Magasinet_2011

Page 14

14

STUDENT

hsf

idrett og friluftsliv

I skuddet Då Ane Foldøy (21) kom til Sogndal fyrste gongen, hadde ho eigentleg tenkt å bli her i eitt år. – Eg fann raskt ut at det måtte bli to år til. Eg har fått nokre veldig gode venner her og trivst utruleg godt, seier ho.

Ane kjem frå ein liten plass som heiter

Sand i Rogaland. Der har ho jobba som journalist og brukt mykje av fritida si til å spele volleyball. Etter å ha gått på folkehøgskule utanfor Molde, fann ho ut at ho ville bli lærar.

- Eg hadde lyst til å ta ei utdanning der eg kan jobbe med folk. Og når eg kan kombinere læraryrket med idrettsinteressene mine, var det greitt å ta bachelorstudiet idrett med kroppsøving. Då vert eg kroppsøvingslærar om eg også tek PPU, praktiskpedagogisk utdanning. - Mange av dei eg hadde gått på folkehøgskule med, hadde søkt seg til Sogndal. Sidan eg ikkje er ei typisk storbyjente, fann eg ut at dette nok passa godt for meg òg. Det viste seg å stemme. Sogndal er ein fantastisk plass, spesielt viss du likar idrett og friluftsliv, seier Ane. Ho skryt i tillegg av lærarane på studiet. - Vi er berre 18 studentar i klassen dette året, og vi har eit veldig godt forhold til lærarane. Her i Sogndal kan lærarane namnet til studentane. Det betyr ein del for meg. Det trur eg ikkje er vanleg på større studiestader, seier Ane. Ane fortel med stort engasjement om

studentlivet i Sogndal. På fritida nyttar ho mykje tid på studenthuset Meieriet, og ho er med i idrettslaget Studentspretten.

- Det er så mange kjekke tilbod her at det er vanskeleg å seie nei til ting. Når eg har vore heime eller på reise, er eg redd for at det er så mykje eg har gått glipp av, seier Ane. Og ho trivst veldig godt med å bu i kollektiv: - Vi er fire venninner som bur saman, og vi har det så kjekt! Vi har felles middagar og finn på mykje artig i lag. Ane har med andre ord ingen problem

med å fylle timeplanen. Ein gong i veka er ho trenar for eit jentelag i volleyball i Sogndal Idrettslag. - Det er kjekt å gjere ein innsats for lokalsamfunnet, seier Ane som gler seg til å bli ferdig kroppsøvingslærar. Kva er viktige eigenskapar for ein kroppsøvingslærar? - Ein må ha mykje kunnskap om helse og idrett og ha ein evne til å sjå kvar elev. Det er viktig å setja fokus på at aktivitet er noko positivt. Me er forskjellige. Ikkje alle likar å trene og drive med idrett. Det eg kan tilføre, og som eg trur er viktig, er at dei unge får eit positivt forhold til det å vere i fysisk aktivitet, seier Ane.

Idrett og kroppsøving bachelor Du lærer korleis idrettsaktivitetar er bygde opp. Du lærer å leggje tilrette for og leie læringsprosesser. Du lærer å planlegge, gjennomføre og analysere ulike idrettar. Les meir på hisf.no.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.