Page 1

GRATULERER VELKOMMEN TIL BARSEL


DET ER EI STOR OMVELTING I LIVET Å FÅ BARN Særleg i den første tida kan det dukke opp mange spørsmål. I denne brosjyren har vi samla ein del nyttig informasjon ut frå det vi erfarer er dei mest vanlege spørsmåla i barseltida. Barseltida er definert som dei seks første vekene etter fødsel. Vi ønskjer at du eller de som foreldre bruker tid på å sjå gjennom denne brosjyren.

INNHALD side 4 11 16

tema BARNET FRÅ TOPP TIL TÅ STELL OG BADESTELL AMMESTART

26

MOR

DEN FØRSTE TIDA

dagen og om natta. Om du klarer å kvile på dagtid vil du tole betre å amme om natta.

Vi anbefaler at du kviler deg, bruker tid på å bli kjent med barnet ditt og forsøker å få i gong produksjonen av morsmjølk dei første dagane etter fødselen. Dette kan ta litt tid, men går seg som regel til etter kvart. Barnet gir frå seg små signal om at det vil ha mat. Teikn på dette kan vere at barnet gliper med auga, retter ut tunga eller strekkjer på beina.

Vi veit av erfaring at det kan vere lurt å unngå mykje besøk og mobilbruk i starten av barseltida. Er du oppteken med besøk eller mobiltelefonen, kan du gå glipp av signala frå barnet, som igjen kan føre til at det tek lengre tid å komme i gong med mjølkeproduksjonen.

Den første tida er det normalt å amme like mykje om natta som på dagen, og når du ammar blir det frigjort stoff i kroppen din som verkar avslappande på deg. Det er lurt å kjenne etter på denne effekten slik at du kviler deg når du kan, både på

Foto: colourbox

Hugs at personalet er her for å hjelpe deg. Ta kontakt med oss om det er noko du lurer på eller noko du treng hjelp til.

3


Øyrene Ikkje vask inne i øyrene på barnet, tørk berre i ytre del av øyret.

Trøske Trøske er ein vanleg soppinfeksjon som viser seg som eit kvitt belegg på tunga til barnet og/eller på innsida av kinna. Dette kan smitte til brystknoppen og føre til at det å amme blir smertefullt for deg. Det er ikkje farleg, men krev behandling med soppdrepande middel som du får på resept hos legen.

Raping Alle barn har ulike ”rapevanar” fordi enkelte barn svelgjer meir luft enn andre. Om du held barnet inntil deg med barnet sitt hovud mot skuldra di, gir du barnet sjanse til å rape etter eit måltid. Luft som skal opp kjem etter få minutt, men hugs at ikkje alle barn MÅ rape.

BARNET FRÅ TOPP TIL TÅ Auga Auga til barnet kan vere klistrete og/eller fylt med tårer like etter fødselen. Du kan vaskemed lunka kokt vatn på ein bomullsdott og tørke frå yttersida inn mot augekroken.

Blir auga hovne og/eller det kjem rikeleg med gulgrøn væske frå dei, må det bli tatt bakterieprøve for å undersøkje om det er ein infeksjon som krev antibiotikabehandling.

4

Urin og avføring Den første avføringa til nyfødde barn er grønsvart og blir kalla barnebek. Den er seig og har inga lukt fordi bakteriedanninga i tarmen til barnet ikkje har starta enno. Etter kvart som barnet får råmjølk frå mor i tarmsystemet, vil den normale tarmfloraen bli etablert. Dette kan medføre litt uroleg mage hos barnet dei første par dagane. Når barnet får i seg meir mjølk, vil avføringa skifte farge - frå grønsvart til brun - for deretter å bli sennepsgul når mjølkeproduksjonen hos deg er vel i gong.

Hikking Ein del barn hikkar mykje og har ofte gjort det inne i livmora òg. Det er heilt normalt og ikkje farleg. Varme føter og eventuelt ein liten skvett brystmjølk kan hjelpe til med å stoppe hikkinga. Nysing Nyfødde barn nys mykje, men er ikkje forkjøla av den grunn. Dei nys for å reinske opp i litt tronge nasekanalar.

Barnet bør ha avføring dagleg den første veka, då dette er eit godt teikn på at barnet ditt får i seg nok

5


mjølk. Det er viktig å følgje med på vekta til barnet og sjå det i samanheng med kor mykje avføring som kjem. Går barnet fint opp i vekt, betyr det at det tek til seg mjølka den får og berre har sjeldnare avføring. Så lenge vekta er fin er det ingen grunn til å bli bekymra. Når mjølkeproduksjonen hos deg er godt i gong etter den første veka, kan det vere like normalt for barn å ha avføring ti gongar dagleg som kvar tiande dag. Dette gjeld barn som berre får morsmjølk. Det hender at du kan sjå oransje/raude flekker i bleia til barnet dei første dagane etter fødselen. Dette er eit stoff frå nyrene som heiter urat, og er heilt normalt. Etter kvart som mjølkeproduksjonen kjem i gong og gjennomstrøyminga i nyrene til barnet blir større, vil spor av urat i bleia forsvinne. Eit anna godt teikn på at barnet ditt får nok mat, er at det har fem til seks våte tissebleier kvar dag.

vatn eller saltvatn som du kjøper på apoteket. Navlestumpen dett av etter om lag tre til ti dagar etter fødselen. Det er normalt at det kan lukte litt frå navlestaden, men blir det mykje ”kliss” og huda rundt blir raud og irritert, bør du kontakte helsestasjonen. Tørk forsiktig rundt navlestaden med bomull etter bad.

Negler Neglene til barnet er ofte lange og skarpe, og gjer at barnet stadig klorer seg i andletet. Du kan rive av neglene forsiktig (ikkje klippe) når du ser at dei fliser seg litt opp. Du kan òg bruke tynne bomullsvottar på barnet for å unngå at det klorer seg sjølv. Hender og føter Spedbarn har ofte litt blåleg farge på hender og føter dei første dagane etter fødselen. Dette er på grunn av litt dårlegare blodsirkulasjon i dei områda av kroppen som er lengst frå hjartet. Då kan varme sokkar vere godt for barnet. Om du skal vurdere

Navlen Hald navlestumpen til barnet tørr og rein. Kjem det væske frå navlen, kan du vaske han med reint

6

om barnet er passeleg varmt, kan du kjenne på det i nakken. Eit barn som er for varmt er ofte raud i andletet og irritabel.

forsvinne etter nokre dagar. Det kan vere litt ømt for barnet, så ver forsiktig når du er borti området.

Spedbarnsutslett Spedbarnsutslett artar seg ofte som små lyseraude flekkar, eller litt større område spesielt på hals, bryst og underarmar. Ofte kan ein sjå ein liten hard og kvit prikk inne i flekken/området. Dette utslettet kjem fort og forsvinn fort. Årsaka er hormonell påverknad frå mor.

HUDA Milier Dei små kvite prikkane i andletet på barnet, spesielt på nasen, heiter milier. Desse prikkane er forstørra talgkjertlar og dette er heilt normalt. Det tar gjerne nokre veker før dei forsvinn av seg sjølv.

”Storkebitt” Om barnet ditt har eit raudt merke på augelokk, i panna eller nakken, kallar vi det gjerne ”storkebitt”. Desse merka blir mindre synlege eller forsvinn etter kvart, helst innan første leveår. Iblant ser du at dei kjem fram igjen hos barnet når det anstrengjer seg.

Varmeutslett Varmeutslett kjem når barnet har det for varmt. Det artar seg som små raude nuppar som forsvinn ved avkjøling. ”Heksemjølk” Både gutar og jenter kan få litt opphovna brystkjertlar etter fødselen. Dette kjem som følgje av hormonpåverknad frå mor i svangerskapet og vil

Fødselsmerke Det er vanleg med fødselsmerke hos nyfødde og dei fleste er godarta og ufarlege.

7


UNDERSØKING AV HØRSEL

Helsedirektoratet har bestemt at alle nyfødde skal få undersøkt hørsla før dei reiser heim frå sjukehuset etter fødselen. Dette gjer vi for å oppdage tidleg om det er tap av hørsel, slik at hjelpetiltak kan bli sett inn så raskt som mogleg. Barnet blir undersøkt ved at vi plasserer ein liten plugg i øyret. Pluggen gir ein svak knitrelyd inn i øyret og vi måler lyden som kjem tilbake frå det indre øyret. Under undersøkinga må barnet vere roleg (gjerne sovande), og det må vere stille i rommet.

Vi reknar med at om lag fem prosent av alle nyfødde må ha ein ny test, men berre ein til to prosent treng behandling for hørselstap ved fødsel. Enkelte barn får svekka hørsel i åra etter fødselen. Det er derfor viktig at du observerer utviklinga til barnet, og følgjer kontrollane på helsestasjonen.

Vanlegvis fjernar levra vår det gule fargestoffet – bilirubin - frå blodet vårt. Det gule fargestoffet er eit avfallsstoff som kjem frå dei raude blodlekamane våre som ikkje er levedyktige. Når raude blodlekamar døyr, blir blodfargestoffet hemoglobin frigjort og gjort om i levra til bilirubin, som blir fjerna frå blodet vårt via levra.

NYFØDD-GULSOTT

Fram til leverfunksjonen er moden vil det i dei første levedøgna skje ei opphoping av bilirubin i blodet. Det er då du ser gul farge i huda og i det kvite i auga på den nyfødd.

Gulsott er ein vanleg og som regel ufarleg tilstand som oppstår hyppig hos nyfødde barn. Dei fleste nyfødde blir litt gule i huda og inne på augekviten frå andre til sjuande dag etter fødselen. Det forsvinn som regel av seg sjølv i løpet av kort tid og har ingenting med smittBARN MED sam gulsott å gjere. Dei GULSOTT fleste nyfødde barn som får kan bli slappe gulsott, får det fordi leverog treng ofte funksjonen enno ikkje er drikke heilt moden.

Dersom testen ikkje blir godkjend, blir barnet tilvist til Høresentralen på Haukeland universitetssjukehus. Ein mislykka test betyr som regel at barnet framleis har fostervatn i mellomøyret, noko som vanlegvis forsvinn av seg sjølv etter kort tid. Høresentralen kallar uansett barnet inn til ny test i løpet av få veker.

8

Nærare halvparten av alle nyfødde får normal gulsott, og hos dei aller fleste vil tilstanden ikkje bli behandla. etter heimreise, kan du ta kontakt med oss på Barseltelefonen: 41499042, slik at vi kan vurdere situasjonen.

Barn som får nyfødd-gulsott kan bli trøytte, slappe og lite villige til å die. Ved gulsott treng barnet mykje væske og du bør amme hyppig. Du kan gjerne late barnet liggje i dagslys, men ikkje i direkte sollys. Om du er usikker på gulfargen til barnet veka

9


STELL

Hos jentebabyar kan det kome ein del slim frå skjeden – nokre gonger blanda med blod. Dette er vanleg og skjer som følgje av hormonpåverknad frå mor.

Vask barnet med lunka vatn som måler om lag 37 grader. Du kan bruke ein mjuk tynn klut eller berre hendene dine. Hald gjerne barnet under springen, men kjenn først på vatnet med innsida av handleddet. Tørk godt i alle hudfaldar og smør gjerne huda til barnet med brystmjølk, eventuelt lufttørk dersom huda er litt sår. Viss huda til barnet er tørr, kan du eventuelt massere det tørre området inn med litt babyolje. Barnet treng vanlegvis ingen salve eller krem.

Miljø Kvar dag blir vi utsett for helse, - og miljøskadelege stoff i såpe, hudkrem, bleier, leiker etc. Mange av dei produkta vi smør på huda til barna kan innehalde allergi- og kreftframkallande stoff, òg stoff som kan forstyrre hormonbalansen i kroppen. Vi anbefaler at du bruker så lite såpe og sjampo som mogleg på barnet, unngår parfymerte produkt, bruker salve berre ved behov, bruker bleie utan parfyme og hudkrem, unngår produkt med bakteriedrepande stoff, og alltid vaskar nye klede og sengetøy før bruk.

Gutar: Ein treng ikkje trekkje forhuda tilbake for å halde det reint. Jenter: Vask underlivet først framme og dra kluten bakover. Dette for å unngå å tilføre bakteriar fram mot urinrøyret. Det er ikkje nødvendig å vaske innanfor kjønnsleppene med mindre det er tilgrisa med avføring.

Foto: colourbox

11


BADESTELL

Start med å vaske dine eigne hender. Pass på riktig arbeidsstilling for deg sjølv.

Dersom du er førstegongsfødande vil vi gjerne hjelpe deg med å bade barnet ditt første gong, men nokon gonger er det dessverre ikkje mogleg for oss å prioritere dette før du og barnet reiser heim. Det er ikkje nødvendig å bade barnet kvar dag og eit godt alternativ til bad er ein grundig kroppsvask dagleg.

Fyll i badekaret til barnet med passe varmt vatn, om lag 37 grader. Kontroller med underarmen din for å kjenne at vatnet er behageleg varmt. La skuldra/nakken til barnet kvile på den venstre underarmen din, og hald med eit fast grep slik: tommel, peikefinger og langfinger rundt barnet sin venstre overarm. Ta den høgre handa di under rumpa til barnet og senk det rolig ned i vatnet slik at det når barnet til halsen. Hald barnet godt med venstre hand under heile badet, og vask med høgre hand, eventuelt med en mjuk klut. Dersom barnet sklir på underarmen under badet, må du ta eit fastare grep.

Rommet skal vere behageleg varmt, slik at barnet ikkje frys når det kjem opp av vatnet. Finn fram alt utstyr du treng på førehand: klede, bleier, handklede mm. Gå aldri frå barnet på stellebordet. Har du gløymt noko, så ta barnet med deg for å hente HUGS det. Eventuelt kan du leggje øving gjer barnet i eit handklede på golmeister :) vet. Vask av eventuell avføring før badet startar.

Barnet kviler mot venstre underarm og du held rundt barnet sin venstre overarm

12

Foto: colourbox


Barnet liker dine kjærlege hender

Foto: colourbox

Start ovanfrå med å vaske andletet med ein mjuk klut. Unngå å la vatn renne ned i auga. Vask så håret til barnet med få dråpar sjampo utan parfyme. Skyll forsiktig med handa. Du treng ikkje snu barnet – vask med handa eller ein mjuk klut ovanfrå og ned. Hugs å vaske alle foldane på huda; under haka, bak øyra, under armane og i lysken. Hald barnet under rumpa med høgre hand igjen og løft det opp av vatnet. Legg barnet på handduken godt innpå stellebordet eller på golvet. Tørk forsiktig med eit mjukt handklede eller ei tøybleie. Hugs alle foldane. Tørk eventuelt gammalt fosterfeitt utover, ikkje lat det bli liggjande feitt i klumpar på kroppen til barnet. Eventuelt størkna blod kan vaskast varsamt vekk med bomullsdottar. Kjenn etter med tørr hand i alle foldane på huda. Navlen skal lufttørkast før du kler på barnet igjen.

Foto: colourbox

LA BARNET LIGGJE PÅ RYGGEN NÅR DET SØV

Å liggje på magen eller på sida aukar risikoen for krybbedød. Du kan lese meir om førebygging av krybbedød på www.helse-bergen.no/kk.

15


AMMESTART

Vi veit mykje om fordelane ved det å amme. Men vi vil gjerne også påpeike at i enkelte tilfelle kan det å slutte og amme, eller eventuelt velje å ikkje amme, vere det beste alternativet for deg og barnet ditt.

Mange nybakte mødrer er bekymra for korleis dei skal få til å amme. Her freistar vi å gi deg ei innføring i ammestart, og nokre råd om amming. Kanskje opplever du at det å amme ikkje er så lett som du hadde tenkt deg? Du er ikkje aleine om dette. Mange mødrer møter på utfordringar ved ammestart - fram til amminga er godt etablert.

Kvifor er det bra å amme? • Morsmjølka inneheld alle dei viktige næringsstoffa barnet ditt treng. • Morsmjølka inneheld antistoff som beskyttar barnet mot sjukdom og allergi dei første leveåra. • Amming gir viktig og nær kontakt mellom mor og barn. • Morsmjølk er lettvint (når amminga først er etablert) og billeg.

Anten det er første gongen du ammar eller du har amma før, kan det vere nyttig å lese gjennom denne teksten i løpet av den første barseltida. Vi som jobbar med å rettleie kvinner til å amme, ønskjer å hjelpe deg med å få ein best mogleg ammestart. Dersom det er spesielle område du uroar deg for, eller du har dårleg erfaring med amming frå tidlegare, ønskjer vi at du fortel dette til oss. Det vil òg vere nyttig for oss å vite om du er operert (til dømes brystreduksjon/- implantat) i brysta dine.

Hud og nærkontakt Det er viktig at du bruker så mykje tid som mogleg saman med barnet ditt. De vil då bli raskare og betre kjent med kvarandre og du vil kjenne deg meir trygg ved heimreise frå sjukehuset. Ha barnet i senga di så mykje som mogleg og la det få mykjehudkontakt. Hudkontakt vil òg kunne bidra til at mjølkeproduksjonen din kjem raskare i gong. Som barselkvinne er det frå naturen si side normalt at du har ein lett søvn med mange avbrot fordi du har eit nyfødd barn å ta hand om. Hyppighet Å amme hyppig i starten stimulerer mjølkeproduksjonen din. Jo meir barnet ditt syg, jo meir mjølk produserer du. Enkelte barn ønskjer å få mat ti til tolv gonger per døgn, medan andre barn drikk mindre og nokon meir.

er det nok til å roe barnet. Eit barn som er fullboren, frisk og syg godt, treng vanlegvis ikkje morsmjølktillegg.

Sugeteikn Legg barnet til brystet så snart det viser teikn til at det vil suge. Desse teikna kan vere at barnet strekkjer på beina/kroppen, rekkjer ut tunga og gliper med auga. Ikkje vent til barnet begynner å skrike, dette er eit seint signal frå barnet om at det er svoltent. Ammestilling Det er viktig å finne ei god ammestilling og vi anbefaler at du bruker tid på å finne den stillinga som er rett for deg slik at du slappar av i heile kroppen.

Sjølv om du ikkje trur at du har mjølk, er det gull verdt med dei få dråpane du har og ofte

16

MOR TRENG: Vatn, mat, kvile og litt oppmuntring.)

17


Vi anbefaler deg å sjå video av fleire ulike ammestillingar på våre nettsider www.helse-bergen.no/kk

Sugetak La barnet sitt ansikt vere vendt mot deg med kroppen mot brystet ditt, slik at det slepp å vri hovudet for å nå fram. Nasen skal vere i høgde med brystknoppen. Barnet får då riktig sugetak når det strekkjer seg mot brystet ditt og bøyer hovudet lett bakover for å ta brystknoppen. Då blir haka pressa mot brystet og nasen blir frigjort slik at barnet kan puste medan det diar. Suge- og gaperefleksen blir stimulert ved å forsiktig stryke brystknoppen mot leppene til barnet. Når barnet gaper blir det ført til brystet. Du bør ikkje dytte brystknoppen mot barnet. Få mest mogleg av brystet inn i munnen til barnet. Prøv å sikte mot ganen med brystknoppen. Det er der refleksen for å suge blir utløyst. Om nasen blir

18

klemt saman mot brystet ligg barnet kanskje for høgt på brystet, og med bøygd nakke. Trekk barnet litt ned, med hovudet lett strekt bakover. Hald barnet sin kropp tett inntil deg. Trykk helst ikkje på brystet med fingrane for å halde nasen til barnet fri. Dette kan stengje mjølkegangane dine. Normalt bør barnet suge til det slepp brystet sjølv. Viss du tar barnet frå brystet, må du hugse å oppheve undertrykket ved å putte veslefingeren din i munnen på barnet, og så fjerne brystet frå munnen. Dette er for å unngå såre brystknoppar hos deg.

Teikn på feil sugetak • Barnet har smilehol i kinna medan det sug. • Barnet suttar på brystknoppen/lagar • trutmunn. • Svært lang sugetid, over 30 minutt på eitt bryst. • Barnet drar i brystet eller må sjølv vri • på hovudet for å suge. • Brystknoppen er skeiv etter amming. • Det er smertefullt for deg å amme.

Feil sugetak: Barnet suttar på brystknoppen og lagar trutmunn.

Foto: colourbox


DEN FEITASTE mjølka kjem til slutt

Fem teikn på rett sugetak 1. Barnet gaper høgt, ingen trutmunn. 2. Underleppa er krølla litt utover. 3. Munnen er full av bryst. 4. Kjevemusklane arbeider rytmisk, heilt bak til øyra. 5. Etter å ha amma vil forma på brystknoppen vere rund.

Sugetid Det er viktig at barnet tømmer brystet ditt heilt før du tilbyr det andre brystet. Dette er for å stimulere mjølkeproduksjonen, og fordi den feitaste mjølka kjem til slutt. Barnet syg først for å sløkkje tørsta, deretter for å bli mett. Det er den siste mjølka som er mest næringsrik og det er derfor viktig at barnet får i seg denne. Dersom barnet syg på begge bryst under eitt måltid, er det viktig at du først tilbyr det brystet som ikkje blei heilt tømt under førre måltid. Barnet bør bli lagt til brystet når det viser teikn til svolt. Enkelte barn vil die ti til tolv gonger per døgn, andre er nøgde med mindre. Om barnet

ditt søv mykje dei første dagane, bør du vekkje det for å amme om lag kvar tredje til fjerde time.

Brystspreng Hormonpåverknad hos deg medfører auka blodtilførsel samtidig som mjølkeproduksjonen stig. Dette er mest vanleg mellom andre til femte døgn etter fødselen, og varer som regel frå eitt til to døgn. Dette er årsaka til at mange kvinner kjenner at brysta er hovne og ømme etter fødselen. Ofte blir dette kalla mjølkespreng, utan at det er det. Ein kan lindre brystspreng ved å ta varme omslag på brystet og ta ein varm dusj. Rett sugetak: Munnen er full av bryst. 20

Foto: colourbox


Mjølkespreng Mjølkespreng oppstår gjerne når mjølkeproduksjonen startar for fullt, men det kan òg førekomme gjennom heile ammeperioden. Mjølkespreng er ofte kombinert med brystspreng dei første dagane etter fødselen. Når brystet er hardt og sprengt, kan det vere vanskeleg for barnet å ta tak i brystknoppen. Det kan òg vere problematisk å få tømt brystet skikkeleg. Du kan førebyggje mjølkespreng ved å starte amminga raskt etter barnet er fødd, samt amme hyppig, gjerne kvar andre time.

i mjølkekjertlane og mjølkegangane. Husk å varme opp først og å stimulere brystknoppane, før du masserer sjølve brystet. • Tømme brystet ved å la barnet die, eller ved handmjølking. NB: Å tømme brystet heilt med elektrisk pumpe kan forverre mjølkesprengen.

Tette mjølkegangar Blir ein mjølkegang tett, vil brystet ditt bli ømt og raudflamma. Du kan få feber og føle deg på same måte som når du har influensa. Då er det viktig å tilføre brystet varme og å amme hyppig, helst kvar andre time. Det kan vere lurt å late barnet ha ei slik ammestilling at haka vender mot det ømme området av brystet.

Om mjølkespreng oppstår, kan følgjande råd vere til hjelp: • Varme omslag (varme klutar eller ein varmepose) og varm dusj. • Stimulere brystet lett under ein varm dusj for å få i gong utdrivingsrefleksen og få mjølka til å renne. • Lett massasje av brysta når mjølka renn. Her må duvere forsiktig, så du ikkje øydelegg vevet

Nokon gonger går denne tilstanden over til å bli brystbetennelse. Brystet blir verre og du kan få høg feber (over 39,5 grader), og dårleg allmenntilstand. Du må då ta kontakt med fastlegen din, eller den

22

lokale legevakta. Sjølv om dette skulle skje, er det framleis viktig å amme hyppig - for det er like viktig at brystet blir tømt for mjølk no.

Om du ikkje kan det frå før, vil vi gjere vårt beste for å vise deg det før du reiser heim. Vi anbefaler at du ser denne videoen av korleis ein handmjølker seg sjølv. Sjå våre nettsider www.helse-bergen.no/kk

Handhygiene For å unngå infeksjonar er det viktig med god handhygiene. Å vaske hendene før amming er spesielt viktig dersom brystknoppane dine er såre. Ver forsiktig med å ta direkte på brystknoppen om du er sår. Dette er spesielt viktig når de er på sjukehuset, fordi det er fleirebakteriar her og dermed større risiko for infeksjon.

Gode råd mot såre brystknoppar Det er lettare å førebyggje såre brystknoppar enn å behandle dei. Her er nokre gode råd: Ver nøye med handhygienen. Stimuler med reine fingertuppar på det brune området rundt brystknoppen. Det stimulerer utdrivingsrefleksen. Unngå å ta på sjølve brystknoppen.

Å handmjølke Dersom barnet ditt er lite villig til å suge dei første dagane etter fødselen, kan det vere nyttig for deg å komme i gang med å handmjølke. Å handmjølke er ofte eit betre alternativ enn å pumpe seg, spesielt dei første dagane etter fødselen. Det er ein fordel om du lærer deg å handmjølke før du reiser heim frå barselavdelinga.

Få mjølka til å piple ut av brystknoppen før du legg barnet til. Hugs at det er viktig med riktig sugetak. Varier mellom ulike ammestillingar.

23


Når barnet skal bli fjerna frå brystet, kan du oppheve undertrykket ved å stikke veslefingeren din inn i barnet sin munnvik mellom gommane, og så løfte brystkoppen ut av munnen. Då unngår du å slite barnet av brystet. La morsmjølka lufttørke på brystknoppen kvar gong du har amma. Når du har amma vil det vere litt mjølk igjen på brystknoppen, og dette let du la det tørke inn før du tar på deg klede igjen.

komsten av bakteriar og dermed gir større risiko for infeksjon. Det er normalt at brystknoppane er ømme dei første fjorten dagane etter ein fødsel. Om du har sår eller sprekker på brysta dine, kan du reinse såra med saltvatn eller natriumklorid etter å ha amma. Dette får du kjøpt på apoteket. Ta litt på ein kompress, hald ei lita stund mot brystknoppen, mjølk ut morsmjølk og lat det lufttørke.

Fuktige sår kan bli påført litt nøytral brystsalve. Det er ikkje nødvendig med salve på heil, frisk hud. Eit viktig prinsipp å hugse på her er: ”Tørt på tørt, vått på vått” Dusj dagleg og ha på deg mjukt tøy nærmast brystet. Unngå tøy som gnissar og irriterer brystknoppen. Unngå ammeinnlegg av papir den første tida. Unngå bruk av såpe på brysta, det tørkar ut huda.

Ammeinnlegg av ull Ammeinnlegg av ull er med på å halde brysta dine varme. Det kan vere lurt å kjøpe to par slik at du alltid har eit reint par tilgjengeleg. I tillegg bør du tenkje over kor du legg frå deg innlegga, med tanke på hygiene. For å unngå at hud eller skorper følgjer med når du tar av deg ullinnlegg eller BH, kan du bruke små bomullslappar inne i ammeinnlegga og skifte desse kvar gong du ammar. Ammeinnlegg som sit fast i brystet kan lett gi sår. Er du blitt litt sår og innlegget heng fast, skal du

Unngå stram BH som gjer at brystknoppen blir klemt innover i brystet. Dette kan lage fuktige groper rundt brystknoppen, noko som aukar føre-

24

ikkje rive det av, men bløyte det godt med vatn, eller mjølk ut litt morsmjølk slik at det blir fuktig før du fjernar det. Ammeinnlegg av papir har lett for å gnisse på huda og hengje fast utan at du ser det. Legg derfor små bomullslappar inni innlegget og bløyt med vatn eller morsmjølk om det heng fast.

informerer oss som jobbar på barselavdelinga om du har vore gjennom ein slik operasjon. Ammehjelp På Kvinneklinikken har vi ein Ammepoliklinikk der det arbeider jordmødrer og barnepleiarar med spesialkompetanse på amming. Vi tek i mot kvinner som opplever problem i starten på amminga. Sjå Rådgivningssenteret for mor og barn på www.helse-bergen.no/kk, for meir informasjon.

Å røykje medan du ammar Nikotin går over i morsmjølka. Det beste for barnet ditt og deg sjølv vil vere om du slutter å røykje. I alle fall må du avgrense røykinga så mykje som mogleg, og om du må røykje er det best å gjere det like etter at du har amma. Då vil det gå lengst mogleg tid frå nikotininntak til du skal amme igjen.

Ammehjelpen er ein frivillig humanitær organisasjon som består av mødrer som sjølv har erfaring med å amme. Dersom du får problem med å amme når du kjem heim, kan du kontakte denne organisasjonen for råd og rettleiing. Vi anbefaler deg å gå inn på deira nettsider, her finn du mykje nyttig informasjon: www.ammehjelpen.no.

Brystimplantat/-reduksjon Dersom du har brystimplantat eller har redusert storleiken på brysta dine, kan du likevel amme barnet ditt. Det er viktig at du er ekstra observant på at du får tilstrekkeleg god mjølkeproduksjon, då vi veit at dette kan vere ei utfordring. Vi ønskjer at du

25


Foto: colourbox

MOR Det skjer mange endringar med kroppen din og i kjenslelivet ditt når du nettopp har blitt mamma.

26

Fødsel og ammestart er krevjande for kroppen din og den første tida kan det vere godt å få litt avlasting. Det er ikkje alltid like lett å finne den rette balansegongen, men kanskje nokon av dine nærmaste kan hjelpe til med å lage mat til deg eller ta ein trilletur med barnet? Poenget vårt er at det er ikkje meininga at du skal klare alt sjølv! Ver flink å be om hjelp når du kjenner at du treng det.

Kanskje vil barnet helst sove om dagen og vere vaken om natta, særleg den første tida. Då kan det vere lurt at du tenkjer nytt og heller søv på dagen samstundes med barnet. Vi anbefaler at du prioriterer å få sove godt og nok framfor å til dømes gjere husarbeid, det kan vente. Kanskje familie eller venner kan låne syskena til babyen ei stund slik at de som foreldre får sove litt ekstra?

Ernæring Sjølv om det er mykje som dreier seg om barnet den første tida etter fødselen, er det viktig at du ikkje gløymer deg sjølv. Ein god mjølkeproduksjon er avhengig av at du tek deg tid til å ete med jamne mellomrom og drikke godt med vatn. Du treng ikkje så mykje ekstra mat, men pass på å ete sunn mat utan mykje sukker.

Renselse Det er normalt med frisk bløding dei første dagane etter fødselen. Dette kallar vi reinsinga. Ho vil raskt bli mindre og bli brunleg på farge. Det er individuelt kor lenge denne blødinga varer, men vanlegvis gir den seg i løpet av dei første seks vekene. Om lag ti til tolv dagar etter fødselen kan du igjen få ei litan bløding med friskt blod, som vanlegvis varer to dagar og nokon gonger litt lengre. Dette er heilt normalt. Reinsinga inneheld mykje bakteriar. Ver derfor nøye med god hygiene. Vi anbefaler ikkje at du

Søvn Som nybakt mor vil du raskt oppdage at døgnrytmen din no er avhengig av ein annan person.

27


tar karbad eller badar i offentlege basseng så lenge reinsinga pågår. Dersom blødinga skulle bli illeluktande, eller om du begynner å blø rikeleg, bør du kontakte Kvinneklinikken via Barseltelefonen på telefon 414 99 042, eller oppsøkje lege. Du skal òg kontakte lege dersom du får feber og magesmerter.

dre, det er mykje nytt å lære og du opplever kanskje å vere både trøytt og sliten. I denne første tida er det ikkje uvanleg å føle seg sårbar psykisk. Tårene kjem fort og det skal lite til før ein blir sint og ute av seg. Dette er heilt normale humørsvingingar, som òg far kan oppleve å kjenne på. Du skal vere på vakt dersom denne tilstanden held fram og du kjenner deg trist og nedstemt over lengre tid. Då er det viktig å ta kontakt med lege eller snakke med helsesøster.

Sting Eit tørt og reint sår gror raskast. Bruk lunka vatn, eventuelt litt Lactacyd når du vaskar deg nedantil. Det er viktig å skifte bind ofte. Ved smerter kan du trygt ta smertestillande tablettar med anbefalt dose av Paracet. Det er vanleg at ein del rifter og epistomiar (klipp) gjer vondt dei første vekene etter fødsel. Om smertene aukar og ikkje forsvinn gradvis, kan du ta kontakt med Kvinneklinikken på Barseltelefonen, tlf.: 414 99 042 mellom kl. 11.00 og 13.00.

Samleie etter fødselen Det er individuelt når ein ønskjer å ha samleie igjen etter ein fødsel. Dei første vekene kan det være ubehag og sårt å ha samleie dersom du har rift eller epistomi (klipp) som skal gro. Det er òg vanleg at lysta til å ha samleie let vente litt på seg etter ein fødsel. Vent til du er klar og kjenner lyst. Husk eventuelt prevensjon, du kan bli gravid sjølv om du ammar.

På veg heim frå barselavdelinga Barselavdelingane ved Kvinneklinikken sender ei melding til helsestasjonen i ditt distrikt om at du har fått barn. Helsesøster vil etter kort tid (vanlegvis innan ei veke) ta kontakt med deg for å avtale vidare kontrollar eller heimebesøk. Helsesøster følgjer opp barnet i fleire år framover, og kan gi råd og rettleiing om blant anna amming og ernæring. Ved behov kan du kontakte helsestasjonen din.

Etterkontroll Etterkontroll av deg sjølv etter fødsel er frivillig, og du må bestille kontroll hos den legen du har gått til under svangerskapet. Vi anbefaler at du tek ein etterkontroll innan åtte veker etter fødselen. På etterkontrollen sjekkar legen at alt har normalisert seg. Her kan du òg ta opp med legen dersom du ønskjer å starte på prevensjon.

Barseltårer Det skjer store omveltingar med deg når du får barn. Foreldre og barn skal bli kjende med kvaran-

Foto: colourbox

28

29


NOTATAR

30

31


Vi ønskjer deg lukke til vidare og atter ein gong gratulerer med den nyfødde. Helsing frå oss ved Fødeseksjonen på Kvinneklinikken

www.helse-bergen.no/kk www.helse-bergen.no Haukeland universitetssjukehus, telefon: 05300 Nr. 2023664


Barsel  

Barselinformasjonsbrosjyre 2012

Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you