Page 75

www.hardangerfjord.com

75

Syse Gard

www.sysegard.no Tel. 41 64 99 06

Syse Gard er ein vestlandsgard med produksjon og foredling av lam og frukt. Her er gardsutsal med m.a. eplemost, hermetisk frukt, syltetøy og lammekjøtt. Den levande handverksbedrifta er også eit Économusé for fruktdyrking. Syse Gard tilbyr omvising for grupper og enkel servering /lunsj etter avtale. Foto: Reinhold Kager Garden er ein del av Frukt- og siderruta i Ulvik. Ulvik B 11 GPS 60.5752 6.9406

Frukt- og siderruta

Frukt- og siderruta er eit samarbeid mellom Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri. Dei arrangerer siderslepp i mai og fruktslepp i oktober. Gardane tek i mot grupper etter avtale for omvising og smaksprøvar, min. 10 stk el. minstepris. Foto: CH - vistnorway.com Ta direkte kontakt med kvar enkelt. Det er gangavstand mellom gardane, og alle legg www.siderruta.no vekt på å gje ulike opplevingar. Alle gardane Tel. 901 22 835/ 416 49 906/ har salsløyve for sider. Sjå facebook –Frukt 911 02 215 og siderruta. Ulvik B 11

Ulvik Frukt & Cideri

På garden Hakastad er det fruktproduksjon og foredling basert på mange gamle eplesortar. Ulike typar eplemost, sider og eplesidereddik er nokre av produkta. Den gode eplesmaken er sentral for alle produkt produsert på garden. Grupper frå 10 til 40 personar kan tinge omvising med smaksprøving. Garden har Foto: Ulvik Frukt & Cideri kommunalt salsløyve for sider både i klasse 1 og 2. Morellar i sesongen. Ulvik Frukt & www.hakastadsider.no Cideri er ein del av Frukt- og siderruta i Ulvik. Tel. 91 10 22 15 Ulvik B 11 GPS 60.5740 6.9313

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

www.hardangersider.no Tel. 90 12 28 35

Hardanger Saft- og Siderfabrikk produserer most, sider, likør, dessertvin og brennevin av eple. Omvising med smaksprøvar for grupper på min. 10 personar. Gardsrestaurant (maks. 80 personar) for grupper, kan førehandstingast for grupper på min. 20 personar. Sal av Hardanger sider- og juice på fabrikken eller næraste Foto: Linn Steen Vinmonopol: Voss, Norheimsund og Odda. Hardanger Saft- og Siderfabrikk er ein del av Frukt- og siderruta i Ulvik. Ulvik B 11 GPS 60.5742 6.9563

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement