Sommarmagasinet 2016

Page 21

Dans gjennom livet

Tekst Grethe Hopland Ravn, illustrasjon birgithe johannessen

Eg har alltid sagt at eg skal dansa inn i alderdomen og for å vera heilt ærleg så er dette noko eg gler meg til. Ikkje det at «starten på slutten» allereie er i gang… for all del(!) Heller ikkje fordi eg skal byrja å dansa når eg startar på overgangsalderen, men eg skal fortsetja å dansa frå no av og fram til mine to stylter ikkje finn balansen lenger. Er det noko eg likar ufatteleg godt, så er det å dansa. Eg elskar å dansa, og har gjort det sidan min pure ungdom. Eg gjekk på turndans frå eg var fire, rytmisk sportsgymnastikk frå eg var sju, og som tenåring oppdaga eg swingen. Eg har ikkje tal på alle timane veninna mi, Kristin brukte på å læra meg swing, og eg er sikker på at dans kan forlengja livet. Høgdepunktet på ungdomsskulen var gymtimane der me lærte både polka, reinlendar, vals og strekkbuksepolka, og eg kan trygt seia at dette var nyttig lærdom til stor glede for eit heilt livsløp. Å gå på dans i tenåra var alltid eit boblande høgdepunkt for både kropp og sjel. Var det noko som toppa det meste, var det varme sommarkveldar, utedans med levande musikk som innbyggjarane i ein radius på minst to kilometer fekk med seg frå terrassen dei sannsynlegvis sat og naut kveldssola frå. Og sjølvsagt var det pakkfullt av folk i alle aldrar frå mange forskjellige bygder, når det blei arrangert utedans. Eg gløymer aldri lukta av opne grillar, pølsefestar, grønt gras, litt sveitte og brune sommarkroppar som svinga seg i dansen, og nokre gonger blei det også fyrt opp store bål som sette ein ekstra spiss på atmosfæren. Om eg svinga meg med ein kamerat, far til ein kamerat eller bestefaren for den del, var det ofte utruleg kjekt. Det heile handla om kor godt

dansepartnarane evna å halda takten mens dei svinga meg rundt på dansegolvet, kor sterke dei var i armane og kor gode dei var til å leia an. Er det ein stad ein ikkje skal snakka om likestilling, så må det vera i dansen, for her er det mannen som skal vera sjef. Og for å vera heilt ærleg, er det vel berre i dansen eg godtar at eg ikkje får gjera som eg vil.

Det var ikkje alltid ein kjente dansepartnarane sine ein gong, men mangt eit venskap har starta med ein feiande polka, ein fengjande reinlendar eller ein stilfull vals. Når eg tenkjer etter er det gjerne heilt ukjende dansepartnarar som har gitt meg dei aller beste opplevingane frå diverse utedansar opp igjennom åra. Eg har alltid sagt at dans gir glede, og eg er skråsikker på at det lyste av meg lang veg der eg dansa så grusen spratt i mang ei sommarnatt i starten på nittitalet. Dette er minne eg framleis tar fram og gler meg over. Eg kunne gjerne tenkt meg å erverva enda fleire slike gode minne frå utedansar i vakre sommarkveldar, med levande musikk og mange glade ansikt i alle aldrar. Saka er berre: Kva skjedde?? Kor blei det av utedansane? Eller innedansane for den del. Ikkje veit eg, men ungdommen går i alle fall ikkje på dans lenger. Eg er evig takknemleg for dansegleda eg fekk oppleva då eg var ung. For ikkje å snakka om gleda over den ekte bygdedansen, med dei ekte spellemennene og den fantastiske stemninga. Denne gleda skal eg ta med meg inn i alderdomen, og når «sola ein gong går ned i vest» skal du ikkje sjå bort frå at eg har danseskoa på.

23


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.