Page 1

7.– 9. september 2018

ORD SKIF TE


Velkomen til den tiande Poesifestivalen! Festivaltemaet i år er ordskifte. Kva rolle, plass og funksjon har poesien i den offentlege samtalen, og kan poesien bidra til dialog og ettertanke i ei tid der ordskifte er blitt meir tilspissa og splittande? Gjennom festivalhelga får du oppleve mange anerkjende norske og nordiske lyrikarar saman med nye poetiske stemmer. Songlyrikken er også ein viktig del av Poesifestivalen, og vi kan by på fleire av dei fremste songpoetane og musikarane i landet. Frå det heile tok til i 2000 har Ulvik poesifestival utvikla seg til å bli den leiande festivalen for lyrikk i mange former. Jubileet blir markert ved at Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar blir delt ut for første gong. Stipendet på 150 000 kroner er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Takk til alle våre samarbeidspartnerar og frivillige som gjer det mogleg å invitere til festival på mange ulike arenaer. Velkomen til Ulvik poesifestival i Cittaslow-bygda! Geir S. Netland dagleg leiar Olav H. Hauge-senteret


Ordskifte

kjem frå norrønt orðaskipti og kan bety debatt og diskusjon, men òg byte av ordelag. Fleire av poetane som kjem til festivalen tek på ulikt vis opp samtidsaktuelle tema i diktinga si. Det poetiske språket kan opne for nye refleksjonar og fleire perspektiv. Med festivaltemaet vil vi undersøkje poesien si rolle i det offentlege ordskiftet, men også noko av det fleirtydige som kjenneteiknar poesien. Fleire kunstformer kan ta sin plass i det offentlege rommet, og med poesien som ramme er det også lett å assosiere til skiftande tydingar av ordskifte: Kva inneber det å omsetje dikt til andre språk? Kva får det å seie at dikt kan bli tolka på ulike måtar?


Konsert

13.00

Barn

Seminar

Festivalvorspiel

Opning

Konsert

Konsert

Konsert

Festivalkro

12.00

12.00

16.00

18.00

19.00

21.30

23.00

24.00

Samtale

Lyrikk

Samtale

Lyrikk og sider

10.00

11.30

11.30

13.00

Laurdag 8. september

Opning

9.00

Fredag 7. september

Konsert

11.00

Torsdag 6. september

Elvatun Syse gard

Gjendikting som politisk handling og feminisme

150/100

200/150

100

Biblioteket

Nye poetiske røyster Nynorsk lyrikkhistorie

150/100

Fri

300/250

400/350

250/200

150/100

100

100/Fri

Fri

Fri

150/Fri

Fri

Elvatun

Elvatun

Elvatun

Kongressenteret

Elvatun

Elvatun

Rossvoll

Hauge-senteret

Brakanes skule

Allmenningen

Den grøne kafé

Ulvik sjukeheim

Ulvikasamtalen 2018

Dagens gjest: Microbandet

9 grader nord

Ole Paus

Syng liv i ditt liv

Festivalopning

Sidervisdom

Lyrikk i krisetider

Les for livet!

Diktblomar til Olav H. Hauge

Lyrisk tjuvstart

Lyrisk tjuvstart


Lyrikk og sider

Barn

Film

Lyrikk og sider

Konsert

Lyrikk

Konsert

Konsert

Festivalkro

14.30

15.00

15.00

16.00

17.30

19.30

21.00

23.00

24.00

Lyrikk

Lyrikk

Barn

Konsert

Lyrikk

Konsert

11.00

11.00

11.00

13.00

13.00

15.00

Søndag 9. september

Konsert

13.00

Elvatun Hauge-senteret

Sandharpesongar Poeten i si samtid

Ulvik kyrkje

Hauge-senteret

Blåmann, Blåmann

Tidekverv

Fjordsalongen

Rossvoll

Elvatun

Elvatun

Kongressenteret

Elvatun

Kongressenteret

Lekve gard

Hauge-senteret

Fjordsalongen

Syse gard

Rossvoll

Lesing ut frå tema

Poetisk møte med Catharina Gripenberg

Dagens gjest: Allkunne

Tom Roger Aadland med band

Herborg Kråkevik møter Kolbein Falkeid

Lyrisk festkveld - ordskifte

Ferdaminne

Svein Tang Wa & Gjøkene

Solreven

Skogen den grøne

Når poetane får velje

Hauge-dikt i Hauges hage

300/250

150/100

300/250

200/100/50

150/100

150/100

Fri

300/250

350/300

250/200

400 / 350

300/250

150

Fri

150/100

250/150


- poesiverkstad og festivalutstilling

Olav H. og eg – ein poesiverkstad for 7. og 8. trinn. To veker før Ulvik poesifestival opnar får ti skular og 200 elevar i Hardanger besøk av forfattarane Endre Ruset og Joakim Kjørsvik. Med seg har dei utvalde dikt av Olav H. Hauge og engasjerande skriveoppgåver knytte til desse dikta. I dialog med Hauge sine dikt skriv elevane sine eigne. Korleis elevane finn sitt eige uttrykk i møte med Olav H., kan du sjå i festivalutstillinga. Her er det dikt frå elevar på 7. og 8. trinn frå Granvin, Ulvik, Voss, Kinsarvik, Eidfjord og Hauso. Festivalutstillinga er i festivalkroa og syner eit utval elevdikt.


Foto: Knut Utler

Foto: Paal Audestad

Lyrisk tjuvstart på festivalen Poesikonsert: Ruth Lillegraven og Rannveig Djønne Torsdag 6. september kl. 13.00 Den grøne kafé Kr 150 / fri (for pensjonistar)

Ruth Lillegraven les utvalde dikt frå mellom anna Urd, Sigd, Eg er eg er eg er, og frå den heilt ferske diktsamlinga for barn Skogen den grøne – som har lanseringsfest på Poesifestivalen laurdag 8. september. Musikar Rannveig Djønne løftar dikta med framifrå spel på toradar. På repertoaret står eigenkomponerte låtar og vakre folketonar frå Hardanger.

I samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad


Diktblomar til Olav H. Hauge Dagen tek til med lesing av dikt frĂĽ Poesiverkstaden Olav H. og eg, skrivne av elevar frĂĽ Brakanes skule, og blomar ved bautaen over diktinga til Olav H. Hauge.

Fredag 7. september kl. 09.00 Allmenningen ved Ulvik kyrkje Fri


Premiere på Les for livet! Fredag 7. september To framsyningar på dagtid Fleirbrukshallen, Brakanes skule For skuleelevar i regionen

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen. Før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag!

I Les for livet! får elevane vere med på ei spennande ferd tilbake til jorda. På vegen dukkar vi inn i sju utvalde barne- og ungdomsbøker på nynorsk, mellom anna Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland, Keeperen og havet av Maria Parr, og dikt frå Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven.

Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska og veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt, og svara er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!

Les for livet! er ei framsyning i Den kulturelle skulesekken for 5.– 7. trinn, produsert av Nynorsk kultursentrum. Lars Mæhle har skrive manus, og på scena står Kim Helge Strømmen og Siri Beate Fossum.


Foto: Høgskolen i Innlandet

Foto: Privat

Foto: Reinhold Kager

Lyrikk i krisetider Fredag 7. september kl. 12.00

Kvifor får lyrikk ein framskoten plass i krisetider? Er det fordi dei lyriske tekstane ofte balanserer på noko av det tvitydige, som krisa òg alltid ber i seg? Kanskje er det fordi eit dikt eller ein song er lett å hugse, og at det difor er den mest dugande litterære sjangeren for sosiale fellesskapar? Kort sagt: På kva premissar deltek lyrikken i den offentlege

Foto: Tove K. Breistein

Foto: Kjersti Dahl

Foto: Universitet i Bergen

Hauge-senteret Kr 100 / fri (student)

samtalen? Med festivaltemaet ordskifte er dette nokre av dei spørsmåla vi vil diskutere på seminaret «Lyrikk i krisetider». Fem forskarar med ulike perspektiv på emnet innleier til felles diskusjon: Ingrid Nielsen, Ole Karlsen, Stein Arnold Hevrøy, Eirik Vassenden og Sissel Furuseth. Ordstyrar er Sindre Ekrheim.


Festivalvorspiel med Erlend O. Nødtvedt: Sidervisdom Fredag 7. september kl. 16.00

Foto: Elias Dahlen

Rossvoll Kr 100

Med Vestlandet debuterte poeten Erlend O. Nødtvedt som romanforfattar. Saman med biletkunstnar Yngve legg Erlend i boka ut på ein vill odyssé langs fjordar, gjennom tronge dalar, på umoglege vegar, for å vekkje til live Vestlandets slumrande ånd. Det første målet på reisa er Ulvik og huset til Olav H. Hauge. I møte med staden og poesien

til den store meistaren oppstår intense skildringar og bilete. Nødtvedt les, og det gjer han i Hauges hage. Alle som har høyrt poeten frå Fyllingsdalen lese, veit at det er noko utanom det vanlege. Frå Rossvoll legg vi turen innom festivalkroa der vi skålar for lyrikken og for livet – før opninga av den tiande Ulvik poesifestival.


Festivalopning Fredag 7. september kl. 18.00 Elvatun Kr 150 / 100 (student)

Det er høgtid og fest når Herborg Kråkevik opnar den tiande Ulvik poesifestival, med ord og med tonar. Vi feirar jubileet med å dele ut det nyetablerte Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Eit knippe festivalpoetar les dikt, blant anna nyskrevne dikt til festivaltemaet ordskifte.


Syng liv i ditt liv

Foto: Erik Larsen

Fredag 7. september kl. 19.00

Erik Lukashaugen er visesongaren som sa opp fast løn i hovudstaden for å leve livet som musikar på Hedmarken. Frå då av har gitaristen og vokalisten vore på vegen. I år er han aktuell med den nyskrivne konsertframsyninga «Syng liv i ditt liv» – ein hyllest til diktaren og hundreårsjubilanten Hans

Elvatun Kr 250 / 200 (student)

Børli. Gjennom song og tonar tek Lukashaugen publikum med på ei reise frå maurstiane til Mjølkevegen. Kven var eigentleg denne tømmerhoggaren og diktaren frå Eidskog? Lukashaugen kjem til Ulvik med sitt faste band Arbeidslaget og skodespelaren Glenn Luijbregts.

Arbeidslaget: Erik Lukashaugen (vokal og gitar), Tarjei Nysted (fele, nøkkelharpe og mandolin), Bjørge Verbaan (trekkspel, trøorgel og piano), Erik Sannes Aanonsen (kontrabass og nøkkelharpe)


Ole Paus Fredag 7. september kl. 21.30

Foto: Nina Djerff

Kongressenteret Kr 400 / 350 (student)

Ole Paus har vore ein markant visesongar i nær 50 år med vare, provoserande og satiriske tekstar.Alt frå debuten i 1971 var Paus politisk provokatør og ein stor ordmeister. Seinare er viser som «Innerst i sjelen» og «Vårt lille land» blitt signaturviser og

ein del av den norske folkesjela. Med si særeigne røyst og tekstar fulle av språklege krumspring er songpoeten Paus omfamna av eit breitt publikum.

Velkomen til Paus på Poesien!


9 grader nord Fredag 7. september kl. 23.00 Elvatun Kr 300 / 250 (student)

Dette er ein ung kvartett frå Bergen med eit enormt musikalsk overskot. Dei ønskjer å utfordre publikums musikalske kosthald ved å servere nye musikalske ingrediensar, og det gjer at bandet passar framifrå på festivalen nettopp i år. Bandet vil helst ikkje plassere seg inn i ein musikalsk sjanger og har like

godt laga sin eigen; progressiv, etnisk musikk. Stikkorda er forfriskande rytmar ein berre må bevege seg til. Trass i kort karriere har 9 grader nord alt opparbeidd seg eit sterkt ry for å levere knallsterke musikalske opplevingar frå nære og fjernare himmelstrøk.

Mira Thiruchelvam (gitar, vokal, fløyte), Dipha Thiruchelvam (gitar, vokal, fløyte), Jakob Sønnesyn (bass), Jakob Sisselson Hamre (perkusjon)


Microbandet Fredag 7. september kl. 24.00 Elvatun Fri

Microbandet er forlagsdama og juristen frå Kvam som likar å leike musikarar seint på kveld.

og på Dei nynorske festspela i Ørsta. No kjem dei endeleg til Poesifestivalen.

Etter fem år i musikkbransjen er mottoet framleis «Ingen forventningar». Likevel har Microbandet etter kvart opparbeidd seg ein ganske anstendig cv. Dei har opna Jolajazzen på Voss, spelt på Bygdalarm i Øystese

Når Brit og Kjersti står klare i festivalkroa, kan ein vente seg Britney Spears i køntriversjon, og kanskje ein Hellbillies låt i cha-cha-cha takt? Om du ikkje har høyrt duoen før, er sjansen komen!

Foto: Marthe Hauge

Brit Aksnes (gitar, vokal) og Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal)


Kva er ei dagbok, og korleis kan ho vere med på å forme både liv og forfattarskap? Olav H. Hauge skreiv dagbok frå han var 15 og like fram til ei veke før han gjekk bort i 1994. Dei fem svære dagbokbanda er utan sidestykke i norsk litteratur og ein viktig del av den samla forfattarskapen. Dette er ikkje berre ein samtale Hauge fører med seg sjølv, med bøkene og med andre forfattarar. Det er også ein dagleg dialog med andre

dagbøker, dagbokskrivarar og med sjølve dagbokforma. Hauge skriv seg inn i linjene frå store europeiske dagbokskrivarar som Samuel Pepys og André Gide, amerikanarar som Henry David Thoreau og Ralph Waldo Emerson, og nynorske pionerar som Ivar Aasen og Arne Garborg. Ja, det går an å seie at Hauge både skriv dagbok og forskar på kva ei dagbok er, kva ho kan vere og korleis ho kan forandre både litteratur og liv.

Foto Spartacus Forlag

Ulvikasamtalen 2018: Olav H. Hauge og den nynorske dagboka Laurdag 8. september kl. 10.00

Foto: Vidar Herre

Elvatun Kr 150 / 100 (student)

Øysten Hide har i mange år forska på biografiar, dagbokskriving og sjølvkunnskap, og skriv doktoravhandling om den nynorske dagboktradisjonen. I Ulvikasamtalen 2018 møter han Eirik Vassenden, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.


Nye poetiske røyster

Foto: Julie Pike

Foto: Tove K. Breistein

Laurdag 8. september kl. 11.30 Ulvik folkebibliotek Kr 100

Eg dreg dit / saltet i såra mine / vart vunne ut. / Til huset ved havet. Slik opnar Amdal Telnes debutboka Om nettene brukar mor Løvåsen er prislønt roman- dråpeteljar. Dette er ei diktforfattar og dramatikar, men samling om svik, sakn og snudde lyrikk har han ikkje skrive før. I omsorgsrollar. Men her er òg von haust kjem samlinga Øksene dei om å stable på fote ei framtid. hauster inn. Dette er dikt som strekkjer seg langt både i tid og Poetane samtalar med rom. Frå gleder og sorger ved det biblioteksjef Theresa Wallevik, å vie livet sitt til å dyrke, pløye, og les frå samlingane sine. så og hauste skildrar poeten eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år.

Kva rører seg i den nye poesien? Kven skriv han? Møt lyrikkdebutantane Svanhild Amdal Telnes og Sigmund Løvåsen.

I samarbeid med Det Norske Samlaget, Gyldendal Norsk Forlag og Ulvik folkebibliotek


Foto: Agnete Brun

Foto: Mona Nordøy

Nynorsk lyrikkhistorie Laurdag 8. september kl. 11.30 Elvatun Kr 200 / 150 (student)

I Nynorsk litteraturhistorie presenterer forfattar og professor Jan Inge Sørbø nynorsk litteratur frå Aasen til i dag. Han meiner det særeigne ved den nynorske lyrikken er at den stundom motseier hovudstraumen, andre gonger definerer den. Både i den store nynorske romantikken frå 1910, i den tidlege modernismen

og på 1960-talet får nynorsk lyrikk særprega roller. Etter foredraget samtalar Sørbø med Herborg Kråkevik, ein stor formidlar av den nynorske songlyrikken. Dei to vil ha mykje å snakke om og formidle frå podiet i Elvatun.


Laurdag 8. september kl. 13.00 Syse gard Kr 150 / 100 (student) Vellukka omsetjing er som å «byta vatn på blomar» – ei vakker formulering frå Goethe vi finn att hos Olav H. Hauge. Likevel dreiar omsetjing og gjendikting seg om meir enn nøysame estetiske val. Det har òg viktige, praktiske sider. Å gjendikte ei bok inneber at meiningane i verket blir tilgjengelege for fleire lesarar; slik kan gjendikting vere politisk. Kven blir gjendikta, og kvifor? Til kva språk? Kva mottaking og verknad får omsetjinga? I dette arrangementet ser vi nærare på korleis gjendikting kan bli

forstått som politisk handling og feminisme. Poetane og gjendiktarane Tone Hødnebø og Anna Kleiva møter redaktør og kritikar Carina Beddari i Morgenbladet til samtale om emnet. Hødnebø har gjendikta Emily Dickinson og Anne Carson, medan Kleiva har gjendikta Asta Olivia Nordenhof og Ariana Reines.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Foto: Privat

Rolf M. Aagard

Lyrikk på Frukt- og siderruta: Gjendikting som politisk handling og feminisme


Kva yngre poetar har dei etablerte poetane lagt merke til?

Når poetane får velje Laurdag 8. september kl. 14.30

Foto: Dmitri Kotjuh

Foto: Privat

Syse gtard Kr 150 / 100 (student)

Julianne Rui debuterte med Bendik Vada brakdebuterte med diktsamlinga Den hesten er Vak i 2017 og blei nominert til av snø i 2011 og har med tre Tarjei Vesaas’ debutantpris. Vak utgivingar utmerka seg som ein er ein rytmisk, sirkelforma song av dei fremste yngre lyrikarane. skriven på trønderdialekt. Øyvind Rangøy er kåra til  månadens poet av Dagbladet, og pålitelege kjelder hevdar at dette er ein lyrikar vi kan vente oss store ting frå – alt før han har gitt ut den første boka.

Foto: Helge Skodvin

Lyrikk på Frukt- og siderruta:

Foto: Finn Ståle Feldberg

Foto: Anna Julie Granberg

Rolf M. Aagard

Då Tone Hødnebø, Knut Ødegård og Cecilie Løveid fekk invitere kvar sin yngre poet til Poesifestivalen, valde dei Julianne Rui, Øyvind Rangøy og Bendik Vada. I naturvakre omgivnader på Syse gard får publikum høyre entusiastiske grunngivingar frå dei etablerte og opplesingar frå dei unge, lovande.


illustrajon: Svein Tang Wa

Lyrikk på Frukt- og siderruta: Svein Tang Wa & Gjøkene

Laurdag 8. september kl. 16.00 Lekve gard Kr 300 / 250 (student)

Eg sko ha vært ein vin / ein sprudlane gyllen og fin / men eg e ei daue og daffe saft / uden potens og kraft.

er stavangerdialekt og ironisk snert. Mange av songane hans er kjende frå Vamp og Stavangerensemblet.

Svein Tang Wa er trubaduren og multikunstnaren frå Stavanger Tang Wa kjem med sine gode som elskar bokstavrim. Plata vener Gjøkene, og er å finne Perler fra Svein kom i 2017 og mellom epletre og siderfat på byd på 15 perler frå hans viseverd Lekve Gard. med utgangspunkt i dagleglivet i Stavanger-gatene, om kvinner og om kjærleik. Kjennemerket for denne leikne songpoeten

Svein Tang Wa (vokal), Stein Inge Brækhus (trommer), Johan Egdetveit (trekkspel), Øystein Eldøy (bass), Reidar Larsen (tangentar), Arne Skage (gitar)


Hauge-dikt i Hauges hage

Foto: Gisle Bjørneby

Laurdag 8. september kl. 13.00 Rossvoll Kr 250 / 150 (honnør, student, venelagsmedlem)

Foto: Morten Krogvold

Venelaget Olav Hauge deler ut Amboltprisen for arbeidet med å gjere Hauges dikting kjend

Saman med eigarane av fruktgarden der Hauge budde, inviterer Venelaget Olav H. Hauge til poesitreff på Rossvoll. Meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa vil med diktlesing og hardingfele løfte fram kjende og mindre kjende dikt frå diktarverket til Olav H. Hauge. Etter arrangementet er det klart for årsmøte i Venelaget

Arrangør: Venelaget Olav H. Hauge


Lansering: Skogen den grøne Lyrikk for barn

Det er stort når Ruth Lillegraven kjem med ny bok, og ekstra gjevt er det når boka blir lansert under Ulvik poesifestival.

Laurdag 8. september kl. 15.00 Fjordsalongen, Brakanes hotel Fri

Foto: Det Norske Samlaget

Ved å la eit barn gå inn i skogen den grøne, opnar Lillegraven den fabelaktige skogen for både unge og vaksne lesarar. Bjørka som står i boge over stien, liknar ei jente som prøver å riste vatn ut av håret sitt. Dei umogne bæra er fjerne, grøne planetar. Og rogna har raude øyredobbar. Men skogen kan vere nifs òg. Den daude elgen som flyt i det botnlause tjernet – søkk han heilt til Kina? Og kven er det som strør gullpengar etter seg på stien? Ruth Lillegraven følgjer opp Bragepris-nominerte Eg er eg er eg er med dikt som skaper undring hos store og små – vågar du bli med inn i skogen og treffe dei ulike skapningane der?

I samarbeid med Det Norske Samlaget.


Foto: Solreven, Frank Wierke

Solreven

Kjartan Hatløy si dikting er blitt tysk film. – Det er blitt ein vakker film, seier poeten sjølv om regissør Frank Wierkes dokumentar Solreven. Filmen er eit portrett av poeten frå Hyllestad og diktinga hans med ein tittel lånt frå debutboka i 1996. Solreven fortel historia om korleis biografi, historie, natur, landskap og filosofi flyt i kvarandre og endar som lyrikk. Solreven er

Laurdag 8. september kl. 15.00 Hauge-senteret Kr 150 / 100 (student)

òg ein samtale om livet og om dei villkåra eit skrivande liv set . Kjartan Hatløy opnar filmvisinga med å lese eigne dikt. Etter filmen samtalar poeten med regissør Frank Wierke.

Filmframsyning av Solreven også søndag 9. september kl. 15.00 på Hauge-senteret


Tord Gustavsen ensemblet Ferdaminne Laurdag 8. september kl. 17.30

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd, og det er Vinjes mangfaldige og rike reiseskildringar som har gitt inspirasjon til tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen

Kongressenteret Kr 400 / 350 (student)

I Vinjes Ferdaminni frå sumaren 1860 er det som sjølve skrifta følgjer ferda inn på ein våg vi ikkje har visst om. Dette er eit sjangeroverskridande verk med forteljing, essayistisk leiting og markante innslag av poesi. Nettopp den poetiske styrken er utgangspunktet for den musikalske reisa som Tord Gustavsen tek oss med på i kveld, basert på kapitlet «Huldra».

Foto: Carlo Maradei

Gustavsen er ein dei fremste jazzmusikarane i Noreg. Skode spelar Cecilie Jørstad les og fortel. I bandet er Tore Brunborg (saksofon), Sigurd Hole (kontrabass), Jarle Vespestad (trommer) og Rune Børø (lyd).


Velkomen til poetisk festkveld med poetane Cecilie Løveid,

Lyrisk festkveld – ordskifte

Laurdag 8. september, kl. 19.30 Elvatun Kr 250 / 200 (student) Øyvind Berg skriv med ein særeigen energi og ein sterk vilje til å fornye det poetiske språket. Berg var ein av grunnleggjarane av kunstnarkollektivet Baktruppen. I Vandreutstillinger (2017) skriv Cecilie Løveid fornyande poesi om kunstverk og kunstnarar, og fleire av dikta hennar kan kallast politiske. Dikta ho har skrive ut frå hendingane 22. juli 2011 er noko av det sterkaste til no som svar på terroren og massakren.

Knut Ødegård er ein poet som gjerne oppsøkjer dei mørke krokane i samfunnet og menneskesinnet for å løfte fram dei mest sårbare og minst synlege. Det gjer han også i Tida er inne (2017). Kaja Schjerven Mollerin er ein utsøkt lesar av litteratur og blei i 2012 kåra til årets kritikar. Ho har òg skrive essay og fleire bøker om ulike forfattarskapar.

Foto: Julie Pike

Foto: Monica Larsen

Foto: Helge Skodvin

Foto: Anna Julie Granberg

Øyvind Berg og Knut Ødegård. Dei tek på ulike måtar opp samtidsaktuelle tema i diktinga si, og her møter dei forfattar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin til samtale. Poetane vil òg lese eigne dikt.


Falkeid formidlar livserfaring på ein måte som gir gjenklang hos den som les. Han gav ut si første diktsamling i 1962, og etter kvart er det blitt over 20 bøker. Med tekstar til Vamp har han nådd endå lenger ut. Slik Falkeid ser det er dikt noko som skal framførast, og i kveld får publikum servert det beste.

Herborg Kråkevik møter Kolbein Falkeid Laurdag 8. september kl. 21.00 Kongressenteret Kr 350 / 300 (student)

Foto: Hans Jørgen Brun

Pianist Helge Lilletvedt har arbeidd med begge før og vil knyta orda og tonane saman.

Foto: Mona Nordøy

Herborg Kråkevik er den ujålete song- og teaterdivaen frå Jondal i Hardanger som har sett sterke spor på den norske musikkscena gjennom fleire tiår. Dei siste åra har ho gitt store rolletolkingar og personlege portrett av både Édith Piaf og Amalie Skram, seinast med suksess i rolla som Kristin Lavransdatter i Brit Bildøens omsetjing på Den Nationale Scene. Kråkevik er også ein erfaren lyrikkformidlar, og i kveld står ho på scena med ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg – Kolbein Falkeid.


Tom Roger Aadland med band Laurdag 8. september kl. 23.00

Foto: Geir Dokken

Elvatun Kr 300 / 250 (student)

Tom Roger Aadland er ein songpoet av stort format. Den som har opplevt rockepoeten frå Haugesund, veit også at han er ein strålande formidlar, vokalist og gitarist. Frå debuten i 2007 har Aadland gitt ut heile sju album. I 2016 kom albumet Blondt i Blondt, Bob Dylans meisterverk Blonde on Blonde gjendikta til

nynorsk. Eit samla kritikarkor hylla Aadland for sine uredde tolkingar av Dylans kanoniserte låtunivers. Tom Roger Aadland er for tida aktuell med albumet Songfugl – med lysare inngang enn nokon gong, og der kjærleiken til heimstaden er den raude tråden.

Tom Roger Aadland (vokal, munnspel og gitar), Kjetil Steensnæs (gitar, pedal steel og kor), Ruben Oma (bass og kor), Karl Oluf Wennerberg (slagverk og kor)


Lyrikk-kro med kviss Laurdag 8. september kl. 24.00 Festivalkroa Fri

Etter siste arrangementet på Elvatun denne kvelden inviterer Allkunne til nynorsk lyrikk-kviss i festivalkroa. Spørsmåla passar både for den som nynnar på ein Bjella-låt og den som hugsar kven som skreiv «Du går fram til mi inste grind». Vinnarlaget får ein litterær kanonpremie til bokhylla heime.


Foto: Lærke Posselt

Den finlandssvenske poeten Catharina Gripenberg er ein poet vi trur Olav H. Hauge ville likt å få på vitjing. Gripenberg debuterte med På diabilden är huvudet proppfullt av lycka i 1999. Ho følgde opp med Ödemjuka belles lettres från en till en, og Ta min hand, det vore underligt – der ho går i dialog med ein anna finlandssvensk forfattar, Edith Södergran. I 2016 kom Handbok att bära till en dräkt. Denne fekk ho Sverige Radios lyrikpris for. I tillegg har ho skrive drama og omsett den danske diktaren Per Højholt til svensk. Har du først høyrt ho lese, gløymer du det ikkje.

Poetisk møte med Catharina Gripenberg Søndag 9. september kl. 11.00 Rossvoll Kr 150 / 100

Foto: Tove K. Breistein

Gripenberg les dikt og samtalar med poet og kritikar Sindre Ekrheim.


Foto: Albert Madsen Foto: Monica Larsen

Rolf M. Aagard

Foto: Julie Pike

Med utsyn til fjorden får festivalgjestene høyre fire framifrå poetar lese frå diktkatalogane sine. Dei skriv alle lyrikk som på ulikt vis hektar seg på festivaltemaet ordskifte.

«Jeg skriver for å finne det punktet som skal romme alle punkt», har Tone Hødnebø sagt om si eiga dikting. Hødnebø skriv finstemt og biletrik poesi som gjerne går i dialog med historia. Asta Olivia Nordenhof er det danske lyriske stjerneskotet som etter utgivinga Det nemme og det ensomme (2013) fekk Montana litteraturpris og blei utropt til ei av Danmarks fremste poetiske røyster. Ho skriv harde, ømme, suverene dikt.

Lesing ut frå tema Søndag 9. september kl. 11.00 Fjordsalongen, Brakanes hotel Kr 150 / 100

Kjartan Fløgstad er ein av dei mest prislønte norske forfattarane og meistrar dei fleste sjangrar. Diktaren frå Sauda vender stadig tilbake til poesien i songtekstar, gjendiktingar eller dikt fletta inn i romanane sine. Med sin språklege spenst er Øyvind Berg ein lyrisk kapasitet. Han skriv leikne dikt, krasse dikt, glade dikt, fandenivoldske dikt, politiske dikt, triste dikt, kjærleiksdikt, skråsikre dikt og undrande dikt.


Å ha ein besteven som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir. Det er fint, det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevener. Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Blåmann, Blåmann bukken min er ei heilt ny barneframsyning om venskap og lengsel av og med Siw Elena Skinnemoen. Framsyninga byggjer på den songen som Aasmund Olavsson Vinje skreiv i 1860.

Blåmann, Blåmann, bukken min Søndag 9. september kl. 11.00 Hauge-senteret Kr 200 / 100 / 50


Sandharpesongar Søndag 9. september kl. 13.00 Elvatun kr 300 / 250

Foto: Julie Pike Foto: Hans Jørgen Brun

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Foto: Sjøborg Kulturhus

Foto: Gyldendal

«Etter kvart som åra har gått, har eg til mi eiga forundring ... oftare og oftare funne meg på scenen i selskap med, eller tolka av, strålande musikantar», skriv Kjartan Fløgstad i den nye boka Sandharpesongar. Før Kjartan Fløgstad debuterte som romanforfattar, skreiv han to modernistiske diktsamlingar. Sidan har den lyriske diktinga vore ein slitesterk tråd gjennom forfattarskapen. Dei siste åra har Fløgstad-tekstar vore tonesette av mange musikarar, i ei rekkje ulike stilartar alt frå klassisk til rock. I Sandharpesongar har Fløgstad samla songane sine. Jamvel med notar og besifring. Kjartan Fløgstad går på scena med Gabriel Fliflet (trekkspel, piano og vokal), Lars Klevstrand (gitar og vokal) og Berit Opheim (vokal).


I Ingrid Nielsens kritikarroste debutbok Hemmelig, men aldri som en tyv (2016) trør dikta langs ulike grenser for røynsle og liv. Ho hentar fram magiske tenkjemåtar og sansingar av det som både

Foto: Albert Madsen

Foto: Agnete Brun

Den nyaste diktsamlinga til Mona Høvring, Jente med dødningehode (2017), er tette skjebneforteljingar som utfordrar og utvidar lyrikksjangeren med kraft og resonans. Med sitt skarpe poetiske instinkt skriv Mona Høvring dikt som på kvar bokside syner fram prekære drama, vare og nødvendige dialogar.

Dei tre les og samtalar med kritikar og forfattar Kaja Schjerven Mollerin.

Foto: Kjersti Dahl

«Brilliant digtsamling beviser at en litterær stjerne er ved at blive til», skreiv den danske avisen Politiken om Asta Oliva Nordenhofs diktsamling Det nemme og det ensomme (2013). Brutalt, direkte og poetisk presist skildrar Nordenhof episodar frå kvardagen i notida og frå ein vanskeleg oppvekst der ho vekslar mellom glede, humor, desperasjon, ømheit, råskap og indignasjon.

er på og utanfor veggene for våre liv. Her er dikt om kroting på sotvegg, om kjærleiksdikt utan ord, om nådelaus trøyst, og om å skrive for livet.

Foto: Julie Pike

Kvar brenn det for poetane Asta Olivia Nordenhof, Mona Høvring og Ingrid Nielsen? Og kva for lyrisk uttrykk får det?

Poeten i si samtid Søndag 9. september kl. 13.00 Hauge-senteret Kr 150 / 100


Tidekverv Søndag 9. september kl. 15.00 Ulvik kyrkje Kr 300 / 250

Foto: Paal Audestad

Plateslepp!

Dei makelause folkemusikarane Benedicte Maurseth og Berit Opheim har skrive verket Tidekverv. Tekstane er skrivne av Erlend O. Nødtvedt og Bergsveinn Birgirsson, som skriv i klassisk balladestil, inspirert av det vakre og mystiske Draumkvedet. Komposisjonane til Maurseth og Opheim finn si rot i folkemusikken, men barokkimpulsar, samtidsmusikk og improvisasjon er òg med i det komplekse lydbilete. Tidekverv er avslutningskonserten for Ulvik poesifestival 2018 i Ulvik kyrkje. Den som må ha meir, kan kjøpe plata, som blir lansert med denne konserten. Benedicte Maurseth (hardingfele, vokal), Berit Opheim (vokal), Rolf Lislevand (lutt, teorbe, el- og barokkgitar) Håkon Mørch Stene (perkusjon og vibrafon)


Foto: Ingvil Skeie Ljones

Hauge-senteret

Utstillinga i Hauge-senteret fortel om livet og diktinga til Olav H. Hauge og om lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser gjennom 4000 år. Lyrikkbiblioteket og poesiverkstaden byd på underhaldning og inspirasjon. Ferdaminne frå Troja til Vestlandet er ny temautstilling av året og syner poesien i utvalde reiseskildringar. Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymt seg fleire stader i utstillinga. Ved å følgje kattespora finn ungane katten og ny kunnskap.

Omvising kvar dag under festivalen kl. 12.00 Fri inngang for festivalgjestene.


Museumsbutikken

Museumsbutikken i Hauge-senteret har eit stort utval av lyrikkbøker og barnebøker på nynorsk. Vi er best på litteratur om og av Olav H. Hauge og har sjølvsagt bøker av alle festivalpoetane i hylla. Festivalhelga har vi utvida opningstider

– velkomen innom for ein hyggeleg handel.


Illustrasjon: Hanne Li

Finn fram i Ulvik / Reint praktisk

Olav H. Hauge-senteret

Informasjon, billettar, butikk og utstillingar Torsdag 6. september Fredag 7. september Laurdag 8. september Søndag 9. september

10.00–17.00 10.00–20.00 10.00–20.00 10.00–17.00

Elvatun ungdomshus

Festivalkro, lunsj, middag og kveldsmat Fredag 7. september Laurdag 8. september Søndag 9. september

16.00–02.00 (mat til kl. 22) 11.00–02.00 (mat til kl. 22) 12.00–14.30


Billettar

Kjøp festivalbillettar på poesifestivalen.no eller i Hauge-senteret før og under festivalen. Ledige billettar blir selde i døra før arrangementet tek til. Førehandskjøpte festivalpass må bytast inn i festivalband i Hauge-senteret når du kjem. For å vere garantert plass til dei ulike arrangementa må du reservere plassbillett på førehand.

Mat og overnatting

Slow Food Hardanger byd på kortreiste lunsj- og middagsrettar i festivalkroa på Elvatun. Andre matstader er Brakanes hotel, Den grøne kafé, Hardanger gjestehus, Strand hotell og Drøs bakeri og kafé. Du kan kjøpe lunsj på Syse gard under arrangementet der laurdag føremiddag

Informasjon om overnatting: Ulvik Turistkontor, tlf. 56 62 62 80, Visitulvik.no

Parkering og transport

Du kan reise kollektivt til Ulvik med tog til Voss og buss frå Voss eller Bergen. Rutetider finn du på Nsb.no og Skyss.no. Det er gangavstand til dei fleste arrangementa, hotella og Hauge-senteret. For nokre arrangement må du rekne god tid eller parkere på merka plassar.

Lyrikk på frukt- og siderruta

Det tek 20 min. å gå frå sentrum til første stopp på ruta. Parkering på Strand hotell (10 min. å gå til første stopp) og på Lekve gard (ved siste stopp). Det er ikkje mogleg å parkere på Syse gard denne dagen. Parkering og gangrute er skilta. Det går minibuss etter arrangementet på Lekve gard laurdag. kl 17.10. Minibussen kostar 50 kr.

Rossvoll

Det tek 20 min. å gå frå sentrum til Rossvoll. Parkering på Rossvoll gravplass (10 min. å gå) og i tunet til Stein Olav Kolås. Parkering og gangrute er skilta.


Arrangør: Nynorsk kultursentrum Nynorsk kultursentrum arbeider for nynorsk skriftkultur, og driv Aasen-tunet i Ørsta med Dei nynorske festspela, Hauge-senteret med Ulvik poesifestival, Vinje-senteret med Litteraturdagane i Vinje, det digitale oppslagsverket Allkunne og åtte andre nettstader. I 2018 har Nynorsk kultursentrum 20 fast tilsette. Tilskotsgivarar Kulturdepartementet Kulturrådet Hordaland fylkeskommune Ulvik herad Fritt Ord Goethe-Institut Sparebanken Vest Sparebankstiftinga Hardanger

Programråd Brit Aksnes Kristin Auestad Danielsen Sindre Ekrheim Endre Ruset Eirik Vassenden Stab Hauge-senteret Geir S. Netland, dagleg leiar

Samarbeidspartnarar Jorid Lekve Eide, Aschehoug festivalprodusent Avisa Hordaland Stein Arnold Hevrøy, Brakanes hotell dokumentasjonsansvarleg Brakanes skule Cappelen Damm forlag Guro Ljone, Den grøne kafé formidlar Det Norske Samlaget Ragnhild Nabben, Drøs bakeri og kafé prosjektmedarbeidar Forlaget Oktober Frukt- og siderruta Gyldendal Norsk Forlag Kàdn og Alde Norsk Forfattarsentrum Olav H. Hauge-stiftinga Rossvoll v/Tove og Stein Olav Kolås Slow Food Hardanger Ulvik folkebibliotek Ulvik herad Utgivar: Nynorsk kultursentrum Ulvik kyrkje Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad Ulvik næringslag Formgivar: Frode Halvorsen, Ulvik Venelaget Olav H. Hauge Trykk:Molvik Grafiske Voss Lyd Opplag: 12 000 Med atterhald om endringar


Notat:


Ulvik poesifestival Tlf. 56 52 70 70

Promenaden 7

poesifestivalen.no

5730 Ulvik ulvikpoesifestival

Ulvik Herad


Ulvik poesifestival helsar velkomen 11.— 13. september 2020

Program Ulvik poesifestival 2018  

Her kan du lese alt som skjer under Ulvik poesifestival 7.–9. september 2018!

Program Ulvik poesifestival 2018  

Her kan du lese alt som skjer under Ulvik poesifestival 7.–9. september 2018!

Advertisement