Issuu on Google+

Kreft 14

Frå mistanke til behandling

Ny behandling 20

All makt til dei rusavhengige

Juni 2011

rogaland / hordaland / Sogn og fjordane

Bli kjent med dine pasientrettar side 8

Gyro er eit av mirakla frå fertilitetssenteret i Haugesund

4

Les om prøverørspionerane side


helse i vest juni 2011

H

er har du eit magasin med historier frå sjukehusa i helseregionen din, Helse Vest. Ikkje alle kjenner til eller er fortrulege med helseregionen

dei høyrer heime i, men du skal vite at kvar dag jobbar 29 000 dedikerte helsearbeidarar for at du skal få den beste hjelpa når du måtte trenge det. Det gjeld anten du må innom eit av sjukehusa i regionen, eller du treng behandling for rusproblem eller psykiske lidingar.

Dette er din helseregion, Helse Vest:

Ver så god!

15. juni blir helsenorge. no lansert. Dette er ei nasjonal teneste der du som er pasient, pårørande

eller interessert i helse, finn god informasjon om pasientrettar, helsetenestetilbod, førebygging, sjukdom og behandling. I denne utgåva av Helse i vest kan du lære meir om kva rettar pasientar i norske sjukehus har. Blant anna retten til å velje

I regionen vår er vi omlag 1 million innbyggjarar. Til å yte helsetenestene er vi cirka 29 000 medarbeidarar fordelt på omlag 50 sjukehus og institusjonar. Budsjettet er på cirka 19,7 milliardar kroner. Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist­helsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger.

sjukehus sjølv. Du kan også lese om Gyro som er unnfanga i eit laboratorium ved Haugesund sjukehus. Det som var eit mirakel

Nordfjord sjukehus

då verdas første prøverørsbarn blei fødd i England i 1978, er no kvardagen for medarbeidarane ved fertilitetsklinikken. Vi har óg teikna opp korleis eit løp for ein pasient som blir utgreidd

Førde SentralSjukehus

Helse Førde

for kreft kan arte seg. Å korte ventetida for kreftdiagnostisering, er

Lærdal Sjukehus

eit av dei viktigaste måla for Helse Vest i år. Vi veit at mange ventar for lenge, og vi veit at det er ei stor påkjenning både for dei sjølve

Voss Sjukehus

og familien. Dette tek vi på alvor og gjer noko med. Helse Bergen

HAukeland universitetssjukehus

Snart er det sommar og ferietid.

ODDA Sjukehus

Ta med deg nokre råd om handhygiene frå baksida av magasinet! Vi i Helse Vest ønskjer deg og dine ein strålande sommar!

Stord sjukehus

Helse Fonna Haugesund Sjukehus

Bente Aae Kommunikasjonsdirektør, Helse Vest

Les meir om Helse Vest på nettstaden www.helse-vest.no

Stavanger universitetssjukehus

Helse Stavanger

Følg oss på Facebook og Twitter! Facebook: Helse Vest RHF Twitter: @HelseVest


– Trygt med koffert

Samhandlingsprosjektet

Fritt sjukehusval

Mange reiser til Lærdal

10

Dine rettar som pasient..................................... 8

Fo n n a

til

!

rt Fe

Der babyar blir til................................................4

ls e

e r b a r n b lir

ilitetss e nteret

i

Innhald

He

m

d ed

Bl

i

16

4

Det store sjukehusvalet.................................... 10 Reine hender reddar liv.....................................12 Raskare diagnose for kreftpasientar.................13 Trygg med koffert . ........................................... 16 Samhandlingsreforma...................................... 19

Følg ”Gunnar” (55)

Frå symptom til kreftdiagnose

14

Felles kamp mot rus.........................................20 Helse Førde er fristvinnar................................. 22 Vil finne ein kur mot demens........................... 22

Helse i vest, juni 2011 Ansvarleg redaktør Bente Aae Redaksjonen Elisabeth Huse (redaktør) Siri Tjessem Fjælberg Tonje Pedersen Sigurd Rønningen Kristin Dugstad Vestrheim Redaksjonen avslutta 19. mai 2011

Helse Vest og nynorsk Design Oktan Stord Framsidefoto Kjetil Alsvik Trykkeri Senter Grafisk AS Opplag 415.000 M

Ø M E R KE ILJ T

541-004 TRYKKSAK

Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har derfor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nettsidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

3


helse i vest juni 2011

Legar, sjukepleiarar, bioingeniørar og sekretærar bidreg på kvart sitt vis. Klinikkleiar Inga H. Bakkevig, sjukepleiar Grete Larsen og bioingeniør og klinisk embryolog Herborg Dommersnes jobbar side om side for dei gode resultata.

Prøverørspionerane i Haugesund

Der babyar blir til Ho leikar i sandkassen, plukkar løvetann frå plenen og tøyser og ler som to og eit halvt-åringar flest. Gyro er eit av 3300 barn som har kome til verda med hjelp frå Haugesund fertilitetssenter. Tekst Kristin Dugstad Vestrheim Foto Haakon Nordvik

4

–V

i er spente, samtidig som vi har erfaringane frå førre gong friskt i minne. Det er viktig å vere optimistisk, men vi er klar over utfordringane som kan komme. Til sjuande og sist er det berre eit egg og ei sædcelle som må treffast og utvikle seg for at det skal gå bra. Det underet har vi opplevd ein gong, seier Anette Jæger. Ho og Michael Svendsen har teke turen frå heimstaden på Sola utanfor Stavanger. Går alt etter planen, blir Gyro snart storesøster Haugesund fertilitetssenter har halde på sidan 1985 og er ein av seks offentlege fertilitetsklinikkar i Noreg. Med pionérstatus på feltet tilbyr dei alle former for assistert befruktning som finst her til lands.

som kjem hit, får barn med vår hjelp, fortel klinikkleiar Inga H. Bakkevig. Hausten 2010 feira dei 25 års verksemd. Dei har halde på så lenge at dei første barna som blei unnfanga her no har fått sine eigne ungar. – Sidan oppstarten har Haugesund fertilitetssenter jobba for å halde kunnskap, ekspertise og tilbod på toppnivå. Viljen til å liggje foran har alltid vore tilstades og er noko som pregar verksemda, fortel seksjonsoverlege ved senteret, Torolf Holst-Larsen. – Hjelpa senteret tilbyr er etterspurd. Fleire og fleire tek kontakt. Det er ikkje tvil om at pågangen har auka dei siste tiåra. Der folk tidlegare måtte utanlands for å finne ekspertisen dei trong, kan vi no hjelpe dei som treng det her i Noreg, seier Holst-Larsen.

Mange får hjelp Veggane i korridoren er dekorerte med bilete av babyar. Barn som har kome til som resultat av verksemda her. Sjukepleiarar, legar og bioingeniørar førebur dagens aktivitetar. Det dreier seg alltid om dei avgjerande møta mellom egg- og sædceller. – Kvart år hjelper vi om lag 350 barn til verda, med alle dei formene for assistert befruktning som senteret tilbyr. Tala vi har er gode. Om lag 70 prosent

Avgjerande tverrfaglegheit Arbeidet på fertilitetssenteret er prega av det tverrfaglege. Mens sjukepleiarar og legar møter para som får behandling, er bioingeniørar og embryologar i dei viktige kulissene: Laboratoriet. Yrkesgruppene jobbar side om side for å oppnå gode resultat. – For pasientane er møtet med sjukepleiarane og legene avgjerande. Dei ser ikkje prosessane som føregår etter at egg er henta ut, korleis vi jobbar for å


Ho veit det ikkje sjølv, men Gyro Svendsen Jæger er ein draum som blei verkeleg. I Noreg blir det årleg fødd om lag 1800 barn ved hjelp av assistert befruktning.


helse i vest juni 2011

Eit velsmurd maskineri: Herborg Dommersnes (over), Inga H. Bakkevig (oppe t.h.) og Ann Helen Kipsgård (t.h.) er alle konsentrerte i kvar sine viktige oppgåver fram mot målet – vellykka befruktning og fleire barn.

befrukte egga på laboratoriet, fortel HolstLarsen. Laboratoriearbeidet er avgjerande, samtidig som kontakten pasientane får med sjukepleiarar, leger og sekretærane dei møter, er viktig for pasientane som kjem hit. Stor utvikling Sidan oppstarten for fertilitetsbehandling i Noreg, er det mykje som har endra seg. Blant anna har forskinga på dyrkingsmedium utvikla verksemda. Det dreier seg om å finne den væska som gjer at flest mogleg egg deler seg etter befruktning. For pasientane har også endringar i medikamentbruken gjort det enklare. Ei anna stor utvikling gjeld inngrepa med å hente ut egg og sette tilbake befrukta embryo. For 25 år sidan innebar assistert befruktning ein omfattande kirurgisk prosedyre med full anestesi. I dag slepp pasienten dette. Prosessen går raskt og berre lokalbedøving er nødvendig. Tidlegare var det vanleg å setje tilbake både to og tre befrukta egg i livmora. Nokre gonger enda fleire. Det auka sjansen for fleirlingefødslar, noko som alltid representerer ein viss risiko for barn og mor. I dag er det vanleg å setje inn eit egg om gongen, utan at det har redusert sjansen for å bli gravid. Resultatet er like mange fødslar, men mengda tvilling- og fleirlingefødslar er redusert frå 30 til 10 prosent. Dette betyr

6

at fleire barn blir fødde friske og til termin. Lovgivinga rundt assistert befruktning har også spelt ei rolle i utvikling og endring. I dag kan lesbiske få hjelp til å få barn, og behandling med sæddonor er òg ein del av tilbodet: Haugesund fertilitetssenter er eit av to offentlege helseføretak i landet som

noko skal distrahere eller forstyrre – verken folk eller celler. Der kor Tveitt sit og gjer klar egga, er det i tillegg både mørkt og lunt. Ho har ikkje på seg parfyme, for å halde luktinntrykka borte. Alt for egga si skuld. Regelen om ikkje å bruke parfyme gjeld over heile sjukehuset, men får ekstra

– Det er rart å sjå dei små babyane, og vite at eg har site her ved mikroskopet og vore den som førte sædcella inn i egget slik at det blei eit lite menneske.

Bioingeniør Ann Helen Kipsgård

tilbyr donorbehandling. Krev god behandling – Sædcellene eg er i ferd med å gjere klar her no, høyrer til egga bioingeniør Hilde Tveitt nettopp har fått levert frå operasjonsrommet ved sida av. Det skal ikkje vere nokon tvil om identitet og tilhøyre, fortel bioingeniør og klinisk embryolog Herborg Dommersnes. For unngå forstyrringar og sikre forholda rundt arbeidet, jobbar dei alle utan særleg lyd, lågmælt, for lukka dører. Ikkje

merksemd på fertilitetssenteret. – Egga får den beste behandlinga vi veit å gi dei. Det betyr at vi må simulere tilhøva som finst inne i kroppen, med jamn temperatur og mørkre, seier Tveitt. Det gjeld å unngå såkalla oksidativt stress for cellene. Det kan medføre at dei ikkje kan brukast i fertilisering, at arvemateriale går tapt. Difor føre var. Prosessen Når egga er henta ut, blir kvart egg sett i ei skål med dyrkingsmedium, saman med


helse i vest juni 2011

Frå mikroskop og laboratorium til sprell levande jente som sit på fanget til far. Ingrid Thormodsen Rein (til venstre) håper at jobben ho gjer denne dagen vil gjere nokon til foreldre, slik senteret hjalp Anette Jæger og Michael Svendsen med Gyro.

ei mengd av mannen sine spermiar. Så gjeld det at ein av desse finn vegen inn i egget. Egga blir dyrka vidare i inkubatoren til neste dag. Optimalt skal egget vere delt i fire på dag to. Så skal det setjast tilbake i livmora. Det er denne prosessen Anette Jæger no er klar for. Før helga var ho oppe og fekk henta ut fleire egg. Sædceller frå ektemannen har blitt sett til i skålene kor eit og eit egg har lege klart for befruktning. I dag skal den beste embryokandidaten tilbake til livmora. Målet er at det festar seg til livmorveggen og veks vidare, slik tilfellet var då ho blei gravid sist gong. – Dottera vår er det fantastiske resultatet etter to rundar med egguthenting og tilbakesetting av embryo befrukta med IVFmetoden der sædcella sjølv finn vegen inn til egget, fortel Anette Jæger. Med hjelp av mikroskopet I dei tilfella der egg og sædceller treng ekstra hjelp på vegen, blir ein annan teknikk brukt, mikroinjeksjon eller ICSI som han og blir kalla. Behandlingsforma kom på midten av 1990-talet. I Haugesund var utstyret raskt på plass, og dei første fekk tilbod om dette i 1996. Ei enkelt sædcelle blir injisert i egget. Behandlinga er eit tilbod til dei med sterkt redusert sædkvalitet, enten det er for få sædceller eller

Under strengt oppsyn står beholdarar som inneheld befrukta befrukta egg eller sæd. Eit datasystem sørgjer for ein temperatur på 196 minusgrader og at nitrogenmengda alltid held rett nivå.

ørsmå og kontrollerte bevegingar, får bioingeniøren ei sædcelle på plass. No gjeld det at egget deler seg slik det skal.

at dei symjer for dårleg, eller der forhold ved egga gjer det vanskelig for sædcellene å trengje seg inn. – Det er rart å sjå dei små babyane når foreldra kjem på besøk med dei på klinikken, og vite at eg har site her ved mikroskopet og vore den som førte sædcella inn i egget slik at det blei eit lite menneske, fortel bioingeniør Ann Helen Kipsgård. Ho førebur seg. Alle instrumenta må vere korrekt innstilte, egga fri for hinder, sædcella på plass inne i pipetten. Med

I mellomtida har eit embryo blitt sett på plass i Anette Jæger. Den lille familien på tre er på veg heim att. Framfor dei ligg forventning. Tida som kjem vil vise om det viktige møtet på laboratoriet er den spede starten på eit nytt liv. Store ting begynner i det små. Det aller største kan vere i ferd med å starte i ei lita skål ved Haugesund fertilitetssenter. OM Donorbehandling Haugesund fertilitetssenter er ein av to offentlege klinikkar som tilbyr donorbenhandling. Det er stor etterspurnad og behov for sæddonorar. Ved å donere kan ein hjelpe andre å stifte familie. Les meir om dette på nettsidene til Helse Fonna www. helse-fonna.no

7


helse i vest juni 2011

Dine rettar som pasient R ett t

k

e il b R ett t

la g

e

il i

nf

s jo n a m or

Alle som blir viste til eit sjukehus har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan 30 vyrkedagar. Pasientar som blir vurderte til å ha ”rett til nødvendig helsehjelp” skal få fastsett ein frist for når helsehjelpa seinast skal ytast. Fristen skal setjast etter ei medisinsk vurdering.

lin g

Nokre pasientar vil få ein rett til å få nødvendig helsehjelp. Vurderinga av kven som har ein slik rett er gjort mellom anna ut i frå kor alvorleg tilstanden til pasienten er og moglegheita for å betre denne. Pasientar som har behov for spesialisthelsetenester, men som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp, skal òg få tilbod om behandling. Denne gruppa kan måtte vente noko lenger på behandling.

o g frist

Pasienten skal informerast om han eller ho er vurdert til å ha rett til nødvendig helsehjelp og om den fastsette fristen. I tillegg skal pasienten orienterast om rettane han eller ho har ved brot på fristen og om retten til å klage.

Kven kan hjelpe?

il å

h

d an

R ett t

R ett t

Alle pasientar som treng planlagt behandling i spesialisthelsetenesta har rett til å velje sjukehus. Retten gjeld ikkje akutt behandling.

rd

ng eri

R ett t

u

val il v

k

us eh

il s

ju

sient! rknad når du blir pa Du har rett til medve

Pasienten kan klage på den medisinske vurderinga. Dette gjeld mellom anna i høve til vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje, og den konkrete fristen pasienten eventuelt har fått.

Helsetilsynet er klageinstans og tilsynsmyndighet for barnevern, sosial- og helsetenestene i Noreg. Meir informasjon: www.helsetilsynet.no Pasient- og brukarombodet kan også hjelpe: www.pasientombudet.no Du kan også kontakte pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde i Helse Vest, telefon 800 41 005

Pasienthjelparen gir deg råd og rettleiing Slit du med å finne fram i sjukehussystemet? Hos pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde i Helse Vest, får pasientar og pårørande informasjon, personleg oppfølging og praktisk hjelp. Pasientar, pårørande, legar og institusjonar kan ta direkte kontakt med pasienthjelparen mellom klokka 8.00 - 15.00 via gratis grønt nummer

800 41 005

8

– Eg hjelper pasientar, pårørande og helsepersonell med råd og rettleiing om korleis dei skal finne fram i eit til tider uoversiktleg og komplisert system. I tillegg til å hjelpe med den praktiske gjennomføringa når du vil velje sjukehus, kan eg blant anna gi informasjon om ventetider, pasientrettar, transport og frist og fristbrot, seier Rundhovde.


helse i vest juni 2011

Eva Tofte har kome til Lærdal frå Stord og er nyleg operert i kneet. – Eg har stor tru på det dei gjer her, og veit at dei er gode på kne. Derfor blei valet mitt enkelt, seier ho.

Det store

sjukehusvalet Ordninga med fritt sjukehusval er ti år. Sjukehuset i Lærdal lokkar pasientar langvegsfrå. Tekst Tonje Pedersen Foto Helge Skodvin

S

ola skin over Lærdal. Det er vår, og markene er grøne. Nede i dalen kastar sola lys på ein stor murbygning. Lokalsjukehuset rommar mellom anna Ortopedisk avdeling, seksjon Lærdal i Helse Førde. Seksjonen har spesialisert seg på kne- og hoftekirurgi. I tillegg til pasientar frå eige fylke kjem det òg pasientar frå andre delar av landet. Godt omdømme når det gjeld behandling, og tett oppfølging gjer at vegen frå Stavanger, Oslo eller Bergen blir kort for ein pasient som er bevisst på valet sitt. – Helse Førde har lagt til rette for at Lærdal sjukehus i stor grad har kunna innrette seg mot kne- og hoftekirurgi. Vi skal primært gi eit tilbod til pasientar i eige helseføretak, men vi skal også vere eit tilbod til resten av regionen og landet, fortel Truls Jellestad, knekirurg og overlege ved avdelinga. Seksjonen blei etablert hausten 2004. I dag blir det mellom anna utført 300 protese-

operasjonar på kne og hofter per år. Vel 300 gjestepasientar kjem kvart år til Lærdal for å få utført ulike typar ortopediske operasjonar. Dette er respektabelt sett i norsk målestokk, ikkje minst med tanke på ei tidvis tungvint og lang reise, særleg for gjestepasientane, seier Jellestad. Historikk Då avdelinga skulle opne i 2004, gjekk Helse Førde ut med ein annonse og gjorde merksam på tilbodet innanfor kne- og hoftekirurgi. Tilbodet blei organisert på ein ny måte. Pasientane skulle få operasjon og opptrening same stad. Etter at tilbodet blei kjent, har pågangen vore stor. Mange kjem hit på grunn av fritt sjukehusval, seier fysioterapeut Rita Lysne. Ho har arbeidd ved sjukehuset sidan før ortopediklinikken blei opna. Protesekirurgi utgjer om lag 30 prosent av den samla operasjons-

9


helse i vest juni 2011

Fysioterapeut Rita Lysne hjelper dei to nyleg opererte, Anny Baresel og Bjørg Øen som trenar seg opp på sjukehuset. Då slepp dei ekstra rehabilitering når dei kjem heim.

aktiviteten ved klinikken. Resten omfattar  likevel å vente. Forventingane er ofte høge. Alle gjer ein samla innsats for å komme andre typar leddkirurgi. desse forventingane i møte, seier Lysne. Mengdetrening Gjestepasientane som kjem til Lærdal, – Eit lite lag med legar, sjukepleiarar og har eit bevisst ønske om tilbodet som blir fysioterapeutar har spissa seg mot ein slik gitt her. Det er nettopp det fritt sjuketype kirurgi. Det gjer at alle dei involverte husval går ut på. Pasienten kan sjølv velje får ei solid erfaring og nødvendig mengde- kor han vil bli behandla. I nokre tilfelle er trening. I tillegg har vi ein opptreningssek- det fastlegen som tilrår sjukehuset. Andre

– Etter at tilbodet blei kjent, har pågangen vore stor. Mange kjem hit på grunn av fritt sjukehusval. Rita Lysne, fysioterapeut

sjon for mellom andre protesepasientane. Etter fem dagar kan pasienten reise heim, velje eit eksternt rehabiliteringstilbod eller vere med i opptreningsprogrammet vårt. Dei fleste ønskjer opptrening i Lærdal i form av ei ekstra veke med trening og intensiv fysioterapi, seier Jellestad. Sjølv om pasientane vel Lærdal sjukehus, må dei rekne med ventetid. – Pasientane vel

10

gonger er det pasienten sjølv som ber om det. Før ein eventuell operasjon må tilstanden greiast ut. Ei stund seinare blir pasienten kalla inn til operasjon. Prioriteringa avgjer kor lang tid det tar. I underetasjen med utsikt til parken ligg treningssalen. Her vaknar nye hofter og kne til liv. Under opptreningsopphaldet må pasientane trene to gonger kvar dag.

Ein gong i gruppe, og ein gong med individuelt retta behandling. – Vi deler pasientane inn i små grupper. Dei som blir opererte same veke, trenar saman etterpå. På den måten blir det både motiverande og sosialt, seier Lysne. Ortopedisk avdeling i Lærdal har funne ein nisje. Jellestad trur at spisskompetanse er viktig for dei små sjukehusa. ”Kremen av pasientar”? Mens vårsola går ned i Lærdal, er pasientane på ortopedien på veg til å falle til ro. Dei er opererte, har trena og gler seg til å komme heim. Reisevegen er gløymd. No er det opptrening som gjeld. – Vi er heldige som har så bevisste og motiverte pasientar. Dei veit kva dei vil, og blir som oftast fornøgde. Fordi vi har mange pasientar via fritt sjukehusval meiner nokre at vi skummar fløyten, og får ”kremen av pasientane” her til oss i Lærdal. Slik er det ikkje. Mange har svært kompliserte tilstandar, andre har kanskje ikkje fått behandlingstilbod andre stader. Det gir eit mangfald av pasientar, og spennande utfordringar for personalet, seier Lysne.


helse i vest juni 2011

Anne Baresel nyter å gå tur igjen. Etter hofteoperasjonen på Lærdal sjukehus føler ho seg i betre form enn på lenge.

Endeleg klar for tur! Sjukehuset i Lærdal har spesialisert seg på kne- og hofteoperasjonar. Denne kneprotesen blir sett inn i det skadde kneet, og ikkje lang tid etter operasjonen er pasienten vanlegvis mykje betre.

– Eg er i strålande form, smiler Anny Baresel frå Bergen, som no kan gå tur igjen etter hofteoperasjonen i Lærdal. – Hofta mi er heilt topp. Det er utruleg at eg har så lite vondt etter ein så omfattande operasjon. Verka om natta var borte frå dag ein. Eg er heilt sjokkert over kor flinke dei har vore, seier ho. Baresel var ikkje i tvil då ho skulle velje behandlingsstad. Valet fall på det ho kallar øvste hylle; Lærdal. – Eg hadde høyrt om fritt sjukehusval, og eg ville velje det beste tilbodet. Eg spurde litt rundt, leita på nettet og snakka med kjende. Fleire hadde vore i Lærdal, og folk var fornøgde. Dermed fall valet på dette sjukehuset, seier ho. – Det som er greitt her, er at eg får alt i ein pakke. Eg slepp opptrening ein annan plass etterpå. – Det er godt som pasient å få bestemme sjølv. Her blir vi som ein stor familie. Pleiarane er fantastiske, det same er legane og dei andre pasientane. Alle er her for same grunn, seier ho.

Truls Jellestad, knekirurg og overlege ved ortopedisk avdeling på Lærdal sjukehus, har saman med fysioterapeut Rita Lysne, til venstre, og oversjukepleiar Anja Myklemyr jobba aktivt for å gi eit godt tilbod ved avdelinga.

11


helse i vest juni 2011

Kvalitetssatsinga i Helse Vest … er ei langsiktig satsing på pasientbehandlinga i helseføretaka. Målet er å skape ein kultur der organisasjonen lærer av feil og systemsvikt og der kvalitetsarbeidet er integrert og prioritert i den daglege drifta.

Reine hender reddar liv Hendene våre kan vere bakteriebomber. Korrekt handhygiene til rett tid er det viktigaste enkelttiltaket for å hindre smitte.

“I trygge hender” • Den største satsinga på pasientsikkerheit som nokon gong er gjort i norsk helseteneste. • Pasienten står i sentrum og ut 2013 skal satsinga vise seg i spesialist- og primærhelsetenesta, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. • Måla for kampanjen er klare: – Redusere talet på pasientskader – Byggje varige system og strukturer for pasientsikkerheit  – Forbetre pasientsikkerheits kulturen i helsetenesta

Tekst Kristin Dugstad Vestrheim

V

erdas helseorganisasjon har sin Save Lives: Clean Your Hands. Helse- og omsorgsdepartementet står for kampanjen I trygge hender. Og i Helse Vest har vi kvalitetssatsinga. Alle tiltaka dreg i same retning: Å gjere sjukehusopphaldet enda tryggare og betre for pasientane. Handavtrykk Seksjonane for smittevern jobbar heile tida for å førebyggje sjukehusinfeksjonar. Eit av tiltaka er handhygienekampanjen som omfattar alle helseføretaka i Helse Vest. – Handhygiene i helsetenesta er særleg viktig fordi pasientar er utsette for infeksjonar. På sjukehuset er det i tillegg til pasientar både helsepersonell, andre tilsette og pårørande. Alle tek vi i ting og set handavtrykk etter oss, seier June Aksnes, spesialsjukepleiar innan smittevern og delprosjektleiar for handhygienekampanjen i Helse Bergen.

12

Rein til rett tid At god handhygiene er viktig, er på ingen måte nytt for Aksnes eller andre helsearbeidarar. Det gjer det ikkje mindre aktuelt. Kampanjen rettar eit skarpt søkjelys på tidspunkta for hygienetiltak. Hendene skal vere reine til rett tid, fri for bakteriefeller som ringar og klokker. – Best effekt får hygienetiltaka om dei blir utførde umiddelbart før og etter kontakt med pasienten, fortel Aksnes. Alltid aktuelt Ho får støtte frå Anne Grimstvedt Kvalvik, koordinator for kvalitetssatsinga i Helse Vest: – Tiltaka rundt handhygiene er ukompliserte og enkle å ha som del av naturlege rutinar som allereie er godt innarbeidde. Handhygiene er viktig og alltid aktuelt – for alle, seier Kvalvik. – 5. mai i år blei Verdas handhygienedag markert på helseinstitusjonar over heile

verda. Sjukehusa i Helse Vest var ikkje noko unntak. Dagen blei brukt til å løfte fram kor viktig handhygiene er, og var ein del av kvalitetssatsinga i Helse Vest. Sidan februar har vi registrert rutinar og atferd rundt handhygiene. No startar arbeidet med å oppsummere og følgje opp funna, fortel Aksnes. God effekt Allereie ser ho korleis enkle tiltak – til dømes å plassere spritdispensarar godt synleg og skape merksemd rundt kva for små endringar som skal til – gir positiv effekt på handhygieneatferden. – Gjennom aksjonen ønskjer vi å hjelpe alle som oppheld seg på sjukehusa til å ta val som gir god effekt. Godt synlege hjelpemiddel og bevisstgjering rundt kva som kan redusere infeksjonsfarane, gir ei auka forståing for kor mykje dei enkle tiltaka har å seie, meiner Aksnes.


helse i vest juni 2011

Raskare diagnose for kreftpasientar Helse Vest arbeider no med nye planar for kreftutgreiinga. Målet om raskare diagnose for kreftpasientar er høgt prioritert. Tekst Tonje Pedersen

–D

ette er noko eg verkeleg brenn for som tidlegare kreftlege, seier Baard-Christian Schem som i dag er fagdirektør i Helse Vest. Uheldig Den siste tida har det vore fleire saker i media med eksempel på folk som har venta for lenge på å få ein kreftdiagnose. Parallelt er det lansert ein nasjonal kampanje for å få ned ventetida for kreftutgreiing. Schem meiner det er heilt reelt at ventetidene ved utgreiing av kreft er for lange. – Dette er uheldig både med tanke på å få eit best mogleg resultat av behandlinga og ikkje minst fordi det er ei stor psykisk påkjenning for pasientar og pårørande, seier Schem. Varierer kor mykje det hastar Han understrekar likevel at det er stor ulikskap mellom kreftsjukdommar og ulike stadium av same kreftsjukdom når det gjeld kor mykje det hastar å kome i gang med behandlinga. – Ved for eksempel små svulstar i prostata vil tida spele ei mindre rolle enn ved ein stor svulst i endetarmen, påpeikar han. Schem forklarer at ein hovudårsak til at kreftutgreiing tek tid er at ein i dag stiller heilt andre krav til detaljkunnskap om krefttype og kartlegging av kor kreften er enn for 10-15 år sidan. Frå konfeksjon til skreddarsaum – Behandlinga er gått frå konfeksjon til skreddarsaum, og då må ein ha mykje meir

Les også

informasjon om kvar enkelt pasient for å gi riktig behandling. For mange kreftformer er det heilt avgjerande for behandlingsvalet om kreften berre er ein stad, eller om det finst svulstar fleire stader. Tek ein feil her, kan pasienten ikkje berre miste den beste behandlinga, men óg bli utsett for uverksam behandling som berre gir biverknader. Schem meiner betre koordinering er viktige stikkord. – Dette stiller store krav til samarbeid mellom avdelingar og ulike sjukehus, og til betre dataløysingar for å styre heilskapen. Mange etterlyser det danske systemet med spesifikke forløp for mange vanlege kreftformer, og vi arbeider med å få til noko liknande, seier Schem. Men svært mange av pasientane må ha meir enn ei standardpakke av bestemte undersøkingar før vi veit kva som er den beste behandlinga. Sjølv om utgreiinga kan standardiserast, er det ofte fleire funn som treng undersøking. Åtte-ti trinn Målet om å få til ein heilskapleg plan for ein pasient under utgreiing er no i startgropa. – Om vi har ein samla plan for utgreiinga, med fastsette timar for alle trinn ein veit skal gjennomførast heilt frå starten av, kan det gå raskare. Dette kan og vere lettare for pasienten. Ei slik utgreiing vil vere på åtte-ti trinn.

Kreft: frå mistanke til behandling

Fleire overlever: • Sidan 1950-åra har talet på krefttilfelle i Noreg auka med 80 prosent. • Samtidig har talet på overlevande auka jamt. • I dag er meir enn 50 prosent av alle kreftpasientar i live fem år etter at dei har fått diagnosen. • Tidleg diagnose og betre behandlingsmetodar gir auke i overleving og betre livskvalitet for kreftpasientar. (Kjelde: regjeringa.no)

ventetid • Helsedirektoratet arbeider no med å få oversikt over kor lenge kreftpasientar må vente på diagnose. • Ventetida skal ned, er kravet frå regjeringa. • Helseføretaka skal sørgje for at dei nye retningslinjene blir følgde.

Schem håper ein skal sjå resultat av arbeidet til hausten.

– Hovudårsaka til at kreftutgreiing tek tid er at ein i dag stiller heilt andre krav til detaljkunnskap om krefttype og kartlegging av kor kreften er enn for 10-15 år sidan. Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest 13


helse i vest juni 2011

Frå mistanke til behandling

Følg “Gunnar” gjennom eit vanleg kreftforløp

Symptoma “Gunnar” (55 år) har endetarmskreft. Dette er ei vanleg kreftform som krev alle former for behandling og samarbeid på tvers av ulike spesialitetar. Her er eit eksempel på eit typisk forløp. Tekst Tonje Pedersen Illustrasjon Ann Kristin Hagesæther

Gunnar har mykje luft i magen, men det har han ofte hatt før òg. Fordøyinga er annleis, og etter kvart kjem det blod i avføringa. Først då går Gunnar til legen. Det kan gå fleire veker frå han kjenner endringar, til han gjer noko med det. Symptoma på kreft liknar i starten ofte på dei vi har ved andre uskyldige sjukdommar som er meir vanlege og ofte går over av seg sjølve.

Hos legen Gunnar går til legen. Om legen får mistanke om at det kan vere ein svulst, blir Gunnar undersøkt i endetarmen. Det er ikkje alltid at ein kan kjenne svulsten, då blir legen sin mistanke mindre. Om legen kjenner noko som kan vere ein svulst, eller av andre grunnar enno har mistanke, får Gunnar tilvising til spesialistundersøking.

Vevsprøve Her møter Gunnar den første ventetida. Han og legane veit enno ikkje om han har kreft. Legane må sjå lenger oppe i tarmen. Sjølv om ein no finn noko legen trur er kreft, må diagnosen bekreftast av ein vevsprøve. Om det er kreft, må legen også finne ut kva slags krefttype det er snakk om. For mange kreftformer held det ikkje med undersøking av vevsprøven i mikroskop, men spesialundersøkingar trengst for å få kunnskap om svulsten som er avgjerande for behandlinga. Lysmikroskopi kan ofte utførast i løpet av nokre dagar, men spesialundersøkingar tar ofte lengre tid. Her, som i alle andre

14


helse i vest juni 2011

trinn, aukar også tidsbruken om ein finn uklare svar. I verste fall er vevsprøven ikkje “representativ”, det vil seie at ein ikkje finn svulstvev eller for lite vev til å konstatere om det er kreft. Dette er fordi kreftsvulstar ikkje berre består av kreftceller, men også ofte inneheld normalvev som bindevev, feitt og blodkar.

Andre sjukdommar: I tillegg blir det gjort undersøkingar for å finne ut om pasienten har andre sjukdommar. Hjartesjukdom, diabetes, nyresjukdom og liknande får konsekvensar for vidare undersøkingar og behandling. Desse må vere kjende og behandla best mogleg før ein vel behandling, og før ein eventuelt opererer.

Ikkje representativ vevsprøve krev ny prøve. Heldigvis er det sjeldan ein må gå meir enn éin ekstrarunde.

Behandling

Patologen ser på svara Dei radiologiske undersøkingane det er aktuelt å bestille, kjem an på krefttypen pasienten har. Dei ulike kreftformene har ulike vekst- og spreiingsmønster, og det avgjer korleis ein undersøkjer, og kva radiologen særleg ser etter. Ideelt sett vil ein derfor ha svar på vevsprøven tidlegast mogleg.

Radiologiske undersøkingar Ut frå kva krefttype ein trur Gunnar har, bestiller legane dei aktuelle radiologiske undersøkingane (CT, MR, ultralyd, vanleg røntgen). Når desse er gjorde, vil ein hos dei fleste finne stadiet kreftsjukdommen er i, altså kor stor og utbreidd svulsten er, og om det er spreiing. Spreiing: Ein vil også no vite om svulsten veks inn i nærliggjande organ som urinblære, prostata, om det er spreiingssvulstar, og kor dei er. Viss ein finn innvekst av svulsten i dei nære organa i bekkenet, må Gunnar gjennom stråling før han kan operere hovudsvulsten. Fjernspreiing: Ein vil også finne ut om kreften har spreidd seg lenger. Det er avgjerande for vidare behandling.

Når den endelege kartlegginga av kreften er gjort, skal ein bestemme seg for behandlinga. Operasjon: Er svulsten i endetarmen ikkje for stor eller veks for mykje inn i omgivande vev, og det ikkje er spreiing, så blir Gunnar operert. Strålebehandling / cellegift: Er svulsten for stor eller veks for mykje inn i omgivnadene mens det ikkje er spreiing, får han strålebehandling og eventuelt cellegift for å krympe svulsten. Etter nokre veker er svulsten vanlegvis så liten at ein opererer. Er det fjernspreiing, vil ein ofte ikkje kunne bli frisk, og pasienten får medikament for å halde sjukdommen i sjakk lengst mogleg. I nokre tilfelle kan ein fjerne spreiinga.

Nye prøvar Etter ein operasjon blir det teke nye prøvar i randsona av den fjerna svulsten for å sikre at alt er fjerna. Viss ein finn noko meir, må Gunnar ha ny strålebehandling eller ny operasjon. – Om heile prosessen går bra, vil det ta mellom 20 og 30 vyrkedagar før behandlinga er i gang, seier fagdirektør Baard-Christian Schem i Helse Vest.

Ofte gjer ein funn som er usikre. Ein kan finne ein “flekk” på lunga eller eit mistenkeleg område i levra. Dette kan vera ufarlege endringar som mange har utan å vere sjuke, eller det kan vere spreiing. Igjen krev dette ny avklaring med tanke på behandlinga. Ofte fører eit funn som dette til ny vevsprøve. Så skjer det same igjen, med ny venting på prøvane.

15


helse i vest juni 2011

OM prosjektet • Kols-kofferten er ein del av eit større samhandlingsprosjekt ved Dalane lokalmedisinske senter (LMS), Helse Stavanger. • Prosjektet har motteke samhandlingsmidlar frå blant anna Helse Vest, Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og fleire private givarar. • Prosjektet starta i september 2008 og vil vare til 1. januar 2012. • Dei første koffertane har vore i bruk over eit år. • Prosjektet ønskjer å utvide bruken av koffertane til fleire kols-kronikarar, og til fleire typar helseproblem.

Trygg

med koffert 73-årige Joakim Klepp sit i godstolen heime på Klepp. Klokka nærmar seg elleve og han opnar kols-kofferten som står på salongbordet. Eit lite trykk på ein knapp, og han kan sjå sjukepleiaren rett inn i auga. Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto Monica Larsen

D

et er snart to veker sidan han fekk nyvinninga heim i stova. Då kom han heim frå tre sjukehusopphald med lungebetennelse og rehabilitering ved Dalane lokalmedisinske senter (LMS) i Eigersund kommune. Joakim Klepp har kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) og er tungpusta. Men no er han heime hos seg sjølv og får nødvendig oppfølging direkte frå sjukepleiaren, som sit i Egersund. Har aldri angra – Då dei spurde om eg ville prøve med kols-kofferten heime, sa eg først nei. Men etter å ha tenkt meg om ein dag, fann eg ut at eg ville prøve likevel. Og det har eg aldri angra på! Spesielt dei fire-fem første dagane etter at eg kom heim, var det svært trygt og godt å ha kofferten, fortel Klepp. – Det aller beste er at eg kan sjå den eg snakkar med rett inn i augo. Det er noko heilt anna enn å snakka med nokon på telefon. I tillegg kjenner dei meg og lidinga mi. Og det er godt at eg slepp å reise ut for å komme meg til legen med spørsmåla mine, fortel han mens han legg den eine fingeren inn i eit måleinstrument. Det skal måle surstoffmettinga i blodet, i tillegg til pulsen. Informasjon på direkten – No kan du ta fingeren ut frå oxymeteret, seier sjukepleiar Laufey Gylfadòttir frå skjermen. Informasjonen blir sendt via mobilt breiband direkte frå kofferten inn til sentralen i Egersund. Sjukepleiaren kan lese av resultatet med det same. – Veldig bra resultat i dag, Joakim! Korleis går det med deg elles? Har du like fint ver på Klepp som vi har i Egersund? Med kofferten kan Klepp og gjere ein spirometri-test, som måler lungekapasiteten. Då blæs han i eit slags røyr og informasjonen går vidare til sentralen. Alle data blir samanlikna frå dag til dag og slik kan sjukepleiarar og legar følgje pasientane opp

16


helse i vest 3/2010

Kols-kofferten • Spesialutforma berbar PC der pasient og helsepersonell kan kommunisere via bilete og lyd. Svært enkel i bruk. • Pasienten kan blåse i eit spirometer (lungefunksjonsprøve), og måle oksygeninnhald i blodet og hjartefrekvens. Informasjonen blir overført til helsepersonellet ved hjelp av mobilt breiband. • Det er mogleg å kontakte helsepersonell per telefon eller alarmknapp heile døgnet.

17


helse i vest juni 2011

– Det aller beste er at eg kan sjå den eg snakkar med rett inn i augo, seier Joakim Klepp. Med kofferten kan han og gjere ein test som måler lungekapasiteten.

Mariann Svanes og Johannes Bergsåker-Aspøy har arbeidd saman for å få ti koffertar til kolspasientar sør i Helse Stavanger. No håper dei at samhandlingsprosjektet kan utvidast, slik at dei òg kan dekkje andre kommunar i Helse Stavanger og gjerne andre delar av Helse Vest etter kvart.

på ein heilt annan måte enn det som elles har vore vanleg. Vanlegvis er det sett av 30 minutt per pasient per dag og pasienten har kofferten heime hos seg i om lag to veker. Del av samhandlingsprosjekt – Dette er eit godt eksempel på korleis moderne teknologi kan brukast for å gi pasientane våre den beste og mest effektive omsorga, fortel Johannes Bergsåker-Aspøy, prosjektleiar og overlege ved Dalane lokalmedisinske senter. Han har saman med avdelingssjef Mariann Svanes arbeidd for å få til saman ti koffertar til kommunane Lund, Sokndal, Eigersund, Bjerkreim, Hå, Time, Klepp og Gjesdal sør i Helse Stavanger sitt føretaksområde. No håper dei at samhandlingsprosjektet kan utvidast, slik at dei òg kan dekkje andre kommunar i Helse Stavanger og gjerne i andre delar av Helse Vest etter kvart. Kan brukast på andre sjukdommar – På sikt håper vi at kofferten kan brukast òg ved andre sjukdommar enn kols, fortel Bergsåker-Aspøy. Han nemner hjartesvikt, diabetes, behandling ved livets slutt, dialyse og rehabilitering som moglege område.

18

– Tryggleiken eg har hatt i kofferten desse vekene, har vore ein viktig faktor for at eg har kome meg så raskt på beina igjen. Joakim Klepp, kols-pasient Kollega Mariann Svanes understrekar at kofferten skal vere eit supplement til fastlegen. Men det er ei kjent sak at kolspasientar ofte blir innlagde på sjukehus, gjerne fleire gonger på kort tid. – Vi vil gjerne hindre re-innleggingar av kols-pasientane i sjukehus, og samtidig avlaste heimesjukepleien i kommunane. Men det aller viktigaste for oss er pasienten, understrekar Svanes. Ny form for omsorg – Ein skulle tru at den kalde, harde kofferten ikkje kunne vere til hjelp for pasienten, og at den skulle vere komplisert

å bruke. Men til sjuande og sist er kofferten blitt symbolet på ei varm og mjuk omsorgshand, seier Svanes. Heime på Klepp kan ikkje Joakim Klepp vere meir einig. Redsla for å prøve noko nytt og ukjent i hans alder har vist seg å vere ugrunna. – No skal eg snart levere kofferten frå meg til andre som treng han. Det går heilt fint, for eg føler meg friskare no. Men tryggleiken eg har hatt i kofferten desse vekene, har vore ein viktig faktor for at eg har kome meg så raskt på beina igjen, seier Klepp.


helse i vest juni 2011

SamhandlingsSaman for eit friskare Noreg reforma: Frå 1. januar 2012 treff Samhandlingsreforma pasientar, legar, sjukepleiarar og alle andre i helsetenesta. Men kva er eigentleg målet med denne gigantiske reforma og korleis skal du forhalde deg til endringane? Her finn du spørsmål og svar om Samhandlingsreforma: Kva betyr dette for folk flest? • Gå til fastlegen. Framleis vil fastlegen vere døra inn til helse- og omsorgstenestene.

Kva er samhandlingsreforma?

• Dei som treng behandling på eit sjukehus, skal framleis få det. Dei som kan få eit like godt eller betre tilbod i kommunane, skal få det. • Vi skal førebyggje meir og hjelpe folk før dei blir for sjuke. • Vi skal oppdage sjukdom tidlegare og gi raskare behandling. • Ulike ledd i helsetenesta skal jobbe meir saman slik at det blir enklare og betre for folk. • Folk med kroniske lidingar skal få betre tenester, meir oppfølging der dei bur og meir hjelp til koordinering av dei nødvendige tenestetilboda. • Tenester skal flyttast nærmare der folk bur. Fleire oppgåver skal flyttast til kommunane og dei får pengar til å utføre dei.

Samhandlingsreforma viser veg for fremtidas helseog omsorgtenester. Målet er at: • Folk skal vere friske så lenge som mogleg – når dei treng hjelp skal dei få det. • Tilbodet skal ha god kvalitet. Pasientar og brukarar skal oppleve at dei får hjelp utan svikt og brot i behandlingsforløpet. • Ein større del av helsetenestene skal ytast i kommunane, der folk bur. • Pasientane og brukarane skal vere i sentrum. Det er dei som veit kor skoen trykkjer. Pasientar og brukarar skal ha innflytelse på planlegging og utforming av tenestene, og dei skal vere med og ta avgjerder som gjeld eiga helse.

• Det skal bli lettare å få helsehjelp lokalt, og folk vil få eit breiare helsetilbod i kommunane. • Er det behov for hjelp til å leggje om levevanar, endre kosthald, komme i gang med fysisk aktivitet eller stumpe røyken, skal folk få tilbod om det gjennom frisklivstilbodet i kommunen.

Når skal reforma gjennomførast?

• Lokalmedisinske senter vil ha ei viktig rolle i det nære helsetilbodet.

• Gradvis gjennomføring med startskot 1. januar 2012.

• Folk skal oppleve at dei får god behandling – når dei treng det.

• Oppbygging av helsetilbod i kommunane kjem til å skje over tid.

• Vi skal byggje sterke spesialiserte fagmiljø.

• Mange kommunar er allereie godt i gang med arbeidet.

• Viss folk ikkje får god behandling, blir det ein stad å klage – til Fylkesmannen. • Pasientar og brukarar skal få større medverknad.

Korleis skal vi få det til?

Kva betyr dette for kommunane?

Kva betyr dette for sjukehusa?

• Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) er regjeringa sin plan for helse- og omsorgssektoren dei neste åra. Hovudgrepa i samhandlingsreforma er skisserte der.

5 milliardar kroner er føreslått flytta frå staten til kommunane. Det skal lønne seg å førebyggje og byggje opp nye tenester der folk bur:

• Betre samarbeid og arbeidsdeling mellom sjukehus.

• To nye lover – folkehelselova og kommunal helse- og omsorgstenestelov. • Ny folkehelselov styrkjer ansvar for førebygging og helsefremjande arbeid i kommunane – «helse i alt vi gjer». • Éi felles lov for helse- og omsorgstenesta i kommunane samlar pliktene til kommunane. • Plikt til samarbeidsavtaler mellom kommunar og sjukehus skal forhindre at pasientar blir liggjande på sjukehus fordi heimkommunen ikkje har noko tilbod til dei.

• Sterk statleg styring av sjukehusa.

• Kommunane skal betale ein del av sjukehusbehandlinga, og får pengar til det. 4,2 milliardar kroner blir overførde frå sjukehus til kommunane. • Kommunane overtek ansvaret for utskrivingsklare pasientar på sjukehus frå første dag. • Kommunen pliktar å etablere tilbod med akutt hjelp – døgntilbod for pasientar som har behov for akutt hjelp eller observasjon. Plikta skal fasast inn i perioden 2012–2015. • Dei økonomiske rammene til kommunane skal styrkjast.

19


helse i vest juni 2011

Stille før stormen: Dagleg leiar Kristin Mohn legg ingenting imellom før opninga av Veksthuset Rogaland: – Behandlinga her er knalltøff, men dei rusavhengige blir rusta for samfunnet vidare, lovar ho.

