Page 4

16-2443 grafisk.senter@vegvesen.no

Skjervsfossen, Nasjonal turistveg Hardanger. Foto: Roger Ellingsen / Statens vegvesen

Nasjonale turistvegar i Hardanger Nasjonale turistvegar er 18 utvalde køyreturar gjennom storslått norsk natur. Langs strekningane er det laga utsiktspunkt og rasteplassar med nyskapande arkitektur og tankevekkande kunst som forsterkar opplevinga av det vakre landskapet. Kvar av dei 18 strekningane, frå Jæren i sør til Varanger i nord, har sitt særpreg av veg, natur og historie. Nasjonal turistveg Hardanger og Nasjonal turistveg Hardangervidda tek oss med tilbake til natur og landskap som knytast til nasjonalromantikken. Opplev fjell, fjord, foss, fonn og frukt. Langs turistvegane finst stoppestader der du kan ta ein matbit, eit bad, freiste fiskelukka eller berre nyte utsikta og stilla. nasjonaleturistveger.no

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement