Page 18

18

EIDFJORD

Foto: Hardangervidda Natursenter Eidfjord

www.hardangerviddanatursenter.no Tel. 53 67 40 00 01.04-31.10 1-7 10:00-18:00 15.06-20.08 1-7 09:00-19:00

Vaksen kr. 130, barn (3-15 år) kr. 65. Familie (2 vaksne m/barn under 16 år) kr. 290. Grupper etter avtale

Hardangervidda Natursenter Eidfjord

Eit moderne og spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø vist med tematiserte utstillingar og nyskapande formidlingsteknologi over tre etasjer. Panoramafilmen - 225° fjord, fjell og foss er ei flott oppleving der du blir med på helikoptertur mellom høge fjell, inn fjordarmar, over mektige fossefall, fjellvatn, brear og reinsdyr på Hardangervidda. Hardangerviddahallen restaurant byr på lokale mattradisjonar kombinert med eit moderne kjøkken. Hardangervidda Natursenter er Nasjonalparksenter for Hardangervidda og ein av dei mest besøkte attraksjonane i regionen. Gåvebutikk og turistinfomasjon på senteret. Øvre Eidfjord C 12

Vøringsfossen

Foto: Trond Tandberg

www.visiteidfjord.no Tel. 53 67 34 00

Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupe 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Godt utsiktspunkt ved Fossli Hotel om lag 1 km frå Rv 7. Hotellet har ope ca. 20.05-15.09. På grunn av Sima Kraftverk er fossen regulert. Den har ei vassføring på 12m3 per sekund i perioden 01.06-15.09. Sti til foten av Vøringsfossen 1,5 t t/r. Meir informasjon s. 24-25. Nasjonale turistveger starta arbeidet med anlegget på Vøringsfossen hausten 2015. Prosjektet skal vere ferdig i 2020 med spektakulære og trygge utsiktspunkt. Vøringsfoss C 12

Eidfjord Sightseeing

Foto: Jørn Hagen

web: fjords.tide.no Tel. 05505 01.05-30.09 1-7 11:50-14:20

2,5 timar lang rundtur i dramatisk natur. Buss frå Eidfjord til Hardangervidda Natursenter (s.18) og deretter vidare til Vøringsfossen (s.18) før ein returnerer attende til Eidfjord. Rundturen korresponderer med hurtigbåten som går i rute mellom Norheimsund og Eidfjord. s. 90. Øvre Eidfjord C 12

Hardangervidda nasjonalpark

Foto: Asle Øydvin

www.visiteidfjord.no Tel. 53 67 34 00

Hardangervidda nasjonalpark dekker 1/3 av kommunearealet til Eidfjord. Nasjonalparkområdet er godt tilrettelagt for turar sommar og vinter med merka løyper for dagsturar eller overnattingsturar. Det er mange overnattingsplassar langs Rv. 7 og på Hardangervidda. Med Eidfjord som utgangspunkt er det kort avstand mellom opplevingar på høgfjellet og ved Hardangerfjorden.

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement