Page 55

www.hardangerfjord.com

55

Odda Vitensenter

Interaktive utstillingar, eksperiment og vitenshow. Vitenpark med spennande installasjonar. Dette er ein lærerik leikeplass for heile familien! Odda G 9 Foto: NVIM

www.nvim.no Tel. 53 65 00 50 17.06-12.08 2-6 11:00-16:00

Røldal Stavkyrkje

Foto: Gunn Gravdal Elton

www.roldal.no Tel. 48 10 92 84 i opningstida 17.06-13.08 1-7 09:30-18:30

Kyrkja vart bygd mellom 1200 og 1250, og er kjend for det undergjerande krusifikset som framleis heng over korbogen. Etter forteljartradisjonen sveitta det kvar jonsoknatt (6. juli etter den julianske kalendaren) og denne sveitten hadde lækjande verknad. Røldal var i middelalderen eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i Noreg og vara ved heilt til 1835, lenger enn noko anna valfartingstad i Noreg. Kyrkja er rikt dekorert. Røldal Stavkyrkje er framleis soknekyrkje for Røldal. Omvising i sommarsesongen. Det er fleire pilegrimsruter i tilknyting til Røldal Stavkyrkje. Prisar: Born under 15 år gratis, vaksne kr 50.- . Gruppe (min 10 pers.) kr 30.Røldal I 10 GPS 59.8307 6.8226

Buardalen og Buarbreen

Foto: Hardanger Opplevelse

www.visitodda.com Tel. 48 07 07 77

Buarbreen er ein arm av Folgefonna. Det går merka sti inn til brekanten. Turen gjennom den frodige Buardalen høver for folk i normalt god form. FlatEarth Adventures arrangerer guida breturar på Buarbreen s. 55. Vegen er stengt for bubilar. For transport til Buardalen ta kontakt med Odda turistinformasjon tel. 48 07 07 77. Buardalen G 8 GPS 60.0450 6.5346

FlatEarth Adventures

Guida bretur der du får gå på blåis. Turen inneheld kryssing av elv og på breen får du moglegheit til å klatre i bresprekker. Krevjande tur. Kr 980,Odda, Oddadalen F 9 og G 9 Foto: FlatEarth Adventures

www.flatearth.no Tel. 47 60 68 47 01.06-01.09 1-7 09:30-18:30

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement