Issuu on Google+

AKTIVITETAR FOR FIRMA OG GRUPPER Gode opplevingar i naturen, ekta kultur, fart og spenning. Vossamoro tilbyr eit breitt utval av sommar og vinter aktivitetar som passar for alle uansett alder og sko størrelse. Vossamoro har lang erfaring med tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar for firma og grupper frå 4 – 600 deltakara.

www.vossamoro.no LAGBYGGING – AKTIVITETAR MED MEINING Stikkord i denne samanheng er kommunikasjon, samarbeid, strategi og kreative løysingar. Gruppa vert delt inn i lag på 7 – 9 personar som saman skal løysa 5 ulike praktiske / teoretiske oppgåver. Oppgåvene består av ein planleggings del og ein praktisk del. På kvar post er det ein instruktør som gjev rettleiing, vurderar lagets innsats og notera resultata. Premiering av det beste laget. Tid: 2 t – kr. 390 pr. pers Kapasitet: 6 – 600 pers

FAGLEG OPPFYLJING I samarbeid med EKY kompetanse tilbyr me faglege refleksjonar rundt aktiviteten lagbygging. Erfaringar gjorde under lagbygginga vert knytt til praksis på arbeidsplassen som kommunikasjon, arbeidsmiljø og teamutvikling. Eky utfordrar, aktiviserar og oppsummerar på ein praktisk og lett forståeleg måte. Tid: 1,5 t Pris: kr. 390 pr. pers Tid og innhald kan utvidast. For meir informasjon www.eky.no

MESTERMØTE Mestermøte er ein populær aktivitet som passar for grupper som vil gjera noko som er morosamt og sosialt. Gruppa vert delt inn i lag på 7 – 9 deltakara som skal konkurrera mot kvarandre i 7 ulike øvingar, som til dømes vardebygging, langski og ”pussling”. På kvar post konkurrera 2 eller 3 lag mot kvarandre. Her står utfordringane i kø, det er berre til å ta fram konkurranse instinktet og kjempa om å bli kåra til bedrifta/gruppa sitt MESTERLAG. Premiering av det beste laget. Tid: 2 t – kr. 370 pr. pers Kapasitet: 6 – 600 pers


VOSSA DUELLEN Ein morosam aktivitet som passar perfekt for grupper som ynskjer litt ekstra utfordring. Gruppa vert delt inn i lag som skal konkurrera mot kvarandre 7 øvingar som t.d. øksekasting, tautrekking og SUP = ståande brettpadling. I Vossa duellen har me sett saman aktivitetar som utfordrar deltakarane i forhold til taktikk, styrke, presisjon, balanse og samarbeid. Her er det berre å ta fram konkurranse instinktet å kjempa om heider og gull rundt halsen. Tid: 2 t – kr. 390 pr. pers Kapasitet: 6 – 150 pers

GUIDA RUNDTUR MED KULTURELLT INNSLAG Turen går frå Vangen(sentrum) og opp til Mølstertunet som ligg flott til med fin utsikt over Vossevangen. Det er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar. Det eldste huset på garden er frå ca 1500. Her får me ein guida rundt tur med ein lokal guid på Mølstertunet. Deretter går turen til Store Ringheim Gard, eit gamalt gardstunet som er omgjort til restaurant og pub. Her kan ein få servert mat basert på lokale råvarer eller noko godt å drikka. Etter det går turen attende til Vangen ( sentrum) Tid/ pris: ca 2,5 - 3 t - kr 290 (min kr. 2000 )+ event. servering

GUIDA TUR PÅ EKSTREMSTIEN Turen går frå Bavallstunet og opp ein bratt sti, som går på framsida av Hangurs fjellet opp til Hangurs restauranten. Ein luftig tur med fantastisk utsikt over Vossebygda. Stasjonere tau vert nytta på dei brattaste partia. Guiden tilrettelegg turen slik at det vert ein sikker og flott tur som alle kan delta på. Turen ned att går via Skitset og ned til Bavallstunet. Tid/pris: ca 2,5 - 3 t - kr 290 u/lunsj pr. pers (min kr 1500 ) kr 350 inkl /enkel lunsj

VOSSAMORO – EIT MOBILT AKTIVITET SELSKAP Ynskjer de å ha aktivitetar i området der de er, eller i eit friluftsområde i nærheita? Vossamoro er eit mobilt aktivitetselskap. På bestilling tek me med oss aktivitetar og tilhøyrande utstyr og laga eit flott opplegg for dykkar gruppe. Ta kontakt for meir informasjon. www.vossamoro.no

INFORMASJON OG BESTILLING Vossamoro 95 98 20 65 / mail: gunvor@vossresort.no Me kan og gje dykk tilbod på transport, overnatting og servering.

VOSSAMORO – EI AKTIV OG MOROSAM SAMLING! www.vossamoro.no


Sommar brosjyre