Page 1

Velkommen te oss

– Heile familien. Heile sjela. Heile året. Kanskje det gildaste av Suldal og Ryfylke.

Velkommen te oss Inne i brosjyra:

Turar på Gullingen er til glede for alle. Mosvatnet i bakgrunnen Foto: Tor Inge Jøssang

Mange kan tilby flotte tomter med flotte med tiltalande og teknisk godt utstyrte hytter. Det Gullingen kan tilby er at du og dine i tillegg har det Jyseligt gildt. Det er noko med stemninga på Gullingen. Heile familien – heile sjela – heile året! Du kan få ta del i dette. Du kan byggja deg ei hytte, leiga ei hytte for ei helg, dagsturar i fjellheimen … Velkommen er du!

Kontakt: Du finn ulike telefonnummer, nettsider og anna inni brosjyra. Skulle du stå fast, kan du kontakte: - Suldal Turistkontor på telefon 52 79 05 60 - 52 79 06 01 post@suldal-turistkontor.no, eller - Gullingen Turistsenter på 52 79 99 01 – post@gullingen.no

• Om Gullingen • Turforslag • Aktivitetar • Kart • Gode tips • Inspirasjon


– Jyseligt gildt Bjørn Egil Nerheim – ein skikkeleg Gulling Gullingen er eit fjellområde i Suldal Kommune. Uvanleg vakkert og variert område som i lange tider har vore brukt av folk og dyr til både beiter, jakt og ikkje minst rekreasjon og aktivitetar. Då utbygginga av Ulla Førre-vassdraget kom med vegar, opna det heile området for fleire.

Velkommen til Gullingen

Her finn ein alt frå elvar, vatn, høgfjell, bær, dyr og alt ein kan tenkja seg innan friluftsliv.

Allereie på 60-talet var det snakk om og planlegging av veg til Gullingen. På den tida var der stølar og nokre få hytter. Men så lenge planlegginga var i gong, starta mange å tenkja hytte. Ulla Førre vart ei utløysande kraft, og vegen var på plass rundt 1974.

Slagordet til Gullingen er «Jyseligt gildt». Det er vårt løfte til deg som brukar. Alt ligg til rette for det. Det er dette me byggjer alt vårt arbeid rundt. Det er den kjensla du skal kjenna på når du er der og når du tenkjer på Gullingen og ditt opphald der.

Folk har det jyseligt gildt på Gullingen Eit attraktivt turområde frå langt tilbake i tid

Du er velkommen te oss!

Intervju med Bjørn Egil Nerheim www.suldal-turistkontor.no

Gullingen

Ormen i Mosvatnet

Gullingen er ein høg nut umlag 1000 meter yver havet. Namnet Gullingen kjem seg av at ei tjørn som er uppi nuten. Segni segjer at ein gut gjette sauene der ein joledag. So stakk han nistetina upp i tjørni, so blei ho gylt. So stakk han knivskafte sitt uppi og det ble og gylt. Men so vilde han hava knivsbladet og uppi. men so for heile forgyllingi av for det var stål i kniven.

Går du over Suldalsheida mellom Suldal og Ullsdalen treffer du midt oppe i heida på eit mindre vatn med skog og grasbakkar og stølar ikring. Det er Mosvatnet, 2 km2 stort og med avløp mot nord til Suldal ved Harabakka. Mosvatnet er såleis ikkje så stort, og botn har dei funne i det. Men meiner du ikkje sjøormen har vore der ôg. Det er ikkje så fælt mange åra sidan han Nils Kvæstad fekk sjå han. Nils slo gras på ei slette attmed vatnet, og tenkte visst

Det spesielle med Gullingen er at det er eit svært godt område for alle årstider og alle aldrar. Bra for sauer, småbrækar han. Det er snøsikkert, og har som regel alltid den første og «siste» langrennsløypa i Rogaland kvar vinter. På vegen inn Breiastøldalen.

korkje på orm eller anna trollskap. Med eitt vart var noko underleg nede på vatnet; noko langt og brennsvart som kom farande i vasskorpa så kvite spruten stod omkring brystet på det. Hovudet var mest som på ein kobbe. Og då det kom nærare, fekk Nils sjå at det hadde liksom kvit halsskjorte eller krage. Kor lang han var, ormen, for orm måtte det vera, meinte Nils, kunne han ikkje seia så nøye, men bølgjene etter han gjekk mest over heile vatnet. (bb/ntø)

Bjørn Egil Nerheim er etnisk Suldøl. Begge foreldra er frå Suldal og oppvaksen på garden Nerheim. Til venstre der klatringa opp til Gullingen startar. Født i 1957, utdanna agronom og overtok gardsdrifta saman med faren i 1980. Garden driv han den dag i dag, i litt mindre målestokk enn før. Sauer er det viktigaste. Bjørn Egil og familien har også overteke Nyastødl som ligg på Gullingen. Den har vore der så lenge eg kan minnes, smiler han. Korrekt årstal er rundt 1880. Det første minnet eg har klart for meg er då eg var rundt 4 år. Noko av det eg minnes best er nok turen opp. På den tida var det å liggja på hytta for så å springa på nutadn å sjå itte sauedn. Tulla ikkje bort tida den gongen. For ein Suldøl har Gullingen alltid vore eit fjell. Etter kvart sa ein Gullingen-området når ein skulle forklara kor ein meinte. No er Gullingen blitt namnet på heile området.

Bjørn Egil ser og opplever at svært mange trives på Gullingen. Ikkje minst så er det stille og fredeleg. Når eg stoppar snøscooteren ein grytidlig fin morgon på Skuteheia, er det nesten slik at stillheita trykkjer i hovudet. Den stillheita har me fortsatt, stadfestar Bjørn Egil.

Første gongen eg og ein kamerat overnatta på Nystødl åleine, var me 10-12 år. Kokte på Frå slutten av 80-talet Når eg stoppar veaovn og måtte læra har det vore kommunal løype-køyring, snøscooteren ein grytidlig oss til. I dag kan eg at dei yngre får og i dag er det Gullsf in morgon på Skuteheia, høyra beskjed om «du må por as og Bjørn Egil ikkje fyra opp» når dei som har teke på seg er det nesten slik at skal vera åleine ei lita ansvaret. Makan til stillheita trykkjer stund. Dei er ikkje vane. langrennsløyper ein Når gassen kom kunne hadde sist vinter skal i hovudet. også me få slike beein reisa langt for å skjedar. Det var nok finna, legg me til for mest fordi dei ikkje var vane, hadde høyrt at eiga rekning. gass kunne eksplodera. Det var dei yngste Sjølv om det er delte meininga om endå fleire som vart best med gass. hytter på Gullingen, oppfattar Bjørn Egil det slik at det er god stemning rundt det spørs- Som løypekøyrar og transportør med scooter målet i Suldal. Nokre av dei som bygde hytta har Bjørn Egil hatt kontakt med mange og og fekk vera «åleine» tidleg, kan nok reagera utført mykje forskjellig. Fra å byggja på ei litt på all hyttebygginga, men det er vel noko hytte til å transportera smørbrød på glasfat i dei fleste venner seg til. Det er viktig for fanget medan han køyrer scooter. gardane med salg av hytter. Det vert også sagt at ei hytte gjerne legg frå seg 20.000 i året i Det meste går godt så lenge ein har det lokal handel. I tillegg til bygging og liknande. jyseligt gildt. Bjørn Egil er ein av dei som Ikkje ubetydeleg for ein kommune som har bidreg til det. over 1.000 hytter, og det lokale næringslivet.

Løypekøyring

Kultur/segner

Far tok oss med til Heiå med stor H. Eg har mange gode kjensler som sit djupt i hjarterøtedn, presiserer han. Den store og trygge Heiå. Der har eg det jyseligt gildt, det er der eg høyre te…

Innhaldsproduksjon og design: Vinnarskalle.no Tlf. 922 38 351 - E-post frank@vinnarskalle.no

2 Gullingen - Jyseligt gildt

Gullingen - Jyseligt gildt | 3


Turar og aktivitetar

Turar og aktivitetar Langs den ca. 30 km lange vegen mellom Neikjen og Oddatjørndammen er det sett opp ein del tavler som fortel om dyreliv, flora, kulturminne m.v. Tavlene står oppe frå ca. juni til oktober. Det er laga ein informasjonsfolder om natur- og kulturløypa frå Gullingen til Blåsjø. Den kan lastas ned frå nettstaden til Miljøstatus i Suldal.

Naturen på Gullingen Variert og typisk låg- og høgfjellsområde for regionen, prega av eldre og nyare landbruksdrift. Beiteområde for husdyr. Orrfugl og rype er i området. Vegetasjonsrike bjørkeliar, og godt med blåbær. Mange gode fiskevatn. Ynskjer ein å jakta er området svært godt egna til det.

Jyseligt gildt: Bada i nokre av dei naturlege symjebassenga i elva mellom Øvre og Nedre Moen.

3. Skogsvegar og småstiar

Jakt og f iskekort f inn du på www.inatur.no

Sykkelleik på små stiar, skogsvegar og liknande er alltid populært. Det finn du rundt omkring både nær lysløypa, langs elva, Mosvatnet, Heddlebrekk og Fjellbergskaret. Her er det fantasien som set grenser.

Jyseligt gildt: Foto: Jarle Lunde

Sykkel Meistring i naturen er jyseligt gildt. Foto: Jarle Lunde

1. Ulladalen

Turar og aktivitetar Kajakk og kano 1. Mosvatnet Mosvatnet ligg sentralt midt i Gullingen-området. Vatnet er om lag 3 km langt og 1,5 km breidt. Rundt omkring dukkar det opp 13 små og mellomstore holmar. Som kvar og ein er verdt eit besøk. Strandlinja er også utruleg vakker, med fleire strender og badeplassar. Du kan også fiska, slå opp telt og verkeleg vera på villmarkstur.

Jyseligt gildt: – Gå i land på ein av holmane og bli der lenge… Tips: Gullingen Turistsenter leiger ut kanoar og robåtar, og kan også tipsa om kajakkar.

2. Moavatnet Kjør til Nedre Moen som ligg ca. 15 km mot Blåsjø frå Gullingen Turistsenter. Eit lite vatn med flotte strender, elv, steile fjellvegger og meir kupert terreng. Fantastisk ramme for kajakk og kano. Padla til høgre i vatnet og vær litt obs på vatnet som renn over i elva som går til Pråmvikvatnet.

Jyseligt gildt: Gå i land til venstre i motsatt ende av der du parkerer bilen. Gå over til Pråmvikvatnet. Det tek ca. 6-8 min. Fantastisk vatn med eit utruleg elveløp frå Moavatnet. Naturleg badebasseng før den renn ut i vatnet. Der kan ein vera heile dagar.

4 | Gullingen - Jyseligt gildt

Tips: Dorga med spinner eller sluk medan du padlar og blåbærplukking. Som du lagar blåbærsyltetøy av og smører på pannekakene du steiker i «leiren». Husk sukker. Kanskje er det molteår i år?

3. Sandsavatnet

Kjør frå Gullingen skistadion og ned mot Jøsenfjorden. Der ser du skilt inn til Ulladalen. Frå hovudvegen er der ca 12,5 km heilt inn til Flåtene. Dei første 5 km er på asfalt i ein lett kupert, men storslagen natur. Med elva som næraste nabo. Dei neste 7,5 km går på grusveg med enkelte bratte og lengre bakkar. Dei er tøffe nok til og med for vaksne som er i ok form. Ein sykkeltur i Ulladalen kjem du aldri til å gløyma.

Køyr syklane heilt inn til Flåtene, og sykla ned igjen. Ta deg også tid til å bada i ulike kulpar og nyt naturen. Tips: Frå Flåtene går der sti inn til Ståvedalsvatnet. Ca. 2,5 km. Ei villmark av dei sjeldne.

Jyseligt gildt:

2. Blåsjøvegen

Tips: Den som får ein stein til å hoppa akkurat 5 gonger på vannflata innan 3 kast, får heile melkerullen åleine.

4. Blåsjø Eit stort og majestetisk høgfjellsområde der ein kan padla i «vekesvis». Forhøyr deg med kjentfolk på Suldal Turistkontor, Gullingen Turistsenter, sportsbutikkane eller andre før du legg i veg. Blåsjø er Norges største energimagasin, og vert halden på plass av 11 små og store dammar. Ved høgste regulerte vasstand dekker Blåsjø eit område på over 82 km².

Jyseligt gildt: Her er du på høgfjellet. Husk at dei som berre ser med augene ser ingenting.

Tips: La dei yngste sjekka på nettet kva lufttrykk som er det beste for terrengsykling og litt om demping. Det blir gode diskusjonar og ein testar om ein har gjort rett. Litt «sladding» er også viktig på flatar eller forsiktige nedoverbakkar.

Jyseligt gildt:

Ligg om lag 4,5 km mot Blåsjø frå Gullingen Turistsenter. Stort vatn med Sandsahytta i enden. Kan starta frå ulike stadar, men vatnet er ofte regulert. Mange fine strender og viker, litt etter kor mykje vatnet er regulert.

Kjør 4-5 km vidare mot Blåsjø og til venstre ned til Osane som ligg ved Sandsavatnet. Padla derifrå til Sandsahytta. Storslåtte fjellsider som gir mange kjensler. Omlag 2 km padling.

Den som syklar først avgjer kor me skal sykla. Alle må «herma» etter den første. Byter på å vera først.

Heile vegen frå Gullingen Turistsenter til Blåsjø. Enkelte bratte og forholdsvis lange bakkar, og ein tunnel der ein med fordel har med lys. Når ein kjem på toppen etter tunellen, kan ein også sykla frå Oddatjønn (frå bommen) til Storvassdammen. Om lag 16 km ein veg. Kupert til å starta med, men flatt vidare. Også flott for rulleski. Kanskje ser du reinsdyr. Syklar du til Førrevassdammen, kan du også sykla over den. Og ca. 2 km vidare. Blåsjøvegen inneheld alt. Du kan også sykla deler av vegen, eller berre ned. Sjølv om vegen ned også inneheld enkelte småkrevjande bakkar. Suldal kommune og SVR (Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde) har laga ei natur- og kulturløype frå Gullingen til Blåsjø. Med den løypa ønskjer dei å synleggjere nokre av skattane i Suldalsheiane. Blåsjø med damanlegga er eit kjend turistmål, men det er mange flotte stoppunkt undervegs.

Foto: Jarle Lunde

Kanskje du veit kva denne nuten heiter?

Turar til fots Spør etter eige turkart. Du finn dei også på suldal-turistkontor.no. prøv også ut.no

1. Stølsrunden 8 km, 2 timar, lett tur. Start ved parkeringsplass der vegen tek av til Blåsjø. Turen startar på grusveg som går forbi Håvestølen opp til Stavastølen, vidare på sti via Reinsstølen, Vindvollen og Åsstølen tilbake til utgangspunktet. Turen går i ope terreng med fjellbjørkeskog.

Gullingen - Jyseligt gildt | 5


Jyseligt gildt:

Turar og aktivitetar

Turar og aktivitetar

At også far er med å badar i Bergjordholet. Gjerne i underbuksa. Det er jyseligt gildt for alle… Ryktet seiar at dei som badar her blir nokre år yngre.

Jyseligt gildt:

Jyseligt gildt:

Trekk pusten uvanleg djupt og tenk over kor heldig du er som får vera ein del av dette og sei noko jyseligt gildt til dei du er saman med.

7. Hedlebrekk og Fjellbergskaret (også tur 8 og 9 på turkartet) Her er det svært fint for mange små og lengre turar. Små ekspedisjonar i skog og mark med ulik hensikt. Kanskje ser du harepus, klatra opp eit lite fjell, ta nistepakken under ein hidler, klatra i eit tre og mykje meir.

Stranddalen

Eta god niste i sola liggande i tørr lyng.

2. Reinsheia rundt 16 km, 4-5 timar, i ganske lett og tiltalande fjellterreng. Første del av turen er lik Stølsrunden, til ein kjem til stidele før Reinsstølen. Vidare går turen opp Bråtene til Reinsheia. Turen går i høgfjellsområde langs fleire lokkande vatn der ein kan bada i friskt og godt vatn og fiska (hugs fiskekort). Vidare går turen ned i fjellbjørkeskogen til Vindvollen der ein kjem inn på Stølsrunden igjen. Kan ta deler av turen og gå opp og ned frå ulike stadar, f.eks. frå Breiastølsdalen.

Jyseligt gildt: Å fiska med oter eller anna redskap. Hugs også eit godt kart, det skaper også forståing og interesse hjå dei yngste. Gjerne eit kompass der alle kan tippa i kva retning f.eks. nord ligg. Vinnaren får uvanleg mange klemmar.

Stordalsheia og tilbake til ein kjem inn på Stølsrunden ved Håvestølen. Turen går i høgfjellsterreng med fine bade- og fiskevatn undervegs.

Jyseligt gildt:

e Foto: Jarl

Jyseligt gildt:

Lunde

Foto: Jarle Lunde

Lag ein liten dam i bekken som kjem ned i Svartavatnet, fisk småaure og la den vera der ei stund saman med borna. Les litt om fjellauren i forkant slik at du har litt å fortelja. Det skapar større interesse.

5. Mosvatnet rundt Turen er 15 km, 4-5 timar og er middels tung. Parkering på stor parkeringsplass ved Fidjane. Første delen av turen går gjennom hytteområde til Rota, vidare opp gjennom bjørke-skogen til snaufjellet. Herfrå austover og inn på grusveg til Boningen. Så nordover gjennom hyttefelt og inn på lysløypa tilbake til Fidjane. Høve til bading og fiske (hugs fiskekort).

3. Reinsnuten

6. Gullingen

Dette kan vera ein avstikkar frå Reinsheia Rundt. Ligg 1144 meter over havet, og er omlag 14 km tur retur. Ein bør rekna 4-5 timar totalt. Kan starta frå ulike parkeringsplassar. Enkelte utfordrande parti. Fint vatn (Bergjordholet) rett før siste stigning. Utruleg utsikt på toppen, med moglegheiter for å gå vidare ut i den store verda.

Tur/retur 6,5 km, 1,5-2 timar, litt krevjande tur. Men rosiner og gode ord vil vera til avgjerande hjelp. Gullingen ligg 979 m.o.h. og kan tilby ei sjarmerande god utsikt. Start ved skitrekket og gå opp langs mastene. Frå toppen av trekket føl du stien. Litt småklatring må bereknast, men det er spanande for alle. Ta gjerne ein avstikkar til Grønhåve som ventar på deg og dine.

4. Skuteheia

Frå toppen av trekket kan du også gå ned mot Mosvatnet og gjerne til Gullingen Turistsenter. Ein natur som er variert og spanande, med små leirplasser på ulike stader. Ein villmarkstur for heile familien. Du kan også gå til Heddlebrekk.

14 km, 4-5 timar, lett tur. Første delen av turen som Stølsrunden med stidele på Stavastølen. Vidare går turen innover Stavstøldalen, opp til Skuteheia, vidare ned til Svartavatnet over

6 | Gullingen - Jyseligt gildt

Perla i Ryfylkeheiane. Verdas mest kjende og besøkte turisthytte i Suldal. Viden kjent for sjølve turen og landskapet, men ikkje minst for vertsskapet og den gode maten og stemninga. Parker ved Øvre Moen. Om lag Her testar ein klea ved fossane. 2 timar inn og kanskje litt kortare heim. God stigning i starten og deretter kupert. Ein tur du berre må gjera årleg. Kjøper du komla må du berekna overnatting. Bestill det du ynskjer i forkant på telefon 00 87 07 64 66 01 30. Stavanger-turistforening.no

Jyseligt gildt: Aldri smakar ein middagskvil etter ein komlemiddag betre enn i Stranddalen. Gjerne med ein melkesjokolade på toppen som sovemedisin, saman med Suldalsbrosjyren.

Napen

Å bli dusja i fossen. Med eller utan klede… Kanskje kjem du deg også bakom fossen.

Bekka/elvaturar Gullingen har uvanleg mange, utfordrande, klare og tiltalande bekker og enkelte elvar. Store og små. Du kan hoppa på steinane (dei som blir våte på beina får 1 poeng kvar gong, Brummpinneleiken (kast kvar sin pinne frå same stad og sjå kven sin pinne som kjem først til avtalt punkt, fanga småaure (ekstra kjekt om hausten), bada i småkulpar, vassa i bekken heilt til me er framme på avtalt punkt (ikkje lov å gå på land, og me brukar sko) og mykje meir som ein kjem på når fantasien får tenkja fritt og me har det jyseligt gildt.

Jyseligt gildt: Fanga småaura om hausten er stor stas for alle.

Klatring i Gamlaskar-området (ved Gamlaskarsvatnet - tur 10 på turkartet) Turen til Gamlaskar tek 30-45 minutt. Det er fint å telte i området. Feltet består av fleire vegger med tildels god fjellkvalitet. Mjølkesteinveggen: Ligg øvst i feltet, tett på tjørna, barnevenleg. 8 ruter av god kvalitet. Opp mot 11 meter lange ruter. Grad 3 til 6. Alle rutene er bora og har snufeste. Sartreveggen: Ligg nest øvst. 5 ruter av dels god kvalitet. Grad 4 til 7+. Opp mot 20 meter. Alle rutene er bora og har snufeste. Stølsveggen: Ligg samla rett innafor stølen. Ni ruter av ulik kvalitet. Grad 3 til 5+. Opp mot 20 meter. Alle rutene er bora og har snufeste. Noko utsett starthylle for nokre av rutene. Ikkje barnevenleg, men med varsomheit kan alle ha leik og moro i området.

8. Bærtur Blåbær, molta og tyttebær er svært sosialt og nyttig. Store mengder av det meste.

Jyseligt gildt: Lag blåbærsyltetøy med ein gong «alle» har henta, og bruk det på nysteike pannekaker i «leiren».

Ekspedisjonar

Napen (1350 m.o.h.) På Rogalands tak! 2 timar ein veg. Krevjande men ualminneleg vakker tur som gjer noko med sjølvkjensla. Kjør ca 13 km mot Bjåsjø frå Gullingen Turistsenter, og parker på venstre side av bakketoppen der du ser ned til Nedre Moen.

Bær, fisk, hare, fuglar, reir, tresortar, stein, krypdyr, bekkar, klatring, sprettert, kulpbading, har ikkje lov å gå rundt steinar som står i vegen og mange andre tema. På Gullingen går me gjerne ikkje fjellturar med borna men me skal på ekspedisjonar. Det er jyseligt gildt. Bli enige om eit tema i forkant, legg ein liten ekspedisjonsplan og delta med heile deg. Garantert suksess.

Jyseligt gildt:

Jyseligt gildt:

Eit bilete frå toppen i saman med dine turkameratar ut på facebook, kombinert med nokre sneier med Suldalsskinka.

Gjerne belønning om dei greier steg 1, steg 2 osv.

Fossatur til Fossane Ein spanande tur der du kan få testa om Goretex-jakka di held det ho har sagt. Kan gå dit også som ein avstikkar frå Svartavatnet som er ein del av Skuteheia, gjerne via Onglanuten (tur 4 A)

Gullingen - Jyseligt gildt | 7


Gullingen-området Du får turistkart – med og utan snø, på Suldal Turistkontor og på www.suldal-turistkontor.no

Kart

8 | Gullingen - Jyseligt gildt

Gullingen - Jyseligt gildt | 9


Turar og aktivitetar

Turar og aktivitetar

Dei som vil til OL, startar på Gullingen. Foto: Tor Inge Jøssang

Gullingen tilbyr både husrom og hjarterom. Foto: Jarle Lunde

Ski og vinter Gullingen er eit eldorado for snø og ski. Spesielt for turar og langrenn, men også for alpint og ulike toppturar/frikøyring. Viser til eige kart over skiløyper. Spør gjerne om tips. Under dei rette forholda kan du gå turar i landskap du knapt har høyrt om. Det er eiga oppkøyrd løype for hund i Breiastøldalen. Terrenget rundt Gullingen ligg mellom 500 og 1300 meter over havet og har lang vintersesong med sikre snøforhold, for meir informasjon sjå www.suldal-skiinfo.no

Gull-Spor as Det er Gull-spor as med Bjørn Egil Nerheim i spissen, som tek god hand om løypekjøringa. No inviterer han deg til å vera med på eit spleiselag! For spørsmål og meir informasjon, ta kontakt på e-post nerheim@gull-spor.no. Følg ”Løypekjøraren på Gullingen” på Facebook! På Gullingen kan du gå på skitur utan å gå i kø – her er mykje plass å ta av! 70 km med oppkøyrde løyper av ulik lengde, og alle kan finne ei som passar si form. Du kan stå på slalåmski, kjøre telemark eller gå vanleg turlangrenn. Lysløyper (Mosvatnet og Fjellbergskaret) og flombelyst alpin- og skileikbakke gjer at du kan nytta kveldane til uteaktivitetar også om vinteren.

Oppkjørde løyper med løypemaskin 1. Barneløype ved Gullingen Turistsenter, 1 km 2. Åsløypa, knyter saman skisenteret og turistsenteret nedanfor vegen, 1 km 3. Breiastøldalen mot Sandsaosen t/r 10 km 4. Langeli t/r, oppstart i Breiastøldalen, 9 km 5. Hedlebrekk frå Gullingenhuset, 7,5 km 6. Fjellbergskardet rundt frå Hedlebrekk, 6,5 km

10 | Gullingen - Jyseligt gildt

Lysløyper

Snøaktivitetar

1. Ved Mosvatnet - om lag 3,5 km (start ved Gullingenhuset) 2. Fjellbergskaret – om lag 3 km (ny 2012)

Gullingen er handplukka til blant anna dette: - rumpebrettkøyring (arrangerer eige Norgesmeisterskap) - snøholegraving - trugeturar - jungeltur i snøen - snøballkrig (husk å laga gode reglar og ei kraftig snøborg først) - snøskulpturbygging - isfiske - bålbrenning med pølsespidding - isklatring (dette må du kunna, eller få hjelp til, om skal du gjera det i større skala) - skileik (tilrettelagt store deler av vinteren til stor glede for alle)

Kombinerer ein med hodelykter får ein seg nokre fantastiske kveldsturar.

7. Langs Sandsavatnet mot Bjøsjø, ca 20 km 8. Gullingen-huset rundt Fjellbergskaret, 15-20 km

I Hamrabø, på Kleivane (530 moh) er det ei rundløype på 3 km. Den blir kjørt opp med løypemaskin for både både klassisk og skøyting.

Heia ventar også på deg som vil gå milevis utanfor oppkøyrde løyper. Kvistaløypene nedanfor blir normalt kvista før vinterferien, og blir køyrd med snøscooter ved ledig kapasitet.

På www.suldal-skiinfo.no finn du til ein kvar tid oppdatert løypeinformasjon.

Kvista løyper

Skileikområde

1. 2. 3. 4. 5.

Reinsheia frå/til Breiastøldalen - 13 km Skuteheia frå/til p-plass Skitrekket- 8 km Rota frå/til Gullingenhuset - 5 km Veneheia, vest for Mosvatnet, frå/til Gullinghuset - 16 km Natlandsnuten (965 moh.) frå/til p-plass (kan også gå frå Gullingenhuset) 6. Heddlebrekk 12 km Gullingen Skisenter & Fjellcamping er eit familievenleg skisenter med varmestove, skiutleige og vintercamping. Skitrekket er ope frå det kjem snø, og så lenge det er snøforhold til det. Skitrekket har T-krokar og 3 nedfartsløyper med ein høgdeforskjell på 175 meter. Sjekk www.gullingen.no for meir informasjon om opningstider og føreforhold. Nytt i 2012 var Fun Park og Rattkjelkekjøring.

Kuleløyper, portalløyper, hopp og magasug finn du ved Gullingen turistsenter og i Breiastøldalen.

Orientering Skiorienteringa er normalt frå februar til etter påske og er lokalisert til Mosvatnet/Gullingen området. Eit enkelt kart med dei innteikna postane får du hjå Gullingen Turistsenter, Sand Sport og Turistinformasjonen. Tilbodet har så langt vore gratis. Turorienteringa er lokalisert på ulike stader frå år til år. Det er fleire løyper Turorienteringa er normalt frå og med juni til oktober. Deltakarkonvolutt kan du kjøpe hjå Sand Sport, Gullingen Turistsenter og Turistinformasjonen.

Alt er jyseligt gildt på Gullingen.

For meir informasjon om snøforhold i skitrekket og opningstider - sjekk www.gullingen.no, ring Gullingen Turistsenteret på tel: 52 79 99 01 eller følg Gullingen Skisenter på Facebook! Vår påstand: Verdas mest sjarmerande og leikne alpinanlegg med fantastisk natur og løypenett for langrennsski!

Jyseligt gildt: Lag din eigen nedfart på kryss og tvers i alpinbakken og skogen. 100-vis av variantar. Tur over Venaheia og/eller til Natlandsnuten er noko alle må. Ta deg tid til å kjenna etter med alle sansane. Frikøyring frå Bølgjarnuten til Tjøstheim. Men ta kjentfolk med deg og kamera.

Gullingen - Jyseligt gildt | 11


Turar og aktivitetar Hyttekos På Gullingen har alle god tid. Ingen butikkar og andre aktivitetar ein kan gjera «heime». Her smakar kaffien, dei nykokte egga, melkesjokoladen, tacoen, vedhogginga, spøtinga, drøsen, dei milde røystene, dei snille ansikta, den friske lufta, det klare vatnet, dei fine trea, dei gode bæra… Alt er jyseligt gildt på Gullingen.

Smak av landleg urbanisme?

Ein trommeslagar har slått seg til på Gullingen

For den som ikkje vil ut på ski kan kafé liv, handel og kulturelle opplevingar på Sand vere eit godt alternativ. Kulturhuset i Suldal har aktivitetar sju dagar i veka! Ryfylkemuseet på Nesasjøhuset har arrangement og utstillingar! Ulike hotel, kafear, kjekke butikkar og koseleg stemning.

Andre aktivitetar -

Elvekspedisjon i Suldalslågen Badestamp Fotballbinge i hjarta av Fjellbergskaret Rulleski og rulleskøyter (svært godt egna til det) Foto: Jarle Lunde

Arild Tjøstheim og kona Kirsti har kjøpt seg hytte på Gullingen. Ikkje berre ei men to. Dette treng ei forklaring Arild… Me er busett på Tau og har opp gjennom åra vore fleire gonger i slalombakken på Gullingen. Ein tur på langrennsski, saman med kona og borna Marius (32) og Elin (35) inn Breiastøldalen til Sandsavatnet i 1995, endra mykje. Ein fantastisk kjekk tur med god stemning, godt feste og gli – i ein flott natur med nydelege løyper. Me bestemte oss der og då. Her skulle me ha hytte. Arild og Kirsti kjøpte tomt same året og bygde med ein gong. Ikkje langt frå den store parkeringsplassen opp mot Stavastølen. Det vart braksuksess med ein gong. Trommesolo, virvel og symbalar frå første dag.

Bålpanna får køyrt seg, for å sei det slik.

slappar av – og går turar i alle variantar. Set også stor pris på at alpinbakken blir oppgradert og dei utruleg flotte langrennsløypene. Er det noko du saknar på Gullingen? Nei, egentlig issje… Han tenkte ei stund, men svaret var klart og tydeleg. Eller kanskje ferske aviser? Me takkar Arild, Kirsti, Elin og Marius for at dei er ein del av Gullingen. Det er verdt ein trommesolo!

I 2008 såg dei behovet for utbygging. Då lovar og reglar sa maks 15 m2 tilbygg i det området, tok dei turen innom Fjellbergskaret for å sjå på ei hytte som var under bygging. Det vart eit impulskjøp, og den andre hytta vart solgt. Me kan også leggja til at dottare Elin har kjøpt tomt i same området. Kirsti er ikkje heilt begeistra for akkurat det. Ho vil helst at heile familien skal vera i same hytta. Her kjem det til å stå på kven som lagar dei beste vaffelkakene, spør du oss… Arild har i mange år spelt trommer i Caledonia Bluesband, og i dag spelar han med Four Generation. Men det skal meir til no at han tek på seg speleoppdrag, for det er til Gullingen dei vil reisa. Fantastisk turterreng alle årstider, legg han til. Eg og Kirsti likar å vera ute heile året. Bålpanna får køyrt seg, for å sei det slik. Me reiser til Gullingen så snart me kan. Var også på Vågslid og Hovden å kikka, men heilårsterrenget, mangfaldet, stemninga og reisetida gjorde at me valgte Gullingen. Her kosar me oss og

Buldrevegg ved Gullingen Turistsenter. Foto: Jarle Lunde

Kirsti har funne seg vel tilrette framfor ovnen med ei god bok i fanget. Foto: Suldal Foto

12 | Gullingen - Jyseligt gildt

Gullingen - Jyseligt gildt | 13


ANNONSER

Det gode liv

Me har tomter!

Kan nytas i Mosvatnet hyttegrend. I ualminnelig flott natur og stemning. 20 av 23 tomter er solgt og 15 fine hytter er bygd. Kun 3 tomter igjen.

Frittliggande og solvendte hyttetomter utan byggeklausul.

Foto: Jarle Lunde

Turar og aktivitetar

Fiske Laksefiske Laksefiske i Suldalslågen og Ullaelva. Framifrå lakseelvar med flott atmosfære.

Fiske i vatna på Gullingen Fiskekort finn du på www.inatur.no. Mosvatnet, Heiavatnet og Skutevatna, Svartavatn, Såtevatn, Rapaskardstjørna, Bergjordholet, Haiavatna på Reinsheia og vatna på Venaheia.

Mosvatnet Eit grunt vatn med mykje næring som gir mykje små fisk. Etter intensivt arbeid er talet fisk redusert og snittvekta har auka. Kan få fisk opp mot 0,5 kg innover mot Froa. Bra med små, lette og mørke slukar og makk ev. oter. Garn berre i Mosvatnet.

Andre opplysningar

Overnatting Gullingen Turistsenter tilbyr leilegheiter og rom på turistsenteret - ulike hotel, hytter etc. på Sand og elles i Suldal

Gullingen Turistsenter tilbyr det aller meste til alle anledningar. Har også kiosk. Gullingen Skisenter & Fjellcamping har varme- og samlingsstove med servering til alle anledningar. Har skjenkeløyve og kiosk.

Svartevatn området

Allemannsretten

Bergjordholet Lite vatn og lite men fin fisk. Bruk lyse, små slukar og spinnarar, eller små floger som t.d. corixa.

Du har draumen – me har hytta!

Møtelokaler Gullingen Turistsenter arrangerer teambuilding, månedsmøter, management-møter med aktivitetar og servering – og anna som må til.

Varierande med fisk. Kan få fin fisk i fleire av vatna. Mørke vatn, bruk mørke slukar, blanke vatn- bruk lyse slukar og spinnarar. Også bra med floge og makk.

Du finn oss på www.gullingen.com

Servering

Mørk tjørn med lite fisk., vekt opp mot 1 kg. Same agn som Mosvatnet.

Gamleskard, Kringletjønn, Rishei

Tlf. 51 75 30 00 - www.enkelas.no

Sjølveigartomter med full infrastruktur i hjertegod natur. 52 innbydande tomter er solgt, og 45 familievenlege hytter er bygde.

• Ta hensyn til utmarksnæringane • Lukk igjen grinder etter deg • Vis hensyn til andre brukarar av utmarka • Forstyrr ikkje dyr og fuglar • Alt vilt er freda med unntak av lovlig jakt • Det er båndtvang fra 1.april og så lenge husdyra beiter

GULLINGEN TURISTSENTER Vi tilbyr overnatting og servering for grupper og enkeltpersonar heile året. Fjellstova med sine 37 rom og 2 leiligheter har totalt 120 sengeplasser. Ved skisenteret har vi vintercamping med plass til 80 vogner. Her er det gode sanitærforhold med dusjar, toalett og oppholdsrom.

Heiavatn området

Foto: Jarle Lunde

Mykje fisk som tek det meste. Lyse vatn som er grunne og har relativt stor produksjon.

14 | Gullingen - Jyseligt gildt

Kontakt: Hjelmeland Bygg, v/Jan Merland 98 26 65 29 – 51 75 11 50

TLF. 52 79 99 01 gullingen.no

Gullingen - Jyseligt gildt | 15

Gullingen brosjyre