Issuu on Google+

Helse vest

magasinet frå sjukehusa på Vestlandet Nr 1 2013

NÅR alle MØTER Betre kommunikasjon skal gi kortare ventetid

Sunn mat, sunn helse Sjukehusa skapar rom for matlyst

Grøne sjukehus Stor satsing på miljø i sjukehusa


AS

Nilssen AS

|

Helse i Vest

ko l o f o n

Helst i Vest Nr 1 – 2013 Magasinet frå sjukehusa på Vestlandet Ansvarleg redaktør

Bente Aae Redaktør

Eivind Eidslott Redaksjon

Helse Vest, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og ­ Dinamo Magazine Art direction

Dinamo Magazine Trykk

Senter Grafisk as Kontakt

Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger Tlf: 51 96 38 00 Du kan abonnere gratis på Helse i vest ved å sende namn og postadresse til info@helse-vest.no www.helse-vest.no

Miljømerket trykksak 241 749 – Erik Tanche Nilssen AS Miljømerket trykksak 241 749 – Erik Tanche Nilssen AS

helse i vest

2

nummer 1 2013


l e i ar

Dei gode møta Sjukehustenester til over ein million vestlendingar. Over 26 500 engasjerte og flinke medarbeidarar. Sjukehusa på Vestlandet angår mange, og vi er opptatt av at kvaliteten du møter her, skal vere den beste. Kvalitet kjem ut av godt arbeid, og kvalitet ligg i gode møte mellom fagfolk og pasientar. Kvalitet er at du som pasient får dei sjukehustenestene du har behov for, og at du er trygg på behandlinga du får. Vi har bak oss ein valkamp der tilstanden i sjukehusa har vore flittig debattert. Ikkje alt av det som blir sagt, kjenner vi oss igjen i. Forventningane til sjukehusa er høge, men undersøkingar viser at fleirtalet av dei som er i kontakt med ­sjukehusa, er godt nøgde med behandlinga og møtet med medarbeidarane våre. Og då har vi altså over 1, 2 millionar konsultasjonar kvart år! Det må ikkje vere tvil om at vi legg lista høgt, og vi arbeider dagleg for å betre ­tenestene. Vi jobbar blant anna for å betre dialogen med pasientane, auke ­pasienttryggleiken og leggje til rette for raskare behandling med mindre ventetid. Her på Vestlandet sørgjer god drift og bygging av gode, felles system for at vi er rusta og har det beste utgangspunktet for framtida. Oppgåvene våre er mange: Utgreiing og behandling av pasientar innanfor ­somatikk, psykisk helsevern, rus, habilitering og rehabilitering. Omsorg og ­opplæring for både pasientar og pårørande. Utdanning, forsking og innovasjon. Vi håpar dette magasinet kan gi deg eit lite innblikk i kvardagen vår og vere eit godt møte med oss i sjukehusa. •

God lesing! Herlof Nilssen

Administrerande direktør i Helse Vest RHF

helse i vest

3

nummer 1 2013


|

innhald

Innhald 12

Rask opptrening Rehabilitering er eit viktig oppdrag for sjukehusa på Vestlandet. Ekstremsportutøvar Karina Hollekim fortel historia om ulykka som ramma ho – og rehabilieringa etterpå.

20

Sunn mat, sunn helse

Matstovene på Haukeland universitetssjukehus gir ekte matglede.

12

36

36

Om alle møtte

Sjukehusa på Vestlandet satsar no på betre kommunikasjon med pasientane – slik at fleire møter til avtalt tid og på avtalt stad.

48

Kreft: Søk hjelp tidleg

Fleire og fleire overlever kreftsjukdom. Les om dei mest vanlege krefttypane, symptoma og kor viktig det er å søke tidleg hjelp.

64

Grøne sjukehus

Helseregion vest har styrkt satsinga på miljø­ vennlege sjukehus.

20

helse i vest

64

4

nummer 1 2013


innhald

48

80

70

66

Lokalsjukehus for framtida

Nordfjord sjukehus viser veg for andre ­lokalsjukehus.

70

Portrettet: Per Fugelli – Det første som skjer når du blir sjuk, er at du blir redd.

80

Frode Gryttens song for helse­p ersonell

Forfattaren har skrive ein hyllest av medarbeidarane på sjukehusa på Vestlandet.

helse i vest

5

nummer 1 2013

|


|

HELSE I VEST

Dette er Helse Vest Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for sjukehusa på Vestlandet og for at over ein million vestlendingar skal ha gode, trygge og like sjukehustenester. helse Førde

medarbeidarar fordelt på region HELSE Førde 2 440

HELSE bergen 11 659

HELSE fonna 3 929

HELSE stavanger 7 443

26.500

helse bergen

Det arbeider om lag 26 500 medarbeidarar på 50 sjukehus og institusjonar, frå Sogn og Fjordane til Rogaland.

Nesten 10 prosent av alle medarbeidarane våre kjem frå eit anna land enn Noreg, og alle verdsdelar er representerte. Helse Vest legg til rette for å fremme likestilling, sikre like moglegheiter og å hindre diskriminering.

76%

KVINNER

24% Menn

helse fonna

10%

helse stavanger

kjem frå andre land enn noreg

helse i vest

6

nummer 1 2013


HELSE I VEST

|

Helse Vest RHF eig SEKS helseføretak helse Stavanger

helse Fonna

helse Bergen

helse Førde

Sjukehus­ apoteka vest

helse Vest IKT AS

har ansvaret for ­spesialisthelsetenesta i det sør­lege ­Rogaland. Admini­­ stra­sjonen til helseføretaket held til ved S­ tavanger ­universitetssjukehus.

har administrasjons­ stad Haugesund og skal gi spesialisthelse­ tenester til innbyg­gjarane i Nord-Rogaland og Sunnhordland.

administrerer sjukehus og ­institusjonar i Midtog Nord­hordland. Føretaksleiinga held til ved Haukeland ­universitetssjukehus.

har ansvaret for spesialist­helsetenesta i Sogn og Fjordane. Føretaksleiinga held til i Førdegården i Førde sentrum.

admin­istrerer sjukehusapoteka i ­Helse Vest og om­ fattar sjukehus­ apoteka i Stavanger, Haugesund, Bergen­ og Førde.

har 254 medarbeid­ arar fordelt på sjukehusa i Stavanger, Haugesund, Stord, Odda, Voss, Bergen og Førde. Føretaket leverer IKT-tenester til alle helse­føretaka i regionen.

Dei siste ti åra har talet på konsultasjonar ved sjukehusa på Vestlandet­ auka med nesten ­ 500 000­– frå 780 000 i 2002 til 1,2 millionar i 2012. Årsrapporten frå 2012 synte at Helse Vest leverte det beste resultatet nokosinne. Eit overskot på 565 ­millionar kroner gir midlar rett tilbake til sjukehusa og sikrar dei nødvendige investering­ ane som skal gjerast. Gode system og eit solid overskot betyr ingenting om ein ikkje har gode, ­kompetente og motiverte medarbeidarar. Helse Vest har 26 000 av dei, og dei er den viktigaste årsaka til at resultata er så gode.

Talet på pasientkonsultasjonar 2002-2012 1 200 000

1 100 000

1 000 000

900 000

800 000

700 000 2002

2003

2004

helse i vest

7

2005

2006

nummer 1 2013

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Kjelde Helse Vest RHF Årsrapport 2012

Rusta for framtida


|

FØRSTEHJELP

1

2

Slik gir du førstehjelp • Kontroller teikn til liv og bevisstheit.

• Sjekk at luftvegane er frie, og om pasienten pustar.

Med hjartet i hjelpande ­hender

Trond Erik Lohne (57) er i live fordi tre tilfeldige medmenneske kunne hjarte-lunge-redning. Ragnhild Dårflot Olsen Helga Maria Sulen Sund

Foto Eivind Senneset

P

å ettermiddagen onsdag 5. desember 2012 fell Trond Erik Lohne saman på Torgallmenningen, midt i Bergen sentrum. Det som seinare viser seg å vere eit kraftig hjarteinfarkt, er i ferd med å ta livet hans. Sekunda tel. Sjølv hugsar Lohne ingenting frå ­hendinga, men han har fått rekonstruert kva som ­skjedde: To tilfeldig forbi­passerande og ein butikktilsett såg at han fall, og dei tok affære.­ Den eine spurde om han trengte hjelp, og ringte 113. Den andre starta munn-til-munninnblåsingar fordi han blei livlaus. Den tredje sette i gang med hjartekompresjonar. Med AMK på tråden heldt dei fram heilt til

ambulansen kom fire–fem minutt seinare. – Eg skuldar desse tre menneska ein stor takk, seier Lohne. – Alle tre gjorde det rette, og det berga livet mitt. Etter eit langt sjukehusopphald var Lohne i full jobb igjen i mars. Han

helse i vest

8

fungerer om lag som før han blei sjuk. Han håper andre kan lære av historia hans: – Ein må ikkje stå og sjå på og vere redd for å gjere noko gale når noko skjer. Det er betre å gjere noko enn ingenting! •

nummer 1 2013

01


FØRSTEHJELP

• Dersom pasienten ikkje pustar normalt eller sluttar å puste normalt, må du ringe 113 eller få nokon til å ringe 113.

4

5

• Start hjartekompresjonar: 30 bryst­ kompresjonar følgde av to innblåsingar (30:2)

• Hald fram til hjelpa kjem.

(01-04) Førstehjelpskurs i regi av Ferdigheitssenteret. Instruktørar: Fredrik Bærheim, Vidar Skiftesvik og Dan-Roger Ytrenes.

02

03

04

helse i vest

9

nummer 1 2013

Kjelde Haukeland universitetssjukehus

3

|


|

HJERNESL AG

hugseregelen ved hjerneslag

F A S T Fjes

ARm

SPRĂ…K

Tid

Ansiktslamming

Lamming i arm eller bein

Utydeleg tale eller mangel pĂĽ ord

Ved eitt eller fleire av desse symptoma, ring 113

Over 80% av alle nordmenn som blir ramma av hjerneslag, kjem for seint til behandling.

helse i vest

10

nummer 1 2013


Foto Helga Maria Sulen Sund

HJERNESL AG

|

(01) CT-skanning ved Stavanger universitetssjukehus. (02) Lars Thomassen, overlege ved Nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjuke­ hus. (03) Martin Kurz, seksjonsoverlege ved nevrosenteret på Stavanger ­uni­versitetssjukehus. (04) Voss sjukehus.

01

Caroline Aspelund Stavanger universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus

K

vart år blir 16 000 nordmenn ramma av hjerneslag. Kva kan du gjere for å redde liv? Over 80 prosent av alle nordmenn som blir ramma av hjerneslag, kjem for seint til behandling. Lærer du deg hugse­ regelen FAST, symptoma og handlingsmønsteret ved hjerneslag, kan du gjere ein forskjell: • Fjes: ansiktslamming • Arm: lamming i arm eller bein • Språk: utydeleg tale eller mangel på ord • Tid: ved eit eller fleire av desse symp­ toma skal du ringje 113 med det same. For å oppnå eit godt utfall er det avgjerande at slagpasientar får behand­ ling så raskt som mogleg. – Altfor mange menneske er redde for å oppta helseressursar. Den største feilen er å tru at andre treng hjelpa meir, seier seksjonsoverlege ved nevrosente­ ret på Stavanger universitets­sjukehus, Martin Kurz.

Foto Marte Monsen Strandskog

02

03

Hjerneslag er den mest vanlege å­ rsaka til invaliditet og til at pasientar hamnar på sjukeheim. Slik treng det ikkje å vere. – I dag har vi veldig god slag­ behandling. På sjukehuset blir det teke forskjellige metodar i bruk som opnar blodtilførselen til hjernecellene, slik at dei ikkje døyr. Å ringe medisinsk nød­ telefon tidsnok kan derfor vere forskjellen­mellom liv og død, fortel Kurz. Ved hjerneslag døyr hjernecellene raskt, men skadeomfanget kan mini­ merast. Den ramma kan til og med bli heilt frisk igjen dersom behandlinga blir starta raskt etter at symptoma oppstår – helst innan den første timen. I dag er Stavanger universitetssjuke­ hus på noregstoppen når det gjeld akutt hjerneslagbehandling. Likevel vil ikkje Kurz seie seg nøgd: – Eg kan ikkje få understreka nok kor viktig det er å ringe 113 så raskt som ­mogleg. Lær deg symptoma og ring der­ som du mistenker at ein person har fått hjerneslag, oppfordrar han. •

helse i vest

11

nummer 1 2013

04

be han dlin g av hje rn esl ag

I 2009 kunne Voss som landets første lokalsjukehus ta i bruk telemedisin i slag­ behandlinga. Det einaste dei treng, er eit lite webkamera og ei telefonlinje i akuttmot­ taket, så får dei kontakt med ein spesialist på Haukeland universitetssjukehus med eit lite tastetrykk. Slik er pasienten sikra rask vurdering og rask behandling. – Ein taper to millionar nerveceller per minutt etter eit hjerneslag, fortel overlege Lars Thomassen ved Nevrologisk avdeling på Haukeland. – Rask behandling er avgjerande. No i 2013 skal også Helse Fonna og Helse Førde ta i bruk telemedisin. Kvart år blir 16 000 nordmenn ramma av hjerneslag. Det er den tredje hyppigaste dødsårsaka og den ­viktigaste årsaka til alvorleg funksjons­ hemming hos vaksne. Trombolyse er den einaste medisinske behandlinga som kan redusere følgjene av slaget. Det er ein medisin som løyser opp blodproppen i eit hjernekar. Føresetnaden er at behandlinga kan setjast i verk seinast innan 4,5 timar etter slaget.


|

Rehabilitering

Rask opptrening Rehabilitering er ei viktig oppgåve i sjukehusa og handlar om å oppnå best mogleg funksjonsevne etter sjukdom eller skade. For å få dette til er det viktig å komme i gang med opptreninga så raskt som mogleg.

Anne Christine Olsen Helga Maria Sulen Sund, Haukeland universitetssjukehus og Helse Fonna

S

jukehusa på Vestlandet har eigne avdelingar for rehabilitering. Her får pasientane god hjelp til å oppnå ei best mogleg funksjonsevne etter sjukdom eller skade. Fysioterapeut Anne-Grethe Danielsen ved Haukeland universitets­ sjukehus ser dagleg kor viktig det er med opptrening etter sjukdom eller skade. – Kor tidleg bør opptreninga begynne? – Så raskt som mogleg, gjerne dei første dagane etter ulykka for å førebygge at pasienten mister styrke og kondisjon. Blir ein liggjande, vil ein fort bli svakare. – Kva for treningstilbod finst på sjukehuset? – Pasientar med alvorleg skade blir tilviste til fysioterapiavdelinga. Vi gjer ei individuell vurdering av kvar pasient og tilpassar opptreninga. – Kva for aktivitetar er typiske i opptreningstilbodet? – Vi er opptekne av at pasienten skal få tilbake funksjon og bli mest mogleg sjølvhjelpt. Vi trenar både styrke og uthald, og vi øver på daglegdagse aktivitetar, slik at ­pasienten skal bli i stand til å gå, reise og setje seg, ete og kle på seg sjølv. – Kva for faggrupper i tillegg til fysio­ ­ terapeutar jobbar med å trene opp ­pasientar?

– Vi samarbeider med ergoterapeutar og ulike rehabiliteringsavdelingar. – Kva har den mentale innstillinga til ­pasienten å seie for opptreninga? – Motivasjon er ein av dei viktigaste ­føresetnadene for vellykka rehabilitering. – Kva er gevinsten ved å trene? Kvifor bør ein gjere ein innsats sjølv? – For pasienten blir det viktig å kunne handtere ein ny livssituasjon. Gjennom trening får ein auka arbeidskapasitet, orkar meir og blir meir sjølvstendig i daglege ­gjeremål. – Kor lenge må ein rekne med å trene for å komme tilbake på same nivå som før ulykka eller skaden? – Det er avhengig av kva skade det er snakk om, og kor god form ein var i før ulykka. Opptreninga kan ta alt frå nokre veker til mange månader. For å halde oppe styrken og funksjonsnivået anbefaler vi å trene regelmessig. – Har du nokre enkle tips som kan motivere til opptrening? – Gjer aktivitetar som du trivst med, og ­varier, slik at du ikkje går lei. Ha realist­ iske mål, og be gjerne om hjelp dersom det stoppar­opp. Det er aldri for seint å begynne, og litt trening er betre enn ingenting. •

helse i vest

12

nummer 1 2013

01

02

rehabiliterin g

Rehabilitering handlar om å oppnå best mogleg ­funksjons- og meistringsevne, om å bli sjølvstendig og om å kunne delta sosialt og i samfunnet etter sjukdom eller skade.


rehabilitering

|

habiliterin g

Habilitering i spesialist­ helse­tenesta handlar om å gjere pasientar i stand til å meistre sitt eige liv, både ­fysisk og sosialt. Habilitering handlar om å redusere eit handikap som er medfødd eller som ein fekk tidleg i livet. Habilitering er såleis ein livslang prosess, og dei nye fasane i livet vil føre til stadig nye utfordringar. Det er kommunen som har hovudansvaret for habiliteringsarbeidet, men dei kan tilvise til spesialisthelsetenesta når dei møter samansette problem­ stillingar som dei ikkje kan løyse lokalt. Alle som har behov for langvarige og koordinerte helsetenester, har krav på ein individuell plan og ein koordinator. Den individuelle planen er din plan, og det er du som pasient som bestemmer kva slags mål du ønsker å sette deg.

04

05

Les meir på helsenorge.no 06

(01) Rehabilitering dreier seg ofte om opptrening etter skade. Då er det viktig å tilby gode treningsrom. (02) Fysioterapeut Anne-Grethe Danielsen ved Haukeland universitetssjukehus. (03) Fysisk trening er viktig i rehabiliterings­ prosessen for å bygge opp og styrke musklaturen. (04) Kjøkkenet har ein viktig, sosial funksjon på rehabiliterings­avdelinga. (05) Treningsrom på sjukehus. (06) Trening av finmotorikk er viktig for å kunne gjere daglegdagse aktivitetar.

03

helse i vest

13

nummer 1 2013


|

n av i g e r i n g

2 brotne kne 4 brot i venstre lürbein 21 opne brot i høgre sida 20 sjukehusoperasjonar Mari Hesjedal

Simon Skreddernes, NTB Scanpix og privat

Korleis i all verda klarte Karina Hollekim ĂĽ trene seg opp att etter fallskjermulykka?

helse i vest

14

nummer 1 2013


rehabilitering

helse i vest

15

nummer 1 2013

|


|

rehabilitering

01

D

et er 2006 og Karina Hollekim står ytst på kanten. Ho er klar til å hoppe. Sansane er i heilspenn. Ho er redd, men veit at frykta skjerpar henne. Tre, to, éin. Dei to første sekunda er magiske. Alt står stille. Ho held pusten medan ho fell. Ho er vektlaus. Her og no er ho uovervinneleg. I fleire år har ho levd av å kaste seg utfor fjell og bratte skrentar med skjerm eller på ski. Ho er den einaste kvinna­i verda som har fullført eit basehopp med ski på beina, og ho er også den einaste profesjonelle basehopparen i Noreg. Ho er alltid på reise, alltid på jakt etter nye mål og utfordringar. Så hender det umogelege. Det som ikkje skulle hende. Karina treff bakken i over 100 km/t i det som berre skulle vere eit enkelt og greitt fallskjermhopp. – Det siste eg tenkte var: Beskytt hovu­ det ditt! Så small det, seier Karina. På sjukehuset vakna ho til meldinga om at ho var heldig som var i live, men at ho aldri kom til å kunne gå igjen. Smertene frå dei knuste beina og den mørbanka krop­ pen kunne brått ikkje måle seg med smer­ tene frå dette knyttneveslaget. Ho hadde vore på sjukehus før, men alltid reist seg igjen. Denne gongen var det annleis. Ho

02

hadde knust alt frå hoftene og ned: fire brot i ­venstre lårbein, to brotne kne og 21 opne brot i høgre sida. Då ho fire månader og 16 operasjonar seinare kom til Cato Senteret i Son for ­rehabilitering, vog den 180 cm høge jenta 45 kilo. Sjølv om ho enno ikkje klarte å sjå for seg at ho skulle klare å gå igjen, sette ho seg det første langsiktige målet: Ho skulle stå på ski ned ei fjellside! – Dei måtte nok smile litt då dei såg på sporven som sat der med dei skyhøge draumane. Det var ingen som meinte det var realistisk at eg skulle klare det, men det var målet. Ho jobba målretta med mental trening og bestemte seg for at ho ikkje kunne leve for noko som kanskje kom til å skje i framtida­. Ho måtte finne glede i kvar dag,

helse i vest

16

nummer 1 2013

uansett kor små gledene var. Medan ho ­fokuserte på småting som å ta på seg sok­ kane sjølv, blei målet hennar hengande i lufta. Ikkje kvar dag kom med framsteg. Det var tøft å vere Karina. – For meg handla livet om å vere ute og om å kaste seg utfor fjellsider. Plutseleg var eg avhengig av rullestolen på ubestemt tid. Det var først då ho fekk eit par bokse­ hanskar i fanget at det losna. Trenaren hennar hadde fått ein idé. Ho hadde hender og eit hovud som fungerte. Kampen skulle ­vinnast med knyttnevar. – Det gav meg enorm livsglede å kunne bruke kroppen igjen, sjølv om det var på ein heilt annan måte. Eg oppdaga at eg hadde ein livsgnist.


rehabilitering

03

(01) Karina Hollekim var ein av verdas beste kvinnelege basehopparar og ekstremsportutøvarar før ho blei skada. (02) I 2012 gjekk Karina Hollekim den krevjande skituren Haute Route i Alpane. (03) Karina Hollekim hadde to brotne kne, fire brot i venstre lårbein, 21 opne brot i høgresida og måtte gjennom 20 sjukehusoperasjonar. (04) Hollekim starta svært tidleg med rehabiliteringa etter ulykka. (05) – Skal ein nå nye høgder, må ein stå for innsatsen sjølv, seier Hollekim. (06) Karina hoppar base før ulykka.

06

04

05

Det kjentest godt å slå ut all frustrasjon, all aggresjon, all redsle. Karina sakna ikkje adrenalinet og det ekstreme. Kanskje var det likevel eit par boksehanskar som skulle til for å gi henne trua tilbake på at det ikkje fanst grenser. – Eg var vant til å pushe grenser ved å gjere ting som ingen jenter hadde gjort før. Eg var vant til å trene 100 prosent mot det neste målet. No var berre målet blitt eit anna. Karina blei sterkare både fysisk og ­psykisk. Sakte, men sikkert kunne måla justerast. – Skal ein nå nye høgder, må ein stå for innsatsen sjølv, seier Karina. Men ho er evig takknemleg for at ho hadde familie, vener og dyktig helse­ ­ personell som var der for henne.

helse i vest

17

|

nummer 1 2013

– Eg trur ikkje det er nokon som kan gjennomgå ei slik livsendring heilt på eiga hand. Vi treng støttespelarar rundt oss til kvar tid. Karina tenkjer tilbake på tida som ­ekstremsportutøvar. – Du føler at alle kvardagslege problem og småting blir ubetydelege i den store ­samanhengen, og du føler deg sterk nok til å handtere kva som helst. Kanskje var det denne styrken ho tok med seg inn i sitt livs boksekamp. Etter 21 operasjonar og år med opptrening har ho ikkje berre nådd målet sitt om å stå på ski ned ei fjellside – i 2012 fullførte ho òg den 180 km lange skituren Haute Route mellom Chamonix og Zermatt i Alpane. I dag jobbar ho med mentaltrening, og held foredrag verda rundt om erfaringane sine. – Når eg får høyre at historia mi kan vere med på å hjelpe, inspirere eller få andre menneske til å ikkje gi opp, gir det meg eit utruleg løft. Det er ei kjempeutfordring, men det kjennest godt og verdifullt. I dag har eg òg slått meg meir til ro og er flinkare til å nyte kvardagen. Kanskje eg eigentleg var heldig som fall ned frå himmelen? •


|

P a s i e n t o pp l æ r i n g

01

Leve med sjukdom Gunnar Ekeland fekk diagnosen diabetes 2 for 15 år sidan. No fortel han om eigne erfaringar til andre med same diagnose. Finn Ove Njøsen

– Eg fekk diagnosen for 15 år sidan. Det starta med at eg hadde problem med huda og med kløe. Etter kvart skjønte eg at det var andre problem som låg til grunn for plagene. Eg gjekk til lege og fekk konstatert diabetes. Legen gav meg eit par brosjyrar, deretter blei eg overlaten til meg sjølv, fortel Ekeland. I dag nyttar spesialisthelsetenesta i større­ grad pasienten, eller brukaren som det ­heiter, til å hjelpe andre pasientar med same problem. Gunnar Ekeland frå Florø er ein av desse. Vi var med han på Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde, der han fortalde om sin eigen s­ jukdom og om korleis diabetes 2 har påverka livet hans. Tolv diabetes 2-ramma og to pårørande ­deltok på opplæringa.

helse i vest

18

nummer 1 2013

Helse Førde arrangerer slike kurs fleire gonger i året. Pasientar og pårørande for både vaksne og barn, lærarar og barne­ hagepersonell er blant dei mange som får opplæring. I dag er Ekeland ein av mange som kan hjelpe denne pasientgruppa. Både i kom­­ ­mun­ane og ikkje minst på sjukehusa får denne pasientgruppa i dag meir enn brosjyrar. Legar, diabetessjukepleiarar, ­ brukarar, matekspertar, helsesports­peda­ gogar, tann­ pleiarar og fotterapeutar er ­nokre av fagekspertane som underviser ­diabetes 2-pasientane. Ekeland blei oppmoda om å stille som brukarrepresentant på LMS-kursa. Han


Pa s i e n t o pp l æ r i n g

|

Fa k ta o m PA S IE N TOP P LÆR I NG

• Pasientopplæring i sjukehusa gjennom Lærings- og meistringssentra (LMS) skal fremme helse og livskvalitet for dei som må leve med sjukdom. • LMS-a held kurs for mange ulike pasient­grupper, for eksempel pasientar med KOLS, hørselsskadar og diabetes. Målet med kursa er at ­pasienten, eller brukaren, skal lære å leve med sjukdommen på ein best ­mogleg måte og lære korleis for eksempel matinntaket og nivået på den fysiske aktiviteten bør vere. 02

(01) Gunnar Ekeland fekk diagnosen diabets 2 for 15 år sidan. (02) Ekeland fortel om eigne erfaringar med diabetes til andre pasientar. (03) – Det er mitt heile og fulle ansvar å ta omsyn til kva eg et, seier Ekeland.

03

takka ja fordi han gjerne vil fortelje om ­korleis han sjølv har fått eit betre liv etter kvart som han har fått meir kunnskap om sjukdommen. Det hjelper òg på at Ekeland er lærarutdanna og van med å stå framfor ei forsamling. Det første Ekeland sjølv tok tak i, var ­matvanar og fysisk aktivitet. Han gjekk ned 17 kilo på tre månader – og fekk gode ­resultat. Men han har likevel ikkje unngått å måtte ta i bruk medisin som hjelp mot den kroniske sjukdommen. – Alle sa til meg at det var min eigen feil at eg fekk diabetes. «Du er tjukk», sa folk til meg. Livsstil kan nok vere den utløysande faktoren for sjukdommen, men dei som er genetisk disponert, får sjukdommen l­ ettare.­

Fleire i familien har same sjukdom, på­ peiker Ekeland. Ekeland meiner at det ikkje er viktig for han at andre skal ta omsyn til sjukdommen. – Det er mitt heile og fulle ansvar å ta omsyn til kva eg et. Eg har no fått ein god kvardag etter at eg endra livsstil og fekk kunnskap om min eigen sjukdom. Før var eg veldig glad i godteri. Etter at diabetesen var eit faktum, måtte eg slutte med det.­ I starten meldte abstinensane seg då ­eg gjekk forbi sjokoladen i butikken. No er­ det ikkje noko problem lenger, avsluttar Ekeland. •

Diabetes Rundt 375 000 personar har diabetes i Noreg i dag. Dei fleste har diabetes type 2. Då klarer ikkje kroppen å lage nok insulin, eller så verkar ikkje insulinet godt nok (insulinresistens). Det gjer at sukkerinnhaldet i blodet er høgare enn normalt. Det går an førebygge diabetes type 2 ved å vere i fysisk aktivitet og ete sunt. Unngå å gå for mykje opp i vekt. Gen speler ei sentral rolle, så dersom både mor og far har diabetes, er det ekstra viktig at du følgjer desse forholdsreglane. Ved type 1 er dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen øydelagde, og sjukdommen kan derfor ikkje forhindrast.

375 000 personar har diabetes i Noreg i dag. Kjelder: Ellen Rye, klinisk spesialist i sjuke­pleie ved endokrinologisk/diabetes poliklinikk ved Helse Stavanger HF.

Les meir på helsenorge.no

helse i vest

19

nummer 1 2013


|

Ernæring

Rom for matlyst Visste du at opptil 60 prosent av alle pasientar som blir lagde inn på sjukehus i Noreg, er under­ ernærte? Halvparten av desse går meir ned i vekt under sjukehus­ opphaldet. Camilla Crone Leinebø Haukeland universitetssjukehus og Eivind Senneset

E

01

02

03

in underernært pasient har l­engre liggetid på institusjon enn ein ­pasient som får i seg nok næring. I t­illegg veit vi at underernæring aukar risikoen for komplikasjonar, reduserer ­ motstand mot infeksjonar og forverrar den fysiske og psykiske tilstanden. Det kan òg gi redusert livskvalitet, forseinke tilfriskninga og gi auka dødelegheit, fortel Kari Sygnestveit, ernæringskoordinator ved ­Forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitets­sjukehus. Eigne matstover Haukeland kartlegg ernæringstilstanden til alle pasientane, og kartlegginga viser at ein firedel av alle p ­ asientane er underernærte ved innlegging. Som eitt av mange tiltak i ernærings­ strategien til sjukehuset er det bygd eigne s­pisestuer rundt om på sjukehuset. Einingsleiar for kjøkkenet Britt Lerøy ­meiner det bidreg til betre

04

helse i vest

20

nummer 1 2013


Ernæring

|

(01) –­Det er fine lokale og fantastiske menneske som jobbar her. Når eg er for sjuk til å klare å ete det eg vanlegvis et, lagar dei det eg ber om. Eg blir rørt av omsorga, seier Jon Olav Vik frå Haugesund, som er innom spisestua på Haukeland universitetssjukehus. (02) Rundt eit bord midt i spisestua går praten lystig. Kristina Nå. Kårmund Jon Hauge, Malvin Fortun og Helge Heggernes deler bord til lunsj, og maten går ned. – Med god mat følgjer god trivsel, seier Heggernes. (03) Fruktservering i spisestua på Haukeland universitetssjukehus. (04) Matvert Linda Bergfjord serverer mat frå spisestua på Haukeland universitetssjukehus til sjukepleiar Eli Strandkleiv frå Nevrokirugisk avdeling. (05) Det blir servert gode smørbrød til lunsj. (06) Spisestuene har eit lyst og hyggeleg interiør. (07) Kokken Espen Karlsen har gjort klar dagens lunsj. 05

Fa kta om un derern ærin g

Underernæring beskriv ein situasjon der mangel på energi, protein eller andre næringsstoff gir ein negativ effekt på kroppen eller funksjonsevna. • Nok ernæring er eit grunnleggande behov, på lik linje med behovet for væske og søvn. For lite inntak av næring over tid fører til død. • Ein reknar med at mellom 20 og 50 prosent av pasientar på institusjon har ein underernæringstilstand. Blant sjuke, heimebuande eldre er talet truleg rundt 10 prosent.

06

kommunikasjon mellom pasientane og dei som lagar måltida. – Maten blir meir freistande for pasientar med dårleg matlyst eller andre utfordringar kring kosthaldet. Her blir maten lagd delikat opp på tallerkenen, utvalet er langt større enn vanleg og er meir tilrettelagt pasientgruppa. Alle pasientane får fleire alternativ, for ­eksempel mat med ekstra næring, ­diettmat og mat som er spesielt tilpassa for pasientar som slit med å svelgje. Tilpassar måltida. Det er i alt bygd tre spise­stuer i Sentralblokka på Haukeland. – Noko av det aller beste med spisestuene­ våre er at dei er opne frå klokka 07.00 til klokka 22.00 kvar dag. Det gir stor ­fleksibilitet, og ein kan tilpasse kvart måltid ut frå behovet til kvar enkelt p ­ asient. Også har vi jo flott innreiing og ein ­atmosfære som inviterer til auka matlyst, ­ avsluttar Lerøy. •

• Anna sjukdom er den viktigaste årsaka til vekttap og underernæring. • Underernæring aukar risikoen for medisinske komplikasjonar, reduserer immunforsvaret og aukar tida for rehabilitering frå andre sjukdommar eller skadar. • Rett identifisering og behandling av underernæring vil gi betre livskvalitet for pasienten, raskare rehabilitering og betre overleving av ei rekke sjukdomsgrupper. Les meir på helsenorge.no

07

helse i vest

21

nummer 1 2013


|

n av i g e r i n g

Enkle grep for eit sunnare kosthald Sunn og variert mat er viktig for helse og trivsel. Saman med fysisk aktivitet kan riktig kosthald redusere risikoen for å utvikle ei rekke livsstils­ sjukdommar. Her er nokre enkle grep du kan ta ­ for å betre helsa di:

• Et variert. • Et meir fisk. • Bruk mindre sukker til kvardags. • Hugs: minst fem om dagen! • Et grove kornprodukt. • Ver i aktivitet. • Vel matoljar og mjuk margarin. • Vel magert kjøtt. • Et mindre salt. • Vel magre meieriprodukt. Les meir på helsenorge.no

helse i vest

22

nummer 1 2013

01


ernæring

|

(01) Fisk er lettare enn du trur. Og like sunt som foreldra dine sa til deg. (02) – Oliver er glad i å kutte brokkoli. Då er det større sjanse for at han et det òg meiner faren Stig Fagerholt. (03) Steikt torsk med råkostsalat er noko av det kjappaste du kan lage!

02

Gode matvaner Eit sunt og variert kosthald er viktig for helsa di. Kokk Stig Fagerholt og sonen Oliver er einige om at brokkoli er godt­ – og at skarpe knivar er tøffe. Per Asbjørn Risnes jr. Marte Garmann

03

– Alt er mitt. Eg likar alt, seier Oliver (5) når han opnar ytterdøra for oss. Stig Fagerholt humrar over skrytet til sonen. I dag kjem far heim med fisk i handa. Han har hatt sushikurs på jobben på Gastronomisk Institutt i Stavanger, og då vankar det smakebitar til familien. – Han liker godt fisk, og favoritten er fiskegrateng med makaroni. Men sidan de er her, så skal eg lage litt pannesteikt torsk med råkostsalat og salsa. Berre for å vise kor enkelt det er, seier han, og går i gang og skjerpar kniven Oliver skal få kutte frukt med. – Skarp kniv, jublar Oliver.

budsjettet nede klarer dei å balansere det til ein sunn meny i løpet av veka. – Det er kona som lagar vekeplan. Ho er òg kokk, men no er ho er heime i mammapermisjon, forklarer Fagerholt og nikkar mot Dominick på fem månader som ligg og pludrar i ein vippestol. – Med vekemeny og handling eit par ­gonger i veka kjem ein ikkje heim med så mykje ekstra usunt digg, seier Petra og gliser mot mannen sin. Vekemenyen som heng på det sølvfarga kjøleskapet på Bjergsted, kunne ha hange kvar som helst. Måndag: Seibiff med potetmos. Tysdag: Graut. Onsdag: Chili con carne. Torsdag: Potet- og purreløksuppe. Fredag: Grilling. Sunne planar. Kokkar er ikkje meir Laurdag: Pizza. Søndag: Lasagne. I dag er det altså onsdag. Og derfor står ­avanserte enn at dei et vanleg kvardagsmat, ­ utrar men dei er kanskje over gjennomsnittet­ det ein heimelaga chili con carne og p gode til å planleggje. I tillegg til å halde på omnen. Naboane i rekkjehuset var

helse i vest

23

nummer 1 2013


|

ernæring

Gastronomisk institutt Kompetansesenter for mat som held til i Måltidets hus i Stavanger. Instituttet har kokkar på høgt nasjonalt nivå som driv med undervisning, opplæring og forsking. Dei arbeider for at både forbrukarar og fagarbeidarar skal forstå og etterspørje kvalitet.

02

01

Åt t e t i ps t il s u nnar e mi ddag

1. Lag god stemning rundt middagen. 2. Lag vekemeny. 3. Ikkje kok grønsakene for mykje. Dersom du kan lukte grønsaken, har han kokt for lenge, og då ligg mykje av næringsinnhaldet igjen i vatnet. 4. Legg fram noko barna liker, som før-snacks, for eksempel paprika eller mais. 5. Ikkje lag eigen middag til ungane, det straffar seg på lang sikt. 6. Bruk smør i staden for steikefeitt med usunt palmefeitt. 7. Set fram grønsaker med dipp i staden for å ete snop heile dagen. 8. Bruk produkt med fullkorn, spelt eller bygg i staden for ris, kveitepasta og brød med mykje kveite.

03

04

inviterte på middag før Helse Vest bad om å få komme på besøk.

ein tredjedel fisk; resten var potetmjøl, tapioka­pulver og stivelse. Det sunnaste er ferske råvarer. Spesielt fisk. Alle trur det er så vanskeleg å lage, men denne torsken treng jo berre eit par minutt på panna, seier han og lèt Oliver få låne den store kokkekniven. – Stor kniv, jublar Oliver og held kniven høgt opp i lufta, før han, med litt assistanse frå far, skjer fisken i fire bitar.

Smør før ferdigmat. Det er inga overrasking at det meste blir laga frå botnen her i heimen. Og at det ikkje blir spart på smøret. Fagerholt meiner det er sunnare å ete naturleg feitt og heller hoppe over ferdigmaten. – Det hender vi lagar ei tomatsuppe frå pose. Men elles bruker vi ikkje ferdig­ produkt. – Kvifor ikkje? – Det er vanskeleg å bryte ned folk sine mytar om ferdigmaten. Men eg meiner det er dyrare, det er slett ikkje alltid det går fortare, og det er mykje i ferdigmaten som du ikkje har lyst til å ete. Eg såg på ein fiske­pudding her om dagen. Det var knapt

helse i vest

24

nummer 1 2013

Gryte og grytebrød. Naboane ringjer på døra. To gutar på nesten same alder. Eldstemann gomlar i seg ein laksebit frå sushifatet og ein av eplebitane som Oliver har kutta opp. Gryta kjem på bordet saman med risen, salaten og brødet som Petra bakte i dag tidleg. – Her i huset vaknar barna tidleg, så eg


ernæring

|

Chili con carne Du treng: 400 g kjøttdeig (eller finhakka oksekjøtt) 1 løk, finhakka 2 fedd kvitløk, finhakka 1 raud chili, finhakka 2 ss margarin eller olje 1 boks hermetiske tomatar 1 boks bønner 1 ts chilipulver 1 ts malt spisskummen 1 ½ ts salt Slik gjer du: Brun kjøttet litt og litt saman med løk, kvitløk og chili på god varme. Rør med ein gaffel under steikinga, slik at kjøttdeigen blir småkornete. Hell over tomatane og lat det surre i 3–4 minutt. Bland inn chilibønner og krydder. La det småkoke 40–50 minutt, slik at du får mest mogleg smak ut av kryddera. Server gryteretten med ris, salat og brød.

(01) Både Stig og kona er utdanna kokkar. Kvardagsmaten blir betre og lettare om du planlegg vekemenyen, meiner dei. (02) Når kokkefar har med seg sushi heim frå jobben, blir eldsteguten Oliver glad. (03) Naboguten Liam (10md.) nøyer seg med ein brødskalk til forrett. (04) Heimelaga chili con carne er både sunt og godt når tomatar og bønner får koke seg godt inn i kjøttsausen.

