Page 65

www.hardangerfjord.com

65

Fire fantastiske fossar, Husedalen

Foto: Kristoffer Fürstenberg

www.visitullensvang.no Tel. 53 66 31 12

Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Gangtid t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen er 5-6 t. Området er lett tilgjengeleg og eit godt alternativ for kortare og lengre turar. Eit lettare alternativ er å gå gangvegen langs elva frå Kinsarvik sentrum til første fossen. Startpunkt ved informasjonstavle i vegkrysset mot Husedalen. Om lag 45 min gange kvar veg. Gratis kart på Turistkontoret. Husedalen D 10 GPS 60.3520 6.7570

H.M. Dronning Sonja sin panoramatur

Foto: Heidi Kvamsdal

www.visitullensvang.no Tel. 53 66 31 12

Dette er ein av Dronning Sonja sine favoritturar i Hardanger. Turen går i høgfjellet mellom Kinsarvik og Lofthus og byr på fantastisk fjordutsikt. Varigheita på turen er ca. 8 timar. Normalsesong frå 01.07-15.09. Eit kortare alternativ er å gå delar av turen med start frå Røte i Kinsarvik. D 9 GPS 60.3787 6.6901

Oksen

Toppen ligg 1241 moh. Fantastisk utsikt over fleire fjordarmar. Startpunkt på Djønno eller Tjoflot. Frå Djønno t/r 7-8 t. Frå Tjoflot t/r 6-7 t. Parkeringsavgift på Tjoflot. Kontakt Turistkontoret for meir informasjon og kart. Oksen C 9 GPS 60.4531 6.6488 Foto: Heidi Kvamsdal

www.visitullensvang.no Tel. 53 66 31 12

Buførevegen-Pilegrimsvegen i Reisæterlia

Foto: Kåre Grønsnes

www.visitullensvang.no Tel. 53 66 31 12

Reisæterlia ligg i Folgefonna nasjonalpark. Sherpaer frå Nepal har steinsett stien opp lia med over 2000 trinn som er gode å gå.Turen startar på Reisæter (over Nå) 300 moh. og går opp til Reisætereggje 1200 moh. Varigheit t/r 4-6 t. Turen er del av Pilegrimsvegen frå Jondal til Røldal stavkyrkje s.55. Det er varda frå Reisætereggje over høgfjellet til Botsvatn i Jondal sjå s. 34, varigheit 7-9 t. Turen over høgfjellet er 17 km lang og må berre gåast i godt ver! E 9 GPS 60.2481 6.5532

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement