Page 1


FOSSENSYLV -tradisjon frå Hasla I 1982 starta Ørnulf Hasla og Grete Fossen verksemda si i heimen sin på Fossen, Helle i Setesdal. Produksjonen vaks ut av kjellarstoga, og i1984 bygde vi verkstad med butikk i Valle. Der held vi framleis til. Bunadsylv har lange og sterke tradisjonar, og med utgangspunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet tilmange av våre bunader. Vakre smykke er også blitt til, inspirert av natur, kultur og tradisjon, samt våre frodige bunader. Den solide fagkunnskapen og kompetansen vi har tileigna oss, er vår styrke i vidare utvikling mot ei spanande framtid. Fossensylv fører tradisjonen inn i framtida.

Mannsbunad frå Telemark Sylvet ein bruakar i dag, er mansjettknappar og hornring til skjorta. Knappane som vert bruka, er som regel stor og liten filigransknapp, eller hollandsknapp. Fargen er alltid oksidert. Vest-Telemark: Knebukse: 11 stk. store og  24 stk. små knappar. Langbukse: 11 stk. store og 18 stk. små knappar. Aust-Telemark: Knebukse: 13 stk. store og 45 stk. små knappar. Langbukse: 13 stk. store og 33 stk. store knappar. Det er vanleg å bruke klokkeband, klokke og kniv.

Kvinnebunad frå Telemark AUST-TELEMARK: Til Aust-Telemark treng ein mansjettknappar, og halsring til skjorta. Det er mest vanleg å bruke halsring med demantar. Alternativet til halsringen er byggkornring. Ein kan bruke både antikkgylt og oksidert sylv. På søljene kan ein kombinere desse fargane. Av søljer er det fleire alternativ, og ein kan velge å ha ei eller to stk. Det er mest vanleg å ha to søljer, til dømes ei bolesølje og slangesølje. Bunaden har pyntemaljer og pyntespenne. Ein brukar vanlegvis ikkje trekkeband til maljene. Maljene kjem med eller utan lauv - seks eller åtte stk. Til veska brukar ein veskelås. VEST-TELEMARK: Til Vest-Telemark treng ein mansjettknappar og halsring til skjorta. Ein kan bruke både antikkgylt og oksidert sylv. Det er vanleg med to søljer, til dømes bolesølje og slangesølje. Det er også fint å bruke sølje med filigran midtparti.Det skal vere seks eller åtte maljer på bunaden, avhengig av kor mykje plass ein har. Maljer med lauv er mest bruka. Trekkebandet skal vere oksidert. Det er bare den klassiske Vest-Telemark bunaden som brukar maljer, trekkeband og veske. Til smekkebunaden kan ein ha ei lita beltespenne. Beltet på bunaden kan ein knytte, eller feste med ein spenne. Det er mest vanleg å bruke spenne. Til veska brukar ein veskelås. BELTESTAKKEN: Til beltestakken treng ein mansjettknappar og halsring til skjorta. Ein kan bruke både antikkgylt og oksidert sylv. Det er vanleg å bruke to søljer, til dømes ei stor bolesølje og slangesølje. Eit alternativ til ei av søljene er Bøherdingsring, som er spesielt for beltestakken. Bunaden har pyntespenne, og den er det vanlig å feste med nål. Sidan beltet er breidt, er det fint å velge ei spenne som er nokså stor.


Profile for Fossensylv

Telemark  

Telemark  

Profile for hasla

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded