Page 1

Rekruttering og integrering i eitt 8 Skaffar helsefagarbeidarar til sjukehusa

Friskare med trening 4

Kreftpasientar får opp pulsen i Helse Bergen

Nr 3/2010

rogaland / hordaland / Sogn og fjordane

Tryggleikspsykiatri:

fann ro Odd Asbjørn Bergsvik

på Valen

12


helse i vest Oktober 2010

DETTE ER DIN HELSEREGION Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist­helsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har cirka 29 000 medarbeidarar, omfattar rundt 50 sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til 1 million innbyggjarar. Budsjettet er på ca 19,7 milliardar kroner. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger.

HAUSTEN ER HER definitivt. Det er tilbake til kvardagen for dei fleste av oss –

med det det inneber av jobb og rutineliv. Med ein liten gut som akkurat har starta i barnehagen og travle dagar for oss vaksne, er det behov for litt rutinar. Derfor er eg glad for å vere blant dei som set pris også på kvardagens A4-liv. Noko av det som gjer at det er godt å komme i gang igjen etter ferien, er moglegheita til å starte med blanke ark når det gjeld gode vanar. Då tenkjer eg blant anna på fysisk aktivitet og kosthald. Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er sunt og usunt av det vi puttar i munnen, men dei nasjonale kosthaldsråda skal vere til å stole på. No er det komne oppdaterte og meir konkrete kosthaldsråd. Du finn dei på side 17-19.

Foto: Monica Larsen

Ny giv

Elisabeth Huse Kst. kommunikasjonsdirektør, Helse Vest

I denne utgåva av Helse i vest kan du også lese ein reportasje frå avdelinga for tryggleikspsykiatri på Valen. Odd Asbjørn Bergsvik har funne roa der etter tredve turbulente år inn og ut av ulike institusjonar. Snart skal han tilbake til samfunnet og klare seg sjølv utanfor institusjonen. Det gler han seg til.

Eit vinn-vinn-prosjekt vil eg kalle det, samarbeidet mellom Helse Vest, NAV og Rogaland fylkeskommune for å sikre rekruttering til helsearbeidarfaget. Her har dei gått saman i eit pilotprosjekt for å tilby kvinner frå innvandrarmiljø utdanning som helsefagarbeidarar, yrket vi tidlegare kalla hjelpepleiar. Vinn-vinn fordi vi får fleire sårt trengde helsefagarbeidarar i sjukehusa, mens kvinnene har fått ei unik moglegheit til å skaffe seg utdanning og arbeid. Du treff Vathany Minet og Sita Hoff på side 8-10. Haust betyr også at aktiviteten i sjukehusa er på full veg oppover, og mange pasientar skal inn til planlagde undersøkingar og operasjonar. Du skal vite at vi som arbeider i helsetenesta er særdeles opptekne av å få ned ventetida og å sikre at pasientar som har fått ein frist for når behandlinga skal starte, faktisk får behandling innan fristen. Her har vi enno ikkje vore flinke nok, men det skal det jobbast iherdig med framover. I kveld blir det ein tur langs fjorden med ei venninne. Det kan vere vanskeleg å motivere seg til uteaktivitet når det regnar og bles. Då er det kanskje enklare å ty til innetrening saman med andre? Det gjer Ingrid Simonsen. Ho er tidlegare kreftpasient og har blitt hekta på trening under sjukdommen. I ”Pusterommet” på Haukeland sveittar ho saman med andre likesinna. Les meir om den sporty gjengen på side 4-6.

Ha ein helsebringande haust!

PS! Brukar du nettsidene våre? I så fall har du kanskje lagt merke til at alle føretaka i Helse Vest har fått lik menystruktur og visuell profil på nettsidene? På sikt blir det også utfyllande informasjon om behandlingstilbodet ved sjukehusa i regionen. Sjekk ut nettsidene på www.helse-vest.no, www.helse-bergen.no, www.helse-fonna.no, www.helse-forde.no, www.helse-stavanger.no og www.sjukehusapoteka-vest.no!


helse i vest 3/2010 Helse i vest, utgåve 3/2010 Redaksjon Elisabeth Huse (ansvarleg redaktør) Camilla Loddervik (redaktør) Siri Tjessem Fjælberg

Abonner gratis på Helse i vest Send ein e-post til info@helse-vest.no

Trykkeri Bryne Stavanger Offset

Utforming og tilrettelegging Oktan Alfa AS Framsidefoto: Haakon Nordvik

Opplag 15.000

Redaksjonen avslutta 24. september 2010

Helse Vest og nynorsk Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har derfor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nettsidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

3/2010

4 Trenar seg friskare

Kreftpasientar i cellegiftbehandlig

helse i vest

Tryggleikspsykiatri

Fann ro på Valen

12

Unikt samhandlingsprosjekt

– Skal sikre fleire hender i helsetenesta

8 Trenar seg friskare under kreftbehandlinga.......4 Skal sikre fleire hender i helsetenesta................ 8 På Valen fann eg ro............................................12 Forskingsnytt.................................................... 16

Nye kosthaldsråd

Vegen til god helse ...

17

Nye kosthaldsråd...............................................17 Verdt å vite .......................................................20 Profilen.............................................................. 22

3


helse i vest 3/2010

Trenar seg

friskare

under kreftbehandlinga

– Kom igjen no, spark i rompa og kryss beina bak! Instruktør Silje Fimreite ropar ut til dei sju kvinnene som har teke vegen til Pusterommet ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen. Felles for alle er at dei er opererte for brystkreft og følgjer eit treningsopplegg som skal gi dei meir styrke etter at behandlinga er avslutta. Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto Bjørn erik larsen

–T

anken med opplegget er at dei som trenar allereie mens dei er under behandling med cellegift og stråling, er i mykje betre fysisk og psykisk form etter avslutta behandling, enn dei som ikkje trenar, fortel prosjektleiar Inger Thormodsen. I snart to år har Haukeland universitetssjukehus gitt dette tilbodet til nokre grupper av kreftpasientar, og ifølgje Thormodsen er resultata gode. Med Aktivitetshandboka frå Helsedirektoratet i bakhand, har Pusterommet komme fram til eit treningsopplegg som er godt tilpassa kvar enkelt pasient, etter den typen kreft han eller ho har, legg ho til.

Inger Thormodsen Prosjektleiar

4

Hovudmålsetjinga med Pusterommet er å komme i gang med trening så tidleg som råd. Thormodsen er stolt over kor langt dei er komne med dette arbeidet og fortel at dei no vil setje i gang eit forskingsopplegg for å få vitskaplege bevis for

at det dei har sett i gang, bør vere ein viktig del av kreftbehandlinga for fleire. Gevinstar å hente ved å starte tidleg – Eg er sikker på at det vi kallar tidlegrehabilitering, har mykje for seg for denne pasientgruppa. Det er utruleg viktig å komme i gang med fysisk aktivitet tidleg. Særleg for brystkreftpasientar er det nødvendig å bevege armen på den sida dei har fjerna eit bryst og kanskje også fleire lymfekjertlar. Det å sitje i ro for lenge etter ein operasjon er ikkje så bra etter den behandlinga kvinnene har vore igjennom, seier Thormodsen. Pusterommet er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering i Helse Bergen. I september blei det opna heilt nye treningslokale ved den gamle kreftpoliklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Det nye senteret har også utvida treningstilbodet, slik at pasientar med fleire diagnosar kan ha nytte av det. Ei av dei som trenar ved senteret, er Ingrid Simonsen. Ho fekk ein brystkreftdiagnose hausten 2008 og blei operert kort tid etter. Deretter følgde hard cellegift- og strålebehandling, sidan ho hadde ein aggressiv krefttype som trong langtidsbehandling.


Tøffe tak til høg musikk. Når oppvarminga er god, blir musklane varme og tøyelege til sjølve styrketreninga begynner.

Allereie etter nokre få cellegiftbehandlingar bestemte ho seg for å prøve tilbodet om trening. – Berre det å komme seg ut av huset var kjempegodt. Då eg blei sjuk, blei det mange timar heime åleine utan å ha nokon å snakke med. Dei fleste var jo på jobb, og eg var heime for å kjempe meg igjennom kreften. Då eg kom hit, var eg saman med andre som var i same situasjon som meg. Plutseleg kunne eg hente ut energi eg ikkje visste at eg hadde ein gong. Då eg tok til med treninga, fekk eg kroppen i gang. Eg fekk ein mykje betre livskvalitet mellom cellegiftkurane. Eg skulka aldri timane, for dei gav meg så utruleg mykje, fortel Simonsen. – Krossryggen i golvet, no er det klart for ”situps”! Blide fjes følgjer ordrane frå instruktøren. «Det går likar no» ljomar gjennom rommet, mens kvinnene gjer øvingar som mange av oss kunne hatt problem med å følgje. Men det er ikkje så rart, for dei er i gruppa for vidarekomne. Borte er parykk og skaut, for alle har fått håret sitt tilbake igjen etter behandlinga, og dei er ferdige med trening for nybegynnarar. No skal alle muskelgrup-

per styrkjast. Bakende, lår, mage, rygg, skuldrer og armar får sine 12 repetisjonar og 3 seriar. Her er det ingen slinger i valsen for kvinnene som kanskje har ein spesiell motivasjon for treninga etter diagnosen dei fekk for ei tid sidan. – Eg er nokså overbevist om at eg ikkje hadde vore i den forma eg er no, hadde eg ikkje begynt med denne treninga. Då tenkjer eg ikkje berre fysisk, men òg mentalt og sosialt. Det har vore godt å utveksle erfaringar med andre og vite at det som har skjedd og skjer med kroppen min, er heilt normalt med den diagnosen eg fekk. Då eg fekk høyre at andre sleit med dei same biverknadene som eg, tenkte eg at då var det greitt, og eg slapp å uroe meg meir for det. Her har vi lyfta kvarandre opp og fram. Vi har ledd saman, og vi har støtta kvarandre på alle måtar. No veit eg at eg ikkje kan leve utan å trene. Dette må eg halde på med resten av livet, slik at eg ikkje får smerter eller anna ubehag, seier Simonsen bestemt. Slutta med treninga, blei dårlegare Ingrid Simonsen har allereie erfart at det beste er å vere aktiv og

5


helse i vest 3/2010

– Då eg tok til med treninga, fekk eg kroppen i gang. Eg fekk ein mykje betre livskvalitet mellom cellegiftkurane. Ingrid Simonsen, kreftpasient å trene. Ho slutta å trene ved Pusterommet etter rundt eitt år. Då ønskte ho for ein periode å ta opp igjen aktivitetar ho dreiv med før ho blei sjuk, og som ho hadde sakna. I den tida blei det ikkje så mykje trening, og etter rundt ein månad fekk ho smerter og hadde vondt for å bevege armen og skuldra på den sida der ho har fått fjerna lymfekjertlane. Då måtte ho ha smertestillande, og ho lurte på om ho skulle setje i gang med fysioterapi. Men ho fekk lov til å komme tilbake til treninga på sjukehuset, og etter kort tid var alle smertene borte. Det var nyttig lærdom, både for Pusterommet og for Simonsen sjølv. – Men eg veit jo at eg ein dag ikkje er for pasient å rekne, og eg kan ikkje vere her for alltid. Eg må finne meg andre treningsplassar utanfor sjukehuset for å gi plass til andre som kjem etter meg. Eg har vore på mange treningssenter, men eg har ikkje nokon stad funne personar som har same kompetansen som den dei har her. Eg har lært så mykje om trening som eg ikkje kunne då eg sjølv ein gong tok idrettsfag på lærarskolen, seier Simonsen. Gode instruktørar gir gode resultat Treninga i regi av Pusterommet er ikkje berre for brystkreftopererte kvinner, men òg for dei med tjukktarmskreft, lymfekreft, testikkelkreft og prostatakreft. Silje Fimreite er ein av medarbeidarane der. Ho har ein mastergrad i fysisk aktivitet og helse frå Noregs idrettshøgskole og fortel at det er viktig å starte treninga forsiktig. – Eg informerer mykje undervegs, slik at alle skal skjøne kva som fysiologisk skjer i kroppane våre når vi trenar. Det er ein grunn for alt vi gjer, slik treninga er lagd opp. Kva slags øvingar vi gjer, rekkjefølgja av øvingane og korleis vi gjer øvingane, er svært viktig. For eksempel er styrketrening spesielt godt for å førebyg-

Silje Fimreite Instruktør

Ingrid Simonsen trenar den øvre delen av ryggen. Det er viktig å bevege seg på ein kontrollert måte og å sleppe strikken langsomt tilbake.

gje beinskjørleik. Beintettleiken blir redusert som følgje av kreftbehandlinga, på grunn av hormonendringar og redusert aktivitet. Styrketrening aukar muskelmassen og tettleiken av beinmineral. Det fører til redusert risiko for beinskjørleik. Kreftpasientar bør trene både styrke og kondisjon. Kreftframkallande stoff har god lagringsevne i feittvev. Fysisk aktivitet gir betre energibalanse, og derfor er det viktig å byggje opp stor muskelmasse. Styrketrening er blant anna viktig for å styrkje skjelettet og for å byggje opp store musklar i setet og låra. Det er positivt for hjarte- og karsystemet. Vi driv styrketrening for å lagre energi i beina og ikkje i mageområdet, fortel Fimreite. Ingrid Simonsen er no tilbake i jobben sin i skoleverket, i 80 prosent stilling, etter at ho starta roleg med arbeid i fjor. Ho kjem til å halde fram med å trene, også etter at ho er fullt tilbake i arbeidslivet. I tillegg er ho glad i å gå turar med hunden sin. – Det aller beste med treninga er at eg hentar energi, og at det har gitt meg så mykje betre livskvalitet. Eg anbefaler alle som blir sjuke, og som trur dei er i stand til det, å trene. Eg er utruleg takksam for at eg fekk vere med på treninga her på sjukehuset, seier Simonsen.

Liknande tilbod i dei andre føretaka? I denne artikkelen har vi fortalt om tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen. Det vil i andre helseføretak også vere ulike tilbod om trening eller fysisk aktivitet, om ikkje akkurat slik som dei nett har fått i Helse Bergen. Dei ulike kreftavdelingane vil kunne bidra med å finne tilbod til pasientane dersom det finst eit slikt. Kreftforeningen og andre organisasjonar og frivilliggrupper har også i nokre tilfelle tilbod om fysisk aktivitet ved dei forskjellige sjukehusa. Det beste er å høyre med sjukehuset dersom du ønskjer å få informasjon om det finst treningstilbod.

6


helse i vest 3/2010

– No skal vi trene biceps. Stå med vektene hengande ned langs sida. Bøy i olbogane og lyft vektene heilt opp. Senk roleg tilbake til utgangsstillinga. Hugs å puste! ropar instruktør Silje Fimreite (bak i rosa).

7


helse i vest 3/2010

Stolte studentar i helsefagarbeidarutdanning! Frå venstre: Sita Hoff (Nepal), Irina Waage (Russland), Vathany Minet (Sri Lanka), Maria Teresa Ndongo-Mangue (Spania) og Thanh Nga Thi Nguyen (Vietnam).

Unikt samhandlingsprosjekt

Skal sikre fleire hender i

helsetenesta For to år sidan sat dei med draumen om å få fagbrev som helsefagarbeidar. Begge hadde arbeidd deltid på sjukeheim, og begge trong å lære betre norsk for å nå målet om å få fast jobb i helsetenesta. I dag er Vathany Minet frå Sri Lanka og Sita Hoff frå Nepal godt i gang med helsefagarbeidarutdanninga og klare for arbeidspraksis på Stavanger Universitetssjukehus. Tekst CAMILLA LODDERVIK og Siri Tjessem Fjælberg Foto Monica Larsen

D

et er første dag i arbeidspraksis ved Stavanger Universitetssjukehus for dei seks minoritetsspråklege studentane. Dei skal nok re opp mange senger i tida som kjem og det er noko av det første dei lærer. Studentane er del av eit unikt samhandlingsprosjekt mellom Helse Vest RHF, NAV og Rogaland fylkeskommune. Målet er å rekruttere fleire hender til helsefagarbeidarfaget, for å møte den store etterspørselen etter arbeidskraft vi kjem til å ha i helsetenesta dei kommande åra. – Kvinnene er handplukka frå innvandrarmiljøa i regionen og var i utgangspunktet heimeverande eller i deltidsarbeid. Dei blei spurde om dei ønskte å ta del i eit unikt opplæringstilbod i helsefagarbeidarfaget for vaksne med minoritetsspråkleg bakgrunn. I denne prosessen blei det òg etablert ein tett dialog

8

med familiane, for å sikre at både kvinnene og familiane deira var innstilte på dette, fortel Inga Landsvik, som er opplæringsleiar ved opplæringskontoret for lærlingar i Helse Stavanger. Unikt samarbeid Det var NAV og Rogaland fylkeskommune som stod for rekrutteringsarbeidet, og 16 kvinner takka ja til tilbodet. I dag er 14 framleis med. Seks av dei er i gang med arbeidspraksis ved Stavanger Universitetssjukehus, som del av siste året i helsefagarbeidarutdanninga. Dei andre åtte har valt å ha arbeidspraksis i kommunehelsetenesta. Bak seg har dei fem månader med intensiv norskopplæring, med vekt på fagspråket i utdanninga, og snart to år på skulebenken. Når skulegangen er fullført, vil alle få tilbod om læreplass frå Helse Vest eller kommunehelsetenesta.


helsehelse i vesti oktober vest 3/2010 2010

– Den store draumen min er å bli helsefagarbeidar, og det er så flott at dei også har eit tilbod for vaksne. Det som er så fint med denne ordninga, er fordelinga mellom teori og praksis. Vathany Minet frå Sri Lanka

– Eg gler meg utruleg mykje til å ta fatt på arbeidet her på sjukehuset, og eg er veldig takknemleg for at eg har fått denne sjansen. Den store draumen min er å bli helsefagarbeidar, og det er så flott at dei også har eit tilbod for vaksne. Det som er så fint med denne ordninga, er fordelinga mellom teori og praksis. No får vi snakke saman på skulen om det vi opplever og gjer i praksis, og vi får god oppfølging undervegs. Når eg er ferdig, er eg klar til å arbeide der det er bruk for meg, fortel Vathany Minet. Ho får støtte av medstudenten Sita Hoff, som seier at ho aldri hadde vore der ho er i dag dersom det ikkje hadde vore for pilotprosjektet mellom dei tre etatane. – Før eg lærte såpass bra norsk at eg kunne gjere meg nytte av skulen, arbeidde eg i kjøkkenet på ein sjukeheim. Eg forstod etter

kvart at det var for og blant dei eldre eg ønskte å arbeide. Eg fekk lov til å prøve meg litt med stell og pleie av dei eldre, då eg plutseleg fekk denne sjansen. No har eg lært meir om kva eg kan seie til dei eldre, og kva eg kan gjere for dei, og vi lærer å bli profesjonelle i arbeidet. Då eg starta denne utdanninga, var eg sikker på at dette var det rette for meg, seier Hoff. Må ta grep for å sikre kompetanse i helseføretaka Det kjem til å bli eit betydeleg behov for nye medarbeidarar innanfor spesialisthelsetenesta dei kommande åra. Det trengst blant anna mange helsefagarbeidarar. I tillegg kjem òg ein større etterspørsel etter denne typen kvalifikasjonar i kommunehelsetenesta.

9


helse i vest 3/2010

– For å møte det framtidige behovet for denne typen medarbeidarar var vi nøydde til å tenkje nytt og ta nye metodar i bruk. I mange av innvandrarmiljøa er det mange heimeverande kvinner som vi kan ha god bruk for, fortel Personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF, Hilde Britt Christiansen. Ho er ein av initiativtakarane bak samhandlingsprosjektet, som så langt berre har fått positive tilbakemeldingar. – Vi får utruleg gode tilbakemeldingar frå leiarane der desse studentane har vore i arbeidspraksis. Dei gjer ein utruleg god jobb både når det gjeld det faglege, det språklege og det sosiale. Det er nesten slik at spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta slåst om å få dei som praksiselevar, ler Landsvik. Dei positive tilbakemeldingane kjem også kvinnene til gode og verkar som ein motivasjonsfaktor, fortel Vathany Minet. – Det er kjempekjekt å bli så godt motteke. Etter at eg hadde vore i praksis i to ulike sjukeheimar, ringde begge opp etterpå for å spørje om eg ville ha arbeid i helgar eller feriar. Eg vil òg trekkje fram den gode rettleiinga eg har fått. No er eg her for å lære, ikkje berre for å arbeide for å tene pengar. Då eg arbeidde i ein sjukeheim tidlegare, gjorde eg ting slik eg trudde det skulle gjerast. No lærer eg det som er riktig, og eg forstår også betre kvifor vi gjer jobben slik vi gjer. Det er utruleg godt å vite at det arbeidet vi gjer, betyr noko for så mange, seier Minet. Ønskjer å utvide tilbodet Sidan oppstarten av pilotprosjektet i 2008 har fleire kvinner med minoritetsspråkleg bakgrunn vist interesse for å vere med i prosjektet. Men så langt har ein ikkje hatt kapasitet til å ta hand om fleire enn dei som er med i pilotprosjektet. Helse Vest håper likevel at dette kan bli ei permanent løysing når pilotprosjektet er ferdig i 2011. – Vi har så gode erfaringar frå pilotprosjektet at vi ønskjer at dette skal bli eit permanent tilbod. I tillegg ønskjer vi at det skal vere eit tiltak som også kan overførast til dei andre helseføretaka i Helse Vest. Dersom vi i tillegg får arbeidd tettare opp i mot viktige innvandrarmiljø, har vi potensial til å få rekruttert mange fleire hender til helsetenesta, noko som kan føre til at vi også i framtida er i stand til å tilby helsetenester av høg kvalitet, seier Christiansen. Ho håper no å komme i dialog med styresmaktene, slik at ein I praksis lærer Vathany Minet korleis ho skal måle blodtrykket på riktig måte.

10

Ingunn Eltervåg ved Rygjabø Studiesenter er ansvarleg for den teoretiske opplæringa.

kan få realisert planane om eit vidare tilbod, kanskje også på landsbasis. – Dette er eit tiltak med positive ringverknader som strekkjer seg langt utover det å rekruttere fleire hender til helsefagarbeidarfaget. Dette er eit integreringstiltak, ikkje berre for dei kvinnene som har vore med i pilotprosjektet, men òg for familiane deira. Dette meiner eg absolutt er vegen vi må gå, noko eg trur også styresmaktene vil sjå den positive nytten av, seier Christiansen. Lærlingtida blir litt ulik for studentane på kurset, sidan nokre av dei har arbeidspraksis frå før som dei kan få godkjent. Felles for alle er at dei ser fram til ein jobb innanfor helsefagarbeidarfaget når teoriutdanninga er fullført våren 2011.

– Det er viktig å kome seg ut av senga så tidleg som mogleg. Dette kallar vi mobilisering, fortel Sita Hoff.


helse i vest 3/2010

Ny regional vurderingseining for rehabilitering:

Skal sikre lik vurdering og prioritering av pasientane – Formålet med å etablere ei regional vurderingseining for rehabilitering er å sikre at pasientane som blir tilviste til dei private rehabiliteringsinstitusjonane, blir vurderte og prioriterte i tråd med pasientrettigheitslova, prioriteringsforskrifta og prioriteringsrettleiarar. I tillegg skal vurderingseininga bidra til betre samordning av tenestene til pasientane, fortel fagdirektør i Helse Vest RHF, Baard-Christian Schem. Som grunnlag for opprettinga av vurderingseininga har Helse Vest gjennomført eit utgreiingsprosjekt med deltakarar frå to kommunar, to private rehabiliteringsinstitusjonar, brukarorganisasjonar og ulike einingar i spesialisthelsetenesta. Den regionale vurderingseininga er lagd til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, som ligg under Helse Bergen. Skal bidra til samanhengande tenester til pasientane Vurderingseininga starta 9. august 2010. Det vil seie at alle fastlegar og privatpraktiserande avtalespesialistar no skal sende tilvisingar til rehabilitering i private rehabiliteringsinsti-

tusjonar til den regionale vurderingseininga. Dette gjeld for tilvisingar både i og utanfor regionen. Den regionale vurderingseininga vil ut frå behova til pasienten, slik dei går fram av tilvisinga, finne det rehabiliteringstilbodet som er best eigna. Den regionale vurderingseininga skal i samarbeid med regional koordinerande eining, som òg er lokalisert til kompetansesenteret, ha ei samla oversikt over og kunnskap om rehabiliteringstilbod i og utanfor regionen. Vurderingseininga skal bidra til å skape oversikt over ventetider ved dei private rehabiliteringsinstitusjonane i regionen, og skal òg vidareutvikle samarbeidet med andre helseregionar for å få betre oversikt over ventetider utanfor Helse Vest.

– Målet er i større grad å yte samanhengande tenester i nærområdet til pasienten og betre utnytting av rehabiliteringstilbodet i regionen, slik at færre treng å reise ut av regionen, seier Schem. Meir informasjon Helsepersonell, pasientar og pårørande kan få svar på spørsmål om rehabilitering ved å ringje gratis grønt nummer 800 300 61. Du finn òg mykje nyttig informasjon på nettsida til Helse Vest www.helse-vest.no, og på nettsida til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering www.helse-bergen.no/ kompetansesenter-habrehab

Baard-Christian Schem Fagdirektør i Helse Vest RHF

Foto Kjetil Alsvik

Helse2020 skal reviderast Helse Vest har starta arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden 2011–2015. – Både dei eksterne og dei interne utfordringane og føresetnadene Helse Vest står overfor, er i kontinuerleg endring. Det stiller oss som føretaksgruppe overfor strategiske og operasjonelle vegval som må tydeleggjerast og prioriterast. Vi meiner å ha eit godt utgangspunkt gjennom arbeidet som blei gjort med utarbeidinga av Helse2020 for vel fire år sidan, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen. Hovudmålet med revisjonen er å oppdatere tiltaksplanen for ein ny periode, basert på visjonen og dei verdiane og måla som ligg i planen, saman med dei endringane som har skjedd i perioden når det gjeld grunnlagsdokumenta bak strategien, utviklinga i det enkelte helseføretaket og i føretaksgruppa samla. Visjonen og måla står fast Helse2020 er forankra i styrevedtak i styra

i føretaksgruppa. Før styrevedtaka blei det gjennomført ein brei forankringsprosess både internt i føretaksgruppa og eksternt i regionen, blant anna gjennom høyring og fleire storsamlingar. Revisjonen av Helse2020 tek utgangspunkt i at visjonen, verdiane og dei overordna måla står ved lag. Grunnlagsdokumenta skal ikkje lagast på nytt, men reviderast. I det ligg det å sikre at dei framleis er relevante og fagleg oppdaterte, og at dei dekkjer dei viktige utfordringane og føresetnadene Helse Vest står overfor i dei kommande åra. – Prosjektet er såleis tenkt gjennomført i mindre omfang og skala enn den opphavlege gjennomføringa av prosjekt Helse2020. Det vil likevel vere avgjerande med god og tilstrekkeleg involvering og kommunikasjon med dei ulike interessegruppene både internt og

eksternt. Det er særleg viktig å sikre legitimitet gjennom god deltaking frå føretaka, sidan realiseringa av tiltaka i planen i stor grad må skje gjennom dei ulike føretaka, seier Nilssen. Du finn meir informasjon om Helse2020 på nettsidene til Helse Vest RHF.

Herlof NilSsen Administrerande direktør i Helse Vest RHF

Foto Kjetil Alsvik

11


helse i vest 3/2010

Tryggleikspsykiatri

Odd Asbjørn Bergsvik (55) sit og ser utover Hardangerfjorden. Med kaffi og røyk kan han tenkje over livet slik det har vore, og slik det skal bli. Etter å ha vore inn og ut av institusjonar nesten heile livet, kjenner han for første gong at han har ro i kroppen, og at livet ikkje er så verst likevel. No er han snart klar for å flytte inn i eigen bustad og setje seg nye mål. Sjølv meiner han at det er Valen sjukehus som skal ha æra for at han har komme så langt.

12


helse i vest 3/2010

ro

P책 Valen fann eg 13


helse i vest 3/2010

Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto HAAKON NORDVIK

Odd Asbjørn Bergsvik er pasient på Valen sjukehus si Eining for rehabilitering, og der har han vore i eit halvt år. Før det var han i to år på sjukehuset si strengaste avdeling, Eining for sikkerheitspsykiatri. Eininga er ein lukka post med plass til ti menn. Nokre av dei som kjem hit, er dømde til psykisk helsevern. Andre er pasientar som kan vere til fare for andre og for seg sjølve. Samhandling med kommunen – Om nokre få veker skal eg ha mi første veke i eigen bustad i eit bufellesskap. Det gler eg meg til, fortel 55-åringen. Valen sjukehus er i gang med eit opplegg der Bergsvik skal vere i ei veke i den nye bustaden og tre veker på sjukehuset. Rehabilitering tek tid, og sjukehuset reknar med at det vil ta minst eitt år med tilvenjing, i tillegg til at han får oppfølging så lenge det er nødvendig. Til slutt skal han kunne bu i den nye bustaden – Valen er den beste staden eg har vore. med tilsyn frå kommunen. – Valen er den beste staden eg har Etter å ha vore i fleire institusjonar i tretti år av livet vore. Etter å ha vore i fleire institumitt, kjenner eg at dei tek godt vare på meg sjonar i tretti år av livet mitt, kjenner eg at dei tek godt vare på meg, Odd Asbjørn Bergsvik og at dei ser meg som den eg er. No er eg ikkje lenger «taparen blant taparane». Då eg kom hit, hadde eg som pasientane kan vere med på. I flotte omgivnadar ved fjorden fleire verkebyllar i hovudet, og eg følte at hovudet mitt var ein stor er det alltid noko å finne på. teknisk feil. Eg er glad for at dei har klart å ordne meg til å vere den eg er i dag. Her har eg fått ein tryggleik som er utruleg god. Lokalbefolkninga verkar som ein del av behandlingstilbodet Eg får sove godt i fred og ro, og det siste halvåret har eg følt meg – Det er ikkje berre her på sjukehuset at eg kjenner meg teken betre dag for dag, fortel Bergsvik. vare på. Sjølv når eg syklar til butikken, treffer eg menneske som eg føler bryr seg om meg. Der får eg eit smil og tommelfingeren Tryggleik og omsorg er grunnlaget for behandling opp. Der kan eg sitje på ein benk og berre sjå på dei som går forbi, Overlege Karl-Heinz Escher stadfestar det Bergsvik fortel. og eg kan slå av ein prat med dei som arbeider i butikken. Eg set Escher er ein av legane som har vore ansvarleg for Bergsvik sidan han slik pris på godt humør og ein god kommentar. I tillegg er eg svært kom til Valen sjukehus i mars 2007. Då var glad i alle typar musikk, seier Bergsvik. Bergsvik psykotisk. Han har òg vore svært Ofte finn du Bergsvik på benken han har kalla «ja-benken», usikker, utrygg og paranoid, og han har gått utanfor inngangen til eininga si. Med musikk i øyra, kaffi og røyk på ulike medisinar i løpet av livet sitt. kan han kose seg i timevis. At personalet ved avdelinga kallar han – Det viktigaste vi gjer her på Valen sjuke- ein solstråle og ein draumepasient, lèt ikkje Bergsvik seg påverke hus, er å gi pasientane trygge rammer. Vi av. No er han først og fremst innstilt på at han vil møte samfunbruker mykje tid på å bli kjende og halde net på ein ny og betre måte enn tidlegare. Bergsvik fortel om ein ut saman. Det første vi gjer, er å stabilisere vanskeleg oppvekst og barndom og han har brukt mykje krefter medisinbruken. Deretter er det viktig at vi på å snakke om og arbeide med gammalt gruff. Han har mykje å byggjer gode relasjonar og skaper tryggleik, lære og mykje å venje seg til etter alle åra i institusjon. Tidlegare Karl-Heinz Escher til vi til slutt kan starte på sjølve rehabilihar det ikkje vore eit apparat klart for han når han har komme ut Overlege teringsarbeidet. Hos oss er det viktig å leg- av institusjonen, og det er den største forskjellen. gje til rette for eit individuelt behandlingsopplegg med vekt på pasienten sin bakgrunn. Det er viktig at Gler seg til å ta fatt på ”det normale livet” pasienten si verdigheit blir respektert, seier Escher. – No er eg sikker på at det skal gå godt. Eg har bestemt meg for Valen sjukehus tilbyr blant anna miljøterapi, trening i daglege det. Eg kan ta det meir med ro og kjenne på signala frå omverda. funksjonar, medisinar, samtaleterapi, informasjon om sjukdom- Eg har heller ikkje lyst til å øydeleggje resten av livet mitt med men, ergoterapi og samtalar med familien der det er aktuelt. I til- rus, for det er berre bortkasta å ruse seg. Eg kjenner meg så mykje legg finst det snikkarverkstad og fleire former for fysiske aktivitetar betre no, og eg kan gle meg over gode smakar i maten i staden

14


helse i vest 3/2010

Stolt 100-års jubilant

Til venstre: Odd Asbjørn Bergsvik har stor glede av sykkelen, som legen hans fann på bruktbua.

Tryggleikspsykiatri i Helse Vest

for ei flaske øl. Eg ser fram til at livet skal begynne å fungere for meg. Og eg synest det er viktig å stå fram i denne saka for å vise at eg er her, eg òg. Det er godt å kjenne at eg har fått ein ny sjanse i livet. Etter kvart håper eg òg å få eit betre forhold til familien min. Det får komme etter kvart, seier Bergsvik.

I Helse Vest sitt føretaksområde er det både lokale og regionale tryggleiksplassar. Den regionale eininga er lagd til Sandviken sjukehus i Helse Bergen, med 9 plassar. I Helse Førde er det 9 plassar ved Psykiatrisk klinikk, avdeling Tronvik, i Helse Fonna 10 plassar ved Valen sjukehus, og i Helse Stavanger er det 15 plassar. Desse plassane skal brukast til personar som er ein fare for seg sjølve og for samfunnet. Tryggleikseiningane skal undersøkje og behandle pasientar, i tillegg til å sikre behovet for tryggleik for den enkelte og for samfunnet.

Kontrasten er stor mellom asylet som blei teke i bruk 28. oktober 1910, til det psykiatriske sjukehuset Valen sjukehus er blitt i dag. På det meste var det 500 pasientar her, mot 75 sengeplassar i 2010. I dag høyrer Valen sjukehus til Helse Fonna sin psykiatriske klinikk, som er ein del av spesialisthelsetenesta. Sjukehuset har tilbod til pasientar frå Karmøy i sør til Jondal i nord. Tilboda er til menneske med alvorlege sinnlidingar som har eit sjukdomsbilete av ein slik karakter at dei blir opplevde som truande og farlege, i tillegg til dei som er dømde til behandling. Tryggleiksseksjonen har tre postar: Eining for sikkerheitspsykiatri, Eining for rehabilitering og Eining for psykosebehandling. I tillegg har sjukehuset etablert eit ambulant tryggleiksteam. Dette teamet arbeider tett saman med kommunane og er ein del av tryggleikskjeda for dei pasientane som det er knytt stor risiko til, og som treng å vere under tvunge psykisk helsevern. I forbindelse med jubileumsåret 2010 er det gitt ut ei bok, «I det trygge huset – Valen sjukehus gjennom hundre år», skrive av Sjur Tjelmeland. I tittelen kjem det fram at Valen skal vere ein trygg stad for pasientane. Verdigrunnlaget til sjukehuset er at alle som arbeider der, skal møte pasienten sitt behov for høg kvalitet i eit miljø som er prega av samarbeid, tryggleik og respekt.

15


helse i vest 3/2010

forskingsnytt

Kjelde: www.forskning.no Illustrasjonsfoto: Colourbox

Sats på

gode r a n a v n so/ v

Meir medisin frå travle legar Fastlegar som har ansvar for mange pasientar, skriv oftare ut reseptar enn kollegaer som har færre pasientar på lista. Og dei mannlege legane er verst. Eit viktig mål med fastlegeordninga var å styrkje allmennlegane si rolle som koordinator for pasientane og å hindre feil bruk og overforbruk av legemiddel.

Førskulebarn som har faste leggjerutinar, gjer det betre på testar som gjeld språk og tal, ifølgje ein studie. – Begynn tidleg med gode søvnvanar, meiner forskar. Når ulike søvnvanar blei vurderte, viste fast leggjetid seg som den mest stabile faktoren for positiv utvikling hos fireåringar, antyder ein studie frå Stanford Research Institute (SRI International) i USA. Studien omfattar 8000 barn og inneheld blant anna ei vurdering av søvnen til barna då dei var ni månader og 4 år. Barn som fekk nok søvn, og som hadde faste leggjerutinar, oppnådde betre testresultat i språkbruk, tidleg matteforståing og ordkunnskap. Resultata peiker også mot at tidleg leggjetid jamt over var gunstig for utviklinga.

– Resultata frå mine undersøkingar tyder på at konkurransesituasjonen og tidspress kan utfordre denne oppgåva. Spesielt bekymringsfullt er det når det gjeld vanedannande legemiddel, seier Inger Cathrine Kann, som er stipendiat ved Akershus universitetssykehus og forskar på føreskriving av legemiddel til eldre. Foreløpige resultat frå denne forskinga viser at mannlege legar med mange pasientar skriv ut langt meir per pasient

Brokkoli kan bremse aldring Tidlegare studiar har vist at brokkoli kan verke førebyggjande mot kreft og hjelpe mot magesår. No antyder ein ny amerikansk studie at denne grønsaka også kan halde kroppen ung. Forskarane knyter den positive effekten til det kjemiske stoffet sulforafane, som finst i brokkolien. Ifølgje studien utløyser og stimulerer sulforafane ein antioksiderande effekt frå genar, og frå enzym i visse immuncel-

16

ler i kroppen. Dermed bremsar dei den naturlege nedbrytinga av immunforsvaret som skjer med alderen. I studien blei dette vist ved å fôre laboratoriemus som var «godt oppe i åra», og som dermed hadde naturleg svekt immunforsvar, med sulforafane. – Sulforafane førte til auka immunrespons, og immunforsvaret låg på eit nivå som var på linje med dei yngre musene, seier Hyon-Jeen Kim, som er

hovudforfattar av undersøkinga. Dersom stoffet i brokkoli viser seg å kunne aktivere forsvarsverket mot dei frie radikala også hos oss menneske, trur forskarane at dette kan føre til utvikling av heilt nye medisinar. Inntil fleire studiar ligg føre, har dei amerikanske forskarane uansett ei klar oppfordring:

– Et meir grønsaker – og framfor alt brokkoli!

enn mannlege kollegaer med få pasientar. Samtidig føreskriv legar som har færre pasientar enn dei ønskjer seg, omtrent 2 prosent meir enn kollegaer med fulle lister, og opptil 13 prosent meir vanedannande legemiddel. Konkurransesituasjonen og tidspress ser ut til å påverke mannlege legar på ein annan måte enn kvinnelege legar. Kvinner skriv nemleg i gjennomsnitt ut omtrent same mengd reseptbelagt medisin uavhengig av om dei har 1000 eller 2000 pasientar, og uavhengig av om dei manglar pasientar eller ikkje.


helse i vest 3/2010

Vegen til

god helse

n e g a m går gjennom

Nye kosthaldsråd: Forsking viser at det er mykje sant i det gamle ordtaket «Du blir det du et». Det er nemleg ein klar samanheng mellom maten vi et, og helsa vår. Sjølv om det norske kosthaldet er blitt betre dei seinare åra, viser nyare undersøkingar at det framleis finst ting å rette på. No håper ein at nye og meir konkrete kosthaldsråd skal betre folkehelsa og førebyggje kroniske sjukdommar. Tekst Camilla Loddervik IllustrasjonsFOTO Colourbox

17


helse i vest 3/2010

Dei nye

kosthaldsråda

Vel matoljar, ler flytande margarin Deelsse mjuk margarin. tt re metta fei produkta inneheld mind yrene. og meir av dei gode feitts

t

Kjelde: Helsedirektorate

H

elsestyresmaktene har i fleire år oppmoda oss til å ete meir frukt og grønt, og til å redusere inntaket av sukker og metta feitt. Kosthaldsundersøkingar som Helsedirektoratet har gjennomført, viser at det har vore ei positiv endring i det norske kosthaldet sidan 1970. Forbruket av frukt og grønsaker har auka, og forbruket av sukker har minka. Samtidig ser ein at talet på dei som døyr av hjarteinfarkt, er redusert med heile 70 prosent blant dei under 70 år i den same perioden. Framleis mykje å gå på Men sjølv om ein har sett ei positiv utvikling i det norske kosthaldet dei seinare åra, finst det framleis noko å rette på. Vi er for eksempel blant dei dårlegaste i Europa til å ete frukt og grønt, vi et for mykje raudt kjøt, og vi et for lite fullkornprodukt og fisk. I tillegg viser kosthaldsundersøkingar at feittinnhaldet i kosthaldet vårt no ser ut til å auke igjen. Samtidig ser ein òg at førekomsten av andre typar sjukdommar, som overvekt og type 2-diabetes, aukar, og det er mange som blir råka av hjarte- og karsjukdommar og kreft. Mykje tyder på at også desse sjukdommane kan førebyggjast ved endring av kosthaldet. Verdshelseorganisasjonen (WHO) anslår at ein med endringar i kosthaldet kan førebyggje heile 80 prosent av førekomstane av hjarteinfarkt og type 2-diabetes. Samtidig slår World Cancer Research Fund fast at ein med endringar i levevanane kan førebyggje førekomsten av kreft med 50

prosent. Det er sterke tal når ein veit at dette er dei sjukdommane som vil ramme flest i åra som kjem. Nye og meir konkrete kosthaldsråd Ei ekspertgruppe frå Nasjonalt råd for ernæring har i tre år studert ulike forskingsresultat som ser på samanhengen mellom inntaket av ulike matvarer og ulike sjukdommar. Dette er ei ny tilnærming, for tidlegare var ein i all hovudsak oppteken av effekten av ulike næringsstoff på helsa vår. På bakgrunn av dei funna ekspertgruppa har gjort, har dei no lagt fram forslag til nye og meir konkrete kosthaldsråd. – Gjennomgangen viser at dei kostråda som har vore gitt tidlegare, har vore svært fornuftige, og det er derfor ikkje store endringar i anbefalingane. Men vi kan i dag seie noko meir om kor store mengder som er anbefalt av for eksempel fisk, kjøt, grønsaker, frukt og fullkorn, fortel professor Haakon Meyer, leiar av Nasjonalt råd for ernæring. Skal bli enklare å velje sunt Ved å vere mest mogleg konkrete i anbefalingane håper dei at det skal bli enklare for folk å setje saman eit kosthald som kan vere med og redusere og førebyggje kroniske sjukdommar. Det å følgje kostråda er ingen garanti mot hjarteinfarkt, kreft eller andre kroniske sjukdommar, men det kan redusere risikoen både for den enkelte og for heile befolkninga. – For å nå målet om ei betre folkehelse

bør ein stor del av befolkninga justere eller endre mat- og levevanane sine. Dette kan vere ei stor utfordring, men det bør understrekast at ein kan oppnå positive helsegevinstar sjølv om ein ikkje greier å følgje kostråda fullt ut, seier Meyer. Kvifor et vi som vi gjer? Annechen Bugge er seniorforskar ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). Ho er òg medlem i Nasjonalt råd for ernæring. Saman med ei gruppe forskarar frå avdeling for ernæringsforskning ved Universitetet i Oslo, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning, Eksportrådet for fisk og Opplysningskontoret for frukt og grønt, skal ho undersøkje kvifor vi et som vi gjer, trass i anbefalingane frå helsestyresmaktene. Forskingsprosjektet har fått namnet «HealthMeal: muligheter og begrensninger for økt inntak av fisk og grønnsaker i måltider hjemme og ute». Gjennom intervju og spørjeundersøkingar vil dei kartleggje kvar skoen trykkjer både hos folk generelt og i matbransjen. Forskingsteamet vil blant anna kartleggje om det sunne faktisk er mykje dyrare, og kor mykje prisen har å seie for folk. Dei vil òg sjå på forbrukarane sine preferansar, oppfatningar og matvanar i ulike sosiale grupper. Eit samfunnsansvar – Hittil har ein vore svært oppteken av den enkelte sitt ansvar for å ha eit sunt kosthald. Eg meiner at vi no må endre fokus litt

Avgrens inntaket av ks salt til maksimaltg.se gram per da

18


helse i vest 3/2010

ld som Ha eit variert kostha r, sake frukt, inneheld mykje grøn k. Avgrensa mengder bær, fullkorn og fis . r og energirike matvarer kke

raudt kjøt, salt, tilsett su

Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. t i veka

m raudt kjø Et ikkje meir enn 500 gra erka kjøtprodukt. og avgrens inntaket av tilv

Et minst fem ) porsjonar (500 gram t uk grønsaker, fr og bær kvar dag. og sjå meir på dei kulturelle og strukturelle føringane som ligg bak dei vala vi tek. Samfunnet har eit ansvar for å leggje til rette for sunne kostvanar. Det vil seie at det må vere enkelt å velje sunt. Utviklinga i matvaremarknaden gjer at mangfaldet aukar, men det gjer òg at det blir vanskelegare for folk å setje saman eit sunt kosthald. Derfor er det viktig å gi folk god informasjon og leggje til rette for at ein enkelt kan ta dei sunne vala. Nøkkelholsmerkinga er eit godt eksempel på det. Men vi må vite meir om kvar skoen trykkjer for å kunne setje inn fleire effektive tiltak, seier Bugge. Dei nye kosthaldsråda frå Nasjonalt råd for ernæring er no på ein kommentarrunde, og dei skal endeleg vedtakast i løpet av hausten 2010. Helsestyresmaktene vil då innarbeide dei i det vidare folkehelsearbeidet, i håp om å fremme ei betre folkehelse og redusere førekomsten av kroniske sjukdommar. Resultata frå forskingsteamet til Bugge skal vere klare om tre år.

Et minst 300–450 inst gram fisk i veka. M et 200 gram av inntak bør vere feit fisk. Ha balanse mellom giforbruk. energi-inntak og ener

Drikk vatn til og mellom måltida. n Eitt glas fruktjuiceavka inngå som del t, tilrådingane for fruk bær og grønsaker. stra lett Skumma mjølk og ek inngå som mjølk kan med fordpleleg kosthald. drikke i eit heilska

av Avgrens inntaket dr e tilsett sukker til mtintotale enn ti prosent av de energiinntaket. Et minst fire ) fullporsjonar (75 gramda g. kornprodukt kvar

t i Ver i fysisk aktiviteda g. ar kv minst 30 minutt Kosttilskot er ikkje n nødvendig dersom eia. åd sr følgjer kosthald 19


helse i vest 3/2010

verdt å vite PET/CT gir betre diagnostisering av kreft Sidan april 2009 har alle innbyggjarane i Helse Vest hatt høve til å nytte den nye PET/CT-maskina ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen. Tidlegare har dette tilbodet berre vore tilgjengeleg ved Oslo universitetssykehus eller i utlandet. Maskina blir først og fremst brukt ved diagnostisering og behandling av kreftpasientar. Men kva går PET/CT eigentleg ut på? Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto Bjørn Erik Larsen

– Kva er PET/CT? – Undersøkingsmetoden heiter positronemisjonstomografi, som blir forkorta til PET. Dette, saman med konvensjonell computertomografi, eller CT, blir til PET/ CT, fortel Nina Kleven-Madsen. Ho er senterleiar ved Senter for nukleærmedisin/PET, som er ein del av Radiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen. – Dette er ei undersøking der radioaktive stoff i små mengder blir førte inn i kroppen til pasienten for å undersøkje og ta bilete av spesielle biokjemiske prosessar i levande vev. Metoden kan nyttast til å undersøkje mange ulike sjukdommar, men først og fremst blir han brukt til utgreiing av kreftsjukdommar, seier Kleven-Madsen.

20

– Kva skjer under ei PET/CT-undersøking? – Radioaktivt druesukker blir injisert i kroppen til pasienten før PET/CT-undersøkinga. Stoffet blir produsert ved hjelp av ein såkalla syklotron. Ved å la druesukkeret bli teke opp og fordelt i kroppen, noko som normalt tek om lag ein time, kan legane som studerer bileta frå undersøkinga, identifisere unormal aktivitet i kroppen. Undersøkinga er ein viktig del av diagnostiseringa av kreftpasientar. Etter at pasienten har fått sprøyta det radioaktive stoffet inn i kroppen gjennom ei blodåre, kviler han eller ho i ein time før sjølve undersøkinga. Skannaren liknar på ein CT-skannar eller ein MR-skannar, som er kjende undersøkingar for mange. Undersøkinga tek rundt 30–40 minutt. Då har vi teke både ei PET-undersøking og ei CT-undersøking. Det er kombinasjonen av desse to metodane som gjer PET/CTdiagnostikken så unik. Vi får informasjon både om fysiologisk aktivitet i vevet frå PET og om anatomien til pasienten frå CT, seier Kleven-Madsen.

– Korleis blir ein pasient tilvist til PET/CT-undersøking? – Pasientane blir tilviste gjennom spesialisthelsetenesta.

– Kva for ei pasientgruppe kan ha nytte av PET/CT? – Undersøkingsmetoden blir først og fremst brukt på pasientar som har kreft. Det er ei viktig undersøking for å beskrive omfanget av sjukdommen, slik at legane kan avgjere kva som er den beste behandlinga for kvar enkelt pasient. Undersøkinga er òg ein god metode for å evaluere korleis pasienten responderer på behandling. PET/CT kan i tillegg brukast til for eksempel ein del nevrologiske sjukdommar, men i Noreg blir metoden først og fremst brukt til kreftdiagnostikk.


helse i vest 3/2010

Pasienten må liggje i ro i rundt 30-40 minutt, mens han eller ho blir ført inn i dette holet for å ta bilete av kroppen, fortel senterleiar Nina Kleven-Madsen.

– Er undersøkinga smertefull for pasienten? – Undersøkinga er verken smertefull eller ubehageleg. Det mest utfordrande for pasienten er at han eller ho må liggje så roleg som råd i dei 30–40 minutta sjølve skanninga er i gang. Vi bruker mykje tid på å snakke med pasienten før undersøkinga, slik at vedkommande kan få svar på spørsmåla sine. På den måten blir undersøkinga lettare å gjennomføre, både for pasienten og for radiografane som arbeider ved PET-senteret.

– Er det biverknader av det radioaktive stoffet? – Nei, det er ingen biverknader av stoffet. Stråledosen pasienten får, er heller ikkje skadeleg.

– Er det større sjansar for å diagnostisere kreft og andre sjukdommar ved hjelp av PET/CT? – PET/CT eignar seg til å diagnostisere ei rekkje krefttypar. Det er ikkje alle krefttypar som har like stort utbytte av undersøkinga. Då er det viktig å vite at det finst ei rekkje andre undersøkingsmetodar som kan gi legane god informasjon, for eksempel MR.

– Kva slags svar kan PET/CT gi, som andre undersøkingar ikkje kan?

– Korleis får pasienten tilbakemelding etter undersøkinga? – Bileta blir tolka av spesialistar i nukleærmedisin og spesialistar i radiologi som samarbeider, og det er den legen som har tilvist pasienten til undersøkinga, som formidlar resultatet til pasienten. Vi er opptekne av at det ikkje skal gå for lang tid mellom undersøkinga til resultatet er klart, for det kan vere både belastande og spennande å vente på resultatet av ei undersøking. Vanlegvis ligg resultatet føre innan 7–14 dagar, seier Kleven-Madsen.

– Undersøkinga gir informasjon både om anatomien til pasienten og om fysiologiske prosessar i kroppen. Med denne metoden kan vi tidleg i eit behandlingsforløp vurdere om og korleis cellegiftbehandling verkar. På den måten kan vi vurdere om det er behov for å endre behandling.

21


helse i vest 3/2010

Forskar på

legemidlar og pasienttryggleik – Først og fremst vil resultata av forskinga medverke til at pasientane får rett medisin til rett tid Gro Anita Fonnes Flaten, forskingsleiar Sjukehusapoteka Vest

22


helse i vest 3/2010

profilen Gro Anita Fonnes Flaten

Forskingsleiar Sjukehusapoteka Vest

– Det viktigaste vi skal forske på, er legemidlar og pasienttryggleik. For eksempel når det gjeld legemidlar og eldre, kan vi bli mykje betre, seier Gro Anita Fonnes Flaten (37). Ho kom til helseføretaket Sjukehusapoteka Vest som nytilsett forskingsleiar for vel eit år sidan. Det første året har ho blant anna brukt til å få på plass ein handlingsplan for forskinga i helseføretaket.

Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto Bjørn Erik Larsen

F

laten har doktorgrad i mikrobiologi frå Universitet i Bergen frå 2004. Ho kom til Sjukehusapoteka Vest frå ei stilling som forskingskoordinator ved Høgskulen i Bergen. For tida arbeider ho med å byggje opp eit nasjonalt forskingsnettverk innanfor alle sjukehusapoteka i Noreg. Dei hadde sitt første seminar i Bergen i september. – Har du travle dagar? – Ja, det er mykje å ta tak i. Eitt av måla er å få på plass samarbeid med sentrale aktørar. Vi er jo ein ung forskingsorganisasjon, og vi er i ein tidleg fase. Det at vi skal setje ein forskingsstrategi ut i livet, gjer at vi må finne midlar til forskinga, lage handlingsplanar og på mange måtar leggje til rette for at tilsette og mastergradsstudentar kan forske. Sjukehusapoteka Vest skal drive med forsking og utvikling innanfor legemiddelbruk og legemiddelforsyning både i eige føretak og i samarbeid med sjukehusføretaka, fortel Flaten. Sjukehusapoteka Vest HF har konsentrert forskings- og utviklingsaktivitetane i føretaket innanfor temaet «legemiddel og pasienttryggleik». Inn under programmet ligg også forskingsfelt som for eksempel klinisk farmasi. – Vi har fått på plass ei forskings- og utviklingsgruppe som skal arbeide med forsking og utvikling i samsvar med strategi, satsingsområde og handlingsplanar innanfor Sjuke-

husapoteka Vest. Gruppa er sett saman av ein apotekar, ein fagsjef og tre farmasøytar, i tillegg til forskingsleiaren. Gruppa skal òg gi råd om fordeling og prioritering av aktuelle midlar som vi har. I tillegg til interne midlar er vi òg med i prosjekt som er finansierte frå Helsedirektoratet og Forskingsrådet, seier Flaten. Samarbeid om forskinga Forskings- og utviklingsarbeidet i føretaket blir utført av tilsette, masterstudentar frå farmasøytutdanningane og stipendiatar. Prosjekta er utvikla og blir drivne i samarbeid med eksterne samarbeidspartar, for eksempel universitet og sjukehusføretak. Satsinga er forankra i Forskingsstrategi 2009–2014 for Sjukehusapoteka Vest HF og blir følgd opp gjennom handlingsplanen for forsking og utvikling. – Korleis vil pasientane leggje merke til forskinga som blir utført ved Sjukehusapoteka Vest? – Først og fremst vil resultata av forskinga medverke til at pasientane får rett medisin til rett tid, og at dei heile tida skal kjenne seg sikre på at dei er tekne vare på mens dei er under behandling ved sjukehusa og elles i spesialisthelsetenesta. Det er mange som ikkje kjenner til den viktige rolla farmasøytar har på sjukehusa, men pasientane skal vite at farmasøytane blant anna sikrar at rutinar blir følgde, og at kvaliteten er god når medisinar skal delast ut, understrekar Flaten.

23


Informasjon

Returadresse:

B

Alle foto: Monica Larsen

Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger

Sjukehusapoteket tek o p a g le n a v it e n n e – lit t meir • Sjukehusapoteka Vest HF produserer legemiddel til den enkelte, til sjukehusa og til apotek over heile landet. • Utvalet av legemiddel og apotekvarer er tilpassa behovet til pasientane på sjukehuset. • Sjukehusapoteka produserer legemiddel som det ikkje er mogleg å skaffe på annan måte. • Sjukehusapoteka gjer klar legemidla dine mens du ventar, og gir deg råd om korleis du bruker dei på rett måte. • Sjukehusapoteka tek imot dei gamle legemidla dine og sørgjer for at dei blir destruerte på ein trygg og miljøvennleg måte.

for alle! Sjukehusapoteka er Her finn du sjukehusapoteka i vest:

på sjukehusa i rgen, Helse Førde, Helse Be Helse Fonna og Helse Stavanger.

www.sjukehusapoteka-vest.no

2010_03_Helseivest_web  

Friskare med trening Rekruttering og integrering i eitt 4 8 Tryggleikspsykiatri: Kreftpasientar får opp pulsen i Helse Bergen Skaffar helsef...