__MAIN_TEXT__

Page 2

FOSSENSYLV - fører tradisjonen inn i framtida.

Sylv til Agder.

I 1982 starta Ørnulf Hasla og Grete Fossen verksemda si i heimen sin på Fossen, Helle i Setesdal. Produksjonen vaks ut av kjellarstoga, og i1984 bygde vi verkstad med butikk i Valle. Der held vi framleis til. Bunadsylv har lange og sterke tradisjonar, og med utgangspunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet til mange av våre bunader. Vakre smykke er også blitt til, inspirert av natur, kultur og tradisjon, samt våre frodige bunader. Den solide fagkunnskapen og kompetansen vi har tileigna oss, er vår styrke i vidare utvikling mot ei spanande framtid.

Fossensylv har stor breidde i sylv til Agder. Vi har vald å samle eit utval i denne brosjyra, der både Vest- og Aust- Agder er representert. Mykje av sylvet blir brukt til båe bunadane, men sylvet som bare er til den eine bunaden vil bli spesifisert på det aktuelle biletet. Aust-Agder brukar blankt, gylt eller denne kombinasjonen. Vest-Agder brukar blankt, gylt eller oksidert sylv. Framsidefoto: Rosesølje. Støypt etter ein modell frå Ågedal, Audnedal kommune. Den er frå ca. 1771, fjerde generasjon. Modellen er utlånt frå privat eige.

Profile for Fossensylv

Agder  

Agder  

Profile for hasla