Page 1

Raskare tilbake 4 – tilbake i taxien etter rask operasjon

Samhandlingsreforma 7 Skal rydde opp i Helse-Noreg

HELSE i vest Nr. 3/2008

rogaland / hordaland / Sogn og fjordane

Autisme:

Tidleg hjelp

ga opptur for Erik (5)

10


helse i vest 3_2008

DETTE ER DIN HELSEREGION Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist­helsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, samt Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har cirka 25 000 medarbeidarar, omfattar rundt 50 sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til rundt 1 million innbyggjarar. Budsjettet er på cirka 17 milliardar kroner. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger.

I sommar har eg vore turist på det vakre Vestlandet. Du og du så flott det er! Det tindrande blå havet, stupbratte fjell, irrgrøne skogar og vakre små bygder. Når ein i tillegg møter familie og venner, når vêret er strålande og stemninga god, ja, kva meir kan ein då ønskje seg? Ein slik sommar med mange gode opplevingar må verke positivt inn på helsa vår!

Sidan forrige utgåve har Noreg fått ny helse- og omsorgsminister. Like etter utnemninga annonserte Bjarne Håkon Hanssen at han vil reformere Helse-Noreg. Han meiner at mykje fungerer bra i spesialisthelsetenesta, men at dei ulike aktørane og instansane må bli flinkare til å arbeide saman – for at pasienten skal få eit enda betre tilbod. Samhandling er fellesnemnaren – og eit utval er allereie i sving. Det hastar! I april neste år skal utvalet tilrå kva som må til for at dei ulike aktørane skal samarbeide betre. “Dette er ein floke vi må løyse saman,” sa ministeren då han i august opna informasjons- og kommunikasjonskonferansen i Bodø. Ein handlekraftig minister har allereie inspirert mange – og mange steinar vil bli snudde i månadene som kjem. Høge ambisjonar og høgt tempo ber bod om at Helse-Noreg er i rivande utvikling. I april kjem forslaga.

Foto: Kjetil Alsvik

Å løyse floken ilag

Bjørg Sandal Kommunikasjonsdirektør, Helse Vest

Å bruke pengar ein ikkje har går ikkje i lengda. Slik er det i privatlivet – og slik er det i sjukehusa. Kvifor er det så viktig å nå budsjettmålsetjingane når landet har så mange pengar på bok? Jau, vi står overfor mange og tunge oppgåver, både når det gjeld drift og investeringar. Skal vi løyse desse oppgåvene på ein god måte, må vi ha kontroll på økonomien. Det gir oss handlingsrom. Målet for 2008 ligg fast: Helse Vest skal levere eit resultat i balanse. Den aller viktigaste aktiviteten i sjukehusa er møtet mellom pasient og behandlar. Gunn M. Handeland er ein av dei nærare 3 700 vestlendingane som har vore i kontakt med ordninga Raskare tilbake. No er ho truleg igjen på plass bak rattet i drosja, og er overlykkeleg for at livet er normalt og at ho igjen er i stand til å halde seg i aktivitet. Spør legen om du er ein av pasientane som kan få hjelp gjennom denne ordninga. Kvar og ein har eit ansvar for å halde oss i form. Alt er betre enn ingenting! La haustkveldane by deg på nye opplevingar! •

2


Helse i vest nr. 3/2008 Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør) Tonje Pedersen (redaktør) Elisabeth Huse

Utforming og tilrettelegging Oktan Alfa AS Forsidefoto: Monica Larsen

Trykkeri Colorprint Opplag ca 15 000

Redaksjonen avslutta 16. september 2008

Abonner gratis på Helse i vest Send ein e-post til info@helse-vest.no

Helse Vest og nynorsk Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har difor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nettsidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

3_2008

Hjelp til barn med autisme

10

helse i vest

Helsefagarbeidarane

16

4

Taxien ventar – i arbeid med “Raskare tilbake” 4 Skal løyse samhandlingsproblema i Helse-Noreg 7 Ny ventetidsgaranti 9 TEMA: Autisme 10

Raskare tilbake

Den nye helsefagutdanninga 16 Forskingsnytt 19 Profilen: Brenn for dei pårørande 20 Verdt å vite: Mammografi 22 Ni råd mot kreft 24

Samhandlingsreforma

7

3


helse i vest 3_2008

Snart set hjarteopererte Gunn M. Handeland seg i førarsetet i drosjebilen og køyrer kundane att og fram. Gjennom ordninga “Raskare tilbake” fekk ho behandling eit halvt år tidlegare enn venta. Ordninga ga Handeland eit nytt liv.

Tilbake i taxien

etter rask hjarteoperasjon Tekst Tonje pedersen / foto Øyvind Sætre

D

en 31 år gamle kvinna er ute og går tur. Ho hoppar frå nut til nut som ei anna fjellgeit. Det er nesten uverkeleg­. For berre nokre månader sidan hadde ho ingen energi og sov 16 timar i døgnet. No er livet snudd opp ned. – Eg har vel aldri vore i så god form som eg er no. Tidlegare var eg alltid andpusten, og eg blei fort sliten. No kjenner er meg som ein 16-åring igjen, ler Handeland, mens ho tenkjer tilbake på det siste året. Tilbake i jobb Ho er berre ei av tusenvis av menneske som har fått hjelp gjennom­ den nasjonale ordninga Raskare tilbake. Målet med ordninga er å

4


helse i vest 3_2008

få sjukemelde tilbake til jobb så raskt som mogleg, og gi dei raskare­ kroner til kjøp av helse- og rehabiliteringstenester for å få dei sjuketilbod om behandling eller rehabilitering gjennom tilvising til melde raskare tilbake, og tiltaket er eit ledd i oppfølginga av Sjukespesialist­helsetenesta. Det er opp til legane å vise pasientane inn i fråversutvalet sitt arbeid hausten 2006. ordninga. – Det tok lenger tid å komme i gang enn vi hadde rekna med. – I fjor tilviste legane langt færre enn i år. I år brukar meir enn No kjem det seg, og vi ser at ordninga blir brukt. Frå siste halvdel 400 personar ordninga kvar månad. Årsaka er nok at legane er av 2007 og utover 2008 har talet på tilvisingar auka. Det er og fleire meir bevisste på kva Raskare tilbake er, seier pasientrettleiar Jan avtaler på plass i private sjukehus. Det verkar som om marknaden Edvard Gjersvoll i Helse Vest RHF. responderer på dette, held Gjersvoll fram. Sidan ordninga Raskare tilbake trådde i kraft i fjor har nær 4.000 personar fått hjelp på Vestlandet. Totalt har 3.682 vore innom ordninga gjennom Helse Vest. Stortinget har løyvd 604 millionar

Sliten før diagnose Dei siste tre åra har Gunn Monica Handeland vore trøtt. Ho hadde fire barn, to hundar og ein katt i tillegg til full jobb som

5


helse i vest 3_2008

Handeland er berre ei av tusenvis av menneske som har fått hjelp gjennom den nasjonale ordninga Raskare tilbake. Målet med ordninga er å få sjukemelde tilbake til jobb så raskt som mogleg.

taxisjåfør, og dagane var travle. Dei fleste rundt henne trudde ho var i ferd med å bli utbrent. Men sist vinter blei ho sjuk. – Eg fekk influensa og svima av heime. Då begynte eg å forstå at noko var gale. Likevel gjorde eg ingenting med det. Slik gjekk våren. Eg var dårleg, men eg gjekk på jobb og håpa det beste. 3. april i år sa kroppen stopp. Handeland var på jobb og måtte stoppe bilen. Idet ho stoppa, svartna det igjen. Ho svima av heile ti gonger. Mellom anfalla ringde ho sjefen som kom og henta ho i Sveio, ein halvtimes køyring frå Haugesund sjukehus. – Sjølv om eg kjende meg heilt fin igjen, tok dei ein del testar av meg. På sjukehuset meinte dei at eg hadde hjarteproblem, og eg høyrde dei snakka om pacemaker. Raskt operert Handeland fekk beskjed om å vente til januar­eller februar før ho kunne bli operert­. Det ville innebere ei sjukemelding på rundt eitt år. Etter tips frå fylkeslegen tok ho kontakt­ med Nora Beth Nielsen i Raskare tilbake. Då begynte hjula å rulle. – Eg fekk komme inn til konsultasjon med ein gong. Allereie i juni var eg operert­med ny pacemaker, fortel Handeland nøgd.

sjukdommar dominerer, men ordninga skal gjelde heile tenestetilbodet i helse­vesenet. Dei føretaka i Helse Vest som har størst breidde i tilbodet er Helse Stavanger og Helse Fonna. – Til no veit vi ikkje kor godt ordninga verkar. Det er ikkje gjort undersøkingar, og vi veit ikkje kor mange som faktisk er tilbake­i jobb. Dette er ting vi arbeider med. Det viktigaste for oss er at bruken av ordninga aukar, seier Gjersvoll. Aktiv mot fastlegane Nora Beth Nielsen er prosjekt­koordinator i Raskare tilbake i Helse Fonna. I fjor blei berre 65 pasientar viste inn i ordninga frå fastlegane i området. Til no i år er heile 450 pasientar med. – I Helse Fonna slit vi med pasientstraum frå helseføretaket vårt og til sjukehusa i Bergen­ og Stavanger. Vi har brukt Raskare tilbake for å fokusere på dei tenestetilboda vi kan tilby i eigne sjukehus. Målet er å redusere­ pasientstraumen, samtidig som pasientane får eit betre tilbod gjennom Raskare­tilbake, seier Nielsen.

– Kva betyr det at fastlegane er med på laget? – Det er viktig at legane er bevisste på dette. Vi har og sendt ut konvoluttar til eit Det er primært 40-60-åringar som bruker­ eige tilvisningsmottak for Raskare tilbake­. tilbodet Raskare tilbake. Muskel- og skjelett­ I tillegg er pasientane blitt meir klar over

ordninga­ og ber sjølv om tilvising via Raskare­tilbake. Eitt nytt liv Dagen etter hjarteoperasjonen i april gjekk Gunn Monica Handeland i bryllaup, og i dag kjenner ho seg friskare enn nokon gong. I slutten av august fekk ho drosje­ løyvet tilbake, og livet begynner så smått å bli normalt. – Det blir nok aldri som før igjen. Eg klarde aldri meir enn ein nut om gongen. No tar eg tre-fire i slengen utan problem. Og eg speler fotball. Det har eg ikkje orka å tenkje på tidlegare. Det er nesten som om eg har fått livet i gåve.

Raskare tilbake Den nasjonale ordninga Raskare tilbake skal bidra til at sjukemeldte, eller dei som er i fare for å bli sjukemelde, raskare får tilbod om behandling eller rehabilitering gjennom tilvising til spesialisthelsetenesta. Til no har 3.682 personar vore innom­ordninga i Helseregion Vest. I år blei det og mogleg for fastlegane å tilvise pasientar i ordninga til private sjukehus.

– Målet er å redusere pasientstraumen, samtidig som pasientane får eit betre tilbod. Nora Beth Nielsen

prosjektkoordinator Raskare tilbake, Helse Fonna

6


helse i vest 3_2008

Skal rydde opp i Helse-Noreg Tekst Elisabeth Huse / foto Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen vil ha slutt på tette skott mellom sjukehus og kommune­helsetenesta og lanserer ei samhandlings­reform for helsetenesta. Ei ekspertgruppe skal hjelpe han å finne løysingar på problema i Helse-Noreg.

Onsdag 3. september møtte helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen ekspertgruppa si for første gong.

–A

lle snakkar om desse problema. Lange ventetider, pasientkøar, milliardsprekk i sjukehus­økonomien, mangelfull rehabilitering og for lite ressursar­ til førebygging. Noreg brukar mest i verda på helse­, men får ikkje mest helse igjen for kvar krone, sa helse- og omsorgsministeren då han la fram samhandlingsreforma. Han har inga tru på at problema i Helse-Noreg kan løysast berre ved å pøse inn nokre fleire helsemilliardar. – Det er systemet det er noko gale med. Manglande kontakt mellom sjukehus og kommunar er det viktigaste hinderet for å gjere helsetenesta endå betre. Dette skal vi no gjere noko med, seier Bjarne Håkon Hanssen. Han skal leggje fram forslag til ny samhandlingreform i april neste år. Frå Vestlandet deltek Marit Myklebust og Victor Norman i ekspert­panelet. Ho er frå Eigersund og er leiar for Frelsesarmeens Gatehospital i Oslo. Han er professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole i Bergen. Andre namn i ekspert­panelet er tidlegare fotballspelar Dagfinn Enerly, direktør i Helse­direktoratet Bjørn Inge Larsen og styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse MidtNoreg.

7


helse i vest 3_2008

Nytt brukarutval i Helse Vest

Vest og brukarorganisasjonane. Utvalet uttaler seg i saker som vedkjem pasientane, og kan også på eige initiativ spele saker inn for Helse Vest. Det regionale brukarutvalet deltek også i viktig prosjektarbeid. Helseføretaka har eigne lokale brukarutval. Dei samarbeider på liknande måtar med sine helseføretak. I det regionale brukarutvalet sit to representantar frå SAFO (Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner), seks frå paraplyorganisasjonen FFO (Funksjonshemmedes Felles­ organisasjon) og ein frå eitt av fylkeseldreråda i regionen.

Frå 3. september er det nye folk på plass i brukarutvalet i Helse Vest. Jostein Melheim frå LHL (Lands­ foreningen for hjerte- og lungesyke) er ny leiar for brukarutvalet.

Dette er det regionale brukarutvalet: Jostein Melheim Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (FFO), leiar Njål Idsø Norsk Revmatikerforbund (FFO), nestleiar Steinar Andersen Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (FFO) Ingeleiv Haugen Norges Handikapforbund (SAFO)

M

elheim var tidlegare nestleiar i brukarutvalet og står dermed for kontinuiteten i det nye utvalet saman­ med Marit Sundal frå MS-foreningen (Multippel Sklerose). Brukarmedverknad er sentralt i utviklinga av gode helsetenester. Målet er å sikre at pasientane kjem til orde i saker som påverkar helsetenestene, samtidig som helseføretaka får viktige innspel frå brukarane av tenestene. Det regionale brukarutvalet er pasientane sitt rådgivande organ ovanfor Helse Vest RHF, og eit samarbeidsforum mellom Helse

Else-Berit Ingvaldsen Norsk forbund for utviklingshemmede (SAFO) Gunn Leiknes Hordaland Parkinsonforening (FFO) Solfrid Lillebø Mental Helse (FFO) Marit Sundal Multippel Sklerose-foreningen (FFO) Ruth Thu Fylkeseldrerådet i Rogaland

Forskingskonferanse ser på evaluering Torsdag 30. og fredag 31. oktober er det klart for den sjette regionale­ forskingskonferansen i Helse Vest. Eit tema på konferansen i år er forskingsevaluering. Det blir også delt ut to prisar under arrangementet, ein kvalitetspris og ein pris til beste forskar.

8

– Forskingskonferansen er blitt høgdepunktet blant forskarar på Vestlandet, og ein av dei viktigaste arenaene for å diskutere forskinga sine kår i helse­­føretaka, seier fagdirektør Odd Søreide i Helse Vest (bilete). Han synest temaet forskingsevaluering er interessant fordi ein då ser på kva forskinga betyr i praksis i forhold til målet om å fremje helse og livskvalitet i befolkninga. Det er det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta på Vestlandet som

arrangerer forskingskonferansen på Solstrand Hotell og Bad i Os kommune. Konferansen startar torsdag ettermiddag og blir avslutta med lunsj fredag. Målgruppene for konferansen er styremedlemmer, leiarar og forskarar. Helse Vest og Det regionale samarbeidsorganet har sidan 2003 delt ut forskingsprisar i samband med forskingskonferansen.


helse i vest 3_2008

Spesialistvurdering innan ti dagar og helsehjelp innan 65. Det har alle barn og unge under 23 år med rusproblem eller psykiske lidingar krav på frå 1. september. Tekst Elisabeth Huse

–V

i har ei utfordring med for lange ventetider innan barne- og ungdomspsykiatrien i nokre føretak, men vi veit at helseføretaka har stort fokus på å betre dette. Vi håper vi snart ser resultata av det arbeidet, seier fagdirektør Odd Søreide i Helse Vest.

Ny ventetidsgaranti:

Han understrekar at den nye ventetidsgarantien skal oppfyllast. – Innan rusbehandling vil vi no prøve å sikre tilbod også utanfor Helse Vest-regionen dersom kapasiteten blir for liten i våre føretak og rusinstitusjonane Helse Vest har avtale med. Helseføretaka må vurdere korleis dei skal styrkje tilbodet innan barne- og ungdomspsykiatrien, mellom anna om det er mogleg å behandle fleire pasientar og redusere ventetida med dei ressursane dei har, seier Odd Søreide.

Skal sikre

rask hjelp til barn og unge

Ferske tal frå Norsk pasient­register viser nemleg at ein i Helse Vest har noko lågare ”produktivitet” i barne- og ungdoms­psykiatrien enn dei andre helseregionane. – Men desse tala seier ingenting om kvaliteten­på behandlinga. Vi veit at det skjer mykje positivt innan barne- og ungdoms­ psykiatrien i vest, seier Odd Søreide.

Målet med den nye ventetidsgarantien er å sikre at ingen med rett til nødvendig helsehjelp skal vente meir enn maks 65 verkedagar på behandling, og alle får rett til ei vurdering innan ti verkedagar.

Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Tal frå Norsk pasientregister viser at ventetida i psykisk helsevern for barn og unge på landsbasis blei redusert frå 79 dagar 1. tertial 2007 til 76 dagar i same periode i år.

9


helse i vest 3_2008

Tema: Autisme

To heilt spesielle barn

Tekst tonje pedersen / Foto Monica larsen

Då Julie Schanche (8) og Erik Refsnes Trevland (5) begynte i barnehagen, kunne ingen av dei snakke. Autismeteamet i Helse Stavanger har mykje av æra for at dei to no har flytande språk, leiker godt med andre barn og er konsentrerte på skulen og i barnehagen.

10


helse i vest 3_2008

N

år Erik skal til tannlegen, begynner barnehagen å førebu han månader i førevegen. Dei tilsette teiknar­ og forklarar kva tannlege er. Dei besøkjer tannlegen fleire gonger saman med Erik, og femåringen trenar seg til og med på å sitje i Då Erik begynte i barnehagen var han berre to år gammal. Men tannlegestolen utan å få behandling. Den fem år gamle guten har han var ein svært krevjande og aktiv gut. Dei tilsette har minner diagnosen autisme, og repetisjonar er ein av læremetodane. om ein gut som stadig var høgt og lågt, han høyrde ikkje så mykje etter og var heile tida på farten. Om eit barn eller ei gardin blei Aktiv gut rive ned på vegen hans, var det ingenting som fekk han til å stanse. Nede ved sjøen i Randaberg kommune ligg den ombygde barne- For Erik var starten kaotisk. Han hadde ikkje talespråk og klarte hagen Sande barnehage. Utearealet er fullt av leiker både framfor ikkje å leike saman med dei andre barna. og bak barnehagen, og utsikta kan gjere einkvar barnehagetilsett – Han hadde ikkje blikk for omgivnadene. Det er utruleg at misunneleg. Det er her vi treff Erik Refsnes Trevland, den travle dette er den same guten, seier Camilla Jenssen Stusvik i Sande femåringen som er roleg og balansert etter riktig opplæring. barnehage.

11


helse i vest 3_2008

Tema: Autisme

Erik Refsnes Trevland (5) er glad i å leike ute. Her syklar han saman med treningsleiar Johanne Malene Tverberg og Patrick Moen i Sande barnehage.

Jenssen Stusvik har følgt Erik sidan starten og lagt til rette for at han skulle få det best mogleg i barnehagen. Ho kikkar bort på den sjarmerande femåringen som sit og smiler ved pulten inne på treningsrommet. Det viltre, lyse håret og dei blå litt skrå og kvikke auga vitnar om ein aktiv og energisk gut. – I starten klarte vi ikkje å få han inn på treningsrommet. Han nekta, fortel styraren. Janne Mari Akselsen Sørensen jobbar i Autismeteamet i Helse Stavanger. Til dagleg rettleier ho tilsette i barnehagar for å gi best mogleg opplæring til barn med autisme. Når det gjeld Erik, er forvandlinga enorm, seier ho. Velfungerande autisme I starten brukte vi biletevisualisering for å vise han ei handling. Vi brukte bilete av Erik for å vise kva som skjer når vi går til butikken­. Alle detaljane er med på bileta og til slutt utgjer det ein handlingskjede, seier Akselsen Sørensen. Ifølge henne har Erik ein velfungerande autisme. Det gjer at han heile tida har vore flink til å lære. – Bare 50 prosent av dei med autismediagnose utviklar tale­ språk. For Erik kom det ganske fort. Han er eit bevis på kor viktig det er å begynne tidleg. Erik sit konsentrert mens Janne Mari Akselsen Sørensen stiller han nokre spørsmål. Han er ein gut som alle dei tilsette er svært glad i og stjerneeksempelet på kva det betyr med tidleg tilrette­ legging. – Vi har fått kunnskap frå autismeteamet om korleis vi kan kontrollere åtferda hans. No har han ein sterk sosial posisjon i barnehagen, han får fort kunnskap, han er kreativ og han roar seg ned om han kjem i konflikt. Han er ein ekstremt sjarmerande gut, seier styrar Jensen Stusvik nøgd.

Rettleiing Takka vere rettleiing frå Autismeteamet, er Erik i dag på rett veg. Til dagleg jobbar tolv personar i Rogaland med å rettleie tilsette i skular og barnehagar som arbeider med barn med autisme­diagnose. Desse barna blir først utgreidde ved Barne- og ungdoms­psykiatrisk avdeling, BUPA, og nokre ved barne­habiliteringa Østerlide. Når diagnosen er sett, kjem autismeteamet inn for å gi rettleiing. Målet er å gi barna hjelp så raskt som mogleg. Jo tidlegare­barna får tilrettelagt læring, jo betre klarer dei seg i utviklinga vidare.

– No har Erik ein sterk sosial posisjon i barnehagen, og han er ein ekstremt sjarmerande gut. Camilla Jenssen Stusvik

Styrar, Sande barnehage

12


helse i vest 3_2008

Julie Schanche (8) brukte lang tid på å lære å sykle. No er det noko av det kjekkaste ho gjer, fortel far Martin Schanche.

– Vi ser på imitasjon og likskapar. Kan barnet kle på seg, sitje, ete, eller leike?

Janne Mari Akselsen Sørensen

rettleiar, autismeteamet

– Kvart barn får individuelle, skreddarsydde opplegg, og den målretta opplæringa er basert på utført åtferdsanalyse, seier Janne Mari Akselsen Sørensen i Autismeteamet. Autisme er ein livslang diagnose. Når spesialistane kjem inn for å møte barnet med den nyleg stilte diagnosen, bruker dei først lang tid på observasjon. Akselsen Sørensen deler rettleiinga inn i fleire nivå: – Vi begynner med å observere barnet. Først prøver vi å kart­ leggje språkforståinga. Vi ser på imitasjon og likskapar. Kan barnet kle på seg, sitje, ete, eller leike? I fase to har vi eit oppstartsmøte. Då samlar vi heile nettverket rundt barnet, også dei i kommunen som sit på pengesekken. Etter at vi har bestemt tiltaka som skal setjast inn på barnet, ser vi på ressursane som kommunen tilbyr. Vi tilrår ein høgskuleutdanna i full stilling til barnet, i tillegg ein assistent i 50 prosent stilling. Det er sjeldan barnet får noko mindre­enn det vi tilrår, seier ho.

– Ikkje gløym Julie I skulegarden på Eiganes syklar ei åtte år gammal jente på asfalten­ med hjelmen godt over øyrene. Det er Julie Schanche, også ho eit barn med autismediagnose. Då Julie begynte i barnehagen for snart fem år sidan, var far Martin Schanche bekymra. – Ta vare på henne. Ikkje plasser henne­ i eit hjørne og ikkje gløym henne, sa han. Når ho no ler høgt på sykkelen, er Julie umogleg å gløyme. – Ho var så roleg. Ho var ikkje den ungen som alltid var aktiv og ingen hadde kontroll på. I staden trekte ho seg inn i seg sjølv og var stille. Difor var eg uroleg då ho begynte i barnehagen. Eg tenkte dei lett ville gløyme henne i ein krok. Men slik blei det ikkje­, smiler Martin Schanche, faren til Julie. Det var barnehagen som gjorde foreldra merksame på at Julie burde utgreiast. For foreldra var det ikkje noko sjokk.

13


helse i vest

3_2008

Tema: Autisme

Erik er blitt ein sosial gut dei siste åra. Her er han på dissa saman med Patrick Moen, Emilie Goa og Espen Jonsen

– Vi håpte nok til siste stund, men vi var klar over at det var noko med henne. Ho kunne ikkje snakke, og ho var nær fire år. For oss blei barnehagen redninga. Autismeteamet blei kopla inn og ho fekk akkurat den rette hjelpa, seier far Martin. Kvar morgon går Julie åleine frå bilen til foreldra og inn i skule­ garden. Inne på treningsrommet ventar Guro Mæle, vernepleiar og treningsleiaren til Julie. Kvar morgon sender foreldra ei tekstmelding til Guro om at Julie er på veg, og kvar morgon svarer Guro: Ok. Når Julie kjem inn må ho seie kva dato det er i dag, kva datoen var i går og datoen i morgon. Slik startar dagen, kvar dag med heilt like rutinar. – Les med høg stemme, seier Guro klart og tydeleg til Julie inne i treningsrommet på Eiganes skule. “Marit … hadde … en hund , som, som, som løp i hagen, i stua”, les Julie. Ho er konsentrert, les med høg stemme og rullande r og peikar på orda mens ho les. Sjølv om ingen i familien snakkar austlandsk, blei Julie sitt språk bokmål med rulle-r. – For meg kan ho snakka akkurat den dialekten ho vil, berre ho snakkar. Det var ein av dei beste dagane i mitt liv då ho begynte å snakke, seier faren, som innrømmer at han blei litt overraska då dottera valde austlandsk. – Det skjer nokre gonger med desse barna. Dei høyrer språket på tv og overtek det, seier Akselsen Sørensen i Autismeteamet. Spesialteam Autismeteamet er eit spesialteam ved Barne- og ungdoms­ psykiatrisk avdeling, BUPA. Teamet blei etablert i 1998 under Rogaland fylkeskommune, og skulle vere eit fylkeskommunalt tenestetilbod for menneske med autisme. Planen var at dei skulle jobbe aktivt som ambulante rettleiarar i skule og barnehage, og at det skulle setjast av tolv årsverk til saman i Nord- og Sør-Rogaland. I staden fekk dei tre stillingar til den spede starten i sørfylket.

I 2005 blei Autismetemaet, som ein del av Opptrappingsplanen for psykisk helse, overført frå Rehabiliteringsklinikk til Psykiatrisk klinikk ved BUPA. Autismeteamet sleit med lange ventelister, og BUPA overtok eit team som verken hadde midlar eller stillingar til å gjere den jobben som det kravde for desse barna. Det blei bestemt å setje ned ei arbeidsgruppe i BUPA som skulle sjå på avdelinga sitt totale tilbod til barn og unge med autisme. I dag er kvardagen ein heilt annan for barn med autisme i Rogaland. – Vi kom over til BUPA med ein svær ryggsekk, og vi hadde heile 49 barn på venteliste til rettleiing i skular og barnehagar. Nokre av dei var førskulebarn som hadde venta i over eitt år. Dette førte til at vi blei styrka formidabelt. Etter tre månader i BUPA hadde vi fått tre nye stillingar, fortel avdelingsleiar Asle Hjelmen i Autismeteamet. I dag har teamet 12 fagstillingar. Desse er fordelte på to team, eit førskuleteam og eit skuleteam. Hovudtyngda av dei som blir tilvist til autismeteamet er barn og unge med Aspergers syndrom. Regionalt fagmiljø I 2007 blei det etablert eit Regionalt fagmiljø for Autisme. Helse­Bergen skal ha ansvaret for følgjande fagnettverk; • Aspergers syndrom eller høgtfungerande autisme, med tilleggsdiagnosar. Tenestene skal omfatte vaksne og barn/unge. • Tidleg identifisering og intervensjon ved autisme. Tenestene skal omfatte barn. • Djup psykisk utviklingshemming og autisme. Tenestene skal omfatte vaksne og barn/unge. Helse Fonna har fått i oppdrag å etablere tyngdepunkt for: • Psykiske lidingar og særleg utfordrande åtferd ved autisme. Tenestene skal omfatte vaksne og barn/unge. I tillegg til eit regionalt fagmiljø, jobbar no Helse Stavanger med å samle tilbodet for menneske med autisme. Ei prosjektgruppe ser på dei behova det er for å styrkje tilbodet. Fagmiljøet i Stavanger

– Vi kom over til BUPA med ein svær ryggsekk, og vi hadde heile 49 barn på venteliste. Etter tre månader i BUPA hadde vi fått tre nye stillingar Asle Hjelmen

Avdelingsleiar i autismeteamet

14


helse i vest 3_2008

Dette er autisme har eit sterkt ønskje om å etablere eit senter som kan ha heile nettverket til barnet med på laget frå starten av. Hjelpa gir resultat I skulegarden på Eiganes skole syklar Julie nøgd. Ho smiler til lærar Guro og roper nokre uklare kommentarar mens håret flagrar­. Ho er blitt ei flink, oppvakt, høfleg og snill jente, ei jente som har fått den rette hjelpa. Omtrent samtidig spring Erik ut til leikene i Sande barne­hage. Han har eit mål for auga; å svinge seg i huska. Den ekstremt sjarmerande guten er blitt roleg, meir konsentrert og glad. Han klatrar raskt opp på dissa mens dei kvite krøllane viftar fram og tilbake. Samtidig kjem det lure smilet når farten stig. – Sjå på meg. SJÅ PÅ MEG, roper han idet han kastar seg av og hoppar ut i sanden.

Autisme er ei omfattande funksjonshemming som særleg påverkar kommunikasjon og evna til sosialt samspel. Funksjonshemminga er som regel synleg før barnet er tre år. Forsking viser at førekomsten av menneske med diagnose innen autismespekteret er 3 - 5 per 1000 innbyggjarar og er mest hyppig hos gutar.

Tre nivå av autisme • Kompetanse innan autisme er delt inn i tre nivå. Dei fleste helseføretaka har eigne autismeteam som er ulikt organisert innan ulike divisjonar og klinikkar. • Det regionale fagmiljøet for autisme er etablert i Helse Vest og lokalisert i Bergen. Fagmiljøet skal heve kompetansen og hjelpe helseføretaka i regionen­når sakene blir kompliserte.   • Autismeeininga ved Rikshospitalet HF har ein landsdekkjande funksjon og arbeider på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Autisme­ eininga driv kompetansebygging, fagutvikling og forsking for å utvikle høg og spesialisert­kompetanse i teneste­ tilbodet for menneske med autisme.

Inne på treningsrommet må Julie gjennom fleire repeterande øvingar saman med treningsleiar og vernepleiar Guro Mæle.

15


helse i vest 3_2008

Her kjem

helsefagarbei 25. august gjekk startskotet for den nye utdanninga som no skal erstatte hjelpepleiarlinja. 22 helsefagarbeidarar var på plass ved Stavanger Universitetssjukehus, og elevane gler seg til å ta fatt på læretida. Tekst tonje pedersen / Foto Monica larsen

M

ens sola skin utanfor sjukehuset, sit rundt 22 nye lærlingar og ventar på nye instruksar. I dag er den første dagen av den to år lange læretida ved Stavanger Universitets­ sjukehus. – Eg har alltid hatt lyst til å jobbe med folk. Det er godt å kunne hjelpe andre, seier Ingrid Wasbø, som skal begynne læretida på hjarteavdelinga ved sjukehuset. – Det er spesielt å arbeide med menneske. Mange blir så glade når dei får hjelp, og du kan sjå i augo deira kor takksame dei er, fortset venninna Veronica Melby. Det er to spesielt motiverte jenter som møter oss ved sjukehuset denne dagen. Dei veit kva dei vil, og det er ikkje tilfeldig at dei har valt dette faget. – Det såg veldig spennande ut, og eg ser på helsearbeidarfaget som ein god base for vidare utdanning, seier Melby. Lik yrkesfaga Ideen om å reformere hjelpepleiarutdanninga kom opp i 1996, då kommuneforbundet ville at dette yrkesfaget skulle vere likt dei andre faga. Sidan den gong har det vore jobba mot ei fireårig

16

utdanning, to år på skulebenken og to år i lære. – Dei første spadetaka gjorde vi for heile tolv år sidan. Dette har vore eitt langt og krevjande arbeid. No er vi ekstra glade for å ha fått dette til, seier Inga Landsvik, som er fagleg leiar for det nye opplæringskontoret i Helse Stavanger. Landsvik har vore med i prosjektet sidan starten. – Det som er bra med denne måten å lære på, er at lærlingane­ kjenner teorien før dei kjem til oss for å arbeide. Dei har mindre­ sjukdomsteori på skulen, men får jobbe med heile sjukdomsbilete i praksis. Dei lærer å sjå heilskapen og kompleksiteten i sjukdommane­. Først ut med sjukehuslærlingar Helse Stavanger er førebels det einaste helseføretaket som brukar­ lærlingane i sjukehuset. Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Førde skal og ha nokre lærlingar inne i ein kort periode. Det er lærlingar som arbeider ute i kommunane. – Vi er glade for å kunne ta imot dei her på sjukehuset. Om 20 år blir det stor mangel på helsepersonell. Difor er det spesielt viktig­at vi satsar på desse lærlingane. Vi vil trenge helsepersonell på alle nivå i framtida, seier fagsjef Målfrid Meling ved opplærings­ kontoret i Helse Stavanger.


helse i vest 3_2008

Ingrid Wasbø (t.v) og Veronica Melby gler seg til å ta fatt på praksisplassen ved sjukehuset. Dei to har alltid likt å hjelpe andre menneske.

darane Fakta om helsefagarbeidar • Overtek etter hjelpepleiar- og omsorgs­ faget. Blir fireårig i staden for treårig som i dag. • Yrkesfagleg utdanning der elevane går opp til fagprøven etter avslutta praksis. • Dei to første åra er elevane på skule og har teori. Dei to siste åra går dei i lære som på dei andre yrkeslinjene. • Helse Stavanger er dei første som tek inn lærlingane på sjukehuset. Dei andre helseføretaka vel at elevane heller arbeider­i kommunane.

17


helse i vest 3_2008

Når elevane no er tilsette for to år i sjuke­ husa, kan arbeidslivet bli lengre for dei kring 20 studentane. Etter avslutta læretid kan dei søkje på lik linje med alle andre. – Vi håper jo at nokre av dei ønskjer å bli her hos oss, og vi skal ta vare på dei mens dei er her. I dag er dei tilsett på toårskontraktar, men dei kan søkje stillingar når dei er ferdige, seier ho. Utbytte av kvarandre Både avdelingane ved sjukehusa og elevane sjølve gler seg til å komme i gang. Tidlegare har avdelingane hatt elevar inne tre veker om gongen. No skal dei vere her eit heilt år. – Det blir ein stor skilnad for begge partar­. Avdelingane får mykje meir igjen av studentane, og elevane vil lære mykje meir og bli godt kjende med oppgåvene og pasientane­. Det blir ein vinn-vinn­situasjon, smiler Landsvik. Dei to jentene er klare. Klare til å ta fatt på den nye kvardagen. – Eg trur vi kjem til å lære meir i praksis enn på skulebenken. No forstår vi kvifor og korleis, seier 18 år gamle Veronica Melby. Ho har erfaring frå både sjukeheim og Røde Kors, og i læretida skal ho jobbe på akuttavdelinga ved SUS. Motiverte jenter – Eg er vand med ulike akutte situasjonar­ gjennom arbeidet mitt i Røde Kors, og eg gler meg til å komme inn i denne jobben. Eg har førstehjelpskurs som eg håper kjem godt med, smiler hun. Også medstudenten visste kva ho ville då ho starta som helsefagarbeidar. I sommar­ har ho jobba på sjukeheim og hausta erfaringar. – Eg gjekk på vanleg allmennfagleg linje først, men fann raskt ut at eg ville jobbe meir med helsefag. Etter ein ekstrajobb på ein sjukeheim var eg sikker. No gler eg meg til å komme i gang, seier Ingrid Wasbø, som no startar opp på hjarteavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus. – Er det noko de gruar for? – Det vi gruar oss mest til, er nok det vi lærer mest av. Eg tenkjer spesielt på døden, eller barn og unge som er veldig sjuke. Men vi skal lære å takle det og, seier Melby.

18

Har du tiltru til helsetenestene? Helse Vest måler med jamne mellomrom kva inntrykk folk har av helseregionen og helseføretaka.

–D

et er viktig for oss å vite om folk kjenner seg trygge på at dei vil få hjelp dersom dei blir sjuke. Dei tenestene helse­ føretaka yter er viktige for folk, og vi er avhengige av tillit i befolkninga, seier kommunikasjons­direktør Bjørg Sandal i Helse Vest. Ho fekk i sommar resultata frå ei omdømmeundersøking som er gjennomført blant 1500 innbyggjarar over 15 år i Helse Vest-regionen i mai. Her er Helse Vest samanlikna med dei andre helseregionane. – Vi ser at det er nokså likt resultat regionane imellom. Men det er tendens til Helse Midt-Noreg kjem litt betre ut enn dei tre andre regionane. Helse Vest ligg omtrent på snittet, seier ho. Det er generelt høg tiltru til helsetenestene. Over 75 prosent av dei spurte vestlendingane har svært eller ganske stor tiltru til at dei vil få den behandlinga dei treng dersom dei blir sjuk eller skada. På Vestlandet er det i Helse Stavanger folk har best inntrykk av sitt lokale helseføretak, der svarer 61 prosent av respondentane at dei har svært godt eller ganske godt inntrykk av det lokale føretaket. For Helse Bergen er talet 58, for Helse Fonna 50 og for Helse Førde 43. – Viss ein ser undersøkinga under eitt, er det Helse Førde og Helse Fonna som har den beste utviklinga i resultat sidan tilsvarande undersøking blei gjennomført i 2005. Bjørg Sandal

Kommunikasjonsdirektør i Helse Vest

Helseføretaka skal ta ansvar for

miljøet

Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen arrangerte fredag­29. august ein konferanse om spesialisthelsetenesta og miljøvern. Her slo han fast at helsesektoren skal ta ansvar for miljøet. Hanssen vil no bruke sin eigarposisjon aktivt i forhold til spesialisthelsetenesta for å bidra til å realisere klimapolitikken til regjeringa. Blant anna har Helse Vest fått i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å kartleggje miljøtiltaka i helse­ føretaka i landet.


helse i vest 3_2008

forskingsnytt

jo stras Illu

nsfoto: s

hutterstock

Trening for hjernens skuld Eldrebølgja Noreg og verda står ovanfor kan gi kraftige aukar i Alzheimer og annan demenssjukdom. Den gode nyheita er at 20 minutt dagleg trening kan glede eldre hjernar. Det nye forskingsarbeidet viser at deltakarane (50 år eller eldre) som gjennomførte eit 24-vekers heimebasert aktivitetsprogram, hadde moderate betringar i kognitive funksjonar samanlikna med kontrollgruppa. Kognitive funksjonar handlar blant anna om evna til å tenkje, hugse ting og løyse oppgåver.

Øyrevoks er sunt og hygienisk – så ikkje stapp bomullspinnar i øyret for å fjerne guffa, rår eit amerikansk ekspertpanel. Samanpakka voks har blitt eit såpass stort problem at dei har utarbeidd nasjonale retningslinjer for helsepersonell. – Omtrent 12 millionar menneske søkjer årleg behandling i USA for samanpakka eller overflødig øyrevoks. Dette fører til nesten 8 millionar tilfelle av øyrevoksfjerning, fortel Richard Rosenfeld.

Illustrasjonsfoto: shutterstock

Det kan vere freistande å prøve å lirke ut det gule stoffet på eiga hand, men dette hjelper ikkje mot opphoping. Tvert imot – i eit friskt øyre finn overflødig øyrevoks vegen ut på eiga hand, og får hjelp undervegs blant anna av kjeverørsler frå tygging. Å stappe inn ein bomullspinne kan gjere vondt verre.

– Så langt vi veit, er dette forsøket det første som viser at fysisk aktivitet betrar den kognitive funksjonen hos eldre menneske med subjektive og objektive kognitive svekkingar, skriv forskarane. Dei legg til at gevinsten av aktiviteten var tydeleg etter seks månader, og fortsette minst 12 månader etter at opplegget var avslutta.

Eigentleg er ikkje den gule substansen voks i det heile tatt, men en blanding av sekret frå det ytre øyret, bitar av hår og døde hudceller. Dette høyrest ut som ein ganske guffen miks, men øyrevoksen er antibakteriell og hjelper til å smøre, beskytte og reingjere øyret ved å frakte støv, skitt og småpartiklar ut frå øyrekanalen.

Skulen kan få fart på elevane Når norske elevar begynner på ungdomsskulen, går den fysiske aktiviteten merkbart ned. Forskar Ellen Haug meiner skulen kan bøte på dette.

– Dette er bekymringsfullt, meiner Ellen Haug. 5. september disputerte

images

– Fysisk aktivitet i barne- og ungdomsåra er nødvendig for normal vekst og utvikling. Det kan førebyggje sjukdom i vaksen alder og er viktig for den psykiske helsa til barn og unge, trivsel og læring, seier Haug. Illustrasjonsfoto: getty

Ein vesentleg del norske barn og ungdommar er fysisk aktive i mindre enn 60 minutt dagleg. Kor mange som er aktive går ned med aukande alder, og jenter er mindre aktive enn jamaldrande gutar.

ho med si doktoravhandling om fysisk aktivitet blant skuleelevar, med særleg vekt på ungdomstrinnet.

Ein av hennar konklusjonar er at den fysiske aktiviteten kan aukast dersom skulen tilrettelegg betre for det. Kjelde: www.forskning.no

19


helse i vest 3_2008

profilen Anne Lise Øxnevad

Sjefssjukepleiar, psykiatrisk klinikk, Stavanger Universitetssjukehus

Brenn for dei

pårørande Har schizofreniomgrepet utspelt si rolle? Det er eitt av temaa for Schizofrenidagene i Stavanger, den største psykiatrikonferansen i Norden. Sjefssjukepleiar Anne Lise Øxnevad er både organisator, foredragshaldar og deltakar når konferansen i november blir arrangert for 20. gong. Tekst Elisabeth Huse / Foto Monica larsen

–E

g gler meg alltid. Det er hektisk, men utruleg spennande og veldig inspirerande!

Ho har delteke heilt sidan den spede starten, og vore med i organisasjonskomiteen i mange år. – Vi er stolte av at det har blitt så stort og kjent, både i Noreg og Europa. Rive ned barrierar Over 1000 er allereie påmelde i år, og talet kan passere rekorden på 1500 deltakarar. – Det er tydeleg at årets tema er populært, seier Øxnevad. Schizofrenidagane er eit samarbeid mellom Helse Stavanger og Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning. I starten var schizofreni tema for konferansen. Namnet har dei behaldt, men i dag er temaet mykje vidare enn det. – Utviklinga har vore enorm, både i fagleg breidde og når det gjeld publikumstilstrøyminga. Målet var å gjere psykiatriomgrepet kjent, å rive ned barrierar og få bort stigmatiseringa gjennom auka kunnskap om psykiske lidingar. Det har vi lykkast med, seier ho. Ikkje spalta personlegdom Psykose og schizofreni-omgrepet er dei viktigaste overskriftene­ for schizofrenidagane i november. Har schizofreni-omgrepet ­utspelt si rolle etter 100 år?

20


helse i vest 3_2008

– Målet var å gjere psykiatriomgrepet kjend, å rive ned barrierar og få bort stigmatiseringa gjennom auka kunnskap om psykiske lidingar. Anne Lise Øxnevad, Sjefssjukepleiar, psykiatrisk klinikk, Stavanger Universitetssjukehus

Sjefssjukepleiar Anne Lise Øxnevad ved psykiatrisk klinikk på Stavanger Universitetssjukehus gler seg til Schizofrenidagene i Stavanger. Over 1.500 deltakarar er allereie påmelde.

– Det er knytt både misoppfattingar og stigmatisering til schizofreni-­omgrepet. Folk forbinder det med spalta personar, men det er feil. – Kva er schizofreni eigentleg då? – Det handlar om forstyrringar i personlegdom, tenking, hukommelse­ og persepsjon. Tilbaketrekking er også eit stikkord. Ein psykotisk person har gjerne vrangførestillingar, hallusinasjonar­, redusert eigenomsorg og mistar rett og slett grepet på kva som er verkeleg. Kanskje har det starta som ein depresjon. Og bruk av rusmidlar kan vere ein utløysande årsak.

Brukarstemma skal bli høyrd Anne Lise Øxnevad er oppteken av at brukarane får sin plass i arrangementet. – Vi er opptekne av at brukarane skal vere ein del av konferansen­. Dei er med i organisasjonskomiteen og vi har alltid erfarings­ innspel på programmet. Brukarstemma skal bli høyrd. Øxnevad skal halde foredrag på konferansen om familien sin plass i behandlinga av psykosar, eit tema ho brenn for. – Når ein i familien blir alvorleg sjuk, så rammar det heile familien­enten det er kreft eller ei psykisk liding. Og dei aller fleste familiar ønskjer å hjelpe. Når dei får råd, rettleiing og hjelp, så kan dei også betre hjelpe pasienten, seier ho. Meir informasjon finn du på www.schizofrenidagene.no

21


helse i vest 3_2008

verdt å vite Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner. Finn ein kreften tidleg aukar ein sjansane for overleving. Men kva er mammografi eigentleg? Vi spør Hildegunn Siv Aase, seksjonsoverlege ved Mammografisenteret i Bergen.

Mammografi Tekst tonje pedersen / Foto Bjørn Erik Larsen

– Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta. Oftast blir det tatt bilete i to plan av kvart bryst, eit med strålegang ovanfrå og ned, eit med strålegang litt skrått inn frå sida som og viser vevet opp mot armhola.

Kva står mammografi for? – Mamma betyr bryst. Direkte oversett betyr det vel ei avbilding eller beskriving av brystene, men i praksis blir ordet berre brukt om røntgenundersøking av brysta.

Kva skjer fysisk når brystet blir klemt ned i maskinen? – Det er fleire grunnar til at brystet må klemmast­. For det første klemmer ein kjertelvevet­godt utover slik at lite vev ligg oppå kvarandre. Då blir bileta skarpare med betre kontrast. Vi får dermed betre oversikt over alt vevet og kan lettare sjå om det er noko unormalt som kan vere kreft. For det andre blir bileta like frå gong til gong, og vi kan samanlikne om noko er endra sidan sist. For det tredje blir stråledosa, som uansett er svært lita, redusert med auka kompresjon.

22

Korleis verkar mammografi? – Mammografi er svært nyttig for å oppdage kreft. Den største fordelen med mammografi­er at vi kan finne kreften mens svulsten enno er liten, og før det er mogleg å kjenne nokon kul eller andre symptom. Samtidig veit vi at tidleg diagnostikk aukar overlevinga og gjer det mogleg med mindre omfattande behandling. Vi bruker også mammografi i dei tilfella der pasienten kjenner ein kul eller har andre symptom. Om vi i desse tilfella ikkje finn noko gale på mammografi, undersøkjer vi også med ultralyd og ved å kjenne på kulen.

Blir mammografi berre brukt for å bekrefte eller avkrefte brystkreft? – Ja.

Kva finn de ut ved mammografi? – Vi kan finne forandringar som vi straks ser må vere kreft. Vi kan ofte måle kor utbredt kreftforandringane er, og dermed gi råd til kirurgane om at dei berre kan fjerne kreftkula, eller om dei bør fjerne heile brystet. Vi kan ofte sjå forandringar i lymfekjertlane i armhola dersom kreften har

spreidd seg dit. Kirurgane må då operere ut også desse for at kvinna skal bli frisk. Andre gonger ser vi forandringar som vi ikkje trur er kreft, men godarta forandringar. Om vi ikkje kan seie dette sikkert ut frå bileta, tek vi ein celle- eller vevsprøve for å vere sikre.

Er mammografi farleg? – Nei. Røntgenstrålar skal vi ikkje bruke i utrengsmål, særleg ikkje hos unge som har tettast kjertelvev og minst risiko for brystkreft. Dosen er så lav at vi, og dei fleste andre land vi kan samanlikne oss med, driv screening på ”friske” i alderen 50-69 år. Det er den alderen då risikoen for å få brystkreft er på det høgaste. Vi finn dermed brystkreft hos mange i svært tidleg fase då sjansane for å bli frisk er stor.


helse i vest 3_2008

Det er spesielt opplærte radiologar som tek mammografibileta. Her er radiolog Berit Hanestad i full konsentrasjon.

Kven er det som utfører ein mammografi? – Det er spesielt opplærte radiografar som tek mammografibileta. Det er ein kunst å ta gode bilete. Også den delen av brystet som er heilt inn mot brystveggen bør vere med på biletet. Brystet må strekkjast­ ut utan folder, og det bør vere god kompresjon­for at legane skal kunne finne små kreft­forandringar. Radiografane på alle offentlege­brystdiagnostiske senter i Noreg driv difor ein kontinuerleg kvalitetskontroll, og eg er stolt av å seie at radiografane på vårt senter ligg heit i toppen i ei nyleg utført landsomfattande undersøking som tok for seg kvaliteten på mammografibileta.

Hildegunn Siv Aase

seksjonsoverlege ved Mammografisenteret i Bergen

23


Informasjon

Returadresse: Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger

B

mot kreft Mosjon og sunt kosthald forlengjer livet og gir betre livskvalitet. Ved å følgje råda nedanfor, kan du minske risikoen for både kreft, hjarte- og karsjukdom og diabetes type 2. Ta deg tid til å halde deg i form

og røykfri Ver snusartaste

det sm røyken er r du Å stumpe for helsa di. Søkje re use, n je s g r n e a ll k du røykje e å e tt lu s r hjelp til å t du klare nsen for a r e aukar sja k k k av toba det. All bru g, også snusing le e helseskad røyking. iv s s a p g o

30 minutt fysisk aktivitet kvar dag gjer godt for helsa di. For å minske risikoen for kreft bør du drive minst 60 minutt moderat eller 30 minutt anstrengande fysisk aktivitet kvar dag. Moderat fysisk aktivitet tilsvarer rask gange og gir deg høgare puls.

Unngå overvekt Overvekt kan føre til kreft. Hald ei sunn kroppsvekt gjennom heile livet. Ein livsstil med sunt kosthald og regelmessig mosjon gjer det lettare å unngå overvekt.

Spis sunt og variert

Spis fem porsjonar grønsa ker, frukt og bær kvar dag (750 gram for vaksne ). Spis meir grove kornp rodukt, belgfrukter og feit fisk. Vel magre meieriprodukt og maks 500 gram raudt kjøt i veka (bi ff, svin, lam). Unngå suk kerhaldige drikkar og bearbeidd kjø t som bacon, pølser og salami. Ver forsiktig med salta mat og ferdigmat med høgt saltinnhald, og kaloririke matvarer som inneheld mykje sukker og feitt. Les varede klarasjonen, og vel dei sunne produkta .

Forandringar i kroppen bør sjekkast av lege Tidleg diagnose aukar sjansen for å bli frisk. Følg med på forandringar i kroppen. Viss du for eksempel oppdagar ein kul, unormale blødningar, ein føflekk som forandrar seg eller begynner å klø eller eit sår som ikkje vil gro, bør du la ein lege undersøkje det.

hol med alko ig t ik s r fo Ver for

oen ukar risik Alkohol a iss du V r. e rm fo e fleire kreft u avgrens g d hol, bør in o lk in a le k o k h ri d alko l maks ei k) mengda ti in, øl eller ein drin v s for la g to s te (eit li g mak kvinner o r fo g a d per menn.

Nyt sola utan å bli solbrent solDei fleste tilfelle av hudkreft skuldast pausar frå Ta tid. over sol je myk og ing renn forb trålinga sola mellom klokka 12 og 15, når UV-s det aukar i ford rium sola gå er mest intens. Unn ft. kkre føfle for risikoen

Bruk moglegheita til å delta på kreftundersøkingar

Masseundersøkingar mot kref t (screening) kan avdekkje kref t før sjukdommen har spreidd seg. Møt opp til mammografi når du får tilbod om det. Kvinner 25 til 69 år bør ta celleprøve frå livmorh alsen hos fastlege eller gyneko log kvart tredje år.

Følg forskrifter og tilrådingar ved kontakt med kreftframkallande stoff I yrke der du er utsett for å puste inn støv frå for eksempel krom, nikkelfor høg oen risik er st, asbe og r inga bind for å utvikle kreft. Sjekk åtvaringar og r følg tilrådingar for vern. Radon auka i rar eiga Hus ft. ekre lung risikoen for nnokre strøk av landet blir tilrådd rado iane verd måling, og å gjere tiltak viss er over tilrådd grense. Radon aukar risikoen for lungekreft, særleg viss ein samtidig røykjer.

Kjelde: Kreftforeningen

2008_03_Helseivest_web  

ga opptur Autisme: Samhandlingsreforma Raskare tilbake 4 7 Skal rydde opp i Helse-Noreg – tilbake i taxien etter rask operasjon Nr. 3/2008 r...