Grytebrød

har god tid til å bake. No for tida lagar eg mykje grytebrød som ikkje treng å eltast. Det passar meg bra, seier ho med Dominick på armen. Han grip lynraskt etter salat­ bollen, men mor reddar han unna. – Det var nesten! Han har nett begynt å ete mat. Han et det meste berre det er most nok, seier ho. – Alle et stort sett det dei har lyst på, men vi prøver å få i oss mest mogleg frukt og grønt i tillegg, seier Fagerholt. – På laurdagar, når vi har pizza, pleier vi å ha grønsaker og dipp framme på bordet tidlegare på dagen. No for tida er Olli mest glad i denne her, seier han og plukkar fram ein stor raud paprika. – Vil du kutte denne òg, spør han. – Ja, og ete han, seier Oliver og plukkar fram kniven igjen. •

Du treng: 400 g kveitemjøl, 75 g rugmjøl, ¼ ts tørrgjær, 1,5 ts salt, 100 g skiva mandlar, 1 ts honning, 4 dl vatn 25˚C Slik gjer du: Bland vatn, honning og tørrgjær til det ikkje er klumpar. Rør inn resten. Legg plast over bollen og lat han stå i 12–24 timar. Etter minst 12 timar har du godt med mjøl på benken, spar deigen ned på mjølet og «brettar» deigen saman. Bruk gjerne meir mjøl, for dette er klissete! Brett deigen 3–4 gonger til han held litt form. Set bollen­over deigen og la han stå i 1 time. Varm omnen og ei jerngryte med lokk opp til 250 ˚C. Ha deigen oppi gryta og set lokket på. Steik i 15 minutt. Så tek du av lokket og steiker brødet i 10 minutt til.

helse i vest

25

nummer 1 2013


|

ko m m un i k a sjon (01-02) Målet er at alle som jobbar ved KK, skal bli endå betre på å kommunisere med pasientane. (03) Overlege Heidi Thornhill ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

02

01

03

Fødselshjelp for betre kommunikasjon – Å trene på kommunikasjon er like viktig som å gi medisinsk og kirurgisk behandling, seier overlege Heidi Thornhill ved Kvinneklinikken (KK) på Haukeland universitetssjukehus. Camilla Crone Leinebø Helse Fonna, Haukeland universitetssjukehus og Helga Maria Sulen Sund

– Målet er at alle som jobbar her, skal bli endå betre til å kommunisere med ­pasientane, stadfestar Thornhill. Som ein del av satsinga på auka ­kommunikasjonskompetanse for dei til­ sette på KK er i første runde alle legane i gang med kurs. Pediater og forskar i klinisk kom­ munikasjon ved Universitetet i Oslo, Bård Fossli Jensen, held kurset på KK. Han legg særleg vekt på samtalen mellom pasient og behandlar og har utvikla kommunikasjons­ modellen «Fire gode vanar». – Forskingsresultat viser at dersom pasientsamtalen er godt strukturert, blir han meir effektiv. Kvaliteten på samtalen blir òg mykje betre. Studiar viser at folk blir

helse i vest

26

nummer 1 2013

mindre sjuke av god kommunikasjon, seier Jensen. På KK ser dei på kommunikasjonskurset som ei investering i pasientsikkerheit. – Kvar dag skjer det sensitive samtalar mellom pasientar, pårørande og behand­ larar. Det handlar om sårbare tema som svangerskap, fødsel, prevensjon, sjuke mødrer eller foster. Vi har òg ei stor gyne­ kologisk avdeling der kvinner mellom anna får behandling for kreft i underlivet, fortel Thornhill. – Det viktigaste for oss er at pasienten sit igjen med ei oppleving av å ha blitt høyrt og forstått. Når det gjeld kommunikasjon, blir ein aldri utlært, og vi har eit sterkt ønske om å bli betre. •


notisAr

|

Barneastma

Foto Corbis / ntb scanpix

Astma er den vanlegaste kroniske sjukdommen blant barn og rammar mellom 10 og 15 prosent. – Astma er ein kronisk betennelse i luftvegane og blir behandla med førebyggande medisin. Langvarig hoste, dårleg fysisk kapasitet, tung pust og hoste ved fysisk slit eller tung, pipete pust – ofte i samband med forkjøling – er alle symptom på astma, forklarer Knut Øymar, forskingsleiar og overlege ved barne­klinikken i Helse Stavanger. Det er vanlegast at gutar får astma som barn, medan jenter får det i puberteten. Barn med allergiar har også oftare astma. – Astma er vanskeleg å diagnostisere dei tre første ­leveåra, for mange barn som får symptom som liknar astma, kan ha forbigåande infeksjonar, fortel Øymar. – Det er fare for at for mange små barn blir diagnostiserte og behandla. Vi veit ikkje nok om langtidsverknadene enno, det er til dømes mogleg at for mykje astmamedisin kan påverke veksten til små barn. Øymar viser til at talet på førskulebarn som har fått førebyggande astmamedisin, har auka med 70 prosent frå 2004 til 2010, samtidig som førekomsten av astma hos barn kan ha flata ut.

Plaster på såret Foto Corbis / ntb scanpix

Dei fleste foreldre veit kor lurt det er å ha plaster i hus når barnet kjem heim med skrubbsår. I all hovudsak er plasteret sin eigenskap å verne mot infeksjonar.­Men for barnet inneber det langt meir enn det. Placeboeffekten er eit omgrep som blir brukt når folk trur at ei behandling vil virke på ein bestemd måte. Eit barn ventar at plasteret gir lindring. Eit plaster med morosame motiv kan derfor vere ei avleiing frå sjølve såret samtidig som det gir trøyst og omsorg.

Mange gode foreldre ønskjer seg barn

Foto Corbis / ntb scanpix

Ved å melde deg som sæddonor kan du gjere draumen til nokon av dei verkeleg. – Dei som ønskjer å donere sæd, har eit sterkt ønske om å hjelpe, seier senior bio­ingeniør ved Fertilitetssenteret i Helse Fonna, Ann-Helen Anvedsen. For å dekkje etterspurnaden treng dei seks–åtte nye ­donorar årleg. Ønskjer du å bli donor? Alle friske menn mellom 24 og 45 år som har norsk statsborgarskap eller ­busetjingsløyve i Noreg, kan melde seg. Du må gjerne har eigne barn. Du kan ikkje ha alvorlege arvelege sjukdomar i familien. Les meir på helse-fonna.no/sædbanken

helse i vest

27

nummer 1 2013


|

pa s i e n t i n f o r m a s j o n

Tips til deg som pasient

01

02

• Kva for medisinar tek du? • Finst det anna behandling? • Kva anna gjer du for å betre helsa di?

• Spør dersom du er uroleg eller lurer på noko. • Spør dersom du er usikker på om du har forstått helsepersonellet. • Skriv ned informasjonen du får.

Informer deg sjølv!

Skal du på sjukehus? Her er 10 gode råd. Tove Sæther Hagland

Spør til du forstår!

Kjetil Alsvik

03

04

05

06

• Vær sikker på at behandlinga er meint til deg. • Pass på at identiteten din blir sjekka ved utgreiingar og ved prøvetaking.

• • • •

• med å hugse detaljar • med å tale di sak når du sjølv ikkje har krefter til det

• Lær om diagnosen. • Spør om utgreiing og behandling. • Be legen teikne med sprittusj på deg dersom du skal opererast.

07

08

09

10

• Kven skal du ta kontakt med? • Kva for informasjon treng dei?

• Kven har ansvaret for deg? • Kva for erfaring har dei med din sjukdom? • Kven skal operere deg? (Skriv det ned.)

Sjekk at du er deg!

Sei ifrå om smerter og plager! • Sei det fleire gonger dersom det er nødvendig. • Be legen skrive det i rapporten eller journalen.

Pasientrettar Kvifor får du dei i posten kvar gong du ­ blir innkalla? Det første møtet med sjukehuset er ofte eit brev. Etter at fastlegen din har sendt ei tilvising til sjukehuset, får du ein konvolutt i postkassen med fem tettskrivne sider med datoar, lovtekstar og mykje anna infor­ masjon. Kva er det eigentleg du

Sjekk medisinen!

Dei pårørande kan hjelpe deg

Er han din? Kvifor skal du ta han? Kva verknad har han? Er det rett dose?

Finn ut kva som skjer etter sjukehusopp­ haldet!

Når du treng akutt helsehjelp:

• Kva for smerter og plager kan komme? • Skal du gjere noko med kosthaldet? • Kor aktiv kan du vere?

får, og kvifor er dette viktig for deg som pasient? – Det du får i posten frå sjuke­ huset, er ei vurdering av tilvi­ singa frå fastlegen din, og så er det pasientrettane dine, fortel fortel Liv Torunn Rundhovde, pasienthjelpar i Helse Vest. – Pasientrettane sørgjer for at du som pasient blir teken vare på, og at du blir behandla rettferdig i møtet med spesialisthelsetenesta. Kvar dag får Rundhovde ­telefon frå pasientar og pårør­ ande som lurer på kva rettar dei

helse i vest

28

har, og ho hjelper så godt ho kan. Pasientrettane er regulerte i lov om pasient- og brukarrettar. Når fastlegen sender ei tilvi­ sing, må sjukehuset vurdere om du har behov for hel­ sehjelp – altså om du er sjuk nok til å komme på sjukehuset. Deretter skal dei vurdere kor my­ kje det hastar, og kva for ein prioritet du har. Er du blant dei høgst prioriterte, vil dei gi deg ein fristdato for når du skal få vurdering eller behandling på

nummer 1 2013

Få kjennskap til kva som feilar deg!

Still spørsmål om kvalitet!

sjukehuset. Dersom det er heilt klart kva slags behandling du skal ha, så skal denne behand­ linga starte innan den fristen du fekk i brevet. Men dersom det ikkje er klart kva slags behandling du skal ha, vil du få ei vurdering av lege innan fristen. Vedtaket frå sjuke­ huset kan du klage på iføl­ gje pasient- og brukarrettslova, og i brevet du har fått, står det korleis du går fram for å klage. •


| FOTO Haukeland universitetssjukehus

pa s i e n t i n f o r m a s j o n

Nært, trygt og godt Samhandlingsreforma: Rett behandling på rett stad og til rett tid. Samhandlingsreforma skal gjere avstanden mellom deg som pasient og behandlings­tilbodet kortast mogleg. Det er halvtanna år sidan Samhandlings­reforma blei innførd. Du skal få eit betre tilbod nærare der du bur. I tillegg blir det lagt større vekt på førebygging. Sjølv om kommunehelsetenesta gradvis vil få større ansvar for behandling og oppfølging som sjukehusa tidlegare hadde ansvar for, skal du sjølvsagt framleis få den behandlinga du treng i sjukehusa. Samhandlingsreforma blir ofte omtala som ei retningsreform, og mykje arbeid må gjerast. Men allereie no ser vi effekten av reforma, mellom anna kjem utskrivingsklare pasientar raskare heim til kommunen sin. Det er bygd opp kontaktnettverk og møteplassar mellom sjukehusa og kommunane, og det er etablert nettverk for forbetring og utveksling. Reforma er omfattande og utfordrande, men ho er òg eit eineståande høve til å byggje opp trygge og gode helsetilbod nær innbygg­jarane. Resultatet blir at fleire pasientar får behandling nær heimen, og kommunen får frigjort midlar til å utvikle helse­tenestene ytterlegare.

FrikorT Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Når du viser fri­kortet, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret. Det finst to typar frikort: eit for eigen­ delstak1 og eit for eigendelstak2. I eigendelstak1 inngår behandling hos lege, hos psykolog, i poliklinikk og i røntgeninstitutt, pasient­reiser og medisinar og utstyr på blå resept. Du får frikort for eigendelstak 1 automatisk i posten innan tre veker når du har betalt meir enn 2040 kroner i eigendelar i 2013. Les meir om frikort for eigendelstak1 og eigendelstak2 på helfo.no eller ring Frikorttelefonen på 815 70 050.

helse i vest

29

nummer 1 2013


|

pa s i e n t i n f o r m a s j o n

Står du i sjukehuskø?

Foto Helse vest

I Noreg har du rett til fritt sjukehusval. Det vil seie at du som pasient fritt kan velje kva for eit sjukehus du vil ha behandling ved. Fleire private institusjonar er òg ein del av dei sjukehusa du kan velje mellom, og over­sikta finn du på ­frittsykehusvalg.no. Dersom du lurer på noko, kan du ringe ein pasient­rådgivar på telefon 800 41 004. Rådgivarane kan informere om vente­tider for utgreiing og ­behandling for dei ­vanlegaste diagnosane innanfor fysisk helse, psykisk helse og rus. Dei kan òg forklare deg korleis du går fram for å byte sjukehus.

Pasientreiser

Foto NTB Scanpix

Du kan ha rett til å få dekt nødvendige utgifter når du skal reise til og frå ­offentleg godkjent behandling.

Foto Copyright Pasientreiser ANS

Hovudregelen er at du får dekt den billegaste reisemåten med rutegåande transport til og frå den nærmaste behandlings­staden. Avstanden til behandlingsstaden må vere minst tre kilometer, og reisa må koste meir enn lokal minstetakst. Du ordnar reisa sjølv og sender reiserekningsskjema etterpå. Skjema finn du hos behandlaren din eller på nettstaden pasientreiser.no. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke rutegåande transport, kan du få rekvisisjon til annan transport. Det er behandlaren din som skal vurdere behovet og skrive ut rekvisisjonen. Det er det lokale sjukehuset som dekker reisa di. Les meir på pasientreiser.no eller ring 05515.

helse i vest

30

nummer 1 2013


Notisar

|

Kvitt deg med pillene

Smerte

skikkeleg hovudpine

Dei vanlegaste grunnane til smerte er anten at smerte­ sensorane i nervane som sender signal til hjernen ­(nociceptiv smerte), blir aktiverte, eller at det er ein skade i nervane eller hjernen (nevro­patisk smerte). Korleis vi opplever smerte, varierer. Det kan vere fleire grunner til det:

– Har du opplevd følelsen av å ha eit ­ stramt panneband rundt hovudet? spør ­Kamaljit Kaur­,­nevrolog på Haugesund sjukehus, når ho skal forklare forskjellen på ulike typar hovudpine. For det er fleire typar, og akkurat denne følelsen er kjennemerket for spenningshovudpine. Det som skjer, er at musklane i botnen av hovudet er spente eller nervane i overflata er pulserande. – Alle har ei subjektiv oppleving av smerta, men generelt fungerer pannebandet som eit godt bilete. Har du det slik, er det berre å stresse ned og kanskje få hjelp frå ein fysioterapeut. Er det noko du opplever ofte, må vi finne ut kva det kan komme av, seier Kaur. Migrene er ein annan variant av hovudpine. – Migrene startar ofte ikkje i hovudet, men med lysglimt for auga og kanskje oppkast før smerta i hovudet tek til. Smerta skifter gjerne frå side til side. Hovudpine er sjeldan farleg. Og det kan vere ei trøst å vite at berre hos éin prosent av dei som blir undersøkte av lege, er hovudpine indikasjon på sjukdom.

• Tidlegare skade kan gi lågare ­smerteterskel i det skadde området. • Angst aukar smerteopplevinga. • Ei positiv forventing reduserer smerteopplevinga. • Distraksjon kan redusere smerte­ opplevinga. Kjelde: Elisabeth Farbu, avdelingsoverlege og professor i nevrologi ved Helse ­Stavanger HF.

helse i vest

31

nummer 1 2013

Foto helse fonna

Foto ntb scanpix

Foto Haukeland universitetssjukehus

Er du ein av mange som er avhengig av vanedannande legemiddel? Fortvil ikkje – det er hjelp å få. Ved avdeling for rusmedisin på Haukeland universitetssjukehus har dei behandlingstilbod for deg som har blitt av­ hengig av sovetablettar eller avslappande eller smertelindrande legemiddel som Sobril. – Målsettinga med behandlinga er å slutte med lege­middelet gjennom langsam ned­ trapping og erstatte det med meir målretta måtar å handtere symptoma på, forklarer psykologspesialist Linn Heidi Lunde. Den typiske pasienten har fått resept på eit medikament han eller ho har trengt i ein vanskeleg­ livssituasjon. – Pasientane har som oftast fått lege­ middelet utskrive i samband med at dei har hatt smerter, søvnproblem eller symptom på angst eller depresjon. Legemidla har god ef­ fekt i ­starten, men etter kvart treng ein større ­dosar, og etter lang tids bruk har dei knapt nokon effekt, forklarer Lunde. Det å trappe ned og slutte med vane­ dannande legemiddel er krevjande. – Pasienten kan ha brukt sovemedisin i 10–20 år og aldri fått tilbod om anna behand­ ling. Mange av dei ser ikkje på seg sjølve som rusavhengige, noko som er med på å gjere dette til ei stor, skjult gruppe, seier Lunde.

8 AV 10

har hovudpine i løpet av året.


|

HYGIENE

Reine hender Bakteriar og virus er usynlege for auget. Hendene dine kan sjå reine ut, men kan likevel bringe smitte vidare. Ragnhild Dårflot Olsen Helse Fonna

D

erfor er god handhygiene så viktig. Både heime, på jobben, på skulen og i barnehagen – og ikkje minst på sjukehuset. Dei sjukdomsframkallande mikrobane­ som finst på ureine hender, kan lett overførast frå person til person gjennom ­kontakt. Ta til dømes influensa. – Influensa smittar først og fremst ved dråpesmitte, ved at den sjuke hostar, nys eller snakkar, slik at dei som står i nær­ leiken, får dråpar med virus i seg, forklarer­ smittevernrådgivar June Aksnes ved Haukeland universitetssjukehus. Slik smittespreiing kan avgrensast der­ som den som er sjuk, hostar i eit lomme­ tørkle eller i armkroken og deretter utfører handhygiene. Smittespreiing skjer òg gjennom kontakt ved at ein influensasjuk person hostar og nys i handa og deretter handhelsar på nokon eller tek på dørhand­ tak, trappegelender og kranar. Eller at han «plantar» bakteriar eller virus i miljøet rundt seg fordi han rett og slett ikkje vaskar seg på hendene etter å ha vore på toalettet. Friske kan få i seg smittestoffet når dei tek på det same dørhandtaket eller den same kranen og deretter fører handa til munnen. – God handhygiene hos både sjuke og friske reduserer risikoen for smitte ­gjennom ureine hender, seier Aksnes. •

Virus og bakteriar Virus og bakteriar er begge svært små levande organismar som kan forårsake sjukdom hos menneske og dyr – alt frå ei uskyldig forkjøling til dødelege sjukdommar. Norovirus er til dømes årsaka til omgangssjuka som mange får om vinteren. Hovudforskjellen på virus og bakteriar er at virus er mindre enn bakteriar, og dei er avhengige av å leve inni vertsceller hos menneske eller dyr for å formeire seg. Ein annan forskjell er at det finst fleire lege­middel (antibiotika) å behandle bakterielle infeksjonar med enn virusinfeksjonar.

helse i vest

32

nummer 1 2013


HYGIENE

|

Slik få r du re in e he n der :

I dagleglivet reduserer reine hender smitterisikoen. På sjukehus handlar reine hender om pasientsikkerheit. Derfor må du vaske eller desinfisere hendene • etter du har vore på toalettet • før du et eller lagar til mat • etter du har vore borti bandasjar, bleier eller liknande • etter at du har hosta, nyst i hendene eller pussa nasen • kvar gong du går inn eller ut av ei sjukehus- eller sjukeheimsavdeling Det er to ulike måtar å reingjere hendene på: 1. Handdesinfeksjon med sprit • Fordel middelet utover begge hendene. • Hugs tomlane, fingertuppane og området mellom fingrane. • Gni til hendene er tørre. 2. Handvask med såpe og vatn • Skyl hendene under rennande, lunka vatn og ta såpe frå behaldaren. • Vask hendene grundig. Hugs tomlane, fingertuppane og området mellom fingrane. • Skyl av såpa. • Ta papirhandkle og klapp hendene tørre. • Bruk det same papirhandkleet til å skru av krana.

37%

61%

menn

kvinner

35%

97%

Handhygiene og kjønn 175 observasjonar av handvask på eit offentleg toalett (95 kvinner og 80 menn) avdekte at 61 prosent av kvinnene og 37 prosent av mennene vaska hendene etter toalettbesøket. Så blei det hengt opp eit skilt som oppfordra til handvask, og etter at skiltet kom på plass, var det 97 prosent av kvinnene, men framleis berre 35 prosent av mennene som tok turen bort til vasken på veg ut frå toalettet! Åtferdsendring er vanskeleg, men ikkje umogleg, vel?

Kjelde: Sex differences in public restroom handwashing behavior associated with visual behavior prompts, Johnson et al. Percept Mot Skills 2003; 97( 3 Pt 1 ):805

helse i vest

33

nummer 1 2013


|

RUSBEHANDLING

Foto Haukeland universitetssjukehus

01

02

03

Rusbehandling i vest

Foto NTB Scanpix

Har du eller nokon du kjenner, eit rusproblem? Ved behov for rusbehandling kan du kontakte fastlegen din eller sosialtenesta. Dei kan tilvise deg til rusbehandling i spesialist­ helsetenesta (Tverrfagleg spesialisert rusbe­ handling - TSB). Behandling av rusmiddelmisbrukarar tar utgangspunkt i pasienten sin situasjon, og ofte treng ein å legge til rette for behandling både av rusmiddelproblem, avhengigheit, psykiske og fysiske lidingar. Dei som bidreg i behandlinga, arbeider saman, slik at pasienten får eit riktig tilpassa, godt og heilskapleg tilbod. Tilbodet innanfor rusbehandling er betydeleg

utvida dei siste åra, særleg i sjukehusa. I tillegg har vi ei rekkje avtalar med private rusinstitusjonar. Resultatet av satsinga er atstadig fleire pasientar har fullført rusbehandlinga dei siste åra. Rusbehandlinga sjukehuset og dei private institusjonane sjukehusa har avtale med, har ansvar for, omfattar akuttbehandling, poliklinisk behandling, ambulant behandling der pasientane bur og er, dagbehandling og døgnbehandling. Les meir om rusbehandling i vest på helse-vest.no/rus

25% Meiner vi drikk for mykje i ­jobb­samanheng

helse i vest

04

(01-04) Floenkollektivet tilbyr lang­­tids­behandling av rusavhengige i alderen 18 til 30 år. Første del av behandlinga skjer på ein gard på Manger i Nordhordland, som i­ over 20 år har fungert som bustad og arbeids­plass for rusavhengige.

Alkoholfrie soner Kva bør vere alkoholfrie soner? – På jobben, i trafikken, på sjøen, ved livskriser, under graviditet, saman med barn og under utøving av idrett. Men hovudregelen er at du skal ta omsyn til situasjonen du er i, seier Sverre Nesvåg, forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR). – Det varierer frå situasjon til situasjon kor store alkoholmengder som passar, derfor er det er vanskeleg å gi ei konkret anbefaling. På avogtil.no kan du lese meir om sju soner som bør vere heilt alkoholfrie.

34

nummer 1 2013


Notiser

|

vi treng

1,5 til 2 liter væske om dagen

Eirik Dankel

Kvar dag treng vi påfyll. Drikk du for lite vatn? Kanskje kjennest det nokre gonger slik, fordi du ser reklamar eller menneske som alltid har med ei flaske vatn. Men er det sant? – Vatn er ein super drikk, seier Eli Moksheim, klinisk ernæringsfysiolog i Helse Fonna. – Ikkje inneheld det kaloriar eller syre som skadar tennene, og det er flott som tørstesløkkar. Men du treng ikkje drikke heile tida. Du kan fint stole på tørstefø-

lelsen din. Det er ikkje meir stress enn det. Eg pleier å seie at vi treng 1,5 til 2 liter væske om dagen. Dersom du er svært aktiv, treng du meir. Dei som må passe litt ekstra på, er sjuke, eldre og barn, som kanskje ikkje kjenner følelsen av tørst, eller som av praktiske årsaker unngår å drikke. For ernæringsfysiologen er det viktig å snakke om væske, for det treng kroppen. – Væske får vi gjennom det vi et og drikk i løpet av dagen, som frukt og grønt,

helse i vest

35

nummer 1 2013

kjøtt og fisk, mjølk og andre drikkar. Det dekker det meste av behovet hos dei aller fleste. Forsyn deg grovt frå springen. Lurer du framleis på om du får i deg nok vatn? Det er ikkje så vanskeleg: – I Noreg har vi prima kvalitet på vatnet i springen. Drikk det til alle måltida og når du er tørst. Det er nok for eit vanleg, friskt menneske. Ikkje tenk meir på det, oppmodar Moksheim.

Foto Corbis / NTB scanpix

Vatnet og deg


|

pa s i e n t i n f o r m a s j o n

Når alle møter Sjukehusa på Vestlandet hadde det siste året 82 000 avtalar som pasientane ikkje møtte til. Om alle møter, kan planlegginga bli enklare og ventetidene kortare.

helse i vest

36

nummer 1 2013


pa s i e n t i n f o r m a s j o n

helse i vest

37

nummer 1 2013

|


|

pa s i e n t i n f o r m a s j o n

02

Fa kta

• Ventetid: Den tida du må vente frå sjukehuset mottek tilvisinga, til utgreiinga/behandlinga startar. • Fristbrot: Dersom spesialist­ helsetenesta ikkje klarer å starte den planlagde utgreiinga/behandlinga innan den individuelle fristen du som rettspasient har fått, blir det kalla for fristbrot. • Poliklinikk: Avdelingar der du får time for utgreiing og behandling og kontroll utan å bli lagd inn på sjukehuset. 01

H

else Vest driv eit grundig arbeid for å korte ventetidene i sjukehusa. På eitt år har poliklinik­ kane på Vestlandet 82 000 avtalar der pasientane ikkje møter, og dei må planleg­ gje om 430 000 gonger. Det er derfor viktig å sjå på kvar og korleis dette kan bli betre. – Kommunikasjonen mellom sjukehusa og pasientar og pårørande må bli betre. Informasjonen du får frå sjukehuset, skal vere god, enkel og forståeleg, anten han er skriftleg eller munnleg, seier kommunika­ sjonsdirektør Bente Aae i Helse Vest. – Sjukehusa skal sende både brev og SMS i tide, og dei skal vere utforma på ein slik måte at du lett forstår kva innkallinga og informasjonen elles tyder.

Aae understrekar at pasientane også har eit ansvar. – Du må møte til avtalt tid eller seie i frå og få endra avtalen dersom tidspunktet ­ikkje passar for deg. For å gjere det enklare for pasientane å ha oversikt over avtalar og annan informasjon arbeider vi no med å ut­ vikle ei felles regional teneste for Internett. Mykje godt arbeid blir alt gjort, men for å få bukt med utfordringane må sjukehusa planlegge endå betre. Ein kan ofte lese kri­ tikk frå fagfolk som meiner det blir for lite tid til pasientbehandling. God organise­ ring gjer at behandlaren kan konsentrere seg om møtet med pasientane. God plan­ legging betyr at pasientane kan møte det same helsepersonellet ved kontrollar, dei får time ved tilvising, og dei får ny time til neste kontakt før dei går frå sjukehuset, anten dei blir skrivne ut etter innlegging

helse i vest

38

nummer 1 2013

(01) Det er svært viktig for sjukehusa at pasientane møter til avtalt tid og på avtalt sted. Derfor har ein no satt i gang ei storstilt kampanje for å betre kommunikasjonen mellom pasient og sjukehus. (02) Om ein ikkje kan møte til avtalt time på sjukehuset, er det viktig å ringe og endre avtalen i god tid.

eller har vore på poliklinikken. Med ­enklare kommunikasjon og betre planlegging vil ventetidene bli betydeleg reduserte, og fristbrot vil vere historie. •


pa s i e n t i n f o r m a s j o n

|

SMS «Vi minner om at du har fått tildelt time: 20.09.2013 kl. 14.00. Ta kontakt med oss dersom du har behov for å endre timen. Vennleg ­helsing Helse Fonna HF (Det er ikkje mogleg ­å svare på denne meldinga.)»

03

1

Glad for SMSvarsling Påminning via SMS gir resultat. I Helse Fonna er både pasient og sjukehus nøgde med ordninga. Margareth H. Langebro Grethe Nygaard

Egil Kr. Solberg har ein kro­ nisk lunge­ sjukdom og ber livsnødvendig bagasje med seg kvar enn han er. I 25 år har den aktive pen­ sjonisten vore brukar av spesialisthelse­ tenesta. No får han hjelp til å hugse t­ imane sine via SMS frå sjuke­huset. – SMS-påminning er supert, seier Solberg. Han er redaktør av eit helseblad og er ­ aktiv i Landsforeningen for hjerteog lunge­ syke (LHL) i Haugesund. Tekstmelding på mobilen minner han på sjukehustimen i ein travel kvardag. I Helse Fonna har den elektroniske påmin­ ninga gitt resultat: Ho gir auka fokus på å få fleire pasientar til å møte til timen. Og ho bidreg til at prosentdelen ikkje-møtte har gått ned frå 6,35 til om lag 5 sidan starten i desember 2011. I Helse Fonna vil det seie

helse i vest

39

nummer 1 2013

(03) Egil Kr. Solberg har ein kronisk lungesjukdom. Han er svært glad for å bli minna på sjukehustimen sin via SMS.

behandling til over 2000 pasientar årleg ­– viktige timar som elles ville vore ubrukte fordi pasientane ikkje møtte til dei. 71-åringen Solberg vil oppmode alle pasientar­om å registrere mobilnummeret sitt når dei er til time på sjukehus, slik at dei seinare kan få SMS-påminning. – For meg er det særs viktig at eg hugsar timen min, og at eg får hjelp når eg treng det, seier Solberg. Framtida er mobil, og Solberg er glad for å få informasjon via ­telefonen. •


|

pa s i e n t i n f o r m a s j o n

ringer pasienten Fire avdelingar ved Stavanger universitets­ sjukehus ringer pasient­ ane for å minne om avtalt time.

01

Ringer ­pasientane for å få dei til å møte opp Fire avdelingar ved Stavanger universitets­sjukehus er med i eit ­pilotprosjekt som ­brukar telefon­for å få fleire til å møte opp til timane sine. Mirjam Helene Pletanek Klingenberg Helse Vest

2

Kvart år er det cirka 6000 polikliniske konsultasjonar her ved Stavanger universitets­ sjukehus som ikkje blir brukte fordi pasien­ tane ikkje gir beskjed om at dei ikkje kjem, seier leiar for p ­ rosjektet i Helse Stavanger HF, Line Stakland. – Det utgjer litt meir enn fire prosent av dei totale konsultasjonane i divisjonen. Målet er å få det ned til éin prosent. Divisjonen ringer berre til pasientar som ikkje kan eller vil bli kontakta med SMS-melding. Prosjektet, som er eit ­underprosjekt av «Alle møter», starta rett før ­sommaren og varer fram til desember 2013. Det er sett av ressursar i form av sekretærar som er ansvarlege for å ringe pasientane ein til sju dagar før timen. – Vi har allereie erfart at pasientane synest dette er god service, men det er for

helse i vest

40

nummer 1 2013

(01) Fire avdelingar ved Stavanger universitetssjukehus brukar telefonen for å få fleire pasientar til møte opp til timane sine.

tidleg å seie noko om effekten enno. På sikt handlar det om å få til ein meir ­effektiv kommunikasjonsflyt mellom pasientar ­ og sjukehus – og ei betre utnytting av ­arbeidstida, ­avsluttar Stakland. •


pa s i e n t i n f o r m a s j o n

02

|

på nett

Foto Helga Maria Sulen Sund

På ­minjournal.no kan pasientar e­ ller pårørande gå inn og sende melding til ­poliklinikken der dei har fått time.

03

Endre ­eller ­avbestille time på nett Sidan oktober i fjor har polikliniske pasientar ved seks avdelingar på Haukeland universitetssjukehus kunna endre eller avbestille timar med eit tastetrykk.

Ragnhild Dårflot Olsen Corbis / NTB scanpix

3

I innkallingsbrevet som ­pasientane får, blir det infor­ mert om at dei no kan endre og avbestille timar på Internett. På ­ www.minjournal.no kan pasientar ­eller pårørande gå inn og sende melding til ­poliklinikken der dei har fått time. – På grunn av sikkerheitskrav kan ikkje sjukehuset svare elektronisk tilbake til pasienten, men dei tilsette på poliklinik­ ken sender brev om ny time i posten, fortel prosjektleiar Åsa Hansson ved seksjon for ­e-helse på Haukeland universitets­sjukehus. Kvar månad får poliklinikkane gjennom­ snittleg 177 førespurnader om timeendrin­ gar og avbestillingar via MinJournal. – Vi får positive tilbakemeldingar på ­systemet, seier Hansson. – Det er enkelt å bruke både for pasien­ tane og dei tilsette.

helse i vest

41

nummer 1 2013

(02) No kan polikliniske pasientar ved Haukeland universitetssjukehus endre eller avbestille timar på nettet. (03) Åsa Hansson, prosjektleiar ved seksjon for e-helse på Haukeland universitetssjukehus.

I haust vil Haukeland universitetssjuke­ hus avgjere om dei skal halde fram med å bruke systemet MinJournal til timeavtale­ tenester via Internett. •


|

psykisk helse

Psykologisk ­førstehjelp som app Då Solfrid Raknes laga Psykologisk førstehjelp, ville ho nå ut til flest mogleg. 01

02

Camilla Crone Leinebø Eivind Senneset

P

sykologspesialist ved Barne og ung­ domspsykiatrisk poliklinikk (BUP) ved Voss sjukehus, Solfrid Raknes, var invitert til å halde eit innleiande føre­ drag under innovasjonsworkshopen Bergen Health Challenge i vår. Der møtte ho utviklar Thomas S. Nielsen, designar Kim Røen frå gründerbedrifta Pido og spe­ sialkonsulent Finn M. Halvorsen frå Helse Vest IKT. ­Saman utgjorde dei teamet som i løpet av ei dugnadshelg utvikla appen som truleg får namnet «Hjelpehanda».

Fakta

Psykologisk førstehjelp er eit norskutvikla sjølvhjelpsmateriell som er retta mot barn og ungdom. Det blir i aukande grad brukt i førstelinja for mange ulike tilstandsbilete og problemområde. 03

helse i vest

42

nummer 1 2013


psykisk helse

|

psykolog isk førstehjel pskrin

04

• Er det første sjølvhjelpskonseptet i Noreg som er utvikla for barn og ungdom. • Består av informasjonshefte, enkle oppgåver, illustrasjonar og figurar og er utvikla i tråd med hovudprinsippa innanfor kognitiv terapi. • Kan brukast som eit sjølvhjelpsverktøy, saman med helsesøster, lege eller lærar og i heimen (om lag 3500 hjelparar i førstelinja har fått opplæring i å bruke skrinet i ulike samanhengar, og dette arbeidet held framleis fram). • Fekk Helse Vest sin innovasjonspris i 2012.

05

(01) Boka Psykologisk førstehjelp er skriven av Solfrid Raknes og Bente Storm Mowatt Haugland og illustrert av Per Finne. (02) Eksempel på korleis ein kan nytte figurar for å snakke om raude (negative) og grøne (positive) tankar. (03) Psykolog Solfrid Raknes. (04-06) Utdrag frå appen Hjelpehanda. (07) – Ungdommar med psykiske problem er ei gruppe det er særleg viktig å nå tidleg, så ein app er midt i blinken, seier Raknes. 06

Gratis app til ungdommar. – Eg hadde aldri forventa at nokon skulle bli så inspi­ rerte at dei fekk ein idé som førte til at eg to døgn seinare sat igjen med ein app, seier Raknes. Heilt sidan ho lanserte Psykologisk førstehjelpskrin i 2010, har ho ønskt å ­digitalisere materialet, men fram til no har ho ikkje hatt midlar til det. – Ungdommar med psykiske problem er ei gruppe det er særleg viktig å nå tidleg, både ved små kvardagslege utfordringar og ved større vanskar. For denne målgruppa er ein app midt i blinken. At han i tillegg er gratis, er sjølvsagt òg viktig, seier Raknes. Ei hjelpande hand. Raknes fortel at Hjelpehanda er lett å bruke og enkel å ­forstå. – Kanskje appen kan gi ungdommen ei kjensle av meistring, seier ho. – Og så lærer dei at det er mogleg å styre mange tankar og handlingar dersom dei har ein lett tilgjengeleg reiskap dei kan bruke. •

berg en hea lth cha llen g e

• Blei arrangert for første gong helga 5.–7. april. Haukeland universitetssjukehus inviterte. • Entreprenørar, utviklarar, pasientar, pårørande og ­designarar var samla til ei 48 timars kreativ dugnadshelg for å finne ut korleis vi ved hjelp av mobil- og nett-­ teknologi kan gjere kvardagen litt enklare for menneske med psykisk sjukdom og deira pårørande. • Tilbakemeldingane har vore berre positive. Sjukehuset jobbar for at arrangementet skal bli ei årleg hending.

07

helse i vest

43

nummer 1 2013


notisAr

Kurerer angst på Internett Sidan 2007 har Helse Vest i samarbeid med Universitetet i Bergen forska på terapeutstøtta Internett-behandling av angstlidingar, og i vår starta Bjørgvin DPS ved Haukeland universitetssjukehus – som det første sjukehuset i landet – eit heilt nytt behandlingstilbod til pasientar som slit med angst. – Ein stor fordel med dette opplegget er at pasientane kan jobbe med det når det passar dei. Vi ser òg at Internettbehandling blir brukt meir og meir internasjonalt. Både fordi det aukar kvaliteten på beh­and­linga, men òg fordi fleire kan få behandling raskare, seier psykologspesialist og prosjektleiar for eMeistring, Tine Nordgreen. Prosjektet er støtta av Helsedirektoratet, Helse Vest og Universitetet i Bergen (UiB). Les meir på emeistring.no

Foto Corbis / NTB Scanpix

|

helse i vest

44

nummer 1 2013


notisAr

|

Spelavhengig?

TIPS & TOPS Tidleg oppdaging og rask behandling av psykiske lidingar doblar sjansen for å bli heilt frisk innan ti år, viser ein studie utført av TIPS (Tidlig Intervensjon ved Psykose) ved Helse Stavanger, Oslo Universitetssykehus (OUS) og Roskilde Amtssygehus i Danmark. I Helse Stavanger har dei ein såkalla TIPStelefon. Her kan du ringe dersom du fryktar at du sjølv eller nokon du kjenner, er i ferd med å utvikle psykiske lidingar. Eit tidleg oppdagingteam vil då prate med deg og eventuelt avtale eit møte. Liknande tilbod er å finne i heile regionen. I Helse Bergen har dei TOPS (Tidleg Oppdaging av Psykose). Dit kan du ringe viss du er uroleg for deg sjølv eller nokon du kjenner. TOPSteamet vil prate med deg og ut i frå samtalen vurdere om behandling er nødvendig. I så fall hjelper dei deg med å komme raskt i gang. I Helse Fonna har dei Informasjonstelefonen for psykisk helse, som er eit lågterskeltilbod både for vaksne og barn. Helse Førde har ikkje oppretta eige telefonnummer for tenestene, men har team og personell som er raskt tilgjengelege for pasientar og pårørande.

Er spel og speling det siste du tenker på før du sovnar, og det første du tenker på når du står opp om morgonen? Hender det at du lyg om spelinga di? Speler du for å vinne tilbake det du har tapt, og kjenner du deg stressa og sint om du taper? Kan du svare ja på eit eller fleire av desse spørsmåla, er det på tide å ta nokre grep. Då er du kanskje spelavhengig. Fleire og fleire kvinner og menn i alle aldrar opplever problem knytte til nettspel. Problema kan utvikle seg raskare enn eit alkoholproblem, så det er viktig å følge med på faresignala. Trøysta er at det er hjelp å få, og behandlinga har ofte gode resultat. Foto Skjalg Ekeland/BA

TIPS-TELEFONEN (Helse Stavanger): 51 51 59 59 Kvardagar frå 08.00-15.00 TOPS-TELEFONEN (Helse Bergen): 55 95 85 85 Kvardagar frå 09.00-15.00 Informasjontelefonen for psykisk helse (Helse Fonna): 52 73 42 00 Kvardagar frå 13.00-15.00

Hjelpelinja for spelavhengige: 800 800 40 hjelpelinjen.no spillavhengighet.no

01

Foto Corbis / NTB Scanpix

(01) Ungdom med psykoselidingar og deira pårørande har no fått eit nytt lågterskeltilbod gjennom det nystarta TOPS-teamet. Frå venstre psykiatrisk sjukepleiar Kari Mjelde, seksjonsleiar Else-Marie Løberg og psykolog Line Hoston. (02) Ved psykisk sjukdom kan du få god hjelp på telefonen.

02

helse i vest

45

nummer 1 2013


|

KOLS

– Å ha KOLS er som å springe 60-meteren mens du pustar gjennom eit sugerør.

Ragnhild Dårflot Olsen

D

et var svaret overlege Per Bakke ved Lungeavdelinga på Haukeland fekk ein gong då han spurte ein pasient korleis han hadde det. Det ­svaret syntest han var så interessant at han måtte sjekke om det stemte. Og etterpå var ­konklusjonen klar: Å ha KOLS er ikkje noko særleg! Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS)­er blitt ein folkesjukdom i Noreg. Førekomsten er i dag nær 10 prosent i den vaksne befolkninga. Ifølgje Bakke er ­røyking den viktigaste årsaka. – Dersom du har røykt, og dess tidlegare du starta å røyke, dess større er risikoen for å utvikle KOLS, seier han.

– Minst 15 prosent av dei som røyker meir enn 10 år, vil utvikle KOLS. Andre viktige årsaker til KOLS er eksponering for støv og gass i yrkessamanheng, passiv røyking og arv. Sjølv om røyking er på retur i Noreg, ventar vi at førekomsten av KOLS kjem til å auke. Det heng saman med aukande levealder. – I 2030 er KOLS venta å vere den tredje viktigaste dødsårsaka i verda, seier Bakke. Dei viktigaste symptoma ved KOLS er hoste med oppspytt og tung pust når ein anstrenger seg. •

Fa kta

Sjølv om ein ikkje kan bli frisk av KOLS, kan ein sjølv, i mange tilfelle, gjere sitt for å forsinke utviklinga av sjukdommen. Då må ein ikkje utsette seg for risiko, ein må følgje opp behandlinga ein får, trene, ete sunt og lære seg strategiar for å meistre sjukdommen.

1 av 10

i den vaksne befolkninga i Noreg har KOLS

helse i vest

46

nummer 1 2013


kreftforsking

|

(01) Olav Mella, direktør ved av­deling for kreftbehandling og medisinsk fysikk i Helse Bergen. ­ (02) Stener Kvinnsland, administrerande direktør i Helse Bergen.

02

01

Betre kreftbehandling Haukeland universitetssjukehus får eit av tre regionale partikkel­ terapisenter. Dermed blir det lagt til rette for ei betre og meir effektiv kreftbehandling her til lands. Camilla Loddervik Bjørn Erik Larsen

– I ei hundreårig historie er dette det tredje store steget i stråleterapien, sa administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, då nyheita blei kjend. Kvart år får om lag 28 000 nordmenn ein kreftdiagnose. Berekningar viser at om lag 1000–1500 pasientar, og særleg barn, vil få ei betre behandling og færre biverknader med partikkelbehandling. – Satsinga betyr svært mykje for kreft­ behandlinga her til lands. Ved å bruke pro­ ton- og karbonbehandling vil vi på lang sikt ha eit klart større potensial til å kurere flei­ re kreftpasientar enn det vi har i dag, seier prosjektleiar, professor og direktør ved av­ deling for kreftbehandling ved Haukeland universitetssjukehus, Olav Mella. I dag må dei som skal få kreftbehandling med bruk at proton- og karbonstråling,

helse i vest

47

nummer 1 2013

reise utanlands. Grunnen til at Noreg ikkje har satsa på dette tidlegare, er at ein til no har trengt store og kompliserte anlegg, og at mange tekniske løysingar ikkje har vore tilgjengelege for partikkelterapi. – Betre og meir effektiv kreftbehandling gir høgare overleving, færre biverknader og reduserte seinskadar. Ved å satse på eit norsk senter for partikkelterapi i vest kan Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen leggje til rette for ei høgteknologisk kreftbehandling i verds­ klasse, seier Kvinnsland. – Eg gler meg veldig over dette, og ­tenker at vi er klare. Vi har god investerings­ økonomi og er innstilte på å dra dette fort i gang, avsluttar direktøren. •


|

KREFT

KREFT:

Søk hjelp tidleg Over 29 000 menneske i Noreg fekk kreft i 2011, men fleire og fleire ­overlever sjukdommen. Hovudregelen er: Viss du har plager og dei varer­over lengre tid, så ta det alvorleg og oppsøk alltid fastlegen. Då blir du send vidare til riktig spesialhelseteneste dersom du treng det. Mirjam Helene Pletanek Klingenberg

Brystkreft

Prostatakreft

er den kreftforma som rammar flest kvinner – over 2800 årleg i Noreg, men nesten 9 av 10 er i live fem år etterpå. Kvinner bør undersøke brysta sine kvar månad og ta kontakt med lege dersom dei kjenner ein klump eller er arveleg belasta.

er den kreftforma som rammar flest menn og flest totalt i Noreg – om lag 4200 kvart år. Sjølv om talet aukar, så døyr stadig færre av prostatakreft. Sjukdommen rammar primært eldre menn over 70 år. Tisseproblem er det vanlegaste symptomet.

Livmorhalskreft

Testikkelkreft

Livmorhalskreft rammar flest kvinner i 30- og 40-årsalderen. Alle unge jenter bør ta HPV-vaksinen. I tillegg bør alle kvinner over 25 år ta celleprøvar kvart tredje år, og kvinner over 40 bør reagere på uregelmessige blødingar i underlivet. I Noreg er sjukdomstalet redusert med 40 prosent sidan 50-åra.

rammar eit mindretal yngre menn – cirka 200–300 i året. Før døydde mange av sjukdommen, men med moderne behandling blir nesten alle friske. Symptoma er til dømes ein kul på ein av testiklane eller at testiklane veks og blir større.

TJUkk- og endetarmskreft

Lungekreft

rammar begge kjønn og har samanheng med livsstilen vår. Det rammar flest eldre og kan førebyggjast med betre kosthald og fysisk aktivitet. Noreg ligg på verdstoppen med rundt 3500 nye tilfelle årleg, men overlevinga har auka kraftig. Symptom er blod i avføringa eller følelsen av å ikkje få tømt seg skikkeleg.

er den kreftforma som tek livet av flest menneske i Noreg, og i 2010 fekk over 2800 denne sjukdommen. Talet har auka kraftig etter krigen – særleg blant kvinner. Men det er òg den kreftforma som er enklast å førebyggje, for åtte av ti tilfelle skriv seg frå tobakk. Symptom: Pustevanskar, blodig oppspytt, luftvegsinfeksjonar, smerter i brystet eller slappare allmennsymptom i over tre veker.

helse i vest

48

nummer 1 2013


KREFT

|

Dei vanlegaste kreftformene i 2011 (talet på tilfelle). Prostatakreft Brystkreft

53 %

47 %

Lungekreft

menn

KVINNER

Tjukktarmskreft Føflekkreft 0

1000

2000

3000

4000

5000

AV 11 049 dødsfall av kreft i 2011

Lungekreft stod for rundt 1 av 4 kreftdødsfall

89 % av kvinner

overlever Brystkreft

215 733 OVERLEVDE KREFT I 2011

100%

80%

8 av 10 tilfelle av lungekreft i noreg

kjem av tobakk helse i vest

49

nummer 1 2013

60%

98 % av MENN

overlever

40%

20%

TESTIKKELKREFT

0%

Kjelde kreftregisteret.no

1 AV 3

får kreft i løpet av livet


|

kreftforsking

Skreddar­­syr kreft­behandling Mohn Kreftforskningslaboratorium jobbar for å auke kompetansen innanfor både kreftforsking og -behandling. Anne Christine Olsen Ole-Christian Amundsen og Haukeland universitetssjukehus

T

rass i at det finst mange typar celle­ giftbehandling, er det ikkje alle som blir friske etter slik behandling. I Mohn Kreftforskningslaboratorium på Haukeland jobbar forskarar for å finne ut korleis ein kan skreddarsy cellegiftbehand­ ling og antihormonbehandling for pasien­ tar med brystkreft. – Vi tek prøvar av kreftsvulstar og testar ut kvifor behandlinga verkar på nokre svul­ star, medan andre er motstandsdyktige mot behandlinga, forklarer professor Per Eystein Lønning. Saman med kollegaene har han blant anna funne ut at personlege genfeil kan gi kreftsvulstar som er immune mot cellegift­ behandling. Derfor analyserer forskarane genforandringar i svulstvevet til pasienta­ ne for å finne ut kva for cellegiftbehandling som kan fungere.

01

– Det blir forska mykje på dette, og vi aukar kunnskapen om årsakene til kvifor behandlinga ikkje verkar på alle. Det er berre eit tidsspørsmål før vi veit kva for mekanismar som styrer dette, men så ­ kjem det vanskelegaste: å finne effektiv be­ handling som motverkar resistensen, seier Lønning. Forskarane i Mohn-laboratoriet jobbar òg med å finne årsaker til kreftsjukdom. I 2011 oppdaga dei blant anna ei ny genfor­ andring i eit viktig gen som viste seg å redu­ sere risikoen for både bryst-, eggstokk- og livmorkreft. Denne genforandringa finst berre hos personar i Europa, ikkje hos afri­ kanarar og folk frå Asia. Forskarane trur det finst andre tilsvarande genforandrin­ gar i slike «av/på-brytarar» for gen som kan påverke kreftrisikoen, og det arbeider dei systematisk med å kartleggje. •

helse i vest

50

nummer 1 2013

02


kreftforsking

|

03

(01) Mohn Kreftforsknings­ laboratorium på Haukeland universitets­ sjukehus. (02) Professor Per Eystein Lønning. (03-04) Mohn Kreftforsknings­ laboratorium har 25 tilsette og forskar på behandlingsresistens innanfor brystkreft, føflekkreft og gyne­­­ko­ logisk kreft.

04

helse i vest

51

nummer 1 2013

m ohn kreftforskn in g Sl aboratorium

• Etablert i 2009 i laboratorie­ bygget på Haukeland med midlar frå Bergens Medisinske Forskningsstiftelse (BMFS) og Trond Mohn. • Totalt 25 forskarar og tekni­ karar er tilknytte laboratoriet, som i hovudsak forskar på behandlingsresistens innanfor brystkreft, føflekkreft og gynekologisk kreft. • Målet er å auke kompe­tansen innanfor kreft­forsking og -behandling.


|

kreftforsking

Fo r d e l a r ve d g e n t e s t in g :

Dersom det finst behandling for sjukdommen, kan ein begynne førebyggande behandling som aukar sjansen for å overleve. Ein slepp å leve med usikker­ heita om ein har risiko for å bli alvorleg sjuk eller ikkje. Resultatet av testen kan vere viktig for andre familiemed­ lemmer. Det kan vere lettare å plan­ legge livet og kva som passar av ­utdanning og framtidig jobb. Det kan vere lettare å avgjere om det er aktuelt å få barn eller ikkje. Ulemper ve d g e n t e s t i n g :

Det kan skape unødig frykt og uro. Arvestoffet ditt endrar seg ikkje, og når du først har fått svar på ein gentest, har du denne kunnskapen resten av livet. Jamlege kontrollar minner ein på at ein kan vere alvorleg sjuk. Ikkje alle med genfeil blir sjuke. Førebygging kan innebere å fjerne friske organ, og det hender at nokon angrar på operasjonar som ikkje lèt seg reversere. Det kan vere snakk om ein sjukdom som ein ikkje kan gjere noko med fordi det ikkje finst behandling for han (til dømes Huntingtons sjukdom).

Livsviktige gentestar Er du disponert for arveleg kreft, kan svaret frå ein kvalitetssikra gentest gi deg betre behandling og fleire leveår.

Anne Christine Olsen Helga Maria Sulen Sund og Haukeland universitetssjukehus

02

G

entestar er ein av få moglegheiter ein har for å kunne førebygge kreft. I familiar med arveleg kreft, for eksem­ pel bryst- og eggstokkreft eller tjukktarms- og livmorkreft, kan friske familiemedlemmer få tilbod om gentest for å påvise eller avkrefte om dei har arva genet med kreftrisiko. Dei som har arva genfeilen, får tilbod om kontrollar og inn­ grep for å redusere risikoen og kunne begynne med behandling tidleg. – Slik gentesting skjer alltid etter at ein først har fått genetisk rettleiing frå spesielt kvalifisert helsepersonell. Det tilbyr vi ved me­ disinsk-genetisk poliklinikk her på Haukeland universitetssjukehus og ved Stavanger univer­ sitetssjukehus, fortel Hildegunn Høberg Vetti, overlege ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin og leiar for Regionalt kom­ petansesenter for arveleg kreft i Helse Vest. Ho seier at det dei siste 20 åra har vore ei kon­ tinuerleg utvikling, og gentestane er blitt betre og meir avanserte. Ho trur vi vil sjå meir bruk av gentestar framover fordi det har mykje å seie for korleis ein kan førebygge og behandle sjukdom. – Det er viktig at gentestinga skjer innanfor gode rammar. Gjennom genetisk rettleiing får pasienten hjelp til å sortere fordelane og ulem­ pene ved å ta ein gentest. Dersom ein gjer dette på ein fornuftig måte, er gentesting n ­ yttig, seier Vetti. •

helse i vest

52

nummer 1 2013

01


kreftforsking

|

ko r t o m g e nt es t i ng

Alle cellene i kroppen inneheld ein kopi av arvestoffet DNA. Til ein gentest treng legen ein blodprøve. Ved å analysere blodprøven kan ein identifisere gen som gir auka risiko for arvelege sjukdommar som brystkreft, tarmkreft, diabetes og hjarteflimmer.

05

(01) Overlege Hildegunn Høberg Vetti. (02-05) Kvalitetssikra gentestar kan vere livsviktige. Om du er disponert for arveleg kreft, kan svaret frå ein slik test gi deg betre behandling og fleire leveår. 03

Tilrår ikkje genetisk sjølvtesting Arvematerialet til ein person kan blant anna gi informasjon om sjukdomsrisiko, kjønn og slektskapsforhold, og gentestar har i lang tid vore ein del av det offentlege helsetenestetilbodet innanfor utgreiinga av arvelege sjukdommar. No kan privatpersonar bestille ulike typar DNAtestar direkte frå kommersielle firma. Mange firma har spesialisert seg på DNA-analysar som er knytte til predisposisjon for sjukdom. Ofte dreier det seg om friske personar som bestiller undersøking av svært mange ulike DNA-variantar som kan påverke sjukdomsrisikoen. Men i utgangspunktet har kvar enkelt person alt frå mange hundre til over tusen slike DNA-funn. I sjeldne tilfelle kan det dreie seg om variantar som med stort sannsyn kan forklare eller føreseie alvorleg sjukdom. Men som oftast er det berre snakk om minimal endring av risikoen, og det er gjerne svært vanskeleg både å tolke og å leve med resultatet av gentestinga. Senter for medisinsk genetikk og ­molekylærmedisin ved Haukeland universitetssjuke­ hus meiner at nytteverdien er svært avgrensa i dag, og dei anbefaler derfor ikkje slik genetisk sjølvtesting.

04

helse i vest

53

nummer 1 2013


|

kreftforsking

DNA B O N u s

• DNA BONus er eit forskings­ prosjekt som kartlegg arveleg bryst- og eggstokkreft. Alle kvinner i regionen som får påvist desse krefttypane, uav­ hengig av familiehistorie, kan vere med i prosjektet, og dei får tilbod om å ta ein gentest. • Blir det påvist genfeil, kan det påverke behandlinga. Det kan òg få konsekvensar for andre i familien. • Prosjektet undersøker òg korleis pasientane opplever gentesting i samband med at diagnosen blir stilt. • Prosjektet vil gi verdifull kunn­ skap når tilbodet av genetiske testar aukar og blir tilbydd nye grupper kreftpasientar.

b r ca- g e n f e i l

• Genfeil i BRCA1 og BRCA2 gir stor risiko for bryst- og eggstokkreft. • I helseregion Vest blir det årleg diagnostisert om lag 500 nye tilfelle av brystkreft og 80 nye tilfelle av eggstokkreft. • Vi reknar med at om lag 2 pro­ sent av brystkreftpasientane­ og om lag 10 prosent av pasientane med eggstokkreft har ein BRCA-genfeil. • Barn og søsken av ein person med genfeil i BRCA1- eller BRCA2-genet, har 50 prosent risiko for å vere berar av den same genfeilen.

Frykta er borte Då ein gentest viste høg risiko for bryst- og eggstokkreft, valde Solfrid Lillebø (68) å fjerne brysta. Ho har aldri angra.

Ragnhild Dårflot Olsen Ole-Christian Amundsen

S

olfrid fekk brystkreft for ni år sidan. Undervegs i behandlinga var det ein lege som spurde om det hadde vore andre tilfelle av kreft i familien. Då han fekk høyre at éi tante hadde døydd av brystkreft, ei anna tante av eggstokkreft, og at mora hadde hatt livmorhalskreft, anbefalte han døtrene til Solfrid å genteste seg. Dei hadde samtalar med ein genetisk rettleiar og fekk presentert både fordelar og ulemper. – Ho var flink og viste oss begge sider, men for oss var det aldri aktuelt å la vere. Vi såg det som ein unik sjanse til å førebyggje, fortel Solfrid. Ville ikkje vente på kreften. Av tre døtrer viste det seg at ei hadde den same BRCA-genfeilen som mora. Både ho og Solfrid valde å fjerne brysta. Dottera tok eggstokkane òg. Ho var 35 år og hadde fått dei borna ho ønskte. – Ho ville ikkje vente for å sjå om ho fekk kreft. Gå til kontrollar og stadig tenkje på det, seier Solfrid, som heller ikkje ønskte ein ny runde med sjukdom. – Etterpå har vi begge følt at frykta er borte. Solfrid fjerna sjølv livmora og delar av eggstokkane før ho var 40 på grunn av

helse i vest

54

nummer 1 2013

c­ elledeling. Ny celledeling ei tid ­seinare førte til at eggleiarane og resten av egg­ stokkane forsvann. Den gongen visste ho ikkje om genfeilen. Då ho nesten 20 år seinare fjerna brysta etter å ha gentesta seg, var legen på Haukeland klar i talen: – Det at eg fjerna så mykje den gongen, kan ha berga livet mitt, seier ho. For risikabelt å la vere. Solfrid synest vi i dag har ein kjempefordel i gentestinga. – Eg forstår at enkelte vegrar seg, og at dei ikkje ønskjer eller torer å vite, seier ho. – Men når ein veit kor mange som døyr av desse krefttypane, synest eg alle bør ­gripe ein slik sjanse. Då kan ein gjennomføre­ tiltak som reduserer risikoen, kanskje til og med unngå sjukdom og død. I familien min er vi glade for at vi kunne ta det valet. •

Solfrid Lillebø angar ikkje på at ho fjerna brysta sine.


kreftForsking

helse i vest

55

nummer 1 2013

|


|

Forsking

Forsking i Helse Vest

Forsking er eitt av satsingsområda til Helse Vest, og sjukehusa på Vestlandet er blant dei viktigaste kunnskapsbedriftene i landet. Målet er å gi pasientane ei behandling som er kjenneteikna av høg kvalitet og tryggleik. Derfor er det nødvendig å oppdatere og vidareutvikle kunnskapen. Det må først og fremst skje gjennom forsking og utdanning.

Helse Vest sine forskingsmidlar i 2012 var på totalt

153,5 MILLIONAR kroner. Dette blir fordelt av samarbeidsorganet mellom­Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.

DEi Finansierer over

mellom anna

300

89 47 85

PROSJEKT

60 %

doktorgrads­ stipendiatar postdoktorstipendiatar større forskingsprosjekt

av midlane går til prosjekt innanfor psykiskhelse, kreft og nevrologi.

77 % av prosjekta nyttar helseopplysningar. 48 % gjer bruk av humant biologisk materiale (biobankar). 18 % nyttar forsøksdyr i forskinga.

0

20

40

60

80

100

Helse Vest sin forskingsproduksjon I 2012:

852 16 vitskaplege publik­asjonar der ein eller fleire forfattarar har kreditert eit helse­ føretak eller ein avtale­institusjon i Helse Vest.

helse i vest

56

vitskaplege publikasjonar med utgangs­ punkt i forskings­ aktivitet i sjukehusa i regionen.

nummer 1 2013

30 år med HIV-forsking I år det 30 år sidan HIV-viruset (humant immunsviktvirus), som er årsaka til sjukdommen aids, første gong blei identifisert. Mykje har skjedd sidan 1983. Blant anna veit vi at viruset først og fremst smittar gjennom seksuell kontakt og blod, og midt på 90-talet fann forskarane ein kombinasjon av medisinar som kan halde viruset i sjakk. – HIV har vore vår tids største katalysator for biomedisinsk forsking, og det har vore ein medisinsk revolusjon i vår del av verda. No døyr ikkje pasientane av, men med HIV-viruset, fortel Birgitta Åsjø, professor og overlege ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Ho har forska på HIV-viruset i 29 år og fortel at det framleis er mange spørsmål kring HIV. – Blir ein smitta, ber ein med seg viruset resten av livet. No jobbar vi for å finne ut om det er mogleg å fjerne viruset, slik at pasientar skal sleppe å ta medisinar resten av livet. Forskarar prøver òg å finne ein vaksine mot HIV-viruset, seier Åsjø. Alle årsrapportane frå prosjekt som er finansierte av Helse Vest, er tilgjengelege på forskningsprosjekter. ihelse.net.


Psykisk helsevern

|

Latter frigjer lykkehormonet endorfin, som er stressreduserande og angstdempande og derfor helse­fremmande.

Sunt å le

Ved Dalane distriktpsykiatriske senter har dei bytt ut piller og sprøyter med latter og strekk­ øvingar. Høyrt om latteryoga? Linn Herredsvela Dinamo Magazine

«Sunt å le» og «ein god latter forlenger livet» er kjende uttrykk. Men vi seier òg «eg ler meg i hel» og «eg døyr av latter». Er det verkeleg sunt å le? Det trur dei tilsette ved Dalane distriktpsykiatriske senter (Dalane DPS) i Egersund. Senteret, som høyrer til Helse Stavanger, er først i Noreg til å bruke latteryoga som behandlingsform. Pasientane dansar, klappar og ler i tillegg til å gjere yogaøvingar etter indisk filosofi. Den noko uvanlege behandlingsforma blir brukt på depressive pasientar. – Når vi ler, frigjer det lykkehormonet endorfin, noko som er stressreduserande. Latter er angstdempande og derfor helsefremmande, seier Kjersti Tharaldsen, undervisningsansvarleg ved Dalane DPS. Ho fortel at dei fleste med psykiatriske lidingar kan bruke latteryoga i behandlinga. – Det er kanskje ikkje for alle, blant anna så kan ikkje psykotiske pasientar delta fordi det

helse i vest

57

nummer 1 2013

krev et visst funksjonsnivå. Men eg trur veldig mange kan bruke denne behandlingsforma. Vi når derfor ut til ei stor brukargruppe, seier Tharaldsen. Nøgde pasientar. På Dalane DPS starta det heile med at Susana Nachimento blei tilsett. I tillegg til å vere psykolog er ho utdanna instruktør innanfor latteryoga. Dei andre medarbeidarane hadde høyrt om fenomenet, og dei var nysgjerrige på effekten. – Vi ønskte å sjå om dette er ei god behandlingsform for personar med lettare mentale helseplager, seier Tharaldsen. No har dei drive med latteryoga i rundt to år, og tilbakemeldingane frå pasientane er gode. – Det verkar som dei er svært nøgde, og fleire seier at det gir dei mange gode opplevingar. Vi er stolte av å kunne tilby pasientane våre latteryoga, seier Kjersti Tharaldsen. •


|

pa s i e n t i n f o r m a s j o n

Luftambulansane på Vestlandet Visste du at sjukehusa på Vestlandet driftar tre luftambulansar? I tillegg finst det to redningshelikopter her. Dei blir drifta av 330-skvadronen og er lokaliserte på Sola og i Florø. I praksis vil det seie at heile landsdelen er innanfor rekkjevidde på om lag ein halvtimes flytid. Målt i dekningsgrad og i forhold til folketal er Vestlandet best dekt av luftambulansar i Noreg. Drifta av luftambulansehelikoptra på Vestlandet er 100 prosent dekt av offentlege midlar gjennom Helse Vest. Alle legane som er med i luftambulansen og i redningstenesta, er tilsette ved helseføretaka på Vestlandet. Beredskapen for luftambulansetenesta heng saman med sjukehusstrukturen, bil- og båt­ambu­lansane og beredeskapen til primær­helsetenesta, altså bered­ skapen til kommunane.

113

FØRDE

BERGEN

113

Redningshelikopter HauGesund 113

Ambulansehelikopter

113

AMK-sentral

stavanger

113

Rekkevidde helikopter med base utanfor Vestlandet Flysirklane markerer ca. 30 minutts flytid frå basen. I tillegg må ein rekne inntil 15 minutts aktiveringstid.

Kjelder: Nordeca AS, KoKom og Luftambulansetjenesten ANS

helse i vest

58

nummer 1 2013


pa s i e n t i n f o r m a s j o n

|

Nødnettet er det nye landsdekkande digitale sambandet for nød- og beredskapsetatane. Brann, helse og politi treng eit robust og moderne samband både i det daglege arbeidet og ved særskilte hendingar. Innføringa av nødnett medfører ein overgang frå gammal analog radioteknologi til ei digital løysing med utvida bruk, betre lyd og sikra kommunikasjon. Helsedirektoratet har ansvaret for innføringa av nødnett i helsetenesta og samarbeider tett med dei regionale helseføretaka.

helse i vest

59

nummer 1 2013

Foto Justis- og beredskapsdepartementet

Kva er nødnett?


|

blodgiver

fa k ta

• Blod kan ikkje kjøpast eller fram­stillast kunstig, det må bli gitt frå blodgivar. • 80 prosent av befolkninga mellom 18 og 70 år er skikka til å gi blod. • Ved blodgiving blir det tappa ein pose på 450 ml blod. Enkelte pasientar kan ha behov for 200 slike posar. • Å gi blod tek berre ein halv time, og skjer under nøye overvaking.

b li b l o d g iva r i dag

Blod er ein viktig del av akutt­ beredskapen og behandlinga på sjukehuset. Mange pasientar kan ikkje overleve utan blod­ overføring, så kvar einaste dag er blodgivarar med på å redde liv. På giblod.no finn du ei oversikt over alle blodbankane i landet og informasjon om kvar du kan melde deg som blodgivar. Du kan redde liv! Kjelder: Blodbankane ved sjukehusa i Helse Vest og giblod.no

Blod som gull

Som blodgivar kan du redde liv.

Stina Steingildra Stina Steingildra / Haukeland universitetsjukehus

S

tig Faraas, ein av dei mange viktige blodgivarane på Vestlandet, ligg i stolen og har bretta opp skjorte­ ermet. Han er klar for å gjere eit godt stykke­ arbeid utan å lee så mykje som ein finger. – Dette er veldig god samfunnsteneste, seier bioingeniør Gerda Øen og gir han eit lite stikk. Den blanke nåla forsvinn under huda. Verdifulle dropar blod blir samla i ein pose. Posen ligg på eit brett som r­ ytmisk vippar fram og tilbake. Kan redde liv. Stig Faraas har gitt blod sidan 1991. – Motivasjonen er å hjelpe andre. Eg tenkjer­jo på at blodet mitt kan redde liv. I dag gir han si 78. eining med blod, og går med det for gull. – Når du har gitt 80 einingar med blod, får du ein gull-pin. Den heng høgt, seier han. Stig er ikkje åleine om å vere god som gull. Kvart år melder mellom 12 000 og 15 000 nordmenn seg for blodgiving. Det er eit høgt tal, og sjukehusa er takksame for kvar og ein. Likevel er ikkje desse nye givarane fleire enn at dei akkurat erstattar dei givarane som av ulike årsakar sluttar å gi blod. Behovet for fleire blodgivarar er derfor stort. Dei fleste kan gi blod. Stig trur mytar om blodgiving gjer at ikkje fleire melder seg. – Eg høyrer venner seie at dei ikkje

helse i vest

60

nummer 1 2013

har nok blod, men det er som regel ikkje tilfellet­, seier han, og får støtte av Øen. – Dei aller fleste kan gi blod, seier Gerda. – Om lag 80 prosent av oss har alle føre­ setnadar. Hovudregelen er at alle som er friske og mellom 18 og 60 år, kan registrere seg som blodgivar. Grundig sjekk. Første gong du blir kalla inn, må du svare på spørsmål om eiga helse, medisinbruk og tidlegare r­ eiser til ut­landet. Så må du ta ein blodprøve som l­ aboratoriet testar for HIV, syfilis og ­hepatitt B og C. Det er viktig med ein grundig­sjekk, slik at risikoen for smitteover­føring er så liten som mogleg. Blodprøven vil òg syne blod­ typen og blodprosenten din. Dersom du blir godkjend som blodgivar, blir du kalla inn til Blodbanken for tapping om lag to gonger i året. Gullkandidat. Stig gir blod så ofte han kan og får lov. Det finst ei nedre grenser for kva blodprosenten kan vere for å få gi blod. – Eg har veldig høg blodprosent. Høgare enn Dæhlie hadde då han blei skulda for bloddoping. Eg blir ikkje noko slapp etter tapping, så eg går rett på trening etterpå, seier han. – Jammen, da ska’ du no ikkje, du ska’ kvila, kjem det kjapt frå Gerda Øen på ­­klingande stordamål. Ikkje rart Stig er gullkandidat! •


blodgiver

|

SLIK TAKLaR DU BLODPRØVEn Når barnet skal ta blodprøve: • Ver bevisst på dine eigne haldningar. Dersom du er redd, merkar barnet det. • Fortel barnet i god tid kva som skal hende på sjukehuset eller hos legen. • Haugesund sjukehus har laga ei barnebok om å ta blodprøve. Den kan vere ein god måte å førebu barnet på kva som skal skje. Les den som e-bok på helsefonna.no/blodprøve 01

… og til deg som er vaksen: • Ver ærleg med den som skal ta blodprøven. Sei at du ikkje likar å ta blodprøvar, og at du er nervøs eller redd. Då kan de snakke litt på førehand, og den som skal ta prøven, kan ta seg betre tid. Ofte hjelper det å ha sagt det høgt. • Viss du ikkje skal ta prøven fastande, er det lurt å få i seg litt mat og drikke før prøven.

03

(01) Stig Faraas er ein av mange kvardagsheltar som gir blod. (02) – Motivasjonen er å hjelpe andre. Eg tenkjer jo på at blodet mitt kan redde liv, seier Faraas. (03) Bioingeniør Gerda Øen. (04) Å gi blod tar ikkje lang tid. Eit lite stikk, litt ventetid – og så er du ferdig.

02

04

helse i vest

61

nummer 1 2013


|

NotisAr

Gi livet i gåve Fleire hundre nordmenn ventar kvar dag på å få eit nytt organ som kan redde livet deira. Fleire døyr mens dei ventar. Har du tatt eit aktivt val om kva som skal skje med ­organa dine? Det finst mange måtar å bli organdonor­på. På heimesida til stiftinga Norsk organdonasjon (organdonasjon.no) kan du skrive ut eit donorkort som du kan ha i lomme­boka di. Det finst òg ein applikasjon du kan laste ned på mobilen din. Her skriv du inn n ­ amnet og telefonnummeret til to av dei ­nærmaste pårørande. Det er viktig at du snakkar­med dei pårørande og fortel dei om valet ditt. Frå applikasjonen kan du velje å sende ei tekstmelding direkte til dei pårørande og informere dei om det. Dersom dei veit kva haldning du har til organdonasjon, vil dei ikkje måtte bestemme for deg. Då blir det ditt val. Du har sju organ du kan gi bort: eitt hjarte, to lunger, to nyrer, ei lever og ein bukspyttkjertel. I tillegg har Noregs blindeforbund utvikla eit eige donorkort for hornhinnetransplantasjon. Berre i fjor fekk 300 pasientar transplanterte inn nye hornhinner og slapp å førebu seg på eit liv som blinde. Ta stilling til organdonasjon i dag!

Foto Corbis / ntb scanpix

Les meir på organdonasjon.no og blindeforbundet.no/donor

helse i vest

62

nummer 1 2013


sjukehusapoteka

|

(01) Sjukehusapoteka Vest gir deg råd og rettleiing om rett medisinbruk. (02) Fagdirektør Øystein Torgauten. (03) – Vi skal opplyse og informere om kva pasientane bruker, og kva dei treng, seier Torgauten.

Farmasøytar gir råd

01

Sjukehusapoteka er mykje meir enn utsala du finn på sjukehusa. Tonje Pedersen Sjukehusapoteka Vest

D

ei siste åra har det vore fleire tilfelle av overmedisinering, til ­ ­dømes har pasientar halde fram med medisinar dei har fått hos fast­legen, sjølv om sjukehuset har gitt dei nye. Som ein del av samhandlingsreforma har ­farmasøytane ved sjukehusapoteka no fått ei rådgivande rolle for å sikre at pasientane får god nok informasjon om kva medisin dei bruker. – Vi skal opplyse og informere om kva pasientane bruker, og kva dei treng. Det er viktig å understreke at vi ikkje driv med pasientbehandling. Det er legane som ­avgjer kva pasientane skal ha av medisinar. Vi gir råd og sikrar at pasientane skjønner kva medisin dei har fått, korleis dei skal ta medisinen for at han skal gi best mogleg effekt, og kva som er moglege biverknader, seier fagdirektør Øystein Torgauten i Sjukehusapoteka Vest HF. Rådgivingsoppgåva er eit satsingsområde for sjukehusapoteka, som har særleg god kompetanse på medisinar og medisinbruk. – Det såkalla Nordfjordeidprosjektet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunar, Helse Førde og Sjukehusapoteka Vest, viser denne ­satsinga. Her skal farmasøyten i samarbeid

02

03

med legane sjekke statusen på pasienten sin legemiddelbruk på sjukeheimen når ­pasienten blir lagd inn på sjukehuset. Dei skal òg sjekke legemiddelbruken undervegs i behandlinga på sjukehuset og ikkje minst gi råd ved utskriving om korleis ­pasienten, heimehjelpa eller sjukeheimen skal handtere medisinen, held han fram. Eit anna satsingsområde for sjukehusapoteka er produksjon av cytostratica, ein medisin som blir brukt i kreftbehandling. Medan det meste av medisinane i Noreg blir importerte til landet, må denne medisinen lagast i apoteka, sidan han berre er haldbar i eitt til to døgn. – Dyktige medarbeidarar lagar ­medisinen i ei eiga produksjonsavdeling i apoteka og bringer han ut i avdelingane. Sjukehusapoteka overtek meir og meir produksjonen av desse medisinane, og det er kanskje ikkje så kjent for pasientane. •

helse i vest

63

nummer 1 2013

sjuke husa poteka ve st

Sjukehusapoteka Vest er lokaliserte med apotek på dei største sjukehusa på Vestlandet. Her kan du få råd og rettleiing om rett medisinbruk. Nokre avdelingar, poliklinikkar og lærings- og meistringssenter på sjukehusa har farmasøytar knytte til seg. Dei kan du ta kontakt med, også dersom du lurer på noko etter at du er kommen heim. På nettsida vår finn du god informasjon og råd om riktig legemiddelbruk for ulike pasientgrupper. Les meir på sjukehusapoteka-vest.no


|

Miljø

G r ø n t sj uk eh us

Grønt sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt svar på miljø- og klimautfordringane. Kartlegging av miljøbelasting og effektive tiltak i sjukehusa omfattar mellom anna dette: • Utarbeide oversikt over miljøskadeleg sjukehusavfall og eigna avfallshandtering for å minimere miljøbelastinga. • Kartlegge aktuelle miljø- og klimatiltak ved rehabilitering og nybygg. • Utarbeide miljøkrav og arbeide for etisk handel. • Minske miljøbelastinga knytt til produksjon og bruk av legemiddel. • Oppnå høgare prosentdel økologisk og kortreist mat. • Lage verktøy for klimahandlingsplan. • Utgreie opplæringsbehov og -strategiar for alle sjukehusmedarbeidarar og for deltakarane i Grønt sjukehus. Det er Helse Vest som leier arbeidet med å oppfylle nasjonale miljø- og klimamål. Prosjektet vil halde fram til alle helseføretak i landet er miljøsertifiserte etter ISO 14001-standarden. Etter planen vil det seie ved utgangen av 2014.

01

På to hjul for miljøet Miljøsatsinga på sjukehusa på Vestlandet gir resultat både personleg og på jobb. Til dømes er det no fleire som vel sykkel framfor bil til jobb. Tonje Pedersen og Camilla Loddervik Eivind Senneset og Haukeland universitetssjukehus

Smilet sit laust hos kollegaene­ ved Kvinneklinikken på Haukeland universitets­sjukehus ein fredag morgon. Dei er ­ikkje i tvil om at dagen blir betre med litt frisk luft i ansiktet. – Det er altfor mykje trafikk på vegane og altfor mange bilar med berre éin person i. Det å sykle er bra for miljøet. Og så har det ein helse­bringande effekt. No får eg slått to fluger i ein smekk, seier Anne Haugland Smaadal. Kollegaene hennar er einige og legg til at miljøsatsinga ved sjukehuset har vore ein motivator for å velje sykkelen. – Og fordi det er lagt godt til rette med garderobe og dusj, blir det enkelt å velje sykkelen. Det er mykje meir effektivt å sykle enn å leite etter parkeringsplass eller styre med bussbyte, seier Kristin Aase Boge.

helse i vest

64

nummer 1 2013

02


miljø

03

04

05

(01) Guro Kyte Børsheim, Kristin Aase Boge og Anne Haugland Smaadal syklar til jobb på Haukeland universitetssjukehus. (02) Grøne sjukehus serverer grønt til lunsj. (03) Kristin Blehr Patterson er miljørådgivar i Helse Bergen. (04-05) Miljø er no eit viktig aspekt ved heile sjukehusdrifta – til dømes innanfor nye bygge­prosjekt, vaskeriverksemda, avfallshandtering og transporten til og frå sjukehuset for dei tilsette.

05

I løpet av 2014 vil forholda for dei s­yklande ved Kvinneklinikken bli endå betre. Då er det nemleg planlagt at det skal byggast sykkelparkering under tak med betre låsemoglegheiter. Satsar på miljøet. Det å få fleire til å velje sykkel eller reise kollektivt når det er mogleg­, er berre eitt eksempel på miljø­ arbeidet som i desse dagar går for seg på sjukehusa. Miljøaspektet blir no innar­ beidd både innanfor avfallshandtering, bygg og miljø, innkjøp, legemiddel, mat, transport og opplæring. Miljøsatsinga har fått namnet «Grønt sjukehus» og er spesialist­helsetenesta sitt bidrag for å ­gjere noko med miljø- og klimautfordringane. Satsinga, som blir leidd av Helse Vest,

har som mål å systematisere klima­tiltaka på sjukehusa og skal resultere i at alle helseføretaka i landet etablerer miljø­ ­ styringssystem innan utgangen av 2014. Resultatet er ei ISO 14001-sertifisering, som sikrar ein god praksis for ein føre ­var-politikk og gir retninga for kva som er god miljøstyring. Grøne sjukehus. Helse Bergen er først ut på Vestlandet og er no alt sertifisert som grønt sjukehus. Helse Førde følgjer tett på, og blir trulig sertifisert i løpet av 2013. Miljørådgivar i Helse Bergen, Kristin Blehr Patterson, fortel at helseføretaket har ei lang historie med å tenkje miljø. – Miljøjobben i Helse Bergen starta med at vi tok avfallet vårt seriøst. Sidan

helse i vest

65

nummer 1 2013

|

har vi ekspandert til alle miljøaspekta ved sjukehusdrifta. Sertifiseringa seier noko ­ om korleis vi skal jobbe, og stiller høge krav til drifta, seier Blehr Patterson. Også i Helse Førde arbeider dei målretta med å tilfredsstille krava. – Vi starta med å kartleggje vesentlege miljøaspekt i alle avdelingar, seksjonar og einingar. Etter at miljøstyringssyste­ met blei ferdigstilt, har vi no nødvendig opplæring­av dei tilsette. På kjøkkenet bruker vi i stor grad økologisk og kortreist mat, og vi arbeider med å legge betre til rette for å sykle til jobb. Vi legg òg opp til grøne kontor og er spesielt merksame på miljøaspektet under byggeprosessar. Gjennom miljøsatsinga har det vist seg at tiltak ein gjennomfører på jobben, også kan omsettast i heimen, noko som fort blir interessant når ein ser dei økonomiske gevinstane, seier Tova Kjæmpenes, som er prosjektleiar for Grønt sjukehus i Helse Førde. Ho får støtte av Blehr Patterson i Helse Bergen. – Det er ikkje til å stikke under ein stol at det kan vere vanskeleg å forstå kva ei ISO 14001-sertifisering er. Men å sykle til jobben – det er noko alle forstår og kan relatere seg til. Sjølv om det ikkje er her vi har den største miljøgevinsten, så bidreg det til å skape auka aksept for endringane miljøsatsinga får på arbeidsprosessane på jobb, seier ho. – Det er ikkje så mykje som skal til. Det er endring av små rutinar som å hugse å slå av lyset, skru av PC-en når ein går for dagen, og hive avfallet i rett dunk. Små ting som ikkje tek tid for den enkelte, men som samla får stor innverknad på miljøet, seier Anne Haugland Smaadal. – Og når vi tenker på desse tinga på jobb heile dagen, blir det til at vi gjer det same når vi kjem heim. Derfor får det ein slags dobbelt positiv effekt – med seg sjølv og miljøet i fokus, seier Kristin Aase Boge. •


|

Lokalsjukehus

Fa kta

Nordfjord sjukehus er lokalsjukehus for kommu­ nane Stryn, Hornindal, Eid, Vågsøy, Selje, Gloppen og delar av Bremanger. Også delar av Vanylven på søre Sunnmøre nyttar sjuke­ huset på Nordfjordeid.

Nordfjord Sjukehus

(01) Laila Haugland, leiar for medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus, og Arnstein Ivesdal, prosjektleiar for dei nye polikliniske og desentraliserte tenestene ved Nordfjord sjukehus. (02) Nordfjord sjukehus er eit lokalsjukehus for framtida. 01

Lokal­ sjukehuset for framtida

Sjukehusvegen 14 på Nordfjordeid husar det som kan bli ein modell for andre lokalsjukehus i Noreg: eit lokalsjukehus for framtida. Bernt Ove Flekke

Øystein Torheim

Vi må sjå framover, seier Arnstein ­Ivesdal og løftar blikket mot bygninga han har framfor seg. Han er prosjektleiar for dei nye poli­ kliniske og desentraliserte tenestene ved Nordfjord sjukehus. No står han utanfor sjukehuset saman med Laila Haugland, ­ som er leiar for medisinsk seksjon. Den største prosessen, som sjuke­ huset nyleg har lagt bak seg, har medført ­endringar både for dei tilsette og sjuke­ huset. No er Ivesdal og Haugland mest opptekne av det som skjer her og no, og det som skal skje framover. Og det er spennande dagar på jobb. ­Medan dei står der, blir det bokstaveleg talt bygd eit sjukehus for framtida innanfor veggene. Eit sjukehus som skal stå seg over

helse i vest

66

nummer 1 2013

tid, som skal gi rom for kvalitet og fagutvik­ ling, og som skal ha det tenestetilbodet folk flest oftast har behov for. Det er gjort eit omfattande analyse­ arbeid for å sikre at helsetenestene ved Nordfjord sjukehus treff behova i befolk­ ninga med tanke på folketal, alderssaman­ setting og forbruk av sjukehusetenester. – Eg trur Nordfjord sjukehus får eit til­ bod som er godt tilpassa folk her i området, seier Laila Haugland. Analysane viser at medisinske tilstandar (ikkje-­ kirurgiske) står for størstedelen av behovet for sjukehusopphald. Storforbrukarane av ­ sjukehustenester er hovudsakleg eldre ­pasientar med fleire sjukdommar, kroniske­ lidingar og behov for tenester frå fleire medisinske spesialitetar. Dagbehandling


Foto Helse Vest

Lokalsjukehus

|

Fa kta

• I det nasjonale pilotprosjekt «Framtidas lokalsjukehus» ser ein med nye auge på arbeidsdelinga og organiseringa av helsetenester. Prosjektet blei lagt til Helse Førde og Nordfjord sjukehus i Eid kommune. • I Helseregion Vest blir Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus i Sogn og Fjordane rekna som lokalsjukehus. I Hordaland er Odda sjukehus og Stord sjukehus (Helse Fonna) og Voss sjukehus (Helse Bergen) lokalsjukehus. • Nordfjord sjukehus si rolle som eit knutepunkt mellom kommunehel­ setenestene i Nordfjord på den eine sida og Førde sentralsjukehus og Haukeland universitetssjukehus på den andre sida blir no sett på som ein mogeleg nasjonal modell for god organisering av helsetenestene.

Nordfjord Sjukehus

02

og polikliniske tilbod er derfor berande element i det nye Nordfjord sjukehus – eit lokalt sjukehustilbod tilpassa dei store ­pasientgruppene, slik at dei som ofte treng behandling, slepp å reise langt for å få ­denne behandlinga. – Vi veit også at omfanget av psykiske lidingar aukar. Desse pasientgruppene bruker sjukehustenester ofte og vil ha stor nytte av å ha dei i nærleiken. Med det nasjonale pilotprosjektet «Framtidas lokalsjukehus» følgde det òg pengar. – Det gjorde det mogeleg å starte opp rustilbod, greie ut nye faglege model­ lar, ­finansiere ombyggingar og utstyr og gi støtte til anna utviklingsarbeid, seier ­Ivesdal.

Prosjektet sette òg fart i utviklinga av samarbeidet mellom sjukehustenester og kommunehelsetenester i mange nord­ fjordkommunar. På Nordfjord sjukehus blir dei samla under same tak gjennom samarbeid om for eksempel strakshjelp, legevakt og jordmortenester. – Det inneber vi får eit større og sterkare­ fagleg miljø her på sjukehuset, seier ­Haugland. Lokalsjukehuset er framleis ein viktig tryggleiksfaktor for innbyggarane i Nord­ fjord, og sjukehuset har akuttfunksjonar i indremedisin og skadepoliklinikk. – Sjukehuset skal òg kunne stabilisere ­alvorleg sjuke og skadde pasientar før over­ føring til andre sjukehus, seier Haugland. •

helse i vest

67

nummer 1 2013

Lærdal Sjukehus voss Sjukehus

odda Sjukehus

Stord sjukehus


|

notisAr

Ekstra viktig å trene styrke for dei over 50 år

01

Foto NTB Scanpix

(01) Ingvild Sveen, spesialist i nevrologisk fysioterapi ved Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Lassa, i Helse Stavanger. (02) Om du er over 50 år, er det særs viktig å trene styrke.

Foto Svein Lunde, Helse Stavanger HF

– Vi treng god muskelstyrke for å klare kvardagslivet. Vi sit meir enn vi gjorde før, og musklane tilpassar seg bruken. Skal vi få meir glede og overskot i kvardagen og klare alle dei fysiske aktivitetane vi vil gjere, så må vi trene styrke, seier Ingvild Sveen, spesialist i nevrologisk fysioterapi ved Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Lassa, i Helse Stavanger. Og ho gjer merksam på at du må passe ekstra på når du rundar 50 år. – Når vi blir 50, blir muskelmassen meir og meir redusert for kvart år. Derfor er det faktisk endå viktigare å trene styrke enn kondisjon når vi blir eldre. Du er veldig avhengig av muskelstyrke i dagleglivet – til dømes når du skal bere handleposar frå butikken, gå i trapper, stelle i hagen eller hente noko ned frå øvste hylla i skapet, held Sveen fram. I tillegg aukar musklar feittforbrenninga­i ­kroppen og reduserer muskel­plager, til dømes ryggplager. Ingvild Sveen rår folk til å trene styrke ein times tid to–tre gonger i veka. Etter tre månader vil du merke skilnaden i kvardagen.

02

Flimrande hjarte I f ølgje seksjonsoverlege Per Ivar Hoff ved Hjarteavdelinga på Haukeland er hjarteflimmer den vanlegaste hjarterytmeforstyrringa. Dei fleste med hjarteflimmer er over 70 år. Dei med høgt blodtrykk, kransåresjukdommar, lungesjukdom, overvekt og diabetes er spesielt utsette. Hos enkelte slår hjartet fort og uregelmessig, og dei kan bli svimle og få tung pust. Andre merkar ingenting. Dei fleste blir behandla

med betablokkarar og «blodfortynnande» medisinar. Blodfortynnande får dei fordi hjerneslag er den alvorlegaste komplikasjonen ved hjarteflimmer. Derfor er det òg viktig å sjekke pulsen hos lege innimellom, slik at ein ikkje overser «stille» flimmer. Nokon av dei som har store plager, får tilbod om ablasjonsbehandling, også kalla radiofrekvens ablasjon.

Gå ifrå problema Lyden i øyra

Nesten alle menneske opplever øyresus – også kalla tinnitus. Tinnitus er nemninga på lydoppfatting utan ekstern lydkjelde. Korleis ein oppfattar denne lyden, og korleis han påverkar livskvaliteten, varierer frå person til person. Tinnitus oppstår av ulike årsaker. Mange opplever plager i samanheng med stress. Andre gonger kan tinnitus vere eit symptom på ein underliggande sjukdom. Er du plaga av tinnitus, kan du oppsøke øyre-, nase- og halsspesialist. Tilvising får du av fastlegen din.

– Ein halvtimes gåtur kvar dag er nok for å få god helsegevinst fysisk og mentalt. Hald eit tempo som gjer deg lett andpusten, men ikkje meir enn at du framleis kan prate litt med ein turkamerat. Ergoterapeut Frode Dale veit kva han snakkar om. Fysisk aktivitet er så viktig for hjernen at det er ein sentral del av behandlingstilbodet i psykiatri ved Valen sjukehus i Kvinnherad, der han jobbar. – Etter ein hyttetur sa ein pasient at det var første gong han hadde sove ei heil natt

helse i vest

68

nummer 1 2013

så lenge han kunne hugse. Nokre pasientar treng sjeldnare innlegging fordi den daglege treninga hjelper i vanskelege periodar.

30

min Kvar dag


bruddskadar

|

02

(01) På Stavanger universitetssjukehus får dei inn om lag 5500 brotskadar kvart år. (02) Pieter Oord, seksjonsoverlege ved ortopedisk avdeling på Stavanger universitetssjukehus.

Hos vaksne skjer brotskadar i samband med trafikkulykker eller fallskadar. Særleg utsett er du på moped og motorsykkel. Også mange eldre må behandlast for brotskadar. Eit svakare skjelett og svekt ­balanse med falltendens aukar faren for brot.

01

Når skjelettet sviktar

På Stavanger universitets­ sjukehus behandlar dei rundt 5500 brot kvart år. Unngå å bli ein del av statistikken. Caroline Aspelund Corbis / NTB Scanpix og Svein Lunde, Helse Stavanger

Menneskekroppen er avhengig av skje­ lettet. Det held oss oppreiste, beskyttar dei vitale organa og gjer oss i stand til å bevege oss. – I dei ulike fasane i livet blir kroppen og skjelettet utsett for belasting. I mange tilfel­ le oppstår det skadar som må behandlast på sjukehus, seier seksjonsoverlege i trauma­ tologi ved Ortopedisk avdeling på Stavanger universitetssjukehus, Pieter Oord. Slik oppstår skadane. Dei vanlegaste årsakene til beinbrot hos barn skjer i samband­med leik og fritidsaktivitetar. Hos unge vaksne oppstår dei fleste mindre alvorlige skadane når dei driv med idrett eller andre fritidssyslar.

helse i vest

69

nummer 1 2013

Ikkje la alderen bestemme. – Å føre­ bygge brot er komplisert. Likevel er det mykje vi kan gjere for å unngå nettopp det. Ernæring og variert fysisk aktivitet er viktig – uavhengig av alder. Formålet er å styrke skjelettet, fortel Oord. I tillegg blir det anbefalt at alle over 50 år som har blitt behandla for brot, gjennom­ fører ei beintettleiksmåling for å påvise om dei har osteoporose. Sørg òg for at kroppen får i seg nok kalsium. – Ta nødvendige forholdsreglar. Unngå risikoaktivitetar, bruk rett sikkerheits­ utstyr og ta omsyn til alkoholmengda. På den måten er det lettare å unngå brotskadar­som krev langvarig behandling, avsluttar han. •


|

Gjesteportrett


Gjesteportrett

Profeten Det var då Per Fugelli (69) blei lagd inn på sjukehus, at han lærte mest om å leve. Ingvild Wedaa Tennfjord

helse i vest

71

Frode Sandbech

nummer 1 2013

|


|

Gjesteportrett

01

02

(01) Per Fugelli si bok Døden, skal vi danse? frå 2010. (02) Per Fuggeli si nye bok Journalen kom tidlegare i haust. (03) – Det beste vi kan gjere, er å vere ærlege og brutale mot kvarandre, for det gir berekraft på lang sikt, seier Per Fugelli. (04) – Det første som skjer når du blir sjuk, er at du blir redd, seier Fugelli.

– Det første som skjer når du blir sjuk, er at du blir redd, seier Per Fugelli. Ein dag for fire år sidan kryssa han grens­a. Frå lege til pasient. Frå fred og sjølv­ kontroll til kaos og lammande frykt. På ein legekontroll stanga gastroskopikameraet opp i ein svær svulst med kreft­celler. – Kva skjer då? – Eg kjende frykta fosse ut frå binyrene. Eg gret. For problemet er, ser du, at eg er så jævla glad i dette livet.

– Grunntonen er full av tillit til den norske helsetenesta. Mykje er hipp hurra. Men, seier han og lener seg framover på kontorstolen, det er eit stort og alvorlig men her! Før han fortel vidare, må vi gå tilbake i tid. Til då han ikkje våga å tru at desse nye, blanke dagane faktisk skulle komme.

Per Fugelli er legen, professoren og samfunnsdebattanten som fekk Fritt Ords Honnørpris fordi han snakkar om alt det vi andre ikkje tør snakke om. Død. Livslengt. Fasadespelet. Han har forfatta meir enn femti bøker, men då han skreiv om dø­ den, som vi prøver å skyve inn i stengde rom, i boka Døden, skal vi danse?, trefte han ein nerve. Fugelli blei allemannseige. Eit ­omgrep og ein institusjon i seg sjølv. I byrjinga var fascinasjonen hans for døden reint ­teoretisk, men undervegs blei døden så ­altfor verkeleg. Han sat i tjukktarmen hans og i lungene, og Fugelli fekk eitt til to år å leve.

Det er midt på natta, men Fugelli er oppe og vandrar. Gjennom drenet piplar smertestillande dråper inn i blodstraumen hans. Den beste forsikringa mot blodpropp er rørsle, så han går og går gjennom dei endelause sjukehuskorridorane. Kjende ­ han raseri over den lunefulle kroppen? Stanga han hovudet mot spørsmålet: Kvifor meg? Akkurat denne natta var han fylt av undring og takksemd. Men det var, som han seier, ein blanda rekneskap. – Sjukdom lærer deg å inngå samliv med fare. Du må godta at livet fører med seg ­risiko, og så må du skape tryggheit med det. Det er ei felle å tru at for å vere trygg i livet må det vere null risiko. Då blir du evig redd, for det er uoppnåeleg i livet på jorda, seier han langsamt.

No, fire år seinare, har Per Fugelli stått opp endå ein morgon og knytt tversover­ sløyfa. Han er full av liv, og boka Journalen luktar av fersk trykksverte og er på veg ut i alle landets bokhandlar. – Journalen er ein ærleg rapport frå det som var sjukdomsverda mi i tre år. Eg har vore på eit spiontokt i det norske helse­ vesenet. – Kva fann du?

Vi er på Ullevål sjukehus, men Fugelli har kryssa grensa igjen. Han er ute av ­pasientventeromma og tilbake på det vesle forskarkontoret heilt innerst i ein over­ raskande lang og krokete korridor. Han veg orda sine. Smakar på dei og tenkjer. Han elskar å tenkje. – For å oppnå tryggheit må du rett og slett lære deg å tåle risiko. – Men det er jo så vondt?

helse i vest

72

nummer 1 2013


|

Foto ntb scanpix

Gjesteportrett

– Ja, men det er endå verre å leve i k­ ronisk skrekk. Og det gjer du viss du ikkje­ godtek r­isiko. Då blir livet eit einaste ­verneprosjekt. Du mister leiken, nytinga og sjelefreden fordi du blir besett av alt det farlege du må beskytte deg mot, og alt det sunne du må ete. Sjukdom er lærdom. Ikkje berre for dei sjuke, seier han.

Foto krister sørbø

03

Stavangerdialekta hans er ganske så avslipt, men innimellom dukkar ho opp i slutten av ei setning. Fugelli voks opp i ein legefamilie. Både farfaren og faren hjelpte dei sjuke i byens fattigkvarter. Per følgde etter dei gjennom medisinstudiet og inn i ein profesjon som òg er kjend for sin hang til å beskytte kvarandre. No har dei fått ein spion på innsida. Det står ting i Journalen som ikkje alle i helsevesenet blir glade for å lese. – Eg trudde de legar brukte å beskytte ­kvarandre? – Ja, men det er ikkje særleg lurt. Det ­beste vi kan gjere, er å vere ærlege og ­brutale mot kvarandre, for det gir berekraft på lang sikt. – Kva har du lært på innsida? – Eg har møtt ein gjeng flinke folk. Det gir meg tillit og tryggheit. Sjukepleiarar er flotte menneske. Det er legane som ­dukkar opp på kryss og tvers òg. Men det er eit farleg minus, seier han og er tilbake der vi starta denne samtalen: – Då eg blei lagd inn på sjukehus blei eg gjord om til konfetti. – Konfetti? – Eg blei tusen bitar og strødd utover helsevesenet. Både eg og mange andre

04

helse i vest

73

nummer 1 2013


|

Gjesteportrett

pasientar får ei urovekkande kjensle av at her er vi berre bitar. Eg lengta etter ein, la oss kalle det rette vedkommande, fordi mangelen på ein fast lege gir ei Kafka-aktig kjensle av å vere i eit tomrom. Du blir redd. Er det nokon i dette svære systemet som har kontroll? Dei to beste legemidla i verda heiter tryggheit og tillit. Det kan du berre bygge med ein lege som du møter hyppig. Pasientar burde hatt ein fastlege på sjuke­ husa. Ein rette vedkommande, om du vil. Men for å få det til må pasientane la røysta si høyrast mykje tydelegare. Eit godt helse­ vesen treng begeistring, men òg kritikk. Pasientkoret må bli mykje meir høgrøysta. – Ikkje alle legar blir glade for det du seier no? – Det heiter helseteneste. Helsetenesta skal tene dei sjuke, og då må dei lytte til kva dei sjuke faktisk vil ha. Medisinstudiet, det var vedunderleg. Ein ung mann sitt første møte med «blyge ­piker, vin og lyst», som han har kalla det. Og ein kveld møtte han Charlotte. Det skulle vare eit heilt liv. Då han fekk meldinga­om at tida hans snart var ute, var det éin ting han ønskte seg: Ikkje eksotiske reiser til Marokko, ikkje adrenalinfylte eventyr i Monte Carlo. Nei, Fugelli ønskte seg fleire onsdagar med Charlotte. – Sjå på henne, seier han og slår ut med handa mot eit teikna portrett som står på kontorpulten. – Ho er ufatteleg vakker. Men det er meir. Eg elskar hjernen hennar. Charlotte er eit fantastisk menneske å fortolke med, opp­ leve med og snakke med. Av grunnstoff er ho eit grunnleggande godt menneske. Det

er ofte undervurdert i vår tid – det ­viktige i å vere snill og god. I februar i år opererte dei ut tre svulstar frå lungene til Fuggeli. Dei frykta det ikkje ville vere nok friskt vev til å puste. No sit han her på stolen og puffar seg opp i enga­ sjement. Så mykje glød i ein kropp. Som eit beger som nesten renn over av viljen til liv. Ein blanda rekneskap. Menneske med flekkar av storheit og faenskap. Oppgiving og styrke. Vi er det alle saman. Per Fugelli ønsker berre at vi skal vise det. – Vi har alle mykje å tene på å ta maskene av og ærleg vedkjenne oss tilværet som ufullkomme. Eg vil destabilisere bløffen­ om at alt er bra heile tida. Det er ikkje sant. Og det er svært anstrengande å ha eit glansbilde som ideal. Han er kreftfri no. Burde han ikkje juble og feire med flagg og kake den dagen han fekk meldinga? – Phmm, fnyser han svakt. Han veit at «kreftfri» er eit lureord. Kreften er borte, men han er ikkje frisk. Som lege kjenner han så altfor godt ­statistikken som viser sjansen for at kreft­ cellene slår til igjen. Dette kjennest meir som ein pause. Eit friminutt. – Helse er tilpassing. Det betyr at du kan ha god helse sjølv om du ikkje er frisk. Eg såg det hos mange flotte medpasientar. Folk har eit godt anlegg for det jordnære. – Korleis då? – Etter den første fasen med sorg og frykt seier dei fleste: Ja, det er dumt å vere sjuk, men no gjer vi det beste ut av det, seier han.

helse i vest

74

nummer 1 2013

Og så gjer han akkurat det. Går gjennom gatene på Grønland i Oslo, og frydar seg over å vere ein av mange. Kokkelerer på kjøkkenet. Nyt å vere saman med den vesle flokken av barn og barnebarn. Samvær der latteren sit laust og replikkane flyg over bordet. Angsten som framleis kjem om kvelden og natta. – Det beste du kan gjere, er å bli glad i kroppen din, i kjærasten din og i barne­ barna dine som dei blandingsmenneska dei er. – Å elske det som er, slik det er? – Akkurat. For sånn er livet. Han har gjort opp rekneskap. Fugelli deler smått og stort inn i punktlister. Og då han trudde det var over, var det desse augeblikka som stod att: Fødselsaugeblikket til kvart av barna. Nokre vedunderlege timar i morfinrus på sjukehuset. Måsane over Røst, der han var turnuslege. Menneska der. Og Charlotte. Vakre, snille Charlotte. – Men i teorien kan du leve til du blir nitti, kan du ikkje? Fugelli smiler mildt, som til eit barn. – Klart eg kan. Men i så fall er det eit medisinsk under. Før eller sidan tek ­ ­kreften knekken på meg. Men det fine er at det kanskje er ei god stund til. – Bak all statistikk finst eit vilt håp, er det ikkje det du seier? – Jau. Eit ulydig eitt-tal i statistikken. Det hadde vore fint. •


Helsetenesta skal tene dei sjuke, og d책 m책 dei lytte til kva dei sjuke faktisk vil ha. Per Fugelli


helse i vest

76

nummer 1 2013


kronikk

|

Vi treng både lege og koordinator Kvart år får nærmare 30 000 menneske i Noreg kreft. Mange av dei kan fortelje at dei har møtt eit sjukehus som fungerer godt, og at dei kom raskt i gang med behandlinga. Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest RHF

L

ikevel må vi erkjenne at altfor mange­opplever noko anna. For dei som opplever eit dårleg forløp fram til behandling, både pasientar og pårørande, er det ei stor mental belas­ ting. Kor store konsekvensar det har for overlevinga, er usikkert. Det er likevel verdt å merkje seg at ved all kreft som kan lækjast, kan ei redusert overlevings­ sannsynlegheit på berre éin prosent, der det skjer på grunn av forseinka behandling, bety inntil 150 fleire dødsfall årleg i Noreg. Uklare symptom. Kvifor er det så vanske­ leg å få til raske forløp med høg kvalitet? Ved kreft er symptoma ofte uklare i starten. Kreft er gjerne éi av fleire moglege årsaker til symptoma, og ikkje eingong den mest sannsynlege. Der det likevel viser seg å vere kreft, er ein avhengig av at ei rekkje ulike fagområde og avdelingar i sjuke­huset, og sjukehus, deltek i undersøkingane. Det er eit mildt sagt rimeleg krav at dei involverte sjukehusa, internt og seg imel­ lom, held orden på det forløpet av under­ søkingar og behandling som pasienten får tilbod om. Det føreset to nærståande, men likevel separate element: god medisinsk planlegging og god logistikk når det som er planlagt, skal gjennomførast. Legen må ha ein plan. Når sjukehuset skal ta imot ein ny pasient, må legen lage ein medisinsk plan som må bygge på all informasjonen sjukehuset har fått om

Christina Magnussen/byHands

pasienten i form av sjukehistorie, funn ved kliniske undersøkingar og andre under­ søkingar og svar på laboratorieprøvar. Alt dette må stå i den elektroniske journalen til pasienten, slik at alle i sjukehuset som skal utføre sin del av den samla planen, kan lese det og følge opp. Kan finne andre sjukdommar. Dei ­første undersøkingane gir ofte usikre funn, som må følgast opp med nye undersøkingar­ for å få god nok informasjon til å velje rett behandling. Ei anna vanleg problemstilling er at ein finn andre sjukdommar enn kreft, for eksempel i hjarte eller lunger. Dei må òg kartleggast og behandlast, før behandlinga av kreftsjukdommen kan starte. I denne utgreiingsfasen må derfor den medisinske­ planen oppdaterast jamleg for å vere ­tilpassa nye funn. Kreftutgreiing blir ein «pakke». Som vi ser, inneheld kreftutgreiinga både ein «pakke» av undersøkingar som alle med den aktuelle kreftforma gjennomfører, og supplerande undersøkingar som må skreddarsyast til den enkelte pasienten, og som ein først kan blinke ut undervegs i utgreiinga. Når dette kompliserte og uføreseielege forløpet skal gjennomførast, kanskje ved fleire sjukehus, er det ei formidabel opp­ gåve å koordinere alle elementa. Men også eit anna poeng er viktig: Når den medisinske­planen er på plass og blir

helse i vest

77

nummer 1 2013

oppdatert jamleg av lege, treng ikkje koordineringa av den praktiske gjennom­ føringa å bli gjord av ein lege. Ein erfaren sjukepleiar eller merkantil medarbeidar med god opplæring og innsikt i sjukehus­ funksjonane gjer ikkje dette like godt som legar – dei gjer det betre! Dei har det som ei hovudoppgåve, for det er ikkje ei oppgåve som bør gjerast med hyppige avbrot i den allereie travle kvardagen til legen. Eit blindspor. Når legen ikkje lenger blir avbroten av viktige koordinatoroppgåver, får han eller ho konsentrere seg om opp­ gåver som berre legen kan gjere: gi gode og grundige vurderingar av sjukdom, sørgje for medisinsk planlegging, behandle sjølve kreftsjukdommen og ikkje minst gjennom­ føre skjerma samtalar med pasientar og pårørande. Tanken om at pasienten kan ha ein person­som både er medisinsk planleggjar og koordinator, og diskusjonen om korvidt koordinatoren må vere lege eller ikkje, er eit blindspor for kreftpasientar. Pasienten treng to tilretteleggjarar for å få gode for­ løp: ein lege som lagar ein medisinsk plan og heile tida oppdaterer denne, og ein pasient­koordinator som i nært samarbeid med legen tek hand om alle dei praktiske tiltaka for at pasienten skal møte eit forløp der alt er samordna og koordinert. •

Kronikken stod på trykk i Aftenposten 23. juli.


|

Pa s i e n t i n f o r m a s j o n

Tryggleik for pasientane

Foto Haukeland Universitetssjukehus

– Det er eit ambisiøst mål vi har sett oss, men det er ikkje umogeleg å nå det. Vi kan ikkje godta at pasientar blir skadde på sjukehusa våre. Derfor er dette ei av dei aller største og viktigaste satsingane til Helse Vest framover, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen. Kvar dag blir i snitt 69 personar utsette­ for skade på eit sjukehus i Helse Vest. Under­søkingar tyder på at halvparten av desse ­skadane kunne ha vore unngått. No skal sjukepleiarar, legar og anna helsepersonell på sjukehusa jobbe med å endre rutinar og lage system for å hindre at denne typen skadar skjer. Ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen har toppleiinga starta med å gå på «pasienttryggleiksvisittar» til dei kliniske einingane. På Stavanger universitetssjukehus har dei klart å skape engasjement rundt førebygging av trykksår, og kvar dag som går utan trykksår, blir markert. Dette og liknande tiltak blir no sett i gang på alle sjukehusa i Helse Vest som eit ledd i ­programmet for pasienttryggleik. Det er eit femårig program som har som mål å halvere talet på unngåelege pasientskadar innan 2017.

Foto stavanger Universitetssjukehus

Foto Haukeland Universitetssjukehus

02

01

03

helse i vest

78

nummer 1 2013

(01) Stavanger ­universitetssjukehus. (02-03) Medarbeidarane på sjukehusa på Vestlandet ­jobbar no hardt for å få ned talet på skader og betre tryggleiken for pasientane.


Pa s i e n t i n f o r m a s j o n

(01) Alvorleg sjuke og døyande i heile helseregion vest skal ha eit godt tilbod både på sjukehuset og i heimkommunen. (02) Dagny Faksvåg Haugen, leiar ved Kompetansesenter for lindrande behandling ved Haukeland universitetssjukehus. (03) Haukeland universitetssjukehus. (04) Sjukehusa skal gi omsorg til det siste for pasientane.

Foto Haukeland Universitetssjukehus

Foto Corbis / ntb scanpix

02

01

|

03

Omsorg til det siste

Foto NTB Scanpix

Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB)­ved Haukeland universitetssjukehus jobbar for at alvorleg sjuke og døyande i heile Helseregion Vest skal ha eit godt tilbod både på sjukehuset og i heimkommunen. – Lindrande behandling er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med alvorleg sjukdom som ikkje kan lækjast. Målet med alt vi gjer, er at den siste levetida skal bli god og meiningsfylt for pasientane og dei pårørande, forklarer leiar for KLB, Dagny Faksvåg Haugen. For at pasientar og pårørande skal få nødvendig behandling, hjelp og støtte same kvar dei er, har KLB fokus på å heve kompetanse og byggje nettverk mellom fagpersonar. Palliativt (lindrande) team i kvart helseføretak kan gi råd og rettleiing til personell både på sjukehusa og i kommunane. Alle kommunar og sjukehus har òg ressurssjukepleiarar som gir lindrande behandling, og fleire sjukeheimar har eigne «lindrande senger». – God lindring er ei felles oppgåve for sjuke­heimar, heimesjukepleie, fastlegar og sjukehus­avdelingar. Mykje godt arbeid blir gjort for å skape tryggleik til det siste, seier Haugen. 03

helse i vest

79

nummer 1 2013


|

etterord

Ein song for helsepersonell Frode Grytten Darling Clementine/ byHands

H

elsepersonell. Eg vil synge om helsepersonell. Dei har vel ­fortent ein song. For eg har kjent varmen av dei. Dei har gitt meg alt. Dette er ein song om helsepersonell. Fredelig helsepersonell. Hardtarbeidande helsepersonell. Kompetent helsepersonell. Jo, dei må få sin song. Kanskje ikkje ho som reiv av meg dyna då eg var tolv, ho som drog ned pysjbuksa mi og kjørte sprøytespissen inn i låret utan så mykje som å spørje først. Kanskje heller ikkje dei medisinstudentane som stakk ­ min febrile, livredde son full av hòl fordi dei ikkje fann blodårene i hans babyblubbete kropp – dei skulle øve seg på å legge inn ein kanyle, men øydela alle årer, slik at han til slutt måtte få kanylen operert inn i halsen. Men alle dei andre. Helsepersonell skal ha sin song. Helsepersonell som går ­ heimanfrå grytidlig om morgonen,

som er på jobb når vi søv, som slit når vi festar, når vi feirar jul, når vi slappar av. Helsepersonell. Som susar gjennom byen i ambulansar, som får hjarte til å slå igjen, som får lårskadde til å gå igjen, som får ­fotballspelarar til å skåre mål igjen. Som spør oss: Korleis går det i dag? Og som ­meiner det. Helsepersonell. Vi er så gode til å finne feil. Vi er ekspertar på feil. Og utanfor inngangsdøra står journalistar med mikrofonar og kamera: Gikk noko galt? Gjorde dei feil? Må nokon gå? Det er bra med folk som passar på, men kva om vi fylte ein og annan Dagsrevy med alt som går bra? Kva om vi sette av ein Dagsrevy i veka til alt vi lykkast med? Her er torsdagens hovudsaker: HEISMONTØR HYLLAR HELSE-NOREG – DEI FIRE FORKJØLA BRØRNE FRISKE IGJEN – LEDDGIKTRAMMA: JA, EG FIKK TOPP BEHANDLING – FOLK PÅ VESTLANDET ELSKAR HELSEPERSONELLET SITT.

helse i vest

80

nummer 1 2013

Helsepersonell. Ja visst. Eg også har møtt legane som snakkar over hovudet mitt, sjukepleiarane som bryr seg meir om r­ eglar enn pasientar, hallo-i-luka-folka som drit i mine sår. Men har eg ikkje fått ein son som neppe hadde overlevd om han ikkje fekk hjelp i sitt første leveår? Har eg ikkje ein annan son som blei noregsmeister i ­basketball – trass medfødd klumpfot, trass i at han måtte gå med gips frå han var seks dagar gammal, fiksa dei ikkje den foten, slik at han kunne spele ball? Og kan eg ikkje stire på folk med fast blikk, eg, som i ungdommen hadde verdas verste skjegløygde Marty Feldman-blikk, som fikk alle rundt meg til å utbryte: Hei, sjå på meg, Frode! Eg syng om helsepersonell. Her er deira song. Eg har sett dei i aksjon. Dei har halde handa mi, dei har støtta meg gjennom sjukehuskorridorar, dei har plukka ut små glasbitar frå venstre auget mitt den natta då brilleglaset knuste og fauk inn på


etterord

netthinna. Dei har fiksa boksarnasen min etter at han knekte som ei fyrstikk, dei har sydd saman kinnet mitt, dei har tappa meg for blod, slik at dei kunne hjelpe andre. Å, helsepersonell som lappar dette landet saman, som får nasjonen på beina igjen, som fyller årene våre med blod, som l­ yttar til kroppane våre, som registrerer dersom det er den minste ulyd i dei. Kven skal synge for dykk? Eg helsar dykk. Hører eg ein ambulanse passere nede på vegen, tenker eg: No får nokon hjelp, no er nokon i trygge hender. Helsepersonell. Det er noko overmenneskelig over dykk, som om

helsepersonell er løfta opp frå fysikken, tyngdekrafta og kvardagen. Som om de sjølve ikkje har skrøpelige kroppar, som om de sjølve ikkje kan bli gamle eller gå ned for teljing. Eg trur at det er grunnen til at vi forlangar så mykje av dykk, at vi er så kjappe med å påpeike feil. Men eg har hørt dykk. Hørt ufatteleg ­kompliserte fenomen forklart på elegant vis. Hørt dødssjuke ungar og foreldra deira bli trøsta. Hørt uroa i røystene ­dykkar, hørt styrken i argumenta. Eg har sett dykk i kvite frakkar, i blått operasjonstøy, i raude og gule ambulansevestar. Eg syng

helse i vest

81

nummer 1 2013

|

om helsepersonell. Glad for at eg ikkje treng dykk kvar dag. Glad for at de finst. Om eg skulle trenge dykk, kan eg bare løfte ­mobilen og slå tre tal, så kjem de for å løfte meg opp. Ja, helsepersonell skal få sin song. Dette botnlause tolmodet. Denne endelause innsikta. Denne evige omsorga. Å, måtte min song klinge. •


|

visste du at

nett

Foto Corbis / ntb scanpix

Nettsida helsenorge.no er den offentlege helse­ portalen i Noreg. Her finn du mykje og god informasjon om helsetenesta og helserelaterte emne.

Helsenorge.no Lurer du på noko innanfor temaet helse? Finn du ikkje det du leiter etter, på alle dei ulike nett­stadene? Då bør du velje helsenorge.no, som er den offentlege helseportalen i Noreg. Helsenorge.no ein rettleiar til den offentlege helsetenesta og til ulike sjølvbeteningsløysingar i helse­ sektoren. På helsenorge.no kan du bestille helsetrygdkort, skifte fastlege og sjå på ­eigendelane, reseptane og vaksinane dine. Du kan logge deg inn ved hjelp av BankID. Helsenorge.no har òg mykje informasjon om førebygging, helse, sunnheit, sjukdom, behandling og pasientrettar. Les mer på helsenorge.no

helse i vest

82

nummer 1 2013


rekrutering

Organist

Assisterende Inst.-/Sykehusprest Pleier

Spesialist

Fysioterapeut

Sekjsonsoverlege

Spesialsykepleier Preparant Eit sjukehus blir ikkje drive av enkelte

Ortopist Overlege Renholdsopareatør

yrkesgrupper aleine. For at vi skal kunne gi pasienten eit best mogleg tilbod, må over 100 yrkesgrupper jobbe saman i eit finstemt fellesskap. I dag er vi rundt 26 500 medarbeidarar som alle bidreg i sjukehusa på Vestlandet! Vi kjem frå alle verdsdelar og over 30 forskjellige nasjonar. Vi har ulike roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mogleg på det vi gjer.

Barnevernspedagog

Sjefbioingeniør

alltid behov for dyktige og motiverte medarbeidarar.

Bioingeniør Pedagog Psykiater

Lege Stråleterapeut

Musikkterapeut

Psykologspesialist Driftsleder

Audiograf Assistentlege Spesialbioingeniør Førskolelærer Avdelingsradiograf Avdelingssykepleier

Ass. avd. sykepleier

Avdelingsoverlege

helse i vest

83

nummer 1 2013

Ergoterapeut

Byggleder

Overtannlege

Pediatrisk sykepleie Sjefergoterapeut

Spesialrådgiver Medisinerstudent Laboratorierådgiver Anestesisykepleier

Les meir på helse-vest.no/jobb.

Spes. utd. sykepleier

Intensivsykepleier Ass. oversykepleier Førstepreparant Arbeidsleder Spesialpedagog

Vernepleier

Vaktmester LederAssistent Ingeniør

Ass. kjøkkensjef

Sosialkurator

Geriatrisk

Fritidsleder

Hjelpepleier

Overmontør Ønsker du å bli ein av oss? Vi har

Hjelpepleier

Fysioterapeut

Radiograf

Ambulansesjåfør Fagkonsulent Tekniker

Vekter

Omsorgsarbeider

Maskinist

Spesialpsykolog

Spesialingeniør

Klinisk

Laboratorieassistent

Sjåfør

Ergo­terapeut Kjøkkensjef Ambulansesjef Kulturskolelærer

Ønsker du deg ein jobb med meining? Er du på jakt etter Formann nye utfordringar? Då er kanskje eit av sjukehusa på Vestlandet plassen Sjefingeniør for deg! Avdelingsstråleterapeut

Fagarbeider Sykepleier Sjeffysiterapeut Aktivitør Spesailkonsulent

Spesialfysioterapeut

Overradiograf

Oppsynsmann

Sosionom

Avdelingsjordmor

Arbeidstaker Tillitsvalgt Sosialkonsulent

Spesialhjelpepleier

Barnepleier

Sjefpsykolog

Overingeniør

Ungdomsmedarbeider

Tannlege Håndverker/ fagarbeider

Avdelingsleder Renholder Jordmor Miljøterapeut Pedagog Stipendiat Vil du bli Kokk ein av oss?

sykepleier

Forsker

Ledende

Portør Logoped Fagutviklingssykepleier

v/banehage

Avdelingsingeniør Spesialelev

Avd. sykepleier Spesialarbeider

Psykolog

Miljøarbeider Styrer

Turnuslege Ass. avedlingssykepleier

Overjordmor Sjefsradiograf Husøkonom Onkologisk Lærling

Sjefståleterapeut

Ernæringsfysiolog

Ergo­ terapeut

|


returadresse Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger

Likte du dette magasinet? Abonner gratis ved å sende namnet ditt og postadressa di til: info@helse-vest.no

HELSE FØRDE HELSE BERGEN HELSE FONNA HELSE STAVANGER Sjukehusapoteka Vest HELSE VEST IKT AS

Telefon 51 96 38 00 www.helse-vest.no


Helse i vest nummer 1-2013