Page 1

VELKOMMEN TIL OSS

Odda sjukehus


DETTE ER ODDA SJUKEHUS

AKUTTBEREDSKAP Odda sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap. Medisinsk beredskap: Odda sjukehus har eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Pasientar med hjerneslag får same akutt behandling ved Odda sjukehus som dei får ved større sjukehus.

ODDA AMBULANSESTASJON TURAR I 2013: 2151 KILOMETER KØYRD: 154.184 TAL PÅ TILSETTE: 22 DEKKJER KOMMUNANE: ODDA, JONDAL OG ULLENSVANG AMBULANSAR: 2 DØGNBILAR, KASERNERTE OG 1 DAGBIL 08:00 – 19:00 MAN. – FRE.

Kirurgisk akuttberedskap: Stabilisering av skadde pasientar før overflytting til større sjukehus. POLIKLINIKK/DAGBEHANDLING Fysioterapi Fysikalsk rehab Ergoterapeut LMS-senter Psykiatrisk poliklinikk Kreftsjukepleiar Dialyse Dagkirurgi KIRURGISK POLIKLINIKK Generell kirurgi Gynekologi Ortopedi Øyre-nase-hals Sår Plastikk kirurgi Endoscopiske undersøkingar MEDISINSK POLIKLINIKK Indremedisin Kardiologi Lunge Nefrologi Smerte Hjerneslag Diabetes LABORATORIET Medisinsk biokjemi Blodbank RØNTGENAVDELING CT Ultralyd AKUTTMOTTAK Operasjonsavdeling Jordmorteneste Ambulansestasjon Legevaktsentral, legevakt og kommunale øyeblikklig hjelp-senger Medisinsk avdeling Kirurgisk avdeling/Overvakingsavdeling

ODDA SJUKEHUS • SIDE 3


BROKK

Når det gjeld brokk og kikkhullsoperasjon er det få som har meir erfaring enn Erik Aasberg ved Odda sjukehus. Det finst to måtar å operere brokk på: Den eldste metoden er open kirurgi, der kirurgen lagar eit større snitt i bukveggen – medan den nyaste metoden skjer ved hjelp av kikkhullskirurgi. Under operasjonen brukar kirurgen kamera – og difor er det ikkje er meir enn eit lite snitt kirurgen treng for å kome til og få gjort jobben. Det er denne siste metoden Erik Aasberg ved Odda sjukehus har spesialisert seg på. KIKKHULLS-PIONÉR

– 1995 var første gong eg opererte på denne måten, fortel han. Det gjer Aasberg til ein av dei aller første i Skandinavia som byrja å bruke kikkhullskirurgi, og det gjer at han er ein av dei som har aller lengst erfaring med å operere brokk på denne måten.

Det skal mange timar med øving til for å bli ein dyktig kirurg

Samanlikna med open kirurgi, gjev det å operere via kikkhull ein rekkje fordelar.

– Faren for feiloperasjon blir mindre, det gjev mindre sår og det gjev mindre arrdanning. Dessutan får pasientane kortare tid som sjukmelde, fortel han. ØVING GJER MEISTER

Sidan han byrja med kikkhullsoperasjonar har han opplevd at faget har vore gjennom ei rivande teknologisk utvikling.

– Blant anna har kamera vi brukar blitt betre, fortel han. Og det er ei utvikling sjukehuset i Odda har hengt bra med på. Blant anna blei det for kort tid sidan investert i nytt operasjonsutstyr. Dessutan er Odda eit sjukehus som, ifølgje kirurgen, eignar seg godt til å drive med dagkirurgi.

LANG PRAKSIS: 1995 var første året Erik Aasberg opererte med kikkhullskirurgi. Det gjer kirurgen ved Odda sjukehus til ein av dei i Skandinavia som har mest erfaring med å operere brokk på denne måten.

– Det at det er eit lite sjukehus, kan ha sine fordeler. Det er lettare å ha oversikt og det er enklare å få til ein god tone med pasienten, seier kirurgen - som når han ikkje er på jobb i Odda, vanlegvis er å finne på jobb i Sverige. – At det har blitt slik er heller tilfeldig, fortel han.

Han studerte medisin i Sverige, og etter han blei ferdig med utdanninga, blei han verande i landet. – Det å kombinere jobb ved eit større sjukehus i Sverige med å jobbe ved eit mindre sjukehus i Norge, er noko eg trivst godt med, seier Aasberg. ODDA SJUKEHUS • SIDE 4

ODDA SJUKEHUS • SIDE 5


DIALYSE

– Det viktigaste er å skape tryggleik og gje pasientane eit godt fagleg tilbod Som dialysepasient må du til behandling fleire gonger i veka. Då set du pris på at dette er noko du kan gjere ved lokalsjukehuset ditt. – For oss som jobbar her er det viktig at pasientane kjenner tryggleik, at dei får eit fagleg godt tilbod og at dei har ei kjensle av at dei blir sett, seier Astrid Flaten Sandvin. Når pasientane dei behandlar kjem innom fleire dagar i veka for å få behandling som tek tre til fire timar – og det er noko dei gjer gjennom fleire år – så er dette viktig. 50 GONGER I LØPET AV EIT DØGN

SKAPE TRYGGLEIK: Astrid Flaten Sandvin og Unni Hovden arbeider ved dialyseavdelinga på Odda sjukehus, og dei kan fortelje at det å ha dette tilbodet ved lokalsjukehuset betyr mykje for dei pasientane som treng dialysebehandling.

Det er nok ikkje så mange som tenkjer over det i det daglege, men nyrene er eit av dei aller mest kompliserte organa vi har i kroppen. Faktisk reinsar nyrene 180 liter blod i døgeret hos ein vanleg person .

Då seier det seg sjølv at du blir sjuk om nyrene dine ikkje klarar å gjere reinsejobben på eiga hand, og for nokon er den einaste løysinga då dialyse. BETRE LIVSKVALITET

– Å ha dette tilbodet ved sjukehuset her i Odda, betyr at pasientane slepp å køyre til Haugesund eller ein annan plass fleire gonger i veka for behandling, forklarar dei to sjukepleiarane. – Det gjer kvardagen til pasientane langt enklare, og det gjer at dei får betre livskvalitet.

ODDA SJUKEHUS • SIDE 6

ODDA SJUKEHUS • SIDE 7


FØDEPOLIKLINIKK

Ein god start i Odda

GOD START ODDA: Jordmor Torhild Austrått Kristensen fortel at dei siste åra var det så få som fødde ved sjukehuset at dei var nøydd til å gjere noko med fødetilbodet. I framtida kjem dei difor til å arbeide meir med oppfølging av dei gravide i distriktet.

Eit nytt tilbod til dei fødande ved Odda sjukehus tek form. I 2002 vart fødeavdelinga ved sjukehuset i Odda gjort om til forsterka fødestove. Her fekk kvinner med normale svangerskap føde, medan såkalla risikogravide måtte føde ved fødeavdelinga i Haugesund. I 2011 kom det sentrale føringar om å leggje om til jordmorstyrt fødestove, noko som blant anna ville medføra at det ikkje lenger skulle vera gynekolog ved fødestova.

– Det var eit tilbod vi jordmødre ikkje syntes var liv laga, seier funksjonsleiar Elin Øyre – som har vore jordmor ved avdelinga i meir enn 20 år. – Ei jordmorstyrt fødestove hadde gjort at færre kvinner kunne føde ved sjukehuset, og dermed ville fødselstala halde fram med å gå ned, seier ho. Då var det betre å prøve noko nytt, og det er dette som dannar bakgrunnen for overgangen til «God start»-modellen. TILPASSA DEN ENKELTE

«God start» blir drive etter mal frå sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid. I hovudsak handlar dette om at ein i større grad skal leggje til rette for å ha god svangerskapsomsorg, følgetjeneste og tilbod om barselopphald.

– Dei fleste kvinnene som soknar til fødestova i Odda og føder ved Haugesund sjukehus, vel å kome tilbake og ha barseltilbodet sitt her, fortel Øyre. I Odda er tilhøva små og ein kan lettare vere fleksibel og tilpasse seg kvar enkelt pasient i større grad enn ein kan ved eit større sjukehus.

ODDA SJUKEHUS • SIDE 8

ODDA SJUKEHUS • SIDE 9


DIALOG: Torhild Austrått Kristensen fortel at det i jobben som jordmor er viktig å vere profesjonell, men at det også er viktig at ein har ein god tone med kvarandre.

– Dei fleste barselpasientane har òg eit sterkt ønskje om å koma heim og få vere nær familie og vener i barseltida.

Om det er god plass i avdelinga er far også velkomen til å vere saman med mor og barn heile døgeret dei dagane dei er ved avdelinga. JORDMOR HEIM

Til dei som vel å reise tidleg heim frå fødeavdelinga, startar vi no opp eit tilbod kalla «jordmor heim». Det inneber eit eller fleire besøk av jordmor i den tidlege fasen etter heimkomst.

– Tidlegare låg mor og barn på sjukehus i fleire dagar etter ein fødsel, men no er det meir vanleg med tidleg heimreise, fortel Elin Øyre. Dette er ei utvikling som mange kvinner helsar velkomen. Det er nemleg dei færraste som ynskjer å liggje på sjukehuset lenger enn dei må.

Sjølv om fødetilbodet i Odda blir gjort om til «God start», og sjølv om alle kvinner no må ut av kommunen for å føde, kjem fødestova framleis til å vere fullt utstyrt.

– Det gjer at vi kan ta imot fødslar der ein er redd for ikkje å kome fram til Haugesund sjukehus eller anna fødeavdeling i tide, fortel Elin Øyre. Det er jordmor i vaktberedskap heile døgnet, og ved behov følgjer jordmor med den fødande i ambulansen.

ODDA SJUKEHUS 2013 – MAT PORSJONAR SERVERT: 6600 PLUSS 1400 ULIKE DIETTAR LITER MED JUICE SOM BLEI DRUKKE: 1600 LITER MED MJØLK SOM BLEI DRUKKE: 1200

For å halde seg fagleg oppdaterte arbeider jordmødrene og barnepleiarane i Odda i periodar ved fødeavdelinga i Haugesund. – Dette er ei god ordning som vi er nøgde med å ha fått til.

ODDA SJUKEHUS • SIDE 10

ODDA SJUKEHUS • SIDE 11


SMERTEPOLIKLINIKK

LEIAR AV SMERTEPOLIKLINIKKEN: Eigentleg er han utdanna innan indremedisin, men då Nick Pujan la merke til korleis folk med smerter ofte ikkje blir sett, valde han å ta vidareutdanning.

Med spisskompetanse på smerter

TVERRFAGLEG: Den nystarta smertepoliklinikken ved Odda sjukehus er den einaste i Helse Fonna der dei arbeider tverrfagleg. Her får du hjelp av både lege, psykolog, sjukepleiar og fysioterapeut.

Ved Odda sjukehus finn du den einaste tverrfaglege smertepoliklinikken i heile Helse Fonna. Her har dei både tid og kunnskap til å hjelpe personar med langvarige smerter.

– Dette er ei pasientgruppe som ofte går sjukmelde i lang tid. Det er ei kjend sak at dess lenger ein er vekke frå arbeidslivet, dess vanskelegare blir det å kome tilbake i jobb, forklarar han.

Nick Pujan er lege og leiar av smertepoliklinikken ved Odda sjukehus. Det tverrfaglege teamet han er ansvarleg for består av både lege, psykolog, fysioterapeut, sjukepleiar og helsesekretær.

SER HEILE MENNESKET

– Smerter er den vanlegaste årsaka til at pasientar tek kontakt med helsevesenet. Opp mot 30 prosent av den vaksne befolkninga rapporterer om at dei har langvarige smerter, fortel Pujan og forklarar at langvarige smerter blir definert som smerter som har vart i meir enn seks månader. FÅ TILBAKE LIVSKVALITET

Målet med smertepoliklinikken er å hjelpe pasienten til å meistre smertetilstanden sin og få ein betre livskvalitet. For å oppnå gode resultat må pasienten sjølv vere motivert for endring. ODDA SJUKEHUS • SIDE 12

Difor er det å gje desse pasientane hjelp til å meistre kvardagen viktig både for den enkelte og for samfunnet. Noko av det som gjer smertepoliklinikken i Odda unik, er måten pasientane blir møtt på.

– Ved Smertepoliklinikken prøver vi å arbeide med heile mennesket og ikkje berre med smertene. Dette er viktig fordi smertene til pasientane ofte er samansette og kjem av ulike årsaker, seier Pujan. Dette er også noko av grunnen til at det tverrfaglege behandlingsteamet ved smertepoliklinikken i Odda er sett saman av folk med ulik kompetanse.

ODDA SJUKEHUS • SIDE 13


ÅREKNUTAR

Tek i bruk ny teknikk for behandling av åreknutar Som dei første i Helse Fonna har Odda sjukehus starta med å ta i bruk radiofrekvent varmebehandling av åreknutar. NY METODE: Todor Okuka er kirurgen som opererer åreknutar ved sjukehuset i Odda. Som det einaste sjukehuset i Helse Fonna har ein her byrja å bruke radiofrekvent varmebehandling under operasjonen.

– Med denne metoden er det som oftast ikkje nødvendig med sjukemelding, seier kirurg Todor Okuka som har vore med på å etablere det nye behandlingstilbodet for åreknutar ved sjukehuset i Odda.

– At ein slepp sjukemelding gjer at pasienten blir spart for mykje ubehag, og at samfunnet blir spart for store summar, fortel han.

Graden av tilbakefall er ifølgje kirurgen liten, og den skal vere mindre enn den er ved andre typar av åreknuteoperasjonar. MINDRE ARRDANNING

Det nye med denne behandlingsmetoden av åreknutar er at ein brukar radiofrekvent varme. Ved hjelp av eit spesialkateter går ein inn i venen. Kateteret utgir varme til veneveggen gjennom radiofrekvens. Noko som gjer at venen trekkjer seg saman og krympar, for så å bli avstengd.

Tidlegare har det vore vanleg med full narkose under åreknuteoperasjonar, men med denne nye teknikken held det med lokalbedøving. OPERASJON FOR FRAMTIDA

Sjukehuset i Odda er dei einaste i Helse Fonna som tilbyr denne behandlingsmetoden, og kirurgen trur at det å behandle åreknutar på denne måten er noko som kjem til å bli langt meir vanleg i framtida. – Det er viktig å få fram at fastlegane må vise pasienten til ultralydundersøking før dei viser pasienten vidare til sjukehuset, fortel han. – Alle pasientane kan ikkje bli behandla på denne måten. Men for dei som kan, gjev denne behandlingsmetoden ei lang rekkje fordelar, seier kirurgen. ODDA SJUKEHUS • SIDE 14

OPERASJONAR SOM BLIR UTFØRTE VED SJUKEHUSET: GENERELL KIRURGI GYNEKOLOGI (DR DAHLE) PLASTIKK KIRURGI- BRYSTREDUKSJON OG BUKPLASTIKK (DR DAHLE OG DR RØTTINGEN) SMÅ ORTOPEDISKE INNGREP (DR DAHLE) HÅNDKIRURGI (DR DAHLE OG DR RØTTINGEN) AUGEKIRURGI (AUGELEGE FRA HAUGESUND)

ODDA SJUKEHUS • SIDE 15


ØYEBLIKKLIG HJELP-SENGER

Samarbeider med kommunane for å gje eit betre tilbod til pasientane

Kommunane Odda, Ullensvang og Jondal har starta felles legevakt på sjukehuset. Slik skal dei samle alle akuttfunksjonane på ein stad og gje eit betre tilbod til pasientane. Den kommunale legevakta er no å finne i første høgda på sjukehuset.

– Ein av fordelane med dette er at ein får samla dei ulike fagmiljøa på ein plass. Noko som gjer samarbeid enklare, fortel Olav Torekoven som er seksjonsleiar ved sjukehuset i Odda. – Ordninga fungerer slik at kommunane leiger lokale hos oss på sjukehuset, men at det er kommunen sjølv som driv legevakta som tidligare, forklarar han.

SAMLAR FAGMILJØA: Seksjonsleiar Olav Torekoven fortel om korleis sjukehuset samarbeider med kommunane Jondal, Ullensvang og Odda for å skape eit meir robust helsetilbod.

KOMMUNALE SENGER VED SJUKEHUSET

I desember starta ein dessutan opp ei ny ordning med øyeblikkeleg hjelp-senger ved sjukehuset.

– Øyeblikklig hjelp-senger er eit tilbod for pasientar som ikkje har trong for å vere på sjukehus, men som av ulike grunnar heller ikkje kan få behandling heime, fortel Torekoven. Dei to sengeplassane ved sjukehuset kom til som ein del av Samhandlingsreforma, og noko av målesetjinga med reforma er at helsevesenet skal førebyggje i staden for å reparere.

– Det medisinske ansvaret ligg hos kommunen, men sjukehuset syter for helsepersonell og elles det som trengst for opphaldet. LOKAL TILPASSING AV TILBODET

Sidan det framleis er kort tid sidan tilbodet starta opp, meiner seksjonsleiaren at det er for tidleg med noko endeleg konklusjon om korleis løysinga fungerer. – Likevel trur eg at eg kan seie at vi har kome fram til noko som er tenleg både for sjukehuset og for kommunane her i distriktet, seier Torekoven. Lokal tilpassing er nettopp noko av målet med Samhandlingsreforma, og reforma slår fast at øyeblikklig hjelp-senger er noko alle kommunar skal ha på plass innan 2016. ODDA SJUKEHUS • SIDE 16

ODDA SJUKEHUS • SIDE 17


ELISABETH EIKEMO

Stolt av både Odda og sjukehuset ODDA SJUKEHUS 2013 KONSULTASJONAR: 5247 AVDELINGSOPPHALD: 2279 SJUKEHUSOPPHALD: 1959 TAL PÅ OPERASJONAR: 1150

IDENTITET: Elisabeth Eikemo er sjukepleiar ved Odda sjukehus. For henne er det viktig at pasientane skal få god behandling og at dei opplever tryggleik når dei kjem til lokalsjukehuset.

– Sjukehuset er viktig. Vi har mykje industri og ein utfordrande geografi, spesielt vinterstid. Vi har opplevd vintrar der vi i periodar er isolerte på grunn av snøras. Då er det ekstra viktig for oss som bur i Odda å kjenne tryggleiken i å ha eit sjukehus, seier Elisabeth Eikemo. Ho er sjølv fødd og oppvaksen i industribyen innerst i Sørfjorden, og tok sjukepleiarutdanninga som fjernstudium. Etter at ho sjølv fekk barn, har banda til heimplassen blitt endå sterkare. – Her er det trygt og godt for barn og unge å vekse opp. Vi som bur her er glade i plassen, fortel Eikemo.

Ho set pris på at sjukehuset er ein fagleg utfordrande arbeidsplass, og ho fortel at for dei tilsette er det viktig at pasientane skal få kjenne at dette er ein god stad å vere. – Vi som arbeider her skal i alle fall gjere det vi kan for at folk som kjem til Odda for behandling skal få det så bra som mogleg, seier ho. ODDA SJUKEHUS • SIDE 18


www.facebook.com/helsefonna

Odda sjukehus 2014  
Advertisement