Page 1

Ulvik SV

Valprogram 2019-2023


Når me no går inn i ein ny valperiode og skal staka ut kursen for framtida, vil dei vedtaka me har gjort og prosessane me har vore inne i denne perioden følgja oss. Det er klart at Ulvik held fram som eigen kommune, og me må finna nye løysingar på kommunale samarbeid. Fleirbrukshallen er ferdig, til glede for unge og vaksne. Ulvik omsorgstun vil stå ferdig til vinteren, og vil bli ein moderne og god sjukeheim. Dei store investeringane dette har medført, saman med svekka inntekter, gjer at me får ein tøff økonomisk situasjon i åra som kjem. Me vil måtta halda fram med å ta ned den kommunale drifta for å få budsjetta til å gå i balanse. Dette merkast no ute i einingane. Ulvik herad har enno eit unytta verkemiddel for å auka inntektene sine, og det er å innføra eigedomsskatt i heile kommunen. I ei tid som vil krevja tøffe prioriteringar skal Ulvik SV framleis vera det raude og grøne partiet, som kjempar for rettvis fordeling og ei berekraftig utvikling. Ulvik må sjå si rolle i det store biletet, ta sitt ansvar for miljø og klima, og syna internasjonal solidaritet. Omsynet til innbyggjarane i Ulvik skal stå sentralt i utviklinga av Ulvik som ein god stad å bu. Dersom dei som alt bur i Ulvik er nøgde med tilbod og tenester, og er stolte av å bu her, vil også potensielle etablerarar og tilflyttarar kunna byggja ei god framtid her.

Ein god stad å leva Kommunen si viktigaste oppgåve er å sikra gode, lovpålagte tenester til innbyggjarane. Ulvik SV vil arbeida for å sikra gode tenester til dei som treng det mest. Den viktigaste ressursen innanfor tenesteproduksjon er den menneskelege. Tilsette må få tid og tillit til å utføra arbeidet sitt. Dei kommunale bygga må vedlikehaldast, og det må utviklast årlege vedlikehaldsplanar i samband med budsjetta. Ulvik SV vil prioritera brukarretta tenester framfor auke i sentrale, administrative stillingar. I ei tid med reduserte økonomiske rammer må ein halda eit særskilt fokus på heradet si arbeidsgjevarrolle. Ulvik SV vil innføra eigedomsskatt for å sikra eit godt tenestetilbod.

Foto: Tunagarden

Ulvik – kvar står me no?


Ulvik SV om heradet som arbeidsgjevar: • Ulvik herad må satsa på kompetanseheving som eit tiltak for å auka

arbeidsglede, sikra rekruttering og for å gje best mogleg tenestetilbod.

• ved kvar utlysing av deltidsstillingar skal ein vurdera om stillinga kan lysast ut som heil stilling

• kommunen skal ha minst to lærlingar

Skule

Ulvik SV vil: • arbeida for ein fulldelt skule, eventuell samanslåing av

klassar bør vere pedagogisk, ikkje økonomisk grunngjeve

• sikra midlar til å oppgradera og utbetra uteområdet ved skulen • gjeninnføra skulemåltid med ekstra løyving til skulen • arbeida for at Hardanger produksjonsskule, fagskuletilbodet og vaksenopplæring gartnar held fram på Hjeltnes

• oppretthalda norskopplæring til framandspråklege innflyttarar

Helse, sosial og omsorg Ulvik SV vil:

• ta imot flyktningar i den grad me vert bedne om det gjennom FN og norske styresmakter

• sikra ei god helseteneste, som og femnar om legevaktordning

og ei ambulanseteneste som innbyggjarane kjenner seg trygge på

• sikra gode avlastingsordningar for familiar med store omsorgsoppgåver • at barnetrygda skal haldast utanfor når sosialhjelp skal reknast ut • gje oppfylgjing til flyktningar for å hjelpa dei inn på arbeidsmarknaden


Foto: Tunagarden

Næring og utvikling Ulvik skal vera ein god plass å bu og vitja. I spennet mellom tradisjon og fornying ynskjer me å utvikla Ulvik med fokus på våre tradisjonelle og naturgjevne ressursar - landbruk, reiseliv og kultur. Ved å verta ein Cittaslow-kommune har Ulvik teke eit viktig vegval. Gjestfridom, lokalt særpreg og miljøomsyn skal vera styrande for utvikling. For å sikra eit levande lokalsamfunn er det viktig med eit mangfaldig kulturliv og møteplassar for fastbuande og gjester. Ulvik SV vil arbeida for vidare nærings- og bygdeutvikling med grøn og lokal profil.

Næring, reiseliv og landbruk Ulvik SV vil: • leggja til rette for berekraftig reiseliv som bidreg til lokal verdiskaping - me seier nei til seawalk

• kommunen skal nytta offentlege innkjøp og anbud aktivt for å leggja til rette for bruk av lokale tenester og varer. Miljø, lokal tilknyting og anstendige arbeids- vilkår må inn som kriterium

• ha miljø som kriterium i tildelingar frå næringsfondet • stø opp om ei utvikling av Holmen som eit område for friluftsliv, reiseliv og grøn næring

Sentrumsutvikling Ulvik SV vil: • at Ulvik skal ha eit grønt og blomerikt sentrum – prioritera vedlikehald av grøntområde

• at sentrum skal vera ein levande og god møteplass for fastbuande og gjester


• prioritera mjuke trafikantar framfor biltrafikk i sentrum • utvikla retningsliner for visuell utforming i sentrum

