget! I samarbeid med Roskilde Festival. Temesegen Zeleke krar, vokal | Genet Asefa vokal | Grum Begashaw kebero trommer Amare Mulugeta bass krar | Daniel Kebede dans | Meskerm Birhanu dans KRAR COLLECTIVE is led by Temesegen Zeleke, a former pupil of veteran Ethiopian vibraphone player Mulatu Astatke, on krar, the Ethiopian 5 or 6 stringed harp. Don’t expect to sit still at a Krar Collective gig! This is music to take you to a different place, to move your soul and rock you with hypnotic rhythms. 48


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.