Page 1


FOSSENSYLV -tradisjon frå Hasla I 1982 starta Ørnulf Hasla og Grete Fossen verksemda si i heimen sin på Fossen, Helle i Setesdal. Produksjonen vaks ut av kjellarstoga, og i1984 bygde vi verkstad med butikk i Valle. Der held vi framleis til. Bunadsylv har lange og sterke tradisjonar, og med utgangspunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet tilmange av våre bunader. Vakre smykke er også blitt til, inspirert av natur, kultur og tradisjon, samt våre frodige bunader. Den solide fagkunnskapen og kompetansen vi har tileigna oss, er vår styrke i vidare utvikling mot ei spanande framtid. Fossensylv fører tradisjonen inn i framtida.

Mannsbunad frå Vest-Agder Bunaden bygger på materiale frå om lag 1825. Slik vi ser den i dag, vart densauma i 1950 åra av skredder Joh. Abrahamsen. Trøya er i svart ullstoff med grøn krage og nedbretta slag. Mansjettane er grøne med tre store sølvknappar. Trøya har i tillegg to rader med sølvknappar, men den skal ikkje kneppast. Vesten er istripemønstra ullstoff med svart botn. Ryggen er av lin, vesten er enkel kneppa med seks sølvknappar. Skjorta er i lin eller bomull, det er kvitsaumbroderi på krage og mansjett. Buksa er ei knebukse med stor klaff, og i svart ullstoff. Den har grøn knelinning med spenne, samt tre sølvknappar og spenne ved kneet. Klaffen vert halde oppe med fem store, flate sølvknappar. Strømpene er mønsterstrikka i kvit ull og vert halde opp med fleirfarga sokkebånd. I tillegg til knappane brukar ein halsknapp, mansjettknapp og bringering (hornring eller hjartesprette). Det vert totalt brukt 26 knappar til trøye og bukse.

Kvinnebunad frå Vest-Agder Kvinnebunaden i dag bygger på draktskikk frå perioden 1830 til 1870. Det har vore store variasjonar i materialbruk, men snittet i drakta har vore det same gjennom tida. Livet (vesten) er i raudt, grønt og svart ullstoff, eller svart ulldamask. Det er høgt skore i ryggen med midtsaum og to skrådde sidesaumar som endar opp i ei lita ”klauv”.Trøya er i svart ullstoff eller ulldamask, og har same form som livet. Skjorta er i finvevd lin eller bomull. Den har kvitsaumbroderi på krage, skulderstykke og mansjett. Stakken er i tre ulike variantar. Ein i plisse, ein rynka og ein stripa. Stakken vert halden oppe med vevde selar som vert festa i to sølvknappar framme, og ein midt bak. Forkleet som til vanleg vert brukt til bunaden er i svart ullstoff med ullgarnbroderier, men det er fleire variantar av dette. Sjalet er firkanta eller trekanta med ullgarnbroderi. Broderimønster på sjal og forkle finn ein i mange ulike variantar, mønstra er henta frå ulike plassar i Vest-Agder. Lomma er laus, og er i svart ullstoff med broderi. Hodeplagget (skautet) er i kvit lin, men det er også ei lue i silkebrokade med kniplingskant og gullbånd. Sølvet ein brukar i dag er knappar til stakken, halsknapp og mansjettknapp til skjorta. Under halsknappen fester ein halsringen (bringering), deretter ei sølje, til døme bolesølje, eller hjartesølje med store lauv. På livet er det to rader med sølvmaljer og snøreband (trekkeband) med spjot. Nederst på livet vert det også brukt spenne. Trøya har sølvspenne framme, og knappar til ermene. Kroken til lomma er som regel i messing.


Profile for Fossensylv

VEST-AGDER  

VEST-AGDER  

Profile for hasla

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded