Page 7

Turar og aktivitetar Hyttekos På Gullingen har alle god tid. Ingen butikkar og andre aktivitetar ein kan gjera «heime». Her smakar kaffien, dei nykokte egga, melkesjokoladen, tacoen, vedhogginga, spøtinga, drøsen, dei milde røystene, dei snille ansikta, den friske lufta, det klare vatnet, dei fine trea, dei gode bæra… Alt er jyseligt gildt på Gullingen.

Smak av landleg urbanisme?

Ein trommeslagar har slått seg til på Gullingen

For den som ikkje vil ut på ski kan kafé liv, handel og kulturelle opplevingar på Sand vere eit godt alternativ. Kulturhuset i Suldal har aktivitetar sju dagar i veka! Ryfylkemuseet på Nesasjøhuset har arrangement og utstillingar! Ulike hotel, kafear, kjekke butikkar og koseleg stemning.

Andre aktivitetar -

Elvekspedisjon i Suldalslågen Badestamp Fotballbinge i hjarta av Fjellbergskaret Rulleski og rulleskøyter (svært godt egna til det) Foto: Jarle Lunde

Arild Tjøstheim og kona Kirsti har kjøpt seg hytte på Gullingen. Ikkje berre ei men to. Dette treng ei forklaring Arild… Me er busett på Tau og har opp gjennom åra vore fleire gonger i slalombakken på Gullingen. Ein tur på langrennsski, saman med kona og borna Marius (32) og Elin (35) inn Breiastøldalen til Sandsavatnet i 1995, endra mykje. Ein fantastisk kjekk tur med god stemning, godt feste og gli – i ein flott natur med nydelege løyper. Me bestemte oss der og då. Her skulle me ha hytte. Arild og Kirsti kjøpte tomt same året og bygde med ein gong. Ikkje langt frå den store parkeringsplassen opp mot Stavastølen. Det vart braksuksess med ein gong. Trommesolo, virvel og symbalar frå første dag.

Bålpanna får køyrt seg, for å sei det slik.

slappar av – og går turar i alle variantar. Set også stor pris på at alpinbakken blir oppgradert og dei utruleg flotte langrennsløypene. Er det noko du saknar på Gullingen? Nei, egentlig issje… Han tenkte ei stund, men svaret var klart og tydeleg. Eller kanskje ferske aviser? Me takkar Arild, Kirsti, Elin og Marius for at dei er ein del av Gullingen. Det er verdt ein trommesolo!

I 2008 såg dei behovet for utbygging. Då lovar og reglar sa maks 15 m2 tilbygg i det området, tok dei turen innom Fjellbergskaret for å sjå på ei hytte som var under bygging. Det vart eit impulskjøp, og den andre hytta vart solgt. Me kan også leggja til at dottare Elin har kjøpt tomt i same området. Kirsti er ikkje heilt begeistra for akkurat det. Ho vil helst at heile familien skal vera i same hytta. Her kjem det til å stå på kven som lagar dei beste vaffelkakene, spør du oss… Arild har i mange år spelt trommer i Caledonia Bluesband, og i dag spelar han med Four Generation. Men det skal meir til no at han tek på seg speleoppdrag, for det er til Gullingen dei vil reisa. Fantastisk turterreng alle årstider, legg han til. Eg og Kirsti likar å vera ute heile året. Bålpanna får køyrt seg, for å sei det slik. Me reiser til Gullingen så snart me kan. Var også på Vågslid og Hovden å kikka, men heilårsterrenget, mangfaldet, stemninga og reisetida gjorde at me valgte Gullingen. Her kosar me oss og

Buldrevegg ved Gullingen Turistsenter. Foto: Jarle Lunde

Kirsti har funne seg vel tilrette framfor ovnen med ei god bok i fanget. Foto: Suldal Foto

12 | Gullingen - Jyseligt gildt

Gullingen - Jyseligt gildt | 13

Gullingen brosjyre