Bustadar og tomter Ulvik SV vil: •

at det skal vera attraktive byggeklare tomter, t.d på Skeie-feltet

bruka bustadstiftinga som eit aktivt verkemiddel for å sikra variert bustadmasse

utvikla «leige til eige»-modell for å hjelpa folk inn på bustadmarknaden

gjera det mogeleg å byggja nye bustader i grendene

Kultur Ulvik SV vil: •

senka billettprisane på folkebadet

sikra varierte lokale kulturtilbod som ungdomsklubb, bibliotek og kino og skjerma desse mot eventuelle kutt

oppretthalda stillinga som ungdomsarbeidar

sikra at kulturskulen kan gje eit breitt tilbod til born og unge

stø opp om aktivitet knytt til eigedomen i Holmen, særleg med tanke på å fremja Catharina Kølle som eit viktig kulturminne.

Harald Gorm Johnsen Eg har yrkesbakgrunn frå helse- og sosialsektoren. Eg kjenner den kommunale saksgangen godt og ser fram til å bruka denne kompetansen som politikar i Ulvik. Ulvik vert førebels ikkje slått saman med andre kommunar. Utfordringane med tanke på korleis me løyser oppgåvene våre vert stor. Med stramme økonomiske rammer vil eg arbeida for at heradet nyttar ressursane sine til mest mogleg gagn for innbyggjarane.

1.


Foto: Tunagarden

Klima og miljø Ulvik SV tek dei globale klima- og miljøutfordringane på største alvor. Ein ny FN-rapport peikar på at tap av natur er ein minst like stor trussel for menneska som klimaendringane. Difor vil slike omsyn vega tungt i politiske avgjerder. Ulvik er ein liten kommune i den store samanhengen, men alle utslepp og miljøpåverknader er lokale, og Ulvik må aktivt ta ansvar for å ta vare på naturmangfaldet. Ulvik SV ser at eit miljøvenleg samfunn er eit godt samfunn for alle og vil arbeide for ei grøn framtid.

Ulvik SV vil: • kartleggja viktige område i ein naturmangfaldsplan, verna myrområde og områda til sårbare artar som sjøaure og villrein

• at Ulvik herad skal velja miljø- og klimavenlege alternativ i den daglege drifta

• redusera reiseverksemd i kommunal samanheng til fordel for videokonferansar

• at natur- og miljøomsyn skal vega tungt i utbyggings- og plansaker


Gunnbjørg Øyre Eg arbeider som avdelingsleiar ved Voss gymnas. Eg har vore med i heradstyret i to periodar, og i ein periode var eg varaordførar. Dei to siste periodane har eg vore med i Kontrollutvalet. Eg ser på det å vera folkevald i Ulvik som ein dugnad for bygda og ynskjer å bidra til ei god utvikling. Eg meiner det er viktig at Ulvik framover kan levera god kvalitet på tenestene til innbyggjarane. Med ein stram økonomi framover vil me måtta prioritera strengt, og då må kjerneoppgåvene og dei svakaste koma fyrst.

2.

Usama Ismael Eg er fødd og oppvaksen på Gaza-stripa i Palestina. Eg flytta til Noreg for ti år sidan, og bur no i Ulvik med kone og tre barn. Eg er utdanna jurist, og arbeider som tolk og som vikar på Brakanes skule. Ein viktig familiesak for meg er at born i barnehagen og på skulen skal få varm mat og gratis SFO. Eg er oppteken av at Ulvik skal vera ein internasjonal og multikulturell kommune. Når fleire familiar flyttar til Ulvik vert det fleire arbeidsplassar.

3.

Torunn Pedersen Polden Eg er pensjonert barnehagelærer, men arbeider framleis med kvalitetsutvikling i barnehagar. Eg har budd i Osa i Ulvik i 28 år, og har vore med i ulike politiske utval. Eg har stor tru på at me som einskildmenneske kan påverka samfunn og miljø. Eg er særleg oppteken av born sine oppvekstvilkår. Eg ynskjer å ta vare på og utvikla dei kvalitetane som er i Ulvik: natur, kultur, landbruk og eit roleg levesett.

4.


Ulvik SV si valliste: 1. Harald Gorm Johnsen, f. 1951 2. Gunnbjørg Øyre, f. 1956 3. Usama Ismael, f. 1984 4. Torunn Pedersen Polden, f. 1953 5. Hanne Li, f. 1978 6. Lars Helge Ljone, 1951 7. Vibeke Wikene Johnsen, f. 1960 8. Silke Hein, f. 1974 9. Anders Bakk, f. 1970 10. Katinka Kilian, f. 1985 11. Jonas Håheim Bakk, f. 2000 12. Jenny Wright Johnsen, f. 1985 13. Gunne Stana Dolve, f. 1953 14. Bård Fleten, f. 1959 15. Wenche Opedal, f. 1956 16. Sunniva Måneulv Sæterdal, f. 1989 17. Agnar Kleppe, f. 1946 18. Svanhild Dybsland, f. 1953

20. Guro Ljone, f. 1982

Foto: Tunagarden

19. Jorid Lekve Eide, f. 1982

Profile for Guro Ljone

Ulvik SV Valprogram 2019-2023  

Her er programmet som vi går til val på i kommunevalet 2019. Godt val!

Ulvik SV Valprogram 2019-2023  

Her er programmet som vi går til val på i kommunevalet 2019. Godt val!

Profile for guroljone
Advertisement