Page 3

Turar og aktivitetar

Turar og aktivitetar Langs den ca. 30 km lange vegen mellom Neikjen og Oddatjørndammen er det sett opp ein del tavler som fortel om dyreliv, flora, kulturminne m.v. Tavlene står oppe frå ca. juni til oktober. Det er laga ein informasjonsfolder om natur- og kulturløypa frå Gullingen til Blåsjø. Den kan lastas ned frå nettstaden til Miljøstatus i Suldal.

Naturen på Gullingen Variert og typisk låg- og høgfjellsområde for regionen, prega av eldre og nyare landbruksdrift. Beiteområde for husdyr. Orrfugl og rype er i området. Vegetasjonsrike bjørkeliar, og godt med blåbær. Mange gode fiskevatn. Ynskjer ein å jakta er området svært godt egna til det.

Jyseligt gildt: Bada i nokre av dei naturlege symjebassenga i elva mellom Øvre og Nedre Moen.

3. Skogsvegar og småstiar

Jakt og f iskekort f inn du på www.inatur.no

Sykkelleik på små stiar, skogsvegar og liknande er alltid populært. Det finn du rundt omkring både nær lysløypa, langs elva, Mosvatnet, Heddlebrekk og Fjellbergskaret. Her er det fantasien som set grenser.

Jyseligt gildt: Foto: Jarle Lunde

Sykkel Meistring i naturen er jyseligt gildt. Foto: Jarle Lunde

1. Ulladalen

Turar og aktivitetar Kajakk og kano 1. Mosvatnet Mosvatnet ligg sentralt midt i Gullingen-området. Vatnet er om lag 3 km langt og 1,5 km breidt. Rundt omkring dukkar det opp 13 små og mellomstore holmar. Som kvar og ein er verdt eit besøk. Strandlinja er også utruleg vakker, med fleire strender og badeplassar. Du kan også fiska, slå opp telt og verkeleg vera på villmarkstur.

Jyseligt gildt: – Gå i land på ein av holmane og bli der lenge… Tips: Gullingen Turistsenter leiger ut kanoar og robåtar, og kan også tipsa om kajakkar.

2. Moavatnet Kjør til Nedre Moen som ligg ca. 15 km mot Blåsjø frå Gullingen Turistsenter. Eit lite vatn med flotte strender, elv, steile fjellvegger og meir kupert terreng. Fantastisk ramme for kajakk og kano. Padla til høgre i vatnet og vær litt obs på vatnet som renn over i elva som går til Pråmvikvatnet.

Jyseligt gildt: Gå i land til venstre i motsatt ende av der du parkerer bilen. Gå over til Pråmvikvatnet. Det tek ca. 6-8 min. Fantastisk vatn med eit utruleg elveløp frå Moavatnet. Naturleg badebasseng før den renn ut i vatnet. Der kan ein vera heile dagar.

4 | Gullingen - Jyseligt gildt

Tips: Dorga med spinner eller sluk medan du padlar og blåbærplukking. Som du lagar blåbærsyltetøy av og smører på pannekakene du steiker i «leiren». Husk sukker. Kanskje er det molteår i år?

3. Sandsavatnet

Kjør frå Gullingen skistadion og ned mot Jøsenfjorden. Der ser du skilt inn til Ulladalen. Frå hovudvegen er der ca 12,5 km heilt inn til Flåtene. Dei første 5 km er på asfalt i ein lett kupert, men storslagen natur. Med elva som næraste nabo. Dei neste 7,5 km går på grusveg med enkelte bratte og lengre bakkar. Dei er tøffe nok til og med for vaksne som er i ok form. Ein sykkeltur i Ulladalen kjem du aldri til å gløyma.

Køyr syklane heilt inn til Flåtene, og sykla ned igjen. Ta deg også tid til å bada i ulike kulpar og nyt naturen. Tips: Frå Flåtene går der sti inn til Ståvedalsvatnet. Ca. 2,5 km. Ei villmark av dei sjeldne.

Jyseligt gildt:

2. Blåsjøvegen

Tips: Den som får ein stein til å hoppa akkurat 5 gonger på vannflata innan 3 kast, får heile melkerullen åleine.

4. Blåsjø Eit stort og majestetisk høgfjellsområde der ein kan padla i «vekesvis». Forhøyr deg med kjentfolk på Suldal Turistkontor, Gullingen Turistsenter, sportsbutikkane eller andre før du legg i veg. Blåsjø er Norges største energimagasin, og vert halden på plass av 11 små og store dammar. Ved høgste regulerte vasstand dekker Blåsjø eit område på over 82 km².

Jyseligt gildt: Her er du på høgfjellet. Husk at dei som berre ser med augene ser ingenting.

Tips: La dei yngste sjekka på nettet kva lufttrykk som er det beste for terrengsykling og litt om demping. Det blir gode diskusjonar og ein testar om ein har gjort rett. Litt «sladding» er også viktig på flatar eller forsiktige nedoverbakkar.

Jyseligt gildt:

Ligg om lag 4,5 km mot Blåsjø frå Gullingen Turistsenter. Stort vatn med Sandsahytta i enden. Kan starta frå ulike stadar, men vatnet er ofte regulert. Mange fine strender og viker, litt etter kor mykje vatnet er regulert.

Kjør 4-5 km vidare mot Blåsjø og til venstre ned til Osane som ligg ved Sandsavatnet. Padla derifrå til Sandsahytta. Storslåtte fjellsider som gir mange kjensler. Omlag 2 km padling.

Den som syklar først avgjer kor me skal sykla. Alle må «herma» etter den første. Byter på å vera først.

Heile vegen frå Gullingen Turistsenter til Blåsjø. Enkelte bratte og forholdsvis lange bakkar, og ein tunnel der ein med fordel har med lys. Når ein kjem på toppen etter tunellen, kan ein også sykla frå Oddatjønn (frå bommen) til Storvassdammen. Om lag 16 km ein veg. Kupert til å starta med, men flatt vidare. Også flott for rulleski. Kanskje ser du reinsdyr. Syklar du til Førrevassdammen, kan du også sykla over den. Og ca. 2 km vidare. Blåsjøvegen inneheld alt. Du kan også sykla deler av vegen, eller berre ned. Sjølv om vegen ned også inneheld enkelte småkrevjande bakkar. Suldal kommune og SVR (Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde) har laga ei natur- og kulturløype frå Gullingen til Blåsjø. Med den løypa ønskjer dei å synleggjere nokre av skattane i Suldalsheiane. Blåsjø med damanlegga er eit kjend turistmål, men det er mange flotte stoppunkt undervegs.

Foto: Jarle Lunde

Kanskje du veit kva denne nuten heiter?

Turar til fots Spør etter eige turkart. Du finn dei også på suldal-turistkontor.no. prøv også ut.no

1. Stølsrunden 8 km, 2 timar, lett tur. Start ved parkeringsplass der vegen tek av til Blåsjø. Turen startar på grusveg som går forbi Håvestølen opp til Stavastølen, vidare på sti via Reinsstølen, Vindvollen og Åsstølen tilbake til utgangspunktet. Turen går i ope terreng med fjellbjørkeskog.

Gullingen - Jyseligt gildt | 5

Gullingen brosjyre  
Advertisement