Page 1

Temaavis for Grannar om

Les meir om klauvskjerar Kristoffer Haugstad på side 14 og 15.

FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN


2

2018 TORSDAG 19. APRIL

tema

LANDBRUK

Haakon Halvorsen har alltid vore interessert i dyr og han er engasjert i moderniseringa med lausdrift og robot i mjølkefjøset saman med faren Jostein Halvorsen. Haakon tar høgare utdanning i husdyr o

Ei bygd med optimistiske I Vikebygd ser fleire bønder ei framtid i jordbruket og investerer i robotar og lausdriftsfjøs. Jostein Halvorsen og sonen Haakon har eit langsiktig mål om å produsere ein halv million liter mjølk.

landbruksrådgiving Rogaland i Ølen. 23-åringen engasjerer seg i gardsdrifta og målet er å overta garden på Veastad i Vikebygd når så langt kjem.

Jon Edvardsen

Jostein Halvorsen er utdanna elektrikar og tok over farsgarden der mjølk og kyr er det sentrale. Sonen Haakon er også svært interessert i dyr og jordbruk, og til våren er at han ferdig utdanna sivilagronom i husdyr frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås, den tidlegare Landbrukshøgskulen. Til hausten startar han i jobb hos Norsk

Å sleppe unna stresset om morgonen før mjølkebilen kjem, er ein av fordelane med robot, meiner Jostein Halvorsen.

Med på det nye

lausdriftsfjøs, for dei som søkjer om dispensasjon frå den gamle fristen i 2024. I fjøset er det ro og fred og ein del er nysgjerrige og spankulerer rundt og andre kviler på matter.

Og Jostein Halvorsen (53) investerer for at det skal vere eit oppgåande bruk å ta over. Eigeninnsatsen er stor, men prislappen for ny lausdriftsfjøs med mjølkerobot er likevel rundt 7 millionar kroner. Det nye fjøset er i full drift og 51 kyr går fritt i den nye bygningen der mjølkeroboten er strategisk plassert. — Vi arbeidde som piska skinn heile sommaren og eg håpar vi får noko igjen for det. Folk må ha mat og eg ser ingen grunn til ikkje å ha tru på norsk landbruk, seier han. Mjølkebruket har alltid vore med på det nye, og lausdriftsfjøs innførte faren alt på 1980-talet. No er fristen 2034 for

Halvorsen har litt finpuss igjen, men fjøset fungerer som det skal. Han er ikkje aleine i Vikebygd om å investere. To andre kollegaer er i gang med å byggje tilsvarande med lausdrift og robot, men dei er ikkje ferdige enno. Alle tre ligg langs ei strekning på eit par kilometer frå Veastad til Skartland. Samla investerer dei rundt 17 millionar kroner i ein ny kvardag i mjølkeproduksjon. — Når alle dei tre nye fjøsa er i produksjon ser eg ikkje vekk frå at vi vil produsere minst like mykje mjølk i Vikebygd som før, trass i at det har blitt mange færre bruk med mjølkeproduksjon, seier Jostein Halvorsen.

Tre i Vikebygd


tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

3

Dei mindre skal med Innovasjon Norge skal bruke meir pengar på fleire mellomstore mjølkebruk. Bruk med 15 — 30 kyr skal fram i køen i Rogaland for å få investeringsmidlar hos Innovasjon Norge i 2018. Det går fram av oppdragsbrevet Landbruks- og matdepartementet har sendt ut om strategisk bruk av midlane i år. Det opplyser Fylkesmannen i Rogaland. Den klare prioriteringa som skal fornye mellomstore mjølkebruk, handlar om 53 millionar

kroner i Rogaland medrekna ekstra millionar Rogaland fekk i investeringsmidlar i år. Det gjer at fleire kan få støtte, og også at det kan bli gitt litt ekstra til særleg prioriterte prosjekt. Eit nasjonalt ønske om ei slik prioritering ligg til grunn, og det skal ikkje vere vilkår om auka mjølkevolum på desse bruka, men ei fornying i det driftsomfanget dei har. Det skal framleis vere ei satsing på storfekjøt, miljøtiltak og frukt og bær. Landbruksbaserte tilleggssnæringar skal også få sitt der mat og reiseliv står sentralt.

Det nye fjøset til høgre er bygt saman med det gamle. Investeringa er på rundt 7 millionar kroner.

og vil overta garden når så langt kjem. 

FOTO: Jon Edvardsen

Romsleg lausdriftsfjøs med roboten (innebygt) midt i.

e mjølkebønder Kvote-knipe I dag har Halvorsen ei kvote på 383.000 liter der bruket eig 128.000 og leiger 255.000. Dei leigde kvotane er frå Gjesdal, Karmøy, Tysvær og éi frå heimbygda. For dei som investerer i eit normalt stort gardsbruk, er det to gråvêrskyer som Halvorsen meiner vil vere der, men som han likevel trur vil løyse seg. Det er å ha nok kvote og grovfôr til den produksjonen bruket må ha for å lønne seg. Kvotane blir omsette i regionar, men der flyg dei mellom kommunar og bygder. Det er ein marknad som fungerer som ein auksjon. Bonden i Egersund kan leige ein kvote i Vikebygd der nabogarden leiger i Egersund. — Både banken og rekneskapskontoret går god for at investeringa er forsvarleg. Mistar du ei

leigekvote, må du skaffe deg ein ny. Spørsmålet er heile tida pris, og det er ikkje vits å leige ei kvote som det ikkje lønnar seg å ha. Når enkelte på Jæren har betalt to kroner literen i leige per år, så er det uaktuelt å betale her. Eg har vore relativt heldig med leigekvotene og den siste kom på plass dagen før utbygginga vart signert, fortel han. Å låne seg opp med kjøp av store kvotar gir ein ekstra risiko.

Hatt rekordku Halvorsen manglar litt på å nå produksjonen som driftsplanen baserer seg på. Han vil difor leige eller kjøpe kvote for å auke produksjonen. — Målet må vere å kjøpe meir, men det kjem an på prisen. Men litt kvart år over ein periode, så blir det litt av det, seier han. Den yngre garde meiner det går an å optimalisere produksjonen ytterlegare, opp til ein halv million liter. For den eldre er første steget å drive godt på det dei har i dag.

Jostein Halvorsen har hatt rekordkua Synnøve med ein livsproduksjon utanom det vanlege, og med gode etterkomarar. For å utvide til 51 kyr, er fleire nye kjøpt inn. — Du må vere interessert for å drive gard, det er heilt nødvendig, seier han.

Friare for bonden Haakon Halvorsen er glad for at han valde landbruket som yrkeskarriere for seinare å bli bonde. — Eg har alltid syntest det er kjekt og spennande med dyr. Du får styre kvardagen din sjølv og skape og vidareutvikle på garden, seier han. Jostein Halvorsen kjenner seg friare med robot i fjøset og opplever automatiseringa som positiv. — Ein slepp blant anna stresset om morgonen før mjølkebilen kjem for å hente. Det er meir naturleg for dyra å ha det slik. Dei kan mjølke meir slik det passar dei og stresset er mindre. Med lausdrift har dei eit større område og dei er friare ved at det er mindre kamp om plassen, fortel han.

Neste side

«

Frå før er det éin mjølkerobot i Vikebygd, og Karl Larsen på Ulvebne var tidleg ute då dei la om til lausdrift med robot i 2011.


4

«

tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

Frå forige side

— Det var vel like mykje eg som pusha på Eli Nesse Jacobsen for at vi skulle gjere dette. 

Even Jacobsen og Silje Nesse Jacobsen kjøpte seg gard i Vikebygd for 11 år sidan, og nå investerer dei i lausdrift og mjølkerobot. Sonen Egil (5) er også opptatt av det som skjer på garden. Foto: Jon Edvardsen

Jone Ingvald Skartland er opptatt av å halde utgiftene nede og byggjer ei mjølkeavdeling med importert brukt mjølkerobot frå Danmark.

På Veastad i Vikebygd er eit nytt fjøs i ferd med å bli ferdig, og ekteparet Even Jacobsen (39) og Eli Nesse Jacobsen (34) har tatt beslutninga og investerer 6-7 millionar kroner i ei framtid i jordbruket. Det er meir eller mindre tilfeldig at dei vart gardeigarar i Vikebygd. Even Jacobsen er frå Etne og Eli Nesse Jacobsen er frå Høie ved Førresfjorden, og begge oppvaksen på gard. Dei var på jakt etter ein plass der den var å få, og slik vart det Vikebygd. — Vi har budd i Vikebygd i snart 11 år og eg synest det er greitt å bu her. Det er også ganske nær familie i Etne og Førresfjorden, påpeikar ho.

Hadde ein draum — Det var vel like mykje eg som pusha på for at vi skulle gjere dette, og vi var samde om det. Eg har hatt ein draum heilt sidan eg var lita om å bli mjølkebonde, seier Eli Nesse Jacobsen. Ho er lærar ved Vågen skule, og ektefellen seier det er heilt nødvendig at den eine er i jobb for at økonomien skal gå opp. — Skal ein halde på med mjølk, må ein gjere noko for å vere med. Det er ikkje lurt å sitje på gjerdet for lenge sidan vi ikkje veit kva framtida vil bringe. Det er viktig å kome i gang sidan det er konkurranse om

kvotar og areal, seier Even Jacobsen. — Store investeringar får ein gjere når ein er ung og dum, supplerer han. Tilbakemeldingane tilseier at det er grunnlag for å investere med ei kvote på 290.000 liter, der dei eig 126.900 og leiger resten. I dag har dei 20 kyr og vil auke opp til 30 — 35.

Skal lønne seg I utgangspunktet bør dei ha litt meir mjølk for å få betre økonomi i drifta, og større kvote vil stå på dagsorden framover. — Det er litt uvisst korleis problematikken med kvotar skal løysast. No er prisane også på veg oppover i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det beste er å kjøpe, og det skulle eg gjerne hatt råd til, seier Even Jacobsen. Han er med i arbeidsutvalet i det lokale produsentlaget i Tine, og meldinga er tøffe tider framover på grunn av import og at den store eksporten av Jarlsberg-ost skal fasast ut. Den tar 7 prosent av norsk mjølk. — Er de modige som investerer? — Det vil vise seg, men både banken og rekneskapskontoret har rekna på det, og det skal gå rundt. Det er å håpe at kostnadene framover blir slik vi har rekna med. Vi er opptatte av å ikkje gape over for mykje,

seier han.

Importerer robot Lenger mot nord, på Skartland, køyrer Jone Ingvald Skartland (30) eit lass med pukk. Ein stor stålkonstruksjon er beingrinda til det nye fjøset som får plass til 42 kyr. Det er tilbygg til den gamle løa på farsgarden og tre bruk er blitt til eitt. — Tilbygget er ikkje så stort og eg vel å bruke av den gamle for å sleppe å låne så mykje. Eg kjøper også ein brukt mjølkerobot frå Danmark, fortel han. Totalt reknar han med at investeringa blir på 3,5 millionar kroner, inkludert roboten til 400.000 kroner, tredjeparten av det ein ny kostar. — Det blir kanskje behov for ekstra service i starten, men det er ganske mykje å gå på samanlikna med å kjøpe ein ny, fortel han. Han har ingen hast med å bli ferdig, og målet er å kunne ta fjøset i bruk i løpet av sommaren.

Frå olje til mjølk Jone Skartland er utdanna ingeniør og han slutta i oljeindustrien i 2016 for å bli bonde på full tid. Han har drive gard i fem år og har éin tilsett. Dei siste åra kombinerte

han reiser offshore med å drive garden i Vikebygd. — No har eg meir tru på landbruk enn olje. Det er av eigeninteresse eg heller vil drive gard. Eg passar ikkje å sitje på kontor låst til ein pc, og trivst betre med å sitje i traktor eller stelle i fjøset, seier han. Gardbrukaren på Skartland ser langtfrå berre skyfri himmel for landbruket framover, men har god tru på at gardsdrift også høyrer framtida til.

Blir kjekkare — Kva skal vi elles drive med. Vi kan ikkje berre leve av å klippe håret til kvarandre, seier han. Skartland leiger ikkje mjølkekvote og han baserer seg på at å drive med dei 320.000 literane han eig i dag. Han synst det er for dyrt å kjøpe eller leige kvote. — Det er ikkje mogleg å drive det større her utan å ete opp andre, seier han. No gledar han seg til å få betre plass og ein lettare måte å drive på enn i ein arbeidskrevjande eldre fjøs. — Eg trur det er kjekkare for dyra også sjølv om det kan vere like god dyrevelferd i eit båsfjøs. Eg ville ha bygt om til lausfjøs sjølv om det ikkje var eit krav om det, seier han.


tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

5

«Skitgode» tilbud på BYGGMIX i Ølen TERRASSEBORD

28x120 furu 11,90

49,-

1190

Royal

BX TERRASSEBEIS GYLDEN

49,- pr spann, så langt lageret rekker.

3 for 299,-

Royal

2890

GRØNSKEKVERK

ROYAL TERRASSEBORD

5L GROW 1 stk kr. 139,-

28x120 28,90

Demonstrasjon av gjerdesystem fredag 27. april kl. 10.00 - 15.00

BIOPECT

Gode tilbud 4 for 1990,på produkt fra

Veshovda

Gjerdesystem as

499,-

329,-

DRENSRØR 25m

83/100 499,6m 110/95 185,- pr rør (pall pris 9234,-)

Coop Byggmix Ølen 8-20 (9-16) DET ER IKKE BARE TILBUDENE DU KAN SPARE PENGER PÅ! NÅR DU ER MEDLEM, SPARER DU PENGER PÅ ALT DU HANDLER HOS OSS – FORDI DU FÅR KJØPEUTBYTTE

DECO NATURE SKIGARD/ HVITKALKET VEGGPLATE

14x620x2390 329,-m²

Tilbudene varer til 3. juni 2018

Følg oss på Facebook, Coop Byggmix Ølen Bli medlem se coop.no

Coop byggekonto - en enkel måte å betale på

Din lokale faghandel


6

tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

VIDAR OPHEIM

Selge brukt småbruk? Det er ingen selvfølge at gården går til en god pris. Vidar Opheim vokste selv opp på gård og har alltid hatt en spesiell interesse for landbrukseiendommer. Han har oppnådd gode priser på salg av mange landbrukseiendommer de siste par årene, og er definitivt den rette megleren å høre med dersom du vurderer å selge gården eller småbruket ditt.

Med Eiendomsmegler A sin salgsgaranti er du trygg. Får vi ikke solgt boligen din, betaler du heller ingenting - og vi har ingen bindingstid!

Vidar Opheim Megler T: 926 62 816 E: vidar@em-a.no

BESØKSADRESSE HAUGESUND

POSTADRESSE:

Postboks 450, 5501 Haugesund

Haraldsgata 117, 5527 Haugesund

em-a.no

BESØKSADRESSE KOPERVIK

Hovedgaten 36, 4250 Kopervik

BESØKSADRESSE NÆRING & PROSJEKT

Sørhauggata 114, 5527 Haugesund


tema

LANDBRUK

Lever farleg i fjøset

Utsett arbeidsplass. Fagråda for å avgrensa eigen risiko i handteringa av dyra på garden blir i mange tilfelle ikkje følgt, viser ei ny undersøking blant norske bønder.  Illustrasjonsfoto: Colourbox

Mange bønder tar sjansar når dei arbeider med dyr. Betre rutinar kan redusera ulykkestala betydelig, meiner landbruksekspertar. Arne Frøkedal

Det er svært vanleg at bøndene gjer jobben med dyr åleine, går det fram av ei undersøking utført av Agri analyse for Landbruksforsikring. Om lag ein tredjedel svarar at dei som regel eller alltid flyttar dyr åleine. 36 prosent oppgir at dette skjer nokre gongar, medan resten av utvalet seier at det aldri skjer eller at spørsmålet er uaktuelt. — Utfordringa for mange bønder er jo nettopp at dei jobbar åleine på garden. Då er det ikkje så enkelt å følgja sikkerheitsråda om å vera fleire ved flytting av dyr, uttaler Aksel Fiskaa, rådgjevar i Landbruksforsikring i ei pressemelding. Han håper likevel at fleire vil finna praktiske løysingar som gir betre tryggleik, ved for eksempel å legga flyttinga til tidspunkt då andre kan hjelpa til.

Varierande system I undersøkinga er bøndene også spurde om dei bruker fysisk skilje ved flytting av dyr. Snautt fire av ti svarar at dei alltid eller som regel er påpasselege med dette, mens 26 prosent sørgjer for slik sikkerheit nokre gonger. Resterande svarer «aldri» eller at temaet er uaktuelt. — Her vil det nok spela ei stor rolle om fjøset er nytt eller gamalt, eller eventuelt

modernisert i nyare tid. I moderne fjøs går dyra gjerne saman i større bingar eller areal, og er inndelt etter kategori og storleik, seier Fiskaa. Han meiner det er viktig at bøndene syt for å få på plass system for god dyreflyt når dei moderniserer eller byggjer nytt, og at dette vil redusera risikoen for ulykker betydeleg. 28 prosent av ulykkene i landbruket skjer i samband med arbeid med dyr, ifølge rapporten «Ikke en bonde å miste», som i 2015 oppsummerte resultata frå eit forskingsprosjekt om sikkerheitskultur, arbeidshelse og ulykker i landbruket. Norsk senter for bygdeforsking stod sentralt i prosjektet.

Behov for tiltak Seniorrådgjevar Inger Johanne Stikkeland i Norges Bondelag innser at flytting av dyr i samband med produksjonen er blant dei risikofylte arbeidsoppgåvene til bonden som ofte blir nemnd. Ved slike ulykker er storfe, og spesielt ku, oftast involvert. Sjølv om ulykker med mindre dyr skjer noko sjeldnare, kan desse føra til stor smerte og skade ved for eksempel å bite, stange eller sparke. — Å bli bevisst eigen risiko rundt handtering av dyr, kartleggja faresituasjonar samt gjera

Utfordringa for mange bønder er jo nettopp at dei jobbar åleine på garden Aksel Fiskaa, rådgjevar i Landbruksforsikring

tiltak for å redusere faren for ulykker, er ein viktig del av HMS-arbeidet på garden. Det kan vera lurt å innhenta tips frå fagfolk. HMSrådgjevarane i Norsk Landbruksrådgivning har kompetanse på dette, og tilbyr både kurs og rettleiing om temaet, seier Sikkeland.

Manglande setebelte Også Arbeidstilsynet er uroa over ulykkestala i landbruket. Den statlege etaten vil i løpet av 2018 gjennomføra om lag 400 tilsyn i næringa. Jordbruk og skogbruk er valt ut som ein av hovudnæringane som Arbeidstilsynet vil har spesiell merksemd mot i året som kjem. Bakgrunnen er at dette lenge har vore den mest ulykkesutsette næringa i Noreg. Sidan 2013 har 30 personer omkomme på jobb i norsk landbruk og skogbruk. I fjor blei det også gjennomført om lag 400 tilsyn i jordbruks- og skogbruksnæringen. Det blei funnet brot på regelverket i 63 prosent av tilsyna. Blant anna blei det oppdaga at mange gamle traktorar mangla setebelte. — Dessverre ser me at det framleis er mange ulykker som skjer grunna manglande bruk av setebelte. Traktorer skal alltid ha setebelte. Dette gjeld også eldre traktorer. Å bruka setebelte er viktig og ein enkel måte å hindra alvorlege ulykker. Her trengst det ei haldningsendring, uttaler direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim. Arbeidstilsynet vil i 2018 også rette seg mot avløysarlag. Tilsyn i fjor viser utfordringar knytt til fordeling av ansvar mellom avløysarlaget og den enkelte bonden. Arbeidstilsynet fann blant anna brot på reglane om arbeidstid, arbeidsavtalar og opplæring.

2018 TORSDAG 19. APRIL

7


tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

Handle lokalt

Ein bonde handlar lokalt Fatland er ein stor aktør i landbruket som kjøper leasing gjennom Etne Sparebank sin samarbeidspartner, Brage Finans.

Foto. Svein Egil Økland

Traktor, kraftfor, diesel, verktøy, gjerdepålar, bygningar, klede... Bøndene er svært viktige for mange, og dei kjøper det meste lokalt. Det er bra for sjølv dei minste butikkane og bedriftene. Leasing kan óg kjøpast lokalt.

Leasing for landbruket Etne Sparebank tilbyr leasing, gjennom vårt deleigde selskap Brage Finans. Då kan du som bonde frigjera kapital til andre prosjekt. Snakk med oss om leasing i dag.

Etne Sparebank støttar Etnebonden Etnebonden har utvikla sin eigen identitet og profil for å styrka samhaldet, rekrutteringa, status m.m. Etne Sparebank har støtta dette arbeidet med kr 10.000. Lukke til med arbeid.

– Dyrkar framtida. V in na r sk al l e. n o

8


tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

9

Etne Betong kan tilby: •) Struktur blokker for støttemur •) Ferdige blokker for muring i sjø •) Tilbehør til all forskaling/støping •) Ferdig betong med renne-/pumpebil

Etne avløysarlag søker

LANDBRUKSVIKAR 100% Ønska kvalifikasjonar: • Norsk skriftleg og muntleg • Førarkort klasse T og B • Landbrukserfaring eller agronomutdanning

Kontakt oss for pristilbod! Me leverer også flytebrygger i mange varianter

Søknadsfrist 1. mai Spørsmål kan rettast til tlf. 908 95 249/905 76 523 Søknad sendest til: Etne avløysarlag, postboks 45, 5591 Etne. Merk: Jobbsøknad

www.etnebetong.no

Tongane 71, 5590 Etne. Tlf. 53 75 67 12 post@etnebetong.no

Landbrukstenester

5590 ETNE Telefon 454 51 637

ALT INNEN STØYPING KAI & BRYGGER, LANDBRUKSBYGG

Pløying • SteinPlukking • FreSing • Såing

GRUNNMUR OG GOLVSTØYP,

SPrøyting • Slåing • rundballing

Sørheim Service v/bjørnar Tlf. 971 79 616 • bjornarsorheim@hotmail.com

KAMPANJEKNALLPRISER PÅ MF 4709 M/LASTER OG MF 4707 PRISER PÅ HARDI ÅKERSPRØYTER!

KLAR TIL BRUK!

485.000,-

KAMPANJERENTE

MARS

2,35% agcofinance.com

ekskl. mva

MF 4709-4 95 HK, FULLRIGGET MED LASTER

MF 4707-4 75 HK, UTEN AD BLUE

325.000,ekskl. mva

• Kløtsjfritt vendegir(12+12) • Hengerbrems med luft og hydraulikk (de nye forskriftene) • Elektronisk trepunktbetjening • Stor hjul 540/65R34 og 440/65R24 • Luftsete • Justerbart ratt i høyde og vinkel • Bakrutepusser og spyler • Aircondition

• • • • • •

Teleskopiske vidvinkelspeil Brøytelys 3 doble uttak Passasjersete Trekkrok som går bakover under senking Lav totalhøyde, 257cm med std hjul, 253cm med 540/65R30 hjul • DAB+ radio • Trima/Versa 936 frontlaster

• • • • • •

320785R24 og 420/85R30 (12.4R24 og 16.9R30) Stor romslig lav hytte (kun 252 med 16.9R30 hjul) Passasjersete ELC hydraulikk regulering 3 doble uttak Luftsete og justerbar rattstamme i høyde og vinkel • Bakrutepusser og spyler • Brøytelys

Tilleggsutstyr: • Hydraulisk avvatring: 6.000,• DAB+ radio: 3.000,• 540/65R30 og 440/65R24: 10.000,• Aircondition: 12.600,• Oppgradere til MF 4708: 21.000,Alle priser er ekskl. mva

EIKM0064_AKS_Salgsbrev_A5_MF4707_4709.indd 1

NK 400 liter, 8 m.: NK 600 liter, 10 m.: NK 600 liter, 12 m.:

35.500,37.700,53.400,61.700,-

22.03.2018 10.04

NK 800 liter, 12 m.:

58.300,66.700,-

Alle priser er oppgitt eks. mva.

Eiksenteret Haugesund Johne Håland tlf. 91 73 70 27 Gunnar Birkeland tlf. 90 13 25 13 Stian Berge tlf. 41 21 37 90

Johne, tlf.: 917 37 027

NK 800 liter, 10 m.:

Hardi NK er en av de mest allsidige sprøyter som noensinne er produksert. NK-modellen brukes av profesjonelle over hele verden. NK blir brukt i tradisjonelt jordbruk, hagebruk, frukt- og bærplantasjer og vinprodusenter.

Eikeskogvegen 72, 5570 Aksdal Tlf. 52 75 44 44

Eiksenteret Aksdal Næringspark Eikeskogvegen 72, 5570 Aksdal Stian, tlf.: 412 137 90 Gunnar, tlf.: 901 32 513

NK 400 liter, 6 m.:


10

tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

Stell og arbeid med dyr er ein av dei viktigaste grunnane til at Lars Audun Fatland (t.v.), Sondre Grimaas og Wilhelm Mattsson ser for seg ei framtid i landbruket. På Tveit vgs får dei ei allsidig praktisk op

Er med og sikrar nytt liv i Dei fylgjer ikkje den store straumen blant ungdomar under utdanning og siktar seg inn på eit yrke med dyrehald, lange arbeidsdagar og usikre rammevilkår. Arne Frøkedal

Rekrutteringa til landbruket er ikkje som i andre yrke og næringar. Har du vakse opp på gard, er det ein stor sjanse for å enda opp som bonde. Erlend Økland har ikkje vore i tvil om som yrkesval. — Det er behov for mat i framtida. Den må produserast og det skjer ikkje i butikken, seier ølensbuen som er i sitt tredje år i agronomutdanninga på Tveit vgs.

Ledige plassar Den tidlegare fylkeskommunale vidaregåande skulen i Nedstrand har sidan 2008 vore drive av ein stiftelse med ti kommunar som eigarar, blant desse Vindafjord. I dag går det rundt 70 elevar på skulen som har internat og mesteparten av undervisninga borte frå klasserommet. Dei fleste kjem frå regionen, men her er også langvegsfarande elevar. Skulen kunne tenkt seg fleire søkjarar og større interesse for å utdanna seg til landbruket.

— Me har kapasitet til langt fleire elevar, men dessverre har det vore ei utvikling at færre ungdomar siktar seg inn mot eit landbruksrelatert utdanning. Eg trur kanskje bøndene må bli flinkare med å fremja seg sjølv, seier Birgitte Haga Larsen som har ansvar for å marknadsføra skulen. Tilbodet det første året (VG1) er Naturbruk, før det deler seg dei to siste åra. Vg2 byr på Heste- og hovslagarfaget (to år i lære etterpå for å oppnå fagbrev), Anleggsgartnar- og idrettsanleggfag (to år i lære etterpå for å oppnå fagbrev) og Landbruk og gartnarnæring, medan Vg3 er Landbruk som gir yrkestittel agronom, og Naturbruk (studieførebuande).

Vil utnytta utmarka Blant dei mange elevane ved Tveit vgs er fire vindafjordingar som har vakse opp med dyr og arbeid på gard, og som siktar seg inn på bondeyrket. Erlend Økland har lenge visst at dette var rett veg for han, trass mykje negativ merksemd på bondestanden. Det er ikkje all utvikling ved landsbrukspolitikken han likar, men trur bestemt at han har ei framtid som bonde. — Eg håpar me slepp tendensen mot eit industrielt landbruk. Det er for mykje prat om at det berre skal vera store bruk. Landbruket må vera variert og gi rom for alternative driftsformer som også inkluderer dei mindre bøndene.

Erlend Økland har funne kursen. Vil gjerne studera ved NMBU på Ås før han tar over garden heime i Ølen.

Personleg er eg opptatt av det store potensialet som ligg i å ta beite og utmarksareala meir i bruk, seier han. 19-åringen vil ta meir utdanning før han blir bonde på heiltid og ser ein stor fordel å ha kunnskap om rådgjeving, til dømes innan fôr, avl og produksjon, før han overtar.

Det gir også muligheit til å sikra inntekt utanom bruket.

Praktisk utdanning På Tveit vgs får førsteklassingane Sondre Grimaas, Wilhelm Mattsson og Lars Audun Stople innføring i ei rekkje


tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

Ei framtid som bonde Erlend Økland (19), Ølen

Tveit vgs, Vg3 landbruk. Kjem frå gard med ammekyr og litt mjølkeprodukjon. Erlend har alltid likt å jobba med dyr og valte denne skulen for å få ei praktisk utdanning framfor å sitja med bøker i tre år. Kjente også til Tveit vgs ettersom mor har jobba her. På sikt er planen å ta over garden heime i Ølen. Etter Tveit vil han ta påbygg ved Ølen vgs og deretter vil han studera husdyrvitskap eller rådgiving ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås.

Lars Audun Fatland (16), Nedre Vats Tveit vgs, Vg1 naturbruk. Er født og oppvaksen på gard med allsidig drift; både mjølk, sau og gris. Garden er under utvikling med nytt fjøs til kyr og ungdyr. Lars Audun har to søsken, men det ligg i korta at det er han som skal overta, men først skal han bli agronom. Han har dessutan lyst å dra vekk og jobba på ein gard ein annan stad i landet og læra meir før han blir bonde i Vats.

Wilhelm Mattsson (16), Skipavåg

pplæring, blant anna å delta i lemmesesongen.

FOTO: Arne Frøkedal

jordbruket praktiske gjeremål bonden må meistra. Hos bonden Per Johan Lyse har skulen leigd praksisplass. For tida er det lemming som står på programmet for elevane og nå ventar nattevakter for å sjå til at dei mange fødslane går etter planen. Felles for dei fire Vindafjord-elevane er at dei likar å jobba med dyr. Jobben med traktor og maskinar er også fristande for desse ungdomane. Dessutan føler dei at yrket som sjølvstendig næringsrivande gir ein viss fridom, stor variasjon i gjeremål og muligheit til å jobba ute. — Sjølv om regjeringa ikkje gjer at det blir like bra for alle bønder, til dømes for dei som føretrekkjer drift i mindre målestokk, så er dette yrket så interessant og spennande at eg ikkje vil la politikken styra meg, seier Sondre Grimaas som alt har begynt å meisla ut planane for korleis han skal utvikla familiegarden i Vikedal når han overtar om nokre år.

Villig til å sjansa Wilhelm Mattsson har ingen slektsgard å ta over, og difor vil han utdanna seg som anleggsgartnar. Han ser for seg ei framtid i

eit så interessant og spennande yrke at eg ikkje vil la politikken styra meg

Sondre Grimaas (16)

Vindafjord, og skulle sjansen by seg, vil han gjerne bli bonde på heiltid. Alternativet å kjøpa ein gard, noko han ikkje er framand for. — Då ville eg hatt sau, minst hundre vinterfôra. Også eg ser at det er knytt uvisse til bondeyrket i framtida, men den sjansen er eg klar for å ta for å ha ein jobb eg likar, seier 16-åringen. For Lars Audun Fatland er vegen vidare relativt godt staka. I søskenflokken på tre, er det han som har vist mest interesse for dyr og gardsdrift. Nå er han begynt på utdanninga for å bli agronom, og så vil han reisa vekk å læra meir om gardsarbeidet før han blir bonde på heimegarden. — Det er interessa for dyr og praktisk arbeid som driv meg, og så er det ikkje noko minus å få jobba ute. Det er så mykje variert arbeid i landbruket at du ikkje blir lei, seier 16-åringen frå Vats som til liks med dei tre andre håpar at det blir lagt til rette for at ikkje alt skal vera stort i norsk landbruk.

Manglande kunnskap Elevane meiner det er for lite kunnskap ute blant folk om landbruk, om kor viktig sjølvsforsyning av mat er og kva som ligg bak produksjonen før maten hamnar i butikken. Sondre har eit døme til ettertanke. — Me hadde besøk av ei byjente i rundt tiårsalderen. Ho peika på ei ku og spurde: Kva er det?

Tveit vgs, Vg1, naturbruk. Hans plan er å utdanna seg som anleggsgartnar, men drøymer også om å bli bonde i Vikedal-området, helst i Skipavåg. Faren er svensk og mora finsk, så Wilhelm har ingen gard å ta over. Han har jobba som avløysar på ein nabogard i mange år, noko han framleis gjer når han går på vgs, og har fått smaken på å jobba med dyr i framtida. Aller helst vil han bli sauebonde, men er også kjent med slaktegris i jobben som avløysar.

Sondre Grimaas (16), Vikedal, Tveit vgs, Vg1 naturbruk. Har ein klar plan om å overta og driva den tradisjonsrike Skrivargarden på Opsal som har vore i slekta i mange generasjonar. Garden med mjølkeproduksjon og rundt 50 vinterfôra sauer, er under oppgradering med påbygg med nye båsar. Hans plan er å investera i lausdrift. Sondre er veldig traktorinteressert og har lyst til å prøva seg som entreprenør før han blir bonde på heiltid.

11


12

tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

Sertifisert leverandør av

El-kontroll

ihht

NEK 405 1/2/3

Ingen Jordfeil

Elkontroll fra Helgevold gir deg en sikkerhet mot driftstans, uforutsette kostnader og billigere forsikring. Fremfor alt, det ivaretar sikkerheten til dyr og annlegg. Kontakt oss for Elkontroll, gårdsalarm og service på ditt anlegg.

52 76 60 00

www.helgevold.com

LANDBRUK

Kenneth Kaldheim tlf. 415 52 879 Salg og utkjøring av kalk & skjellsand

Ring for å avtale tid for henting og utkjøring Har skjellsand av svært god kvalitet og kalk i fra Jærkalk Ordner gunstig transport med lastebil Egen spreder for utkjøring på beite

• Tomtegraving • Boring og sprenging • Vei- og parkeringsplasser • Feltutbygging for hus og hytter • Drenering, dyrking

Tlf. 952 29 320 T. Sandsgård Anlegg AS

Apalvik

5584 Bjoa

Sånn er det å være kunde i Tveit. En enklere hverdag, større frihet og mer fritid. I Tveit har vi bare lokalkontor, 16 av dem. Fra Stavanger i sør til Bergen i nord. Derfra fører vi regnskap og rådgir 2700 bedrifter og 1700 jordbrukskunder. Vi arbeider ut fra den filosofi at vi skal være tilstede der du er. Moderne, kompetente, engasjerte – nær deg.

www.tveit.no

APPEX MADE THIS! Foto: Meling

FRIHET ELLER KONTROLL?


tema Steinplukking utføreS

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

Slåtten 2018

Meget effektivt utstyr Raker og plukker samtidig Vi tilbyr de fleste landbrukstjenester i hele distriktet. Ring Lars Inge Stødle

Vi tilbyr de fleste landbrukstjenester i hele distriktet.

13

Ottar Skjold Maskin as

Knapphus • 5576 Øvre Vats • Tlf. 908 46 284

Graving

Transport

Sprengning

Mobil: 974 707 01

Natursteinsmuring

KULESTEIN

i forskjellege størrelsar til • Pynting av skråningar og blomsterbed • Grus og hagesingel

Ta kontakt på tlf. 53 75 62 51

Slåmaskin 3 meter med breispreiing. John Deere singelpresse, Justerbar ballstørrelse. Mchale Orbital slepepakker Claas Liner samlerive 9 meter. Rundballe samenkjøring. Lett utstyr med store hjul. Lars Inge Stødle Mob. 974 70 701

BONDEPØB

Grus • Pukk • Sand

Få utstyret iVindafjordbonden stand til våronn og slått, inviterer alle medlemmer deira — me ordne både stort og smått. betre halvdel og alle andre til bondepub.

5590 Etne

VÅREN 2018

• Fornying av eng horisontalfres med luftassistert såmaskin. • Raking og steinhenting i ein og same operasjon. • Skjellsand leveres ferdig spredd på eng.

JARLE HÅKULL MASKIN Tlf. 970 23 518 • 5574 Skjold

DETTE SKJER PÅ JOAKARI I ØLEN, FREDAG DEN 17. FEBRUAR FRA KL. 20.00. Vi har drevet i over 50 år som maskinentreprenør

• Reparasjon & service på maskiner og Arbeidsområdene har vært: PROGRAM: utstyr innen landbruk og anlegg. • Vegarbeid for stat og kommune • Vannkraftutbygging

• Informajon • Air-condition service på maskiner.fra Vindafjordbonden • Olje- /gass-installasjoner

• Dyrking • Kjell Vidar Øglend fortel om sin kjøtproduksjon • Doser arbeid • Etnebonden fortel om• kva dei driv med Kommunalt teknisk arbeid • Knusing med mobilt • Underhaldning av Frank & Reinhardt knuseverk

Mat og drikka kjøper Påmelding treng 5590 Etne Tlf: 984 31 me 906 ikkje E-post: fredriksamland@hotmail.com

• Tungtransport, terrengtransport • Tunnellasting og transport du •sjølv. krpukk 100,Salg avInngang grus, jord og på Knapphus og Etne • Boligtomter og industritomter Kontakt oss for tilbud. Timepriser eller fastpris.

– me kjenner lukta du kjem :-)967 Laila tlfpå 416 50 350 • om Per Magne tlf 901 11

Peder tlf 481 10 092 • www.brodrene-flatebo.no

Vinnarskalle.no

Helsing styret i Vindafjordbonden

Samarbeidsadvokat for Norges Bondelag siden 1985 Stavanger

Haugesund

www.vindafjordbonden.no VÅRE GODE SAMARBEIDSPARTNERAR:

e-post: kontoret@vierdal.no / tlf.: 906 54 444

www.vierdal.no

40-ÅRS JUBILEUM I FK BUTIKKEN! GODE TILBOD ALLE DAGANE! PRISSHOW!

På torsdagen serverar me kake og kaffi. FK BUTIKKEN ETNE TLF. 53 77 11 30 | MAN-FRE: 8–18 | LØR: 9–15 | FKRA.NO/FKBUTIKKEN | FACEBOOK: FELLESKJOPETETNE

adsign.no

Velkomen til 40-års jubileum for FK Etne torsdag – fredag – laurdag neste veke.


14

2018 TORSDAG 19. APRIL

tema

LANDBRUK

Satsar som klauvskjerar

Gardbrukar Hans Martin Harboe (t.h.) er glad for at Kristoffer Haugstad har etablert seg som klauvskjerar i bygda.

Hans Martin Harboe syt for at kua kjem tilbake til fjøset etter å ha fått «pedikyr» av klauvskjeraren.

Kristoffer Haugstad er nyetablert som den einaste profesjonelle klauvskjeraren i Granna

Grannar-distriktet har fått sin første profesjonelle klauvskjerar. Torstein Tysvær Nymoen

Kristoffer Haugstad (32) og Ane Sandal Solberg (25) flytta nyleg frå Sauda til Etne. Mens ho er ny veterinær i bygda, har han etablert seg som klauvskjerar. — Dette er ein del av god dyrevelferd, seier Kristoffer Haugstad, medan små kvite bitar frå klauvene til ei ku fyk ut frå klauvfresaren.

Få lokale aktørar Me er på garden til Hans Martin Harboe på Rygg i Etne. Bonden har tinga klauvskjerar for å få sytt for at klauvene har rett

vinkel, og får samstundes eit trena blikk til å sjå etter teikn på klauvsjukdommar. Det gir bonden ein større tryggleik for at helsa til dyra er bra før dei blir sleppte ut på beite om nokre veker. — Det har vore særs vanskeleg å få tak i klauvskjerarar her i området, difor er eg glad for at Haugstad har kome til bygda, seier Harboe. Det er særleg etter at fjøs med lausdrift og gummigolv vart vanleg at ein har sett at kyrne slit klauvene på eit vis som mellom anna kan gje dei ei uheldig skeivstilling. Har dyret først slite klauvene skeivt, vil feilstillinga berre forsterke seg om ikkje noko blir gjort. Det vil igjen påverke den totale velferda for dyret negativt, og dermed også svekke mjølkeproduksjonen og kalvinga.

— Har du ei ku som blir liggjande på grunn av klauvproblem, hamnar ho nederst i hierarkiet i fjøset, seier Kristoffer Haugstad.

Frå klubbe til vinkelslipar Klauvskjering er ikkje noko nytt i seg sjølv. På same måte som menneske steller neglene sine, treng dyr i fjøs hjelp til å halde klauvene i orden. Den generelle anbefalinga er å få klauva til dyra sjekka to gonger i året.

For å få inn teknikken øver eg mellom anna på bein som eg fekk frå slakteriet

Kristoffer Haugstad, klauvskjerar

Behova kan variere frå dyr til dyr, men det er kjent at gummiunderlag slit klauva meir enn hos dei som står på hardare golv. I gamle dagar vart arbeidet som regel gjort av bonden sjølv, med klubbe og kniv, mens kua var tjora til ein staur. Fleire bønder gjer arbeidet sjølv også i dag, då som regel med vinkelslipar. Men stadig fleire bestiller profesjonell klauvskjerar til arbeidet. Dei har med seg spesialbygde klauvboksar på tilhengjaren, og nyttar seg av spesialutstyr som klauvfresar. Det kan sjå brutalt ut når klauvflisene fyk som i ein heftig sandstorm rundt verktøyet, men dei kjenner ingenting. Men dei er nok ein smule forundra og passe skeptiske der dei står plassert midt inni noko som liknar skalet på eit månelandingsfartøy.


tema

LANDBRUK

ar-distriktet. Han har mellom anna investert i klauvboks til 300.000 kroner.

15

FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Klauvboksen er av dansk fabrikat. Ei investering til om lag 300.000 kroner, fortel Haugstad.

Sesongarbeid

Ein del av arbeidet er å sjå etter sjukdom i klauva.

2018 TORSDAG 19. APRIL

Talet på registrerte klauvskjerarar er på veg opp. I registeret til Norsk Klauvskjerarlag er det 100 aktive av sorten. Men framleis er det svært få på Haugalandet. Kristoffer Haugstad er den einaste i Grannar-distriktet, han håper difor å kunne skape seg ei grei næringsinntekt ut av kompetansen sin med kundar i heile regionen. Etter å ha kursa seg på Austlandet og gått i lære hos ein annan klauvskjerar i Hardanger, har han nyleg starta opp sin geskjeft. — For å få inn teknikken øver eg mellom anna på bein som eg fekk frå slakteriet, fortel

32-åringen som nyttar både hjelm, vernebriller og hanskar under arbeidet. Kristoffer Haugstad skipa verksemda si i januar. Og etter ha brukt litt tid på innsalg og marknadsføring, fekk han dei første kundane i februar. No håpar han at ordet går på bygdene på Haugalandet, slik at han klarer å skape seg ei grei inntekt frå det omreisande arbeidet. Men sidan klauvskjering er sesongarbeid, frå februar til mai, blir det ikkje noko årsinntekt av det han gjer. — Eg er utdanna kokk, har jobba fire år i gruvene på Svalbard og så har eg maksinførarbevis. Det er nok det siste eg kjem til å jobbe mest med i tillegg til dette. På sikt har me tankar om å kjøpe oss eit småbruk, fortel han.


16

2018 TORSDAG 19. APRIL

tema

LANDBRUK

fra 9990,VikingViking Imow Imow fra 9990,-

enfra Imow fra 6-serien og fåFSA Stihl Kjøp enKjøp Imow 6-serien og få Stihl 45FSA 45 batteridrevet kantklipper på kjøpet. Viking Imow fra 9990,batteridrevet kantklipper med påmed kjøpet. Kjøp en Imow fra 6-serien og få Stihl FSA 45 batteridrevet kantklipper med på kjøpet.

Viking Imow fra 9990,-

Kjøp en Imow fra 6-serien og få Stihl FSA 45 batteridrevet kantklipper med på kjøpet.

Ta turen innom Ta turen innom oss på Knapphus ossTa påturen Knapphus innom forgod en god handel. foross en handel. på Knapphus for en god handel.

Ta turen innom

oss på Knapphus

Det blir enkel

Det enkel for en godblir handel.

Detservering blir enkel og servering og servering og for muligheter muligheter for Det muligheter blir enkel gode kjøpfor både gode kjøp både servering og og gode kjøp både utenfor inne i utenfor og inne ii muligheter for utenfor og inne butikken. gode butikken. kjøp både butikken.

utenfor og inne i butikken.

Konkurranser Konkurranser Konkurranser med fine premier.

med fine premier.

med fine premier. Konkurranser med fine premier.

20-21 20-21 APRIL APRIL 20-21 APRIL 20-21 APRIL VÅRDAGER PÅ VÅRDAGER PÅ VÅRDAGERPÅ PÅ VÅRDAGER

Kampanje Kampanje på på

Kampanje på

Imow Imow Kampanje på

Imow robotklippere. robotklippere. Imow

robotklippere. robotklippere.

Superpris på på Stihl Superpris Stihl

Superpris Stihl totaktpå miljøbensin.

totakt miljøbensin.

Superpris på Stihl totakt miljøbensin.

totakt miljøbensin. TRAKTOR & MASKIN

En mengde gode tilbud, mulighet for En mengde gode tilbud, mulighet for Endemo/testkjøring mengde gode tilbud, mulighet for Polaris ATV annet utstyr. demo/testkjøring avav Polaris ATV og og annet utstyr.

TRAKTOR & MASKIN TRAKTOR & MASKIN Saudavegen 7478 Saudavegen 7478 Saudavegen 5576 Øvre Vats 7478 5576 Øvre Vats TRAKTOR & MASKIN 5576 Øvre Vats (Knapphus) (Knapphus)

(Knapphus) Saudavegen 7478 www.traktor-maskin.no 5576 Øvre Vats www.traktor-maskin.no demo/testkjøring av Polaris ATV og annet utstyr. Ta med familien og kom å se på store og små traktorer, www.traktor-maskin.no Ta med familien og kom å se på store og små traktorer, (Knapphus) n mengde gode tilbud, mulighet for 20-21 April Takvalitetsutstyr med familien og kom å se på store og små traktorer, fra Deutz-Fahr, Krone, Zetor, Stihl, Polaris og mange 20-21 April kvalitetsutstyr fra Deutz-Fahr, Krone, Zetor, Stihl, Polaris og mange emo/testkjøring av Polaris ATV og annet utstyr. 20-21 April Fredag: 07:30-18:00 07:30-18:00 kvalitetsutstyr fra Deutz-Fahr, Krone, Zetor, Stihl, Polaris og mangeFredag: flere. Vihar harutstyret utstyret trenger om ersmå til små eller store jobber, flere. Vi dudu trenger om detdet er til eller store jobber, www.traktor-maskin.no 10:00-15-00 Lørdag: 10:00-15-00 med familien kom å se du på trenger store ogom små Fredag: 07:30-18:00 hjemme eller proff. hjemme eller proff. flere. Vi og har utstyret dettraktorer, er til små eller store jobber, Lørdag: 20-21 April Lørdag: 10:00-15-00 alitetsutstyr fraeller Deutz-Fahr, Krone, Zetor, Stihl, Polaris og mange hjemme proff. Fredag: 07:30-18:00 re. Vi har utstyret du trenger om det er til små eller store jobber, Lørdag: 10:00-15-00 emme eller proff.


tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

17

FÅ DET I ORDEN! Har du sjekka at reidskapen er klar for våren? Kanskje på tide å byte ut eller vedlikehalde noko av utstyret? Kontakt oss i Velde Maskin og få eit godt tilbod før sesongen startar. BYGGELEMENTER TIL LANDBRUKSBYGG og andre bygg fra vår fabrikk i Sandeid. Ring 4888 9980.

Me forhandlar:

FERDIGBETONG Transport og pumping rett i forskalingen, fra blandeverk i Ølensvåg, Suldal, Gismarvik og Stord. BETONGVARER Betongkummer, ig-rør, forskalingsblokk, Mini-Trønder blokk, Big Blokk og Legoblokker. Kantstein, heller og belegningsstein.

Velde Maskin AS Øygardsvegen 8, 5576 Øvre Vats Tlf. 52 76 59 11 www.veldemaskin.no

www.olenbetong.no

JORDBRUKS- OG FORRETNINGSKUNDER

Regnskapskontor stiftet i 1971

VI TILBYR: • Regnskap • Rådgivning • Lønn • Fakturering

• Kontortjenester • Ligningspapirer • Jordbrukstakst • Generasjonsskifte

Våre tjenester tilpasses bedriftens behov og utvikling.

TRENGER DU HJELP INNEN ØKONOMI, SPØR OSS! Mer informasjon: www.toko.no • Tlf. 52 75 40 10

DERE FINNER OSS: Hovedkontor i Aksdal Senter, 2. etasje over SR-bank Avdelingskontor i Haugesund, 2. etasje på Felleskjøpet Avdelingskontor i Sveio på Haukås Avdelingskontor i Suldal

© Suldalsposten

Tlf 53 77 52 00


18

tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

Satsar på ullgris

Ullgrisen likar å få kos av matfar Jarle Årvik.

For to år sidan henta bonde Jarle Årvik (50) og kona Hanne Jorun Helgeland (50) i Vikebygd to ullgriser til gards. I dag er flokken auka til over 50 og blitt eit eksotisk tilskot til drifta på garden. Irene Mæland Haraldsen

Ute på bøen på garden Årvik i Vikebygd går ein f lokk lodne

griser og rotar ivrig rundt i jorda med snuten. Somme er på leit etter ein godbit under den blaute vårjorda, medan andre er i ferd med å grava seg ei grop der dei kan leggja seg nedpå og nyta varmen frå solstrålane. Døra inn til grisehuset står open, men for den arbeidssame griseflokken er det best å få vera ute i det fri. — Dei går ut og inn som dei vil. Me har ein flokk gåande her og ein ute i skogen. Dei likar seg best ute, og kan tåla opp til 30 minusgradar. Det einaste dei treng er ein tørr liggjeplass, fortel Jarle

Årvik og ropar på griseflokken som kjem springande når matfar kallar.

Mat frå butikken Av erfaring veit grisene at det ofte vankar ein liten godbit når matfar ropar på griseflokken, og dei er ikkje seine om å setja kursen mot bøtta som Årvik har under armen. I tillegg til å livnæra seg av godbitane dei finn i jorda får dei servert frisk frukt og brød eitt par gonger om dagen. — Dei blir i hovudsak fôra opp på frukt og grønt som me får frå

butikkane og som elles vil bli kasta. Dei får alt frå lauk til appelsinar og paprika. Frukta og grønsakene kuttar me opp før me gir det til grisene. Dei får også litt brødmat som er til overs i butikken, og dei er svært glad i bollar. Kraftfôr får dei berre når dei har ungar og mjølkar, seier matfar og kastar ei handfull gamle rundstykke inn i den svoltne griseflokken. — Dette likar dei godt, seier han.

Godt kjøt Mangalistasvin er ein svinerase


tema

2018 TORSDAG 19. APRIL

LANDBRUK

19

Eit tjukt lag med krøllete bust dekkjer kroppen til ullgrisen som likar seg best utandørs.

Hanne Jorunn Helgeland håpar ullgrisen kan bli eit sunt alternativ på middagsbordet.

Foto: Irene Mæland Haraldsen

som kjem frå Sentral- og SøraustEuropa. I dag er den mest vanleg i Ungarn, men er også å finna i andre land i det sentrale Europa. Grisen har krusete hår som liknar ull og grisungane er ofte stripete som villsvinungar. Kjøtet blir rekna for å vera særs godt og inneheld ein stor del umetta feitt. — Kjøtet er fastare og mørkare enn vanleg grisekjøt, og det er rikt på omega 3. Det er sunt, og kjøt frå friske dyr som er i bevegelse er bra, fortel Årvik som driv heimegarden i Vikebygd saman med kona Hanne Jorun Helgeland.

I tillegg til grisedrifta har dei også sauer og ammekyr å ta seg av. Årvik gard, som har vore i familien si eige heilt sidan den blei kjøpt frå Halsnøy kloster i 1758, består av store deler utmark. Det var denne utmarka dagens eigarar hadde i tankane då dei skaffa seg ullgriser. — Me ynskjer å utnytta utmarka. Dette er eit prøveprosjekt og me vil sjå om me kan få det til. Me starta med to griser som me henta på Lillehammer for to år sidan. Sidan har det auka på og me har kjøpt griser både frå Oslo

Sosialt dyr som gjerne går i flokk.

og Ålesund. Problemet er at det er lite av denne grisetypen her i landet, seier ekteparet som har reist land og strand for å skaffa seg griser frå ulike stammer.

Sosial Ullgrisen er ein sosial griserase som trivst best når dei går i flokk. Dei elskar å grava i jorda og rulla seg i søla, og seier ikkje nei takk når matfar tilbyr litt massasje på den lodne kroppen. — Grisene grev heile tida og om våren sender me dei ut på bøar som skal såast på ny slik at

dei kan grava opp jorda. Grisene er veldig tamme og likar godt å bli klødd på magen, fortel Årvik. Ullgrisen veks seint og det tek over halvanna år før den når slaktevekta på rundt 100 kilo. Den første grisen i den stadig veksande flokken på garden i Vikebygd vart slakta for eit par månadar sidan, og for å få kjøtet ut på den lokale marknaden valde gardbrukarane ty til moderne media. — Me la det ut på Facebook og selde til vener og kjente. Dette er eit nytt produkt på Haugalandet og målet er å få

det ut til restaurantar. I dag har me ein flokk på 54 dyr, men kor stor flokken kjem til å bli veit me ikkje. Me tek det som det kjem, seier dei to grisebøndene og smiler.

Dei blir i hovudsak fôra opp på frukt og grønt Jarle Årvik, bonde


iversenskogen.no

Pengesilo på tunet eller (Land)Brukskonto hjå oss? Heile regionen er avhengig av at gardbrukarane kan lukkast. Me i Haugesund Sparebank kjenner bøndene sine utfordringar og har gode løysingar for dei fleste formål. Ta kontakt, og la rådgivarane våre i Vikedal, Skjold eller Ølen laga eit skreddarsydd tilbud som passar for deg og ditt bruk. Kontakt: Lars Olav Larsen: 52 70 51 42 / Grethe Solheim: 52 70 51 41 / Rolf Lillehammer: 52 70 50 11

TELEFON 52705000 HAUGESUND-SPAREBANK.NO

Tema landbruk grannar  

Lokalavisa Grannar sitt satsningsnummer på Landbruk som gikk til alle husstander i Etne, Ølen, Vindafjord og Tysvær. Jordbruk

Tema landbruk grannar  

Lokalavisa Grannar sitt satsningsnummer på Landbruk som gikk til alle husstander i Etne, Ølen, Vindafjord og Tysvær. Jordbruk