Page 10

10

Sykkel i Hardanger

Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Hardangerfjordruta er ein del av nasjonal sykkelrute nr. 6 som går mellom Leirvik og Voss (191 km). Langs ruta er det mange attraksjonar og gode overnattingsog mattilbod. www.cyclingnorway.no Discover Norway tilbyr ein ferdig pakketur for Hardangerfjordruta, www.discover-norway.no ”Sykkel i Hardanger” leiger ut syklar som vert levert og henta etter kunden sitt ynskje. (s. 34) www.sykkelihardanger.no

FRUKT OG SMAKSOPPLEVINGAR Blomstring i Hardanger

Det er eit vakkert syn når frukttrea i Hardanger blomstrar i perioden mai-juni. Tidspunktet for blomstringa varierer noko frå år til år. På seinsommar og haust kan ein kjøpe frukt på gardsmatbutikkane eller direkte frå fruktdyrkarane i Hardanger. Det er ei oppleving å stoppe langs vegen og kjøpe med nyplukka morellar, plommer, eple og pærer. (s. 67) Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Gardsmatbutikkar

Legg turen innom gardsmatbutikkane i Hardanger og prøv lokale spesialitetar. Butikkane har eit spennande vareutval og kva du finn i hyllene varierer frå butikk til butikk. Hos alle finn du produkt laga av frukt og bær frå Hardanger. Sjå Tunet på Haugen (s. 20), Kjerland gardsbutikk (s. 28), Steinstø Frukt- og Kakebu (s. 41), Gardsmatbutikken i Øystese (s. 41), Syse Gard (s. 75). Ta med smaken av Hardanger heim!

Foto: Reinhold Kager/Syse Gard

Frukt- og siderruta

Foto Reinhold Kager

Syse gard er ein vestlandsgard med produksjon og foredling av lam og frukt. Her er gardsutsal med stort utvalg av produkt og moglegheit for å kjøpe ein smakebit av produksjonen på garden. Syse gard er også Économusé for fruktdyrking. Dei tre fruktgardane Syse, Lekve og Hakastad i Ulvik er saman den einaste frukt- og siderruta i Noreg og tilbyr omvising for grupper etter avtale. (s. 75) www.siderruta.no

No_Hardangerfjordguide 2017  
No_Hardangerfjordguide 2017  
Advertisement