Issuu on Google+

N

KONTEKST 8-10 - oppgåver

Blichfeldt • Heggem • Larsen

Kontekst Oppgåver består av eit utval oppgåver for alle tre åra på ungdomstrinnet. Boka er eit supplement til oppgåvene i Kontekst Basisbok og Kontekst Tekstar 1 og 2. Oppgåvene her er organiserte etter strukturen i basisboka og tekstsamlingane slik at det er enkelt å finne fram. Boka gjer det lett å differensiere både når det gjeld vanskegrad og oppgåvevariasjon. Elevane kan arbeide aleine og saman med medelevar om oppgåvene. Det er både enkle oppgåver og meir utfordrande fordjupingsoppgåver.

KONTEKST 8-10 omfattar i tillegg

8–10

• Basisbok – kunnskap om språk og sjanger der fagstoffet er delte inn i kurs, dekkjer øvingsgrunnlaget for ungdomstrinnet • Tekstar 1 – tekstar fram til 1980, kronologisk ordna etter periodar, med innleiingar som viser litterære og kulturelle straumdrag • Tekstar 2 – tekstar frå 1980 og fram til i dag, ordna etter sjanger • Ressursperm – forslag til undervisningsopplegg, kopieringsoriginalar og transparentar • CD-ar – musikk, innlesne tekstar, dialektprøver • Nettstad www.gyldendal.no/kontekst

OPPGÅVER

Tilleggsbøker KONTEKST 8-10 Grammatikk og rettskriving KONTEKST 8-10 Nynorskboka

NYNORSK ISBN 978-82-05-32895-2

: Kathinka Blichfeldt : Tor Gunnar Heggem : Ellen Larsen

8-10

OPPGÅVER


: Kathinka Blichfeldt : Tor Gunnar Heggem : Ellen Larsen

8-10

OPPGÅVER Opp­gå­ver til Kon­tekst Ba­sis­bok Kon­tekst Teks­tar 1 Kon­tekst Teks­tar 2


Gyldendal Norsk Forlag AS 2006 1. utgåve, 3. opplag Denne boka er ein del av læreverket Kontekst 8–10. Læreverket dekkjer måla for norsk etter læreplanen av 2006. Printed in Latvia by Livonia Print SIA, 2010 ISBN 978-82-05-32895-2 Redaktør: Birgitte Larsen Biletredaktørar: Kari Anne Hoen / Gine Grov Design, layout og omslagsdesign: Randi Hoen Omsett til nynorsk av Svein Høyland Omslagsbilete: PhotoDisc/GBA Lite omslagsbilete: PhotoAlto/GBA Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller med avtalar om kopiering som er gjorde med KOPINOR, Interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel. Alle spørsmål omkring utgivingar frå forlaget kan rettast til: Gyldendal Undervisning Grunnskoleredaksjonen Postboks 6860, St. Olavs plass 0130 Oslo www.gyldendal.no/undervisning E-post: undervisning@gyldendal.no

2


Forord I Kontekst Oppgåver har vi samla oppgåver du kan arbeide med gjennom alle tre åra på ungdomsskulen. Her finn du oppgåver som dekkjer stoffet både i Kontekst Basisbok og Kontekst Tekstar 1 og 2. Oppgåvene kjem i tillegg til oppgåvene som står i basisboka og tekstsamlingane. Det er oppgåver du i stor grad kan arbeide med aleine eller saman med medelevar – utan hjelp frå læraren. Du finn enkle oppgåver du kan bruke kort tid på, og meir utfordrande oppgåver du kan fordjupe deg i over lengre tid. Oppgåvene er varierte, og vi tilrår ulike arbeidsmåtar når du løyser dei: Du kan for eksempel skrive, teikne, snakke med andre, lage skjema og tabellar, bruke data eller andre tekniske hjelpemiddel, du kan dramatisere eller samarbeide med andre på ulike måtar. Vi har tenkt at oppgåvene kan brukast i forskjellige situasjonar: Når du treng fleire oppgåver om det temaet du har arbeidd med i basisboka og tekstsamlingar, når du ønskjer større variasjon i oppgåvene eller når du er klar for å gå litt vidare i fagstoffet. Her er rett og slett oppgåver «for a rainy day» … Oppgåvene er mange, og det er ikkje meininga at du skal løyse alle! Vel ut i samarbeid med læraren din – vi håpar du finn noko du likar. Helsing forfattarane

3


Innhald OppgÅver til Kontekst Basisbok 9 5

1

Sjangrar og verkemiddel – form og effektar 68

Munnleg kommunikasjon – i dialog 10 Kurs 1 Kommunikasjon er samspel 10 Kurs 2 Munnleg framføring 12 Kurs 3 Debatt – å bryne meiningane sine 16 2 Leseprosessen – ulike lesestrategiar 19 Kurs 1 Ulike lesestrategiar 19 Kurs 2 Bli ein betre lesar 23 Kurs 3 Førlesefasen 28 Kurs 4 Lesefasen 29 Kurs 5 Etterlesingsfasen 31 Kurs 6 Bruk av kjelder - å lese kritisk 33 3 Ord, bilete og lyd – samansette tekstar 35 Kurs 1 Kurs 2 Kurs 3 Kurs 4 Kurs 5 Kurs 6

Grafisk design og web-design 35 Bilete som språk 37 Reklame 41 Teikneseriar 47 Film 49 Avis 51

4 Skriveprosessen – frå tanke til tekst 55 Godt språk 55 Ordforråd 55 Samansette ord 56 Ordforklaringar 57 Synonym 58 Antonym og homonym 60 Avleia ord 61 Å velje rett uttrykk 63 Tekstbinding 64 Avsnitt 66

4

Kurs 1 Inndeling i sjangrar 68 Kurs 2 Gjentaking og kontrast 71 Kurs 3 Samanlikning og metafor 73 Metaforar i ordtak 73 Daglegdagse metaforar 76 Kurs 2–5 Verkemiddel 78 6 Saktekstar – informere, skildre, grunngi 81 Artikkel og foredrag 81 Kurs 3 Nyheitsartikkel – form og innhald 81 Kurs 4 Å skrive småartiklar 83 Kurs 7 Å skrive fagartikkel og foredrag 84 Kurs 8 Å skrive debattartikkel og diskusjons innlegg 87 Brev, søknad og CV 90 Kurs 2 Å skrive brev, søknad og CV 90 7 Skjønnlitteratur – fantasi og røyndom 92 Forteljing 92 Kurs 1 Grunntrekk i forteljingar 92 Kurs 2 Handlinga i ei forteljing 94 Kurs 4 Å skrive spennande 97 Kurs 5 Ulike måtar å fortelje på 98 Kurs 6 Synsvinkel, tid og parallellhandling 100 Drama 101 Kurs 2 Vi dramatiserer 101


8

10 Språk i endring – frå runer til sms 104

Kurs 1 Kurs 2 Kurs 3 Kurs 4

Språket endrar seg 104 Å omsetje språk 107 Kor stammar språket vårt frå? 108 Dialektar og sosiolektar 111

9 Bokmål 113 Kurs 1 Skrivemåten i bokmål 113 Kurs 2 Substantiv 116 Kurs 3–4 Svake verb og sterke verb 117 Kurs 5 Pronomen 119

Grammatikk – byggjeklossane i språket 122 Alfabetøvingar 122 Ordlistetrening 123 Verb 124 Substantiv 126 Adjektiv 127 Pronomen 128 Determinativ 129 Adverb 131 Konjunksjonar 132 Subjunksjonar 133 Preposisjonar 134 Interjeksjonar 134 Setningsledd 136 Setningslære 137 Rettskriving 138 Å eller og 138 Då eller når 138 Dobbel eller enkel konsonant 138 Vel rett ord 139 Teiknsetjing 140

5


Oppgåver til Kontekst TEKSTaR 1 143

DeI eldste tekstane 144 Oppgåver til innleiinga 144 750–1350 145 Oppgåver til innleiinga 145 Oppgåver til tekstane 146 Soga om Gunnlaug Ormstunge 146 Olav den helliges saga 147 Håvamål 147

1350–1600 148 Oppgåver til innleiinga 148 Oppgåver til tekstane 149 Jaktfalken 149 Absalon Pederssøn Beyers dagbok 149 Stavanger Domkapittels protokoll 1571–1630 149 Romeo og Julie 150 Don Quijote 150

Amtmannens døtre 157 Ferdaminne frå sumaren 1860 157 Faderen, Tale til barna på Aulestad og Brev til Amalie Skram 158 Et dukkehjem 158 Karen 159 Han Lars i Lia 159 Karens jul 159 Jeg ser 160 Victoria 160 Risen som ikke hadde noe hjerte på seg 160

1900–1980 161 1600–1800 151 Oppgåver til innleiinga 151 Oppgåver til tekstane 152 Gravskrift og Om det evige liv 152 Første Plaster og Herre Gud! ditt dyre navn og ære 153 Robinson Crusoe 153 Smeden og bakeren 154 Den unge Werthers lidelser 154

1800–1900 155 Oppgåver til innleiinga 155 Oppgåver til tekstane 156 Oliver Twist 156 Brev til Amalie Bekkevold, Sommerfuglen, Edderkoppen, og Meg selv 156 Den lille pige med svovlstikkerne 157

6

Oppgåver til innleiinga 161 Oppgåver til tekstane 162 Ungen 162 Kransen 162 Alberte og Jacob 163 Gategutt, Revolusjonens røst og Jeg hadde tenkt 163 Vidunderlige nye verden 163 Du må ikke sove 164 Aust-Vågøy og Episode 164 Det finnes ingen hverdag mer 164 Att döda ett barn 165 Trollmannens hatt 165 Liket 166 Ringenes herre 166 Matt. 18.20 166 Black & Decker 167 Måndagsprat 167 Skolegutt 167


OppgÅver til Kontekst TEKSTAR 2 169

Skjønnlitteratur 170 Noveller 170 Blodspor 170 Mennesker på kafé 170 Eg står her og skal slå opp med ei jente 171 Du vet aldri 171 Caps 171 Fantomteikning 172 Mafioso 172 Bussjåføren som ville være Gud 172 Hjemkomsten 173 Den som flaskehalsen peger på 173 Kniv 173 Teikneseriar 174 English conversation 174 Persepolis 174 Zits 174 Romanar 175 Tanz 175 Ny melding 175 Beatles 175 Yatzy 176 Sola er en feit gud 178 Trommereisen 178 Appelsinpiken 179 Markus og Diana – Lyset fra Sirius 179 Sandor slash Ida 180 Et øye rødt 180 Skammarens dotter 181 Doppler 181 Trylleslag 181 Populärmusik från Vittula 182 Ut å stjæle hester 182 Avlyst (Arrangert) ekteskap 182 Kunsten å inhalera 183 Frosten kom tidlig 183 Intet 184 Den osynlige 184 Rebell 184

Dramatiske tekstar 185 Hawaii-Oslo 185 Sonen 185 Fucking Åmål 185 Dikt/Poplyrikk 186 Gula, gula 186 På flukt, Forbanning og Cerska 186 Brasil-Norge og Den niende katt 187 Haiku 187 Nattens sønner og Arbadak Arba 188 Vinden bestemmer og Blomster 188 Træet 190 Sitte å tenke 190 Noen, Det er ikke det at, Sølvsluken 190

SAKTEKSTAR 192 Klokke på hjernen 192 Evolusjonsteori og ost 192 På ski over Grønland – verdas nest kaldaste plass 192 Forbrytelse og straff 193 Syden 193 Mitt liv som Ola Noman 194 Lærar for livet 194 Biografien om Sigrid Undset 194 TEMAOPPGÅVER 195 Røyndom og fantasi 196 Helt – antihelt 196 Kjærleik og kjønnsroller 198 Makt og motmakt 200 Løgn og sanning 202 Oppbrott og ansvar 203 Kjelder 204

7


Opp­gå­ver


til Kon足tekst Ba足sis足bok

9


1

Munnleg kommunikasjon – i dialog

Kurs 1 Kommunikasjon er samspel 1 Fleire saman: Øv på å fortelje kvarandre vitsen nedanfor på ulike måtar: • likeglad – utan kroppsspråk og mimikk (ansiktsuttrykk) • med stor innleving – mykje bruk av armar og mykje mimikk • på dialekt eller gebrokkent norsk – med stor innleving – likeglad

: Presten var på skulebesøk og tenkte at han måtte ta til med eit enkelt spørsmål: – Kva er lite og brunt, og har bustete hale og hoppar frå tre til tre? Lille Ole rekte opp handa med ein gong: – Det høyrest ut som eit ekorn, men sidan det er du som spør, er det vel Jesus. Diskuter kva dei ulike framføringsmåtane gjer for opplevinga av vitsen.

Menneska byggjer for mange murar og for få bruer. Isaac New­ton

10

www.gyldendal.no/kontekst

2 I par: Fortel kvarandre ein vits. Den som høyrer etter, møter forteljaren på ulike måtar; uinteressert, likeglad, positiv, negativ, entusiastisk, overdriven positiv. Kva har det å seie for forteljaren når lyttaren reagerer på desse måtane? Og kva gjer det med poenget i vitsen? Framfør gjerne nokre av versjonane for andre elevar.

3 Fleire saman: Du sit på toget og vil innleie ein samtale med ein passasjer som sit ved sida av deg. Prøv ut ulike innleiingar alt etter kven medpassasjeren er. Medpassasjeren kan vere: • • • • • •

ein jamnaldrande ungdomsskuleelev ei eldre dame eit barn på 4–5 år ein artist du kjenner igjen frå tv ein uteliggjar statsministeren

La passasjeren som blir tilsnakka, svare på ulike måtar; bruk kroppsspråk og svarreplikkar som viser ulike reaksjonar. Veksle på rollene.


Et smil kan væ­re falskt, men en øre­fik er all­tid ekte. Nils-Fred­rik Niel­sen: Det er ald­ri for sent å gi opp, Tris­tes­ser i ut­valg, Asche­houg 1993

4 a Fleire saman: «Ny på skulen»

b Fleire saman: «Den nye læraren»

Det er ein ny elev på skulen. Han eller ho prøver å få kontakt med dei andre elevane ute i skulegarden eller i kantina og møter følgjande reaksjonar:

Ein speler rolla som den nye læraren og viser gjennom kroppsspråk og mimikk (ansiktsuttrykk) ulike haldningar han eller ho kjem inn i klassen med:

• • • • •

• • • • •

vennleg og imøtekomande likeglad og uinteressert overlegen og arrogant spørjande og open brautande og frekk

Lag ulike rollespel som viser korleis eit første møte med ny skule kan gå føre seg. Veksle på rollene.

streng – vil setje seg i respekt avslappa vil vere kameratsleg positiv og open andre haldningar de har lyst til å få fram

Korleis reagerer elevane? Lag fleire rollespel og byt på rollene.

Munnleg kommunikasjon

11


Kurs 2 Munnleg framføring

5 Fleire saman: Øv inn diktet «Farao på ferie», og framfør det på ulike måtar: a høgtidleg – som ein 17. mai-tale b sørgmodig – med gråten i halsen c likeglad – utan mimikk (ansiktsuttrykk) og kroppsspråk d som opera – i falsett (med stemmeleie som ligg høgare enn normalt) e som rapp f som propagandatale – engasjert og overbevisande g som talekor – lære kvar sin del av diktet utanåt h med tydeleg aksent, for eksempel fransk, tysk, engelsk, indisk eller arabisk i som ein nyheitsopplesar

Det mest verdifulle i ein tale er pausane. Ralph Richardson (1902–1983), engelsk skodespelar

12

: Fa­rao på fe­rie I landet Miramarmora var Farao på ferie hos farmora og mormora.

En morgen klatret mormora til Farao i furua, og så begynte moroa. – Hva ler’u a’? sa farmora. – Av mormora, den furia! – Hvor ser’u a? sa farmora. – I furua! sa Farao. – Kom ned igjen! sa farmora til mormora i furua. – Imorra, ja! sa mormora til farmora til Farao. Du ser av vår historie at det å dra på ferie i landet Miramarmora til farmora og mormora, den furia i furua, har Farao hatt moro av! Frå An­dré Bjer­ke: Mo­ro-vers, Asche­houg 2000


6

: Varme tortillas – fylt med krydra Fleire saman: Les oppskrifta til høgre for andre. Les ho fleire gonger, og varier måten de les på: sakte, fort, med tydeleg diksjon (uttale), uforståeleg (ved for eksempel å «sluke» nokre av orda) eller som ein rapp. Byt gjerne roller. Korleis må du lese for at personen som lyttar, skal oppfatte det som blir sagt, og ha nytte av instruksjonane?

7

krabbekjøt (4 porsjonar) 1 ms olivenolje 1 lauk, finhakka 2 fedd kvitlauk, pressa 2,5 frisk ingefær, knust 1 ts koriander, frø eller pulver ½ ts spisskum 250 g ferskt krabbekjøt 2 tomatar, flådd, hakka salt og pepar 1 pakke tortillas

Slå opp på ei tilfeldig side i ei nynorsk ordliste og framfør alle orda i ei av spaltene som: a b c d e

eit dikt ei kjærleikserklæring børsnoteringane på radioen ei vêrvarsling på tv ein løyndom som nesten ikkje kan forteljast

8 Fleire saman: Ta for dykk avisene i dag og vel ut nokre nyheiter som høver til opplesing. Les nyheitene høgt for kvarandre fleire gonger: Tenk på kva som skal leggjast vekt på, legg inn pausar, snakk tydeleg og sjå på publikum. Gjer stopp undervegs, og la tilhøyrarane gi respons: Kva var bra? Kva kan gjerast betre? Drøft etterpå: Kva er viktig å leggje vekt på ved nyheitsopplesing?

: Avocado-sal­sa 1 avocado i skiver 2 ts sitronsaft 1 raudlauk, i skiver 2 ss hakka, friske korianderblad safta og det rivne skalet av ein lime ei klype kajenne salt Lag salsaen. Legg avocadoen i ein bolle og vend inn sitronsafta. Rør inn resten av ingrediensane og set dei til side så smaksemnene får utvikle seg. Lag fyllet. Varm olivenen i teflonpanne, bland inn lauk, kvitlauk og ingefær og la det surre 2–3 minutt. Rør inn koriander, spisskum, krabbekjøt, tomatar, salt og pepar. Varm tortillaene i tørr steikjepanne. Legg fyll på halvparten av kvar tortilla. Brett den andre halvparten over og server med avocado-salsaen. Frå Cla­re Gor­don-Smith: Med smak av kryd­der, Gyl­den­dal 1997. Omsett til nynorsk

Munnleg kommunikasjon

13


9 Finn novella Ringen av Knut Hamsun på side 249 i Kontekst Basisbok. Øv deg på å lese ho høgt for eit publikum. Be nokon om respons når du har øvd deg litt.

10 Vel eit eventyr du kjenner frå før, eller eit eventyr du finn i ei bok. Lær det utanåt, og øv deg på å fortelje det til eit publikum. Les det som står om tolkande framføring på side 17 i Kontekst Basisbok, og følg råda du får der. Fortel eventyret til medelevar eller til eit anna publikum.

11 Fleire saman: Finn fram forteljinga Varmen frå eit lys på side 224 i Kontekst Basisbok. De skal framføre teksten saman. Les teksten og bli samde om korleis de kan fordele han mellom dykk. Finn ut korleis kroppsspråk, mimikk og samspel kan forsterke poenga i forteljinga.

12 Finn eit dikt du likar – for eksempel frå Kontekst Basisbok, Kontekst Tekstar 2 eller ein annan stad. Lær det utanåt og framfør det for andre elevar. Legg vekt på innleving når du framfører.

13 Fleire saman: Finn fram til minst fem ordspråk de kan (sjå òg side 74–75), og forsøk å mime dei for kvarandre. Kan de gjette rett ordtak?

14

www.gyldendal.no/kontekst

14 Finn fram «Første handling» i Peer Gynt (side 274 i Kontekst Basisbok), og dramatiser dialogen mellom Peer og Mor Åse – anten saman med nokon eller aleine. Tenk godt over: • korleis de er plasserte i rommet, i høve kvarandre og i høve publikum (framfører du aleine, tenkjer du på rommet og publikum) • å skape kontrastar mellom dei to personane • korleis du/de gjennom enkle rekvisittar eller kostymer kan få publikum med på notene

15 Øv deg på å lese utdraget frå novella nedanfor som ein monolog. Prøv å frigjere deg mest mogleg frå teksten.

: Det var den tida han hoppa på ski om kvelden nedover et isete ovarenn og landet på rumpa helt nede i dumpa. Det var den tida han sto bak låven og røykte Ascot. Det var den tida han hadde slutta å samle på bilnummer fordi bilene var blitt for mange og raske, og livet hadde begynt å haste. Det var den tida han var forelsket i Marylin Monroe


og hadde skrevet brev og invitert henne til Sørlandet. Det var den tida jentene hadde brødskalker i håret for å få skikkelig topp og han kunne spise åtte skiver loff med HaPå uten å legge på seg. Det var tusen år siden, og han var tolv eller tretten eller kanskje fjorten. Rattkjelken hadde begynt å ruste, og han drakk ikke lenger rødbrus til barne­ timen, men Cola til Top Twenty og hadde glemt teksten til I Love You Baby, som han hadde sunget før han kunne et ord engelsk: «Åååå ai Love you Ba­by Ai Love you so Ai nids you hanni Ai’ll ever lets you nå Kås yer the gærl in the frat Yer de vån Ai alor And aai love you.»

er det er at man ikke rik­tig vet om man er det. Jaså. Hvil­ken bok var det? Nei, det hus­ket hun ikke. Men det had­de vært en jævli god bok av en be­rømt og aner­kjent for­fat­ter (hun lur­te jam­men litt på om ikke ved­kom­men­de på et tids­punkt had­de fått no­bel­pri­sen). Jeg tenk­te litt, og spur­te der­et­ter om hun var for­els­ket i meg. Ja, hun trod­de det. Men er man det mer om man ikke rik­tig vet om man er det, enn om man tror man er det? Det var godt mu­lig, ja. I så fall er jeg mer for­els­ket i deg enn du i meg, sa jeg. Det ble hun vel­dig glad for å høre og hun lov­te at hun med ti­den skul­le for­sø­ke å bli det li­ke mye som meg. Frå Er­lend Loe: Tatt av kvin­nen, J.W. Cap­pe­len For­lag 1993

Scene frå teaterstykket «Tatt av Kvinnen» på Centraltheateret 2001.

Frå novella «Dengang nå» av Klaus Hagerup: Den store kjærligheten, J. W. Cappelens Forlag 1992

16 Finn teksten «Eg står her og skal slå opp med ei jente» av Rune Belsvik, side 15 i Kontekst Tekstar 2. Skriv teksten om til ein dialog. Øv inn teksten og framfør for medelevar. Alternativt kan teksten framførast som ein monolog.

17 Fleire saman: Les utdraget frå romanen nedanfor og dramatisér det.

: Vi ble lig­gen­de en stund ut­over da­gen, og Ma­ri­an­ne spur­te meg for før­s­te gang om jeg var for­els­ket i hen­ne. Jeg sa at jeg ikke viss­te rik­tig. Da er du det, sa hun. Å? sa jeg. Jo, hun had­de lest en gang om noen som ikke viss­te og det had­de et­ter hvert vist seg at de var storm­for­els­ket. Det sik­res­te teg­net på at man

Munnleg kommunikasjon

15


a Gjer om teksten nedanfor til ein dramatisk tekst; finn rollene og lag replikkar. Fordel roller og øv inn teksten som ei dramatisering.

Kurs 3

Debatt – å bryne meiningane sine

: Det var ikkje du som slo. Han har spurt om det man­ge gon­ger alt, og det var ikkje du. Han tar ein ny vri og spør om du veit noko du ikkje vil ut med, om du har sett det, sli­ke spørs­mål kjem han med, og du sei­er at du såg ein som låg på bak­ken, in­gen ting an­na, han låg der ber­re, blød­de og grei­er, og du veit enda ikkje kven som slo, hel­ler ikkje kven som sparka, de var gan­ske man­ge som sto rundt om­kring, og du veit ber­re det du sei­er, sei­er man­ge gon­ger at du veit ikkje meir, og han sei­er at han trur du lyg, noko du ikkje vil ut med. Det har ringt inn for len­ge si­dan, men du får ikkje gå til ti­men, må vere der på kon­to­ret. Skal vere her til du snakkar, sei­er han, kan ikkje god­ta slik opp­før­sel, får vere gren­ser, slå ned folk, sei­er han, og så nek­te for det et­ter­på. Han trur du lyg, og no skal han pres­se deg til å snak­ke, nemner lens­ man­nen, sei­er at lens­man­nen kan med sli­ke karar som deg, skal skrem­me deg skikkeleg, er vel det han ten­ker, og du sei­er in­gen­ting, vil ikkje vere med på den­ne leiken len­ger, stirer i veg­gen og held kjeft med all din vil­je, med heile deg, og han sei­er at det var man­ge som såg deg, skjøn­ner ikkje at du nek­tar, er man­ge som sei­er det var du, og no kan du ­li­ke godt av­slut­te det­te, la oss bli fer­di­ge med det, har an­na å bru­ke ti­da til, sei­er han, og du sei­er enda in­gen­ting, får ikkje sagt noko len­ger, han trur ikkje på det li­ke­vel, og han ber deg gå, og du rei­ser deg og går, ikkje til ti­men, nei ikkje dit inn, er in­gen vits i det, går hel­ler på do og ventar til det rin­ger. Frå Odd­mund Ha­gen: Det be­grav­de ly­set, Det Nor­ske Sam­la­get 1998

b Kva skjer vidare? Lag eit framhald på handlinga og dramatiser det.

16

www.gyldendal.no/kontekst

18 a Forklar skilnaden på ein samtale og ein debatt. b Kva meiner vi med at ei sak har to sider? Gi eksempel. c Kva meiner vi med at ein debatt bør vere sakleg? Kvifor bør han det? d Korleis kan du vise at du respekterer meiningane til andre i ein debatt? e Er målet med ein debatt å bli samde? Grunngi svaret ditt. f Finst det tema som ikkje kan diskuterast? Grunngi svaret.

19 Fleire saman: Å argumentere vil seie å finne gode grunnar for noko. Øv deg på å argumentere ved å dramatisere situasjonane nedanfor: • Du kan kanskje få ein jobb utanom skulen, og du presenterer ideen for foreldra dine. Dei likar det ikkje; dei meiner at det vil gå ut over skulearbeidet, at du treng fritid med venner og avkopling frå skulen. I tillegg seier dei at du ikkje treng pengane denne jobben vil gi deg. Du må finne gode argument for å få dei med på ideen. • Mora di har oppdaga at du har smugla inn ei hetterotte på rommet ditt. Du har fått ho frå ein venn som er allergisk, og du ønskjer å ha rotta. Mor di har liten sans for rotter, og du må argumentere godt for deg.


• Du vil dra på ein stor musikkfestival med vennene dine til sommaren. Festivalen går over to dagar, og de skal bu i telt på festivalområdet. Bestevennen/venninna di får ikkje lov til å dra av foreldra sine. Du blir med heim for å hjelpe til med å overtale foreldra.

20 a Vel ein av påstandane under. Skriv ned så mange argument for og mot påstandane som du kan kome på: «Det blir vist for mykje fotball på tv.» «Vi bør innføre skuleuniformar i norske skular.»

«Det bør innførast dødsstraff for alvorlege brotsverk.» «Vi må forby dyreforsøk.» «Vi bør forby plastiske operasjonar.» «Aldersgrensa for å kjøpe alkohol må bli lågare.» «Mobbing blant barn og unge er det ikkje mogleg å unngå.» «Jenter og gutar bør gå i ulike klassar på skulen.» b Samanlikn dine argument med andre. Vurder om argumenta er saklege. Finn de fleire argument i lag?

«Karakterar skapar dårleg klassemiljø.» «Det er rett å gi aktiv dødshjelp i nokre tilfelle.»

Munnleg kommunikasjon

17


21

: No har det skjedd igjen Ein turist blei slått til døde på Karl Johan i fjor, men dyktige legar fekk liv i han igjen. Gjerningsmannen fekk 2 år! TO år!! Eg har, som mange andre, forståing for at ein må få ein ny sjanse. Ein kan ikkje sende folk til ei øy eller til soning på 400 år, som dei gjer i USA … men TO år? I tillegg skulle gjerningsmannen anke … Det var for ”strengt”. For eit samfunn! Og det er lange køar til soning i fengselet og få celler, så får ein byggje enda eit fengsel då!!! Frå Si;D, Af­ten­pos­ten 29.09.05 Omsett til nynorsk

a Les diskusjonsinnlegget over, og tenk gjennom eller diskuter med andre: Kva er formålet med straff? • å verne resten av samfunnet? • å hemne ei urettvis handling? • å hjelpe den som har gjort ei gal handling på rett veg? • å forhindre at andre gjer noko gale? • å markere at samfunnet har reglar ein må følgje? • andre formål? b Fleire saman: Drøft diskusjonsinnlegget over. Er de samde eller usamde med avsendaren? Grunngi standpunkta de kjem fram til. c Skriv eit diskusjonsinnlegg der du svarer Thomas. Sei deg samd eller usamd og argumenter for synspunkta dine.

22 Fleire saman: Drøft eitt eller fleire av spørsmåla 1–7 nedanfor. Vel ein ordstyrar som skal leie debatten, og peik ut ein eller to observatørar som legg merke til følgjande under diskusjonen. – Viser debattantane respekt for ordstyraren? – Er argumenta saklege? – Brukar debattantane eksempel for å gjere argumenta tydelege? – Viser debattantane respekt for syna til kvarandre? – Unngår dei personåtak? 1 Korleis oppstår uskrivne reglar? Korleis veit ein kva som er rett og gale? 2 Er det alltid rett å fortelje sanninga? 3 Kva gjer du om du går forbi nokon som slår barnet sitt? 4 Er det lov å flørte med kjærasten til din beste venn? 5 Kva er haldinga di til å ta sitt eige liv? 6 Kan ein forsvare krig? 7 Er det rett å drive forsking på foster? Etterpå vurderer debattantane korleis diskusjonen blei gjennomført. Den eller dei som har vore observatør gir sitt bilete av korleis debatten blei ført. Er vurderingane samstemde?

Før ein opnar munnen, bør ein forsikre seg om at han er kopla til hjernen.

Svensk ord­tak

Eg er usamd i alt du seier, men vil til døden forsvare din rett til å seie det.

18

www.gyldendal.no/kontekst

François-Ma­rie Arouet Vol­tai­re


2

Leseprosessen – ulike lesestrategiar

1 Flei­re saman: a Kor mykje tid brukar de på lesing kvar dag? b Kva likar de best å lese? Kvifor? c Kva likar de ikkje å lese? Kvifor? d Fortel kvarandre om ei god leseoppleving; ei bok, ein morosam teikneserie eller eit blad du plar like å lese.

2 Flei­re sam­an: a Skriv ned så mange boktitlar de kan; bøker de har lese eller berre har høyrt om. Det er lov å sjekke på biblioteket. b Lag ei historie der de fletter inn så mange boktitlar som mogleg – utan å endre på titlane. Kva gruppe klarer flest boktitlar?

Kurs 1 Ulike lesestrategiar 3 Forklar kvifor det er viktig å vite noko om formålet med lesinga for å få best mogleg nytte av det du skal lese. Skriv ned nokre punkt.

4 a Kva lesestrategiar kjenner du til? b I kva lesesituasjonar er det lurt å bruke dei ulike strategiane?

5 a Finn ut kor mange gonger forfattaren Øyvind Thorsen brukar ordet «Vestfold» i teksten under. b Kor mange stadnamn finn du i teksten? c Kva lesestrategi brukte du i oppgåve a og b? (Sjå Kontekst Basisbok, kapittel 2) d Finn det avsnittet i teksten som du likar best. Kva lesestrategi må du bruke for å finne ut av det?

: Vest­fold Når du kom­mer gå­en­de ned­over fra Finn­mark, lig­ger Vest­fold på venst­re side. Men fyl­ket er gan­ske li­te, så hvis du er uopp­ merk­som et øye­blikk, er du i Te­le­mark al­de­les uten grunn, som for eks­em­pel Pors­grunn. Når det gjel­der tu­rist­at­trak­sjo­ner i Vest­ fold, har vi blant an­net Slottsfjellstårnet, Min­ne­hal­len, Thor­bjørn Svens­sen og hu­set som snek­ke­ren til Jahn Tei­gen byg­de. Vest­fold er egent­lig en litt stor plen med vann på venst­re side, og hvis du kom­mer Leseprosessen

19


sydfra er det vann på høy­re side og­så, samt i inn­lan­det. Det he­ter Far­ris og er så gam­melt som alle Oseberghaugane, og det er Tøns­berg og­så. Hvis man gra­ver litt i dis­se hau­ge­ne, fin­ner man skip, gjer­ne med egen dron­ning oppi, og Far­ris drik­kes den dag i dag på Slot­ tet. For len­ge si­den var det skip på skips­verf­te­ne og­så. Vest­fol­din­gen er høy, pen og bort­skjemt. Han har så god råd at alle som gid­der bor i egne hus med have til å ha bå­ten i. Vest­fold er for­fer­de­lig vel­stelt, men fyl­ket er jo så li­te at det tar ikke lan­ge ti­den å klip­pe og ma­le det hel­ler, da. Det er og­så litt skog, for eks­em­ pel Bø­ke­sko­gen, som kom­mer av det gam­le vestfoldordet å bøka, som be­tyr å gå kvelds­tur med kjæ­res­ten i løv­skog på lør­da­ger et­ter at sola er gått ned bak Skrim­fjel­la. Skrim­fjel­la er en kol­le i bak­en­den av Vest­fold fyl­ke som vest­fol­din­gen bru­ker til å fal­le på ski i. Her si­er folk itte og je for­di det ikke er så langt til To­ten, men van­lig­vis en­der alle ord på ær, så som handlær, sommærrevyær. St-hansær, hekkær, fotballspellrær, Wesenlundær og jord­bær.

20

www.gyldendal.no/kontekst

Hvis du er kjen­dis, bør du for din selvtillits skyld leg­ge vei­en uten­om Vest­fold, for vest­fol­din­gen er så bla­sert at den ikke leg­ger mer­ke til deg. Barnevestfoldingene, for eks­ em­pel, sam­ler bare på auto­gra­fer fra sån­ne som in­gen kjen­ner. Tvers gjen­nom Vest­fold går det bre­de vei­er fram til hyt­te­ne, og når alle er på plass, er fyl­ket ak­ku­rat som en sekk med mas­se Oslo-folk i bun­nen, så der er det ikke noe sær­lig ko­se­lig å væ­re, men litt opp­over i sek­ ken er det bra. Mens sek­ken fyl­les, kom­mer ikke vest­fol­din­ge­ne over vei­en for å be­sø­ke hver­and­re. Da sit­ter de inne og spik­ker snek­ker. Vest­fol­din­gen er vant med å om­gås folk, han er lett å hol­de ren og så vid­synt og to­le­rant at han ikke en­gang dis­kri­mi­ne­rer ny­norsk­ta­len­de. På grunn av de dår­li­ge ti­de­ne er pri­sen på leie av møb­lert hun­de­hus ved kys­ten nå helt ne­de i kro­ner 13 000 for tre uker. Men det er med hund. Frå Øy­vind Thor­sen: Thor­sens bes­te, Gyl­den­dal 2000


6 a Finn alle eigenamna i teksten under. Skriv dei ned i alfabetisk rekkjefølgje.

: Ut­rei­sen Ski­pet som brak­te meg fra Eng­land til Af­ri­ ka høs­ten 1938 het SS Mantola. Det var et gam­melt ba­de­kar på 9000 tonn, ma­lin­gen skal­let av og den had­de en di­ger pi­pe og en ma­skin som fikk te­kop­pe­ne til å klir­re i skå­le­ne på alle bor­de­ne i spi­se­sa­len. Rei­sen fra hav­na i Lon­don til Mom­ba­sa skul­le ta to uker og un­der­veis kom vi til å stik­ke inn­om Mar­seil­les, Mal­ta, Port Said, Suez, Port Su­dan og Aden. I dag kan du fly til Mom­ba­sa på et par ti­mer, du be­hø­ver ikke stop­pe en enes­te gang un­der­veis og in­gen­ting er fan­tas­tisk len­ger. Men i 1938 var en rei­se som den­ne full av usik­ker­hets­ mo­men­ter, og dess­uten var Øst-Af­ri­ka langt hjem­me­fra, sær­lig når det sto i kon­trak­ten du hadde un­der­teg­net hos Shell, at du måt­te blir der i tre år i ett strekk. Jeg var tjue­to da jeg reis­te. Jeg kom til å væ­re tjue­fem før jeg så igjen fa­mi­li­en min. Frå Ro­ald Dahl: På egne vin­ger, Gyl­den­dal 1987

b Var det nødvendig å lese heile teksten for å finne alle eigennamna? Kva lesestrategi brukte du?

Det lengste ordet i verda, som blir stava likt begge vegar, er SAIPPUAKIVIKAUPPIAS, som betyr luthandlar. Vei du om nokre ord på norsk som blir stava likt begge vegar?

7 a Finn dei samansette orda i teksten under, for eksempel: apeart og skogkledde. Skriv dei ned. Kva var beste måten å lese for å finne orda? b Skriv ned hovudinnhaldet i utdraget med dine eigne ord. Måtte du lese på nytt, eller fekk du med deg innhaldet i artikkelen første gong?

: Ny ape funnen i Tanzania Ein til no ukjend apeart er funnen i det vanskeleg tilgjengelege, skogkledde høglandet i Sør-Tanzania. Gøymt mellom tette trekroner blei apen oppdaga av to ulike forskargrupper nesten samstundes, og det er den første nye apearten som er funnen i Afrika sidan 1984. Apane brukar det meste av døgnet i tretoppane og lever av frukt, blad, blomeknoppar og små dyr. Grunnen til at apane ikkje er funne før, er truleg ein kombinasjon av det svært lite framkommelege skogområdet dei lever i, og av at apane er svært sky. Frå Il­lust­rert Vi­ten­skap nr. 15/2005 – Omsett til nynorsk

Leseprosessen

21


8 Les teksten under for å få med deg hovudinnhaldet. Noter med ei setning kva han handlar om.

: Toba er ein supervulkan i tungvektsklassen I kjølvatnet av jordskjelvet utanfor Sumatra i desember 2004 blei det drøfta om det kunne utløyse utbrot frå nokre av dei mange vulkanane på Sumatra. Det skjedde heldigvis ikkje. Det er spesielt ein av dei ein har grunn til å frykte: Toba, den ­potensielt mest øydeleggjande vulkanen i verda. Vulkanen skjuler seg under eit 35 x 100 km stort krater, som no er innsjø. For cirka 74 000 år sidan eksploderte Toba. Nesten 3000 km3 magma blei slynga opp i vêret, og eit 15 cm tjukt lag aske la seg over India og Sør-Kina, eit område med éin mrd. menneske i dag. Berre ein cm aske er nok til å skade plantevekstane og øydeleggje infrastrukturen – 15 cm er ein katastrofe. Og oskeskya vil vere så stor at ho kan dekkje heile jorda. Sjølv med dei dystre utsiktene veit me ikkje mykje om Toba, ikkje eingong om han framleis er aktiv. Frå Il­lust­rert Vi­ten­skap nr. 15/2005 – Omsett til nynorsk

9 Ta utgangspunkt i tabellen som viser tilhøva mellom mål og vekt for ein del matvarer. a I ei matoppskrift skal du bruke tre desiliter sukker. Kor mange gram svarer det til? b Kor mange store skeier (ms) melis går det på ein desiliter? c Kva veg mest: 2 dl potetmjøl eller 1 dl sirup?

: Matvare

1 dl svarer til

Kornvarer Byggmjøl 45 g Kveitemjøl, sikta 60 g Kveite eller rug, sammale 55 g Kveitekli 20 g Kveitekim 40 g Kveite heilkorn 65 g Havregryn 40 g Maisennamjøl 50 g Potetmjøl 70 g Sagogryn 70 g Semulegryn 70 g Ris, langkorna, rå 80 g Ris, rundkorna (grautris) 90 g Belgfrukter Bønner, erter, linser Sukker Sukker (farin) Melis Sirup

1 ms svarer til 8g 10 g 10 g 5g 10 g 11 g 7g 8g 15 g 15 g 15 g 13 g 15 g

80 g 90 g 60 g 125 g

18 g 10 g 20 g

Frå Frå bollar til burritos, Sosial- og helsedirektoratet 1998

Kva type lesestrategi brukte du for å få med deg hovudinnhaldet?

22

www.gyldendal.no/kontekst

Hjernetrim: Set same bokstav framfor og bak ordet og få eit ord med meining: ØDTI IGGJESTO RAK REFO OLLGRA PISOD


Kurs 2 Bli ein betre lesar 10 a Les teks­ten un­der høgt for ein an­nan. Du ser sik­kert at teks­ten er full av skri­vefeil, men du kan kan­skje for­stå kva som står li­ke­ vel?

«Å lese er sxom å sykkrle; nåer du føsrst har læert det, så er det vasnkeleg å fokralre koprorlis du gjer deet, det kjom heitlt autmotamisk Akurrat nå sit du egneltleg bere og kikjker på noken rare sterkrer på eit ark, men satmidnig les du taknene som eg har skvrive ned.» Teksten er i utgangspunktet frå Ragnhild Nordvik Valverde, SAIH: Hva har utdanning med demokrati å gjøre?

b Lag fleire tilsvarande tekstar der berre dei første og siste bokstavane i orda er rette. La ein annan lese tekstane. c Kva fortel det om lesing at vi greier å lese slike halvferdige tekstar?

11 a Les teksten under og la ein annan ta tida. Noter deg kor mange minutt du brukte. b Fortel kort til deg sjølv kva teksten handla om.

: (mai −02) Enda en gang står Ed­vard for­an hu­set hen­ nes. Det ly­ser fra rom­met i an­nen eta­sje. Det reg­ner. Men det spil­ler in­gen rol­le, han stan­ser li­ke­vel og stir­rer opp mot vin­du­et og lar det kal­de reg­net si­le ned over seg. En hund gjør noen hus bor­ten­for. Den gjør nes­ten all­tid når han står her.

Jeg vet at hun er der inne, ten­ker han. Noen gan­ger lu­rer han på om det er der­for han spil­ler bass sam­men med Rich­ard, at Ed­vard spil­ler bass for­di han da får an­led­ning til å pas­se­re vin­du­et hen­nes på vei hjem. Selv om det er en om­vei, tar han all­tid vei­en for­bi hu­set hen­nes. Hu­set som hun bor i, er en gam­mel hvit tre­ vil­la med rød tak­stein. I ha­gen vok­ser det sto­re frukt­trær. De er og­så gam­le, med tjuk­ke knud­ re­te stam­mer og lan­ge grei­ner som lik­som le­ver sitt eget liv. Ed­vard har ald­ri vært inni ha­gen, men han vet hvor­dan det må fø­les å lene seg inn­ til stam­men til et av de gam­le ep­le­trær­ne. Han kom­mer nok til å gjø­re det en gang. Men det må væ­re om nat­ta, når alle i hu­set so­ver. Det er ikke of­te han ser hen­ne, men han vet at hun nes­ten all­tid er på rom­met sitt på den­ne ti­da av døg­net. Noen gan­ger får han et kort glimt av hen­ne når hun glir for­bi der inne. Som en skin­nen­de blank fisk i et ak­va­ri­um. De har ikke gar­di­ner! Én gang, det er tre uker si­den i dag, sto hun i det åpne vin­du­et i fle­re mi­nut­ter og så ned mot der han sto. Det lyse hå­ret hen­nes var som en glo­rie rundt ho­det. Jeg tror ikke det var meg hun tenk­te på da hun sto der, men hun tenk­te på noe, det skjøn­ te jeg på ut­tryk­ket i an­sik­tet hen­nes, selv om jeg ikke kun­ne se ut­tryk­ket i an­sik­tet hen­nes på den av­stan­den, men jeg så det li­ke­vel, og jeg lot som om det var meg hun tenk­te på, og da kom jeg helt nær hen­ne, ikke med krop­ pen, selv­sagt, men an­sik­te­ne vå­re var helt nær, slik at vi kun­ne se hver­and­re inn i øy­ne­ne, ten­ker Ed­vard. Hun sto med den ene hån­da i vin­dus­kar­men mens den and­re hån­da var oppi hå­ret hen­nes. Hun så ham nok ikke, selv om det er lys i ga­ta, for han sto i mør­ke, skjult av et tre og en par­kert bil, men krop­pen hen­ nes var vendt mot ste­det der han sto. Og de så hver­and­re inn i øy­ne­ne. Frå Stein Erik Lun­de: San­ger fra rom 22, Gyl­den­dal 2002

Leseprosessen

23


12 a Les teksten under og la ein annan ta tida. Noter deg kor mange minutt du brukte.

: Tornardoar og anna dramatisk vêr Ein tornado eller skypumpe er den høgaste konsentrasjonen av energi atmosfæren kan produsere. Det er ei søyle av luft som snurrar rundt, og inne i tornadoen kan vinden kome opp i ein fart på meir enn 400 kilometer i timen. Tornadoar er det mange stader i verda, og dei kan vere svært øydeleggjande. Ein tornado kan suge opp eit trehus og spytte det ut igjen som flis. Han kan løfte eit heilt tog av sporet og forvandle ein lastebil til ein forvridd masse av stål. Tornadoar blir danna inne i nokre enorme uvêrsskyer som blir kalla superceller. Dei blir drivne av varmluft som blir sugt inn nederst og stig opp i skya som kraftige luftstraumar. Desse varme oppvindane tek til å rotere, på same måte som vatnet snurrar rundt når det renn ut av holet i badekaret. Viss vinden snurrar fort nok, strekkjer den roterande lufta seg ned under skya som ei trakt. Når trakta treffer bakken, er det blitt til ein tornado, og det er på tide å søkje ly! Frå Mi­chael Allaby: Tor­na­do­er og an­net dra­ma­tisk vær, Gyl­den­dal Ti­den 2002 – Omsett til nynorsk

b Fortel kort til deg sjølv kva teksten handla om. c Dersom du har gjort både oppgave 11 og 12: Kva synest du var skilnaden på tekstane i oppgåve 11 og 12? Oppfatta du tekstane like lett? Prøv å forklare grunnen.

24

www.gyldendal.no/kontekst

Ingen ord på engelsk rimer på orange, silver, purple eller month. Veit du om nokre norske ord som rimar på pølse?


13 Les utdraget frå romanen Halvbroren av Lars Saabye Christensen for å svare på desse spørsmåla: a Kva får leseran vite om mor til Peder i denne teksten? b Korleis ser ho ut? c Kva inntrykk får du av henne? Skriv ned punktvis i arbeidsboka di. e Kva vil du kalle lesestrategien du brukte? Kvifor valde du denne strategien? f Samanlikn det du har skrive med kva ein annan har skrive. Er de einige?

: (akt) Det stod en na­ken mann midt i stu­en hjem­ me hos Pe­der. Han stod der helt stil­le, med ar­me­ne i kors og det så ut som om han tenk­ te hardt på noe, eller in­gen­ting i det he­le tatt. Hu­den var gyl­den og glatt, musk­le­ne lå stram­me og ty­de­li­ge langs den høye slan­ke krop­pen, og mer tur­te jeg ikke se. Han var alt­så na­ken og stod i stu­en hos Pe­der. Først trod­de jeg kan­skje det var bro­ren hans; men Pe­der had­de in­gen bror, og dess­uten var han minst tred­ve år gam­mel, så bro­ren kun­ ne det ikke væ­re. − Hysj, hvis­ket Pe­der og tok meg i ar­men før jeg had­de sagt et ord. Vi stod i entréen bak en stum­tje­ner som var full av skjerf, frak­ker og hat­ter. − Mor ar­bei­der, sa han, enda la­ve­re. Og nå kun­ne jeg se hen­ne og­så. Hun satt i en dyp stol ved vin­du­et hvor gar­di­nen var truk­ket for og teg­ net på et ark. Av og til kik­ket hun opp, knep øy­ne­ne sam­men og holdt bly­an­ten for­an seg, som om hun mål­te høy­den un­der ta­ket. Så bøy­de hun seg over ar­ket igjen. Nå så jeg at det ikke var en van­lig stol hun satt i hel­ler. Det var hjul på den. Det var en rul­le­stol. Han som var na­ken had­de ennå ikke rørt seg. Jeg holdt og­så pus­ten. Han kun­ne li­ke gjer­ne vært død, død og vak­ker og stå­en­de. Pe­der bøy­de seg om­trent inn i øret

mitt. − Tror mor er for­els­ket i ham, hvis­ket han. Hun har brukt tre må­ne­der bare på try­ net hans. Pe­der lo så vidt og nå var det hen­nes tur til å få øye på oss. −Hei, gut­ter! rop­te hun, stakk bly­an­ten i mun­nen og tril­let over gul­vet. Hun rak­te fram hån­den og jeg tok den. Hun had­de et stort pledd rundt seg og ble nes­ten bor­te inni det. Men jeg hus­ker det sto­re, vak­re hå­ret hen­nes, det var rødt, som kob­ber, det glø­det og skin­te, som om hun all­tid bar en myk kro­ne. − Du må væ­re Bar­num, sa hun. Jeg nik­ket. − Og du har glemt at Bar­num skal spi­se mid­dag hos oss i dag, sa Pe­der og trakk bly­an­ten ut av mun­nen hen­nes. − San­ne­lig har jeg ikke det, lo hun. − Men vi skal nok få mat på bor­det li­ke­vel. Se her, Bar­num. Hun vis­te meg teg­nin­gen. − Den er ikke fer­dig ennå, men hva syns du? Jeg lik­te de tyn­ne, ras­ke stre­ke­ne. Hvis man luk­ket det ene øyet og bare så med det and­re, ble de plut­se­lig ­an­ner­le­des, som om lin­je­ne gikk mot­satt vei og fore­stil­te noe an­net i ste­det. Men jeg så jo hva det var hun had­de teg­net. An­sik­tet lig­net ikke så mye, men sær­lig res­ten var ikke til å ta feil av. Pe­der suk­ket. − Ikke plag Bar­num, sa han. Mo­ren hans suk­ket og­så. − Jeg pla­ger ikke Bar­num. Jeg bare spør ham om hva han syns, Leseprosessen

25


Pe­der. − Jeg syns den er fer­dig, sa jeg. Hun kik­ket for­bau­set opp på meg, for så­pass lav var rul­le­sto­len. − Fer­dig? Jeg har jo knapt be­ gynt! − Jeg syns den er fer­dig li­ke­vel, hvis­ket jeg. Pe­ders mor stir­ret på sin egen teg­ning og ris­tet len­ge på ho­det og jeg var redd for at jeg had­de dum­met meg ut eller for­nær­ met noen. − Unn­skyld, sa jeg. Mo­ren så på meg igjen. − Jeg tror san­ne­lig du har rett, Bar­num. Kan­skje den er fer­dig li­ke­vel. Hun snud­de seg mot den nak­ne man­nen som stod li­ke stil­le. − Vi er fer­di­ge, Alain. Men hils på Bar­num før du går. Frå Lars Saa­bye Chris­ten­sen: Halv­bro­ren, J.W. Cap­pe­len 2002

14 Svar på desse spørsmåla frå teksten i oppgåve 11. a Kva instrument speler Edvard? b Kva kjensler har Edvard for jenta i tekstutdraget? c Kor bur ho? d Kvifor ringjer ikkje Edvard på og snakkar med henne? e Du må lese både på og mellom linjene for å finne svar på spørsmåla. Kva av spørsmåla (a–d) krev at du les mellom linjene? f Lag ei dramatisering av handlinga i tekstutdraget.

der, sam­men­lig­net med den bi­ten­de kal­de vin­den som fei­de over par­ke­rings­plas­sen uten­for − der de to brød­re­ne mine, Har­r y og Ranjit, satt og ven­tet på meg. Ven­tet for å kjø­ re meg til Der­by, til et bryl­lup − mitt bryl­lup. Et bryl­lup jeg ikke had­de bedt om, som jeg ikke øns­ket, med ei jen­te jeg ikke kjen­te. De må ha sit­tet der og ven­tet på meg og ledd seg skak­ke over at jeg en­de­lig had­de gitt et­ter for de­res må­te å ten­ke og le­ve på. En­de­lig var jeg blitt en god pun­jab, et­ter at jeg i åre­vis had­de vært en vill­sty­ring, en opp­rø­rer, en jun­kie og jen­te­fut. Det var i hvert fall det de had­de kalt meg til for­skjel­li­ge ti­der. Frå Bali Rai: Av­lyst (Ar­ran­gert) ek­te­skap, Gyl­den­dal 2003

16 a Det er nemnt seks byar i tabellen som fortel om meteorologiske forhold. I kva av byane stod sola opp først denne dagen? Og i kva by stod sola opp sist? b Kva er sommarsolkverv og vintersolkverv? Kor mykje kortare har dagen blitt sidan sommarsolkverv i Trondheim, på denne dagen, ifølgje oversikta? c Når i løpet av dette døgnet var det flo i Arendal? Kjenner du eit anna ord for flo?

15 Les teksten under ein gong. a Noter – utan å sjå på teksten igjen – det du hugsar av opplysningar om eg-personen. b Gå tilbake til teksten og sjå om du finn opplysningar du ikkje fekk med deg første gong. Skriv dei ned.

: Toa­let­tet på Lei­ces­ter Fo­rest East ben­sin­ sta­sjon ved mo­tor­vei­en stin­ket av des­in­fek­ sjons­mid­ler. Men det var i hvert fall varmt

26

www.gyldendal.no/kontekst

Frå Aftenposten


17 Under finn du ein togtabell. Du skal reise frå Bergen til Voss førstkomande onsdag. Du kan ikkje reisa frå Bergen før kl 15.00, og du må vere på Voss før kl 18.00.

a Kva togavganger kan du velje mellom? b Du vil ha med deg sykkelen din. Korleis lèt det seg gjere?

å

18 a Finn ut kva reise du bør bestille av dette reiseselskapet dersom: • du vil reise til Kemer eller Alanya • du skal vere borte ei veke

• du berre kan reise 17. oktober • du ønskjer å betale minst mogleg b Kor går flyet frå? c Korleis er innkvarteringa (bustaden) skildra?

Leseprosessen

27


19

Kurs 3

a Les diktet under og skriv ned kva historie som ligg mellom linjene her.

Førlesefasen

: I dag veit eg at eg ikkje skal køyre fort ned bak­ken ved skulen I dag veit eg at eg ikkje skal brem­se ber­re med for­brem­sen I dag veit eg kor hard as­fal­ten er Det viss­te eg ikkje i går Tor Gun­nar Heg­gem

b Drøft med ein annan: Har de oppfatta diktet likt? c Dramatiser diktet.

20 Vel tre av orda under og assosier fritt rundt kvart av dei. (Å assosiere vil seie å forbinde med). Lag eit tankekart til kvart av orda; plasser ordet i ein sirkel i midten og lag strålar ut med assosiasjonane dine (alt du kjem på når du ser nett det ordet). • • • •

ro­bot ter­ror ta­pas even­tyr

• mu­mie • tea­ter • mote

21 Biletet kan vere ein illustrasjon til ei novelle. Skriv kort ned kva du trur ho handlar om.

22 Ei overskrift på ein nyheitsartikkel i eit tidsskrift er slik: «Nikotinvaksine på veg» a Kva opplysningar får du i overskrifta? b Kva trur du artikkelen handlar om? c Trur du det vil vere ein interessant artikkel å lese for deg? Grunngi svaret ditt.

23 Fleire saman: Her er nokre boktitlar. Kva trur de bøkene handlar om? Kva type sjanger har bøkene, trur de? • • • • •

28

www.gyldendal.no/kontekst

Salme ved reisens slutt Olive tok en øks Ung og sulten Anne Franks dagbok Mumien vender tilbake


24 Dette er nokre av overskriftene på kapitla i ei bok: • • • • • •

Det mystiske arvestoffet Darwins duer Perletråd med gener Kopiering av arvestoffet Kromosomer – nøster av DNA-tråd Når barna arver egenskaper

a Kva type bok trur du det er? b Kva sjanger er ho skriven i, trur du? c Lag ein tittel på boka ut frå desse overskriftene.

25 Slå opp på eit nytt kapittel i ei av lærebøkene dine. a Skriv ned overskrifta og mellomoverskriftene. Les gjennom oppgåver, spørsmål og eventuelle samandrag. Sjå på bilete og illustrasjonar i kapitlet. b Skriv med eigne ord det du trur kapitlet handlar om. c Kva nytte trur du ein slik gjennomgang av nytt lærestoff har?

Arvestoffet er stadig oftare med på å løyse brotsverk. Spor av DNA-tråd i eit hårstrå kan vere meir verdifullt enn eit fingeravtrykk.

Kurs 4 Lesefasen 26 For å lage gode stikkord, må du vite kva som er viktig i ein tekst. Du kan øve deg på ulike måtar. Ein måte er å luke ut det som ikkje er sentralt. a Skriv av teksten under og set parentes rundt setningar eller delar av setningar du meiner er mindre viktige for hovudinnhaldet. b Hald fram til du meiner at du berre sit igjen med viktig informasjon. c Bruk denne informasjonen som utgangspunkt for å lage ei liste med stikkord. d Gjenfortel innhaldet i teksten ut frå stikkorda. e Samanlikn dine eigne stikkord med stikkorda ein annan har skrive. Er de einige?

: Fin­ger­av­trykk i DNA Politiet har fått eit viktig hjelpemiddel i DNA-tråden. Ein forbrytar vil ofte miste eit hårstrå, litt blod eller hudrestar på åstaden. Kvar celle han mister inneheld eit avtrykk i form av DNA som kan gjere det enklare for politiet å spore opp forbrytaren. Alle menneske, utanom einegga tvillingar, har små skilnader i rekkjefølgja av perler i DNA-tråden, og desse skilnadene kan vise kven sine celler som ligg att etter eit brotsverk. Prøvane blir handsama på ein spesiell måte, slik at eit særleg mønster står fram. Kvart menneske har sitt eige DNAmønster, nett som vi alle har ulike fingeravtrykk. Men fingeravtrykk finn du berre på fingrane. DNA-mønsteret er å finne i alle cellene i kroppen. Frå An­ders Gok­søyr: DNA Det mys­tis­ke ar­ve­stof­fet, Gyl­den­dal Ti­den, 2000. Omsett til nynorsk

Leseprosessen

29


27 a Les teksten under og skriv ned fem stikkord som dekkjer hovudinnhaldet. Ta gjerne til med teknikken frå oppgåve 26; å luke ut mindre viktig informasjon. b Lag fem spørsmål til den same teksten. Prøv å la spørsmåla dekkje hovudinnhaldet i teksten. c Ta utgangspunkt i stikkorda du skreiv i oppgåve a. Bruk dine eigne ord og lag eit samandrag av teksten.

: Innvandring frå andre kulturar Det er først og fremst innvandring frå andre land og kulturar som har ført til det mangfaldet vi finn i dag. Sidan 1970 har mange av religionane i verda fått fotfeste i Noreg. Dei fleste innvandrarane høyrer til verdsreligionane islam, hinduisme, buddhisme og kristendom. Men det er òg andre religionar mellom dei, til dømes sikhismen, som har opphavet sitt i India. Det er ikkje alltid lett å finne ut nøyaktig kor mange som høyrer til dei ulike trussamfunna, for det er ein del som ikkje registrerer seg som medlemmer. Anten er dei ikkje vane med det frå landa dei kjem frå, eller så synest dei ikkje det er så viktig. Kva religionar og livssyn som finst rundt omkring i landet vårt, kan variere mykje frå stad til stad. I dei større byane finn vi religionar frå heile verda i tillegg til ikkje-religiøse livssyn. På mindre stader er ofte færre religionar og livssyn representerte.

28 Fleire saman: Ta notat frå ei førelesing eller ein gjennomgang av eit emne på skulen. Samanlikn notata etterpå. Har de lagt vekt på det same?

Det er eit ord på fire bokstavar som blir kortare om du legg til tre bokstavar. Kva ord er det? Løysing: Nedst på side 32.

Noreg i dag – meir ope og mangfaldig Noreg har vorte eit meir ope samfunn dei siste tiåra. Det kjem mellom anna av at nordmenn reiser meir, og at dei reiser stadig oftare til andre kulturar og land langt borte. Menneske frå heile verda kjem òg hit til landet. I tillegg fører bruken av medium og Internett til at mange i dag har kunnskap om andre religionar og livssyn. På denne måten kan vi seie at verda har vorte mindre. Det er lett å sjå at det finst mange religionar i Noreg, men det er òg mange retningar og ulike oppfatningar innanfor kvar religion. Berre innanfor Den norske kyrkja er det fleire ulike måtar å oppfatte kristendommen på. I tillegg er ein god del menneske medlemmer i dei kristne frikyrkjene. Mange nordmenn har eit ikkje-religiøst livssyn, medan andre lagar si eiga personlege tru ved å hente delar frå ulike religiøse retningar. I tillegg til tradisjonane i kristendommen kan dei til dømes vere opptekne av stjerneteikn, krystallkuler eller ukjende krefter i naturen. Jamvel om det er vanskeleg å seie korleis samfunnet vil utvikle seg i framtida, er det sannsynleg at dette mangfaldet berre vil bli større. Utdrag frå Gunnar Holth og Hilde Deschington: Horisontar 8 – krl for ungdomssteget, Gyldendal 2006

30


Kurs 5 Etterlesingsfasen 29 Les teksten under og lag eit kort samandrag av innhaldet. Skriv på nynorsk eller bokmål.

: Jack the Ripper er namnet ein har gitt den mest kjende og mest berykta forbrytararen i London. I 1888 myrda han på svært brutalt vis seks kvinner i bydelen Whitechapel i London. Folk var sjokkert, men Jack the Ripper gjorde seg ikkje skuldig i fleire mord. Londonpolitiet mottok hundrevis av brev med gode forslag til korleis Jack the Ripper skulle fangast. Dei fekk brev frå folk som hevda at dei sjølv var den frykta mordaren. Mange var under mistanke, men ein fann aldri ut av kven Jack the Ripper var.

30 Skriv eit kort samandrag av teksten i oppgåve 7 på side 19.

31 Les teksten nedanfor og systematiser innhaldet. Lag ein fleir-kolonne med under- og overomgrep. Overomgrepa kan for eksempel vere: istypar, farlege område, råd … Kanskje du vel å bruke fleire overomgrep? Underomgrepa, for eksempel stålis, plasserer du der dei passar.

: Isulukker Kvart år druknar folk når dei går gjennom isen på elvar og vatn. Isulukker skjer oftast om hausten når isen legg seg, og om våren når han tiner. Vi skil mellom to typar is: Den mørke, gjennomsiktige stålisen som blir rekna for å vere sikker når han er minst 10 cm tjukk, og den gråkvite, porøse snøisen som må vere minst 20 cm tjukk for å kunne bere vekta av ein vaksen. Farlege område er: Elve- og bekkeosar, tronge sund, kloakkutløp, bryggjer og kaiar, strender med vekslande vasstand – flo og fjøre, regulerte vatn, dammar o. l. og strandområde med siv. Gå med lause bindingar over islagde vatn. Er de fleire i lag, hald avstand. Om isen sprekk, hald avstand. Om isen sprekk og du kjem innunder isdekket, leit deg fram til der isen er mørkast – der er det ope vatn. Trekk deg opp på iskanten med

magen ned. Bruk det du har for handa av spisse gjenstandar for å hogge tak i isen, og hjelp til med kraftige spark. Skal du hjelpe andre som har gått gjennom isen, må du få fatt i noko som kan skuvast eller kastast ut til vedkomande, f. eks. ein staur, busk, ski eller stavar; belte, tau eller andre brukbare ting. Ikkje gå oppreist, men ak deg fram på magen og skuv gjenstanden fram til den som har gått gjennom isen. Er det fleire til stades, lag ei kjede. Hald kvarandre i beina og kryp på magen mot personen. Kjel­de: www.folkehjelp.no

Leseprosessen

31


34

32 Lag ei liste over framkomstmiddel du veit om; både frå fortid og notid. a Plasser framkomstmidla i kategoriar etter korleis du meiner dei høyrer saman. Kategoriane plasserer du i ein fleirkolonne som du teiknar opp på eit ark. Talet på kategoriar (typar framkomstmiddel) avgjer kor mange kolonnar du treng. b Prøv å finne ei overskrift som høver til kvar kategori; for eksempel tohjulingar, motorkøyretøy, køyretøy på skjener – alt etter korleis du har valt å dele inn framkomstmidla. c Kva formål har det å arbeide med systematisering av lærestoff og omgrep på denne måten?

Du skal førebu ei framføring på fem minutt om ein kjend person (for eksempel ein artist, skodespelar, forfattar eller idrettsutøvar). a Lag eit tankekart på eit ark eller i arbeidsboka di. Skriv ned namnet på personen i midten av tankekartet og lag strålar ut med alle assosiasjonane dine. b Bruk det ferdige tankekartet som utgangspunkt for å lage ein disposisjon til foredraget ditt. Tenk på kva som høver å presentere først og kva som kan kome til slutt. Bruk gjerne tal og kodar for å strukturere tankekartet ditt først. c Kva fordelar ser du ved å bruke eit tankekart som utgangspunkt når du skal lage ein disposisjon?

33 a Lag ei oversikt over artistar, og band eller grupper du likar å høyre på. Lag etterpå eit tankekart med ein sirkel midt på eit blankt ark. Skriv «Min musikk» inni sirkelen. Lag strålar ut frå sirkelen med namn på dei artistane, banda og gruppene du kjem på. b Lag eit strukturert tankekart ved å ta utgangspunkt i tankekartet du alt har laga. Skriv same tal utanfor dei namna du vil plassere i same gruppe. Du kan for eksempel kategorisere etter: musikksjanger (rock, pop, funk), type artist/gruppe (solo, duo, kvartett, gruppe), type PARIS musikk (vokal, Hovudstad i Frankrike instrumental, Ligg i den nordlege elektronisk) delen av Frankrike etc. Har 2,2 mill. innbyggjarar Elva Seinen renn gjennom byen Kjend for sine breie avenyar

Løysing: Or­det KORT blir kor­ta­re der­som du leg­g til dei tre bok­ sta­va ARE.

32

www.gyldendal.no/kontekst

35 Samanlikn to byar du kjenner til (eller som du finn ut noko om) og presenter dei i eit venn-diagram. Teikn opp to ovalar som overlappar kvarandre på eit blankt ark: Finn likskapar og forskjellar ved byane og plasser opplysningane i venn-diagrammet slik eksemplet viser.

PARIS, LISBOA

Hovudstader i Europa Begge byar er reisemål for turistar God mat, musikk, kultur

LISBOA

Hovudstad i Portugal Kystby på vestkysten av Portugal Ca. 860 000 innbyggjarar Elva Tejo renn gjennom byen Kjend for sine mange høgder Heimby for tidlegare sjøfararar


Kurs 6 Bruk av kjelder - å lese kritisk 36 Gjer deg kjent på biblioteket: a Bøkene på biblioteket er organisert etter Dewey-systemet. Finn ut korleis Deweysystemet er bygd opp. b Vi skil mellom faglitteratur og skjønnlitteratur. Kva er skilnaden? c Kor står oppslagsverka? d Korleis er romanane organiserte? e Finn ut kva romanar som er å finne av følgjande forfattarar på biblioteket: Robert Lawrence Stine, Tarjei Vesaas, Sigrid Undset, Mats Wahl, Kjartan Fløgstad, Unni Lindell, Michael Ende. Skriv ned titlane i alfabetisk rekkjefølgje under forfattarnamnet. f Kor finn du dikt? Kor mykje hylleplass tar diktbøkene? g Finn ut kva ein dikt-antologi er. Skriv ned namnet på ein dikt-antologi du finn på biblioteket. Kven er redaktør for antologien? h Du skal finne fagstoff om eit dyr. Kor finn du det? Kva fagnummer frå Dewey-systemet har bøker om dyr? Finn stoff om dyret frå tre ulike kjelder. Skriv ned kjeldene slik du ville gjort det i ei kjeldetilvising. (Sjå Kontekst Basis, kapittel 2)

37 a Bruk eit oppslagsverk frå biblioteket og finn fram til orda under. Skriv ei kort forklaring til kvart av orda. mean­der – Rolls Royce – Golf­strau­men – Ødi­pus – sol­for­mør­king – te­le­pa­ti – sym­fo­ni – art nou­veau – bud­dhis­men – lo­fot­fis­ket

b Kva lesestrategiar brukte du for å finne fram til orda og orientere deg i informasjonen for å skrive ei forklaring? c Slå opp dei same orda i eit leksikon eller ein ordbok på Internett. Samanlikn informasjonen frå leksikon og frå nettet. Kva kjelder tok mest tid å finne fram i? Kva kjelde eigna seg best å bruke til desse emna, synest du?

38 Finn svar på spørsmåla under ved hjelp av Internett. Ta gjerne tida på deg sjølv: a Kva er folketalet i Burkina Faso? b Kva er det billegaste tilbodet på appelsinjuice du kan finne i dag? c Kva datoar kjem påska på neste år? d Kva bilmerke blir det selt mest av i Sverige? e Når blei forfattaren Ingvar Ambjørnsen født? f Kva kjernetemperatur har planeten Jupiter? g Kor mange stortingsrepresentantar har AP i denne stortingsperioden? h Kva er siste linja i Beatles’ song A Hard Day’s Night? i Kva var gjennomsnittstemperaturen i Trondheim i juli månad i fjor?

Leseprosessen

33


39 Les dei to tekstane under. I ein av dei er det fem feil. Finn ut kva tekst som inneheld feil, og kva opplysningar i teksten som ikkje stemmer.

: Buddhismen er ein av dei fem store verdsreligionane. Han oppstod i Nordaust-India og baserer seg på læra til den indiske prinsen Siddharta Gautama. Prinsen blei etter kvart meir kjent som Buddha, som vil seie den opplyste. Ein reknar med at Buddha blei født ca. 500 år før vår tidsrekning, på grensa mellom India og Nepal. Han vaks opp i luksus, men i ein alder av 29 år gav han avkall på alle eigedelar og ville søkje opplysning og fred. Han dreiv med Yoga og levde eit liv i streng askese – som vil seie eit liv med forsaking.

: Buddhismen er ein av dei fem store verdsreligionane. Han oppstod i Nord-Thailand og baserer seg på læra til den indiske prinsen Siddharta Gautama. Prinsen blei etter kvart kjent som Buddha, som vil seie den store. Vi reknar med at Buddha blei født ca. 500 år etter vår tidsrekning, på grensa mellom India og Nepal. Han vaks opp i luksus, men 29 år gammal gav han avkall på alle eigedelar og reiste rundt og dreiv misjon. Han praktiserte Yoga og levde eit liv i streng askese – som vil seie eit liv i sanning. Kva brukte du av kjelder for å finne ut kva for ein versjon som var rett?

34

www.gyldendal.no/kontekst

40 Arbeid saman med ein annan og vel to forfattarar; samtidige eller frå ulike periodar. Søk i aktuelle kjelder og finn opplysningar om forfattarane. De skal dramatisere eit tenkt møte mellom forfattarane, og lage ein tenkt dialog mellom dei to – basert på det de kan finne av stoff om dei. Dei kan snakke om liva sine, om samtida eller om det dei har skrive. Lag ein presentasjon for medelevar. Presenter òg kjeldene de har brukt.

41 Finn ut kva ulike politiske ungdomsorganisasjonar i Noreg (for eksempel Natur og ungdom, Unge Høgre, Unge Venstre, AUF) meiner om gasskraft og utbygging av gasskraftverk. a Set opp ei oversikt over argumenta organisasjonane har for og imot utbygging av gasskraftverk. b Kva slags argument brukar dei? Argumenterer dei i høve omsyn til miljøet, økonomi, utvikling, utnytting av ressursar eller ut frå andre omsyn? c Finn du argument som er direkte motstridande? Kva kan det kome av?


N

KONTEKST 8-10 - oppgåver

Blichfeldt • Heggem • Larsen

Kontekst Oppgåver består av eit utval oppgåver for alle tre åra på ungdomstrinnet. Boka er eit supplement til oppgåvene i Kontekst Basisbok og Kontekst Tekstar 1 og 2. Oppgåvene her er organiserte etter strukturen i basisboka og tekstsamlingane slik at det er enkelt å finne fram. Boka gjer det lett å differensiere både når det gjeld vanskegrad og oppgåvevariasjon. Elevane kan arbeide aleine og saman med medelevar om oppgåvene. Det er både enkle oppgåver og meir utfordrande fordjupingsoppgåver.

KONTEKST 8-10 omfattar i tillegg

8–10

• Basisbok – kunnskap om språk og sjanger der fagstoffet er delte inn i kurs, dekkjer øvingsgrunnlaget for ungdomstrinnet • Tekstar 1 – tekstar fram til 1980, kronologisk ordna etter periodar, med innleiingar som viser litterære og kulturelle straumdrag • Tekstar 2 – tekstar frå 1980 og fram til i dag, ordna etter sjanger • Ressursperm – forslag til undervisningsopplegg, kopieringsoriginalar og transparentar • CD-ar – musikk, innlesne tekstar, dialektprøver • Nettstad www.gyldendal.no/kontekst

OPPGÅVER

Tilleggsbøker KONTEKST 8-10 Grammatikk og rettskriving KONTEKST 8-10 Nynorskboka

NYNORSK ISBN 978-82-05-32895-2

: Kathinka Blichfeldt : Tor Gunnar Heggem : Ellen Larsen

8-10

OPPGÅVER


Kontekst 8-10, oppgåver NN