Kvinner på barrikadene

Page 165

Magnhild Hagelia Første kvinnelege stortingsrepresentant frå Agder

Av Andreas Vevstad1 og Johnny Haugen

Våren 1950 hadde Osloavisa Morgenposten intervju med fleire stortingsrepresentantar. Mellom dei var Magnhild Hagelia frå Gjerstad. Ho opna intervjuet slik: «Jeg er ikke det spor hårsår, så De kan spørre om hva De vil». Journalisten var vand med at politikarar bad han skrive varsamt «av omsyn til veljarane og partiet». Magnhild såg det på ein annan måte: «Jeg hadde ikke kommet på Tinget om jeg ikke hadde tålt de skubbene man får i politikken», sa ho til journalisten – men på gjerstadmål. Ho hadde då vore vararepresentant til Stortinget sidan 1945 og visste kva ho tala om. Magnhild Hagelia kom sidan til å bli ein markant politikar i norsk etterkrigstid. I nærmare 16 år satt ho på Stortinget for Arbeiderpartiet. I 1962 førde ho presidentklubba i Lagtinget, som den første kvinna i den norske nasjonalforsamlinga nokosinne. I tillegg var ho den første kvinnelege stortingsrepresentanten frå Agder då ho kom på Stortinget i 1950.

«Et barnebarn på 46» Magnhild Hagelia (1904–1996) frå Gjerstad var den første kvinna i Noreg som førde presidentklubba i Lagtinget. I tillegg var ho den første kvinna frå Agder som møtte på Stortinget. © STORTINGSARKIVET/FINNE, 1954

1

Artikkelen i Morgenposten presenterte Magnhild Hagelia som «et barnebarn på 46». Då ho blei vald til Stortinget i 1949, nemnde ho ofte bestefaren, gamle Jakob Pedersen heime i Hagelia. Det var ikkje utan grunn. Ho kjende seg heile livet sterkt knytt til familien og heim-

Forfattar og lokalhistorikar Andreas Vevstad døydde 10. oktober 2007. Denne artikkelen er såleis ein omarbeidd versjon av eit tidlegare manuskript.

163


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.