Page 1

Sjå godt ut – føl deg betre 4 Grenselaus e-handel 8 med Helse Vest i førarsetet

Nr 4/ 2009

rogaland / hordaland / Sogn og fjordane

Fysisk aktivitet

Ein sunn kropp

gir eit sunt sinn 12


helse i vest 4/2009

DETTE ER DIN HELSEREGION Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist­helsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, samt Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har cirka 28 000 medarbeidarar, omfattar rundt 50 sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til 1 million innbyggjarar. Budsjettet er på ca 18 milliardar kroner. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger.

Det er mørkt i desember – ute. Inne lyser adventsstjerner og adventsstakar

opp, i tillegg til alle stearinlysa. Ein arbeidskrevjande månad, kanskje, men du, så kjekt å bake, vaske og kjøpe gåver for at familien skal få ei fin og samlande jul. Desember er månaden der mange kjenner særleg sterkt på saknet av kjære familie­ medlemmer eller venner. Å vere gode medmenneske er ei oppgåve for oss alle. Eit lite kort, ein telefonprat, ein invitasjon? Det er mykje vi kan gjere for å glede andre. I jobbsamanheng er desember månaden der vi får svaret på om budsjettmåla er nådde. Mangt og mykje spelar inn i budsjettarbeid – og i oppfølginga gjennom året. Er det så viktig å greie budsjettmåla? Ja, og stadig fleire ser kor viktig dette er, ikkje minst for at vi skal få det økonomiske handlingsrommet som trengst for å gjere investeringar som sikrar godt tilbod også i framtida. Og tenk på all den energien vi kan bruke til andre, kjekke oppgåver dersom vi slepp alle pengediskusjonane! Helseføretaka her i vest har sett alle klutar til for å nå målsetjingane i 2009 – og per i dag ligg det an til at vi skal lande med rett farge på tala. Overraskingar kan enno kome, men mykje tyder på at trenden er broten. Stor takk til alle som har drege lasset og vore med på å endre haldningane.

Foto: Kjetil Alsvik

I den lyse førjulstida

Bjørg Sandal Kommunikasjonsdirektør, Helse Vest

Influensa A har vi levd med det meste av året. Pandemien har så langt ikkje blitt så hard og omfattande som det såg ut til. Sjukehusa si evne til å ha gode planar, gjere dei tiltak som trengst og stille opp i krevjande situasjonar, er det all grunn til å løfte fram. Maskinar og utstyr er viktig, men den menneskelege innsatsen kjem vi aldri utanom. Det gjer den store forskjellen! For oss er det viktig at innbyggjarane føler seg trygge på at dei får helsetenestene som trengst til rett tid. Sjukehus er storforbrukarar av både utstyr og tenester, og elektronisk handel er på dagsorden som aldri før. Innkjøpssjefen i Helse Vest blei tidlegare i år spurd om han ville vere koordinator for ei viktig prosjektgruppe i Europakommisjonen. Helse Vest har lånt ut ein flink medarbeidar; ei fjør i hatten for Lars Johan og ei fjør i hatten for Helse Vest. Å få internasjonal positiv tilbakemelding for arbeidet vi har gjort, betyr mykje. Å fremme helse og livskvalitet er visjonen for Vestlands-sjukehusa. Dette er ein viktig bodskap i kvardagen, både i sjukehusa og for oss som lever aktive liv utanfor sjukehuspostane. Vår eigen innsats og vår eiga haldning er viktige innsatsfaktorar. Å bruke kroppen, å vere aktive – kvar på vårt nivå – er viktig for å oppnå den gode livskvaliteten vi leitar etter. På vegne av alle oss i Helse Vest ønskjer eg deg ei roleg, lys og avslappande jule- og nyttårshelg.


Helse i vest, 4/ 2009 Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør) Camilla Loddervik (redaktør) Siri Tjessem Fjælberg

Utforming og tilrettelegging Oktan Alfa AS Forsidefoto: Colourbox

Trykkeri Bryne Stavanger Offset Opplag ca 15.000

Redaksjonen avslutta 4. desember 2009

Abonner gratis på Helse i vest Send ein e-post til info@helse-vest.no

Helse Vest og nynorsk Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har difor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nettsidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

helse i vest

4/2009

Ein sunn kropp gir eit sunt sinn

12

Sjå godt ut – føl deg betre

Sjå godt ut – føl deg betre! 4

4

Grenselaus e-handel

Grenselaus e-handel 8 Forskingsnytt 11 Ein sunn kropp gir eit sunt sinn 12

8

Vellykka overgang i vest 16 Profilen 17 Langtidsbudsjett 2010–2014 18 Forskingskonferansen 2009 19 Pris for beste forskingsmiljø 20 Influensa A-vaksine 22

20 Pris for beste forskingsmiljø 3


helse i vest 4/2009

Sjå godt ut – føl deg betre! – Det var nesten verre å miste håret enn å miste brystet, seier Annette Tangerås. Ho er ein av deltakarane ved eit sminkekurs for kvinnelege kreftpasientar i Helse Bergen. To timar er sett av til at ho kan pleie seg sjølv og lære litt om korleis ho kan bruke sminke til å føle seg betre. Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto Bjørn Erik Larsen

– Vi begynner med å gjere huda rein, seier ­kurshaldar Sigrun Elin Tvedt. Ho viser korleis deltakarane skal halde bomullsdotten og dra han i rett retning over huda. Etterpå er det tonic og fuktkrem.

P

å bordet framfor seg har Anette Tangerås alt du kan tenkje deg av ansiktsvatn, kremar, augeskugge ulike pennar og leppestift. Mens ho prøver å finne dei rette produkta, fortel Annette at ho fann ein kul i brystet våren 2008. Ho fjerna det eine brystet og nokre lymfekjert­ lar i april 2008 og har sidan gått på tøff cellegift- og strålebehandling. – Det er på tide at eg lærer å sminke meg, seier Anette. Kan litt sminke gjere kvardagen betre? Ti kvinner med ulike kreftdiagnosar er samla i morgonmøterommet ved Kreftav­ delinga for å ha sminkekurs. Praten er litt roleg og lågmælt i starten, men det livnar snart til når kvinnene får opna sminke­ veska som dei har fått utdelt. Nokre få kjenner kvarandre frå ei treningsgruppe for brystkreftpasientar ved Kreftavdelinga, men dei fleste har ikkje sett kvarandre før. Det dei har til felles, er ein kreftdiagnose og ein kortare eller lengre periode i be­ handling. Etter dette kurset håper dei å ha

4

meir kunnskap om korleis dei kan føle seg betre med litt sminke, samtidig som dei har knytt nye kontaktar.

– Det var nesten verre å miste håret enn å miste brystet, seier Annette. Ho er glad for at håret er tilbake.

– Godt å føle meg litt betre Annette var svært bleik då ho gjekk på cellegift, og er takksam for dette tilbodet. No får ho profesjonell hjelp til korleis ho med enkle middel kan pynte litt på fasa­ den, slik at ho ikkje skal sjå så sjuk ut som ho kan føle seg.

– Dei som ønskjer det, kan få låne eit hårband for å halde håret eller parykken borte frå ansiktet mens dei legg på sminka.

– Det er viktig å ta vare på seg sjølv, men det er ikkje alltid like lett når vi ikkje føler oss i stand til det. Det viktigaste for meg er å få fram at det går an å bli frisk, og at det går an å få det godt igjen, seier Annette. – Eg har aldri sett meg sjølv utan hår Det går ikkje lang tid før praten kjem inn på hår og parykkar. Annette har kort hår som har vakse ut igjen etter at ho mista alt i samband med behandlinga. Det har ho til felles med mange rundt bordet. Dei som ikkje har sitt eige hår, har lue eller pa­ rykk.

– Det var vanskeleg å miste håret. Då eg fekk tilpassa parykken, klipte frisøren av det siste håret mens eg sat med ryggen til spegelen. Ho tok på meg parykken og ordna alt til før ho snudde meg tilbake igjen til spegelen og eg fekk sjå meg sjølv med ny parykk. Og sidan såg eg meg sjølv aldri utan hår, det var altfor vondt. Det å reagere på å miste håret har ikkje noko med alderen å gjere, fortel Annette på 64 år.


helse i vest 4/2009

– Den einaste fordelen er at eg også miste håret på leggene å slapp å barbere dei. Annette Tangerås

5


helse i vest 4/2009

Rundt bordet nikkar dei andre gjenkjen­ nande. – Den einaste fordelen er at eg også miste håret på leggene og slapp å barbere dei, seier Annette, til latter og knis rundt bordet. – Det er noko med damer og hår, og vi må prøve å sjå det positive i alt. Det er ik­ kje minst viktig å ha litt ironi og humor i den situasjonen vi er komne i. Eg blir heile tida mint på at eg er sjuk når eg ikkje har parykken på, seier Tone Digranes, som sit

6

ved det same bordet. – Med litt sminke i tillegg føler eg meg endå betre, seier ho, samtidig som ho sjekkar i spegelen om rougen sit som han skal.

– Hugs å klappe brunkrem og pudder forsiktig på huda, ikkje gni det hardt inn. Bruk fingertuppane for å få eit godt resultat.

– Kor mykje sminke skal eg bruke i dag? Ser eg litt meir sjuk ut i dag enn i går? spør ei anna av dei som sit ved bordet. Her er det om å gjere å lære å sminke seg sjølv, med kunnig hjelp frå kurshaldaren. Det er ikkje alltid like lett å dekkje huda på ein måte som gjer at det ser naturleg ut. Sminka får fram konturane i ansiktet – Kreftpasientar får ofte eit bleikt og flatt ansikt etter ei stund med behandling. Ved bruk av sminke kan pasientane lære seg å teikne opp konturane i ansiktet, slik at dei


helse i vest 4/2009

dan 2005 og veit kor mykje det har å seie for dei kvinnelege kreftpasientane.

– Når du legg på augeskugge, må du heller tenkje på kva for ein farge du har på kleda dine, enn på fargen på auga.

Eit velkome tiltak for kreftpasientane – Vi har alltid ventetider til desse kursa, men vi veit aldri kven som er deltakarar før dagen før kurset. Då ringjer vi til alle på ventelista og høyrer om dei er i form til å vere med. Kurset er eit tilbod til pasientar som er i behandling ved sjukehuset. Ofte er pasientane i så dårleg form at dei ikkje orkar å kome. Det er eit populært kurs for pasientane, og vi gler oss over å kunne ha dette tilbodet, seier Thormodsen.

kjenner seg sjølve igjen når dei ser seg i spe­ gelen, seier Inger Thormodsen, som er leiar for pasient- og pårørandreopplæringa ved Kreftavdelinga i Helse Bergen. – Når også augebryn og augevipper forsvinn, blir pasienten ganske fargelaus, og det er utruleg kor godt det er å sjå når pasienten kan sjå seg i spegelen og seie at ho endeleg kjenner seg igjen som seg sjølv og ikkje som ”den sjuke”, legg Thormod­ sen til. Ho har vore ansvarleg for kurset si­

Sjå godt ut og føl deg betre For mange kan eit slikt sminkekurs verke som eit litt underleg tiltak, men kvinnene rundt bordet er ikkje i tvil: Dette gjer godt for kropp og sjel! I tillegg til kunnskap om å leggje sminke på ein måte som får deg til å føle deg betre, er det noko spesielt med fellesskapen hos desse kvinnene. Dei slit med dei same tinga. Det å miste håret, det å vere kvalm, det å ha mista eit bryst og ha gått igjennom harde behandlingar. Dei treng ikkje å seie så mykje til dei andre om alt det vonde. Dei veit. No gjeld det å gjere noko kjekt saman, og alt dette berre for at dei sjølve skal føle seg betre etterpå. – Eg blei så glad då dei ringde meg frå kreftavdelinga og spurde om eg ville vere med på kurset. Då fekk eg ei kjensle av å høyre til og at nokon tenkte på meg. Det kan vere svært einsamt å vere sjuk. Det å vandre frå spesialist til spesialist og ta alle moglege prøver, gjorde noko med meg. Eg kjende meg så åleine, seier ein av deltakarane mens ho legg fin, beige auge­ skugge på augeloka.

Godt samarbeid med eksterne Fem gonger i året tilbyr Helse Bergen slike kurs for kvinnelege kreftpasientar som er i behandling. Kurset er eit samar­ beidsprosjekt mellom sjukehuset og vel­ gjerdsorganisasjonen ”Look Good ... Feel Better”. Som det ligg i namnet, er tanken at kreftpasientane skal lære at det går an å føle seg betre med enkle middel, i dette tilfellet med litt sminke. – Det betyr veldig mykje for psyken å sjå litt bra ut. Har eg teke på for mykje auge­ skugge no? spør ein av kursdeltakarane. – På laurdag skal eg på dans, og då skal eg sminke meg! Annette Tangerås arbeidde i barneverns­ tenesta då ho blei sjuk. Ho har vore på kontroll i mai og skal på ny kontroll neste år. Ho ventar på operasjon for å byggje opp igjen det brystet som er borte. Ho er ofte nervøs for klumpar ho finn i det andre brystet og har vore til nokre kontrollar for å sjekke. Alt dette tenkjer ho ikkje på mens ho tar fin leppestift på leppene.

– Til slutt er det prikken over i-en: No skal du teikne opp leppene dine med blyant og leggje på leppestift, avsluttar kurshaldar Sigrun Elin Tvedt.

– Skal du heim og vise deg fram for mannen i dag? – Han er bortreist og kjem ikkje heim før i morgon, så eg må nok bruke reinse­ mjølk i kveld og ta det bort, ler Annette. Men på laurdag skal vi på dans, og det er lenge sidan sist. Då skal eg nok pynte meg litt ekstra, seier Annette.

7


helse i vest 4/2009

Grenselaus

med

8


helse i vest 4/2009

e-handel

Helse Vest i førarsetet «Grenselaus handel – la det skje!» er slagordet til Europakommisjonen si prosjektgruppe som skal arbeide med å fremme elektronisk handel på tvers av landegrensene. Dei har sett seg eit ambisiøst mål om å leggje til rette for hundre prosent elektronisk handel innan 2010. For å få dette til treng dei hjelp – frå ingen ringare enn Helse Vest. Tekst Camilla Loddervik Foto Kjetil Alsvik

else Vest har i fleire år nytta seg av elektronisk handel når det gjeld innkjøp av varer og tenester til sjuke­ husa. Elektronisk handel er eit verktøy som kan føre til større konkurranse, fleire tilbydarar og reduserte prisar. Men slik det er i dag, skjer slik handel i offentleg sektor sjeldan på tvers av lande­ grensene. – Kvart land har sine eigne anbodsreglar og system for gjennom­ føring av offentlege innkjøp. Ofte er desse reglane eller systema svært ulike, og dermed er det vanskeleg for leverandørar i andre land å kome med tilbod. Og gjer dei det, endar det oftast med at dei blir ekskluderte fordi tilbodet deira er mangelfullt i for­ hold til dei retningslinjene som gjeld, fortel Lars Johan Frøyland, logistikk- og innkjøpssjef i Helse Vest RHF.

Helse Vest fremst i Europa I dag arbeider han som koordinator i prosjektgruppa PEPPOL (Pan European Public Procurement OnLine) i Europakommisjo­ nen. Dit blei han handplukka for det framifrå arbeidet han har gjort når det gjeld e-handel i regi av Helse Vest RHF, eit arbeid som har gjort at Helse Vest i dag er fremst i Europa når det gjeld å nytte seg av elektronisk handel i offentleg sektor. – Offentleg sektor er ein storinnkjøpar av varer og tenester. Ein reknar med at innkjøp frå denne sektoren utgjer om lag 16 pro­ sent av EU sitt samla brutto nasjonalprodukt, noko som tilsvarer 1 800 milliardar euro. Tilsvarande omsetning i Noreg var 325 milliardar kroner. Kan vi leggje til rette for meir bruk av e-handel, får vi meir effektive arbeidsprosessar, samtidig som det er mykje pengar å spare, fortel Frøyland.

Illustrasjon: OKTAN/Shutterstock

H

9


helse i vest 4/2009

Arbeider for felles standardar For å leggje til rette for meir bruk av e-handel på tvers av lande­ grensene held prosjektgruppa no på å utarbeide ein felles standard for offentlege anbod. I dette arbeidet tek dei utgangspunkt i hel­ sesektoren, fordi denne sektoren er ein stor del av offentleg sektor, og fordi sjukehusa er relativt like frå land til land og ofte har behov for det same utstyret. – Sjukehusa våre kjøper allereie i dag utstyr frå internasjonale leverandørar. Men dette er leverandørar som er så store at dei har hatt høve til å etablere seg i fleire europeiske land og derfor er godt kjende med dei anbodsreglane som gjeld. Når vi har fått ein felles standard for anbod på plass, opnar det for at også mindre leveran­ dørar kan ta del i konkurransane. Dermed er det opna for større og meir rettferdig konkurranse, noko som igjen fører til lågare prisar for sjukehusa, seier Frøyland. Fokus på miljø Tal som Europakommisjonen har henta inn, viser at ein ved å nytte seg av e-handel kan redusere kostnadene knytte til hande­ len med fem prosent og transaksjonskostnadene med ti prosent. Meir bruk av e-handel i offentleg sektor kan derfor i stor grad redusere kostnadene og dermed gi betre resursutnytting. I sjuke­ husverda vil det føre til meir pengar til pasientbehandling. – I Helse Vest nyttar ein allereie i dag digitale produktkatalogar når ein skal bestille utstyr og rekvisita til sjukehusa. Dette er eit

verktøy som gir ein meir effektiv bestillings- og faktureringspro­ sess. I tillegg gir katalogane større tryggleik, sidan alle produkta i katalogane tilfredstiller dei miljøkrava som helseføretaka har stilt, fortel Frøyland. Tett samarbeid Parallelt med utviklinga av nye felles retningslinjer for inn­ kjøpsprosessane blir det også arbeidd direkte mot leverandørmark­ naden og systemleverandørane. Det er viktig å sikre at utviklinga av ny teknologi ikkje skaper nye hinder for elektronisk handel, men heller fremmer auka bruk. – Målet her er ikkje å lage eit nytt europeisk system for e-han­ del, men å knyte saman dei systema som allereie finst. Både of­ fentleg sektor og leverandørane vil nyte godt av eit meir effektivt og velfungerande system, meiner Frøyland.

– Kan vi leggje tilrette for meir bruk av e-handel, er det mykje pengar å spare. Lars Johan Frøyland

Lars Johan Frøyland i samtale med kolleger. Frå venstre: Agnar Kordt, Bjørn Tony Myrmellom, Lars Johan Frøyland og Finn Olav Mjærum.

10


helse i vest 4/2009

forskingsnytt Kjelde: www.forskning.no

Græt på morsmålet M

elodimønstra i barnegråten er byggjesteinar for seinare produksjon av lyd, frå pludring og babling til dei første orda og setningane, meiner forskarane. Dei har testa ut barnegråt hos 30 spedbarn frå kvart av dei to landa og målt om tonefallet går opp eller ned. Tidlegare trudde forskarane at språkutviklinga ikkje byrja før barna var om lag tre månader gamle. I denne studien trur åtferdsforskar Kathleen Wermke ved universitetet i Würzburg i Tyskland at spedbarna oppfattar intonasjonen til mora allereie som foster i magen, og at dei seinare reproduserer han. Ho meiner at det er logisk å tenkje seg at spedbarna etterliknar mora for å tiltrekkje seg merksemda hennar og dermed styrkje bandet mellom seg sjølv og henne.

Usunn livsførsel

kostar opp til 15 leveår Røyking, høgt blodtrykk og feit mat forkortar livet med 10 til 15 år. Det viser ei stor engelsk undersøking.

D

et er sikkert herleg å ete ein skikkeleg hamburgar med pommes frites og så slenge seg ned på sofaen med ein pakke røyk og slappe av heile kvelden framfor fjernsynet. Men fornøyelsen har ein høg pris. Ei undersøking frå University of Oxford viser at kombina­ sjonen av røyking, høgt blodtrykk og høgt kolesterolnivå i blodet forkortar livet med 15 år i forhold til menneske som lever eit sunnare liv. Resultata gjeld både menn og kvinner. Forskarane har vist at folk kan rekne med å leve til dei blir 74 år, mens dei som verken røykjer, har høgt blodtrykk eller høgt kolesterol­nivå, kan forvente å leve til dei blir 83 år.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Franske nyfødde barn græt på fransk, og tyske på tysk, skal vi tru ein ny studie. Forskarane trur at gråten, i tillegg til å varsle om svolt og bæsjebleie, er ei trening til framtidig skravling.

Mobilen verkar inn på hjernen Lange og hyppige samtalar på mobil og trådlaus telefon kan gi ein biologisk effekt på hjernen, ifølgje ein ny svensk doktorgrad.

F

unna kan tyde på at det skjer biologiske endringar i hjernen når vi bruker mobiltelefon og trådlause telefonar. Doktorgradsstipendiat Fredrik Söderqvist ved Örebro Universitet meiner at resultata frå undersøkinga han har gjort, kan gi grunnlag for å bruke handsfree-utstyr i større grad. – Den eine studien tyder på ein langtidseffekt hos dei som snakkar lenge i mobiltelefon og trådlaus telefon. Funna i den andre studien kan tyde på at mobilbruken også har ein korttids­ effekt, seier Söderqvist. Resultata så langt tyder på at dei som bruker mobil og trådlaus telefon ofte, rapporterer ein lågare grad av velvære enn dei som bruker slike telefonar sjeldnare. Nokre av dei som var med i undersøkinga, melde frå om vondt i hovudet, astmatiske problem og konsentrasjonsvanskar.

11


helse i vest 4/2009

Fysisk aktivitet

Ein

12

sunn krop gir eit sunt


helse i vest 4/2009

pp sinn Fysisk aktivitet har ein enorm effekt når det gjeld både førebygging og behandling av p ­ sykiske lidingar. Faktisk er dei positive e­ ffektane så store at enkelte meiner at vi ikkje hadde hatt helsekøar her i landet dersom alle følgde anbefalinga om å vere i aktivitet minst ein halv time om dagen. Tekst Camilla Loddervik FOTO FINN OVE NJØSEN / ARNE EITHUN

P

aradoksalt nok er det få av oss som gjer det. Undersøkingar viser at nordmenn blir stadig meir stille­ sitjande og inaktive. Stadig fleire av oss får livsstilsrelaterte sjukdommar, og Verds­ helseorganisasjonen (WHO) har peikt på at psykiske lidingar kan bli den viktigaste årsaka til sjukdomsbelasting i vestlege land i 2020. – Vi lever i eit «slappheitssamfunn» som i større og større grad legg til rette for fysisk inaktivitet. Stadig fleire får behandling for psykiske lidingar. Berekningar Folkehelse­ instituttet har gjort viser at omtrent halv­ parten av den vaksne befolkninga i Noreg vil få ei psykisk liding i løpet av livet, og cirka ein tredjedel i løpet av eit år. Det er ganske skremmande når ein samtidig ten­ kjer på at mykje av dette kunne ha vore forhindra dersom vi berre hadde lagt inn litt meir fysisk aktivitet i kvardagen, fortel Harald Munkvold, som er treningskontakt i Helse Førde.

Han har i fleire år arbeidd med å integrere fysisk aktivitet i behandlinga av pasientar med psykiske og/eller rusrelaterte lidingar. Har betre effekt enn lykkepiller – Fysisk aktivitet er utruleg effektivt, både i behandling og i førebygging av psy­ kiske lidingar. Fleire studiar, både norske og utanlandske, viser at trening faktisk har betre effekt enn lykkepiller på personar som lir av depresjon, seier Munkvold. Han forklarer dette med at fysisk akti­ vitet saman med andre gir ei kjensle av å vere del av eit sosialt nettverk, noko som gir betre føresetnader for å vere med også på andre arenaer i samfunnet. – Personar med psykiske lidingar har lett for å trekkje seg tilbake, og mange har van­ skeleg for sjølve å fylle kvardagen med eit meiningsfullt innhald. Parallelt med at det sosiale nettverket blir utvida, er det man­ ge som opplever at sjølvbiletet blir styrkt

Illustrasjonsfoto: Colourbox

13


helse i vest 4/2009

– Vi må rett og slett lære folk at det er den lette daglege aktiviteten som gir helsegevinst.

Harald Munkvold på sykkeltur med kollega Atle Skrede.

14

Foto: Arne Eithun

Harald Munkvold


helse i vest 4/2009

etter at dei har vore i fysisk aktivitet. Tre­ ning gir òg ei kjensle av naturleg trøttleik, noko som kan redusere behovet for avslap­ pande medikament, forklarer han. I 2001 starta han prosjektet med tre­ ningskontaktar i Helse Førde. Målet med prosjektet er å auke aktivitetsnivået til pasi­ entar som har vore innlagde på institusjon, slik at dei kan få ein betre kvardag, med høgre livskvalitet. Treningskontaktane si rolle er å motivere og leggje til rette for fysisk aktivitet i kvardagen – noko som har vist seg å gi svært gode resultat. I dag driv Munkvold og kollegaen Atle Skrede opp­ læring av treningskontaktar i heile landet. Gjennom tiltaket «Aktiv på dagtid» er ord­ ninga no òg utvida til å gjelde arbeidslause, folk som er sjukmelde, eller er på rehabili­ tering eller attføring. Modellen har vist seg så effektiv at alle helseføretaka i Helse Vest, og mange elles i landet, har adoptert han. – Når ein ser kor god effekt trening har på psykiske lidingar, spesielt på angst og depresjon, er det viktig å ta tak i dette, slik at ein kan førebyggje. Får vi sett inn til­ tak og ressursar så tidleg som mogleg, kan sjukdom bli unngått, utsett eller redusert. Dermed vil færre få bruk for kostbar sju­ kehusbehandling, noko som igjen gjer at dei som treng behandling, får behandling raskare, meiner Munkvold. Mykje å vinne på fysisk aktivitet Det er ikkje berre Helse Førde som har sett dei positive konsekvensane fysisk ak­ tivitet har på helsa vår. Førebygging og

tidleg intervensjon er òg eit av dei vikti­ gaste måla i regjeringa si samhandlings­ reform. Målet her er at det skal lønne seg å førebyggje sjukdom, både sett i forhold til den einskilde og i forhold til samfunns­ økonomien.

med i vurderingsgrunnlaget, seier Holte.

Ei kartlegging Folkehelseinstituttet har gjort når det gjeld førebygging av angst og depresjon, viser at desse lidingane er blant dei dyraste i samfunnet, og at dei kostar meir i uføretrygd enn nokon annan sjuk­ dom. Utrekningar baserte på tal frå den britiske regjeringa og WHO, viser at desse lidingane kostar landet vårt titals milliar­ dar kroner i året.

Eit viktig bidrag til eit betre liv Han får støtte av Harald Munkvold i Helse Førde. Munkvold meiner at vi har ein stor jobb å gjere når det gjeld førebyg­ ging, ikkje minst med tanke på folkeopp­ lysning, haldningsendring og motivasjon. Det finst i dag god dokumentasjon på at menneske med psykiske lidingar er i dårle­ gare fysisk form enn resten av befolkninga, og at dette kjem av inaktivitet. I tillegg viser ei rekkje undersøkingar at dei som ikkje er i regelmessig fysisk aktivitet, har større sjanse for å utvikle depresjonar enn dei som er fysisk aktive.

– Denne rapporten viser at vi no må pri­ oritere dei største utfordringane for folke­ helsa, nemleg dei nye folkesjukdommane: angst, depresjon og alkoholmisbruk. Desse lidingane rammar flest, dei kostar mest, og vi kan i stor grad behandle og førebyg­ gje dei, seier professor Arne Holte, som er divisjonsdirektør for psykisk helse i Folke­ helseinstituttet. Folkehelseinstituttet vil i løpet av våren 2010 utarbeide ein rapport som peiker på ulike tiltak som kan vere med på å fremme psykisk helse og førebyggje psykiske plager og lidingar. – Vi vil leggje intensjonane om førebyg­ ging i samhandlingsreforma til grunn og kome med forslag til styresmaktene om ve­ gen vidare. Både folkehelsa, kostnadseffek­ tiviteten og samfunnsøkonomien vil vere

– Kan vi hindre berre kvar tiande alvorlege depresjon og angstliding, unngår vi mykje smerte og kan spare samfunnet for store summar. Arne Holte

Divisjonsdirektør for psykisk helse, Folkehelseinstituttet

– Kan vi hindre berre kvar tiande alvor­ lege depresjon og angstliding, unngår vi mykje smerte og kan spare samfunnet for store summar, seier han.

– Fleire studiar viser òg at det er ein klar samanheng mellom mengda av fysisk ak­ tivitet og graden av depresjon. Resultata er klare: jo meir vi trenar, dess mindre de­ primerte er vi. Og det er ikkje mykje som skal til! Folk trur at dei må sveitte og ha det vondt for å trene, men slik er det ikkje. Det er dei daglege aktivitetane som det å gå i trapper, bere handleposar, gå ein liten tur osv. som gir god folkehelse, seier Mun­ kvold. Han trur at det må ei haldningsendring til for å få folk til å bli meir fysisk aktive og seier at vi må slutte å likestille fysisk ak­ tivitet med det ein toppidrettsutøvar driv med. – Folk er rett og slett ikkje godt nok opplyste. Om folk var klar over kor lite det er som skal til og forstod kor mykje ein får igjen for så lite – ja, så hadde det ikkje vore helsekøar her i landet. Vi må rett og slett lære folk at det er den lette daglege aktiviteten som gir helsegevinst. Men det er jo klart at slik samfunnet er lagt opp i dag, krev det litt eigeninnsats. Vi får ikkje treningslyst på resept, ler Munkvold.

15


helse i vest 4/2009

Vellykka overgang i vest Helseføretaka i Helse Vest har no overteke det fulle ansvaret for pasient­ reiser frå NAV. ­Rettane dine er uendra, men ­overtakinga inneber nokre praktiske endringar for deg som pasient. Foto : Kjetil Alsvik

D

en største endringa er at du no må sende inn ei reise­ rekning til Helseforetakenes senter for pa­ sientreiser for å få refundert reiseutlegg i forbindelse med ei pasientreise. Skjemaet er tilgjengeleg hos alle behandlarar, fastle­ gar og på www.pasientreiser.no. Her finn du òg ei eksempelreiserekning med rettlei­ ing for utfyllinga av reiserekninga. Dersom alt er i orden, kjem pengane inn på bank­ kontoen din. – Hovudregelen er at du får dekt billi­ gaste reisemåte med rutegåande transport til og frå behandling. Vi håper at pasienta­ ne opplever omlegginga som ei forenkling. Dei slepp å ta ein ekstra tur til NAV og får i staden med seg eit skjema når dei har vore til behandling. I tillegg får dei berre éin instans å vende seg til med alt som har med pasientreiser å gjere, seier kommu­ nikasjonsansvarleg for prosjektet i Helse Vest, Camilla Loddervik.

Pasientreiser 05515 Ved behov for informasjon eller hjelp i forbindelse med reiserekninga kan pasien­ tar og andre ringje Pasientreiser 05515.

gistrert over 680 000 pasientreiser i Helse Vest. I overkant av 550  000 av desse var reiser med rekvisisjon, noko som utgjorde over 230 millionar kroner.

Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan ta rutegåande transport, kan du få ein rekvisisjon til annan transport av behand­ laren din. Du skal då ringje 05515 for å be­ stille reisa eller for å få rekvisisjon til anna transport når det ikkje finst rutegåande tilbod. Dersom du har fått rekvisisjon, skal du ikkje sende reiserekning.

– No når helseføretaka har det fulle ansvaret for Pasientreiser, kan dei betre planleggje behandling og reise i saman­ heng, noko som betyr at dei i større grad kan samordne reisene og la fleire pasien­ tar køyre i same drosje/turvogn. Kan vi få fleire pasientar over på rutegåande trans­ port, er det mykje pengar å spare. Dette er pengar som helseføretaka kan nytte til pasientbehandling, seier Loddervik.

Betre kontroll med pasientreisene Det er helseføretaka sjølve som dekkjer utgiftene pasientane har i forbindelse med pasientreiser. I løpet av 2008 blei det re­

S lik gjer d

u:

Reiserekning 1

3

2

Er alt i orden, kjem pengane inn på bankkontoen din.

Du finn reiserekning og ferdigadressert konvolutt hos behandlaren din. Du kan også laste ned reiserekningsskjema på nettstaden www.pasientreiser.no.

Fyll ut reiserekninga og legg ved alle originalkvitteringar. Ring Pasientreiser 05515 dersom du treng hjelp.

16

Set frimerke på den ferdigadresserte konvolutten og send han til Helseforetakenes senter for pasientreiser.


helse i vest 4/2009

profilen KIRSTIN VIK

Leiar, Pasientreiser Helse Førde

Rett bruk av pasientreiser gir deg eit betre helsetilbod – Behandlinga startar med reisa, og pasientreiser er derfor ein del av den daglege drifta ved sjukehusa våre, fortel leiar ved Pasientreiser i Helse Førde, Kirstin Vik. Dei var det siste helse­ føretaket i landet til å overta oppgåvene frå NAV. I dag gir dei råd og rettleiing til ­pasientane om alt som har med pasient­reiser å gjere. Tekst Camilla Loddervik Foto Finn Ove Njøsen

V

ed pasientreisekontoret i Helse Førde er dei i dag 19 tilsette. Det er 14 fleire enn dei var før dei overtok oppgåvene frå NAV. Pasientreisekontoret er det største i Helse Vest og står for om lag 37 prosent av pasientreisene i regionen. – Vi har no fått mange fleire arbeidsoppgåver. Mens vi tidlegare berre arbeidde med reiseoppgjer for dei som reiste med rekvisi­ sjon, saksbehandlar vi i dag alle krav, hjelper til med reiseplanleg­ ging, utfylling av reiserekningsskjema og gir informasjon om dei rettane pasientane har, fortel Vik. Informasjonsansvar Det å gi god informasjon er ein føresetnad for at pasientane skal kunne ta hand om sine eigne interesser. Helsepersonell skal derfor gjere reiserekningsskjema og informasjonsmateriell tilgjengeleg, for eksempel i ventesonar og stader der pasientane oppheld seg. – Ikkje alle pasientar har rett til å få dekt reisa si. Reisa må mellom anna vere over tre kilometer og gå utanfor bygrensa. Derfor treng ikkje alle pasientar å få utdelt informasjonsmateriell og reiserekningsskjema. Det behandlarane i staden må hugse, er å sende med pasientane ei stadfesting på at dei har vore til behand­ ling. Dette er informasjon pasientane må leggje ved reiserekninga dersom dei skal fremme krav om refusjon av reiseutgiftene, fortel Vik.

Betre kontroll med pasientreisene Etter at helseføretaka overtok ansvaret for pasientreisene, har saksmengda auka med over 30 prosent, samanlikna med det NAV rapporterte om. Når helseføretaka no har det fulle ansvaret for pa­ sientreiser, gjer det at dei betre kan planleggje og samordne reiser og behandling. – Pasientreisekontora har ansvaret for å skrive rekvisisjon til an­ nan transport dersom det rutegåande tilbodet er mangelfullt. Dei som arbeider på pasientreisekontora, har god lokalkunnskap. Det vil seie at dei kan gi ein pasient rekvisisjon til drosje til nærmaste busstasjon i staden for å sende pasienten i drosje heile vegen til behandlingsstaden. På den måten sikrar vi betre ressursutnytting, fortel Vik. Ho legg til at det er mange som ikkje veit at det er helsefø­ retaka som dekkjer dei utgiftene pasientane har i samband med pasientreiser. Det inneber også at dette er pengar som går frå det ordinære sjukehusbudsjettet. Det er derfor viktig med rett bruk av pasientreiser, slik at ein sikrar effektiv sjukehusdrift og betre pasientbehandling.

17


helse i vest 4/2009

Langtidsbudsjett 2010–2014::

– Skal gi større tryggleik   i pasientbehandlinga For å møte dei store utfordringane i spesialisthelsetenesta fram mot 2020 utarbeider føretaksgruppa i Helse Vest for første gong eit l­angtidsbudsjett som handlar både om drift, likviditet/finansiering og i­nvesteringar i p ­ erioden 2010–2014. Tekst: Camilla Loddervik

–D

ette er nødvendig for å sikre innbyggjarane på Vestlandet eit godt helsetilbod i ei tid der vi vil få ein massiv pasientauke, samtidig som vi ikkje kjem til å ha ein så stor økonomisk vekst som det vi har sett dei siste åra. Det er derfor viktig at føretaka våre får god kontroll med øko­ nomistyringa, slik at dei blir i stand til å gjere investeringar som er nødvendige for å sikre god og trygg pasientbehandling også i framtida, seier styreleiar i Helse Vest RHF, Oddvard Nilsen. Større aktivitet Berekningar viser at innbyggjartalet i Helse Vest sitt område kjem til å auke med heile 16 prosent fram til 2020. Samtidig kjem Helse Vest til å møte ei stadig eldre befolkning. Den største auken kjem i aldersgruppa 70–79 år, som truleg vil auke med 50 prosent frå 2008 til 2020. Samtidig ser ein òg at det vil bli eit større ressursbehov som følgje av ein auke i kroniske og livsstilsrelaterte sjukdomar, kreft og lidingar knytte til rus og psykiatri. Det er også grunn til å tru at innbyggjarane sine forventningar til spesialisthelsetenesta vil auke, noko som igjen gjer at etterspurnaden blir enda større. – Kostnadsutviklinga for spesialisthelsetenesta vil i stor grad vere avhengig av korleis tenestene blir organiserte og tilrettelagde

18

i framtida. Det er derfor viktig at helseføretaka tek inn over seg tankane i samhandlingsreforma i arbeidet med langtidsbudsjet­ tet. Kvalitet, prioritering, innføring av nye metodar og teknologi, pasient­logistikk og betre samhandling med primærhelsetenesta blir sentrale område i utviklinga av tenestene i tida framover, seier Nilsen. Økonomiske utfordringar og resultatskrav Berre gjennom effektiv drift og positive resultat kan helseføre­ taka frigjere pengar til nye investeringar. Langtidsbudsjettet vil derfor vere eit viktig verktøy for føretaka for å skape nødvendig handlefridom i framtida. – For å kunne møte dei store investeringsutfordringane, spesielt i Helse Bergen og i Helse Stavanger, må overskotet aukast dei komande åra. For føretaksgruppa samla må resultatet aukast til mellom 300 og 400 millionar kroner i løpet av dei neste fem åra, seier Nilsen. Styret i Helse Vest har no lagt overordna føresetnader og føringar for korleis helseføretaka skal arbeide med budsjetta sine. Arbeidet skal gå parallelt med budsjettet for 2010, og vil skje i eit tett samarbeid mellom helseføretaka og Helse Vest RHF.


helse i vest 4/2009

n e s n a r e f n o k s g Forskin 2009 Frå venstre: Fagdirektør i Helse Vest RHF, Odd Søreide, professor Roland Jonsson og styreleiar i Helse Vest RHF, Oddvard Nilsen.

Helse Vest sin årlege forskingskonferanse blei ­arrangert for sjuande gong 29.–30. oktober. Som tidlegare var høgdepunktet utdelinga av den å­ rlege forskings­prisen. I år hadde komiteen bestemt seg for å dele ut éin pris, og den gjekk til ­Broegelmanns Forskningslaboratorium ved Roland Jonsson. ­Laboratoriet fekk prisen for beste forskingsmiljø. Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto Kjetil Alsvik

F

orskingsprisen blir kvart år gitt til eit fagmiljø som fremmer det faglege nivået i Helse Vest. Komiteen har blant anna lagt vekt på i kor stor grad forskinga blir publisert i gode tidsskrift, klinisk verdi av forskinga og nettverksbyg­ ging, både regionalt, nasjonalt og interna­ sjonalt. Forskingsprisen var på 100 000 kroner og eit kunstverk av Synnøve Dahl frå Tananger i Sola kommune. Forskinga i Helse Vest aukar Eit variert og spennande program for dei to dagane blei innleidd med at fagdirektør i Helse Vest, Odd Søreide, oppsummerte

forskingsaktivitetane i Helse Vest sitt om­ råde. Tala han la fram, viste ein gledeleg auke i alle helseføretaka frå 2007 til 2008. Forsking er eit satsingsområde for Helse Vest, som kvart år deler ut midlar til for­ sking. I år er summen som skal fordelast, nesten 100 millionar kroner. For 2010 har det kome inn 299 søknadar om forskings­ midlar, dei fleste innanfor psykiatri og hjarte-, kar- og luftvegssjuksdommar. Strategisk satsing på rus Ein av fleire som heldt innlegg, var for­ skingsleiar Sverre M. Nesvåg ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (KORFOR). Nesvåg la fram strategien

for eit regionalt rusforskingsprogram for 2009–2013. Programmet har blant anna som mål å etablere ei rusmiddelforsking som kan vere med på å forbetre kvaliteten i alle delar av behandlingsapparatet som ar­ beider med rusrelaterte problem. Det regionale samarbeidsorganet Forskingskonferansen er eit samarbeid mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger, som saman utgjer Det regionale samarbeidsorganet. Det var første gongen konferansen blei lagd til Sola Strand Hotel ved Stavanger, i vakre omgivnader mellom sanddynene ved havet.

19


helse i vest 4/2009

Pris for beste forskingsmiljø – Det er svært hyggeleg å få ein slik pris. Det at vi har klart å få til eit godt samarbeid mellom kliniske einingar og laboratorieeiningar, gir som resultat at vi får god translasjonsforsking. På denne måten får vi fram meir kunnskap, noko som er nyttig for pasientane sin del, seier professor Roland Jonsson. Tekst Siri Tjessem Fjælberg Foto Bjørn Erik Larsen

V

i møter ein stolt leiar for Broe­ gelmanns Forskningslaborato­ rium fem dagar etter prisutdelinga under Helse Vest sin årlege forskingskonferanse. Jonsson er audmjuk over å ha fått prisen og seier at dette er ei verdsetjing av eit ar­ beid som forskingslaboratoriet har halde på med i fleire år.

20

Fremmer det faglege nivået i Helse Vest Komiteen som har delt ut prisen, har lagt vekt på imponerande forskings- og rettleiingsaktivitet og meiner at profes­ sor Jonsson har utvikla Broegelmanns Forsknings­laboratorium til eit ressursmiljø for forskarutdanning på tvers av insti­ tutt- og fakultetsgrenser. Broegelmanns Forsknings­laboratorium ved Jonsson har vore ein brubyggjar og har stimulert til samarbeid mellom ulike fagmiljø innanfor Helse Vest sitt område, men også nasjonalt og internasjonalt, ifølgje grunngivinga for tildelinga av prisen.

– Det er store ord frå komiteen, dette? – Ja, det er ei stor ære for meg og labo­ ratoriet, og eg er svært audmjuk overfor det å få vere med og forvalte dette legatet. Men eg er ikkje aleine. Eg har mange dyk­ tige medarbeidarar som gjer ein fantastisk jobb, seier Jonsson. Sjögrens syndrom, leddgikt og lupus Den tidlegare tannlegen frå Göteborg fekk raskt interesse for oralpatologi, og han blei kjend med pasientar med blant anna lupus og Sjögrens syndrom i arbeidet sitt som oralmedisinar. Jonsson er no professor i immunologi ved Det medisinsk-odon­ tologiske fakultet i Bergen. I dag er over femti prosent av verksemda ved Broegel­ manns Forskningslaboratorium retta mot Sjögrens syndrom, og laboratoriet er godt kjent nasjonalt og internasjonalt for arbei­ det sitt. I tillegg til Sjögrens syndrom har

laboratoriet også eit høgt fokus på andre revmatiske sjukdommar. Gammal forskingshistorie i nye lokale Rundt ein femtedel av midlane til Broe­ gelmanns Forskningslaboratorium kjem frå legat, mens fire femtedelar er ekstern­ finansierte frå fleire bidragsytarar. Broe­ gelmanns har ei lang bergenshistorie sidan legatet blei oppretta i 1948. Fem år etter blei det knytt opp mot Universitetet i Ber­ gen, og i 1957 blei forskingslaboratoriet oppretta. To leiarar har sete i leiarstolen før Roland Jonsson blei tilsett i 1991. Somma­ ren 2009 flytta han og 20 medarbeidarar inn i femte etasje i eit nytt laboratoriebygg ved Helse Bergen. Med nydeleg utsikt ut­ over Bergen by kan dei no forske vidare på autoimmune sjukdommar, som laborato­ riet er mest kjent for.


helse i vest 4/2009

– Eg har mange dyktige medarbeidarar som gjer ein fantastisk jobb.

Bilettekst

– Kva er siste nytt innanfor forsking på Sjögrens syndrom? Framleis behov for mykje forsking – Akkurat no prøver vi å leite etter mar­ kørar for lettare å kunne diagnostisere Sjö­ grens syndrom. Vi prøver også å finne mo­ lekylar for å kunne behandle sjukdommen. Dette er langsiktig forsking. I forskingsar­ beidet har vi også eit godt samarbeid med Revmatologisk avdeling, Øyre-nase-halsavdelinga og Hudavdelinga i Helse Bergen, i tillegg til Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen, seier Jonsson. Han har også eit godt samarbeid med Helse Stavan­ ger og Helse Fonna. Godt samarbeid gir resultat på sikt – Det er svært viktig med samarbeidet mellom universitet og helseføretak. Vi må samarbeide også i framtida og utnytte res­ sursane, seier Jonsson. For tida lagar labo­

ratoriet ein ny pasientbrosjyre til pasientar med Sjögrens syndrom. Det er ein sjukdom som utviklar seg langsamt, og som det er vanskeleg å diagnostisere. Vi reknar med at 0,7 promille av befolkninga har Sjögrens, og det tilsvarer rundt 500 personar i Helse Vest sitt område. Vi følgjer stadig opp om­ lag 200 pasientar i bergensområdet. Sjö­ grens er ein kronisk og kompleks sjukdom, og den behandlinga som for tida finst, er lindring av symptoma, seier Jonsson. Forskarskule og doktorgradar I tillegg til å vere leiar for Broegelmanns Forskningslaboratorium har Jonsson vore med på å starte Forskarskulen i inflamma­ sjon. Han er med på alle seminar på sku­ len, og dette er eit arbeid han finn svært stimulerande. Han kan til tider sakne di­ rekte kontakt med pasientar, men set stor pris på mikroskopering, som han bruker ein god del tid på. Sjølv om han ikkje bru­

ker så mykje tid til laboratoriearbeid no, er han ofte innom for å snakke med medar­ beidarane sine. Jonsson har rettleidd ei rek­ kje personar fram til doktorgrad og er også redaktør for eit internasjonalt tidsskrift om immunologi, som kjem ut tolv gonger i året. Jonsson var også med i det viktige arbeidet med å arbeide fram dei seks kri­ teria for å diagnostisere Sjögrens syndrom. Desse kriteria er internasjonalt kjende. – Du har fått ein pris på 100 000 kroner for arbeidet ditt. Kva vil du bruke pengane til? – Vi har ikkje heilt bestemt oss enno, men vi må bruke pengane til noko som kan vere til glede for heile forskingsgruppa. Det kan for eksempel vere nytt utstyr eller opplæring for dei som arbeider her, seier professor Roland Jonsson.

21


helse i vest 4/2009

verdt å vite Influensa A-vaksine Helsestyresmaktene anbefaler alle å vaksinere seg mot influensa A for å hindre alvorleg sjukdom og død. Det er kjøpt inn vaksine til heile befolkninga, og alle som ønskjer det, vil etter kvart få tilbod om å vaksinere seg. All vaksinasjon i Noreg er frivillig. I første omgang er det personar i risikogruppene og helsepersonell som blir prioriterte. Kjelde: www.pandemi.no

Kvifor vaksinere seg mot influensa A? aksinasjon er det beste vernet mot influensa A(H1N1). For dei fleste som blir smitta, vil sjukdommen vere mild, men nokre blir alvorleg sjuke. Helsestyresmaktene anbefaler derfor alle (inkludert barn ned til 6 månader) å vak­ sinere seg for å hindre alvorleg sjukdom og død. Ved å vaksinere deg hjelper du i til­ legg til med å avgrense smitten og redusere risikoen for at personar i risikogruppene blir alvorleg sjuke. Eit siste mål med vak­ sineringa er å halde oppe ein tilstrekkeleg beredskap, særleg ved sjukehusa våre.

V

Er pandemivaksinen trygg? Det er ein langt større risiko for alvor­ leg sjukdom og død ved influensa A enn for moglege skadeverknader som følgje av vaksinen. Pandemivaksinen som blir brukt i Noreg, heiter Pandemrix og er godkjend i heile Europa og av norske lege­ middelstyresmakter. Vaksinen er framstilt

22

på tradisjonell måte, ved virusdyrking på egg. Vaksinen er basert på delar av det nye influensaviruset A(H1N1), men inneheld ikkje levande virus. Vaksinen kan derfor ikkje gi influensasjukdom. Alle legemiddel kan gi biverknader, også vaksinar. Pandemrix kan gi noko krafti­ gare reaksjon – med smerter, irritasjon og opphovning på injeksjonsstaden – enn vaksine mot sesonginfluensa. Andre van­ lege biverknader, for eksempel hovudpine, trøttleik og feber, opptrer også noko hyp­ pigare. Sidan vaksinen er dyrka på egg, må ein vere særleg merksam overfor personar med alvorleg eggallergi. Eg vil vaksinere meg. Kvar skal eg melde meg? Det er kommunane som har ansvaret for å tilby og informere innbyggjarane sine om korleis vaksinasjonen blir gjennom­ ført, og kvar innbyggjarane skal melde seg.

Du finn informasjon om vaksineringa i din kommune ved å besøkje kommunen sin nettstad eller ved å ringje til servicetorget. Prisen på å få sett vaksinen varierer frå kommune til kommune. Det gjeld også for barn. Eigenbetalinga kjem ikkje inn under frikortordninga. Risikogrupper og helsepersonell får vaksinen først Risikogrupper og helsepersonell får tilbod om vaksinering mot pandemisk influensa først. Utsending av nok vaksine til å dekkje alle i risikogruppene, samt helsepersonell, er venta ferdig i midten av november 2009. Anbefalinga er basert på kunnskap om sjukdommen og dokumen­ tasjon om vaksinen. Helsestyresmaktene anbefaler at friske personar over 6 månader tek vaksinen, og vil få tilbod om vaksine­ ring etter at alle i risikogruppene er vaksi­ nerte.


helse i vest 4/2009

Ny fagdirektør i Helse Vest

–S

chem har ein solid medisinskfagleg bak­ grunn. Ved sida av oppgåvene ved Kreft­ avdelinga har han i mange år hatt bistil­ ling ved forskings- og utviklingsavdelinga i Helse Bergen. Også andre oppdrag og oppgåver gjer Schem til ein leiar eg ser

fram til å ha med i den vidare utviklinga av helseregionen, seier Herlof Nilssen, admi­ nistrerande direktør i Helse Vest. Schem tok doktorgraden i 1995 på ei avhandling om bruk av varmebehandling og påverknad av stoffskifte i svulstar for å

Brukarmedverknad:

Kreftpasientar skal vurdere sjukehusa På nyåret inviterer helseføretaka kreftpasientar til å seie si meining om helsetilbodet dei har fått ved norske sjukehus. Undersøkinga blir gjennomført av Kunnskapssenteret og er ei av dei største brukarerfaringsundersøkingane nokon gong.

S

pørjeundersøkinga vil bli gjort blant eit utval av kreftpasientar som har fått eit tilbod ved nor­ ske sjukehus i perioden 20. september til 10. desember i år. Resultata frå undersøkinga skal brukast både til å finne område for lokalt kvalitetsforbetringsarbeid og som styringsinformasjon for leiarar og politikarar. For folk elles kan resultata vere til hjelp når dei skal velje sjukehus.

Foto: Helse Bergen

Baard-Christian Schem (53) er i dag tilsett som fagdirektør i Helse Vest. Schem har medisinsk embetseksamen frå Universitetet i Oslo (1981) og kjem frå stillinga som overlege ved Kreftavdelinga i Helse Bergen.

auke effekten av cellegiftbehandling ved kreft. Baard-Christian Schem tek til i stillinga som fagdirektør 1. januar 2010. Han tek over etter Odd Søreide, som går av med pensjon.

Helse Vest IKT fem år Helse Vest IKT er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. I fem år har selskapet arbeidd for å betre helsetenesta ved innovativ bruk av tekniske løysingar i helseføretaka våre.

H

else Vest IKT ­arbeider no med å innføre felles ­elektronisk pasientjournal i alle hel­ seføretaka i Helse Vest, noko som vil forbetre kvali­ teten og arbeidsprosessane både for dei tilsette og for pasientane. Ei undersøking gjennomført i 2009 viser at 77,6 prosent av kundane til Helse Vest IKT er tilfredse eller svært tilfredse med tilbodet IKT-selskapet gir. Det er ein auke på 6,7 prosent samanlikna med førre måling, frå 2007.

HELSE VEST IKT AS

Resultata blir offentleggjorde hausten 2010, både i form av rapportar og på nettstaden www.frittsykehusvalg.no. ratis

Ring g

PASIENTHJELP til deg som står i sjukehuskø

Ring gratis

800 41 005 23


Informasjon

Returadresse:

B

Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger

Informasjon om

Har du behov for pasientreiser reise til behandling? Nytt om pasientreiser

Helseføretaka i Helse Vest har overteke det fulle ansvaret for pasientreiser HarRettane du behov forer reise til behandling? Helseføretaka overteke heile frå NAV. dine uendra, men overtakinga inneberhar nokre praktiske ansvaret for pasientreiser. endringar for deg som pasient. Du skal ikkje lenger oppsøkje NAV for å få refundert reiseutgifter, men sender sjølv inn reiserekningsskjema. Skjemaet får du behandlaren din eller på www.pasientreiser.no. Har du behov forhos reise til behandling? Helseforetakene har overtatt 5. Reise Bruk éi

utgifte

rad for

r for

rei kvart tran se til og frå behand sportm iddel. lingssta

den

ufor: pasientreiser. Du skal ikke lenger oppsøke NAV for å d r e j hele ansvaret g k i l S Dato*

Frå*

Til*

Reisem

åte* F.eks. bil, båt, buss, tog. Legg ved billettar originalk og vitteringa r.

du har rett til fåKva refundert reiseutgifter, du sender selv inn reiseregningsskjema. Reiserekning • Hovudregelen er at du får dekt billegaste reisemåte med Skjemaet får du hos din behandler eller på www.pasientreiser.no. 1 Du finn rutegåande transportmiddel til nærmaste behandlingsstad. reiserekning og ferdigadressert konvolutt hos behandlaren din. Du kan også laste ned • Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan ta rutegåande Dine rettigheter reiserekningsskjema på nettstaden www.pasientreiser.no. transport, vurderer behandlaren din om du har rett til Hovedregelen er at du får dekket billigste reisemåte med 2 • Fyll ut reiserekninga og legg ved alle originalkvitteringar. rekvisisjon for annan transport. 05515 dersom du treng hjelp. Ring Pasientreiser rutegående transportmiddel til nærmeste behandlingssted. • Manglande rutegåande tilbod gir i nokre tilfelle rett til rekvisisjon 3 • Hvis du av helsemessige årsakerogikke kan ta rutegående transport, Set frimerke på den ferdigadresserte konvolutten til annan transport. Kontakt det lokale pasientreisekontoret på send han Helseforetakenes for pasientreiser. viltildin behandlersenter vurdere om du har rett til rekvisisjon til annen Er alt i orden, kjem pengane inn på bankkontoen din. ✆ 05515. transport. • Manglende rutegående tilbud gir i noen tilfeller rett til rekvisisjon til Du har rett til å få dekt nødve Krav om dek ndige utgifter reisemåten med når du skal reise ning av reiseutg rutegåande transp til og frå behan kilometer, og ort til og frå den ifter dling. Hovudregele reisa må koste nærmaste behan meir enn lokal n er at du får grunn for frikort dlingsstaden. dekt den minstetakst. Ved og kan registr Avstanden til alle pasientreiser erast på eigend behandlingsstaden billegaste elskortet. må du betale må vere minst ein eigendel. Sjå rettleiinga tre Eigendelen blir for Krav om deknin lagd til g av reiseutgifter - ho er tilgjen geleg hos behan Dette må du hugse å leggje dlar eller på www.p ved: ● Stadfesting asientreiser.no. på at du har møtt opp hos behan timekort dlaren, for eksem ● Alle origina pel oppmøtestad lkvitteringar for festing , stempla reisere reiseutlegg, for ● Stadfesting kningsskjema eksempel togbill frå behandlaren eller stempla ett eller kvitter Andre utg på at pasienten ● Stadfesting ing for parker frå behandlaren hadde behov ifte r, f.eks. ing for reisefølgje dersom du har ● Eventuell kvitter parker brukt dyrare transp ing ingsav Personlege dokum for overnatting ortmiddel av gift, bom helsemessige ent som frikort, pengar årsaker (drosje pass eller fødsel / privat bil) sattest skal ikkje Treng du hjelp senda st inn. til å fylle ut reisere kningsskjemaet, 6. Kost kan du ringje ogtreiser Pasien overn05515 atting . Eg reis te heima nfrå dat BRUK BLOK o: KBOKSTAV Kostgodt BLÅ ELLER gjersle / AR, kl: 1. Personopp Eg har SVART PENN OBLIGATORISK lysningar for vore på : . : E FELT ER den som søkje reise i MERKTE MED meir enn r om å få dekt Eg har vore * *. utgifter tolv tim pasient ar og søk og var Overnatti reisefølgje tilbake jer kos ngsgod Namn * dato: tgodtgjers Eg har tgjersle le for vore på : reise i

2. Eg samtykkjer

Ja

Nei

3. Har du vore

tuelle

Namnet på pasien

Adressa til pasien

i at helseføreta

ket kan unde

reisefølgje?

Set kryss dersom

Postnr. *

7. Even

Poststad *

rsøkje om eg

Viss nei, gå

du har vore reisefø

ten *

ten *

lgje for barnet Staditt. d og dat o

Unders

*

merkn

ader

har frikort (gjeld

8. Unde rskrift vidare Eg samtykk til punk t 4jer i at

dei opp

gitte opp

pasientar). *

lysning

krift *

ane er korrekte, og at dei kan reg Fødselsnummeret istrerast til pasienten * til

Poststad *

HUGS: Legg ved stadfe sting

frå behandlaren

Helsefore

bruk for

utbetaling

.

takene

Send reis s senter på at pasienten ereknin for Pas hadde behov gsskjem ientreiser for reisefølgje 4. Behandlin av helsemessige ANS, Pos aet til gsstad årsaker. tboks 253 Set kryss dersom 3, 3702 du har gjort deg SKIEN nytte av retten , NORE Namnet på behan til fritt sjukehusval. G dlingsstaden * Avdeling

Adresse *

Postnr. *

Pasientreiser ✆ 05515

Poststad *

*

av priva t bil.

/ kl: : døgn ette Fødsedøg lsnum r gjelda n og merhar * hat nde sat satsar. t utgifte sar. r til ove rnatting. Derfor Telefonnumm søkjer er * eg om å få dek t utgifte ne etter gje Kontonummer ldande *

Adresse *

Postnr. *

Antall km

Ved bruk

Felt hvor behan dler signere for pasien kan stemple navn og adres se, og tens oppmøte. dato og klokke Bekreftelsen slett. må ha

www.pasientreiser.no

Likte du dette magasinet? Du kan abonnere gratis. Send ein e-post til info@helse-vest.no

Bel

NB! Ikkje øp oppgi belø ved bruk p av priva t bil.

2009_04_Helseivest_web  

Fysisk aktivitet Grenselaus e-handel Sjå godt ut – føl deg betre 4 8 med Helse Vest i førarsetet Nr 4/ 2009 rogaland / hordaland / Sogn og f...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you