Issuu on Google+

Visjon:

HELSA vår

Vi skal fremje helse og livskvalitet

Internavis for Helse Førde nr 6 juni 2010 Årgang 5

www.helse-forde.no

Helse Førde stafetten På midtsidene finn du biletreportasje frå stafetten 2010.

Aarre i nasjonalt utval Trond Aarre er med i eit regjeringsoppnemnd utval som skal utgreie reglar for bruken av tvang i psykiatrien.

OPPLÆRING I TALEGJENKJENNING: Framme f.v. Rune Tilsett og Anders Breien. Bak frå f.h. Finn Johan Halvorsen og Pål Holm.

EPIKRISER I REKORDFART Nær samtlege epikriser ved medisinsk avdeling på Førde sentralsjukehus blir no ferdige innan fristen. Innføringa av talegjenkjenning får mykje av æra.

T

alegjenkjenning vart innført som eit pilotprosjekt ved avdelinga i januar 2010. Eit dataprogram omset tale direkte til skrift. – Programet har ein eigen profil for kvar brukar, slik at systemet skal bli flinkare til å forstå kva vi seier etter kvart som vi korrigerer. Den store fordelen med dette programmet er at dokumentet blir ferdig med ein

gong. Dette har blant anna ført til at så godt som 100% av epikrisene (sjå figur) blir ferdige innan fristen, seier Rune Tilset som er LIS-lege ved medisinsk avdeling.

Eit gode Han fortel vidare at fastlegen no får tilbakemeling same dag som pasienten har vore til kontroll på poliklinikken. – Stemninga blant mange på avdelinga er at dette er eit gode. Det er ein stor fordel å bli ferdig med dokumentet raskt. Eg synst programmet fungerer så bra at det rett og slett er

moro å bruke. Eg leitar heller opp ei maskin med talegjenkjenning enn å diktere på den gamle måten, seier Tilset.

Opplæring til alle Den nye teknologien betyr at programmet vil gjere ein del av dei oppgåvene som sekretærar i dag gjer. Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, seier det likevel vil ta ei tid å innføre systemet i heile føretaket. – I ein startfase krev det betydleg tid til opplæring og introduksjon. Vi må

pårekne at ein del timar går med til retting. Men, når vi har kome forbi dette stadiet, vil vi sjå ein klar vinst, seier han.

Auka kvalitet Breidablik trur at kvaliteten i behandling og oppfølging av pasientar vil auke, dersom mange nok tek i bruk systemet på dei ulike avdelingane. – Med talegjenkjenning er dokumentet ferdig samstundes med at legen har lese inn, eller diktert, det som skal vere med i journalen. Dermed er opplysningane om pasienten tilgjengelege for anna helsepersonell berre minuttar etter at legen har brukt programmet. Eg trur ikkje det vil ta lang tid før vi ser ei tydleg betring av episkrisetidene våre, seier Breidablik.


Barneløpet: Tæl og innsatsvilje.

Barneløpet: Dette var morosamt!

Barneløpet: Ei hand å holde i.

Barneløpet: – Kvar er mamma og pappa?

Barneløpet: Junior og senior i mål.

Barneløpet: Eit godt løp i solskinnet.

Barneløpet: Full fart frå start ...

Barneløpet: ... og litt sliten mot mål.

Barneløpet: Trygt å ha pappa med.

Barneløpet: Full rulle frå første stund.

Barneløpet: Unna veg, her kjem eg.

Barneløpet: Eg vil bli først.

Barneløpet: Små og litt større deltok.

Barneløpet: Siste indre og vekk med han.

Barneløpet: Kven blir først?

Barneløpet: Full fart mot mål ...

Barneløpet: ... og der vart det medalje.

Barneløpet: Så vart det mat og drikke.

Barneløpet: Medaljar til alle.

Barneløpet: Endeleg ferdig.

Speaker: Alv Vidar Snæland.

Kokk: Torstein Solset førebur mat.

Opning: Jon Bolstad opnar stafetten.

Oppvarming: Tirill Bell, snart 4 år.

Grillkos: Mat - mykje mat.

Oppvarming: I gang og køyr.

Oppvarming: Akutten med godt humør.

Oppvarming: Dei yngste var nok fliknast.

Folkeliv i parken: Folk vil ha grillmat.

Arrangørstaben: Informasjon er viktig.

Folkeliv i parken: Utforske kunsten.

Folkeliv i parken: Tett med folk.

Folkeliv i parken: Familiekos.

Folkeliv i parken: Badenymfer.

Ventar på dottera: – Burgeren er ikkje til meg.


I gang: Stafetten 2010 startar.

I gang: 55 lag fullførde stafetten.

Vinnarlaget: Førde langrenn 1.

Under midtstreken: Posten 1.

Midt på treet: Team Hyllestad.

I parken: NAV/Naustdal legesenter.

På sykkel: Sparebanken Sogn og Fj.

Stressar ikkje: Firda Media 2.

Heiderleg 18. plass: NVE 2

Ut på tur aldri sur: Tronvik.

På sykkel: Aktiv på Dagtid.

På sykkel: Post 1, Fss

På sykkel: Bunnlaget, kreftseksjonen.

På sykkel: Ortopeden.

Veksling: Hals over hovud, Fss.

I parken: Gjensidige Bank

I skogen: Akuttmottak, Helse Førde

I skogen: Anestesi 1, Helse Førde

I skogen: – Kvar er laget mitt?

I skogen: Ortopeden, Helse Førde.

I skogen: Kandidatane, Helse Førde

Nær mål: Livredd 2 - ambulanse.

På sprang: Firda Media 1.

På sprang: Toppers – medisinsk avd.

Nær mål: halvt om halvt.

Nær mål: Aktuttmottaket.

Nær mål: Eg, meg og Irene.

Nær mål: Post 1 – FSS.

Nær mål: Team Hakk i Hæl, Autoserv.

Piratar for dagen: Heiagjengen til Pasientreiser.

Piratar for dagen: Pasientreiser.

Nær mål: Toppers, med. avdeling.

Mot mål: Aktiv på Dagtid.

Mot mål: Fixit 1 - Førde kommune.

Sist men ikkje minst: Posten sitt 3. lag.


HELSA VÅR – nr 6 - 2010

LARSEN TEK DOKTORGRAD Denne sommaren startar sosialkonsulent Tone Larsen opp sitt doktorgradstudie i brukarmedverknad i tenesteutvikling. Hovudmålet med prosjektet er å dra nytte av både brukarane sine erfaringsbaserte kompetanse og personalet si formelle kompetanse og integrere kunnskapen i behandlingspraksisen. – Denne kompetansen vil eg bruke for å leggje til rette for samarbeid, dialog og utvikling av behandlingstilbodet, seier Tone Larsen. – Det vil bli fokus på kompetanseheving både for brukarar og personale, og eitt av måla med prosjektet er å finne ein god metode for brukarmedverknad i offentlege tenester.

nale skal endra gamle vanar og måten dei arbeider på. – Forskingsprosjektet må likevel gjennomførast på ein måte som både gjev personalet og brukarane ein eigarfølelse av endringsprosessen og som vidareutviklar behandlinga til fordel for brukarane, framtidige brukarar og personalet, understrekar Larsen. Ho skal bruke to og eitt halvt år i full stilling på forskinga og eit halvt år i halv stilling i doktorgradprosjektet. – Eg får forskingstid og det blir forventa at det skjer noko, seier Larsen. Ho studerte i Nederland før ho kom til HF som sosialkonsulent.

Larsen peikar på at det kan bli smertefulle endringar når perso-

AARRE UTGREIER TVANG Trond Aarre, avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter, er teken med i eit regjeringsoppnemnd utval som skal utgreie reglar om tvang i psykiatrien. – Vi ynskjer å redusere og kvalitetssikre bruk av tvang der det er naudsynt. Utvalet får ei viktig rolle i dette arbeidet, seier helse- og omsorgsminister Anne Grete StrømErichsen. Utvalet, som er breitt samansett av personar med mellom anna

Mitt Helse Førde

juridisk, helsefagleg og brukar/ pårørandebakgrunn, blir leia av advokat Kari Paulsrud. Dei skal levere ei offentleg utgreiing innan eitt år. Dei skal gå gjennom etiske, faglege og rettslege sider av dagens reglar og praksis om tvang innan psykisk helsevern. Forholdet mellom psykisk helsevernloven, samtykkemedverknad i pasientrettigheitslova og menneskerettane vil stå sentralt.

