Page 1

Program for skulebibliotekutvikling 2009–2013 Sluttrapport


Utgitt av: Program for skulebibliotekutvikling Universitetet i Agder, Kristiansand Teksten er ført i pennen av Anne Kari Slettan Forsidebilde: Borkedalen skole Bilde side 22: Inger Berg Wilhelmsen Design: Gunvor Helling, Mediesenteret/IT-avd, UiA Trykk: Trykkeriet, UiA


Innhald Forord 4 1. Samandrag 5 2. Innleiing 6 2.1 Bakgrunn for programmet 2.2 Kvifor Universitetet i Agder (UiA)? 2.3 Pilotprosjektet 2008–2009 3. Organisering 9 3.1 Frå prosjektteam til styringsgruppe 3.2 Prosjektleiinga 2009–2013 3.3 Kontakten med oppdragsgjevar 4. Oppdraget 11 4.1 Dei fem programområda 4.2 Måla for programmet 5. Gjennomføring av oppdraget 13 5.1 Utviklingsprosjekt i grunnskulen 5.1.1 Søknadsprosedyren 5.1.2 Vurderingsutvalet 5.1.3 Kriterium for utveljing 5.1.4 Oppfølging av prosjektskular 5.1.4.1 Bruken av læringsplattforma Fronter 5.1.4.2 Oppgåver til prosjektskulane 5.1.4.3 Rettleiargruppa 5.1.4.4 Kva kjenneteikna prosjekta? 5.1.5 Publikasjonar 5.2 Kompetanseheving 5.2.1 Kurs og konferansar 5.2.2 Utvikling av bachelorprogram i skulebibliotekkunnskap 5.2.3 Utvikling av kortare studiepoenggjevande kurs 5.3 Digital idésamling og læringsressurs om informasjonskompetanse – www.informasjonskompetanse.no 6. Nettstaden www.skolebibliotek.uia.no 25 7. Budsjett og rekneskap 26 8. Evaluering og arbeid for vidareføring av oppgåver i programmet 27 9. Oppsummering

28


Forord Program for skulebibliotekutvikling blei avslutta i september 2013, etter fire år. Styringsgruppa legg med dette fram rapport over arbeidet som har vore gjort i programmet i løpet av dei fire åra. Rapporten er ført i pennen av prosjektkoordinator Anne Kari Slettan. Styringsgruppa hadde ved avslutninga av programmet følgjande medlemer: Rune Røsstad, instituttleiar ved Institutt for nordisk og mediefag, Fakultet for humaniora og pedagogikk, UiA (leiar) Terje Tellefsen, fakultetsdirektør ved Fakultet for humaniora og pedagogikk, UiA Tove Pemmer Sætre, tidlegare hovudbibliotekar ved Høgskolen i Bergen Trude Hoel, universitetslektor, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger Rolf Romøren, 1. amanuensis emeritus, UiA Dagrun Eriksen, stortingsrepresentant Siri Ingvaldsen, universitetslektor, fagleg leiar av programmet, UiA Anne Kari Slettan, seniorrådgjevar, prosjektkoordinator i programmet, UiA (sekretær) Universitetet i Agder, Kristiansand, 25. november 2013

4


1. Samandrag Universitetet i Agder (UiA) har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet hatt ansvar for Program for skulebibliotekutvikling frå 2009–2013. Program for skulebibliotekutvikling har hatt eit samla budsjett på i overkant av 40 millionar kroner, og mesteparten av pengane er gått direkte til prosjekt på skular spreidde over heile landet. Resten av midlane er brukt til utvikling av to nettstader, til kurs, landskonferansar og publikasjonar, til vidareutvikling av studietilbod og til prosjektleiing og administrasjon. 173 skular har deltatt i programmet – 37 av skulane er ressursskular som har hatt prosjekt i to år. I alt er 105 kommunar og alle fylke representerte med prosjekt. Tildelinga av midlar til skulane blei gjort etter faste kriterium: kvalitet på søknaden, geografisk spreiing, skuletype og skulestorleik. Dei første tre åra kunne kvar kommune sende inn maksimum tre søknader, det siste året graderte ein talet slik at dei største kommunane kunne sende fleire enn tre søknader. Første året kom det inn 150 søknader, siste året kom det inn om lag 80 søknader til nye prosjekt og 28 søknader om andreårsprosjekt/ressursskuleprosjekt. Alt i alt har det komme inn om lag 525 prosjektsøknader på dei fire åra. Heile prosjektgruppa på kvar skule deltok på to etterutdanningskurs, eitt i september og eitt i februar. Rektor var prosjektleiar og leiar av prosjektgruppa og deltok òg på kursa. Skulane leverte midtvegsrapport i januar og sluttrapport i juni, og hadde undervegs i prosjektåret oppfølging og rettleiing frå UiA. Fronter var brukt som informasjonskanal og som læringsplattform i rettleiingsarbeidet. Nettstaden www.skolebibliotek.uia.no er eit framhald og ei vidareutvikling av nettstaden Skolebibliotek, som tidlegare låg til Skolenettet, og som var eit samarbeid med Skolenettet/lesing og Gi rom for lesing. I tillegg til å følgje programmet og mange av prosjekta, blir nettstaden jamleg oppdatert med nyheiter og relevant informasjon om skulebibliotek. Nettstaden www.informasjonskompetanse.no er utvikla som plattform for den nettbaserte idésamlinga om informasjonskompetanse, som var eitt av tiltaka i Program for skulebibliotekutvikling. UiA hadde tidlegare tilbod om tre alternerande nettbaserte deltidsstudium innan skulebibliotekkunnskap, kvar på 30 studiepoeng. Desse blei vidareutvikla slik at dei no utgjer fordjupinga i eit bachelorprogram i skulebibliotekkunnskap. Dei første kandidatane har allereie fått vitnemålet sitt. Ein god del av skulane som har deltatt i programmet melder om målbar framgang i lesekompetansen hos elevane. Alle skulane seier at dei har positive erfaringar med å delta i programmet. Sluttrapportane fortel om større forståing i personalet for at alle lærarar er leselærarar, og at interessa for lesing er gått opp hos både lærarar og elevar. Særleg dei skulane som

5


har hatt prosjekt over to år, merker framgang i leseinteresse, lesekompetanse og informasjonskompetanse, og mange meiner at berre eitt år med eit slikt prosjekt er for lite. Prosjektleiinga har merka auka interesse utover i prosjektperioden for temaet informasjonskompetanse og lesing i alle fag. Det at rektor har vore prosjektleiar og aktivt tatt del i prosjektet, er av svært mange skular blitt nemnt som suksessfaktor for prosjektet. Skulane ser det også som svært viktig at skulebiblioteket blir brukt planmessig, og dei melder om gode erfaringar med å informere og til dels involvere foreldra i prosjektet. Sluttrapporten gir først eit kort oversyn over bakgrunn for programmet og ei innføring i innhaldet og måla i programmet slik dei er beskrivne i avtalen mellom Utdanningsdirektoratet og UiA. Ein stor del av rapporten handlar om arbeidet som er gjort i løpet av programperioden, og styringsgruppa vurderer dette arbeidet i høve til dei overordna måla for programmet. Det er eigne kapittel om nettstadene og om økonomidelen av programmet. I siste del av rapporten kjem ein inn på framlegg til vidareføring av oppgåver i programmet, før ei kort oppsummering av rapporten og arbeidet i Program for skulebibliotekutvikling.

2. Innleiing 2.1 Bakgrunn for programmet Nasjonale og internasjonale undersøkingar hadde over fleire år i byrjinga av 2000-tallet vist at lesedugleiken til norske barn ikkje var så god som ein kunne ønskje, og lesing i alle fag blei derfor eit satsingsområde for skulen. Fleire aktørar arbeidde på same tid med å vise korleis ein kunne nytte skulebiblioteket som ressurs i leseopplæringa, og det blei arbeidd og samarbeidd på ulikt vis for å påverke politikarane til å satse på skulebiblioteka og gje dei eit løft. Med bakgrunn i dette varsla dåverande kunnskapsminister Øystein Djupedal i mai 2007 at det skulle setjast i verk eit program for skulebibliotek. Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å lage ei utgreiing om og eit forslag til eit program for skulebibliotekutvikling. Forslaget blei sendt departementet i desember 2007. Departementet varsla i Stortingsproposisjon nr 1 2008-2009 (framlegget til statsbudsjett for 2009) at eit slikt program skulle setjast i verk. Tiltaksplanen Gi rom for lesing blei gjennomført 2003–2007, som eitt av fleire tiltak frå norske myndigheiter si side for å betre leseopplæringa og elevane sin lesekompetanse. Gi rom for lesing var finansiert og initiert av Kunnskapsdepartementet. Departementet sa våren 2003 følgjande om planen: ”Gi rom for lesing!” er en tiltaksplan for å stimulere elevers leseglede og leseferdigheter og øke kompetansen i bruk av skolebibliotek. De primære målgruppene for planen er

6


lærerutdanningsinstitusjoner og skoleeiere, rektorer, lærere og skolebibliotekarer i grunnskolen og videregående opplæring. Tiltakene må forankres i skolens ledelse og følges opp aktivt av skolens ansatte. Planen er også en invitasjon til fylkes- og folkebibliotek, forlag, forfattere, bokhandlere og andre aktuelle aktører til å bidra til stimulering av leselyst og styrking av leseferdigheter hos barn og unge. Planen legger vekt på at alle barn og unge skal utvikle leseglede og leseferdigheter utfra egne interesser, forutsetninger og behov fra barnehage til videregående opplæring. Problemer med lesing skal avdekkes tidlig, slik at adekvate og effektive hjelpe- og støttetiltak kan iverksettes.

I 2006–2007 gjennomførte Møreforsking på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ei kartlegging av norske skulebibliotek. Kartlegginga var ledd i oppfølginga av Gi rom for lesing og skulle kartlegge kompetanse i bruk av skulebibliotek, tilgang til skulebibliotek og korleis skulebiblioteket blei brukt av elevar og lærarar. Kartlegginga viste at nesten alle skular hadde skulebibliotek, men at det var store skilnader i korleis skulebiblioteka var utstyrte og brukte, og i kompetansen til dei som hadde ansvar for skulebiblioteka. Vidaregåande skular brukte gjennomgåande mykje meir ressursar på skulebiblioteket enn grunnskulane gjorde. Mange lærarar brukte skulebiblioteket berre sporadisk, og ofte blei ikkje skulebiblioteket tatt med i planlegging av undervisninga. Dette kunne tyde på at ein her hadde ein dårleg utnytta ressurs i opplæringa. Kartlegginga gav viktig informasjon om bruken og moglegheitene for å utnytte ressursane betre. Utgreiinga Bibliotekreform 2014 legg stor vekt på biblioteka si rolle som kunnskapsbase framover, og kor viktig det er at skulebiblioteka og fokebiblioteka blir sette i stand til å møte dei nye utfordringane samfunnet stiller oss overfor når det gjeld søking etter kunnskap. I utgreiinga blir det hevda at gode skulebibliotek er ein viktig føresetnad for å nå måla i Kunnskapsløftet, særleg når det gjeld språkutvikling og digital kompetanse. Utgreiinga blei lagt fram i 2007. Ho var utført av ABM-utvikling på felles oppdrag frå Kultur- og kirkedepartementet og Kunnskapsdepartementet, og skulle dekkje heile bibliotekfeltet med folkebibliotek, skulebibliotek og fagog forskingsbibliotek. SkolebibliotekLøftet 2007–2008 spela òg ei viktig rolle i arbeidet for å drive fram eit program for skulebibliotekutvikling. SkolebibliotekLøftet var del av den internasjonale kampanjen @your library som skulle synleggjere biblioteka si rolle i informasjonssamfunnet. Norsk Bibliotekforening var hovudansvarlege for den norske kampanjen, og i alt femten organisasjonar innan kultur- og utdanningssektoren slutta seg til. Eit hovudmål var å få til ei varig betring av situasjonen til skulebiblioteka, og kampanjen dreiv derfor eit målretta arbeid inn mot politikarar og utdanningsmyndigheiter. Samstundes blei det lagt vekt på å få med lærarar og foreldre i arbeidet, slik at kampanjen nådde breitt ut. Her må òg nemnast Utdanningsdirektoratets nasjonale kompetansenettverk for skulebibliotek og læremidelkunnskap. Dette nettverket si oppgåve var å bidra til å auke og spreie kompetansen

7


innan områda skulebibliotek og læremiddel i universitet og høgskular som tilbyr lærarutdanning og bibliotekarutdanning. Representantar for lærarutdannings-, læremiddelkunnskaps-, skulebibliotekfag- og bibliotekfagutdanningsinstitusjonar møtte i nettverket saman med representantar for skulebibliotekfaglege organisasjonar og Utdanningsdirektoratet. I første omgang fekk UiA i oppdrag å gjennomføre eit forprosjekt til det fireårige prosjektet. Forprosjektet var eit avgrensa prosjekt som blei gjennomført i 2008–2009. Då Program for skulebibliotekutvikling blei sett i gang i 2009, var det med vidare målsetjing og fleire tiltak som skulle setjast i verk. Dette er nærmare omtala i kapittel 4 i denne rapporten.

2.2 Kvifor blei programmet lagt til Universitetet i Agder? Det er fleire grunnar til at UiA blei tildelt oppdraget med Program for skulebibliotekutvikling. Viktigaste grunnen var nok at UiA har eit berekraftig fagmiljø innan skulebibliotekkunnskap, og i ei årrekkje har hatt tilbod om tre ulike halvårsstudium i skulebibliotekkunnskap. Studia har heile tida vore tilbydde som deltidsstudium, og har dei siste åra vore nettbaserte studium med samlingar. Mange lærarar har tatt studiet som tilleggsutdanning, og på den måten auka både sin eigen og skulen sin kompetanse på skulebibliotek. Sentralt i utviklinga av dei tre halvårsstudia stod Rolf Romøren, Elisabeth Tallaksen Rafste og Svein Slettan, med verdifulle innspel frå andre lærarutdannings- og bibliotekarutdanningsmiljø. Mellom anna var det godt samarbeid mellom høgskulane i Bergen og Agder, og òg mellom Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskolen i Agder/UiA har det vore mykje erfaringsutveksling. Ulike institusjonar har tilbydd eigne studium i skulebibliotekkunnskap tidlegare, men desse institusjonane tilbyr ikkje lenger slike studium. Studia ved UiA har hatt god søkning, særleg etter at dei kom som nettbaserte tilbod, og var tatt inn i den ordinære studieporteføljen og blei marknadsført på linje med andre studium på UiA. Studentgrunnlaget endra seg geografisk etter at studia blei nettbaserte, og studentane bur meir spreidd utover landet no enn dei gjorde då undervisninga var campusbasert. Elisabeth Tallaksen Rafste var den første i Noreg med doktorgrad i skulebibliotekkunnskap, og Universitetet i Agder hadde dermed i 2009 den med høgast formell kompetanse innan skulebibliotekkunnskap i landet. Rafste underviste på skulebibliotekstudia, og var mellom anna òg koordinator for det nasjonale nettverket for skulebibliotek og læremiddelkunnskap.

2.3 Pilotprosjektet 2008-2009 Det prosjektoppdraget Utdanningsdirektoratet i mai 2008 gav UiA, omfatta følgjande tiltak: - utvikling av ei nettbasert idésamling om bruk av skulebibliotek i grunnutdanninga - drift og vidareutvikling av nettstad om skulebibliotek, med skulebibliotekarar, lærarar,

8


studentar og tilsette i lærar- og bibliotekarutdanninga som målgruppe - utvikling av etterutdanningstilbod for lærarar og skulebibliotekarar i grunnopplæringa - gjennomføring av etterutdanningstilbodet i samarbeid med kommunar/fylkeskommunar

Etterutdanningstilbodet skulle gjennomførast som eit pilotprosjekt som omfatta eit lite utval grunnskular og vidaregåande skular, og prosjektet skulle danne grunnlag for ei større satsing på ulike område i skulen der det var behov for utvikling:

- samarbeid skulebibliotekar/folkebibliotekar – lærar - kompetanseutvikling for lærarar og skulebibliotekarar i bruk av skulebiblioteket i undervisninga - systematisk planarbeid for bruk av skulebiblioteket

Til grunn for tiltaka låg Kunnskapsløftet, og ein skulle òg sjå tiltaka i samanheng med dei fem grunnleggjande ferdigheitene – med særleg vekt på lesing og digitale verktøy. Pilotprosjektet blei gjennomført i 2008–2009, og delar av prosjektet følgde med over i Program for skulebibliotekutvikling. Nettstaden www.skolebibliotek.uia.no var kan hende den mest synlege delen av vidareføringa. På nettstaden finn ein mellom anna den nettbaserte eksempelsamlinga som blei utvikla i Pilotprosjektet.

3. Organisering 3.1 Frå prosjektteam til styringsgruppe Prosjektet var ved tidspunkt for avtaleinngåing (mars 2009) organisert med ei referansegruppe/ eit prosjektteam på UiA som leiing og ein kontaktperson i Utdanningsdirektoratet. Prosjektteamet blei sommaren 2009 erstatta av ei styringsgruppe beståande av personar frå UiA og eksterne medlemer, men kontaktpersonen i Utdanningsdirektoratet var den same. I referansegruppa/prosjektteamet sat følgjande personar:

Førsteamanuensis Elisabeth Tallaksen Rafste (prosjektleiar) Prosjektkoordinator Janne Korsgård (adm) Førsteamanuensis Rolf Romøren (fagleg) Førstelektor Svein Slettan (fagleg)

Oppdragsgjevaren (Utdanningsdirektoratet) sin kontaktperson var seniorrådgjevar Ellen Sundt.

9


Styringsgruppa hadde sitt første møte i juni 2009, og besto av følgjande personar:

Alf Kjetil Igland, instituttleiar for Institutt for nordisk og mediefag, Fakultet for humaniora og pedagogikk, UiA Terje Tellefsen, fakultetsdirektør for Fakultet for humaniora og pedagogikk, UiA Elisabeth Tallaksen Rafste, førsteamanuensis, UiA Tove Pemmer Sætre, hovudbibliotekar, Høgskolen i Bergen Trude Hoel, universitetslektor, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger Rolf Romøren, førsteamanuensis, UiA Anne Kari Slettan, seniorrådgjevar, UiA, prosjektkoordinator for programmet

1.8.2009 blei Siri Ingvaldsen tilsett som prosjektleiar, og Elisabeth Tallaksen Rafste gjekk då ut av prosjektleiinga og styringsgruppa. Hausten 2011 blei styringsgruppa utvida med ein ny medlem: stortingsrepresentant Dagrun Eriksen. Frå same tidspunkt fekk programmet ny kontaktperson i Utdanningsdirektoratet: seniorrådgjevar Eva Mimmi Lund. Frå hausten 2012 var òg rådgjevar Tulle Schjerven kontaktperson for programmet. Styringsgruppa har hatt 2–3 møte i året. Styringsgruppa diskuterte sitt eige mandat på det første møtet. I følgje referatet frå møtet i styringsgruppa 12.6.2009 definerte styringsgruppa mandatet slik:

Styringsgruppa skal gi føringer for videre arbeid, og gi tilbakemeldinger på arbeid som er gjort. Et mål må være å oppnå enighet, dvs at styringsgruppa må bruke tid på å diskutere seg fram til enighet heller enn å bruke avstemning som middel. Styringsgruppa vil få en kontrollfunksjon i den forstand at den skal følge godt med i arbeidet som gjøres, og justere kursen hvis det er nødvendig.

3.2 Prosjektleiinga 2009–2013 Siri Ingvaldsen blei tilsett i 100 % engasjementstilling ved UiA for ein periode på fire år, 1.8.2009– 31.7.2013. Ho kom då frå stilling på Røde Kors Nordisk United World College og Haugland Internasjonale FoU-senter, Fjaler i Sogn og Fjordane. Program for skulebibliotekutvikling dekte 90 % og UiA dekte 10 % av lønna hennar. 90 % av stillinga var såleis knytt direkte til arbeidet som fagleg leiar i Program for skulebibliotekutvikling og dei siste 10 % av stillinga til oppgåver ved Institutt for nordisk og mediefag.

10


Frå 1.1.2013 og ut tilsetjingsperioden blei tilsetjinga ved UiA etter Ingvaldsens ønskje redusert til 50 %, då Ingvaldsen frå denne datoen tok til som fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane i halv stilling. Anne Kari Slettan blei tilsett i engasjementstilling som prosjektkoordinator, 8.5.2009–31.7.2009 i 50 % stilling, 1.8.2009–30.6.2013 i 100 % stilling. Engasjementet blei etter søknad våren 2013 forlenga til 30.9.2013 i 100 % stilling. Ho kom frå anna stilling ved UiA.

3.3 Kontakten med oppdragsgjevar Avtalen mellom Utdanningsdirektoratet og UiA fastsette formelle møteplassar og formelle rapporteringstidspunkt. Prosjektleiinga hadde møte minst ein gong i halvåret med Utdanningsdirektoratet, der ein rapporterte munnleg om framdrift og planar for drifta vidare. Det blei ikkje skrive referat frå møta, men dei hadde likevel formell karakter. Årsrapport med rekneskap for fjoråret og budsjett for inneverande år (på rapporteringstidspunktet) blei sendt inn den 31. januar kvart år, etter avtalen. Hovudinnhaldet i årsrapporten var rapport om framdrift i prosjektet målt etter dei ulike programområda, med rekneskap og budsjett. I tillegg til den formelle rapporteringa har det – slik prosjektleiinga oppfattar det – vore god uformell kontakt mellom UiA og Utdanningsdirektoratet om prosjektgjennomføringa. Kontaktpersonane har hatt god kjennskap til skulebibliotekfeltet, og har vist stor interesse for programmet allereie frå det var på planleggingsstadiet. Kontaktpersonane har vore lett tilgjengelege for spørsmål, og dei har bidratt med innlegg både på fleire av kursa og på alle konferansane på UiA.

4. Oppdraget 4.1 Dei fem programråda Ein bygde vidare på erfaringar frå Pilotprosjektet då rammene for Program for skulebibliotekutvikling blei utforma. Det er fem område i programmet. UiA fekk ansvaret for gjennomføringa av tre av dei, medan Utdanningsdirektoratet fekk ansvar for to område. Ein kan snakke om to «søyler» som innhaldet i Program for skulebibliotekutvikling er bygd rundt. Den eine søylen er skulebiblioteket som ressurs i elevane si leseopplæring og lesestimulering, og den andre er opplæring i informasjonskompetanse. Desse to søylene er klart uttrykte gjennom dei programområda UiA fekk ansvar for å gjennomføre. Det er mange måtar å

11


styrke elevane si leseutvikling på, og skulane blei stilte svært fritt til å finne kva for måtar som passa best for den enkelte skulen. Opplæring i informasjonskompetanse er eit relativt nytt område. Det har gjerne blitt sett i samanheng med prosjektarbeid som arbeidsmåte, og er ikkje blitt lagt så stor vekt på i skulen. Med dei krava som i dag blir stilte om å orientere seg i eit mangfald av tekstar og tekstuttrykk, var det naturleg at informasjonskompetanse blei eitt av hovudområda i Program for skulebibliotekutvikling. Programområde 1 handla om styrking av leseferdigheiter, og UiA si oppgåve var å kunngjere og tildele midlar som skulle gå til praksisnære skulebibliotekprosjekt i grunnskulen. Programområde 2 gjaldt kompetanseutvikling, og oppdraget var å utvikle kurs for prosjektskulane og styrke studietilbodet i skulebibliotekkunnskap. Programområde 3 besto i å utvikle ei nettbasert idésamling for systematisk opplæring i informasjonskompetanse. Avtalen mellom Utdanningsdirektoratet og UiA om iverksetting av Program for skulebibliotekutvikling seier meir om kva oppdraget omfatta: «Område 1. – å administrere utviklingsprosjektene, dvs kunngjøre og tildele midler etter søknad gjennom skoleeier til prosjekter. Hensikten er å utvikle skolebibliotek med utgangspunkt i den pedagogiske rollen dette har i lesopplæringen. Det skal legges vekt på å få fram modeller som har overføringsverdi til andre skoleeiere og skoler. Område 2. – å utforme et kompetanseutviklingsprogram for skolebibliotekarer og lærere innenfor etter- og videreutdanning i skolebibliotekkunnskap. Det skal utvikles et særskilt program for skoleeiere og skoler som deltar i prosjektene (område 1.). Område 3. – å utvikle en nettbasert idésamling for informasjonskompetanse med systematisk progresjon fra 1. trinn i grunnskolen til og med videregående opplæring. Det skal gis eksempler fra flere fag. Oppdraget innbefatter også et selvstendig ansvar for å utvikle en digital løsning på nettressursen og en digital presentasjon. Generelt Oppdraget innbefatter blant annet ansvar for møtevirksomhet, rapportering til prosjekteier, samarbeid med og eventuelt økonomisk bidrag til underleverandører, deltakelse i programevaluering samt bidrag til erfaringsspredning. Universitetet i Agder skal fungere som et ressurssenter for skoler og skoleeiere innenfor skolebibliotekfaglig kompetanse.» Programområde 4 handlar om regelverk: ein skal gå gjennom gjeldande regelverk og statistikk for å vurdere kvalitet, relevans og tilgjenge.

12


Programområde 5 varslar at det i 2014 skal gjennomførast ei kartlegging for å dokumentere måloppnåinga i programmet og endringar i sektoren.

4.2 Måla for programmet I retningslinjene for programmet, som ligg som vedlegg til avtalen mellom Utdanningsdirektoratet og UiA, er det sett opp følgjande mål for Program for skulebibliotekutvikling: • Skuleeigarar/skular som deltek i programmet, skal utvikle skulebiblioteket slik at det bidrar til å utvikle lesedugleik, jamne ut sosiale og digitale skilje og fremme personleg vekst hos den enkelte eleven. • Skulebiblioteket skal vere ein arena for læring i alle fag og på tvers av fag, og ein arena for å formidle litteratur og digitale læringsressursar. • Skulebibliotekansvarlege og lærarar skal få auka kompetanse om skulebibliotek- faglege emne og bruk av skulebibliotek i opplæringa. • Skuleeigarar og skular skal få støtte til systematisk arbeid med å integrere skule- biblioteket i opplæring i lesedugleik og informasjonskompetanse. • Universitetet i Agder skal vere eit ressurssenter for kompetanse i skulebibliotek. Resultatmål innan 2013:

• 50 % av skulebibliotekarane i grunnskulen skal ha utdanning innanfor skulebibliotek. • Det skal vere ein auke i talet på kommunar og skular som aktivt har tatt i bruk skulebiblioteket i opplæringa og som har forankra skulebiblioteket i det langsiktige planarbeidet sitt for å styrke lesedugleik. • Det er etablert modellar for systematisk bruk av skulebibliotek i opplæringa.

5. Gjennomføring av oppdraget I avtalen som blei inngått mellom UiA og Utdanningsdirektoratet om oppdraget med Program for skulebibliotekutvikling, står det at «Universitetet i Agder skal fungere som et ressurssenter for skoler og skoleeiere innenfor skolebibliotekfaglig kompetanse». Innhaldet i og organiseringa av ressurssenteret er ikkje nærmare beskrive, men i tillegg til dei oppgåvene som er spesifiserte for Program for skulebibliotkeutvikling, har UiA tolka det som at dei tilsette i Program for skulebibliotekutvikling har hatt eit særleg ansvar for å hjelpe når det kjem spørsmål om skulebibliotek frå enkeltpersonar og institusjonar. Fagleg leiar har til dømes deltatt i referansegrupper for bibliotekplanar på fylkesnivå, og har deltatt på ulike kurs og samlingar med foredrag om bruk av skulebibliotek og om Program for skulebibliotekutvikling. Ho har òg hatt fleire foredrag på ulike internasjonale bibliotek-

13


konferansar, og skrive artiklar om skulebibliotekfaglege spørsmål i nasjonale og internasjonale publikasjonar. Prosjektkoordinator har deltatt på fylkeskommunale samlingar for skulebibliotekarar og andre interesserte med informasjon om Program for skulebibliotekutvikling. Eitt døme på samarbeid med andre institusjonar, som kom opp som følgje av UiA si rolle som ressurssenter for skulebibliotek, er arbeidet med heftet Lesing i skolebiblioteket som Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger gav ut i 2010, i serien Lesing er. Prosjektleiinga utgjorde redaksjonskomité saman med universitetslektor Trude Hoel på Lesesenteret, og fagleg leiar skreiv artikkel i heftet. Utanom prosjektleiinga si deltaking på kurs og konferansar har UiA kjent eit særleg ansvar for å rettleie personar og institusjonar i skulebibliotekfaglege spørsmål, og vise vidare til andre ressurspersonar og ressursmiljø. Tilsette på UiA med spesiell kompetanse på leseopplæring, informasjonskompetanse og skulebibliotekfag har så langt tida har strokke til deltatt med foredrag, rettleiing og kursverksemd over heile landet. Prosjektleiinga hadde òg ansvar for leiing og koordinering av det nasjonale nettverket for skulebibliotek og læremiddelkunnskap. Det blei arrangert to samlingar i året så lenge nettverket bestod, med siste samling hausten 2012.

5.1 Utviklingsprosjekt i grunnskulen Programområde 1 har tittelen «Styrkede leseferdigheter». Tiltaket som skulle gjennomførast under dette programområdet, gjekk ut på å tildele prosjektmidlar til grunnskular etter faste kriterium, og følgje opp prosjekta fagleg og administrativt. Skulen måtte søkje om midlar gjennom skuleeigar, og det var tre kriterium for tildeling: kvaliteten på søknaden, skulestorleik og skuletype, samt geografisk spreiing. Programområda gir ikkje føringar om korleis erfaringane frå skuleprosjekta skal spreiast og dokumenterast. Ein har vald å dokumentere og dele erfaringar frå prosjekt- og ressursskular gjennom artiklar på nettstaden www.skolebibliotek.uia.no gjennom heile prosjektperioden. Ressursskulane har fått brei presentasjon i ein trykt publikasjon, som har vore klar kvart år til erfaringskonferansen i juni. I tillegg har det vore sendt ut 5–6 årlege nyheitsbrev til alle grunn- og vidaregåande skular i landet, dei nasjonale sentra, presse og andre innanfor fag- og skulemiljø. Prosjekt- og ressursskulane har stått for ei omfattande kunnskapsspreiing på lokalt og regionalt nivå.

14


5.1.1 Søknadsprosedyren Alle norske grunnskular og skuleeigarar fekk e-post om utlysinga av midlar, der det blei vist til nettstaden www.skolebibliotek.uia.no for informasjon om søknadsprosedyre, om kriterium for tildeling av midlar, søknadsskjema med rettleiing og om tidsfristar i prosessen. E-postlista var Utdanningsdirektoratet si oppdaterte liste over norske grunnskular og skuleeigarar. Søknadene skulle underskrivast av skuleeigar og sendast per e-post til ein eigen e-postadresse. Det var altså to steg i søknadsprosessen: Først måtte skulen sende sin søknad til skuleeigar, som så måtte velje ut inntil tre søknadar som dei sende inn. Skuleeigar skreiv under på at dei var ansvarleg for at skulane deltok i heile etterutdanningsprogrammet. Denne prosessen gav kommunane eit insitament til å vurdere bibliotektilbodet til barn og unge under eitt, og til å sjå potensial for samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek. I 2009 blei midlane lyst ut i mars, med søknadsfrist 8. mai. Skulane fekk melding om resultatet tidleg i juni. Dei tre neste åra blei midlane lyst ut ca 10. januar, og søknadsfristen sett til 15. mars. Dei som fekk positivt svar fekk melding om det om lag 10. mai. Kontrakt om prosjektet blei sendt til skulane i løpet av juni. Kontrakten inneheldt kontraktsvilkåra, med ansvar, rettar og plikter for begge partar, og budsjett for bruken av dei tildelte midlane. Dette budsjettet var bindande utgangspunkt for bruken av dei tildelte midlane, og var det budsjettet som skulane rapporterte rekneskap i høve til.

5.1.2 Vurderingsutvalet Dei to første åra var det prosjektleiinga som vurderte søknadene og valde ut kven som skulle få støtte, med bistand frå to vitskapleg tilsette frå skulebibliotekmiljøet ved UiA. Dei to siste åra var eit vurderingsutval som besto av fire personar frå fylkesbibliotek-/skulebibliotekfeltet sentrale i søknadsvurderinga. Det var lagt vekt på å få god geografisk spreiing i vurderingsutvalet, og også at det skulle vere med både personar som arbeidde som skulebibliotekarar og frå fylkesbiblioteka. I 2011 hadde utvalet følgjande medlemer: Aud Tåga, Troms fylkesbibliotek (leiar), Helge Skurtveit, Hordaland fylkesbibliotek, Marit Øraker Strømsøe, Holumskogen skole i Nittedal, Ellen Stordal, Borkedalen skole i Lillesand. Helge Skurtveit gjekk ut av utvalet i 2012, og inn kom Berit Hjertø frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Dei tre andre medlemene i utvalet heldt fram. Medlemene i vurderingsutvalet las 50–60 søknader kvar, fordelt slik at alle søknadene blei lesne av minst to utvalsmedlemer. Søknadene blei deretter prioriterte i telefonmøte, og innstilling send prosjektleiinga innan 1. mai. Prosjektleiinga samrådde seg med leiar av styringsgruppa ved behov, før den endelege avgjerda blei tatt om kva for søknader som skulle støttast.

15


5.1.3 Kriterium for utveljing Alle søknadene blei vurderte etter same kriterium: - kvalitet på søknaden - skuletype og skulestorleik - geografisk spreiing I 2009 kom det inn søknader frå 150 skular, i 2010 var det søknader frå 125 skular om førstårsprosjekt, i 2011 kom det inn søknader frå 99 skular om førstårsprosjekt og i 2012 var talet 80. Av desse fekk 34 innvilga prosjekt i 2009, 40 i 2010, 51 i 2011 og 49 i 2012. Til andreårsprosjekt kom det i 2010 inn søknad frå 18 skular, i 2011 frå 24 skular og i 2012 var det 28 skular som ønskte eit år til med prosjekt. Det viste seg altså at meir enn halvparten av skulane kvart år ønskte eit år til med prosjekt. Av desse fekk 8 innvilga søknaden i 2010, 10 i 2011 og 19 i 2012. Søknader og innvilga søknader fordelt på år 2009–2010 2010–2011 2011–2012 2012–2013 Førsteårsprosjekt: 150/34 125/40 99/51* 80/49** tal på søknader/tal på innvilga søknader Ressursskule18/8 24/10 28/19 prosjekt: tal på søknader/tal på innvilga søknader Tal på søknader/tal 150/34 143/48 123/61 108/68 på innvilga søknader * 51 skular fekk innvilga søknad, men to av desse søkte utsetting til året etter. ** 49 skular fekk innvilga søknad, men sidan to skular hadde fått utsetting frå året før, var det 51 skular som gjennomførte førsteårsprosjekt 2012–2013. I løpet av perioden var det fem samarbeidsprosjekt, altså prosjekt der fleire skular samarbeidde.

5.1.4 Oppfølging av prosjektskular 5.1.4.1 Bruken av læringsplattforma Fronter Læringsplattforma Fronter blei brukt som medium mellom skulane og prosjektleiinga og skulane imellom. Dei aller fleste norske skulane nyttar ei eller anna form for læringsplattform, og Fronter viste seg å vere greitt å bruke i denne samanhengen. UiA nyttar Fronter som læringsplattform i

16


sine studium, og verktøyet er fleksibelt slik at det lar seg organisere etter dei behova brukarane har. På Fronter la kvar skule inn søknaden og rapportane sine, dei brukte diskusjonsforum til å drøfte oppgåver i løpet av prosjektåret, og dei fann kontaktinformasjon til alle deltakarane i sitt prosjektår. Nokre skular var ivrige med å dele erfaringar med andre gjennom å legge ut planar og tips til opplegg for bruk av skulebiblioteket som lesearena. Prosjektleiinga la ut ulike typar informasjon undervegs i Fronter gjennom prosjektåret, mellom anna foredrag og presentasjonar frå kursa og informasjon om høveleg litteratur. Kommentarane til oppgåver og midtvegsrapport blei også gitt på Fronter.

5.1.4.2 Oppgåver til prosjektskulane Prosjektskulane fekk på etterutdanningskurs konkrete oppgåver til diskusjon i si prosjektgruppe. Det blei også gitt oppgåver til diskusjon med 3–4 andre skular både på kurs og i mellomperioden mellom kursa. Svara på diskusjonsoppgåvene blei lagt ut i Forum på Fronter slik at alle prosjektskulane kunne få del i diskusjonen og komme med innspel. Skulane gav god respons på oppgåvene. Dei syntest det var nyttig med slikt gruppearbeid, og lærte av andre sine svar. Eitt døme på oppgåver som blei gitt til kvar prosjektgruppe på kurset i september var å vurdere eige skulebibliotek opp mot modellar som blei presenterte på kursa. Å vurdere skulebiblioteket sitt på ein slik systematisk måte var nytt for mange deltakarar. Det hjelpte dei til å klargjere måla for prosjektet og stille seg inn på eit realistisk ambisjonsnivå for eit eittårig prosjekt. Eigenvurderinga blei lagt ut på Fronter.

5.1.4.3 Rettleiargruppa Dei to siste prosjektåra hadde prosjektleiinga hjelp av eksterne rettleiarar i arbeidet med å følgje opp prosjektskulane. Rettleiarane fekk tildelt ei gruppe skular som dei skulle ha særskilt ansvar for, talet varierte frå 5 til 15 skular for dei ulike rettleiarane. Rettleiarane var erfarne skulebibliotekarar og lærarar som kunne gi konkrete råd til skulane. Dei deltok på etterutdanningskursa, las midtvegsrapportane og gav tilbakemelding på framdrifta i prosjektet slik skulane skreiv om den i midtvegsrapporten. Prosjektleiinga las alle rapportane og sto for godkjenninga av desse, rettleiarane si oppgåve blei dermed eit ledd i den faglege oppfølginga av skulane. Rettleiarane var Randi Lundvall, lærar og skulebibliotekar på Løkeberg skole i Bærum, Astrid Flagstad, skulebibliotekar ved Borgen skole i Asker, Marit Øraker Strømsøe, lærar og skulebibliotekar på Holumskogen skole i Nittedal, Annbjørg Dalland, lærar og skulebibliotekar på Os barneskule i Os i Hordaland, Anne-Dagrun Husabø, skulebibliotekar på Hop ungdomsskole i Bergen, Ingrid Bie Helgesen, skulebibliotekar på Skåredalen skole i Haugesund, Helge Skurtveit, rådgjever på Hordaland fylkesbibliotek, Lene Andersen-Gott, lærar og skulebibliotekar på Vågå ungdomsskule i Vågå og Aud Tåga, rådgjevar på Troms fylkesbibliotek.

17


Skulane nytta seg i ulik grad av rettleiarane sine. I rapportane peikar nokre på at dei hadde tett kontakt og god nytte av tilbodet, medan andre gir uttrykk for at dette har vore mindre viktig for dei.

5.1.4.4 Kva kjenneteikna prosjekta? Prosjekta var svært ulike i innhald og omfang. Nokre prosjekt var klart avgrensa, medan andre hadde ei større spreiing i målsetjinga for prosjektet sitt. Felles for alle prosjekta var at ein ønskte betre bruk enn tidlegare av skulebiblioteket sine ressursar i styrkinga av lesekompetanse og utvikling av informasjonskompetanse hos elevane. Typisk for prosjekta var òg at dei let seg overføre i større eller mindre grad til andre skular, slik at andre skular kunne ha noko å lære frå prosjektskulane. Prosjektskulane viste stor interesse for å dele erfaringar med andre skular, og dette bidrog til at mange prosjekt fekk tilført idéar undervegs. Nokre prosjekt var konsentrerte om berre eitt fag, då helst norskfaget. Ein kunne til dømes bruke skulebiblioteket til reine lesekurs anten for heile klassar eller for mindre grupper, og slik nytte ut dei moglegheitene skulebiblioteket gir for å differensiere elevgruppa. Lesekursa kunne vere for bestemte klassetrinn og slik tilpassa elevane sin alder, eller dei kunne vere tilpassa elevane sitt lesenivå om skulen valde å halde kurs i aldersblanda grupper. Dei fleste prosjekta inkluderte fleire fag og ulike typar litteratur i til dømes prosjektarbeid på ulike klassesteg. Nokre skular hadde avgrensa prosjektet til informasjonskompetanse, medan opplæring i og utvikling av elevane sin informasjonskompetanse var eitt av fleire mål i mange prosjekt. Svært mange skular la vekt på bruken av faglitteratur i prosjektet, kanskje særleg dei som hadde klare planar for utprøving av bruken av skulebiblioteket som stad for prosjektarbeid i ulike fag. I opplæringa i informasjonskompetanse la mange særskilt vekt på opplæring i bruk av ulike kjelder, der dei tilpassa kjeldene etter klassetrinn og fag. Prosjektleiinga meiner å sjå ei aukande interesse utover i prosjektperioden for lesing i alle fag og informasjonskompetanse. Denne interessa kan skuldast meir kunnskap om og større bevisstgjering gjennom programmet, men òg det nasjonale fokuset på lesing i alle fag, digitale ferdigheiter og digital dømmekraft. Andre hovudtema for prosjekt var gutar og lesing og å betre lesekompetansen hos fleirspråklege barn. Skulane nytta ulike framgangsmåtar for å få gutane meir interesserte i lesing. Nokre skular satsa til dømes på å få gutar som leseambassadørar, andre prøvde ut nettbrett, eigne lesekurs for gutar eller bokutstillingar med «gutebøker». Ein interessant sideverknad av dette var i fleire tilfelle at jentene òg blei meir interesserte i å lese. Ein god del prosjektskular hadde mange fleirspråklege elevar som dei ønskte å betre lesekompetansen hos. Fleire av desse skulane la stor vekt på å inkludere dei føresette i arbeidet, og hadde gode erfaringar med det. Eitt mål for mange av prosjekta var å bruke skulebiblioteket sine moglegheiter som stad for tilpassa opplæring meir systematisk. Dette kunne gjerast uansett kva for anna hovudmål ein hadde for satsinga, anten det var opplæring i informasjonskompetanse eller eit anna satsingsområde. Skulebiblioteket viser seg som ein god stad for å differensiere undervisninga, når

18


elevane arbeider i mindre grupper eller aleine. Læraren fekk frigjort tid til å rettleie dei elevane som trong det når elevane kunne arbeide med ulike typar tekster og uttrykksmåtar på ein annan måte enn i tradisjonell klasseromsundervisning. Som del av prosjektet har ein god del skular gitt elevar tilbod om å vere bibliotekvertar eller bibliotekassistentar. Desse har i samarbeid med skulebibliotekar mellom anna laga utstillingar og arrangement av ulike slag, og skulane omtalar dette som svært positivt for både det faglege og sosiale skulemiljøet. Svært mange skular hadde storopprydding i skulebiblioteket sitt i starten av prosjektperioden. I mange tilfelle fekk biblioteket heilt ny og meir brukarvenleg plassering på skulen. Mange skular fekk hjelp av folke- og fylkesbiblioteket til kasseringa og tips til nye bøker å kjøpe inn. Ein god del prosjektskular har hatt nytte av samarbeid med folkebiblioteket også på andre område. Nokre skular har fått hjelp frå folkebiblioteket til å katalogisere samlinga si, andre har felles katalog med folkebiblioteket. Folkebiblioteka sin kompetanse har vore ei verdifull støtte i mange av prosjekta. Ein del stader er det snakk om kombinasjonsbibliotek, der skulebibliotek og folkebibliotek ligg i same lokalet. Eit slikt samarbeid viser seg ofte nyttig for begge partar; elevane får tilgang på bibliotekkompetanse og eit breiare utval av bøker og andre læremiddel, og opningstida for brukarane kan bli lengre enn om ein hadde hatt skilde bibliotek. Skulane er i sluttrapporten blitt spurt om skuleeigar si rolle i prosjekta, og eit vanleg svar er at skulen har informert og delt erfaringar med skuleeigar og andre skular i kommunen. Skulane har møtt velvilje frå skuleeigar når dei ville sende inn prosjektsøknad, og i ein del tilfelle har kommunenivået spelt ei aktiv rolle både i utarbeiding av søknad og gjennomføring av prosjektet. Tilbakemeldingane tydar på at prosjektet har vore til stor nytte for desse kommunane, og at dei har utvikla seg som skuleeigar gjennom prosjektdeltakinga. Rektor har meir enn vanleg er i skuleprosjekt tatt aktivt del i framdrifta. Mange skular nemner i sluttrapporten rektor si aktive deltaking som ein suksessfaktor for prosjektet. Skulane framhevar særleg det at rektor var prosjektleiar og måtte delta på etterutdanningskursa som svært viktig for prosjektgjennomføringa. Prosjektet har på ein annan måte enn mange andre prosjekt i skulen blitt løfta fram i skulekvardagen, og lærarane i dei ulike faga har dermed fått større innsikt i si rolle og sitt ansvar som leselærarar. Skulane har gjennom heile prosjektåret blitt oppfordra til å spreie erfaringane frå prosjektet. Plan for erfaringsspreiing var eit eige punkt i søknaden, og i både midtvegs- og sluttrapportane er det spurt etter korleis skulen har delt erfaringar med andre. På nettstaden www.skulebibliotek.uia.no er det samla eit oversyn for kvart år om korleis erfaringsspreiinga har gått for seg. I korte trekk har erfaringsspreiinga gått for seg først internt på skulen og til dei føresette, og så har ein søkt å formidle erfaringane utanfor skulen. Ein har fortalt om prosjekta til skuleeigar i møter, ved kommunale og regionale nettverkssamlingar for skulebibliotekarar og på ulike samlingar for skuleleiarar. Nokre skular har òg fått oppslag i avisar og fjernsyn. Det er jamt over ressursskulane som er komne lengst ut med erfaringsspreiinga.

19


Skulane er i sluttrapporten bedne om å seie noko om resultata av prosjektet. Dei melder at prosjektet har ført til større interesse for lesing og arbeid med tekster. Nokre skular ser klar framgang på lesetestar allereie etter kort tid, medan andre seier at dei ikkje har hatt testing som kan gi signifikante svar på om lesekompetansen er blitt jamt betre. Men felles for alle er at dei har fått hjelp i arbeidet med å styrke elevane sin lesekompetanse.

5.1.5 Publikasjonar Det er gitt ut tre publikasjonar om ressursskuleprosjekt. Ressursskulane har hatt eit særleg ansvar for å utvikle modellar og idéar for bruken av skulebiblioteket som kan ha overføringsverdi til andre skular. I publikasjonane har ressursskulane bidratt med tekstgrunnlag og bildemateriale, og dei har godkjent alle tekstene. Publikasjonane har fått utforming etter UiA sin grafiske profil. Prosjektleiinga og nettredaktøren var redaksjonsgruppe for dei to første publikasjonane, skreiv tekstene og valde ut bilde. Det siste året hadde ein eigen skrivar til tekstarbeidet, Mari-Anne Mørk, og ho var då òg medlem av redaksjonsgruppa. Det blei lagt vekt på at publikasjonane ikkje berre skulle vere rapportar om kva kvart prosjekt gjekk ut på, men at dei skulle vere brukarvennlege og gi idéar til andre som ønskte å utvikle sine skulebibliotek. Det er òg lagt vekt på at bildematerialet i alle publikasjonane skulle virke saman med tekstene. Målet var at lesaren både kan lese om og få sjå korleis skulebiblioteka ser ut og blir brukte på ressursskulane. Publikasjonane er blitt sende gratis til alle interesserte, og det er delt ut mellom 500 og 1000 av kvar publikasjon. Det er òg utarbeidd pdf-fil av den trykte teksten, slik at den har vore tilgjengeleg på nettstaden www.skolebibliotek.uia.no.

2011: Tekstmangfold og tilpasset opplæring i skolebiblioteket

2012: Lærelyst og leseglede i skulebiblioteket

2012: Undre og spørje, skape og dele … Skulebiblioteket i undervisninga

5.2 Kompetanseheving Område 2 i avtalen om Program for skulebibliotekutvikling handlar om kompetanseutvikling. Det skulle utarbeidast eit etterutdanningsprogram for skulane som har deltatt i programmet og studietilboda innan skulebibliotekkunnskap skulle utviklast.

20


5.2.1 Kurs og konferansar Prosjektgruppene på dei ulike prosjektskulane har deltatt på to kurs kvar i løpet av prosjektåret: eitt i september og eitt i februar. Kursa blei haldne etter same mal på tre stader i landet: på Gardermoen, i Bergen og i Tromsø, og prosjektskulane blei delte inn i tre grupper med kurs på kvar sin stad. Dermed er det til saman arrangert 24 etterutdanningskurs i løpet av fire år for førsteårsskular, med frå i underkant av 50 til om lag 120 deltakarar. Det ulike talet på deltakarar skuldast at det varierte kor mange skular som var med frå kvar region dei ulike åra. I alt har rundt 1000 rektorar, skulebibliotekarar og lærarar deltatt på kurs. Ein grunnleggjande føresetnad for deltaking i programmet var at heile prosjektgruppa skulle delta på begge kursa, og som nemnt over har ein sett det som svært viktig at også rektor som prosjektleiar skulle delta på kurs. I rapportane frå skulane har vi fått svært gode tilbakemeldingar på dette. Rektorane seier det har vore svært nyttig for dei å delta på kurs, og prosjekt-gruppene har fått ei større kjensle av kor viktig prosjektet er for heile skulen når rektor deltar aktivt på denne måten. Kursa for førsteårsskular inneheldt ei blanding av foredrag og gruppearbeid. På kvart kurs var det faglege foredrag om pedagogisk bruk av skulebiblioteket og om leseopplæring og informasjonskompetanse. Etter kvart som ein fekk ressursskular å hauste erfaringar frå, var det eitt eller fleire innlegg frå desse. Ein fekk òg tid til informasjon om bibliotekressursar – til dømes om Det flerspråklige bibliotek og Biblioteket for lyd og punkt, vitjing av ein forfattar og ekskursjon til eit skulebibliotek i nærområdet. Skulane sette stor pris på at det var sett av tid til gruppearbeid, både for eiga prosjektgruppe og for samansette grupper frå fleire skular. Ressursskulane hadde eit anna opplegg enn prosjektskulane. Ressursskulane hadde ei samling/ prosjektmøte seinhaustes for heile prosjektgruppa, og ei samling for rektor og skulebibliotekar i mars. Samlingane hadde karakter av erfaringsdeling, slik at det var skulane sjølve som sto for det meste av programmet. Det var to slike samlingar i 2010–2011, to i 2011–2012 og tre i 2012–2013. Siste året var det så mange ressursskular at ein på den første samlinga delte skulane i to: barneskular for seg og ungdomsskular og kombinerte skular for seg. I tillegg deltok alle ressursskulane på erfaringskonferansane i juni, med presentasjonar av prosjekta sine og med utstilling om prosjekta. Ressursskulane deltok altså på tre samlingar i løpet av året som ressursskule, og fekk alle stadene trening i å presentere prosjekta sine for andre. Alle programma for etterutdanningskursa og samlingane for ressursskulane er lagde ut på nettstaden www.skolebibliotek.uia.no . Det same gjeld programma for konferansane. I juni 2011, 2012 og 2013 blei det arrangert erfaringskonferansar med open påmelding på UiA i Kristiansand. Dei to første åra var det eindags-konferanse, i 2013 gjekk konferansen over to dagar. På dei to første konferansane var i overkant av 100 påmelde – inkludert deltakarane frå ressursskulane. Til den siste konferansen melde det seg om lag 170 deltakarar, inkludert ressursskulegruppene. Deltakarane kom frå heile landet.

21


Programmet på dei to første erfaringskonferansane var mykje konsentrert om presentasjonar av gjennomførte toårige prosjekt. I tillegg var det rom for eitt fagleg foredrag. På alle konferansane hadde fagleg leiar ei oppsummering av arbeidet til ressursskulane, slik at alle skulane blei presenterte i plenumsforedrag. Konferansen i 2013 var òg avslutningskonferanse for programmet, med oppsummering av arbeidet, presentasjonar frå ressursskuleprosjekta, og fleire faglege foredrag om informasjonskompetanse, digital utvikling og litteraturformidling. På alle konferansane hadde ressurskulane lagt mykje arbeid i utstilling om prosjekta sine. Utstillinga blei kvart år vist i Vilhelm Krags hall på Kampus Kristiansand, i tilknyting til konferanseauditoriet, og var bemanna med skulane sine prosjektgrupper.

Moelv ungdomsskole si utstilling på avslutningskonferansen 2013

5.2.2 Utvikling av bachelorprogram i skulebibliotekkunnskap I retningslinjene som utdjupar avtalen mellom UiA og Utdanningsdirektoratet blir det sagt at: «Som ressurssenter for kompetanse i skolebibliotek må Universitetet utvikle studietilbudene som blant annet innebærer å modulbasere videreutdanningstilbud og vurdere å utvikle et masterstudium i skolebibliotekkunnskap.» Ei naturleg følgje av dette var i første omgang å arbeide fram eit bachelorprogram. UiA hadde då Program for skulebibliotekutvikling tok til som tidlegare nemnt tre grunnstudium på kvar 30 studiepoeng: Skolebibliotekkunnskap 1, Skolebibliotekkunnskap 2: Barne- og ungdomslitteratur og Skolebibliotekkunnskap 3 – Informasjonskompetanse.

22


Skolebibliotekkunnskap 1 og 2 var godt innarbeidde studietilbod med god søkning. Skolebibliotekkunnskap 3 var eit relativt nytt studium, og hadde berre vore tilbydd som EVU-tilbod, altså som betalingsstudium. Ein fann at Skolebibliotekkunnskap 1 og 2 ville eigne seg godt som første året i eit bachelorprgram i skulebibliotekkunnskap, og at Skolebibliotekkunnskap 3 kunne omarbeidast til å bli eit nytt påbyggingsstudium med endra innhald og nytt namn: Skolebibliotekkunnskap 3, informasjonskompetanse og leseutvikling. Til saman kunne ein då tilby 90 studiepoeng fordjuping innan skulebibliotekkunnskap, som dekkjer kravet til fordjupingsdelen i eit bachelorprogram. Studentane må i tillegg ha ex.phil og ex.fac (til saman 20 studiepoeng), eit fritt valt emne på 10 studiepoeng og ei breiddeeining på til saman 60 studiepoeng. Bachelorprogrammet gir stor fridom i valet av breiddeeining. Ved å velje eit skulefag som breiddeeining kan ein inntil vidare (så lenge reglane for opptak til PPU tillèt det) søkje opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar – rett nok med berre eitt undervisningsfag i fagkrinsen. Ein kan òg sette saman breiddeeininga av andre emne, og ein del studentar får godkjend tidlegare studium som breidde. Påbyggingsstudiet Skolebibliotekkunnskap 3, informasjonskompetanse og leseutvikling blei gjennomført første gongen studieåret 2010–11. Bachelorprogrammet blei utlyst som eige program første gong frå hausten 2011. Ved avslutningstidspunktet for Program for skulebibliotekutvikling har 12 studentar fått vitnemål som Bachelor i skolebibliotekkunnskap, og studiet er gått inn som ein del av den faste studieporteføljen ved UiA. Heile fordjupingsdelen er framleis nettbasert og på deltid, slik at studentane kan studere ved sida av sitt vanlege arbeid. Framleis er det slik at mange av studentane er lærarar, men det er etter kvart blitt fleire med annan bakgrunn som søkjer seg til studiet. Det er god søkning til studia, og UiA ønskjer å utvikle studia og fagmiljøet vidare. Gjennom prosjektet har ein sett eit behov for kompetanseutvikling i form av etter- og vidareutdanning og spesialiserte kurstilbod, som er naturlege tilleggsoppgåver for universitetet.

5.2.3 Utvikling av kortare studiepoenggjevande kurs Prosjektleiinga tok som del av arbeidet i Program for skulebibliotekutvikling over koordineringa av Nasjonalt nettverk for skolebibliotek og læremiddelkunnskap etter Elisabeth Tallaksen Rafste våren 2010. Fagleg leiar Siri Ingvaldsen leidde ei arbeidsgruppe under dette nettverket, som i løpet av 2011 utarbeidde ein plan for eit 5-studiepoengs tilbod kalla ’’Nettbaserte informasjonskilder – søking, vurdering og bruk’’. Planen er send til høgskular og universitet med oppmoding om at den enkelte studiestaden skal legge tilbodet inn i studieporteføljen sin. Fagleg leiar har òg utarbeidd plan for eit 10-studiepoengskurs i skulebibliotekkunnskap, Skulebiblioteket i skulen sitt læringsmiljø, som er basert på delar av Skulebibliotekkunnskap 1. Dette kurset kan tilbydast til skuleeigarar og andre interesserte som EVU-tilbod. Kurset blei gjennomført studieåret 2011–12 på oppdrag frå Troms fylkeskommune.

23


5.3 Digital idésamling og læringsressurs om informasjonskompetanse – www.informasjonskompetanse.no Hovudtiltaket i Område 3 i oppdraget med Program for skulebibliotekutvikling var å utvikle ei nettbasert idésamling for systematisk opplæring i informasjonskompetanse knytt til kompetansemål i læreplanen for ulike fag på alle trinn i grunnopplæringa. Idésamlinga var klar til publisering i januar 2013, og blei vist på alle kurs og samlingar for prosjektskular vinteren/våren 2013. Tiltaket var opphavleg planlagt ferdig i 2011. I samråd med Utdanningsdirektoratet vart framdriftsplanen endra, både for å ha tid til å få innspel frå fagmiljøa om kva behov tiltaket skulle dekkje, planlegge bruk av ny teknologi og ha med erfaringar frå gjennomførde prosjekt i programmet. Lise Alsted Henrichsen, pedagog og bibliotekar ved Center for undervisningsmidler, København/ UiA, utarbeidde hausten 2010 plan for tiltaket, og Reidar Bjorvatn, bibliotekar ved UBA, var koordinator i perioden 01.01.11–31.12.2012. Fagleg leiar Siri Ingvaldsen har i heile utviklingsperioden vore prosjektansvarleg og aktivt deltakande i prosessen. Ein valde å legge idésamlinga til ein ny nettstad: www.informasjonskompetanse.no, med tanke på å lage ei nettløysing som var godt tilpassa formålet. Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen fekk oppdraget med å utvikle den nye nettressursen. Dei har òg stått for utforming og grafisk design i tett samarbeid med fagleg leiar Siri Ingvaldsen og nettredaktør Inger Berg Wilhelmsen. Førsteamanuensis Jon Hoem (HiB) har skrive fagtekstar, nettoppdrag og hypertekstforteljinga ‘Hvor er Alexa’. Fagleg leiar Siri Ingvaldsen har vore ansvarleg redaktør for nettstaden og har mellom anna arbeidd med lærarrettleiingane og teori knytt til læringsmåla i LK06. Nettredaktøren har lagt inn, tilrettelagt innhald og oppdatert nettstaden. Ein knytte til seg lærarar og skulebibliotekarar, som leverte eksempel på korleis ein konkret kan knytte opplæring i informasjonskompetanse til fag og arbeidsmåtar. Idéane og døma på gjennomførde prosjekt byggjer i stor grad på arbeidet i prosjekt- og ressursskulane i programmet. Nettstaden med eksempelsamlinga er i dag ein stad der lærarar og skulebibliotekarar både i grunnskulen og vidaregåande skule finn eksempel på undervisningsopplegg for ulike trinn og ulike fag i det 13-årige skuleløpet. Det er lagt ut døme på gjennomførde prosjekt (Slik har vi gjort det) og lenkjer til aktuelle ressursar. Det er òg laga ei lærarrettleiing for bruk av eksempla. Forslag til læringsmål i informasjonskompetanse er knytte til relevante kompetansemål frå LK06 for dei ulike trinna, og desse er plasserte i ei kompetansetrapp som synleggjer progresjon i opplæringa. Alle kompetansemåla er oppdaterte etter revisjonen av læreplanane ved skulestart i august 2013.

24


Det er òg laga to nettoppdrag, om høvesvis opphavsrett og etisk bruk av bilde på nett. Hypertekstforteljinga `Hvor er Alexa?`dekkjer mange ulike aspekt av omgrepet informasjonskompetanse. Nettoppdraga og hypertekstforteljinga rettar seg særskilt mot ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Både nettoppdraga og hypertekstforteljinga er laga av Jon Hoem ved Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen. UiA har overlatt ansvaret for nettstaden til Utdanningsdirektoratet frå 1.1.2014.

6. Nettstaden www.skolebibliotek.uia.no UiA tok i 2008 over ansvaret for skulebiblioteksidene på Skolenettet, som Utdanningsdirektoratet hadde hatt ansvaret for tidlegare. Vidareføringa av nettstaden var eit av tiltaka i Pilotprosjektet 2008–2009. Artiklar frå Skolenettet blei flytte til den nye nettstaden www.skolebibliotek.uia.no, og organisert på nytt der. Den nettbaserte eksempelsamlinga som var utarbeidd i Pilotprosjektet blei òg lagt på nettstaden under eiga fane. I tillegg inneheld nettstaden offentlege utgreiingar og dokument om skulebibliotek, planar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå og informasjon om utdanningstilbod innan skulebibliotek og læremiddel. Ein finn òg aktuelt stoff om prosjekt, kurs og konferansar som gjeld pedagogisk bruk av skulebibliotek og andre bibliotek. Nettstaden var ein viktig informasjonskanal då Program for skulebibliotekutvikling starta opp, og det var naturleg å vidareføre han i samband med gjennomføringa av heile programmet. Her blei det lagt ut søknadsinformasjon, informasjon om dei enkelte prosjekta og om etterutdannings-kursa. Nettstaden har vore i stadig utvikling, og noko av det siste som kom til var ein kartfunksjon som gir eit geografisk oversyn over alle prosjektskulane i programmet. Målgruppa for nettstaden er alle som er interessert i skulebibliotek, med særleg vekt på lærarar, bibliotekarar, studentar, skuleigarar og saksbehandlarar innan skulebibliotekfeltet. Fagleg leiar Siri Ingvaldsen har vore ansvarleg redaktør og leiar av redaksjonsgruppa. Redaksjonsgruppa har elles bestått av nettredaktør Inger Berg Wilhelmsen og prosjektkoordinator Anne Kari Slettan. Redaksjonsgruppa har hatt jamlege telefonmøte, der ein har diskutert utviklinga av og innhaldet på nettstaden, men det er Inger Berg Wilhelmsen som har gjort det daglege arbeidet med oppdatering av nyheiter og innlegging av informasjon. Firmaet Trappetrinn v/ Inger Berg Wilhelmsen, hadde i fleire år hatt avtale med Utdanningsdirektoratet om drift av skulebiblioteksidene på Skolenettet. UiA tok denne avtalen vidare, slik at det blei kontinuitet i drifta. På den måten fekk ein nytta verdifull kompetanse som var opparbeidd gjennom mange år.

25


Nettstaden er finansiert av midlar frå Program for skulebibliotekutvikling fram til årsskiftet 2013–14. UiA har overlatt ansvaret for nettstaden til Utdanningsdirektoratet frå 1. januar 2014.

7. Budsjett og rekneskap Det var ein føresetnad at det meste av midlane i programmet skulle gå direkte til skulane i form av tildelte midlar til skulane sine prosjekt og til etterutdanning/vidareutdanning. Derfor blei minst halvparten av budsjettmidlane kvart år brukt direkte til utdeling av midlar til prosjekt i skulen. Utbetalinga til skulane fann stad ved at skulane sende faktura til UiA. Første året fekk skulane utbetalt 50 % av pengane ved prosjektstart og 50 % på nyåret 2010. Dei neste åra valde ein å betale ut 75 % av tilskotet ved prosjektstart og restbeløpet etter at sluttrapporten var godkjend. Midlane skulle i størst mogeleg grad gå til å kjøpe fri medlemene i prosjektgruppa til arbeid med gjennomføringa av prosjektet på skulen. Mindre delar av tilskotet gjaldt dekking av utgifter til vikarar for prosjektgruppa ved deltaking på kurs, til reise, prosjektleiing og til kjøp av rettleiingstenester. Ein liten sum blei også sett av til at skulen kunne kjøpe materiell som trongst for å gjennomføre prosjektet. I dei aller fleste tilfella har skulane brukt opp dei tildelte midlane. Skulane fekk tilbod om å overføre midlar til neste skuleår viss det sto att pengar på budsjettet og skulane hadde planar om korleis dei kunne nytte dei, og det har vist seg tenleg for mange skular. På den måten har midlane blitt på skulen, og dei har fått nytta ut pengane på ein god måte. Ein føresetnad for tildeling av støtte var at minst 50 % av prosjektet skulle dekkjast av skulen sine eigne midlar. Løn til skulebibliotekar kunne vere ein del av eigenfinansieringa. Det viser seg at mange skular har finansiert mykje meir enn halvparten av prosjektet ved eigne midlar. Mellom anna er det ein god del skular som har brukt mykje pengar på å kjøpe inn nye bøker og andre læremiddel, og på den måten fornya både læremiddelsamlinga og bruken av biblioteket. Rekneskapen for programmet er klar først ved årsskiftet 2013–2014, då nettstaden blir finansiert av midlar frå programmet fram til 1.1.2014. Ein må få inn og gjort opp alle rekningar før ein kan levere endeleg rekneskap, men slik det ser ut hausten 2013 vil rekneskapen bli gjort opp i pluss.

26


Tabellen viser oversikt over rekneskapen per 15. november 2013. Områda det er vist til, er programområda som er omtalt under punkt 4.1 i denne rapporten. Område 1. Styrka leseferdigheiter, inkludert tildeling av midlar og gjennomføring av etterutdanningskurs Område 2. Kompetanseutvikling

30 434 785

Område 3. Informasjonskompetanse Drift av nettstad for skulebibliotekutvikling

958 200 862 894

Prosjektleiing/koordinering, inkludert utgifter til publikasjonar, anna formidling og prosjektstyret

7 242 463

Totalt rekneskapsført per 15. november 2013

39 630 183

114 959

8. Evaluering og arbeid for vidareføring av oppgåver i programmet Fagleg leiar og prosjektkoordinator har arbeidd med prosjektet i fire år, i tett samarbeid. Begge blei tilsett i prosjektet etter at strukturen var lagt, og har funne at den organiseringsforma som var lagt våren 2009 har vore tenleg. Det faglege ansvaret for prosjektleiinga gjekk 1. august 2013 over frå fagleg leiar Siri Ingvaldsen til instituttleiar Rune Røsstad ved Institutt for nordisk og mediefag ved Fakultet for humaniora og pedagogikk, UiA. Prosjektkoordinator var tilsett ut september 2013. Nettstadene www.skolebibliotek.uia.no og www.informasjonskompetanse.no er finansierte av midlar frå programmet ut 2013. Frå juni 2013 er det sett i gang evaluering av Program for skulebibliotekutvikling, ei evaluering som blir gjennomført av NIFU. Evalueringa er planlagd ferdig i mars 2014. NIFU seier sjølv på sine nettsider om evalueringa at «formålet med evalueringen er å få kunnskap om hvordan programmet har fungert relatert til oppsatte mål på sentralt og lokalt nivå, og om endringer i sektoren.». Evalueringa av programmet vil fortelje meir om i kva grad måla for programmet er nådde, men styringsgruppa sitt inntrykk er at deltaking i prosjektet har ført til ei positiv utvikling hos prosjekt- og ressursskulane. Tilbakemeldingane frå skulane tyder på at skulebiblioteket i sterkare grad er tatt i bruk som pedagogisk verktøy, og at skulane og kommunane som har deltatt i programmet har fått større innsikt i og kunnskap om korleis skulebiblioteket kan nyttast i utviklinga av elevane sin lesekompetanse og informasjonskompetanse. Det er utvikla modellar

27


for systematisk bruk av skulebiblioteket i opplæring. Skulane peikar i rapportane sine på to viktige suksessfaktorar: at rektor er prosjektleiar og at heile prosjektgruppa har deltatt på dei obligatoriske etterutdanningskursa. Desse to faktorane blir framheva som heilt avgjerande for å få eit godt resultat. To gonger i løpet av programperioden har stortingsrepresentantar stilt spørsmål til kunnskapsministeren om kva som skal skje med skulebiblioteksatsinga etter at Program for skulebibliotekutvikling er avslutta. Første gongen var i april 2012, då Dagrun Eriksen (KrF) stilte følgjande skriftlege spørsmål: – Har regjeringen tatt stilling til hvordan satsingen på skolebibliotek kan fortsette etter 2013? Kunnskapsministeren gav eit fyldig svar, som konkluderte slik: – Jeg vil ta stilling til den videre utviklingen av skolebibliotekfeltet når resultatene fra … kartleggingen foreligger. Andre gongen var i september 2012, då Torbjørn Røe Isaksen (H) stilte følgjande skriftlege spørsmål: – Mener statsråden at programmet bør opprettholdes også etter 2013? Konklusjonen i svaret frå kunnskapsministeren var mykje den same som sist: – Jeg vil ta stilling til en mulig videre satsing på skolebibliotekene når resultatene fra … kartleggingen foreligger. Den kartlegginga kunnskapsministeren viser til, er evalueringa som NIFU skal legge fram resultatet av i mars 2014. Styringsgruppa har stilt seg bak eit framlegg frå UiA om vidareføring av oppgåver i Program for skulebibliotekutvikling. UiA har foreslått å nytte eventuelle restmidlar i programmet slik: - tilsetjing i vitskapleg stilling for ein person som, i tillegg til undervisning på skulebibliotekstudia, òg ville få ansvaret for å vidareføre oppgåver frå programmet - drift av nettstadene ut 2014 - arrangering av landskonferanse om skulebibliotek i 2014 og 2015, og eventuelle andre kurs som kunne vere aktuelle Det melde seg ingen søkjarar til den vitskaplege stillinga i første utlysingsrunde, og stillinga er derfor lyst ut på nytt, med tilsetjingsdato 1. august 2014. Dei andre tiltaka UiA ønskte å nytte eventuelle restmidlar til, får ein ikkje svar på før statsbudsjettet for 2014 er vedtatt.

9. Oppsummering Program for skulebibliotekutvikling er avslutta etter fire år. 173 skular frå 105 kommunar har deltatt. 37 av skulane har deltatt i to år, slik at det til saman er gjennomført 210 prosjekt. Det meste av dei 40 millionar kroner som var avsett til programmet, er brukt til praksisnære prosjekt i grunnskulen, utvikling av to nettstader, og til vidareutvikling av studier slik at ein no tilbyr bachelorprogram i skulebibliotekkunnskap ved UiA. I tillegg er det laga plan for to kortare

28


studiepoenggjevande vidareutdanningskurs og halde om lag 30 kurs og samlingar for prosjektgrupper ved prosjektskulane. Om lag 1000 lærarar, skulebibliotekarar og rektorar har deltatt på etterutdanningsprogrammet. Ein viktig suksessfaktor for prosjektet er rektors aktive deltaking. Program for skulebibliotekutvikling har arrangert 3 landskonferansar om skulebibliotek, med til saman nærmare 400 deltakarar. I tilknyting til kvar av landskonferansane er det blitt utgitt ein publikasjon om ressursskuleprosjekt. Programmet har vore organisert med ei styringsgruppe som har hatt 2–3 møte i året og elles deltatt med innspel til prosjektleiinga undervegs. Dei to tilsette i programmet, fagleg leiar og prosjektkoordinator, har hatt den daglege prosjektleiinga. Gjennom prosjektleiinga har UiA hatt jamleg kontakt med Utdanningsdirektoratet, både med formelle møteplassar og meir uformell kontakt etter behov. Det har kvart år blitt sendt inn årsrapport med rekneskap til Utdanningsdirektoratet. Styringsgruppa og prosjektleiinga har heile tida vore opptatt av å leie programmet slik at måla kunne nåast i så stor grad som mogeleg. Derfor er det blitt lagt stor vekt på at aktivitetar som kunne føre til god måloppnåing, er blitt gjennomført så langt det har vore mogeleg innanfor programmet sine rammer. Prosjekt- og ressursskulane melder i sluttrapporteringa si at deltaking i prosjektet har ført til endring i bruken av skulebiblioteket. Nokre av skulane melder at dei har målt endringar i elevane sin lesedugleik allereie etter eitt år med prosjekt. Det er utvikla modellar for systematisk bruk av skulebiblioteket i leseopplæring og opplæring i informasjonskompetanse, og UiA har fungert som eit ressurssenter for kompetanse i skulebibliotek. Både i prosjektarbeidet på skulane og i etterutdanningsprogrammet har ein hatt fokus på å auke kompetansen hos skulebibliotekansvarlege og dei andre medlemene i prosjektgruppa om skulebibliotekfaglege emne og bruk av skulebibliotek i opplæringa. Skuleeigar og skulane har gjennom deltakinga i prosjektet fått støtte i det systematiske arbeidet med å integrere skulebiblioteket i opplæring i lesedugleik og informasjonskompetanse. I perioden juni 2013 til mars 2014 gjennomfører NIFU ei evaluering av Program for skulebibliotekutvikling. Formålet med evalueringa er å få kunnskap om korleis programmet har fungert sett i forhold til dei måla som var sette opp på sentralt og lokalt nivå, og kunnskap om endringar i sektoren. Evalueringa kan gi fleire svar knytt til dei langsiktige måla og resultatmåla for programmet.

29


30


31


32

Sluttrapport 09 13  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you