Page 28

28

GRANVIN Skjervsfossen

Foto: Roger Ellingsen/Statens vegvesen

www.nasjonaleturistveger.no

Skjervsfossen ligg ved den gamle vegtraseen opp Skjervet, ein avstikkar frå Rv 13 mellom Granvin og Voss. Den består av to fossar tett etter kvarandre med eit fall på 150 m. Skjervsfossen er utbetra som del av Nasjonale turistveger. Det er laga fleire naturvandringar i området rundt fossen og du kan gå inn til sjølve fossefallet. Fleire av stiane er universelt utforma og tilgjengelig for alle. I tillegg har Skjervsfossen fått større parkering og eit spenstig toalettbygg.

Kjerland Gardsbutikk

Foto: RHF

Ta turen innom for ein triveleg handel på gardsbutikken. Den ligg i tunet til eit gardsbruk med fruktproduksjon og sauehald. Her finn du m.a. eit godt utval av tradisjonsmat frå mange lokale småskala produsentar. Facebook: Kjerland Gardsbutikk Granvin B 10 GPS 60.5302 6.7350

Tel. 56 52 53 36 1-5 10:00-17:00 6 10:00-14:00

Jaunsen Gjestgjevarstad

I Granvin ligg den over 300 år gamle Jaunsen Gjestgjevarstad. Jaunsen består av tre bygningar, alle klassifisert som verneverdige. Ta ein stopp for ein matbit eller overnatt i dei historiske omgjevnadane. Granvin B 10 GPS 60.5253 6.7200 Foto: Jaunsen Gjestgjevarstad

www.jaunsen.no Tel. 56 52 51 15 01.04-01.11

Fotturar

Skjervet Foto: Jarle Wæhler/Statens vegvesen

Tel. 56 52 40 00

I Granvin er det mange fine turløyper. Nokre eksempel er: - Den gamle jernbanetraseèn. Gang- og sykkelveg frå Eide til Voss. - Postvegen til Ulvik, natur- og kulturoppleving, 4 t. - Tur langs Granvinfjorden. Frå Eide til Hamre. Turkart kan kjøpast på Heradshuset.

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement