Page 1

karriere

Helse Førde

www.helse-forde.no/nytilsette


mangfald:

Helse Førde er eitt av fem helseføretak i regionføretaket Helse Vest. Vi har ansvar for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane, og vi har over 30 avdelingar med ulike spesialfunksjonar. Våre fire kjerneområde er: Pasientbehandling, Utdanning av helsepersonell, Forsking, Informasjon mot pasientar og pårørande Føretaket har over 2.500 tilsette, og består av: Førde sentralsjukehus, med avdelingar i Florø og Tronvik. Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Nordfjord psykiatrisenter, Indre Sogn psykiatrisenter, Nordfjord BUP, Ambulansetenesta.


Hos oss jobbar 200 yrkesgrupper for pasienten Helse Førde er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Hos oss møter du eit spennande fagmiljø og et føretak med utfordringar og moglegheiter innan ei rekkje område. Det er nær 200 ulike fagfelt tilsatt hos oss – frå både inn- og utland – og vi har eit engasjerande og utviklande arbeidsmiljø. Helse Førde er ein arbeidsplass som har ei rekkje gode tilbod til både tilsette og deira familie. Rundt oss har vi ein flott natur som inviterar til ulike fritidsaktivitetar både sommar og vinter, og vi har mange hyggeleg lokalsamfunn med alle typar tenester i umiddelbar nærleik. Hjelp til å skaffe familietilpassa bustad for våre tilsette er høgt prioritert hos oss, og Helse Førde har tilgang til ei rekkje bustader.

k r ne, l-

de og

ri-

Førde sentralsykehus Førde sentralsjukehus er eit somatisk og psykiatrisk sjukehus for Sogn og Fjordane fylke. Sentralsjukehuset, som ligg i fylkessenteret Førde, er og lokalsjukehus for regionane Sunnfjord og Ytre Sogn. I tillegg er det avdeling i Florø. Lærdal sjukehus Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn, som omfattar kommunane Lærdal, Årdal, Aurland, Sogndal, Luster, Leikanger og Vik. I tillegg har sjukehuset mange pasientar frå nabofylka Hordaland, Buskerud og Oppland. Nordfjord sjukehus Nordfjord sjukehus har røter tilbake til 1936. Sjukehuset har i alle år hatt ein god lokal forankring, i eit lite

og oversiktleg miljø. Hovudopptaksområdet for sjukehuset er kommunane Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy, Selje og delar av Bremanger. Psykiatri I tillegg til det psykiatriske behandlingstilbodet ved Førde sentralsjukehus, har Helse Førde psykiatritilbod i Nordfjord og Sogndal. Nordfjord psykiatrisenter er eit distriktspsykiatrisk senter med fagleg ansvar for dei allmennpsykiatriske tenestene til vaksne i Nordfjordområdet. Geografisk ligg senteret på same området som Nordfjord sjukehus og Nordfjord BUP – institusjonar som senteret har eit nært samarbeid med. Nordfjord psykiatrisenter har ry på seg for å ha høg kompetanse på behandling av psykiske sjukdomar. Psykiatrisenteret Sogndal ligg på Rutlin i Sogndal, og husar Indre Sogn psykiatrisenter og Sogndal BUP.

Ei moderne ambulanseteneste Ambulansetenesta i Helse Førde skal gje eit akuttmedisinsk tilbod til innbyggjarane og turistar i Sogn og Fjordane fylke. Beredskapen er fordelt på ambulansestasjonar med døgnambulansar og dagambulansar. Helse Førde har i tillegg avtale med fem ambulansebåtar langs kysten av fylket. Samen med vikarar og deltidsstillingar er nærare 170 personar knytt til ambulansetenesta. Tenesta har ein eigen undervisningsstab og driv utdanning av ambulansepersonell. I tillegg har tenesta eigen ambulanseskule som gjev personell opplæring. Undervisningsstaben tek seg også av gjennomføring av ulike kurs for private verksemder og organisasjonar.


Helse Førde – ei moderne verksemd m Utdanning er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta. I Helse Førde er kompetansen i kontinuerleg oppbygging. Kvart år er det om lag 500 personar i utdanning, spesialisering, praksis eller turnusteneste. Mange er stundentar, framtidige sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar, radiografar, bioingeniørar med meir. I tillegg til dette har Helse Førde kontinuerleg bruk for administrativt tilsette, fagfolk i praktiske yrke som rørleg-


d med mange karrieremoglegheiter! gjarar, elektrikarar, snikkarar, portørar, reinhaldspersonale, kokkar og kjøkkenpersonale. På våre nettsider, www.helse-forde.no finn du heile tida oppdaterte sider over kva stillingar som til ei kvar tid er ledig. På vår nettstad finn du også informasjon om våre tenester. Helse Førde, Vie, 6807 Førde Telefon 57 83 90 00 Telefaks 57 83 90 15 E-post: post@helse-forde.no

Rekrutterings- og presentasjonsbrosjyre Helse Førde  

Rekrutterings- og presentasjonsbrosjyre for Helse Førde.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you