Felles kamp mot rus I Veksthuset Rogaland må pasientane sjølv ta hovudansvar for å gjere seg sjølve – og nye kameratar – rusfrie. Tekst Tonje Pedersen / Sigurd Rønningen Foto Kjetil Alsvik

E

in nedlagt radiostasjon, ei gruppe rusavhengige, ein felles skjebne: Dei tomme lokala etter Rogaland Radio utanfor Sandnes har brått vakna til eit nytt liv – akkurat som dei 15 som nyleg flytta inn. – Rusavhengige har ofte vanskar med sosialisering, mange har angst og slit med psykologisk utvikling. Her i Veksthuset bruker vi fellesskapet som metode for å endre både brukarane sin livsstil og deira identitet, seier dagleg leiar Kristin Mohn: – Målet er å utløyse ei omfattande endring i kvar enkelt. Trygt hierarki Internasjonalt er terapeutiske samfunn ein svært anerkjent metode for å hjelpe

20

ungdom inn i eit rusfritt tilvære. Det unike med Veksthuset er at bebuarane sjølve må ta ansvar for si eiga – og kameratane – si behandling. – Alt handlar om å sette bebuarane i arbeid, seier professor Edle Ravndal ved Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF). – I staden for å la dei rusavhengige sitje passive og ta i mot behandling avskåre frå omverda, blir skjøtting av ei rekkje arbeidsoppgåver ein arena for å engasjere seg i eit større fellesskap. Big Brother Plassert midt ute i jærsk åkerland, er Veksthuset Rogaland såleis eit vaskeekte arbeidskollektiv. Akkurat som i ei større

bedrift, skjøttar brukarane ulike oppgåver i eit til dels innfløkt hierarki. Dagane er fylde av gjeremål som vasking, hagearbeid, vedlikehald, utarbeiding av handleliste og matlaging til 20 personar. Bebuarar som utmerkar seg i arbeidet og held seg rusfrie over tid, stig i gradane og får meir ansvar – for seg sjølv, arbeidsoppgåver og andre bebuarar. Men kvifor ta i bruk noko så avleggs som eit strengt oppbygd hierarki i ei verd der motsatsen – det frie individet – blir dyrka overalt elles? – Nye bebuarar er ofte usikre, plutseleg skal dei vere rusfrie i lag med mange framande. Det er knalltøft. I denne situasjonen utgjer hierarkiet ei trygg ramme rundt tilværet, forklarer dagleg leiar Kristin Mohn. Den same logikken ligg til grunn for at nye bebuarar blir tildelt ein meir erfaren fadder, kalla storebror eller storesøster. At storebror og storesøster ser deg, er eit sentralt element i behandlinga. – Bebuarar som slit, skal forsvarast mot sin eigen hang til å stikke seg unna. Andre bebuarar skal til eikvar tid kunne sjå korleis ein har det, gi omsorg og dele eigne erfaringar. I gruppeterapi lærer bebuarane kvarandre å kontrollere kjenslene sine, snakke saman og passe på kvarandre, seier Mohn. Den særskilte behandlingsforma har sine røter frå USA, der rusavhengige sjølve


helse i vest juni 2011

Hjelp til sjølvhjelp: Hardt arbeid i fellesskap utgjer ein stor del av terapien på Veksthuset. Miljøterapeut Ann Helen Gabrielsen klargjer storkjøkkenet til nye kokkar og mykje søl.

Aldri åleine: Gjennom det eit år lange opphaldet er dei rusavhengige aldri åleine - sjølv i søvne har dei selskap av ein romkamerat.

tok grep og danna behandling i fellesskap. Veksthuset tilbyr altså ei slags hjelp til sjølvhjelp. Kva tek så fagfolka seg til når dei rusavhengige gjer så mykje av jobben deira?

Erfaringane frå hospiteringa set fagfolka i Veksthuset i stand til å skjønne korleis det er å vere bebuar. Korleis det er å måtte halde ut lange arbeidsdagar og ekstremt direkte tilbakemeldingar på seg sjølv, utan nokon utveg Pasient for to veker til å stikke seg unna. Den einaste forma for På eit felles bad ein stad i indre Telemark ”privatliv” bebuarane kan håpe på, er ein gnei Kristin Mohn (49) seg stuptrøtt og halvtime på ein stille benk ��� dersom den lattermild i augo. Nok ein uvanleg dag på skriftlege søknaden deira blir akseptert. jobben: Rundt Mohn trippa nye venninner – Hospiteringa set oss i stand til å setje på 20 år rundt, knapt iført undertøy: Som oss inn i og kjenne på ein del reaksjonar og ei førebuing til oppstarten av Veksthuset situasjonar som bebuarane våre etter kvart Rogaland, har størstedelen av dei tilsette hamnar i. Samtidig veit eg no kor utruleg mykje press enkeltindivid faktisk er i stand til å tåle, seier – I gruppeterapi lærer bebuarane leiar Kristin Mohn.

kvarandre å kontrollere kjenslene sine, snakke saman og passe på kvarandre. Kristin Mohn, dagleg leiar hospitert ved andre terapeutiske samfunn i Noreg. – Å kjenne metodikken på kroppen er nesten nødvendig som førebuing før ein startar opp slik behandling, forklarer Mohn. – De var sjølve pasientar? – Javisst, døgnet rundt i to veker. Eg sov i køyeseng og vaska fleire toalett enn eg har gjort i heile mitt liv. Tilbakemeldingane eg fekk på meg sjølv var så hemningslaust direkte og ærlege at det heile nærma seg terapien.

Sjølv virra ho nær apatisk rundt i eit par dagar etter å ha fullført to intense vekers hospitering ved eit terapeutisk samfunn i Telemark. Dei nye bebuarane ved Veksthuset Rogaland flyttar inn for eit år. Ifølgje forskar Edle Ravndal, som for tida arbeider med ein studie av 20 ulike behandlingstiltak for rusavhengige, er lengda på opphaldet i seg sjølv eit langt steg i riktig retning for dei rusavhengige. – Ulike behandlingstilbod har sjølvsagt ulik effekt på ulike individ, men all forsking viser at jo lengre tid opphaldet varer, desto betre blir resultatet, seier ho. Eller som det står å lese i dei velfunderte

husreglane som nye bebuarar ved Veksthuset Rogaland blir møtte av: Inntil eit menneske tør møte seg sjølv i andre sine auge og hjarte, flyktar det.

veksthuset i Rogaland • Nytt behandlingstilbod for rusavhengige i regi av Helse Stavanger. • Eit av seks terapeutiske samfunn i Noreg. • Plass til inntil 25 rusavhengige over 18 år. • Behandlinga varer i om lag eit år. • Del av fritt sjukehusval .

Terapeutisk samfunn • Brukarstyrt behandling for rusavhengige. • Oppbygd som eit hierarki, der bebuarane arbeider som i ei bedrift. • Leiarane har vore lengst i institusjonen og skal rettleie dei nye. • Dei tilsette verkar som stab, og skal ha overblikk over drifta. • Det terapeutiske tilbodet er tufta på ulike former for gruppeterapi.

21


helse i vest juni 2011

Helse Førde er fristvinnar Som første helseføretak i landet, nådde Helse Førde nyleg målet om null fristbrot. Resten av Helse Vest skal dit innan nyttår. – Det var ein siger den dagen vi såg nullen. Tala var stygge då vi starta med dette prosjektet, seier Gudny Bukve, leiar av EPJ-senteret (elektronisk pasientjournal) i Helse Førde. Som førebels det einaste helseføretaket i landet, har Helse Førde vist at det er mogleg å sørgje for at alle pasientar får den behandlinga dei har krav på innan utløp av fristen. Systematisk jobbing og planar sette i system, er årsaka til dei gode resultata. I Helse Førde var utgangspunktet alt anna enn lyst. Då prosessen tok til sist haust, opererte føretaket med mellom 12 og 14 prosent fristbrot. På det verste hadde meir enn 500 pasientar ikkje fått behandling innan den fristen dei hadde krav på. – Vi gjekk inn for dette, og arbeidde målretta for å kutte fristbrota, seier Bukve: – Dette er noko vi har gjort saman. Sett i system

Å redusere fristbrota i helseføretaka har lenge vore eit prioritert område nasjonalt og regionalt. I Helse Førde fekk prosjektet ei sterk leiarforankring og aktiv støtte utover i organisasjonen. – Vi fekk også midlar til å setje i gang utvida poliklinikkdrift der dette var nødvendig. Mange av fristbrota gjaldt poliklinikk. Dette gjorde det noko lettare å ta unna enn om det var ventande inn-

leggingar, fortel Bukve. – Vi såg på tre ting; vurderingar og tilvisingar, handtering av ventelistene og kontrollrutinane. Det viste seg at ein stor del av fristbrota skulda feilregistreringar. Opplæring

Nye rutinar blei laga, og alle som jobba med tilvisingar og ventelister måtte oppdaterast. Kvar avdeling i Helse Førde fekk i oppgåve å finne fast personell som fekk eit spesialansvar for å handtere ventelistene. – Vi laga ein slags ansvarsmatrise og dreiv klasseromsundervisning for å gi god og lik opplæring til dei ansvarlege. Dette arbeidet og rutinane danna grunnlaget for betre tal, fortel Bukve. Mogleg

Sjølv om større helseforetak har ein lengre veg å gå for nå dei same tala, meiner Bukve at det er mogleg for alle. – Viss det er eit stort helseføretak, krev det litt meir. Likevel er prinsippet det same. Det må setjast inn ressursar som står i forhold til storleiken på føretaket. Ein er avhengig av at alle partar gjer sin del av arbeidet korrekt og får nødvendig opplæring. Våre erfaringar er at ein gjennom systematisk arbeid kan rydde opp raskt. Eg har tru på å ta eit skippertak for å rydde opp i dette, seier ho.

Vil finne ein kur mot Arvid Rongve har teke doktorgrad på ein hittil ukjent demensdiagnose. Den viser seg å vere den vanlegaste etter Alzheimers sjukdom.

Fristar Helse Førde Gudny Bukve leiar av EPJ-senteret i fagavdelinga til Helse Førde

• I juli 2010 braut føretaket fristane for meir enn 500 pasientar. • Omfanget utgjorde 12-14 prosent fristbrot. • I januar og februar i år, hadde Helse Førde 0 prosent fristbrot.

Nullmål i sikte Målet om null fristbrot er innan rekkevidde i Helse Vest. Det same gjeld målet om 65 dagars ventetid. – Tal for april viser at vi har 6 prosent fristbrot i regionen mot 15 prosent i september då offensiven starta. Det viser ein fin nedgang, og vi skal klare resten også, sjølv om det nok krev meir av oss, seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest RHF. Han er tydeleg på at kampen mot fristbrot og for lang ventetid er dei viktigaste måla

22

for Helse Vest i 2011. – Derfor er det gledeleg å sjå at vi også nærmar oss det nasjonale målet om maks 65 dagars gjennomsnittleg ventetid, seier han. Pila peikar nedover, og apriltala viser ei ventetid på 71 dagar i snitt for alle behandla pasientar i alle føretaka i regionen. – Ved utgangen av året skal vi ha klart 65 dagar eller mindre, slår Herlof Nilssen fast.

Herlof Nilssen administrerande direktør i Helse Vest RHF

Arvid Rongve er overlege ved Alderspsykiatrisk klinikk i Helse Fonna. Gjennom sin doktorgrad om aldersdemens med Lewylekamar har han funne ein samanheng som kan hjelpe til i behandlinga av demens.


helse i vest juni 2011

demens Tekst Kristin Dugstad Vestrheim Foto Haakon Nordvik / illustrasjon colourbox.com

V

i lever lenger og demenssjukdommar blir stadig meir vanleg. I dag viser tal at nær 70 000 i Noreg lir av ein form for aldersdemenssjukdom. Om førti år vil talet ha dobla seg. – Eg tenkjer på denne utviklinga kvar einaste dag. Vi treng ekspertise, kunnskap og stor nok bemanning for å møte denne utfordringa, seier overlege ved Alderspykiatrisk klinikk i Helse Fonna, Arvid Rongve. Han ivrar for forsking på alderspsykiatri og har kome fram til ein diagnose som enno er så ukjent at han ikkje er med på lista til Verdas helseorganisasjon. Overraskande funn Aldersdemente med lewylekamar kan ha fleire likskapar med andre lidingar, noko som gjer det vanskeleg å skjelne denne sjukdommen frå til dømes psykose eller Alzheimers sjukdom. Rongve inkluderte søvnstudiar i arbeidet med pasientane, noko ingen har gjort før. Det skulle vise seg å vere nøkkelen til rett diagnose. 80 prosent av dei demenssjuke med lewylekamar viser seg å ha søvnforstyrringar. Andre sentrale kjenneteikn ved sjukdommen er syns- og hørselshallusinasjonar. – Det var overraskande å finne at så mange som ein av fem pasientar med aldersdemens har demens med Lewylekamar, seier Rongve. At 20 prosent har denne demenssjukdommen gjer den til den vanlegaste aldersdemensdiagnosen etter Alzheimers sjukdom. Sjølv om dei to sjukdommane kan ha fleire av dei same symptoma er det

nettopp desse to som ikkje bør forvekslast: – For Alzheimer-pasientar som har åtferdsforstyrringar og er urolege, er det enno nokre stader vanleg å bruke medisinar mot psykose sjølv om ein i dag veit at slike medikament aukar faren for alvorlege biverknader. Desse medisinane kan vere direkte farlege for demenspasientar med Lewylekamar, seier Rongve. Leiter etter kur Kuren mot aldersdemenssjukdommar er framleis ei uløyst gåte. Forskinga held fram. Med riktig diagnose blir pasientane likevel møtte med tiltak som hjelper og kan heve livskvaliteten deira. Prognosane

interesser å dyrke, noko å bryne hjernecellene på, er flott. Studiar viser også at ei lang utdanning gir ein buffer mot aldersdemenssjukdommar: Ein kan miste fleire hjerneceller før det gjer skade og utviklar seg til demens. Elles er det generelle rådet om å vere aktiv både i kropp og hovud avgjerande. Eit sunt kosthald som fremjer eit sunt blodtrykk og kolesterolnivå er positivt. Inntak av antioksidantar og Omega-3 kan også dra i rett retning, fortel Rongve. Studiar viser kopling mellom depresjon og utvikling av aldersdemenssjukdommar, i tillegg til at pasientar med kroniske betennelsar i kroppen viser seg å lettare

– Eg tenkjer på denne utviklinga kvar einaste dag. Vi treng ekspertise, kunnskap og stor nok bemanning for å møte denne utfordringa. Arvid Rongve

kan betre seg og sjukdomsutviklinga til ein viss grad haldast i sjakk. Sjølv om arv og gener styrer mykje, er det ting vi alle kan gjere for å utsetje utviklinga av aldersdemenssjukdommar. Den positive nyheita er at ein generelt god helsetilstand også kan halde aldersdemensen på avstand. Faktorar som hjelper – Engasjement i eige liv er viktig, det å vere oppteken av noko, delta i sosiale samanhengar, samhandle med andre, ha

utvikle aldersdemens. – Det finst mange samanhengar, noko som gjer spørsmålet om aldersdemens samansett. I det store og heile er det viktig å finne dei tiltaka som hindrar sjukdommen i å utvikle seg. Alder er unekteleg ein avgjerande faktor for utviklinga. Frå fylte 65 år stig førekomsten av sjukdommen jamt blant befolkninga. Med dei rette hjelpemidla kjem vi kanskje så langt at vi greier å utsetje prosessen så lengje at folk ikkje rekk å oppleve sjukdommen, seier Rongve.

23


Informasjon

Returadresse: Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger

B

m o s r a n a v e d Go te t i m s r e j g g y f reb

ø

Det er snart ferietid og mange legg ut på reiser til nære og fjerne strøk. Då kan det vere lurt å ha med seg nokre hygieneråd i bagasjen. Slik kan du unngå smitte og bidra til å avgrense spreiing av for eksempel influensa. Råda gjeld både på ferie i Noreg og i utlandet.

• Papirlommetørkle framfor munnen beskyttar andre

når du hostar eller nys. Kast papirlommetørkleet etter bruk. Vask så hendene.

• Bruk olbogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle.

• Vask hendene ofte og grundig, spesielt når du har vore ute blant folk.

• Handdesinfeksjon med alkoholhaldige middel er eit

C t o: Fo

olo u

r bo x.co

m

godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, for eksempel på reise.

? Likte du dette bladet Du kan abonner gratis på Helse i vest ved å sende namn og postadresse til info@helse-vest.no

Les meir om Helse Vest på nettstaden www.helse-vest.no

Følg oss på Facebook og Twitter! Facebook: Helse Vest RHF Twitter: @HelseVest


2011_02_Helseivest_web