No hardangerfjordguide 2016

Page 10

10

HØGDEPUNKT I HARDANGER

HARDANGERBRUA

I 2013 opna Hardangerbrua, ei av verdas lengste hengebruer. Den har eit hovudspenn på 1310 m og høgda er 200 m. Det er gang- og sykkelveg på brua, og du kan no krysse Hardangerfjorden køyrande, syklande eller gåande. Brua gjer det enklare å reise i Hardanger! (C 10) Hardangerbrua sett frå fjellet Oksen. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

FRUKT OG SMAKSOPPLEVINGAR Frukt- og siderruta Den einaste frukt- og siderruta i Noreg ligg i Ulvik. Besøk dei tre fruktgardane Lekve, Syse og Hakastad som tilbyr mange og varierte opplevingar. (s. 75) www.siderruta.no

Foto: CH - vistnorway.com

Gardsmatbutikkar

Legg turen innom gardsmatbutikkane i Hardanger og prøv lokale spesialitetar. Butikkane har eit spennande vareutval og kva du finn i hyllene varierer frå butikk til butikk. Hos alle finn du produkt laga av frukt og bær frå Hardanger. Ta med smaken av Hardanger heim!

Foto: Reinhold Kager/Syse Gard

Blomstring i Hardanger

Det er eit vakkert syn når frukttrea i Hardanger blomstrar i perioden mai-juni. Tidspunktet for blomstringa varierer noko frå år til år. På seinsommar og haust kan ein kjøpe frukt på gardsmatbutikkane eller direkte frå fruktdyrkarane i Hardanger. Det er ei oppleving å stoppe langs vegen og kjøpe med nyplukka morellar, plommer, eple og pærer. (s. 67) Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.