Egde - Agder Historielag nr 2 2012 - NETT

Page 32

Egde - Agder Historielag 02 2012 - 96 sider 17x24 - 1350 stk_Egde - Agder Historielag 02 2006.qxd 18.07.2012 14:53 Side 32

Agder Vitenskapsakademi Årbok 2010 Red. Thor Einar Hanisch, Portal forlag, Kristiansand, 255 s., 2011

Årboka er ei melding frå ein ung og aktiv organisasjon. Agder akademi vart til Agder Vitenskapsakademi (AV) i 2003. Vi vert kjende med organisasjonen gjennom «statutter», (s. 8–10). I matrikkelen (s. 11–35 og bileta s. 249–254) vert styre og medlemer presenterte. 32

Mange er vel kjende frå media og norsk samfunnsliv: Statsrådar, stortingsrepresentantar, biskopar, statsrådar, professorar, arkitektar, skodespelarar forfattarar, biletkunstnarar, komponistar og som venta mange slag doctores: dr.philos., dr.scient., dr.polit., dr.h.c.mult., ph.d., fil.dr. Som venta har mange adresse i Agder, men AV har også medlemer med stilling i Oslo, London, Exeter, Uppsala, Århus, Bamberg i Tyskland, Poznan i Polen. Eg finn som ein kan venta ingen bønder eller fiskarar, men vonar doktorane har både åkerflekk og sjekte så dei kan nyta eigne poteter til sjølvfiska makrell. I årsmeldinga nemner ein aktivitetane (s.3641): AV er inntakskontor for lege- og tannlegestudiar i Poznan og Bydgoszcz, Polen, 10 nye medlemer vart røysta inn, talet er deretter 215. AV har sikra seg eigedom (12 luter) i Xristos Research Centre, Lesbos, Hellas. Det kan vera freistande å søkja medlemskap, for AV sine medlemmer har høve til å nytta husvære der frå mai til oktober. Frå årsmøtet er referert takketalar frå prisvinnarane Gunnhild Hagestad og Steen Koekebakker, og årsmøteføredraget, det eine av to på nynorsk i denne boka – Arild Stubhaug: Den lange linja – Det kongelig Norske Videnskabers Selskab 250 år, 1760– 2010. I 2010 vart det arrangert 6 møte med føredrag. Desse utgjer det meste av årboka (s. 44–233). Frida Forsgren (s. 44–47) si gjennomgåing av soga Frå Leonardo til Gimle Gård. Maleriet Kristus blant de skriftlærde» er forvitneleg, detaljert dokumentert, men manglar litt av «biletføringa» som vi er vane med frå Gunnar Danbolt sine kunstvandringar i NRK P2. I det andre, «Begråtelsen på Gimle Gård» (s. 72–74) og tredje føredraget «Caesars død på Gimle Gard» (s. 92–94) held kunstvandringa fram, ho tek oss med på engasjerte kunstvandringar og


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.