Page 8

8

HØGDEPUNKT I HARDANGER FOTTURAR

Trolltunga

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Fotturen til Trolltunga går i høgfjellet og varigheita er 10-12 timar t/r. Høgdeforskjellen på turen er ca. 1200 meter. (s. 50-51) Vis aktsemd i naturen! Frå 1. juli til 31. august er det dagleg bussforbindelse for turar til Trolltunga og Preikestolen. Ruteinformasjon s. 90. Foto: Scott Sporleder/Matador Network/fjordnorway.com

Fire fantastiske fossar, Husedalen

Ein av dei vakraste fotturane i Noreg. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen gjennom Husedalen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Kontakt turistinformasjonen i Kinsarvik for kart og meir informasjon. (s. 65) www.visitullensvang.no

Foto: Hege Grane Hisdal

Fottur til Vøringsfossen Du kan gå inn til foten av Vøringsfossen frå Storgjel i Måbødalen. Det er ei flott oppleving å gå inn til fossen, varigheit ca. 1,5 time t/r. (s. 24-25) Det er fleire fine turalternativ i området rundt Vøringsfossen, kontakt turistinformasjonen i Eidfjord for meir informasjon og kart. www.visiteidfjord.no Foto Kristoffer Fürstenberg

H.M. Dronning Sonja sin panoramatur

Dette er ein av Dronning Sonja sine favoritturar i Hardanger. Turen tek ca. 8 timar og har fantastisk fjordutsikt. Eit kortare alternativ er å gå delar av turen med start frå Røte i Kinsarvik. (s. 65). www.visitullensvang.no

Foto: Heidi Kvamsdal

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement