Issuu on Google+

mammografi Livreddande kontrastar

Oksygenbehandling Djupdykk som medisin

SAMHANDLING Fellesmagasinet frå sjukehusa på Vestlandet • Nr. 1 / 2012

Kvalitetstid på sjukehusa

Etterlyst

Rekrutteringspatruljen jaktar framtidas medarbeidarar


Rekrutter! No! – Eg meiner vi må omfamne all teknologi. Det er den som gjer at vi kan få livet i gåve igjen, seier kontrastmammografipasient Tone Marie Strand på side 14 i dette magasinet. Visst opnar moderne helseteknologi for fantastiske moglegheiter, og IT, teknologi og innovasjon må bli ein naturleg del av kvardagen for alle medarbeidarane i spesialisthelsetenesta. Skal vi klare å møte utfordringane som står framfor oss og nå måla for pasienttryggleik og kvalitet, må teknologisatsinga og utvikling av gode prosessar og system framleis vere eit prioritert område. Men avansert teknologi gir null helsegevinst utan kompetente medarbeidarar. Klisjeane treffer godt: Ei kald maskin erstattar ikkje ei varm hand, inga programvare kan erstatte ein skarp hjerne. Derfor må spesialisthelsetenesta ut å rekruttere. Vi er heile 26 400 medarbeidarar i Helse Vest, eit folkehav nær dobbelt så stort som byar som Voss, Eigersund eller Førde. Spesialisthelsetenesta kjemper for kvar nye medarbeidar, og vi vil ha dei beste: til behandling av pasientar og på IKT, økonomi og drift. I år har sjukehusa på Vestlandet som mål å ta inn 50 nye lærlingar innan helsefag. Til saman. Det monnar lite i det store biletet, der Helse-Noreg truleg må etterfylle med 40 000 nye helsefagarbeidarar innan 2030. Spørsmålet er: Gjer vi i nok for å motivere ein ny generasjon til å velje medisin- og helsefag, slik at vi i kan halde fram med å gi pasientane den behandlinga dei treng? Nokre spenstige svar finn du i dette magasinet. I Stavanger hankar rekrutteringspatruljen inn helsefagarbeidarar. Og at øyre-nase-hals-avdelinga i Helse Førde er eit reint lokallag, lovar godt for framtidige sjukehuspasientar. Anten du er pasient eller potensiell medarbeidar, allereie medarbeidar eller aldri har vore innom dørene våre: Eg vonar dette fellesmagasinet frå sjukehusa på Vestlandet vekkjer di interesse. Vi vil nemleg gjerne at du blir nysgjerrig på oss.

Vennleg helsing Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF

Helse i vest, nr.1 / 2012 Ansvarleg redaktør Bente Aae Redaksjon Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Vest Ansvarleg utgjevar Helse Vest Redaksjonen avslutta 16. desember 2011

www.helse-vest.no

2

helse i vest • Nr. 1 / 2012

Design Oktan Stord Framsidefoto Svein G. Lunde Trykkeri Senter Grafisk AS Opplag 280 000

M

Ø ILJ

ME R K

ET

541-004 TRYKKSAK

Du kan abonnere gratis på Helse i vest ved å sende namn og postadresse til info@helse-vest.no

Aldri før har sjukehusa jobba så breitt og målretta med kvalitetsforbetring. Anne Grimstvedt Kvalvik seniorrådgivar og kvalitetsdame ...30


innhald

...26

Småstoff ................................................................................................................ 4 Jaktar kollegaer og kompetanse ................................................................. 6 Omfamnar teknologien – og livet ............................................................ 12 Samhandling skaper lokal lysning .......................................................... 16 Radioaktiv og ressurskrevjande livreddar .......................................... 18 Då ”vår Torstein” møtte ”min bestefar” ................................................ 22 Frå gløymsel til forskingsvarmen ............................................................ 25 Oksygen som medisin ................................................................................... 26 Storsatsing på pasienttryggleik ............................................................... 30 Skal byggje framtidas lokalsjukehus ...................................................... 34 Småstoff ............................................................................................................. 35 Milliardar til dei minste ............................................................................... 36

...22

...18

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

3


Småstoff

16.000 personar får hjerneslag i år. Lamming i ansikt eller arm? Forstyrring i språk eller tale?

ring 113! Éin nettstad – all helseinfo

Colourbox

Fire av fem nordmenn leiter etter helseopplysningar på Internett. Der finn dei mykje rart. Storsatsinga helsenorge.no skal rydde nasjonal veg i informasjonsjungelen. Den nyopna nettstaden tek mål av seg til å bli ein elektronisk inngangsportal til all helseinformasjon og alle helsetenester i landet. Eit Altinn for Helse-Noreg, rett og slett. Sjølvbeteningsfunksjonane ”Mine egenandeler” og ”Mine vaksiner” blei nyleg sette i drift, snart følgjer mange fleire.

Helse i 2002 – 2012 – og 2020 Rekn med festtalar og debattar, dei lange linjer og enorme tal når helsereforma i 2012 rundar ti år. Med sjukehusreforma i 2002 blei alle sjukehusa i landet organiserte i helseføretak, eigarskapen blei flytt frå fylkeskommunar til staten. Sidan har ventetidene gått kraftig ned, korridorpasientane blitt langt færre, og behandlingstilbodet langt større. Mang ein peikepinn om utviklinga dei neste ti åra er å finne i Helse2020, strategiplanen for sjukehus­utviklinga framover.

4

helse i vest • Nr. 1 / 2012

DEN GONG DÅ: Hundre år er gått sidan Haukeland sjukehus i Bergen blei offisielt opna. Til høgre i biletet ser vi det gamle hovudbygget. Foto: Olav Svanøe

Haukeland i hundre 17. januar fyller Haukeland universitetssjukehus 100 år. Jubilanten feirar gjennom heile 2012. Festframsyning, revy, foredrag, stands, bokprosjekt og eigne jubileumsnettsider: 2012 blir eit hektisk år for 100-åringen Haukeland. – Jubileumsåret blir langt, og både medarbeidarar og folk flest får høve til å feire jubilanten, seier kommunikasjonsdirektør Mona Høgli. – Dessutan har vi to bokprosjekt i samband med jubileet. Først ut er ei portrettbok ført i pennen av Eduardo ”Doddo” Andersen. Fotograf Oddleiv Apneseth tek bileta. Det andre bokprosjektet rekk berre å starte opp i jubileumsåret. Forskarar frå Universitetet i Bergen skal ta for seg utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet med utgangspunkt i Haukeland. Forskinga skal munne ut i to bøker i 2015. I vinter gir Haukeland òg ut ei jubileumsutgåve av magasinet Hospitalet, som blir sendt alle innbyggjarane i Helse Bergen-området. Oppdatert program for jubileumsåret ligg ute på www.helse-bergen.no

752.100 munnbind

blei brukte (og kasta!) på vestlandske sjukehus i 2010 – om lag eitt munnbind per vestlending.


Gir hjelp etter mobbing

Colourbox

Om lag 2000 arbeidstakarar blir truleg sjuke etter konfliktar på arbeidsplassen kvart år. No kan dei få hjelp i Bergen.

Nils Magerøy

Tal frå Arbeidstilsynet syner at mange blir sjuke av mobbing, konfliktar eller seksuell trakassering på arbeidsplassen. Sidan i haust har Haukeland universitetssjukehus gjennom eit pilotprosjekt hatt tilbod om behandling for folk som opplever dette. – Vi er den einaste staden i Norden med eit slikt tilbod i det offentlege helsevesenet. Foreløpig tek vi imot pasientar frå heile landet, seier prosjektleiar Nils Magerøy i Jobbfast. Han fortel at pasientane som kjem til Jobbfast ofte er deprimerte og kan ha symptom som minner om posttraumatisk stressliding. Etter tilvising frå lege får desse pasientane komme til Haukeland i tre dagar for utgreiing og rehabilitering. I etterkant får dei vidare oppfølging gjennom den tilvisande legen. – Pasientane er svært nøgde med at dei får høve til å fortelje historia si, seier Magerøy. Les meir på www.helse-bergen.no

100.000 Blodig omsorg

Colourbox

Ein klem, nokre venlege ord – eller ei uventa gåve. Det finst mange måtar å vise omsorg på. Ein ypparleg måte å vise at ein bryr seg om menneske utanfor den nære krinsen, er å gi blod. Blodbankane har alltid behov for fleire blodgjevarar. Ved større ulukker risikerer dei å gå tome for blod, transport frå andre sjukehus stel verdfull tid. Gi litt av ditt! Informasjon finn du på www.giblod.no

trespatlar blir kvart år lagt på pasienttunger ved sjuke– husa på Vestlandet. Det svarer til eit halv tonn ispinnar.

Grøn kickstart Pangstartar og kick offs er sjeldan vare i ei sjukehusforvalting med stabil drift og langsiktig tenking som rettesnor. Prosjektet ”Grønt sjukehus” er unntaket. For nokre veker sidan gjekk startskotet for arbeidet med å miljøsertifisere alle helseføretaka i landet i form av ein kick off-konferanse i regi av Helse Vest. Målet for satsinga er langsiktig – og berekraftig – nok: å innføre ein føre var-praksis ved alle norske sjukehus som minimerer belastinga på miljøet og klimaet ved innkjøp, drift, bygg og transport. Les meir på www.grontsjukehus.no

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

5


REKRUTTERING

Full rulle! I eit raskt aldrande Noreg kastar sjukehusa på Vestlandet seg inn i kappløpet for å rekruttere kompetansen som skal gi framtidas helsetilbod. Tekst Linn Herredsvela, Arne Eithun og Bernt Eirik Rød Foto Svein G. Lunde, Olav Reiakvam og Monica Larssen

Innan 2030 vil Noreg trenge meir enn 40 000 nye helsefagarbeidarar. I Helse Stavanger tek lærlingane rekrutteringsjobben sjølve. Gjennom korridorane på Stavanger Universitetssjukehus rasar Lisa Adsem (21) hoiande forbi i ei trillevogn – skyvd framover av ung arbeidskraft med knapp tid: Rekrutteringspatruljen skal fram! Knallhard konkurranse. Medan ein aldrande befolkning krev at sjukehusa møter dei med dyktige medarbeidarar, har spesialist­ helsetenesta i byar og distrikt ei kjempeutfordring med å rekruttere nødvendig kompetanse. I dei store byane er helsefagarbeidarar og sjukepleiarar mangelvare, distrikta skrik etter legespesialistar. Overalt er det ei utfordring å fylle drifts­ stillingane som ikkje krev kvite frakkar. Medan nokre avdelingar lykkast med offensive grep, slit andre hardt med å heve stillingsprosenten og sikre etterveksten. I denne reportasjen møter du dei.

Unikt tiltak. – På sjukehuset er du med på heile løpet. Du er der når pasientane kjem inn, og du hjelper dei til å bli så friske at dei kan dra heim eller tilbake til sjukeheimen, ivrar aspire­ rande helsefagarbeidar Lisa Adsem på Stavanger universitetssjukehus. 21-åringen har tidlegare arbeidd ved apotek og i kommunehelsetenesta. Halvvegs ut i læretida på to år har ho erfart at sjukehuset er den mest givande arbeidsplassen for ho. Akkurat

6

helse i vest • Nr. 1 / 2012

Storbyen Rekrutteringsutfordring: Helsefagarbeidarar Døme på tiltak: • Inntak av 25 lærlingar kvart år • Rekrutteringspatrulje på besøk hos skuleelevar • Hospitering for skuleelevar • Opplæringskontor ansvarleg for mange rekrutteringstiltak

den innsikta som Stavanger Universitetssjukehus ønskjer å fremje. Gjennom Opplæringskontoret – det einaste i sitt slag i Helse-Noreg – pleier sjukehuset ungdommen som etter kvart skal pleie pasientane. Kontoret tilset nye lærlingar, følgjer opp lærestaden, støtter instruktørar og lærlingar og arrangerar yrkestevlingar. Men i ”Aksjon helsefagarbeidar” er det ungdommen sjølv som gjer rekrutteringsjobben – med eigen patrulje på konstant utrykking. – Lærlingane patruljerar ut til alle ungdom­ skular og vidaregåande skular. Oppdraget er å fortelje korleis det er å vere lærling her på sjukehuset, seier opplæringsleiar Ester Waldeland.

Billeg investering. Kvar enn fylkesordførar Janne Johnsen i Rogaland går, har ho med seg ei liste med namn på elevar som manglar lærestad. Ho reklamerer for elevane når ho kan – i håp om at offentlege verksemder og private bedrifter skal opprette fleire læreplassar. – Det er eit tankekors at ungdom står i kø for å utdanne seg, men at mangel på læreplassar hindrar at fleire går ut i arbeid, seier Johnsen. Som politisk leiar for fylkeskommunen har ho ansvaret for utdanningstilbodet i den vidaregåande skulen. – Talet på læreplassar i bedriftene bestemmer talet på skuleklassar. Vi kan ikkje opprette nye klassar før vi er sikre på at elevane får fullført utdanninga, seier Janne Johnsen. ”Rimeleg” arbeidskraft. Med 50 lærlingar har universitetssjukehuset i Stavanger fleire lærlingplassar enn noko anna sjukehus i landet. Fylkesordføraren roser satsinga, men meiner at også universitetssjukehuset må opprette fleire læreplassar dersom helsevesenet skal vinne fram i kampen om nye medarbeidarar. – Eg forstår ikkje kvifor helsetenesta ikkje prioriterer lærlingar høgare. Behovet for nye medarbeidarar og viljen til å utdanne helsefag­ arbeidarar samsvarar dårleg, meiner Johnsen, og peiker på manglande kunnskap og frykt for høge kostnader som årsaker til vegringa mot å ta inn lærlingar. ▶


I POSE OG SEKK: Lærling Lisa Adsem (i blå pose) og rekrutteringspatruljen rykkjer ut til alle skular med helsefagarbeidarar under utdanning. Ann Cathrin Hole (frå venstre), Lene Harbo, Merethe Watne og Wenche Hov har lovorda klare for å fange framtidige kollegaer.


2

1

3

KRAFTTAK: Gjennom ”Aksjon helsefagarbeidar” motiverar lærlingane i rekrutteringspatruljen (bilete 1 og 3) helsefagstudentar med historier frå Stavanger Universitetssjukehus. Lærlingane får tett oppfølging frå Inga Landsvik (til høgre på bilete 2) frå Opplæringskontoret – også det eineståande i landet i sitt slag.

– Å sysselsetje ein lærling kostar i underkant av 100 000 kroner i året. Det er ikkje dyrt.

Fatta – og litt interessert. – Samanlikna med kommunehelsetenesta får vi jobbe med fleire typar sjukdommar på sjukehuset. Pasientgruppa er meir variert, og vi lærer å setje eigne grenser, reklamerer Lisa Adsem. Som ein av åtte lærlingar i rekrutterings­ patruljen har 21-åringen i haust besøkt ungdoms­skoleelevar i 10. klasse. – Vi fortel om korleis ein blir helsefagarbeidar, og kva yrket går ut på. Så pratar vi om høvet til vidareutdanning, og kvifor vi sjølve har valt dette yrket, seier Adsem. At responsen er noko forsiktig, meiner Adsem har med publikum å gjere. – Til no har vi berre besøkt ungdomsskular. Der er dei så sjenerte. Det blir få spørsmål. Men fleire av gutane vaknar litt når vi fortel om psykiatrien. Det er nok litt annleis enn kva dei først tenkjer om helsefagarbeid, seier Adsem. Opplæringskontoret ser på si side ei klar effekt av arbeidet patruljen gjer.

8

helse i vest • Nr. 1 / 2012

– Når vi tek inn nye lærlingar, fortel fleire at dei fekk lyst til å søkje etter at rekrutterings­ patruljen hadde vore på besøk, seier Waldeland. Stavanger Universitetssjukehus stiller òg med praksisplassar for elevar som går helsearbeidarfag på vidaregåande. – Elevane blir motiverte til å halde fram med utdanninga etter at dei har vore i praksis, mange av dei søkjer lærlingplass ved sjukehuset seinare, seier Waldeland.

Bonuslæring. Deltakinga i rekrutterings­ patruljen har gitt Adsem ny erfaring som er nyttig langt utanfor helsefag. Før dei reiser rundt til skulane, blir ungdommane kursa i korleis dei skal snakke til større forsamlingar. – Eg har alltid vore så nervøs for å snakke framfor folk, men på kurset lærte vi å tore å bli ledd av, fortel Adsem: – Vi lærte å gi alt! Inga dum ballast i kampen om dei varme hendene.

Dei heimvendte hjelparane Helge Hagen var nær åleine i sitt slag. Året var 1994, og den nyleg spesialiserte overlegen kom heim til øyre-nase-hals-avdelinga ved Førde sentralsjukehus som einsleg svale. Alle kollegaene hans var henta inn på korte vikariat frå inn- og utland. Lite heldig når målet er å oppretthalde stabile og velfungerande fagmiljø. Med Helge Hagen flytta løysinga på problemet heim. Spesialist + distrikt = sjeldan vare. For sjukehus i Distrikts-Noreg er rekruttering av høgt utdanna legespesialistar ofte ei stor og vedvarande utfordring. Ved sjukehuset i Lærdal har mange faste legeheimlar blitt fylte med vikarar i fleire år. Noko av det same utfordringsbilde ser ein både i Odda og på Nordfjordeid. Helseføretaket Helse Førde åleine har sett seg nøydd til å hente inn 300 utanlandske helsearbeidarar, brorparten overlegar.


DREAM TEAM: Medan utkantsjukehus flest slit med svingdørvikarar, har avdelingsoverlege Helge Hagen (til venstre) på Førde sentralsjukehus rekruttert eit reint lokallag. – Får du tre spesialistar til å flytte heim, er det lettare å få med den fjerde, seier han. Mari Furnes, Einar Solheim, Ola Arne Hjelle og John Arthur Kvamme er bevis på det.

– Erfaring viser at sjansen for å få stabil arbeidskraft er størst med helsepersonell som har tilknyting til staden, seier Helge Hagen, i dag avdelingssjef ved øyre-nase-hals-avdelinga (ØNH) i Helse Førde: – Derfor stimulerer vi aktivt kandidatar med lokal bakgrunn til å vende heim. Rekrutteringsarbeidet som er gjort ved ØNH på Førde sentralsjukehus, er suksesshistoria som viser at det er mogleg å lykkast. Avdelinga skiltar i dag med fem lokale ”fjogningar” på laget. Tru ikkje at det er tilfeldig.

Borte bra, heime best. Eit nytt tusenår nærma seg, på sentralsjukehuset i Førde spann Helge Hagen åleine rundt som fast tilsett spesialist. Arbeidspresset var enormt, vaktene mange. Men i tunnelen skimta han lys. – Eg hadde to lokale kollegaer på veg mot ferdig spesialisering. Sidan har eg greidd å få tilbake endå to til. Det er tidkrevjande, men rekrutteringstrykket må nok setjast inn lokalt, seier avdelingssjef Hagen.

DISTRIKTA Rekrutteringsutfordring: Få tak i spesialiserte legar i faste stillingar Døme på tiltak: • Kontakte turnuskandidatar med lokal bakgrunn • Hospitere lokale legestudentar • Samarbeide tett med større sjukehus • Gi stipend for spesialisering med bindingstid lokalt

Metoden er å søkje aktivt blant turnuskandidatar og invitere aktuelle personar til hospitering. Det hender òg at Hagen får tips om kandidatar. – Det har vore viktig for rekrutteringsarbeidet at vi har kunna tilby eit fagleg tilfredsstillande nivå og eit godt arbeidsmiljø. I dag kan Hagen og avdelinga hans skilte med noko så unikt som full lokal dekning. Faget

har dei fem overlegane frå Sogn og Fjordane lært ein annan stad.

Takk, Haukeland! – Konkurransen frå dei større sjukehusa er stor, men godt samarbeid med Haukeland og Helse Bergen sikrar legane våre rask ferdigstilling av spesialiteten der, seier overlege Hagen. Helse Førde har på si side følgd opp med å gi legane spesialiseringsstipend – og gevinsten for helseføretaket er bindingstid hos dei når legane er ferdig spesialiserte. Då Mari Furnes for kort tid sidan kom heim som den femte lokale legen på øyre-nase-hals-avdelinga, blei endå eit kapittel skrive i suksessoga til Helge Hagen: – Eg er stolt over å leie ei avdeling med berre kollegaer frå fylket, som alle satsar på ei karriere her. At vi òg har klart å rekruttere ei dyktig og lokal kvinne hit, er veldig kjekt, avsluttar Hagen, glad for ikkje å vere fullt så eineståande lenger. ▶

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

9


REKRUTTERING

Kvar arbeidsdag er variert og spennande. Når eg kjem heim føler eg alltid at eg har gjort noko godt, at eg har hjelpt nokon. Edel Susanne Hetland helsefagstudent i verdstoppen som draumer om 100 prosent stilling

Fekk halve draumejobben

Dei nyutdanna

Dei gjekk heilt til topps i noregsmeis-

Døme på tiltak:

terskapen. Så blei dei jammen nordiske meistrar. Vann bronse i europameisterskapen. Og den store finalen: sjetteplass i WorldSkills, verdsmeisterskapen for helsefagarbeidarar. Slik forklarer venninnene Edel Susanne Hetland og Solbjørg Byberg frå Egersund korleis dei har nådd den absolutte verdstoppen innanfor faget sitt. – Vi er omsorgsfulle og gode på kommunikasjon. Vi viser respekt og er medvitne på at vi ikkje berre skal gjere ein jobb, men sjå menneska vi skal hjelpe.

Variert og spennande. Så til baksida av medaljen: Byberg bur og er godt etablert i Egersund, der ho har kapra draumejobben. Det vil seie halve draumejobben. I nærleik av bustaden var det Lundeåne Bo- og Servicesenter som kunne tilby helsefagarbeidaren i verdstoppen den største stillingsbrøken: 53 prosent. – Det går ein liten periode, men eg er avhengig av høgare stillingsprosent om eg skal kunne halde fram, konstaterer Byberg.

Vil jobbe fullt. Venninna Edel Susanne Hetland er lærling ved psykiatrisk avdeling ved Stavanger Universitetssjukehus. I august neste år står ho høgst sannsynleg med fagbrevet i handa. Også for henne er draumen ei fast 100 prosent stilling i helsevesenet. – Kvar arbeidsdag er variert og spennande. Når eg kjem heim, føler eg alltid at eg har gjort noko godt, at eg har hjelp nokon. Sjølvsagt er

10

helse i vest • Nr. 1 / 2012

Rekrutteringsutfordring: Ung kompetanse får ikkje full stilling Sjukehusa på Vestlandet her gjort ei omfattande kartlegging, der medarbeidarar som ønskjer seg større stillingsprosent kan melde inn dette for å finne løysingar.

det opp- og nedturar, men det er her eg har lyst til å jobbe. Byberg og Hetland er tydelege på korleis dei meiner helsevesenet best kan ruste seg i kampen om flittige hender og kloke hovud: – Det må bli enklare å få heile stillingar. Eg er veldig nøgd med jobben min, men dersom eg hadde visst at det skulle bli så vanskeleg å få 100 prosent stilling, er eg ikkje sikker på om eg hadde valt denne utdanninga, seier Byberg.

Helse vs. olje. På Helse Vest sitt hovud­ kontor på Forus i Stavanger sit personal- og organisasjonsdirektør Hilde Christiansen. I nabolaget er stordelen av norsk oljeindustri lokalisert, med avgreiningar til store delar av Vestlandet. Ei næring som lokkar nye medarbeidarar med høg løn, stimulerande arbeidsoppgåver, masse ressursar og solid status. Christiansen tek utfordringa: – På sjukehusa går utviklinga så rasande fort, oppgåvene er så banebrytande, stimulerande og mangfaldige at stillingane burde vere attraktive for toppstudentar over heile fjøla, innanfor mest alle fag.

– Og? – Vel, utfordringa vår er å få denne informasjonen ut.

Fostrar ambassadørar. For eit par år sidan drog Helse Vest i gang ei brei satsing for å rekruttere ”dei rette medarbeidarane til dei rette oppgåvene”. Som Christiansen påpeiker: – Sjukehusa treng mykje større kjede av kompetanse enn dei fleste er klar over. Frå spesialiserte helsearbeidarar i kvitt til spesialiserte driftsteknikarar i blått. Og: – Sjølv om sjukehusa får tak i alle spesialist­ legane og helsefagarbeidarane dei måtte ønskje, kjem vi aldri i mål om vi ikkje løyser oppgåvene på ein betre måte i framtida. Om utviklinga får halde fram som no, vil helsevesenet i 2034 ha behov for å sysselsetje kvar tredje elev som går ut av ungdomsskulen. I dag går kvar sjette elev same veg. Ein del, som dei to verdstoppane frå Egersund, tel altså på knappane fordi stillingsprosenten er ufrivillig låg. – Vi ønskjer oss fleire medarbeidarar i full stilling på sjukehusa, noko vi legg stadig betre til rette for, held Christiansen fram: – Samtidig veit vi at talet på medarbeidarar som ønskjer å auke stillingsprosenten sin heldigvis ikkje er større enn at problemet let seg løyse. Og: – Den verkeleg store testen på kor attraktive sjukehusa er, er i kor stor grad vi klarer å utvikle medarbeidarane vi allereie har.


10

sjukehus ligg i helseregion Vest:

i Stavanger, i Haugesund, på Stord, i Odda, to i Bergen, på Voss, i Førde, i Lærdal og på Nordfjordeid.

VERDSTOPPAR OG KVARDAGEN: I verdsmeisterskapen for helsefagarbeidarar (øvste biletet) kom Solbjørg Byberg på sjette plass. I arbeidskvardagen har ho og lagvenninna Edel Susanne Hetland (under) andre utfordringar: – Det må bli enklare å få heile stillingar.

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

11


kontrastmammografi

Set kontrast på livet – Eg vil anbefale alle som får tilbodet, å takke ja, seier Tone Marie Strand. Pionermetoden kontrastmammografi gir legane betre bilete og pasienten meir presis behandling. Tekst Linn Herredsvela Foto Svein G. Lunde

Kontrastmammografi • Kontrastmammografi er ein ny diagnostiseringsmetode innanfor mammografi. • Kontrastvæske blir sprøytt inn i blodet og gjer det lettare å oppdage kreftsvulstar. • Stavanger er det første sjukehuset i Skandinavia som tek metoden i bruk. • Forutan mammografi nytter ein ultralyd og MR i diagnostisering av brystkreft.


88 %

av alle kvinner som får brystkreft, lever fem år etter at dei fekk diagnosen.

Etter mange hektiske år som journalist bestemte Tone Marie Strand (53) seg for å gjere noko heilt anna. Saman med familien flytta ho inn i eit 200 år gammalt hus på Moi, starta to butikkutsal og nettbutikk og kalla livsstilskonseptet ”Det gode liv”. Sjølv skulle ho leve det til fulle. Så, den siste oktoberdagen i 2011, fekk Strand den tunge beskjeden: Du har kreft. Kvinnefiende nr. 1. 2800 kvinner i Noreg får brystkreft kvart år. Kreftforma er den klart mest vanlege i den kvinnelege halvdelen av befolkninga, med nær kvart fjerde krefttilfelle. Ei av tolv kvinner utviklar brystkreft i løpet av livet. – Men dersom brystkreft blir oppdaga på eit tidlig stadium, er sjansen for å bli frisk større, seier seksjonsoverlege Barbro Furebotten Iversen ved Brystdiagnostisk senter på Stavanger universitetssjukehus. Som første sjukehus i Skandinavia og det sjuande i Europa starta Stavanger universitetssjukehus sist haust det nyte diagnostiseringstilbodet kontrastmammografi. Formålet er å få eit betre bilete av svulstane – noko som gir pasienten betre og meir presis behandling. Men det har dukka opp nokre utfordringar undervegs. – Dette er heilt nytt for oss som arbeider her òg. Vi har lese teori og sett bilete, men har ikkje brukt metoden sjølve tidlegare. No sankar vi erfaring, seier Furebotten Iversen, som får god hjelp frå takksame testpasientar.

Sjekk deg for brystkreft! Symptoma: • Kul i brystet som ikkje forsvinn eller blir mindre i løpet av nokre veker • Søkk i huda på brystet • Brystvorte som trekkjer seg innover og ikkje lèt seg trekkje ut, eller som peiker i ei anna retning enn vanleg • Væsking frå brystvorta – heilt blank eller blodblanda væske • Kul i armhola eller på halsen • Sår som ikkje gror • Eksem, raud hud med auka varme eller andre forandringar på brystet/ brystvorta

Les meir på www.kreftforeningen.no.

Jaktar svulst på bilete. Friske bryst inneheld kjertelvev, feittvev og støttevev. Ved sjukdom er utfordringa å oppdage svulstar i dette vevet. Det trengst for å kunne stille presis diagnose og byrje tilpassa behandling. – Når vi sprøytar kontrastvæske inn i blodet, blir det teke opp meir kontrast i ein vondarta svulst enn i normalt kjertelvev. Når vi så tek mammografibilete, er det mykje lettare å finne og vurdere eventuelle kreftsvulstar, forklarer seksjonsoverlege Barbro Furebotten Iversen. Mammografibileta blir først tekne både med og utan kontrast. Så blir dei to eksponeringane lagde oppå kvarandre. Det normale kjertelvevet blir viska ut, og vev med mykje kontrast viser godt. Så kan jakta på svulsten byrje. Omfamnar teknologien. Då Tone

Spente dagar. Kreft. Eit skremmande ord, også for Tone Marie Strand. Ho som hadde sett fram til å kose seg i det gamle huset på Moi saman med barna og barnebarna. Men med ein slik diagnose gjekk tankane til døden. Elleve dagar etter den vonde beskjeden var Strand på undersøking med såkalla trippeldiagnostikk: undersøking med mammografi, ultralyd og biopsi. Seks fagpersonar var til stades. To timar etter undersøkinga fekk Strand den overraskande meldinga: Du har sannsynlegvis ikkje kreft likevel. Men ho hadde då visseleg fått påvist fleire symptom?

Marie Strand fekk vite at ho ikkje hadde brystkreft likevel, undra ho over kva symptoma hennar då skreiv seg frå. Forklaringa viste seg å vere ein godarta svulst som var så stor at det eine brystet hadde sprokke. I tre dagar venta ho spent på resultata frå ein utvida test. Så kom orda ho aller helst ville høyre: Du har ikkje kreft, berre ein betennelse. Ei knapp veke etter den gode nyheita er Strand tilbake på sjukehuset i Stavanger. Denne gong for å la seg undersøkje som testpasient for nystarta kontrastmammografi. Strand var aldri i tvil om å stille opp. ▶


kontrastmammografi

Blir brystkreft oppdaga på eit tidlig stadium, er sjansa for å bli frisk større. Barbro Iversen Furebotten seksjonsoverlege ved Brystdiagnostisk senter på Stavanger universitetssjukehus

FINN ÉIN FEIL: – Blir brystkreft oppdaga på eit tidleg stadium, er sjansen for å bli frisk større, seier seksjonsoverlege Barbro Furebotten Iversen. På dataskjermane er biletet til venstre teke med kontrastmammografi. Framskrittet er at sjukt vev kjem tydelegare fram fordi det friske vevet blir ”viska bort”.

– Eg meiner vi må omfamne all teknologi. Det er den som gjer at vi kan få livet i gåve igjen. Eg vil anbefale alle kvinner som får tilbodet, å takke ja. Blir brystkreft oppdaga på eit tidlig stadium, kan ein hindre spreiing og langvarig behandling.

Ein sensasjon. Talet på overlevande etter brystkreft er aukande; ni av ti kvinner lever fem år etter at dei fekk diagnosen.

14

helse i vest • Nr. 1 / 2012

Forutan mammografi nyttar ein ultralyd og MR-skanning for diagnostisering. Mammografi er rimelegast, har kortare køar og gir få biverknader. Studiar peiker òg mot at kontrastmammografi kan gi færre falske funn. Med dei meir nøyaktige bileta ein no får med nyutvikla kontrastmammografi, blir det lettare for kirurgen å bestemme operasjonsmetode. For pasienten kan det bety at ein unngår å måtte operere fleire gonger. I enkelte tilfelle

kan kontrastbileta avgjere om brystet blir fjerna eller ikkje. – Kontrastmammografi er likevel ikkje meint som erstatning for MR, berre som supplement, understrekar seksjonsoverlege Furebotten Iversen. Tone Marie Strand er langt meir offensiv: – Dette tilbodet er sensasjonelt!


– GRIP DAGEN! – Du innser at det ikkje er dei store hendingane i livet som tel, men kvardagen, seier Tone Marie Strand. Sjølv om ho viste seg å vere kreftfri, fekk Strand ei tøff erfaring dei dagane då ho trudde ho hadde brystkreft. – Å vente på avklaring er det verste. Det er ventinga som tek knekken på folk. Det gjeld ikkje berre deg sjølv, men heile familien. Til gjengjeld blei Strand mektig imponert over møtet med sjukehusmedarbeidarane. – Teamet her er heilt fantastisk! Eg har lenge jobba som helsejournalist, og ikkje alt eg har sett, har vore like bra. Men her viser folk medkjensle og er fagleg dyktige. Det smittar. Eg blir roleg når eg ser at dei veit kva dei driv med. Nett kva ein som pasient treng i ein slik situasjon. No nyt Strand endeleg livet i det gamle huset på Moi. Eit liv som har fått, vel, fleire kontrastar: – ”Carpe diem” er ein klisjé, men det er likevel heilt sant, seier ho: – Grip dagen, for livet kan forandre seg på eit augeblikk.

NY START: Tone Marie Strand (til høgre) opplever kvardagane annleis etter at ho først fekk ein kreftdiagnose – og sidan kontrabeskjed.

20-dagarsregelen skal oppfyllast I fjor sommar lova statsminister Jens Stoltenberg at behandling av pasientar med kreft skal starte seinast 20 arbeidsdagar etter at sjukehuset har fått tilvisinga. Målet er at det skal gjelde minst 80 prosent av pasientane. Lengre ventetid skal berre aksepterast når utgreiinga er særleg komplisert. – Løftet til Stoltenberg er ei formidabel utfordring som krev radikal omorganisering ved sjukehusa, slår fagdirektør Baard-Christian Schem i Helse Vest fast. Samtidig ser Schem innføringa av 20-dagarsregelen som ein unik sjanse til å lage løysingar med overføringsverdi til heile spesialisthelsetenesta. Ei stadig eldre befolkning og endra sjukdomsbilete vil uansett krevje betre og meir effektive rutinar. Baard-Christian Schem fagdirektør

nordmenn enn noko gong blir råka av sjukdommen. Kvart år får nærmare 30 000 diagnosen. Det positive er at stadig fleire overlever sjukdommen, og om lag 200 000 nordmenn lever i dag vidare etter minst éin kreftdiagnose. Tal frå Norsk pasientregister viser at sjukehusa i Noreg framleis har ein veg å gå før målet i 20-dagarsregelen er nådd. Det gjeld òg for sjukehusa i Helse Vest. – Men vi er nær ved å oppfylle kravet både når det gjeld brystkreft og tjukktarmskreft, seier Schem, og summerer opp slik: – Vi er på rett veg, men har likevel store oppgåver framfor oss.

Når det gjeld kreft, er situasjonen i dag at fleire

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

15


Colourbox

SAMHANDLING

Ser lyset – slepp reisevegen Flytting av spesialisthelsetilbod ut i distrikta sparer pasientar og samfunn for store ressursar. – Eg gliste resten av dagen då eg høyrte at eg kunne få lysbehandling så nær heimen, fortel Anne Lise Birkeland. Tekst og foto Finn Ove Njøsen

I kroken på Hyllestad legekontor stråler ei to meter høg lysfontene. Er vi vitne til eit under? Ei openbaring? For lokale pasientar som slepp den lange og keisame køyreturen til sentralsjukehuset i Førde, er svaret faktisk ja. Antitidsklemme. Mange hudpasientar i Sogn og Fjordane har fått ein heilt annan kvardag etter at Helse Førde plasserte ut lyskabinett og lyskam for lokal behandling ved to legekontor i fylket. Ein av dei er Anne Lise Birkeland, som i ti år har argumentert for å få lysbehandling til Hyllestad. Ho har ofte måtta ta ut sjukmelding på grunn av tre timar køyring til og frå behandling ved Førde sentralsjukehus. Fleire av pasientane ”Helse i vest” har snakka med, fortel at reiseavstandane og tidvise sjukmeldingar gjorde at dei vegra seg mot å ta behandling. Resultatet var at hudplagene blei verre. No er mange hamna i same heldige situasjon som Anne Lise Birkeland: – Reisetida? Den er korta ned til eit kvarter.

16

helse i vest • Nr. 1 / 2012

KORTREIST: Eirik Dale Salbu (4) har køyrd sju minutt til lokal lysbehandling. Tidlegare måtte han og mor Gro Sissel Dale sitje heile dagen i bil.

Nye lokaltilbod. For sjukehusa er flytting av behandlingstilbod ut i distrikta sunn fornuft. Med raskt aldrande befolkning og ung

kommunikasjonsteknologi er omkvedet at ein skal desentralisere sjukehusbehandlingar der behandlingskompetansen og pasientgrunnlaget finst lokalt. I kommunane Gulen og Hyllestad har lokale sjukepleiarar gjennomført opplæring ved hudpoliklinikken ved Førde sentralsjukehus. No driftar dei lyskabinett og lyskam ved to kommunale legekontor. Utstyret er identisk med det ein finn på sentralsjukehuset i Førde, og avdelingsoverlege Øystein Vatne meiner det vil bli mogleg å behandle inntil 30 pasientar i veka med dei nye tilboda. Frå pasientane er reaksjonane udelt positive. – Eg får akkurat same behandlinga her på legekontoret som eg før måtte køyre heilt til Haukeland for å finne, fortel psoriasispasient Vibeke Austgulen. Medan ho tidlegare måtte ta ut ein heil dag med sjukmelding fleire gongar i veka for å køyre til det ”avsidesliggjande” universitetssjukehuset i Bergen, er kvardagen totalt annleis no: – Bilturen til legekontoret på Eivindvik tek ein halvtime.


Til sjukehuset via cyberspace

Legekontora i Hyllestad og Gulen har forutan utstyr for lysbehandling fått installert videostudio. Teknologien gjer at sjukepleiarar og legar kan kommunisere tett med hudavdelinga i Helse Førde. – Vi diskuterer behandling, og i nokre tilfelle kan vi òg greie ut pasientar på dette viset. Videoutstyret held veldig høg kvalitet, fortel avdelingsoverlege Øystein Vatne (til høgre på bilete). – Utstyret er heller ikkje dyrt, følgjer Jon Erik Schei ved medisinsk-teknisk avdeling i Helse Førde opp: – Alt som trengst, er ein flatskjerm og eit høgoppløyseleg kamera. Kvart videostudio kostar oss kring 50 000 kroner totalt.

Helse Vest rår

3 ambulanse­ helikopter, 95

over

ambulansar og

5 ambulansebåtar.

For smårusk å rekne samanlikna med samfunnskostnaden ved å tvinge pasientar til å ta ut sjukemelding for å køyre den lange vegen til sentralsjukehuset i Førde.

Nærare og tryggare med samhandling Ei av dei mest omfattande helsereformene noko sinne tok til å gjelde frå årsskiftet. Samhandlingsreforma skal sikre pasienten størst mogleg nærleik til behandlingstilbodet.

Prisar utilsikta samhandling Dei tok mål av seg til å gjere lidingane til pasientane mindre – og enda sjølv opp med å samarbeide betre: Då ymse faggrupper ved Haugesund sjukehus arbeidde i lag for å betre operasjonsmetoden for å setje inn hofteprotese, var ein utilsikta bieffekt at samhandlinga mellom dei ulike avdelingane og fagmiljøa blei kraftig betra. Prosjektet er kalla fast-track team. Den nye operasjonsmetoden inneber at kirurgen går inn i hofta ein annan stad enn før, slik at musklane blir mindre påverka av inngrepet. Prosjektteamet kan dokumentere at liggjetida på sjukehuset blei halvert; faktisk kjem pasientane seg på beina alt same dagen som operasjonen. Faren for infeksjonar er òg redusert. Nyleg blei teamet bak prosjektet heidra med kvalitetsprisen for Helse Fonna, tett følgd av sjukehuskollegaer som hadde betra rutinane for grupper av kreftpasientar (biletet). Dag Rune Sjøen, lege i spesialisering og leiar for kvalitetsprosjektet, er klar på kva prispengane på 20 000 kroner skal gå til: – Vidare arbeid – og teambuilding!

Fleire oppgåver som tidlegare låg til spesialisthelsetenesta, blir derfor overførte til kommunane. Målet er at pasientar skal få behandling så nært heimen som mogleg, gjerne i heimen. Forsking viser nemleg at pasientar blir raskare friske og kjem seg fortare tilbake til normalt funksjonsnivå heime i eigen bustad. Spesialisthelsetenesta og mange kommunar har førebudd seg godt for å møte samhandlingsreforma. Eit godt eksempel er prosjektet «Jordmor heim», eit samarbeid mellom Helse Bergen og Fjell kommune. Målet er at mor og barn skal få reise heim frå sjukehuset så snart som mogleg etter fødselen. Jordmødrer tilbyr oppfølging i heimen. Statistikken viser at heile 35 prosent av dei nybakte mødrene som deltok i prosjektet, var heime saman med barnet under eit døgn etter fødselen. Gjennom samhandlingsreforma vil kommunane gradvis få større ansvar for å tilby innbyggjarane stadig fleire helsetenester. I år vil kommunane bli tilført over 5,6 milliardar kroner ekstra frå staten for å bli i stand til å løyse oppgåver som følgjer med samhandlingsreforma.

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

17


PET-skanning

INN I DET UKJENDE Bli med på innsida av den mest strålande – og kostbare – diagnosemaskinen i Helse-Noreg: PET-skannaren på Haukeland. Tekst Sigurd S. Rønningen Foto Øyvind Blom


bildereportasje PET-skanning PET-skanning

VEN I NØDA: Isolert bak massiv betong, gøymt under Haukeland universitetssjukehus står eit monster på 20 tonn som er blitt mang ein kreftpasient sin ven. Syklotronen – eller partikkelakseleratoren på godt norsk – er maskina som produserer dei radioaktive isotopane som gjer at sjukehuset sjølv kan produsere radioaktive legemiddel for PETundersøkingar.

20

helse i vest • Nr. 1 / 2012

TUNG SATSING: Som første sjukehus i Noreg blei Haukeland i fjor godkjend for produksjon av radioaktive legemiddel. Byggjekostnadane for PET-senteret med strålingssikker bunker landa åleine på nær 200 millionar kroner. Syntesemodulen på biletet er sentral i produksjonen av det radioaktive legemiddelet som blir sprøyta inn i blodet til kreftpasienten. Gammastrålingar frå legemidlet blir så fanga opp i PETskannaren (biletet øvst på sida), og datamaskinar teiknar eit tredimensjonalt bilete av korleis legemiddelet har fordelt seg i kroppen.


Myter og fakta ”Mirakelmaskinen” PET er etterspurd, men nytten av diagnosemetoden er avgrensa: • PET er eit fantastisk verkty for å gi riktig diagnose og behandling til ein del kreftpasientar som allereie har fått påvist kreftsjukdom der svulstane er av ein type som tek opp dei radioaktive stoffa. • Men eit klart fleirtal av kreftpasientar vil ikkje ha nytte av PET, fordi mange kreftformer har svulstar med eigenskapar og spreiingsmønster som gjer enklare og rimelegare metodar betre eller like bra eigna. • PET er ikkje ein førstevals metode for tidleg påvising av kreft for menneske med symptom som kan skyldast ondarta sjukdom. • PET-skannaren i Bergen er eit regionalt tilbod. Dette betyr at det er den medisinske situasjonen som avgjer tilgang til PETdiagnostisering, ikkje kvar på Vestlandet pasienten bur. • Helse Vest har ansvar for å sørgje for at flest mogleg får tilgang til PET utan at det krev så mykje ressursar at det får uakseptable konsekvensar for andre pasientgrupper.

STRÅLANDE METODE: Kring 850 pasientar frå heile Vestlandet besøkjer i år den einaste PET-skannaren i landsdelen. Kapasiteten er likevel større enn etterspurnaden, og drifta er eit stort lyft for sjukehuset: Driftskostnadane for Haukeland er 16 millionar kroner – etter at inntekta frå diagnostisering er rekna inn.

KREVJANDE BLINKSKOT: Medan tradisjonell CT-skanning baserer seg på røntgenstrålar (biletet til venstre), bruker PET-skannaren stråling frå radioaktive isotopar. I kombinasjon gir PET/CT-bileta ein særs presis kreftdiagnostikk (til høgre). Bileta viser ein opplyst kreftsvulst i høgre lunga til pasienten. For sjukehuset er kvar skanning krevjande: På grunn av svært kort halveringstid tek produksjonen av radioaktivt legemiddel til først klokka fire natta før pasienten kjem – med fagfolk som Haukeland har måtta lære opp sjølve: Då arbeidet med PET-skannaren starta opp, fanst det ikkje slik kompetanse i Bergen. Foto: Illustrasjonsfoto.

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

21


Pasient

Takk, Torstein Skilnaden på ein tragisk slutt og ein verdig avskjed kan vere ein sjukepleiar. Tekst Sigurd S. Rønningen Foto Eivind Senneset

”I natt har vi lagt på Lunge post 3 for siste gang (…). I natt har jeg tenkt på hvor uendelig glad og takknemlig jeg er for tiden vi har hatt på denne avdelingen. I natt bestemte jeg meg for å fortelle historien om min bestefar, min familie og vårt møte med en gruppe fantastiske mennesker på Lunge post 3 på Haukeland Sykehus”.

Slik opnar brevet som sist haust sirkulerte høgt og lågt i Sjukehus-Noreg. Line Alvheim Elmore (33) skildra korleis ”det som i utgangspunktet er den verste tiden familien vår har stått i – har på grunn av de fantastiske menneskene på Lunge post 3 blitt en veldig fin og verdig tid”. No er ho for første gong tilbake på avdelinga der ho fekk vite at bestefaren skulle dø.

Servitør i særklasse. – Viss eit menneske som ligg for døden, har lyst på konjakk, så tenkjer eg: Gi no mannen ein konjakk. Torstein Sande er ein av fleire tusen sjukepleiarar på Haukeland. For Line Alvheim Elmore og familien hennar er han eineståande. Gjensynsklemmen med Sande, i brevet omtala som ”vår Torstein” er deretter: – Takk for at du gav oss så masse tid, på våre premissar, seier Alvheim Elmore: – Som familie fekk vi møte døden på same vis som vi har møtt alle andre hendingar i livet: saman. Solseng og tsar. Ein helsearbeidar skal ta seg av pasientar, typar som Torstein Sande tek seg av menneska. Då bestefaren til Line

22

helse i vest • Nr. 1 / 2012

Alvheim Elmore brått blei dødssjuk, frykta barna og barnebarna at dei ikkje ville få tid nok med familiehøvdingen. På Lunge post 3 blei dei møtt med vidopne dører. – Storfamilien vår flytta nærmast inn på avdelinga i lag med bestefar. Vi overnatta frå første dag, fortel Alvheim Elmore. Ei solseng tente som sovesofa for to, på dagtid var opptil åtte familiemedlemmer i rommet samtidig. Tårer på gangen, samtaler ved sjukesenga, hyppig allsong av bestefarfavoritten ”Min far var en venn av den russiske tsar”. For Lunge post 3 kunne det kan hende vore ønskeleg med noko mindre husvarme pasientar? – Tvert imot, seier Torstein Sande i brått alvor: – For avdelinga fungerte denne familien som ei slags fastvakt for bestefaren. Det gjer godt også for oss som arbeider her å vite at den dødssjuke ikkje ligg åleine der inne på eit gult, trist rom.

Fem gylne minutt. ”Min bestefar er den mest fantastiske mannen jeg kjenner”, skreiv Line Alvheim Elmore i brevet sitt. 21. oktober blei han gravlagd, følgd av takksame familiemedlemmer. Men langt frå alle pårørande er like heldige. Også lungeavdelinga post 3 har tidsklemmer og uverdige korridorsenger. – Dagane er supertravle. Så travle at når nokon brått tek til å snakke om døden, så er du på nippet til å svare at du ikkje har tid til å snakke om døden nett no, seier Torstein Sande.

BESTEFAR OG BESTEVEN: ”Min bestefar er den mest fantastiske mannen jeg kjenner,” skreiv Line Alvheim Elmore. På lungeavdelinga let sjukehusmedarbeidarane henne ta farvel på sin måte.

Frå sitt tidlegare yrkesliv som servitør har han halde fast ved ei sjeldan innsikt: Akutte situasjonar og knappe tidsfristar handterer ein best med eit smil og ein lun kommentar. – Vi såg jo at de hadde det svært travelt til tider, skyt Alvheim Elmore inn, likevel hadde du alltid, sjølv på vakter då du ikkje hadde ▶


”VÅR TORSTEIN”: Brevet der pårørande Line Alvheim Elmore takkar sjukepleiar Torstein Sande og kollegaene på lungeavdelinga, har gått Helse-Noreg rundt. Her møtest dei to for første gong etter at bestefar til Alvheim Elmore døydde.


Pasient

Heile poenget med konjakkglaset var at bestefaren ville kjenne kjensla av verdigheit, av å bli sett og høyrd. Torstein Sande sjukepleiar

ansvar for bestefar, ei eller anna melding eller eit oppmuntrande ord å dele. – Eg liker å finne ei god tone med pasientar, svarar Sande. Eg synest at det gjer meg sjølv godt òg. Det er derfor eg gjer det. Har eg berre fem minutt, prøver eg i alle fall å nytte dei til noko positivt. Ansiktet sprekk opp i eit smil: – Å ha historier som dei med bestefaren din å sjå tilbake på, gjør dei tunge dagane lettare.

Konjakk, takk! På Lunge post 3 hadde den avhaldne bestefaren atter henta fram ei livslyst så sterk at han samla familiemedlemmer, sjukepleiarar og lege kring senga for allsong. Då var det at eit nytt ønske blei kringkasta: Eit glas konjakk, takk. – Skjenk blei trylla fram, men eg trur knapt han drakk. Medisineringa hadde øydelagt smakssansen, og då smaker alkohol forferdeleg, forklarer Torstein Sande: – Men å drikke var jo ikkje det viktige. Heile poenget med konjakkglaset var at bestefaren ville kjenne kjensla av verdigheit, av å bli sett og høyrd.

TOTALBEHANDLING: Sjukepleiarar flest gir behandling. Torstein Sande gir i tillegg av seg sjølv. – Du og kollegaene dine behandla den dødssjuke bestefaren min, men også på eit vis heile familien, seier Line Alvheim Elmore.

Takk heilt til topps Då Line Alvheim Elmore skreiv brevet om mottakinga på lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, var tanken at ”dei der oppe skulle anerkjenne dei her nede”:

24

helse i vest • Nr. 1 / 2012

– Då eg sendte brevet til alle toppane i Sjukehus-Noreg, var tanken at medarbeidarane på Lunge post 3 i alle fall skulle få noko igjen for den enorme kjensla av menneskeverd dei gav oss. Om eg ikkje hadde fått den tida og forståinga under bestefar sitt opphald på lungeavdelinga, ville eg neppe vore der eg er i

dag i sorgprosessen. I eit personleg stila svarbrev til Line Alvheim Elmore skriv helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen at brevet er ei flott stadfesting av at ”kvaliteten i helsetenesta blir til i møte mellom pasient og sjukehus.”


Forskingspris

MINNEVERDIG: Forskingsleiar Dag Aarsland ved Stavanger universitetssjukehus fekk Helse Vest sin forskingspris for 2011 for si demensforsking.

– Demens inne i varmen For få år sidan fanst det verken medisinar eller behandling mot demens. – Gamle pasientar var ikkje særleg ”hot”, seier forskingsleiar Dag Aarsland. No er han heidra for å ha tatt tak. Tekst Bernt Eirik Rød Foto Monica Larsen

Neglisjeringa av ei stor gruppe pasientar var nett det som tende engasjementet til Dag Aarsland. Sidan tidleg på 1990-talet har professoren forska på demens. Målet: å auke avstanden mellom lege og sjukeheim. – Demens blei i liten grad sett på som ein sjukdom. Pasientar fekk ikkje tilbod om medisinsk oppfølging, berre plass på sjukeheim, seier Aarsland. Smertestillande mot angst. Aarsland har arbeidd mykje med å kartleggje årsakene til at hjernen si evne til å tenkje klart blir redusert. Saman med smertelege Bettina Husebø ved Universitetet i Bergen (UiB) har Aarsland òg forska på om smerte kan vere årsaka til at demente føler uro, rastløyse og angst. – Antipsykotiske medisinar blei ofte brukte for å dempe angst og uro hos demente, men

slike medisinar kan samtidig gi alvorlege biverknader og fare for død. Vi ville finne ut om tradisjonell smertebehandling med tablettar kunne dempe uroa, fortel Aarsland. Om lag 300 demente tok del i undersøkinga. Pasientane som fekk smertestillande tablettar, viste klar nedgang i uro, noko som stadfesta teorien til forskarane.

Forskingsprisvinnar. Studien fekk stor merksemd nasjonalt og internasjonalt. Sist haust fekk Aarsland Helse Vest sin forskingspris og blei utropt av juryen som nøkkelperson i forskinga på demens og Parkinsons sjukdom. – Ei stor oppmuntring for alle oss som har arbeidd med dette i 20 år. Vi ser prisen som ei stadfesting av at demensforsking har fått plass i den medisinske varmen, og at diagnosen er ei alvorleg liding.

– Eit fantastisk år. I fjor haust blei Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling etablert ved SUS, med Aarsland som leiar. – 2011 har vore eit fantastisk år for oss. Saman med dyktige og hardt arbeidande medarbeidarar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi oppnådde mykje. Resultata gir ekstra motivasjon til endå hardare forskingsinnsats. Det viktigaste no er å jobbe for sikker diagnostikk og betre behandlingsmetodar, og for at demens skal få høgare status som sjukdom, seier Aarsland. Professoren kartlegg no samanhengen mellom demens og depresjon og om smertestillande medisinar kan lindre depresjonen.

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

25


oksygenbehandling

Pustar seg frisk – Kan du høyre meg? Kan du trykkje på knappen? spør anestesisjukepleiaren. Ho får eit ”piiip” til svar. Inne i trykksylinderen byrjar Aril Skøld nok eit knusktørt djupdykk i eiga helse. Tekst Anne Christine F. Olsen Foto Eivind Senneset

26

helse i vest • Nr. 1 / 2012


I ein grøn glaskapsel på Vestlandets største sjukehus ligg austlendingen Aril Skøld (68). Drøymer om smaken av raudvin, ser filmen Sjokolade – og tek seg på sett og vis vatn over hovudet. Kreftpasienten er for tredje gong på få år inne til etterbehandling i noko som liknar ei overdimensjonert kuvøse – eller ein rakett klar til utskyting. Ingen dum assosiasjon: Aril Skøld ligg på sett og vis klar til takeoff for å bli født på ny. Oksygen som medisin. – Vi gir pasientane oksygen som medisin, fortel seksjonsoverlege Guro Vaagbø ved seksjon for hyperbarmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Framfor henne ligg Aril Skøld på ei båre i ein av dei fire gjennomskinlege glassylindrane i rommet. Lufttrykket inne i sylinderen er det same som Skøld ville opplevd om han gjorde eit dykk under vatn ned til 14 meter. Eit slags motsett høgdehus, altså: ein djupnesylinder. I dei vel to timane behandlinga varer, skal Skøld liggje søkk i ro. Det einaste han treng å gjere, er å puste inn 100 prosent rein oksygen.

HYPERBAR OKSYGENBEHANDLING • Medisinsk bruk av oksygen ved overtrykk • Behandlar til dømes stråleskadar etter kreftbehandling, kroniske sår hos diabetikarar og enkelte knokkelinfeksjonar • Haukeland universitetssjukehus har landsfunksjon for planlagd behandling i trykkammer. • Les meir på www.helse-bergen.no.

Slik inhalering kan nemleg stimulere framvekst av nye blodkar i oksygenfattig vev. Vevet blir i stand til å reparere seg sjølv. – Ei god behandling for pasientar som for eksempel har fått skada cellevev i samband med stråleskadar etter kreftbehandling, fortel seksjonsoverlege Vaagbø: – Pasientane kan aldri bli like friske som dei var, men behandlinga kan gjere dei betre, auke livskvaliteten.

Frå heile landet. Seksjonen på Haukeland har sidan oppstarten hatt landsfunksjon for planlagd trykkammerbehandling. Hit kjem pasientar med kroniske knokkelinfeksjonar eller diabetesfotsår, og altså tidlegare kreftpasientar. Slike som Aril Skøld. Det byrja med eit sår på tunga som ikkje ville gro. For å få bukt med kreften opererte Aril for fire år sidan vekk mesteparten av tunga. Seinare måtte legane fjerne ein spyttkjertel, lymfeknutar og anna sjukt vev. Sju behandlingar med cellegift og 35 strålebehandlingar seinare er Aril letta over å ha overlevd kreften. Men operasjonane og strålebehandlingane gav plager. Tørr munn og tap av smak. Nerveskadar i føtene. Opphoping av væske og hevingar i halsen, såkalla lymfødem. Etter fleire rundar med oksygenbehandling går alt mykje betre. Stor betring. – Alt etter den første oksygenbehandlinga merka eg tydeleg betring. Då fekk eg meir smak på mat. Eg var ikkje så tørr i munnen, slik at etinga gjekk betre, seier Aril. Tidlegare svei all juice i halsen, grønsaker smakte ingenting, eller i beste fall gras. ▶ Nr. 1 / 2012 • helse i vest

27


oksygenbehandling

DJUPDYKK: Spelefilmar på skjermar i taket, rein oksygen i tanken og eit trykk tilsvarande dykk ned til 14 meters djupn. Hyperbar oksygenbehandling byr på ei sjukehusoppleving utanom det vanlege.

Eg har litt dottar i øyra når trykket endrar seg under nedstiging, men elles synest eg det er greitt å liggje her. Arild Skøld (68) hyperbarpasient

– No drikk eg det meste og et nesten all slags mat, og det smaker bra. For meg har oksygenbehandlinga gitt mykje betre livskvalitet, smiler Aril: – Sjølv om raudvin framleis svir altfor mykje i halsen.

Pustepause. Ein halv time har gått etter at Aril byrja dagens behandling. – Eg får litt dottar i øyra når trykket endrar seg under nedstiging, men elles synest eg det er greitt å liggje her, seier Aril.

Over sylinderen hans heng ein stor flatskjerm. Der følgjer han sluttscenene i filmen Sjokolade. Endå ein pipelyd kjem frå sylinderen. På utsida tek anestesisjukepleiar Martha opp telefonrøyret og seier til Aril at han må ta på seg maska. På tide å puste vanleg luft inne i sylinderen. – Vi menneske er ikkje skapte for å puste rein oksygen. Derfor treng pasientane jamlege pausar der dei pustar inn vanleg luft, forklarer Martha.

Tørrdykkar. Eit avsluttande ”piiiiiiiiiiiip” fortel at dei to timane er over for denne gong.

28

helse i vest • Nr. 1 / 2012

Spesialsjukepleiarane stengjer av oksygenet, opnar luka og trekkjer båra med Aril ut av sylinderen. – Vil du ha med dykkarsertifikat heim til Kløfta? spør anestesisjukepleiaren muntert medan ho hjelper Aril opp frå båra. Seks veker med behandling er over. Gode klemmar til pleiarane, nokre kakk på glasveggen til dei andre sylinderpasientane til farvel. Endeleg skal Aril heim til kona Maj-Britt, bikkja Amaya og barna og barnebarna på Kløfta. Kan hende kan han endåtil håpe på eit glas raudvin om ikkje så lenge.


Hyperaktive sjukehusopphald For austlendingen Aril Skøld (68) har tre behandlingsopphald på Haukeland vore ein unik sjanse til å oppleve Vestlandet. Lange sjukehusopphald kan tære på kropp og sinn. Om ein då ikkje ser behandlingstida som eit høve til å setje fantasi og oppdagarlyst i sving. – Eg har pusla med litt av kvart, svarer Aril på spørsmål om kva han har funne på når dei to daglege behandlingstimane i oksygensylinderen har vore unnagjorde. Så legg han ut om seks innhaldsrike veker: Tre timar i veka har pensjonisten vore på målekurs hos Kreftforeininga. Han har vore på fleire utfartar. Til fots på Fløien og over Vidden frå Ulriken til Fløien. Med Kreftforeininga sin rosa lånebil har austlendingen ved tidlegare opphald besøkt eksotiske Sotra, Askøy og Herdla. Dagsturen ”Norway in a nutshell” til Flåm og Gudvangen er lovprisa i all verdas reisemagasin – no også av ein 68 år gamal kreftpasient med mellombels tilhald ved Haukeland universitetssjukehus. Men ein treng ikkje farte Vestlandet rundt for å stimulere hovud og lekamsdelar. Aril grip tak i en sliten plastpose som ligg på bordet, trekkjer ut eit fargerikt strikketøy. – Og så strikkar eg pynteskjerf til kona, eitt i veka. No gler eg meg til å vere ordentleg saman med henne igjen. Venteleg kan også kona sjå fram til ei og anna historie frå Aril si oppdagarferd i vesterled.

175.787

behandlingsdøger blei tilbrakt ved sjukehusa i Helse Vest i 2010.

Papirlaus resept No treng du snart ikkje lenger hugse å ta med resepten til apoteket. Framtidsløysinga er e-resept, og framtida er her allereie: Legen din fører opp medisinane du treng, i ein database i staden for på papir. Hos apoteket gir du opp namn eller fødselsnummer, og så kan farmasøyten sjekke kva medikament du skal ha. Innan 2012 skal alle apotek og kommunar i landet ha innført e-resept, sjukehusa noko seinare. I Sunnhordland er systemet alt i bruk, og farmasøyt Hege Kvalnes ved Vitusapoteket Stord meiner den nye ordninga betrar tryggleiken. – Kundane er òg nøgde, sjølv om nokre saknar papirlappen.

Hugs timeavtalen med SMS No er det slutt på å knyte hyssing rundt fingeren. Alle pasientar på Vestlandet kan takke ja til å få påminning om timeavtalar på SMS. Tenesta er ein service til pasientane, og målet er at flest mogleg skal hugse å møte til avtalte timar på sjukehus eller distriktspsykiatriske senter. Pasientar som har registrert seg, får ein SMS to dagar før timen der det står dato og klokkeslett for avtalen.

Vite meir? Sjå www.eresept.no

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

29


pasienttryggleik

Tid for kvalitet Anne Grimstvedt Kvalvik smiler ikkje av at 100 000 pasientar blir påførte skadar på sjukehus kvart år. Ho smiler fordi utfordringa endeleg blir teken tak i. Tekst Sigurd S. Rønningen Foto Monica Larsen

30

helse i vest • Nr. 1 / 2012


Dødsfall i 2010 5000 4500 4000 3500 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 trafikken

Ta ein titt på figuren til høgre. 208 personar døydde på norske bilvegar i 2010. 4700 pasientar døydde grunna skadar dei vart påførte under opphald på norske sjukehus. Med betre rutinar og større bevisstheit reknar ein med at halvparten av dei 100 000 pasientskadane kunne vore unngått. På høg tid å introdusere Anne Grimstvedt Kvalvik.

påført skade grunna helsetenesta sine ytingar – eller mangel på ytingar. – I land vi samanliknar oss med, finn ein omtrent same skadefrekvensen. Det betyr sjølvsagt ikkje at det høge talet på sjukehus­ skadar er akseptabelt, seier Grimstvedt Kvalvik:

Kvalitetsdame. Ho er utdanna revmatoIog, men i 30 år har ho studert barneulykker, utarbeidd metodebok og retningslinjer, og engasjert seg i faglege utval. Først no, som seniorrådgivar i Helse Vest, opplever Anne Grimstvedt Kvalvik gjennombrotet for arbeidet med auka kvalitet: Medan 57-åringen sjølv er henta inn for å leie ei storstilt kvalitetssatsing for alle sjukehusa på Vestlandet, rullar pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender” ut nasjonalt. Ei dobbel dose kvalitetsheving ventar sjukehusa. – Vi helsearbeidarar kan mykje om faga våre, men mindre om korleis vi oppnår kvalitetsforbetring i behandlinga. Det er mange døme på at lovande forsking og livreddande funn åleine ikkje er nok til å utløyse endring på sjukehusa, seier Grimstvedt Kvalvik, og konkluderer: – Å oppnå kvalitetsheving er knallhardt arbeid. Første runde er nokre tøffe sanningar.

Samling på botn. Undersøkinga blei utført som første steg i å gjere kvaliteten på sjukehusbehandlinga endå betre – på trykk i VG såg tala ut som dei knapt kunne vore verre: Ei journalgransking konkluderte i haust med at nær éin av seks pasientar på norske sjukehus blir

Pasienttryggleik • Kampanjen ”I trygge hender” skal forbetre pasienttryggleiken • Ei rekkje tiltak for å redusere pasientskadar • Skal skape rutinar og kultur for auka pasienttryggleik på sjukehusa • Les meir på www.npsk.no • Helse Vest satsar parallelt på kvalitetstiltak i behandlinga

Pasientskader på sjukehusa • Nær 16 prosent av alle innlagde pasientar på norske sjukehus opplever såkalla uønska hendingar der dei blir påført skade av spesialisthelsetenesta. • Ved 1 prosent av pasientopphalda oppstod skade som gav varige mein. • Ved 0,66 prosent av pasientopphalda døydde pasienten av utilsikta skade eller komplikasjon.

Kjelde: Helsedirektoratet (Global Trigger Tool)

skade i helsevesenet

– Eit viktig mål med journalgranskingane var å vekkje sjukehusa til innsats ved å vise både dei og omverda kor mye vi kan gjere betre. Fordi effektiv behandling fører med seg høg risiko, reknar ein med at halvparten av skadane ikkje kan hindrast. Den andre halvparten, derimot … Ikkje rart at Anne Grimstvedt Kvalvik størstedelen av døgnet, arbeidsveka og året hastar mellom flyplassar og møterom og konferansesalar? Her er forklaringa på at ho like fullt smiler oppglødd: – Aldri før har sjukehusa jobba så breitt og målretta med kvalitetsforbetring. Tidlegare har helsetenesta arbeidd med eitt og eitt tiltak, poenget med kvalitetssatsinga er å betre tryggleiken i alle ledda av pasienten si reise gjennom behandlingssystemet.

Hugseliste med stor gevinst. Dei neste par åra vil mange behandlingsrutinar ved sjukehusa på Vestlandet venteleg bli endra: Tiltak for riktig bruk av legemiddel og for å lære av feil, rutinar for å sikre god handhygiene og utøving av trygg kirurgi og opplæring i litteratursøk for å finne fram til den beste behandlinga er berre nokre av dei mange pilotprosjekta som er i gang. Forventingane er høge. Eit døme på potensialet er innføring av sjekkliste for trygg kirurgi: Enkle ”hugsereglar” på ein papirlapp har ved åtte sjukehus rundt i verda gitt bortimot 40 prosent færre komplikasjonar, til dømes infeksjonar. Etter eit halvt yrkesliv i ”kvalitetsfaget” står Grimstvedt Kvalvik ved inngangen til det mest spennande året av dei alle. Optimismen er deretter: – Potensialet for å auke tryggleiken for pasientane er stort. For dei fleste sjukehusa er det jo først no kvalitetsarbeidet og satsinga på pasienttryggleik verkeleg tek til. Nr. 1 / 2012 • helse i vest

31


pasienttryggleik

Ryddar i medisinskapet Colourbox

Nytt kvalitetsprosjekt gir to råd til pasientar som går på reseptpliktig medisin: Skriv liste over dråpane og tablettane dine– og ha alltid lista på deg. Tekst Stina Steingildra Foto Eirik Dankel

Er du over 70 år, er sjansen stor for at du brukar meir enn fem ulike medisinar – og at nokre av medikamenta du tek, kan ha utilsikta effekt på kvarandre. – Mange pasientar trur at vi på sjukehuset kan sjå på datamaskinen kva medisinar dei har fått av fastlegen sin. Så langt er ikkje HelseNoreg kome, seier lege Torleiv Kvalvik jr. ved Haugesund sjukehus.

Ta medisinen din – på alvor: • Be fastlegen om medisinliste • Ha alltid lista med deg. • Still tre spørsmål viss legen din tilrår ny medisin: - Kvifor skal eg ta dei? - Korleis verker dei? - Kva skjer om eg ikkje tek dei? • Vis fram lista på apoteket og spør korleis du skal ta medisinane.

Hugs medisinliste. Kvalvik jr. leier eit kvalitetsprosjekt som skal få fleire pasientar til å alltid bere med seg medisinliste. Målet er å redusere omfanget av skadar som pasientar blir påførte på sjukehuset som følgje av feil medisinbruk. Blir du innlagd på sjukehus, er medisinlista det mest verdifulle dokumentet du har med deg. Også på apoteket er lista viktig: Går du for eksempel på den blodfortynnande medisinen

32

helse i vest • Nr. 1 / 2012

LISTETOPP: Prosjektleiar Torleiv Kvalvik jr. vil ha deg til å skrive medisinliste.

Marevan etter atrieflimmer eller blodpropp, bør du ikkje bruke smertestillande som Ibux eller Ibuprofen, for dei er òg blodfortynnande og kan

i kombinasjon med Marevan gi auka risiko for bløding. – I akutte tilfelle på sjukehuset må ein operere der og då, og då er det viktig at kirurgen har kjennskap til medisinbruken din, seier farmasøyt Nina Carstens.


38.746 liter handdesinfeksjon blir brukt i Helse Vest kvart år. Svarer til

774.920 små Antibac-flasker.

Den ansvarlege pasienten. Bodskapen frå prosjektet er at du som pasient har medansvar for eigen medisinbruk. Om sjukehuset gir deg ein ny medisin utan å vite kva medisinar du brukar frå før, risikerer du at effekten av medikamenta blir redusert. – Be fastlegen din skrive ut medisinlista, slik at du har ei oversikt for handa om du skulle bli lagd inn på sjukehus, seier Torleiv Kvalvik jr. Still fastlegen spørsmål. Sjølv pasientar som berre tek reseptfrie legemiddel eller kosttilskot, skal opplyse personalet på sjukehuset om dette. Men lenge før du kjem så langt, har du ein jobb å gjere: – Når fastlegen skriv ut medisinar til deg, er det tre ting du skal hugse å spørje om, seier farmasøyt Nina Carstens: – Kvifor skal eg ha desse medisinane, korleis verkar dei, og kva skjer om eg ikkje tar dei?

Kunnskapsgapet Når seniorrådgivar Anne Grimstvedt Kvalvik skal gjere kollegaene bevisste på gapet mellom kunnskap og handling, dreg ho gjerne ei sjømannshistorie. I 1601 gjorde James Lancaster, statsstøtta pirat, diplomat, handelsmann og amatørmedisinar, ei stor oppdaging. Mangelsjukdommen skjørbuk førte på denne tida til at sjøfolk døydde som fluger på lengre reiser. Då Lancaster sette segl med fire skip i retning India, var det som å spele russisk rulett med matrosane sine liv. Genistreken til engelskmannen var at han baud mannskapet på eitt av skipa litt sitronjuice kvar dag. Halvvegs til India var 110 av 278 sjøfolk på dei tre andre skipa døde av skjørbuk. Av dei som fekk sitronjuice, var alle i live. Botemiddelet mot skjørbuk var oppdaga. Og her kjem poenget: Trass i oppdaginga til Sir Lancaster gjekk det 194 år før sitrusfrukt blei innført som regelfesta del av dietten i den britiske marinen. Deretter gjekk det ytterlegare 70 år før den britiske handelsflåten følgde etter. På dette tidspunktet hadde effekten av sitrusfrukt vore bevist i 264 år. Kva Sir James Lancaster har lært oss? At sjølv livreddande kunnskap ikkje utløyser endring eller kvalitetsforbetring av seg sjølv. Endringar føreset knallhardt arbeid i tillegg.

EVOLUSJONÆR TRENING Kva er dette? Ein illustrasjon på mennesket si utvikling frå ape til aldrande homo sapiens? Ein stolleik med stivbeint koreografi? Nei, ingen av delane. Fotoserien til venstre er henta frå ein brosjyre som fallteamet ved Haugesund sjukehus har gitt ut. For, som det står å lese i den rikt illustrerte trykksaken: ”Ein tredjedel av alle heimebuande personar over 65 år fell minst éin gong kvart år. Du kan gjere mye sjølv for å hindre fall. Det er aldri for seint å begynne og mosjonere, og alltid for tidleg å slutte.” Ja, du las riktig: Kom deg opp av sofaen! Nr. 1 / 2012 • helse i vest

33


Framtidas lokalsjukehus

Nybrot i Nordfjord Som leiar for utviklingsprosjektet som skal gi Nordfjord og Noreg framtidas lokalsjukehus, har ikkje Odd Søreide noko val: – Vi må lykkast. Tekst Sigurd S. Rønningen Foto Kristin Rødven Eide

Medan jamaldringane hans pustar djupt ut, tek opp igjen gamle hobbyar og nyt eit fredfullt pensjonisttilvære, flyg Odd Søreide (67) gjennom stormkasta til Eid i Sogn og Fjordane. Der skal han freiste å finne løysinga på den kanskje mest betente sjukehusstrida Vestlandet har sett. – Eg er audmjukt optimistisk, seier Søreide, medan vindkulene røskar i Nordfjord sjukehus og leiaren for prosjektet som skal freiste å revitalisere det: – Det er ei stor og krevjande oppgåve vi har framfor oss – og vi må lykkast. Framtidas lokalsjukehus. Det var eit vedtak i helseføretaket Helse Førde om å leggje om delar av behandlingstilbodet på Nordfjordeid som utløyste det brennande lokale engasjementet for å behalde sjukehustilbodet uendra. No står altså sunnfjordingen Odd Søreide, tidlegare professor i kirurgi, avdelingsoverlege, sjefforskar, styreleiar i Kreftforeningen og fagdirektør i Helse Vest RHF, framfor ei av dei største utfordringane i livet sitt: – Eg kan forstå at lokalbefolkninga og medarbeidarane ved sjukehuset ønskjer å ”gå tilbake til start”. Men med dei prosessane som har vore, med vedtaka som er gjorde, og med mandatet som er gitt, kan ikkje utviklingsprosjektet bruke mykje tid og energi på det som har vore. Søreide oppmodar i staden alle krefter til å slutte opp om utviklingsarbeidet. Målsetjinga for prosjektet strekkjer seg faktisk lenger enn å etablere ro og sjukehusframtid i Nordfjord: Tanken er at behandlings­tilbod ved lokalsjukehus over heile landet skal vere tufta på erfaringar frå arbeidet på Eid. MANN FOR FRAMTIDA: ”Framtidas lokalsjukehus” er både arbeidstittel og målsetjing for Odd Søreide, leiar av utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus som er meint å vise veg for resten av landet.

34

helse i vest • Nr. 1 / 2012

Nordfjord sjukehus • Grunnlagt i 1936 • Nasjonal pilot for prosjektet ”Framtidas lokalsjukehus” • Prosjektet er venta ferdigstilt i 2013 • Les meir på www.framtidaslokalsjukehus.no

Kjempelyft. 75 friske millionar er øyremerkte utviklingsprosjektet og garanterte for direkte frå statsbudsjettet. – Utgangspunktet gjer det mogleg å vere nyskapande. Lokalsjukehuset må vevast saman med tilbodet i kommunane, der ein òg har høve til å sjå på sjukehustilbodet på tvers av sjukehusgrensene. Det er det som er spennande, men samtidig utfordrande, seier Søreide. – Det ligg i korta at alt ikkje blir som før? – Eg har arbeidd i helsetenesta i 40 år og har opplevd den kontinuerlege utviklinga som har vore i sjukehusa i denne perioden. Sjølv om dette har vore utfordrande for lokalbefolkninga og sjukehusmedarbeidarane, kan det ikkje vere tvil om at endringane i sum har vore til det beste for pasientane. Eit lite sjukehus som i Nordfjord kan ikkje gi alle typar behandlings­ tilbod. Samtidig er det store biletet at vi skal desentra­ lisere til lokalsjukehusa dei behandlingstilboda vi kan, og sentralisere til større sjukehus berre det vi må, seier Søreide, og set førebels punktum: – Tilpassing til framtida er ikkje ein trussel, men ein garanti for lenge leve.


Småstoff

foto: Tor Erik H. Mathiesen

I fjor brukte Helse Vest

186 000 000

kroner på å transportere pasientar i drosje. No vil ein få fleire over i buss.

�����������

PASIENTHJELP

DrauMEstart Først gjorde dei eit gjennombrot i ME-forskinga, så gjorde dei reint bord i offentlegheita: Avdelingsdirektør Olav Mella (til venstre) og overlege Øystein Fluge ved kreftavdelinga på Haukeland har dei siste månadene blitt omtalte, siterte og heidra både nasjonalt og internasjonalt. På biletet får dei 100 000 kroner for sigeren i Bergen Teknologioverføring og Sparebanken Vest sin idékonkurranse. Prisen er ei påskjønning av fagmiljøet som har den mest spennande nye ideen med kommersielt potensial. Dei to legane har funne ut at kreftmedisinen Rituximab gir markert forbetring for pasientar med ME (kronisk utmattingssyndrom). – Om lag to tredjedelar av pasientane har opplevd klar betring, fortel Olav Mella. Trass i dei gode resultata er behandlinga framleis på forskingsstadiet. Det er viktig med ytterlegare studiar for å kartleggje behandlinga og sjukdomsmekanismane før ein tek behandlinga i bruk.

KNOCKOUT

Ring gratis

800 41 005 Vegvisar til sjukehuset! Slit du med å finne fram i sjukehussystemet? Hjelpa er åtte tastetrykk unna. Via gratis grønt nummer 800 41 005 kan pasientar, pårørande, legar og institusjonar ta kontakt med Helse Vest. Her gir Liv Torunn Rundhovde deg personleg oppfølging og praktisk hjelp i spørsmål knytt til blant anna sjukehusval, ventetider, pasientrettar, transport, frist og fristbrot.

av HJERNESLaG

RiNG 113 foR

Hjerneslag skjer plutseleg. Lær deg symptoma: • Manglande syn på eitt auge • Manglande taleevne • Manglande kraft i arm eller bein

Ring straks om du sjølv eller andre har eitt eller fleire av desse symptoma. Du har inga tid å miste.

comeback

HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus www.helse-bergen.no/hjerneslag

Nr. 1 / 2012 • helse i vest

35


Informasjon

Returadresse: Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger

B

barneprogrammet

13.827 barn blei fødde i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane i 2010. Nok til å fylle 461 skuleklassar etter kvart.

Storsatsing på dei små tekst Anne Christine F. Olsen foto Øyvind Blom dei yngste. Milliardar av kroner gjer faktisk litt av same nytten.

– Ein ti år gamal draum er blitt verkeleg, sa styreleiar og sponsor Christian Rieber i CG Rieber Fondene då Barneprogrammet ved Haukeland opna sist haust.

– Ei enorm vitamininnsprøyting, utbraut administrerande direktør Stener Kvinnsland i Helse Bergen då statsministeren godkjende opptaket av eit gigantlån for å forløyse eit barneog ungdomssenter Noreg aldri har sett maken til.

Medan gjøglande klovnar og musikkterapeutar gjorde sitt for å skape glede, jobba handverkarane utanfor vindauga med å verkeleggjere den store draumen: Eit nytt barneog ungdomssenter til 3,4 milliardar kroner. – Å ta særskilte grep i helsesektoren er viktig, sa Rieber og snakka om kombinasjonen klovnar og musikkterapi som eit viktig bidrag både til å skape trivsel og som ein del av behandlingaav dei små mens dei er på sjukehuset. Fleire gonger i veka kjem speloppmakarane på besøk for å lokke fram latteren og livsgleda hos

Grunntanken i det nye senteret er at eksperten skal komme til barnet, det vil seie at barna skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same staden. I Barnas energisenter er kongstanken at fysisk aktivitet skal gi grunnlag for behandling og forsking. BÅDE – OG: 66 000 flunkande nye kvadratmeter, investeringar for 3,4 milliardar kroner: På det komande barne- og ungdomssenteret på Haukeland blir det lagt til rette både for fri leik og effektiv behandling. Illustrasjonsfoto: KHR Arkitekter

Følg sjukehusa på Facebook og Twitter. SJUKEHUSAPOTEKA VEST HF

Barnas energisenter skal opnast i 2014. Mens dei ventar – innimellom musikkterapi og klovnebesøk – les inspirerte smårollingar venteleg Ole Brumm: ”Ja takk, begge delar”.


2012-01-Helseivest_web