Page 66

66

Fotturar

Munketreppene Foto: Hilde Opedal

www.visitullensvang.no Tel. 53 66 31 12

Uansett kvar ein bur i Ullensvang er det fine turmoglegheiter i nærleiken. Kontakt turistinformasjonen for meir informasjon og kart. - Husedalen, med fire fantastiske fossar tett etter kvarandre. t/r 5-6t. s. 65 - Munketreppene/Nosi, Skogsvei/sti opp til utsiktspunktet Nosi ca. 950 moh. t/r 4-6 t. - Utne-Setehaug, Middels krevjande tur i bratt terreng til flott utsiktspunkt 480 moh, t/r 3 t. Oversiktskart ved Utne Hotel, med mange andre turforslag. - Ullensvang er også eit godt utgangspunkt for turar i Hardangervidda nasjonalpark. Turistinformasjonen i Kinsarvik har gratis turkart som viser 15 ulike turar i Ullensvang herad.

Sykkel: Fjordruta Oksenhalvøya. Hardangerbrua-Vallavik-Tjoflot

Foto: Hilde Opedal

www.visitullensvang.no Tel. 53 66 31 12

Ein fin avstikkar frå nasjonal sykkelrute nr. 6 mellom Leirvik og Voss er turen frå Vallavik til Tjoflot, 16 km ein veg. Turen går på flat veg langs fjorden. Ved Vallavik er ein 500 m lang tunell utan lys. Frå Tjoflot er det fantastisk fjordutsikt. Det er og gang- og sykkelveg over Hardangerbrua. "Sykkel i Hardanger" leiger ut sykkelutstyr som vert levert og henta etter kunden sitt ynskje, sjå s. 34. www.sykkelihardanger.no Vallavik C 9 C 10 GPS 60.4885 6.8359

Sykkel: Langs Nasjonale turistveger. Utne-Herand

Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Tel. 53 66 31 12

Fv 550 mellom Utne og Herand er ei roleg vegstrekning gjennom kulturlandskap og frukthagar. Strekninga er om lag 23 km lang og undervegs kan ein nyte fantastisk fjordutsikt. Sykkelturen kan kombinerast med båtruta Hardangerfjord sightseeing sjå s. 90. For leige av sykkel, www.sykkelihardanger.no. Utne C 9 Herand D 8 GPS 60.4226 6.6241

Med ferje langs Nasjonal turistveg Hardanger

Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Ferjekryssingane Kinsarvik-Utne og JondalTørvikbygd er del av Nasjonal turistveg Hardanger. Ein ferjetur på fjorden tar deg tettare på det mektige landskapet. Sjå ferjetider s. 88-89. www.norled.no

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement