Egde - Agder Historielag nr 2 2012 - NETT

Page 68

2012 07 - Agder historielag - Temamøte om barnevandringene i Kvinesdal - 4 sider 17x24 - 3000 stk - 150 g silk_Layout 1 12.07.2012 13:32 S Egde - Agder Historielag 02 2012 - 96 sider 17x24 - 1350 stk_Egde - Agder Historielag 02 2006.qxd 18.07.2012 14:54 Side 68

Temamøte i Kvinesdal om barnevandringane Gjennom dei siste åra har historia om barnevandringane på Agder kome fram i ljoset både gjennom innsamling av forteljingar om einskildhendingar og gjennom filmen om «Yohan barnevandrer». Stoffet er på dette viset gjort aktuelt og det er gjort mykje arbeid for å levandegjere dette heilt unike historiske materialet. Du kan no gå i fotefara til barnevandrarane frå Kvinesdal og heilt til «Austlandet», og oppleve spanande ting undervegs. Me kan berre ane kva desse borna måtte gjennomgå. Det er viktig at kunnskapen om denne tida ikkje går i gløymeboka. Agder Historielag og Kvinesdal Historielag innbyr til ei historisk temasamling om barnevandringane på Agder. Det skjer i Kulturhuset på Åmot sundag 23. september 2012 kl. 13.00. Inngang: 100 kr. Inga påmelding. Frå opninga av barnevandrarstigen i Årli, der rundt 300 personar var til stades, mellom anna ordførar i Kvinesdal Odd Omland, ordførar i Audnedal Tønnes Seland, primus motor i barnevandrarprosjektet i Audnedal Tyra Ågedal, ukjend pressemann, og tidlegare ordførar i Hægebostad Jon Fidjeland. FOTO JOHANNES HAMRE


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.