Page 50

TRO LLTU N GA

Foto: Scott Sporleder/Matador Network/fjordnorway.com

4,3 1,7 6,8

Skjeggedal

SESONG Sesongen vil variere frå år til år pga. snø- og vêrforhold. 15.06-15.09 Anbefalt sesong (normalt år). 16.09-15.10 Anbefalt med guide. 16.10-03.03 IKKJE anbefalt, svært farleg. 04.03-14.06 Anbefalt med guide (truge/ski). OM TUREN TIL TROLLTUNGA • Turen startar i Skjeggedal, 7 km frå Tyssedal. • Fotturen er krevjande, 23 km tur/retur og tek 10-12 timar. Samla høgdeskilnad er ca. 1200 m. • Starten på turen er bratt med ca. 400 m stigning. • Start turen tidleg på morgonen. Etter 1. september før kl. 8:00. • Vêret i høgfjellet kan skifte raskt, sjekk vêrmeldinga før start. Ikkje gå turen i kraftig regn eller tåke. • Det er alltid kaldare på høgfjellet enn ved fjorden. • Det er 4G- dekning med Telenor på store delar av turen. • Naturen er sårbar og telting er ikkje anbefalt. Ta med fjellduk i tilfelle dårleg vêr eller skadar. • Turen til Trolltunga er lang og krevjande og uføresette ting kan oppstå. Det er derfor anbefalt å gå saman med lokal guide. TA MED PÅ TUREN • Fjellsko, varme klede, regnklede, fjellduk, rikeleg med mat og drikke, hodelykt og plaster. • Ta med søppel tilbake frå turen.

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement