Page 7

www.hardangerfjord.com

7

FOR HEILE FAMILIEN Hardangervidda Natursenter Eidfjord

Eit moderne og spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø. Utstillingar, akvarium og panoramafilm. Ei flott oppleving for heile familien. (s.18) hardangerviddanatursenter.no

Foto: Hardangervidda Natursenter Eidfjord

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Odda

Foto: Knut Bry

Kraftstasjonen Tysso 1 ligg ved Hardangerfjorden og er eit monument over vasskrafteventyret som starta i 1906. Her er det omvisingar i kraftanlegget, vising av film, faste og skiftande utstillingar. (s. 54) I sommarsesongen er det aktivitetar knytt til NVIM t.d. tur til Lilletopp der røyrgatene startar og Odda Vitensenter (s.54, 55). www.nvim.no

Hardanger og Voss Museum

Musea gir deg unike glimt av historie, kunst og kultur. Du finn stor spennvidde i tema og aktivitetstilbod for heile familien. Følg handverkarar i arbeid, opplev samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar. Du kan vandre i museumstun og leige robåtar. Museumsbutikkar og kaféar med heimbakst. Kan kjøpe ein billett for alle musea. (s. 29, 40, 64, 67) www.hardangerogvossmuseum.no Foto: Nils Kjetil Torvik

Mikkelparken, Kinsarvik

Mikkelparken er ein familiepark med mykje moro for barn. Her er det mellom anna badeanlegg med vass-sklier, elektriske bilar, kræsjbåtar, jungelløype, husdyr og stort innandørs leikeområde. Ei flott oppleving for dei mellom 1 og 10 år. (s. 64) www.mikkelparken.no Foto: Helge Skodvin

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement