Issuu on Google+

Bjarne Øygarden

KONTEKST 8-10 - norskverk for ungdomstrinnet Omfattar • • • • • • • •

Basisbok Basisbok Parallellbok Tekstar 1, 2, 3 Oppgåver Ressursperm CD Basisbok, CD 1–3 Tekstar 1–2, CD Tekstar 3 Fordjuping i norsk Nettstad www.gyldendal.no/kontekst

Tilleggsbøker Les – lesestrategiar 1–3 Rettskriving 1–3 Grammatikk og rettskriving Grammatikk og rettskriving – fasit Nynorskboka Nynorskboka – fasit

NYNORSKBOKA 8-10 - for deg som skal skrive nynorsk! Boka lar elevane møte nynorsk i eit spennande samspel med bokmål. Mange saktekstar og skjønnlitterære tekstar gir elevane ein motiverande inngang til arbeidet med språkoppgåver og til skriving i ulike sjangrar.

• • • • • •

tekstar i mange sjangrar fyldig grammatikkdel kortfatta språkhistorie nyttige skriveråd tips til vidare lesing varierte språk- og sjangeroppgåver

NYNORSKBOKA 8-10 hører til KONTEKST – norskverk for ungdomstrinnet, men kan brukast uavhengig av læreverket.

ISBN 978-82-05-32934-8

NYNORSKBOKA

• • • • • •

: Bjarne Øygarden

NYNORSKBOKA 8-10


: Bjarne Øygarden

8-10

NYNORSKBOKA


© Gyldendal Norsk Forlag AS 2006 1. utgåve, 7. opplag Denne boka er ein del av læreverket Kontekst 8–10. Læreverket dekkjer måla for norsk etter læreplanane av 2006. Printed in Latvia by Livonia Print SIA, 2012 ISBN 978-82-05-32934-8 Redaktør: Birgitte Larsen Biletredaktør: Kari Anne Hoen Design, layout og omslagsdesign: Randi Hoen Omslagsbilete: Nils-Erik Kjellmann / Scanpix Bilete: s. 7: Plush Studios / Getty Images, 9: Bulls Press / King Features, 10ø.: Getty Images, n.: Ivar Aasen almanakken, 11: Christopher ­Wilhelm / Getty Images, 14ø.: Science Photo Library / GV-Press, 22n.: Kart&grafikk / Gerd Eng Kielland, 23: Susan Werner / Getty Images, 28: Jippi ­Comics, 37: Altrendo / Getty Images, 45: Ken Reid / Getty Images, 50: Tara Moore / Getty Images, 54: Bård Løken / NN / Samfoto, 57: Joe McBride / Getty Images, 64: Kerstin Mertens / Samfoto, 65: Otmar Thormann / Mira / Samfoto, 67: AP / Scanpix, 69: Martin Barraud / Getty Images, Patrick B ­ ennett / Getty Images, 82: Janne Møller-Hansen / Scanpix, 85: Jon Jones / Corbis / Scanpix, 91v.: Schibsted Forlagene, 91h.,93ø.: Akira Toriyama / Bird Sudio, gjengitt med tillatelse fra Schibsted Forlagene A.S., 94: Jeremy Hardie / Getty Images, 99: Per Heimly / Samlaget, 102: David Madison / Getty Images, 119: Blasius Erlinger / Getty Images, 138: Malcolm Piers / Getty Images, 141: Nasjonalbiblioteket / Billedsamlingen, 143: Sigmund Krøvel-Velle / Samfoto. Bokomslag: Det Norske Samlaget Der ikkje anna er nemnt, er bileta henta frå Gyldendals Biletarkiv

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverkloven eller avtalar om kopiering inngått med KOPINOR, Interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.

Alle spørsmål omkring utgjevingar frå forlaget kan rettast til: Gyldendal Undervisning Grunnskoleredaksjonen Postboks 6860 St. Olavs plass 0130 OSLO www.gyldendal.no/undervisning E-post: undervisning@gyldendal.no Alle Gyldendals bøker er produsert i miljøsertifiserte trykkjeri. Sjå www.gyldendal.no/miljo


Føreord I læreplanen i norsk i Kunnskapsløftet er ikkje nemninga sidemål brukt. I staden blir det lagt vekt på at elevane skal lese og skrive både bokmål og nynorsk. Dei skal arbeide med tekstar i ulike sjangrar og tileigne seg kunn­ skap om norsk språkvariasjon. Boka legg vekt på å vise bokmål og nynorsk som to sider ved norsk. Begge er like viktig, begge språkformene må til for å forstå heilskapen. I Noreg har dei fleste elevane anten nynorsk eller bokmål som sitt første opplæringsspråk, og alle skal etter kvart lære å skrive begge språkformene. Eg håper denne boka skal vere til hjelp for deg som skal lære å skrive nynorsk i ungdomsskolen. Målet er å motivere deg til å ta fatt på spennande skrive­ oppgåver, til lesing av litteratur i ulike sjangrar og til interessante oppdag­ ingar om nynorsk og bokmål. I den første delen er det oppgåver der du skal samanlikne nynorsk og bokmål. Denne delen kan det vere lurt å starte med når ein skal bli kjend med nynorsk. I den andre delen er det eit breitt utval av tekstar i mange sjangrar med oppgåver som både motiverer til skriving og annan språkleg aktivitet. Det er lagt vekt på at oppgåvene skal vere utfordrande for elevar på ulike ferdigheitsnivå. I den tredje delen er det ein fyldig gjennomgang av formverket i nynorsk. Til slutt er det ein variert oppslagsdel med råd om bruk av ordlista, påminningar om særtrekk i nynorsk språkføring, kort språkhistorisk oversyn og 268 ord som du bør vere merksam på. Lykke til! Helsing Bjarne Øygarden


Innhald

NYNORSK – EIT FØRSTE MØTE . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7 Nynorsk og bokmål – ei samanlikning . . . . . . . . . . . . . . . 8

VI ARBEIDER MED TEKSTAR . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   23 Fakta om nynorsk. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   24 Mjau Mjau . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   28 Kva er namnet? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   30 Fredag den 13. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   33 Gutar får mest lommepengar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   35 Automaten, Storskridaren . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   37 Nano. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   39 Stilskriving mens fuglane flyg forbi . . . . . . . . . . . . . . . . . .   41 Uno . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   43 Nifse grøss. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   45 Løyndom, Sjenert, Smilet ditt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   48 Det står noko bak døra . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   50 Dra til Helvete . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   52 Turistinformasjon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   54 Å vere norsk. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   57 Ivar Aasen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   59 Tysdag 3. januar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   62 Svenskevitsane kjem frå USA . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   64 Wikipedia . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   67 Kor mange venner har du? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   69 Der ute . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   71 Dataord. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   74 Aviser på nett . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   76 Sjole, sjino og sjærlighet! . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   78 Sommarnatt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   80 Hop-hop. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   82 Eg skal skrive snart, Vekk meg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   85 Verdas beste dataspelar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   87 «Kjemp for alt hva du har kjært» . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   89


Manga. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   91 Tre dikt frå meg til deg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   94 Hadde lappen hamna på feil pult? . . . . . . . . . . . . . . . . .   96 Jon Fosse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   99

GRAMMATIKK . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   102 Substantiv

Hankjønn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   103

Hokjønn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   106

Inkjekjønn. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   109

Adjektiv. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   113

Gradbøying av adjektiv . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   116

Pronomen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   120

Personleg pronomen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   120

Spørjepronomen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   123

Bestemmarord . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   124

Eigedomsord . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   124

Mengdeord (ubestemte pronomen) . . . . . . . . . . . . . .   125

Verb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   126

Svake verb. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   127

Sterke verb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   133

OPPSLAGSDEL OG SKRIVERÅD . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   138 Språkhistorisk oversikt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   139 Korleis kan ordlista vere til hjelp? . . . . . . . . . . . . . . . . . .   144 Ressursar på Internett. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   151 Skriveråd med øvingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   153 268 ord og uttrykk du bør merke deg (frå bokmål

til nynorsk) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   165

Lesetips (bøker, Internettadresser) . . . . . . . . . . . . . . . . .   168 Kjelder . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 168


Nynorsk – eit første møte krev å skrive t e d g råk, o rer. skriftsp ller hø e m s o e s l k u nlikne rs tekst d l sama a e nyno n k k i s u e r u å b t d l du å fors jellane er der No ska n berre oppgåv utforske forsk ål, n e u d r i e n okm noko m rste delen fin du sjølv kan n frå b a k ø t f u a e d k n i t k de I den mål sl ne. Bru ynorsk. og bok e k m s r r o o f t n ny på n skrif dei to annleis mellom u at alt er så e tr og ikkj : du til å kjem delen kstar I denne kstar norskte y n målste d k e o b m g e o sk eid norskl nynor rd i y o t -  arb n k l s å r e o n m k n anli å bok ke ny -  sam ål og fr d typis e m k m o t b n l kje orsk ti -  bli frå nyn e j t e s -  om


Nynorsk og bokmål – ei samanlikning Oppgåve 1

Kva gir du meg? Kva gir du meg for dette landet som vi kallar Noreg? Eg gir deg nøyaktig 9 kroner og 75 øre og det er alt eg har. Frå Ragnar Hovland: Elefantmusikken, Det Norske Samlaget 1985

a I dette diktet er det fire ord du ikkje kan skrive på bokmål. Finn du dei? b Skriv diktet på bokmål.

Oppgåve 2 Les opninga av novella «Firkløver Firkløver» av Eva Jensen: Eg hadde aldri trudd eg skulle treffe nokon som deg! No etterpå tenker eg at det var ganske dumt av meg, klart det finst fleire som er like bra som deg for meg, men ikkje på same måten, så på sin eigen måte. Men då, den gongen, den sommaren, då trudde eg ikkje det. Du var den einaste, du var den beste, du og augene dine når vi smilte til kvarandre, du og det vi prata om mens vi gjekk rundt i hagen din. Eg hadde aldri før sagt rett ut til nokon kva eg tenkte om alt mulig, det var så vanskelig, kva eg eigentlig tenkte, eg er slik enno. Frå Tornado og andre noveller, Det Norske Samlaget 1990

a Korleis ser du at denne teksten er skriven på nynorsk? Kva ord set deg på sporet? b Slå opp i ordlista på orda no og enno. Kan du skrive andre ord i staden for desse to på nynorsk? c Mange som skriv nynorsk, bruker eit anna ord enn muleg. Kan du finne ut kva ord det er?

8

www.gyldendal.no/kontekst


Oppgåve 3 Les teikneserien om Hårek. Teksten i Hårek er på nynorsk. Kva ord kan du ikkje skrive på bokmål?

Oppgåve 4 Typisk for SMS-språket er blant anna at meldingane blir forkorta på ulike måtar, dei blir kodeprega. Når det gjeld SMS, kjem mange av forkortingane og symbola frå engelsk, men det kan også utvikle seg nasjonale forkortingar og symbol og eigne variantar blant venner. Under ser du eksempel på ulike typar forkortingar og symbol (oppgåver side 10): Bruk av berre bokstavar: HAND = have a nice day SDGM = saknar deg giga masse Mange kombinerer bokstavar og tal: 7K = sjuk

Bruk av bare bokstaver: HAND = have a nice day SDGM = savner deg giga masse

Berre teikn: -# = tannregulering %- = forvirra ;- = flørtar, blunkar

Bare tegn: -# = tannregulering %- = forvirret ;- = flørter, blunker

Frå engelsk: brb = be right back (snart tilbake) hon = honey 2u = to you

Fra engelsk: brb = be right back (snart tilbake) hon = honey 2u = to you

Mange kombinerer bokstaver og tall: 7K = sjuk

Nynorsk – eit første møte

9


a b c d e f

Kva tyder SMS? Kva er di favorittmelding på SMS? Kva er den siste SMS-koden du har tatt i bruk? Kva tyder han? Skriv nokre forkortingar og symbol som du meiner mange bruker. Bruker du og vennene dine eigne SMS-forkortingar? Kvifor? Symbola og forkortingane på side 9 var vanlege da denne boka vart gitt ut i 2006. Kva forkortingar og symbol er vanlegast i dag? g Kva heiter desse orda på nynorsk: •  savner •  tall •  tegn •  forvirret

Oppgåve 5 a Skriv alle vekedagane på nynorsk. b Slå opp i ordlista på sundag. Kan du skrive namnet på denne dagen på ein annan måte? c Skriv to av ordtaka om til nynorsk.

10

www.gyldendal.no/kontekst


Oppgåve 6

Pass deg, du kan bli avhengig!

Pass deg, du kan bli avhengig!

Sudoku har blitt ein farsott i mange land. I si noverande form kjem sudoku frå Japan, og namnet er japansk. Su betyr tal, og doku kan omsetjast med aleine eller einsleg.

Sudoku har blitt en farsott i mange land. I sin nåværende form kommer sudoku fra Japan, og navnet er japansk. Su betyr tall, og doku kan oversettes med alene eller enslig.

Sudoku er ein slags talrebus som er bygd opp av kvadratiske felt. I ein sudoku er det til vanleg 9 x 9 ruter, til saman 81. Rutene er samla i ni boksar som kvar har 3 x 3 ruter.

Sudoku er en slags tallrebus som er bygd opp av kvadratiske felt. I en sudoku er det vanligvis til sammen 9 x 9 ruter, til sammen 81. Rutene er samlet i ni bokser som hver har 3 x 3 ruter.

Reglane er enkle: Kvar loddrette og vassrette rad skal innehalde alle tala frå 1 til 9. Like­ eins skal kvar boks med 3 x 3 ruter innehalde alle tala frå 1 til 9.

Reglene er enkle: Hver loddrette og vann­ rette rad skal inneholde alle tall fra 1 til 9. ­Likeens skal hver boks med 3 x 3 ruter inne­ holde alle talla fra 1 til 9.

a Er det nokre av nynorskorda du ikkje har sett før? Skriv dei. b Omset denne setninga til nynorsk: ”Sudoku er et spill som kommer fra Japan, og det har blitt svært populært de siste årene.” c Kva er eit kvadrat? Kan du forklare det med ord? d Slå opp i nynorskordlista, og finn andre ord som begynner med vass-.

Nynorsk – eit første møte

11


Oppgåve 7 Bøker har ofte ein tekst på baksida der lesaren får vite litt om kva boka handlar om. Under ser du ein slik tekst både på nynorsk og bokmål.

Interessert, eg?

Interessert, jeg?

Nokon har lagt eit bilete av Jean i pennalet til Siv Anita. Det skriv ho i brevet ho sender til Jean. Og kva gjer Jean da? Han skriv til henne. Slik startar ei brevveksling litt utanom det vanlege, for begge går på den same skolen og kunne godt ha snakka til kvarandre i staden for å skrive. Eller kunne dei det, eigentleg?

Noen har lagt et bilde av Jean i pennalet til Siv Anita. Det skriver hun i brevet hun sender til Jean. Og hva gjør Jean da? Han skriver til henne. Slik starter ei brevveksling litt utenom det vanlige, for begge går på den samme skolen og kunne godt ha snakket til hverandre i stedet for å skrive. Eller kunne de det, egentlig?

Frå Arild Dahl og Eva Jensen: Interessert, eg?, Det Norske Samlaget 1991

a Finn ord som er ulike på bokmål og nynorsk i dei to tekstane. b Sjølv om orda blir skrivne likt i nynorsk og bokmål, kan dei få ulik bøying. I tekstane over gjeld det blant anna verba skrive og gå. Bøy dei på nynorsk og bokmål. c  Skriv to setningar på nynorsk der du bruker nokre av orda frå nynorskteksten.

Oppgåve 8 Her kjem det første brevet Siv Anita skriv til Jean, eller Jan som ho kallar han. 5. november

Hei Jan! No har det gått fire veker sia eg fann biletet av deg i pennalet mitt, og typisk nok har eg ikkje gjort noko. Men i dag! To ting kan ha skjedd: a Det er du som har lagt biletet der. b Det er nokon av kameratane dine. Nei, det er tre. c Nokon av venninnene mine. Forresten, stryk den siste likevel. No svarer eg først som om det er nokon av kameratane dine som har lagt det der: Kva er det dei vil? Gjere meg flau? Men eg blir ikkje flau av slikt, eg blir flau av heilt andre ting. Faktisk følte eg meg litt – rar. Eg visste jo ikkje kva eg skulle gjere med det. Dei fortener eit svar på det der!

12

www.gyldendal.no/kontekst


Viss det er du? Då veit eg heller ikkje kva eg skal seie (skrive.) Eg kunne jo likevel ikkje gå rundt og late som om eg ikkje hadde funne det. Biletet altså. Det var forresten eit heilt ok bilete. Helsing Siv Anita PS Kva skal eg gjere med biletet? Frå Arild Dahl og Eva Jensen: Interessert, eg? Det Norske Samlaget 1991

a Skriv seks ord frå brevet som du ikkje kan bruke på bokmål. b Omset dette til bokmål: «Viss det er du? Då veit eg heller ikkje kva eg skal seie (skrive.) Eg kunne jo likevel ikkje gå rundt og late som om eg ikkje hadde funne det. Biletet altså. Det var forresten eit heilt ok bilete.» c Slå opp i ordlista på ordet bilete. Kva opplysningar finn du? Kan du skrive dette ordet på ein annan måte? d Slå opp i ordlista og finn ut om desse orda kan ha ei anna form på nynorsk: då – helsing – no – venninne – nokon

Oppgåve 9

Kveldssong for deg og meg Grisen står og hyler i den stille kveld. (Han skal ikkje slaktast men hyler likevel.)

Fiskane i havet søv og drøymer søtt. Nøkken nedi tjernet har eg aldri møtt.

Fir’og tjue kråker sit på ein madrass. Endå ei vil sitje men det er ikkje plass.

Mor og far har lagt seg. Eg er vaken, eg. No klatrar eg ut glaset så spring eg bort til deg.

Månen står og lyser, rund og feit og kvit. Reven kjem frå skogen og luskar hit og dit.

Mens grisen står og hyler og månen lyser kvit sit du og eg på taket og ler og pratar skit.

Frå Ragnar Hovland: Elefantmusikken, Det Norske Samlaget 1985

a  Skriv opp alle orda du ikkje kan bruke på bokmål i dette diktet. b  Skriv to vers til på diktet.

Nynorsk – eit første møte

13


Oppgåve 10 «På vei til skolen møtte Yngvil en orm. Yngvil var ei høy jente, og ormen var en lang orm. Ormen var på vei tvers over veien. Yngvil var på vei til sommerferien. Det var om morgenen klokka ni. Det var siste skoledagen for i år.» Utdrag frå Einar Økland: Sikk-sakk, Det Norske Samlaget 1978

a Omset teksten til nynorsk. b  Kva ord synest du var vanskelegast å omsetje?

Oppgåve 11 Det er ofte små skilnader som skil nynorsk og bokmål. Her er nokre vanlege småord som du ofte har bruk for: eg – ho – dei – dykk ein – eit – sjølv – heile fleire – elles – sjeldan – ikkje utan – einaste – betre – frå a Omset to ord i kvar line til bokmål. b  Skriv tre setningar på nynorsk der du bruker nokre av desse orda.

Oppgåve 12

Eg veit ikkje, eg Eg veit ikkje kven eg er eller kor eg kjem frå eller kven mor mi og far min er eller kva eg skal ha til middag eller når eg har fødselsdag eller korfor eg sit her eller kva katten og hunden seier eller kva farge det er på himmelen eg veit berre at det er deg eg vil kysse akkurat no Frå Ragnar Hovland: Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville, Det Norske Samlaget 1996

14

www.gyldendal.no/kontekst

a Skriv opp alle spørjeorda i diktet. Kva heiter dei på bokmål? b Slå opp i ordlista på ordet korfor. Kan du skrive eit anna ord i tillegg til korfor? c Lag eit dikt der kvar line begynner med eit spørjeord. •  Kva … •  Kven … •  Kvifor … •  Når … •  Korleis … osv. Du bestemmer sjølvsagt rekkefølgja, og du kan gjerne bruke same spørjeordet fleire gonger.


Oppgåve 13 – Kelner, kva gjer denne fluga på softisen min? – Ja, han kjører kanskje snøbrett? – Kelner, hva gjør denne flua på softisen min? – Ja, den kjører kanskje snøbrett? a  b  c  d 

Kva ord er ulike i nynorsk og bokmål? Kan du andre spørjeord på nynorsk enn kva? Skriv dei du kan. Kan du ein annan kelnervits? Skriv han. Kva type vitsar liker du? Skriv favorittvitsen din, men på nynorsk.

Oppgåve 14 I spalten «Skriv til meg» stod dei to breva under.

Hallo! Jeg er ei snart 15 år gammel jente fra USA som gjerne vil ha brevvenner i Norge. Interesser: reising, basketball og musikk. Idolene mine er Britney Spears og Superman. Håper å høre fra deg!

Wake up boys and girls! Eg er ein gut på snart 15 som vil skrive med ein eller ei som også er skorpion (22. november–20. desember). Interesser: stjernene, fotball og skolen (i prioritert rekkefølgje). Ta pennen fatt og skriv til meg! a Omset anten nynorskteksten til bokmål, eller bokmålsteksten til nynorsk. b Skriv ein liknande tekst på nynorsk der du skal prøve å få moglege brevvenner på kroken.

Nynorsk – eit første møte

15


Oppgåve 15 «Har du prøvd å kile deg sjølv? Det er vanskeleg, nesten umogleg. Du kan nemleg ikkje lure din eigen hjerne. Når du kilar deg sjølv, overser hjernen signala frå huda di. Hjernen veit kva som skal skje, og han lèt vere å sende signala vidare til cerebellum. Cerebellum er ein plass bak i hjernen der signal frå huda blir mottekne. Men om nokon annan kilar, så går ­signala rett bak til cerebellum, og du må le!» a  Slå opp i ordlista på nokon, kva kan du også skrive på nynorsk? b  Kva heiter desse orda på bokmål: vidare, ein plass, vanskeleg, ikkje c Omset dette til bokmål: «Cerebellum er ein plass bak i hjernen der signal frå huda blir mottekne. Men om nokon annan kilar, så går signala rett bak til cerebellum, og du må le!»

Oppgåve 16

Alle veit kvar det blir brukt, og på norsk bruker truleg dei fleste namnet krøllalfa, men det finst andre ord. På engelsk kallar dei fleste teiknet for at. Mange språk har som norsk sitt eige namn på teiknet. Det er særleg den lange bøygde linja rundt a-en som har stimulert den språklege fantasien og skapt namn som kattehale, elefantøyre og snigel. Det mest brukte namnet i ulike språk er apehale.

@

Ved National Taiwan University har dei laga ein oversikt over namnet på @ i 39 språk, og der finn vi blant anna desse namna:

@

norsk: krøllalfa, snabel-a eller grisehale dansk: snabel-a svensk: snabel-a eller kanelbulle (kanelbolle) finlandsk-svensk: kattsvans eller elefantöra (kattehale eller elefantøyre) finsk: kissanhäntä, (kattehale), også miau, miuku og andre lydetterlikningar (mjau), miau merkki (mjauteikn). nederlandsk: apestaartje (vesle apehale) eller apestaart (apehale) eller a-krol (krølle-a) tysk: Klammeraffe (klamreape) eller Affenschwanz ­(apehale) tsjekkisk og slovensk: zavinà (rollmops, samanrulla marinert sild) ungarsk: kukac (orm, lik dei som er i eple) russisk: sobachka (vesle hund) hebraisk: strudel eller shablul (snigel, kake) italiensk: chiocciola (snigel med vridd snigelhus) koreansk: dalphaengi (snigel) Omarbeidd etter artikkel av Carsten Elbro, Mål og Mæle 1997

16

www.gyldendal.no/kontekst

f


a  b  c  d 

Kva kallar du @? Kva namn likte du best? Kvifor likte du det? Kva heiter desse orda på bokmål: snigel, teikn, vesle Kan du skrive noko anna enn øyre på nynorsk?

Oppgåve 17 Lærebøkene i grunnskolen blir ofte gitt ut både på bokmål og nynorsk.   Her er eit utdrag frå ei ordliste. Bokstaven F kan stamme frå eit teikn som opphavleg tydde spikar eller krok. I det greske alfabetet heiter den tilsvarande bok­­staven phi og vert skriven slik: ϕ. I rune­ alfabetet futhark hadde bokstaven forma , og vart kalla fe, som tyder buskap, eigedom.

Bokstaven F kan stamme fra et tegn som opprinnelig betydde spiker eller krok. I det greske alfabetet heter den tilsvarende bokstaven phi og blir skrevet slik: ϕ. I rune­ alfabetet futhark hadde bokstaven forma og ble kalt fe, som betyr buskap, eiendom.

Nokre namn som vert uttala med f, vart tidlegare ofte skrivne med ph: til dømes Sophie, Christopher, Joseph, Stephan. Dette kjem av at dei stammar frå gresk. Engelsk bruker skrivemåten ph også i ord som photo og telephone, som også er lånord frå gresk.

Noen navn som blir uttalt med f, ble tidligere ofte skrevet med ph: for eksempel Sophie, Christopher, Joseph, Stephan. Det skyldes at de stammer fra gresk. Engelsk bruker skrivemåten ph også i ord som photo og telephone, som også er lånord fra gresk.

Frå ordlista Ordrett, Fagbokforlaget 2004

a Ser du nynorskord du ikkje har sett før? Skriv dei opp både på nynorsk og bokmål. b Kva heiter desse bokmålsorda på nynorsk: navn, eiendom, hete c Slå opp i ordlista og undersøk om du kan velje andre former av desse orda: frå, nokre, hørte, teikn, ikkje d Sjå i dagens avis om du kan finne namn på personar, ord i reklame eller andre tekstar der ph er brukt?

fphfphfph Nynorsk – eit første møte

17


Oppgåve 18 Du har sikkert lese bøker om Svein og rotta. I «Svein og rotta i Syden» av Marit Nicolaysen skal mor forklare ungane kva Syden er for noko: «– Vi skal til Syden, sa eg. – Hørte du ikkje kva mamma sa? – Kva er det? spurte han. – Kva det er? Veit du ikkje kva Syden er? spurde eg. Han rista på hovudet. – Syden, sa eg, – det er eit land der det alltid er varmt i vatnet, og du bur på hotell med symjebasseng og sandstrender. Og så må du reise med fly. Fly, Magnus. Du skal reise med fly! – Yes, ropte Magnus. – Gran Canaria, sa mamma. – Den staden vi skal til, er ei øy utanfor Afrika som heiter Gran Canaria. – Jamen du sa jo Syden, sa eg. – Eg sa det, Svein. Syden er liksom namnet på alle stader ein kan dra til, der det er sol og varme. Alle stadene til saman. Gran Canaria er ein av dei stadene. Akkurat som Kreta er det. Og Rhodos. Eller Algarve. For­ skjellige stader. Forskjellige land. Men alt er Syden. Fordi vi reiser sørover.» Frå Marit Nicolaysen: Svein og rotta i Syden, Aschehoug 1998

18

www.gyldendal.no/kontekst

«– Vi skal til Syden, sa jeg. – Hørte du ikke hva mamma sa? – Hva er det? spurte han. – Hva det er? Vet du ikke hva Syden er? spurte jeg. Han ristet på hodet. – Syden, sa jeg, – det er et land der det alltid er varmt i vannet, og du bor på ho­ tell med svømmebasseng og sandstrender. Og så må du reise med fly. Fly, Magnus. Du skal reise med fly! – Yes, ropte Magnus. – Gran Canaria, sa mamma. – Det stedet vi skal til, er en øy utenfor Afrika som heter Gran Canaria. – Jamen du sa jo Syden, sa jeg. – Jeg sa det, Svein. Syden er liksom navnet på alle steder man kan dra til, der det er sol og varme. Alle stedene til sammen. Gran Canaria er ett av de stedene. Akkurat som Kreta er det. Og Rhodos. Eller Algarve. Forskjellige steder. Forskjellige land. Men alt er Syden. Fordi vi reiser sørover.»


a Kva heiter desse orda på nynorsk: svømmebasseng – svømme – et sted – vannet – ikke b Omset desse setningane til nynorsk: Svein og rotta reiser med fly til Syden. De skal til Gran Canaria, en øy som ligger utenfor Afrika. Begge to gleder seg til å surfe, svømme og leke på de lange sandstrendene. c Er denne setninga skriven på bokmål eller nynorsk? «Vi skal til Søren,» sa Svein og rotta, men mor sa at det var til Syden. d Lag fem faktasetningar om ein gong du var i Syden. Pass på at setningane gir informasjon om viktige sider ved turen, for eksempel: når du drog – kvar du skulle – kven som reiste – kor lenge du var borte spennande hendingar – kven du møtte osv.

Oppgåve 19 Dette lesarbrevet stod i ei avis: Er ishockey berre for gutar og riding berre for jenter? Er ein gut femi om han driv med rytmisk sportsgymnastikk? Er ei jente «gutete» om ho likar innebandy?

Er ishockey bare for gutter og ridning bare for jenter? Er en gutt femi om han driver med rytmisk sportsgymnastikk? Er ei jente «guttete» om hun liker innebandy?

Kvifor spelte ingen jenter fotball for 50 år sidan, dreiv med styrkeløft eller kampsport? Kvifor er det flautt for ein gut å danse ballett?

Hvorfor spilte ingen jenter fotball for 50 år siden, dreiv med styrkeløft eller kampsport? Hvorfor er det flaut for en gutt å danse ballett?

Ja, kva tenkjer du? Er det verkeleg slik at enkelte sportsgreiner berre passar for eitt kjønn?

Ja, hva tenker du? Er det virkelig slik at ­enkelte sportsgreiner bare passer for ett kjønn?

Nina Nina

a Kan du skrive bare på nynorsk? b Kan du skrive desse orda på annan måte på nynorsk: tenkje, likar c Skriv eit svar på dette lesarbrevet. Lag overskrift sjølv. d Er det ein «jentesport» du synest ikkje passar for gutar? Kvifor? e Er det ein «gutesport» du synest ikkje passar for jenter? Kvifor?

Nynorsk – eit første møte

19


Oppgåve 20 Her ser du førstesida til nettutgåva av avisa Hallingdølen for måndag 8. august 2005

a  Sjå på menyen og omset desse orda til bokmål: Fyrsteside Lokale nyheiter Sport Kultur Leiar Lesarbrev Ytringar Hugsar du dette? Ung i Hallingdal Innanriks Utanriks b  Kva kan du skrive på bokmål i denne menylina?

c  Vel ein av dei tre nyheitsartiklane, og omset det som står på førstesida om denne, til bokmål. d Vel ein av dei tre nyheitsartiklane, og skriv heile artikkelen.

20

www.gyldendal.no/kontekst


Oppgåve 21 Kva trur du er dei vanlegaste orda i norsk? I ein database ved Universitetet i Oslo er det lagt inn ei ordsamling på nesten 10 millionar ord frå aviser, vekeblad, skjønnlitteratur og faglitteratur, til saman er det ca. 376 000 ulike ord. Det finst ei samling for nynorsk og ei for bokmål.

a  b  c  d

Dei mest brukte orda i bokmål og nynorsk Bokmål

Nynorsk

den i og vera ein på til ha med å

i og det er på til som en for å

Kor mange ord er like på nynorsk og bokmål i denne 10-på-topp-lista? Finn du substantiv eller verb her? Kva ordklassar tilhøyrer desse orda? Kor mange av bokmålsorda kan du ikkje skrive på nynorsk, og kor mange av nynorskorda kan du ikkje skrive på bokmål? Omset dei til den andre språkforma.

Oppgåve 22 I boka Verdt å vite [trur eg] har Ragnar Hovland skrive dette om gutar og jenter:

Gutar Gutar er meir høgrøysta enn jenter, og dei er vanlegvis litt meir interesserte i bilar og sport. Men dette er i ferd med å utjamne seg. Det blir ofte sagt (av jenter) at gutar berre tenkjer p�� éin ting. Dette er ikkje heilt sant, dei tenkjer også mykje på sex.

Jenter Jenter er som regel penare enn gutar og litt vanskelegare å bli klok på. Korfor skal dei t.d. alltid gå saman på do? Kva er det dei snakkar om? Men blir ein først kjend med jenter, så er det ikkje så farleg om ein ikkje forstår alt, sjølv om ikkje alt hos dei verkar like logisk. Kven har sagt at ein skal forstå alt? Det viktige er at det kjennest fint å vere saman med dei, og at ein kunne tenkje seg å vere det for alltid.

Nynorsk – eit første møte

21


a Kva er det som gjer desse tekstane humoristiske? b Kva tekst likte du best? Kvifor? c Skriv ein liknande tekst om eit anna tema, men med din eigen humoristiske vri.

Oppgåve 23 I dei første oppgåvene her skal du «lese» diagrammet: a I kor mange fylke er det elevar med nynorsk som opplæringsmål? b Kva fylke har fleire elevar med nynorsk enn bokmål som opplæringsmål? c Omtrent kor mange elevar går det i 1.–10. trinn i Vestfold? d Kvar går det flest elevar, i Rogaland eller i Oslo? e Omset dette til nynorsk: Elevenes målform i grunnskolen.

Elevenes målform i grunnskolen etter region, 2003 Østfold Oslo Oppland Vestfold Aust-Agder Rogaland Sogn og Fjordane Sør-Trøndelag Nordland Bokmål Finnmark /Finnmárku

Nynorsk 0

10000

Kilde: Statistisk sentralbyrå

22

www.gyldendal.no/kontekst

20000

30000

40000

50000 60000 Antall elever


Vi arbeider med tekstar

I denn e delen møter novelle du teks r, even tar på tyr, art og son nynors i k lar, sm gteksta k, bl ånotisa r , intervj andre r, teikn ant anna u, repo tekstty eseriar par. De rtasjar, Skriveo , di t er to d i a ppgåve g r a oppgåv m og m kt r med gåver i e ang t y p spørsm ulike sj ål til te ar til tekstane e angrar I språk kstane : og oppgåv , skrive ene ska omsetjing til og gjer o p p o l du ar e deg k beide m g frå nynorsk jend m . ed ord ed nyn kl orsk sp I tillegg råkførin assane finn du g. tre fast e innsl ag: På nyn orsk – P å bokm Typiske ål nynors ke ord bokmå o g uttry l. kk blir saman Vi kan likna m skrive ed Opplys ningar om ord former de og skri vemåta r du kan velje r. blant fl eire Lesetip s Her fin n du ti ps om og nett aktuell adresse e bøke r. r, teikn eseriar I denn e delen kjem d u til å: -  bru ke -  lese nynorsk som skriftsp tekstar rå i ulike -  stu sjangra k dere sp r råklege -  sam tre le på o rd og u kk i tekstane -  få t ttrykk ips om bøker, og nett t e ikneser ressurs iar ar


Fakta om nynorsk Opplysningane under byggjer på informasjon frå Norsk språkråd som du finn på denne nettadressa: www.sprakrad.no Her søkjer du deg vidare i menyen til venstre på nettsida. Gå inn på –> Fakta om norsk, deretter –> Språkstatistikk og så er du ved–> Nokre nøkkeltal.

Nynorsk i kommunane 116 kommunar av i alt 435 har gjort vedtak om nynorsk som målform, 164 har bokmål som målform, 155 kommunar er språkleg nøytrale.

Nynorsk i fylka Fire fylke har nynorsk som fleirtalsmålform: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fleirtalsmålforma er den målforma som flest kommunar har kravt når det gjeld brev frå staten.

Nynorsk og sjølvmeldinga Om lag 11 % av befolkninga ber om å få sjølvmeldinga på nynorsk. Kjelde: Skattedirektoratet

Nynorsk og dei vernepliktige Alle som er inne til førstegongsteneste i militæret, blir spurde om kva mål­ form dei bruker. Statistikken under viser at 8–11 % av dei vernepliktige oppgjev nynorsk som målform: 1997: 11,2 % 1998: 10,7 % 1999: 10,3 % 2000: 10,4 % 2001: 12,9 % 2002:   8,2 % 2003:   9,5 % Kjelde: Vernepliktsverket

Nynorsk som opplæringmål i grunnskolen Per 1. oktober 2003 hadde 89 465 av 617 577 elevar i grunnskulen nynorsk som målform (dvs. 14,5 %), 527 064 hadde bokmål, 962 samisk. Kjelde: Statistisk sentralbyrå

24

www.gyldendal.no/kontekst


POSTEN

Nynorsk og avisene Ein firedel av avisene i Noreg blir redigerte på nynorsk, to tredelar av avisene blir redigerte på bokmål, resten (10 %) blir redigerte både på bok­ mål og nynorsk. Det er likevel bokmålet som styrer dei store avisene, sjølv om somme større aviser, mellom anna «Bergens Tidende», blir redigerte både på bokmål og nynorsk. Ser ein på opplaget, utgjer dei reine nynorsk­ avisene 6 % av det samla avisopplaget, dei blanda avisene 5 %, og bokmåls­ avisene 89 %. Kjelde: Nynorsk faktabok 1998

Nynorske bøker 9 % av bøkene som blir gitt ut her i landet, er på nynorsk. I 2001 var 295 av 3317 norskspråklege bøker på nynorsk, dvs. 8,9 %. Kjelde: Statistisk sentralbyrå/Nasjonalbiblioteket

Vi arbeider med tekstar

25


Skriveoppgåver 1 Kva faktaopplysning overraska deg mest? Grunngi svaret ditt. 2 Er det nokre av dei større avisene som blir redigerte på nynorsk? 3 Når det gjeld nynorsk som opplæringsmål, kan du hente statistikk frå Statistisk sentralbyrå. Gå inn på denne adressa, så finn du opplysningane frå det siste året det er statistikk for. Undersøk om tala har endra seg. Du går inn her: statbank.ssb.no/statistikkbanken/ Dette er til vanleg ganske stabile sider, så du skal komme til ei side der du finn statistikk om ulike forhold i grunnskolen. Informasjonen er blant anna samla i desse overskriftene:

4 Kva statistikk ville du sjå nærare på for å finne opplysningar om elevars målform? 5 Er nokre av desse tabelloverskriftene skrivne på nynorsk? Kven?

26

www.gyldendal.no/kontekst


Språkoppgåver 6 Bøy desse substantiva: Meir om dette på side 106 ei opplysning

opplysningar

ei sjølvmelding ei avis

avisene

7 Kven er det som redigerer ei avis? 8 Omset fem av tabelloverskriftene på side 26 til nynorsk.

PÅ NYNORSK

PÅ BOKMÅL

Vi kan skrive

mellom anna eller blant anna reine fleirtal eigenbetaling tal

blant annet rene eller reine flertall egenbetaling tall

grunnskole eller grunnskule oppgjev eller oppgir

Lesetips Finn Øglænd: Amok, Det Norske Samlaget 2004 I åpningsteksten Amok i novellesamlinga med same namn møter vi tiandeklassingen Stian E. ein dag han føler seg provosert til å stikke av frå skolen. Vidare møter vi han same dag i fleire episodar der det ber verkeleg gale av stad. Som lesarar blir vi både tiltrekt og fråstøytt av Stian E.

Vi arbeider med tekstar

27


Mjau Mjau Bjørn Ousland, John Arne Sæterøy, Frode Øverli, Karine Haaland og Lise Myhre er blant dei mest kjende norske teikneserieskaparane i dag. Eller kanskje du kjenner seriane betre? Mjau Mjau, Pondus og Nemi. Anten teikneseriar kjem som enkeltstriper, heile sider eller i større album, plar det vere ein vekselverknad mellom teikning og tekst. Jason kallar ein av serieskaparane seg, han har utvikla ein serie utan ord. I eit intervju blir han spurd kvifor han starta med stumme seriar i Mjau Mjau. Han svarer at han hadde sett andre stumme seriar og fekk lyst til å lage slike sjølv. Det var også mogleg å arbeide raskare på den måten. Ein annan ting er at stumme seriar kan lesast overalt, og det er lettare å bli distribuert i utlandet og komme i kontakt med utanlandske forlag. Under ser du ei av forteljingane frå Mjau Mjau 5.

Jippi Forlag

28

www.gyldendal.no/kontekst


Skriveoppgåver 1 Kva er ein stum serie? 2 Fortel historia i denne teikneserien med ord. 3 Tenk deg at du skulle lage tekst til eitt av bileta i teikneserien foran. Kva bilete ville du velje, og kva ville du skrive? 4 Du kan samanlikne med kva dei andre foreslo.

Språkoppgåver 5 Bøy substantiva: Meir om dette på side 103 ein teikneserie, ein teiknar, ei teikning 6 Kva er eit album? 7 Kva tyder det å distribuere?

PÅ NYNORSK

PÅ BOKMÅL

Vi kan skrive

ein teikneserie ei teikning ein teiknar

en tegneserie en tegning en tegner

bilete [bilde] mog(e)leg [muleg]

Lesetips Frode Øverli: Pondus Flat firer, Schibstedforlagene 2004 Ein skulle tru at Frode Øverli med si fjerde samling skulle begynne å vise enkelte teikn på dårleg form, men langt derifrå. Persongalleriet er det same, og fleire av poenga er kjente, men strek og oppbygging er like frisk som tidlegare. Dialogen er spenstig, morosame referansar ligg på lur (sjekk bare namnet på enkelte fotballspelarar!).

Vi arbeider med tekstar

29


hansenolsenjensenp 30

Kva er namnet? I dag har dei aller fleste nordmenn både førenamn og etternamn, men slik har det ikkje vore til alle tider.

Namn etter far Olav Tryggvason hadde ikkje noko etternamn, han heitte Olav og var son til Tryggve Olavsson. Denne gamle skikken frå vikingtida var den vanlege måten å lage namn på til langt opp mot vår tid. Det var altså ikkje noko fast etternamn i familien. Førenamnet var det eigentlege namnet med eit tillegg som viste kven faren (eller mora) var. Dette tillegget kallar vi for patronym eller farsnamn. Per Anderson eller Per Andersen hadde ein far som heitte Anders til førenamn. Berit Larsdotter var dottera til Lars. Mann og kone hadde kvart sitt patronym også etter at dei gifta seg.

Same etternamn i familien Fram til 1850 budde dei fleste nordmenn på landsbygda, men fleire og fleire begynte å flytte til byane for å arbeide i fabrikkar, i butikkar og på kontor. Det var på denne tida folk i byane begynte å ta same etternamn for heile familien. Vanlegvis var det etternamnet til mannen i huset. Dersom far heitte Ole Andersen, mor Kari Hansdotter og barna Knut Olssønn og Anne Olsdotter da dei flytte til byen, ville dei i byen ta etternamnet Andersen. Og etterkommarane heiter kanskje Andersen også i dag. I 1923 vedtok Stortinget ei lov som sa at mor og far og barn i den same familien måtte ha felles etternamn, også dei som budde på landsbygda. Det førte altså til at far, mor og barn fekk felles etternamn. Seinare har det blitt vanleg at mor og far har forskjellig etternamn. Mange barn har i dag anten etternamn etter mor eller far, eller begge to.

Namn etter gardsnamn Tre fjerdedelar av alle nordmenn har etternamn som også er gardsnamn. Det finst minst 50 000 gardsnamn i Noreg, og då seier det seg sjølv at det også må finnast mange ulike etternamn av desse gardsnamna. Gardsnamna fortel oftast noko om korleis garden ligg til i naturen, og same orda for naturformer vil vi derfor finne i etternamna. Dei vanlegaste etternamna av gardsnamn er Berg, Haugen, Hagen, Dahl, Lund og Moen. Men det er også samansette gardsnamn som Bondevik, Aukrust, Bjørndalen og Ullevålseter.

www.gyldendal.no/kontekst


Andre namnetypar Det finst nokre andre typar etternamn enn gardsnamn og sen-namn. Forfattaren Petter Dass har ikkje fått namn etter det du trur, men skotsk Dundas som er ei samansetjing av ås, bakke og sør. Skodespelar Nils Gaup har eit samisk etternamn som slett ikkje tyder gaupe, men er utvikla av mannsnamnet Jakob. Skodespelaren Maria Bonnevie ber eit opphavleg fransk etternamn, av Bona via, den gode vegen. Mange innvandrarar med muslimsk tru har ei form av namnet til profeten Muhammad som etter­ namn, og det vanlegaste vietnamesiske namnet er Nguyen. Olav Veka, skrive for www.puggandplay.no

Skriveoppgåver 1 Kva er eit patronym? 2 Kva er ditt farsnamn? Skriv etternamnet ditt slik det ville vere dersom du hadde eit patronym som etternamn. 3 Nemn nokre etternamn av typen gardsnamn frå kommunen der du bur. 4 Kva veit du om etternamnet ditt? Høyrer det til i ei av gruppene over?

Språkoppgåver 5 Bøy desse substantiva:

Meir om dette på side 103

eit etternamn

etterkommarane

nordmenn

ei dotter

innvandraren

6 Bøy desse verba: Meir om dette på side 127 å plassere å

fortel

å

har ført

å bu

Vi arbeider med tekstar

31


På nynorsk

På bokmål

Vi kan skrive

eit namn, namnet mange innvandrarar ein skodespelar fleste frå dotter ein son

et navn, navnet mange innvandrere en skuespiller fleste fra datter en sønn

noko eller noe vanleg eller vanlig

Lesetips www.ssb.no På sidene til Statistisk sentralbyrå finn du statistikk om alt. For å finne namnestatistikken, må du klikke deg inn på bokstaven N i menyen til venstre. Her vil du finne emnet «Navnestatistikk». Der finn du alt du vil vite om namn. Dei vanlegaste førenamna og etternamna, dei mest populære namna det året du vart fødd, kor mange som heiter det same som deg. Det er ikkje den opplysninga om namn du ikkje finn her.

32

www.gyldendal.no/kontekst


Fredag den 13. Seier du «kross på halsen»? Misliker du fredag den 13. eller å gå under ein stige? Kort sagt: Er du overtruisk? Overtru er ein del av kvardagen vår og ein arv vi har med oss frå tidlegare tider. Skilnaden på før og no er at den gongen visste folk kvifor dei var redde for fredag den 13. eller for å gå under stigen, men i dag veit vi ofte ikkje det lenger.

Krysse fingrane og kross på halsen Vi kryssar fingrane for at noko skal gå bra. For å få andre til å tru på oss, seier vi kross på halsen. I vår del av verda er krossen viktig på grunn av Jesu krossfesting, men krossen var også eit kjent symbol i førkristen tid.

Knust spegel, sju års ulykke Før trudde folk at det var si eiga sjel dei såg når dei såg seg i spegelen. Å øydeleggje spegelen var å øydeleggje seg sjølv. Var ulykka ute, gjaldt det å vaske spegelbitane i ei elv som rann sørover.

Fredag den 13. Talet 13 har stått for ulykke først og fremst på grunn av lagnaden til den 13. gjesten ved den siste nattverden. Så sterk er denne overtrua at fleire hotell ikkje har nokon 13. etasje. Fredag er ein ulykkesdag blant anna fordi Jesus døydde på ein fredag. Heksene heldt sabbat på fredagsnatta, og for­brytarar blei ofte hengde denne dagen.

Godt å vite for overtruiske – Firkløver står for lykke, særleg viss du gir han bort. – Når du klør i øyret, er det nokon som snakkar om deg. – Å søle salt fører til ulykke. Skund deg å kaste ein klype over den venstre skuldra «rett i synet på djevelen»! – Når du ser eit stjerneskot, kan du ønskje deg noko. Stjerna er ei sjel som skal ned for å ta bustad i eit nyfødd barn.

Vi arbeider med tekstar

33


Skriveoppgåver 1 Kjenner du til andre førestellingar som du meiner er overtru, enn dei som er nemnde her? Skriv dei ned. 2 Skriv ei skummel eller humoristisk forteljing som skjer fredag den 13.

Språkoppgåver 3 Bøy desse substantiva:

Meir om dette på side 103

ei ulykke

ulykker

ein hals

halsane

eit stjerneskot

4 Bøy verba i desse to setningane: «Ikkje nys medan du reier opp, da flyg sjela di opp i senga. Neste natt søv du dårleg.»

På nynorsk

På bokmål

Vi kan skrive

ein lagnad, ein skjebne ein kvardag ein spegel, spegelen å spegle seg stjerneskot(t) skilnad, forskjell

en skjebne en hverdag et speil, speilet å speile seg stjerneskudd forskjell

ulykke eller ulukke kross [kors] krossfesting [korsfesting] døy [dø] øydeleggje [øydelegge]

Lesetips Lars Mæhle: Keeperen til Tunisia, Det Norske Samlaget 2002 Det er sommarferie, og hovudpersonen Jo er i Danmark der han møter ei søt jente ved ein minigolfbane. Men boka handlar om mykje meir enn det, blant annan om ein verdfull Elvis-singel og eit innbrot. Denne hausten tårnar bekymringane seg opp for Jo Istad. Han skal begynne på ungdomsskolen og prøve å spele seg til fast plass på gutelaget i fotball. Og «Keeperen til Tunisia»? Ja, det er fotballkortet han manglar før han har eit komplett sett. Uansett kor mange kort han kjøper, så dukkar det ikkje opp.

34

www.gyldendal.no/kontekst


Gutar får mest lommepengar I ei undersøking der 12 000 skoleelevar frå 13 til 19 år vart spurde om pengeforbruket sitt, kom det fram interessante tal. Det synte seg at gutar brukte 550 kroner meir kvar månad enn jenter, i løpet av eitt år blir det 6 600 kroner. Forskarane såg på ulike område som ungdommane brukte pengar til. Ragnhild Brusdal som arbeider ved Statens institutt for forbruksforskning (SIFO), har nokre tankar om kva det betyr at gutar og jenter bruker pengar såpass forskjellig. – Kanskje jentene bruker mindre pengar på underhaldning fordi dei oftare sit heime hos kvarandre og berre skravlar, medan gutane speler musikk, ser videospel og bruker PC når dei er saman? – Gutar er meir interesserte i å skaffe seg datautstyr og sportsutstyr, medan jentene vil ha klede og sminke og gå på kino og kafé. Kjelde: Statens institutt for forbruksforskning 2004

– Jenteting blir ofte oppfatta som meir sløsete og mindre fornuftige i auga til foreldra, seier Brusdal. Foreldra vil jo at barna deira skal lære seg nye ting og vere i utvikling. Da kan det hende dei synest eit nytt moteplagg verkar mindre lærerikt enn eit program til datamaski­ nen. Kanskje jenta da får nei til buksa, medan guten får ja til sitt dataprogram? Gjennomsnittsforbruk per månad

Gut Jente

Godteri Klede, frisør, sminke og anna Kafébesøk, mobiltelefon, diskotek og anna Kino, CD-ar, videospel, blad, konsertar og anna Sportsutstyr, medlemspengar og anna Motorkjøretøy Skolesaker

692

516

433

646

466

413

492

276

252 230 91

150 45 72

Sum

2691

2134

Skriveoppgåver 1 Forskaren som har vore med å lage denne undersøkinga, seier at det ikkje er sikkert desse tala stemmer for alle familiar, sjølv om tala kan seie noko om situasjonen for heile landet. Kva er det i desse tala du synest stemmer/ ikkje stemmer med slik du har det? 2 Kva tal i denne oversikta overraska deg mest, og kvifor overraska det deg? 3 Å bruke pengar fører lett til spørsmålet om korleis ein får pengar. I denne undersøkinga reknar ein inntektene i form av lommepengar, vekepengar eller ekstrajobbar. Korleis får du pengar til ditt forbruk? 4 Lag eit intervju med ein annan ungdom der du tar opp temaet lommepengar. Hugs om intervjuet at du: -  bør presentere personen og temaet -  ikkje stille bare ja/nei-spørsmål -  veksle mellom direkte svar og det å referere kva som blir sagt -  avslutte med eit godt poeng

Vi arbeider med tekstar

35


Språkoppgåver 5 Bøy desse substantiva: ei undersøking, ein forskjell, ein mann

Meir om dette på side 103

6 Bøy desse to verba: Meir om dette på side 126 å

oppfattar

å seie

sa

7 Kva heiter desse bokmålsorda på nynorsk: godteri, klær, videospill, medlemspenger, måned

På nynorsk

På bokmål

Vi kan skrive

ei undersøking, ei underhaldning meir allereie å auke, aukar

en undersøkelse, ei/en undersøking en underholdning mer allerede å øke, øker

forskjell eller skilnad gi eller gje køyret(ø)y eller kjøret(ø)y da eller då

Lesetips Erna Osland: Berre du som veit, Det Norske Samlaget 2004 Vegen til og frå skolen handlar det om, og alle dei som går der. Kven dei er? -  han som alltid må lure seg til skolen, kva har hendt? -  ho som går med kniv i skolesekken, kvifor gjer ho det? -  dei to som går lange omvegar heim frå skolen -  og han som ikkje tør å gå aleine Ti historier er det i denne samlinga, historier om per­sonar som ber på små og store løyndommar. Nokre av løyndommane får du kjennskap til, og enkelte er så vonde at det knyter seg i magen når du les.

36

www.gyldendal.no/kontekst


Dikt Automaten Du set inn – høyrer skillingen gjer djerve sprang der inne: No rumsterer han i sjørøvarkistor, no skjek han himmelens pengetre, no regner det pengar – no dirkar han tunge bankkvelv, no spring låsi, no kjem pengane i slusor – Venting. Uvisse. Singling. Stilt. Ingen ting kjem ut. Olav H. Hauge: Dropar i austavind, Det Norske Samlaget 1966

Storskridaren Du startar i lag med storskridaren. Du veit du kan ikkje fylgje han, men du legg i veg og bruker all di kraft og held lag ei stund. Men han glid ifrå deg, glid ifrå deg, glid ifrå deg – Snart er han heile runden fyre. Det kjennest litt skamfullt med det same. Til det kjem ei merkeleg ro yver deg, kan ikkje storskridaren fara! Olav H. Hauge: Dropar i austavind, Det Norske Samlaget 1966

skjek: presens av skake som tyder riste

Vi arbeider med tekstar

37


Skriveoppgåver 1 På slutten av diktet «Storskridaren» kjem det «ei merkeleg ro» over eg-personen. Kvifor trur du det er slik? 2 Ei av dei siste linene i «Automaten» er slik: «Venting. Uvisse.» Kva tenkjer han-personen i diktet på her? Er det leksene, sommarferien, gevinsten eller noko heilt anna? Lag nokre setningar om det. 3 Skriv dine tankar om eitt av desse dikta.

Språkoppgåver 4 Kva tyder ordet djerv? 5 Kva former ville du bruke for: kistor, slusor 6 På svensk heiter skøyter skridsko, gå på skøyter er å åka skridskor. Korleis heng desse orda saman med ordet storskridaren?

På nynorsk

På bokmål

Vi kan skrive

ein/eit bankkvelv å komme, kjem ein sjørøvar

et bankhvelv å komme, kommer en sjørøver

skjek eller skakar no [nå] dråpe [drope]

Lesetips Marit Kaldhol: Stilk med to, Det Norske Samlaget 2002 Marit Kaldhol har skrive ei bok som kan vere god å ha for deg som treng nokon som forstår deg. Som treng nokon å komme til. Dette er ei diktsamling om det å sjå og komme i kontakt med eit anna menneske og dei tinga som omgir oss.

38

www.gyldendal.no/kontekst


Nano Merk deg like godt ordet med ein gong – nano. Ordet er gresk og tyder dverg. Og da er vi ved det sentrale – det er snakk om noko som er lite, svært lite, nesten umogleg å forstå kor lite det er. I tal kan vi skrive ein nano­meter slik: 0,000 000 001 meter. Nano er altså ikkje eit stoff i seg sjølv, men eit mål. Med nanoteknologien er vi på veg inn i ei verd som utfordrar mange tilvante førestellingar. Ved hjelp av denne teknologien kan forskarane setje saman atom og molekyl i ulike stoff på andre måtar enn det naturen sjølv klarer. Måten molekyla er sette saman på, kan føre til at ting får heilt andre eigen­ skapar enn det vi er vant til. Det er i forhold til kroppen vår forskarane trekkjer fram dei kanskje mest spennande perspektiva. Dei ser for seg at det skal gå an å lage små robotar som blir sende inn i kroppen for å lækje sjukdommar. Dei knøttsmå robotane kan t.d. brukast til å losne opp floker inne i blodårene våre og vere med på å halde oss friske. Visjonane er i det heile mange: •  Briller du bruker til dagleg, kan samtidig vere ein PC-skjerm der du kan sjekke vêret eller sjå kart for å navigere sikkert. •  Klede som ikkje blir tilsølte. Fibrane som blir brukte i slike klede, er manipulerte slik at om du søler, så blir ikkje brus, kaffi eller majones tatt opp av bomulla, men avvist. •  Men ikkje bare klede kan halde seg reine, det er produsert sjølvrensande vindaugsglas. •  Skismurning som får skivoksen til å tilpasse seg føret. Du bruker same voks anten det er vått og mildt eller hardt og tørt skiføre, voksen tilpas­ sar seg snøkrystallane og gir god glid og godt feste uansett. Kjelder: Norges forskningsråd, Nysgjerrigper

Skriveoppgåver 1 Skriv di forklaring på kva nanoteknologi er. 2 Tenk deg at brillene dine er ein PC-skjerm. Korleis kunne det hjelpe deg i kvardagen? 3 Skriv tre faktasetningar om kva ein meiner nanoteknologien kan føre til.

Vi arbeider med tekstar

39


Språkoppgåver 4 Set inn rett form av desse substantiva:

Meir om dette på side 103

ein visjon

PC-skjermane

atom

cella

ein partikkel 5 Set inn rett form av desse verba: Meir om dette på side 126 å ta

har teke [tatt]

å sjekke å

bygde

å vite

På nynorsk

På bokmål

Vi kan skrive

allereie ikkje å sjå, ser fleire ei verd, verda sjukdom

allerede ikke å se, ser flere en verden, verdenen sykdom eller sjukdom

til dømes eller for eksempel byggje [bygge] setje [sette] liggje [ligge]

Lesetips www.nysgjerrigper.no Har du ikkje besøkt denne nettsida tidlegare, så har du noko til gode om du ønskjer svar på noko du lurer på.

40

har visst

www.gyldendal.no/kontekst


Stilskriving mens fuglane flyg forbi Eg må skriva ein stil. Den skal vere ferdig til i morgon. Det er grådig dumt, for ute er det opplett, og eg høyrer rop og spark frå fotballbanen. Eg skriv at far min er ein tulling. At han klatrar i tre, og at mor mi må hogga dei ned for å få han inn att til middag. Det skriv eg, og så les eg det. Eg tenkte at slik går det ikkje an å skriva stil. Stilar er ikkje slik. Derfor rablar eg over det, og tenner meg ei pipe. Nei, eg tenner meg ikkje ei pipe på ordentleg. Eg skriv berre at eg gjer det, for det passa liksom så godt inn. Eg rablar ikkje over noko heller. Det står altså skrive like over her, at eg tenner meg ei pipe. Berre sjå. Men eigentleg sit eg berre og skriv det altså, fordi det passa så godt inn, og fordi eg ikkje kom på noko anna. Opninga på ei novelle av Rune Belsvik frå Tornado og andre noveller, Det Norske Samlaget 1990

Skriveoppgåver 1 Guten i denne novella skal skrive ein stil. Som du ser av opninga, har han problem med å komme i gang med skrivinga. Skriv vidare på denne teksten. Bestem deg for om du vil skrive teksten humoristisk, skummel, trist eller … 2 Guten strevar med å skrive gode skildringar, og for å få til det bruker han samanlikningar. Finn to samanlikningar i dette utdraget:

«Så klatra han opp på nokre greiner, og stod på ei pistrete ei som stakk tørt og spisst ut i lufta som ein blyant. Som ein blyant! Var ikkje det bra skrive? Det høyrest mest ut som ei bok. I bøker er det jo så mykje som er nett som noko. Ein mann som ser ut som eit fuglefjell, for eksempel. Nei. Det var dumt. Det står ikkje i bøker.» Språkoppgåver 3 Bøy desse tre svake verba: å tenkje

Meir om dette på side 127 tenkjer

å rable

rabla

å tenne

Vi arbeider med tekstar

41


4 Og desse tre sterke verba: Meir om dette på side 133 å skrive å vere å sitje

er

sat

5 Guten tenkjer dette om stilen:

«Viss han blir god, så kan det henda læraren les han høgt for heile klassen. Eller kanskje eg får lesa han sjølv til og med.» Kva viser han tilbake til i setningane over? Kvifor er ordet han brukt? Kva ville det heitt på bokmål?

På nynorsk

På bokmål

i morgon i morgen eg jeg eigen(t)leg egentlig sjå, ser se, ser

Vi kan skrive høyre eller høre derfor eller difor gjer [gjør] umogleg [umuleg] berre [bare] tenkje, tenkjer [tenke, tenker]

Lesetips Rune Belsvik: Ein naken gut, Det Norske Samlaget 2000 Arne Bu er hovudpersonen i Ein naken gut. Det har komme tre bøker om han tidlegare, i den første boka gjekk hovudpersonen på ungdomsskolen. I denne fjerde boka fyller Arne Bu 18 år. I ei tidlegare bok stakk han av frå vidaregåande skole, og no bur han på brakke i ein framand by og arbeider på ein byggjeplass. Han lengtar etter ein gammal kjærleik medan han leitar etter ein ny, og reknar med å vende heim ein dag «med ei rose i munnen og sjela full av ville og glitrande minne».

42

www.gyldendal.no/kontekst


Uno Uno kjenner du kanskje igjen som tittelen på ein norsk film for nokre år sidan. Men sidan denne boka kom ut, er det sikkert nye filmar ungdom snakkar om og er opptekne av. Her tar vi med ei filmmelding av Uno.

Uno er ein dramatisk film om pressa situasjonar, brutalitet og svik. Det er ei historie frå det underste indre Oslo. Aksel Hennie speler hovudper­ sonen David. Far hans er dødssjuk, og bror hans har Downs syndrom. David held mesteparten av tida si til på treningsstudioet Jarles Gym – der han og kompisane byggjer kroppane og vennskapen medan steroidar, pistolar og pakistanarar skaper ei stadig meir trugande machostemning. Same dag som David får beskjed om at faren kjem til å døy, gjer poli­ tiet ein razzia på gym’en. Alle i miljøet vert arresterte. David står dermed i eit vondt dilemma. Skal han vere lojal og verne seg sjølv og miljøet, eller skal han tyste på kompisane og dermed få høve til å ta farvel med far sin? Han vel det siste og vert med dette eit jaga vilt i machomiljøet. Men han rekk ikkje far sin. Og med faren død og mora sørgjande, blir han tvinga til å ta ansvaret for bror sin, samstundes som han kjempar for å sleppe vekk frå den kriminelle underverda. Krisa får David til å innsjå kva som verkeleg betyr noko for han i livet. Familien. Han skjønar at han no må ta ansvar for si eiga fortid og framtid. Det har neppe vorte laga ein betre storbyfilm i Noreg før Uno. Den er sjåverdig, truverdig og full av gangsternoia. Og ikkje minst: dialogen flyt for ein gongs skuld realistisk, med ekte streetwise snert. Handverksmessig er det heller ikkje gjort store brølarar – sjølv om det er tydeleg at Hennie har fått hjelp frå kanskje litt for mange ulike regissørar. Uansett; Uno er ikkje bra til å vere norsk. Den er berre bra. Og det er ikkje berre berre det.

Frå Filmguiden.no, omsett av BØ

Skriveoppgåver 1 Kva er tittelen på den beste filmen du har sett i år? 2 Kva type film liker du helst å sjå? 3 Ser du mest film på kino eller på dvd? Kva synest du er skilnaden på dei to måtane å oppleve film på? 4 Kva synest du om denne filmmeldinga? Er det noko du kunne tenkt deg å høyre meir om? 5 Skriv ei filmmelding om ein av dei siste filmane du har sett. Den bør innehalde eit referat av handlinga (men ikkje for mykje), ei vurdering av korleis skodespelarane er, kanskje litt om musikken, foto o.a., og til slutt ei oppsummering.

Vi arbeider med tekstar

43


Språkoppgåver 6 Bøy desse substantiva:

Meir om dette på side 103

ein razzia ein kompis eit miljø ei tid 7 Kva tyder det «å stå i eit dilemma» og «å tyste»? 8 Korleis vil du forklare desse orda: gangsternoia, machomiljø, «med ekte streetwise snert»

På nynorsk

På bokmål

Vi kan skrive

sjåverdig truverdig underverda sjølv å kom(m)e, kjem, døy, [dø] ein gongs skuld

severdig troverdig underverdenen selv å komme, kommer, dø en gangs skyld

tydeleg [tydelig] byggjer [bygger] razzia eller rassia trugande eller truande

Lesetips Erna Osland: Hår i millionar år, Det Norske Samlaget 2000 Kvifor måtte dronning Hatshepsut gå med lausskjegg? Kvifor gav Alexander den store soldatane sine ordre om å barbere seg? Og kvifor skar indianarane hår og hårfeste av fiendane sine? Dette er ei fagbok om hår, ei lita verdshistorie om hår og hovuda det sat eller sit på. Det er ei spennande ferd gjennom tida, historia og ulike kulturar. Heile tida er det hår og hårmotar som er i sentrum, og innhaldet spenner frå dei første tider til vår tid, frå Europa til Asia, Afrika og SørAmerika.

44

www.gyldendal.no/kontekst


Nifse grøss Kvifor liker vi nifse grøss? Ein grøn sjølvlysande dauding kjem ut frå klesskapet og tek kvelartak på den stakkaren som ligg i senga. Nifse skapningar med lange fangarmar kjem frå verdsrommet og dreg folk med seg inn i dei flygande tallerkenane sine. Kvifor ser både vaksne og barn på slike nifse filmar? Og kvifor les vi slike teikneseriar og bøker? Liker vi dei? Eller synest vi berre at vi må sjå dei? Psykologar har freista å finne ut kvifor skrekkfilmar, skrekkseriar og skumle bøker er så populære. Nokre av dei meiner at dei som ser skrekkfilmar, også er redde for at det mest forferdelege skal skje. Dei trur at det på ein måte hjelper å få sjå det nifse når det skjer på ein måte som vi kan kontrollere. For vi veit jo inni oss at vi kan slutte å lese eller slutte å sjå. Dei trur at redsla er noko som må ut og fram. Andre meiner at det slett ikkje hjelper å sjå skrekkfilmar og å lese skrekkbøker dersom ein er redd. Dei trur at vi berre blir enda reddare på den måten. No er det nok heller ikkje slik at vi alltid ser på ekle filmar fordi vi liker det. Ofte kan det nok vere slik at vi ser filmane saman med kameratar anten for å vise kor tøffe vi er, eller fordi det er spennande å vere saman. Og da er vi kanskje ikkje så redde heller? Vi arbeider med tekstar

45


Vampyren Dracula Dracula er blant dei nifse skapningane som er mest kjend i vår del av verda. I mange land finst det forteljingar om daudingar som skaper seg om for å kunne suge blod av andre. Men det var den irske forfattaren Bram Stoker som laga den første forteljinga om den nifse vampyren Dracula. Ut frå nokre gamle forteljingar om ein som vart kalla for Dracula og levde på 1400-talet, dikta Stoker den kjende romanen sin. Seinare har andre forfat­ tarar skrive nye vampyrforteljingar, og det er spela inn mange Dracula-filmar. I nesten alle forteljingane er det slik at dei som blir bitne av ein vampyr, sjølv blir vampyrar. Og ofte kan dei skape seg om til flaggermus som syg blod.

Nifse skapningar frå verdsrommet Det var rundt år 1900 at science fiction-forfattarane tok til å skrive bøker om skumle vesen som kom frå verdsrommet. Det var nok slett ikkje tilfeldig at slike bøker tok til å komme nettopp da. Sjølv den mest bortgøymde krok på jorda vart utforska, samstundes som det vart gjort nye oppfinningar heile tida. Jules Verne var truleg den første forfattaren som sende folk til månen. Det skjedde alt i 1865. Ferda var heller udramatisk. Dei hadde ikkje med seg oksygen, men derimot ei høne slik at dei skulle få friske egg. Først da boka Kampen mellom klotane av H.G. Wells kom i 1898, vart det verkeleg skum­ melt. Da kom det fæle skapningar frå verdsrommet og øydela jorda. Ein gong denne romanen vart send som radioteater i USA, trudde folk at det var sant, og mange vart livredde. Mange folk trur på ufoar, og mange meiner dei har sett framande farkostar, men så langt finst det ikkje noko bevis på at eit einaste romskip frå andre planetar har vore på jorda. Mangt og mykje kan vere vanskeleg å forklare, men eit bevis som alle er einige om, finst ikkje. Omarbeidd frå Norsk Barneblad

Skriveoppgåver 1 Forklar desse orda: robot, vampyr, science fiction 2 Kva tenkjer du på med ordet grøss? Kva slags filmar, bøker og hendingar får deg til å grøsse? Skriv ein kort tekst om dette. 3 Slå opp i eit leksikon og finn ut noko om Jules Verne eller H.G. Wells. Skriv ein forfattarpresentasjon av ein av dei. 4 Du skal halde eit foredrag om grøssarsjangeren på film eller i bok. Skriv eit foredrag eller lag ein presentasjon på PC, anten om Jules Verne eller H.G. Wells, om Dracula-myten eller noko anna «grøssande».

46

www.gyldendal.no/kontekst


Språkoppgåver 5 Bøy desse svake verba: bu, meine, kikke, like, vise, kalle

Meir om dette på side 127

6 Set inn rett form av substantiva:

Meir om dette på side 103

ei bok

bøkene

forteljinga

eit skap

romanen

romskip

ein planet

På nynorsk

På bokmål

Vi kan skrive

å fortelje, fortel ein teikneserie framande grøn, grønt øydela

å fortelle, forteller en tegneserie fremmede grønn, grønt ødela

samstundes eller samtidig øydeleggje [øydelegge] truleg [trulig] mykje [mye] no [nå]

Lesetips Lene Kaaberbøl: Skammarens dotter, Det Norske Samlaget 2002 «Sjå på meg, di lusete vesle pyntedokke. Sjå meg inn i auga!» Det hadde ho ikkje mykje lyst til. Ho skreik og gret og prøvde å lukke auga, men eg hadde taket på henne, og eg hadde ikkje tenkt å sleppe. «Sjå på meg!» kveste eg ein gong til, og det var som om ho ikkje sjølv kunne bestemme meir. Dei kornblomblå auga gleid opp og stirte rett inn i mine. «Du er sjølvopteken og bortskjemd,» kviskra eg. Det var ikkje nødvendig å snakke høgt no, for ho kunne høyre meg like tydeleg som ho kunne høyre sine eigne tankar.

Menneska som har denne evna, blir kalla Skammarar, fordi dei kan få folk til å innsjå kva dei har gjort gale, og få dei til å skamme seg over handlingane sine. Mora til Dina er ein Skammar, og Dina har arva evna, noko Dina synest er dumt. Alle vennene sviktar henne, og ingen tør sjå henne inn i auga, av frykt for å måtte skamme seg.

Vi arbeider med tekstar

47


Bjarne Øygarden

KONTEKST 8-10 - norskverk for ungdomstrinnet Omfattar • • • • • • • •

Basisbok Basisbok Parallellbok Tekstar 1, 2, 3 Oppgåver Ressursperm CD Basisbok, CD 1–3 Tekstar 1–2, CD Tekstar 3 Fordjuping i norsk Nettstad www.gyldendal.no/kontekst

Tilleggsbøker Les – lesestrategiar 1–3 Rettskriving 1–3 Grammatikk og rettskriving Grammatikk og rettskriving – fasit Nynorskboka Nynorskboka – fasit

NYNORSKBOKA 8-10 - for deg som skal skrive nynorsk! Boka lar elevane møte nynorsk i eit spennande samspel med bokmål. Mange saktekstar og skjønnlitterære tekstar gir elevane ein motiverande inngang til arbeidet med språkoppgåver og til skriving i ulike sjangrar.

• • • • • •

tekstar i mange sjangrar fyldig grammatikkdel kortfatta språkhistorie nyttige skriveråd tips til vidare lesing varierte språk- og sjangeroppgåver

NYNORSKBOKA 8-10 hører til KONTEKST – norskverk for ungdomstrinnet, men kan brukast uavhengig av læreverket.

ISBN 978-82-05-32934-8

NYNORSKBOKA

• • • • • •

: Bjarne Øygarden

NYNORSKBOKA 8-10


Kontekst 8-10 Nynorskboka