JUNI-BILETE

HF 2020: Orienteringa om administrasjonen sitt framtidige målbilete vart videooverført frå auditoriet ved FSS til dei andre institusjonane. Utgjevar: Informasjonsavdelinga i Helse Førde. Redaksjon: Arne Eithun, tlf: 970 55 223 • Finn Ove Njøsen, tlf: 920 71 060 Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykkeri • ISSN 1890-291X

I mai 2006 flytta eg frå Valdres til Førde for å begynne i ny jobb på kreftpoliklinikken på sentralsjukehuset. Det var ein stor overgang for meg å reise frå Valdres og kome til Førde og Sogn og Fjordane, men eg kan seie no, etter fire år at det har gått bra! Sogn og Fjordane er eit flott fylke med ein natur som andre kan misunne, og eg har gjennom jobb og fritid møtt mange trivelege folk som gjer til at eg har hatt det bra som innflyttar. Mi yrkeserfaring er hovudsakleg frå kommunehelsetenesta og eldreomsorg, og det var knytt mykje spenning til korleis det kom til å bli å jobbe som kreftsjukepleiar på eit sjukehus. Eg har brukt mykje tid og energi på å lære meg nye arbeidsoppgåver og læringskurven har til tider vore vel bratt. Men eg har vore heldig og har hatt dyktige kollegaer som har vore til god hjelp og støtte, og i tillegg har vi utruleg mange flotte pasientar og pårørande som er med på å gjere arbeidsdagen meiningsfull. Det har vore svært spennande å få vere ein del av utviklinga til kreftavdelinga i Helse Førde. Då eg kom til Førde var kreftpoliklinikken i første etasje og det var tronge arbeidsforhold. Vi hadde eitt arbeidsrom som både var kontor for sjukepleiarane og rom for behandling. Det var utfordrande både å arbeide i slike forhold og for pasientane å få behandling. I løpet av sommaren 2006 flytta vi inn i nye lokale i tredje etasje og det vart ein annan arbeidskvardag i større og romslegare lokale. Hausten 2008 vart kreftsengeposten etablert og eg tok til som fagutviklingssjukepleiar i kreftseksjonen, eller i Seksjon for kreft, blodsjukdommar og lindrande behandling som er det rette namnet. Kreftseksjonen er ein del av medisinsk klinikk og vi har sengepost, poliklinikk og palliativt team. Som kreftsjukepleiar og fagutviklingssjukepleiar i kreftseksjonen i Helse Førde har eg mange spennande og varierte arbeidsoppgåver. Eg

skal jobbe opp mot både sengepost, poliklinikk og palliativt team og det er eit stort fagfelt å dekke. Det er krevjande å halde seg oppdatert og det er ikkje alltid like lett å skilje mellom fag og drift. Eit tett samarbeid og god kommunikasjon med alle tilsette i seksjonen er heilt nødvendig. Stillinga som fagutviklingssjukepleiar er ny og det har tatt tid å definere akkurat kva som er mine arbeidsoppgåver. Vi er nok ikkje heilt i mål der enno. Eg har medansvar for å utarbeide retningslinjer som skal inn i kvalitetshandboka, og å setje dei ut i praksis. Kreftseksjonen har ansvar for eiga kvalitetshandbok og for Handbok i medikamentell kreftbehandling som er tverrgåande. Det å lage gode og kunnskapsbaserte retningslinjer er svært tidkrevjande, men eit viktig arbeid. Å ha ei oppdatert kvalitetshandbok der ein i ein travel kvardag lett kan finne dei retningslinjene ein treng er eit sterkt ynskje. I tillegg er det å nå ut med informasjon til alle tilsette om nye retningslinjer ein stor utfordring i mitt arbeid. Eg opplever at dei eg jobbar i lag med ynskjer å gjere det som er rett og best, men at det kan vere vanskeleg å alltid vite kva som er rett til ei kvar tid. Elles er mine arbeidsoppgåver å legge til rette for fagutviklingstiltak for pleiepersonalet i seksjonen, det kan vere internundervisning, kurs, hospitering og liknande. Vi har ei gruppe på sentralsjukehuset for oss som har fagutvikling som arbeidsområde, og det er svært nyttig å ha kontakt med andre sjukepleiarar med same stilling som meg sjølv for å kunne dele erfaringar. Eg føler meg heldig som får høve til å jobbe både med fag og med direkte pasientretta arbeid. Det gjer til at eg har varierte og meiningsfulle arbeidsdagar.

Ragna Renna, fagutviklingssjukepleiar/kreftsjukpeleiar, Kreftseksjonen.


Helsa vår 6-2010