Page 6

6

HØGDEPUNKT I HARDANGER AKTIV I NATUREN

Folgefonna nasjonalpark

Besøk sommarskisenteret Fonna Glacier Ski Resort visitfonna.no (s. 32), eller bli med på breføring, ein tur inn i ei anna verd. Frå Jondal med Folgefonni Breførarlag, folgefonni-breforarlag.no (s. 32). Frå Odda med FlatEarth Adventures, flatearth.no (s. 55). Om våren kan du gå Folgefonna på langs med Folgefonni Breførarlag og overnatte på DNT hytte undervegs. Ikkje gå på breen utan kyndig guide.

Foto: Désiré Weststrate

FlatEarth Adventures

FlatEarth Adventures i Eidfjord har spennande aktivitetar for heile familien. Om sommaren er det daglege tilbod med familierafting, havkajakk, elvekajakk, fossefallhopp, klatring og anna. (s. 19) www.flatearth.no

Foto: Kristoffer Fürstenberg

Trolltunga Active, Tyssedal

Trolltunga Active tek deg med på Himmelstigen til Trolltunga, ein kombinert sykkeltur, klatretur og fottur med guide til den karakteristiske fjellformasjonen Trolltunga. Prøv også Trolltunga Zippen, tre zip-lines med samla lengde 650 m. (s. 54) www.trolltunga-active.com Foto: Scott Sporleder/Matador Network/fjordnorway.com

B-Active, Ulvik

Spennande aktivitetar og utstyrsutleige i Ulvik. Leig syklar, kajakkar eller robåtar og ha ein opplevingsrik dag i fjordlandskapet. Du kan og bli med på m.a. pil og boge, kurs og workshops med natur som tema eller guida turar. (s. 74) www.bnature.com

Foto Kristoffer Fürstenberg

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement