Page 1

tema

2018

Næringsliv

TORSDAG 3. MAI

11

NÆRINGSLIV

Side 11-19

Les meir om Knudsen Dørfabrikk i Skånevik på side 12 og 13.

FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN


12

tema

2018

TORSDAG 3. MAI

Næringsliv

Brørne Stig (t.v.) og Roar Knudsen er tredje generasjon eigarar i Knudsen Dørfabrikken AS.

Bjørn-Helge Skarveland (t.v.) og Ole R. Vågenes i sving med dørproduksjon.

Roar Knudsen kan sjå tilbake på eit 2017 med gode resultat. I år skal familieverksemda investere inntil fire millionar kroner i den tradisjonsrike dørfabrikken i Skånevik.

Det er mellom anna slik dører Knudsen Dørfabrikk produserer.

FOTO: KNUDSEN DØRFABRIKK AS

Opnar døra for vekst Familieverksemda Knudsen Dørfabrikk AS i Skånevik har i tre generasjonar laga dører til norske kontor og heimar. No blir det investert millionar med mål om vekst. Torstein Tysvær Nymoen

Litt gøymd, nokre hundre meter ovafor Skånevik sentrum, forbi skulen og eit gardsbruk, ligg industriverksemda Knudsen Dørfabrikk AS. I fabrikken blir det kvar veke produsert nesten 250 dører. Om lag 10.000 kvart år. Verksemda vart etablert av Ragnar Knudsen i 1946. Dei første åra vart det produsert møblar, innreiingar, vindauge og etter kvart trapper. På 70-talet byrja dei å konsentrere seg om dører til innomhus bruk. Dei var langt frå åleine i marknaden den gongen. Men etter kvart som konkurransen frå Aust-Europa kom, med billigare og masseproduserte varer, har den eine fabrikken etter den andre bokstaveleg talt stengt døra. I dag er det berre nokre få att i Noreg. Mellom 60 og 70 prosent av produksjonen i Skånevik er dører til kontor- og industribygg. Mens 30 — 40 prosent er spesialbestillingar av dører til moderne bustadar, som funkishus og liknande. Marknaden er nasjonal. Ein stor del av produksjonen går til Oslo og Austlandet elles. Dagens leiar og største eigar, Roar Knudsen, var berre 22 år gammal då han i 2007 brått måtte overta sjefsstolen etter at faren, Eivind Knudsen, som døydde berre 54 år gamal. Han hadde leia verksemda etter at faren Ragnar døydde 64 år gamal i 1988. Roar var då nyutdanna automatikar. Men han kjende verksemda godt etter å ha sprunge rundt der sidan han var ein liten gut. — Det var jo ikkje heilt ideelt at eg måtte ta over då eg var så ung, og utan noko overordna utdanning. Men sånn

vart det, seier han. I dag er Roar Knudsen største eigar med 75 prosent av aksjane. Broren Stig eig 25 prosent og jobbar i produksjonen. Fram til ho gjekk bort i 2016 var også mor deira, Sofie, både medeigar og tilsett i verksemda med ansvar for rekneskap og løn.

Råd til familieverksemder Med glimt i auga seier Roar Knudsen at noko av det skumlaste som finst i samfunnet er kongehus, gardsbruk og familieverksemder. — Dei har jo det til felles at det ikkje alltid er kvalifikasjonar som ligg til grunn for at ein plutseleg tek over som leiar. Eg får berre håpe at eg klarer å motbevise at det er eit problem her, smiler han. Sidan 2011 har Knudsen-familien hatt eksterne og bransjekompetente folk med seg i styret. — Det er noko eg vil anbefale alle familieverksemder. Det er veldig skummelt om drifta av ein fabrikk som dette, skal kvile på berre éin person sin hjerne og dagsform, seier han. Styreleiar er Ingvild Jensen, som bur i Arendal. Ho har mellom anna mastergard i økonomi og administrasjon, og lang fartstid som leiar i fleire større bedrifter. Espen Fjeldtvedt frå Stord har røynsle frå produksjon av vindauge. Og Espen Aspenes driv stillasverksemda Alutec i Os. Saman jobbar styret med å stake ut kursen for verksemda, setje mål og jobba mot dei.


tema

2018

Næringsliv

TORSDAG 3. MAI

Tom P. Bjørnsson er i gang med å lakkere ei av dei 10.000 dørene som blir produsert i Skånevik i år. 

Og så langt har det vist seg å gi resultat. Frå 2013 til 2017 har fabrikken dobla omsetnaden, og resultatgraden har gått opp. I fjor omsette Knudsen Dørfabrikk AS for nesten 25 millionar kroner og leverte eit resultat på nesten to millionar kroner. I år blir det investert i fleire prosjekt med mål om å auke effektiviteten, og gjennom det ta større deler av marknaden. — Sist vi rekna på det hadde vi 0,25 prosent av marknaden på innedørar i Noreg. Så potensialet er der, seier han. Inntil fire millionar kan bli brukt til investeringar i året som kjem. Opprusting av karm-produksjonen er nesten i mål. Ny innreiing av råvarelager og ombygging av lakkeringsanlegget står på agendaen. Og så blir det investert i løfteutstyr som skal gjere arbeidet lettare for dei tilsette. Ny nettside skal også opp, kor kundane skal kunne komponere si eiga dør.

Google endra marknaden I dag har Knudsen Dørfabrikk mellom 15 og 20 forskjellige kundar som er aktørar innan innreiing av kontor- og næringsbygg. Mange av dei har vore partnarar gjennom tiår. Når det gjeld bustadmarknaden er det annleis. Der er det gjerne den som skal byggje seg hus som tek kontakt for å drøfte dør-løysingar. Dette er til skilnad frå det som var mest vanleg før internett. Då var det i større grad bustadleverandørane som bestemte kva dører huset skulle ha. — Her er det internett og Google som har endra

marknaden. Folk klarer å skaffe oversikt over kva som finst sjølv. Og søkjer ein til dømes etter ei dør med skjulte hengslar, så dukkar me opp, og så tar enten dei, eller arkitekten deira, kontakt, fortel 33-åringen. Knudsen ser at fleire no tek inn over seg at i eit hus, som likevel kostar fleire millionar å bygge, så kan det heve kvalitetsinntrykket vesentleg om ein legg nokre tusenlappar ekstra i dørene. Sjølv meiner han at ei dør skal ha litt tyngde og ha god lyddemping.

Det er veldig skummelt om drifta av ein fabrikk som dette skal kvile på berre éin person sin hjerne og dagsform

Roar Knudsen, dagleg leiar i Knudsen Dørfabrikk

— Når poden kjem heim frå Etne kulturskule med sitt første trommesett, så er det greitt å kunne lukke døra fint inntil og ikkje høyre lyden i heile huset, seier han. Og den bør ha pakning i karmen for å tåle når nokon i huset ikkje er heilt nøgd og slenger døra att bak seg med stor kraft. — Eit hus skal gjerne vare i nokre tiår. Då er det greitt

13

FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

at dørene gjer det òg, seier han.

Held liv i bygda Å drive ein slik fabrikk i Skånevik, langt frå marknaden, kan synast utfordrande for ein utanforståande. Og Roar Knudsen forstår kvifor. — Ideelt sett skulle ein jo gjerne ha lege tett på Oslo. Då hadde me fått ned kostnadar på varer inn, og spart store summar på transport ut til kunde. Men her er me, og her vil me vere, seier Knudsen. Fabrikken sysselset 15 personar, og Roar Knudsen held dei tilsette fram som den viktigaste suksessfaktoren. — Vi har ein utruleg stødig gjeng. Ein ting er å ha ein flott fabrikk og fine maskiner. Men har du ikkje folk som har peiling og som dessutan stiller opp når det trengst, så har maskinane ingen verdi, seier han. Knudsen synest også det er fint å vere med på å gjere Skånevik til ein god plass å bu, gjennom å styre og utvikle ei verksemd som bidreg til at 15 familiar får mat på bordet i heimbygda. Då får det heller vere at han har ekstra lang veg å køyre når han skal på kundemøte, noko han set av ei veke til kvar einaste månad. Han meiner det er evna til å heile tida følgje med og tilpasse seg marknaden som er årsaka til at dei har overlevd. — For trendane skiftar fort. Tenkjer du at du har funne på noko som du skal kunne leve av dei neste fem åra, og lener deg tilbake på det, så er du sannsynlegvis konkurs når dei fem åra har gått, seier han.


14

tema

2018

TORSDAG 3. MAI

Næringsliv

Kompromissløst Kompromissløst fiberbredbånd fiberbredbånd til morgendagens til morgendagens bedrifter. bedrifter. • •• •• •

Lynrask hastighet Lynrask hastighet Overlegen kapasitet Overlegen kapasitet Unik stabilitet Unik stabilitet


tema

2018

Næringsliv

TORSDAG 3. MAI

15

Suksess med enkel tavle

Torleiv Åreskjold (t.v.) og Leif Thorsen har saman med kameraten Andreas Høyland gjort stor suksess både nasjonalt og internasjonalt med si webbaserte informasjonstavle.  Foto: Torleif Heggebø

Med over 1.700 kundar fordelt på 18 land nådde Favo – utviklarane av infoskjermen.no - ei omsetning på over 8,5 millionar kroner i 2017. Det er opp 23 prosent frå året før.  Torleif Heggebø

— Det er sjølvsagt kjekt å sjå at det går oppover, og at me heile tida får nye og nøgde kundar, men vekst og auka omsetning er ikkje det som driv oss. Først og fremst er me glade for å kunna ha ein jobb me trivst med og at jobben ikkje går ut over det aller viktigaste for oss alle – familielivet, seier Leif Thorsen, med tittel dagleg leiar. Akkurat det med dagleg leiar er berre på papiret, forklarar han, og understrekar at alle dei tre gründarane — Leif Thorsen, Torleiv Åreskjold og Andreas Høyland – er medarbeidarar og webutviklarar, forutan å vera 100 prosent eigarar av suksessbedrifta. Rekneskapen deira viser eit årsresultat på nær 1,9 millionar kroner for 2017, som er ein auke på nærare 38 prosent frå året før.

Skapar arbeidsplassar — Ei anna drivkraft for oss er gleda over å kunna skapa nye arbeidsplassar, og torsdag i sist veke inngjekk me avtale med den sjette personen på laget, som forutan oss tre no består av ein webutviklar busett i Larvik og to sals- og supportmedarbeidarar med adresse i Jerusalem og i Sverige, fortel Torleiv Åreskjold. Åreskjold er den eldste av dei tre og var lærar på Lundeneset då dei to andre gjekk ut som russ der like etter tusenårsskiftet. Felles interesse for webutvikling førte dei etter kvart saman i arbeidslivet. Dei kjende mellom anna på behovet for å finne ein avløysar til dei gode, gamle korktavlene som heng rundt om på skular, på arbeidsplassar eller andre stader der folk ferdast, og ville gjera noko med det.

Skapar behov Under NæringsGiv i Olalia sist veke snakka sandeidsbuen Osvald Bjelland om å skapa eit behov som folk ikkje visste at dei hadde, men som dei berre måtte få dekka når løysinga låg der. Og så nemnde han Facebook og Google. Thorsen ler litt når me dreg fram dette. Han vil ikkje vera med på at infoskjermen.no, eller Pin to Mind som

produktet heiter internasjonalt, er eit produkt i denne klassen. — Men me hadde sjølve eit behov for å nå ut med informasjon på ein kjapp og noko meir moderne måte enn med bruk av korktavlene, og det ser ut til at me har treft ein marknad med produktet vårt, om enn ikkje i same målestokk som dei to nemnde gigantane, ler Thorsen. Siste utvikling for infoskjermen.no er ei løysing for bruk på mobiltelefon.

Inspirasjon på internett Å starte eiga bedrift kan ofte vera tungt og strevsamt, ikkje minst når store institusjonar som Innovasjon Norge ikkje har særleg å støtte opp med. Favo-gründerane vedgår at dei fekk heller lita støtte derifrå, men fann heller inspirasjon og rettleiing hos ein annan, internasjonal aktør på internett. — For oss handlar det om å bygga ei nyttig programvare som gjer det kundane treng og  ingenting meir. Programvarene skal vera enklast mogleg både å forstå, bruka og henta ut informasjon frå. At opplæring er unødvendig fekk me røyne då me i eit tilbod la inn gratis opplæring som eit element. Kunden gjorde seg aldri nytte av denne delen av tilbodet, men gjekk for oss som leverandør, fortel Åreskjold. God service, ærlege, enkle og klare avtalar utan lita skrift og overraskingar og eit rett prisnivå peikar han på som viktige faktorar.

Kundane er investorar — Me har ingen store investorar som har spytta inn pengar i verksemda vår. Kundane er investorane våre. Det er dei som finansierer den daglege drifta ved å betale for produkta våre. Me er avhengige av deira tillit, og tilbyr såleis ei svært enkel løysing. Kundane kan enkelt registrera seg på internett. Dei får ein månads gratis prøvetid før dei bestemmer seg for å bli fast kunde, og dei risikerer

ikkje å bli bundne til langsiktige kontraktar som er dyre og vanskelege å koma ut av, informerer Åreskjold, og fortel om mellom 50 og 100 potensielle kundar rundt omkring i verda som til ei kvar tid er inne og prøver produktet. Thorsen legg til at marknadsføringa deira skjer på tre måtar – gjennom nøgde kundar, ved deltaking på diverse messer og ved bruk av internett. — Potensielle kundar søker oss opp ved hjelp av søke-

Først og fremst er me glade for å kunna ha ein jobb me trivst med Leif Thorsen

motorar på internett, og truleg var det den vegen den mest eksotiske kunden vår dukka opp. Me vart kontakta av ein mogleg kunde i Brasil som absolutt ville prøve Pin to Mind. Førebels er han den einaste der i landet, fortel Thorsen.

Mykje heider og ære På dei åtte åra Favo har eksistert har det vanka mange lovord og ære. — Me var ikkje så lite stolte då me under NæringsGiv fekk prisen for Årets gründer i 2016, og det å koma på Dagens Næringsliv si Gazelle-liste to år på rad, for åra 2015 og 2016, var stort, samstemmer Thorsen og Åreskjold. Truleg vil Gazelle-lista med oversikt over dei mest framgangsrike bedriftene i landet også for 2017 innehalda namnet til Favo, men denne gongen som bedrift frå Rogaland og Vindafjord etter at dei i mars i år skifta hovudadresse frå Tonstad i Sirdal og Vest-Agder til Ølensvåg. Kvalifikasjonskrava fyller dei med glans også for sist rekneskapsår.


16

tema

2018

TORSDAG 3. MAI

Næringsliv

Landbrukstenester

ME ER FAGLEG DYKTIGE - Til å stola på og kreative

Petter

Bjarte Torgrimsen

Espen Jon

Sylfest

Asbjørn

HER SER DU OSS!

I vår butikk får du faglig hjelp, inspirasjon og tips til ditt bad. Spør oss gjerne eller stikk innom i dag du også.

Vinnarskalle

Drude

Me står for det me seier, og tek derfor sjangsen på å visa oss fram på bildet. Ein gjeng som tek ansvar for at alt flytande kjem inn og går ut der det skal, til rett tid og til rett temperatur. Ein totalleverandør av bad og våtrom, som utfører alle typar tradisjonelle og moderne røyrleggartjenestar. Me skal vera best på bad.

Pløying • SteinPlukking • FreSing • Såing

Nils Torgrimsen

ME TRENG FLEIRE RØYRLEGGERAR SNARAST

Kontakt oss i dag for ein prat. Tips gjerne nokon du kjenner. VIKARIAT I BUTIKKEN Me treng også vikar i butikken for eit år. Du får god opplæring, litt kontorarbeid og arbeider i eit team som flyt fint.

LÆRLING?

Kanskje du eller nokon du kjenner vurderar å bli røyrleggar? Snakk med oss om moglegheitene. Me har mange suksesshistoriar bjarte@ntorgrimsen.no om våre lærlingar. Me ser fram til nye oppdrag og nye medarbeiderar. Helsing Team Torgrimsen - Bademiljø Kontakt oss om kva det skulle vera 53 76 80 62 - post@ntorgrimsen.no

SPrøyting • Slåing • rundballing

Sørheim Service v/bjørnar Tlf. 971 79 616 • bjornarsorheim@hotmail.com

Etne Betong kan tilby: •) Struktur blokker for støttemur •) Ferdige blokker for muring i sjø •) Tilbehør til all forskaling/støping •) Ferdig betong med renne-/pumpebil Kontakt oss for pristilbod! Me leverer også flytebrygger i mange varianter

BADEMILJØ RØRLEGGER NILS TORGRIMSEN AS Sandeidsvegen 15, 5580 Ølen

www.etnebetong.no

Tongane 71, 5590 Etne. Tlf. 53 75 67 12 post@etnebetong.no

Last ned Grannar app’en!

Som Grannar-abonnent kan du lesa heile avisa både på papir og som e-avis på nettbrett, mobil og PC/Mac. Hugs at du må vera registrert på www.grannar.no Treng du hjelp, ta kontakt på abonnement@grannar.no eller telefon 53 77 11 00.

BYGGELEMENTER TIL LANDBRUKSBYGG og andre bygg fra vår fabrikk i Sandeid. Ring 4888 9980. FERDIGBETONG Transport og pumping rett i forskalingen, fra blandeverk i Ølensvåg, Suldal, Gismarvik og Stord. BETONGVARER Betongkummer, ig-rør, forskalingsblokk, Mini-Trønder blokk, Big Blokk og Legoblokker. Kantstein, heller og belegningsstein.

Tlf 53 77 52 00

www.olenbetong.no


tema

2018

Næringsliv

TORSDAG 3. MAI

Få utstyret i stand til våronn og slått, — me ordne både stort og smått.

Ottar Skjold Maskin as

Knapphus • 5576 Øvre Vats • Tlf. 908 46 284

Graving • Reparasjon & service på maskiner og utstyr innen landbruk og anlegg. • Air-condition service på maskiner.

5590 Etne Tlf: 984 31 906 E-post: fredriksamland@hotmail.com

KNAUSEN

• Tomterydding • Beiterydding • Skoging • Trefelling • Hagearbeid • Gjerding

Natursteinsmuring

Arbeidsområdene har vært: • Vegarbeid for stat og kommune • Vannkraftutbygging • Olje- /gass-installasjoner • Dyrking • Doser arbeid • Kommunalt teknisk arbeid • Knusing med mobilt knuseverk • Tungtransport, terrengtransport • Tunnellasting og transport • Salg av grus, jord og pukk på Knapphus og Etne • Boligtomter og industritomter

Grus • Pukk • Sand Steinplukking utføreS

Meget effektivt utstyr Raker og plukker samtidig Vi tilbyr de fleste landbrukstjenester i hele distriktet. Ring Lars Inge Stødle

Kontakt oss for tilbud. Timepriser eller fastpris. Laila tlf 416 50 350 • Per Magne tlf 901 11 967 Peder tlf 481 10 092 • www.brodrene-flatebo.no

Mobil: 974 707 01

KULESTEIN

i forskjellege størrelsar til • Pynting av skråningar og blomsterbed • Grus og hagesingel

Ta kontakt på tlf. 53 75 62 51

Helseforsikring Stiv nakke? Vond rygg? Behandling av muskel- og skjelettplager kan være med og forebygge sykefravær. Alle helseforsikringer dekker behandling hos naprapat. Haukelivegen 738, 5580 Ølen +47 403 03 451 www.askelandnh.no

5590 Etne

Tlf. 480 01 268 post@knausen.one

Transport

Sprengning

Vi har drevet i over 50 år som maskinentreprenør

Me gjere jobben!

Har du eit beite eller stor plen som skulle vore pusset / klippet?

17

SKE L ND N A P R A PAT I & H E L S E

TEMA

NÆRINGSLIV SKE L ND N A P R A PAT I & H E L S E

Ta kontakt med oss, og vi hjelper deg med gravstein. Du får 10% avslag.

Etter kundens behov og ønske

Illustrasjonsfoto

KONTAKT OSS:

Døgnvakt tlf: 53 76 82 03 Mobil: 908 70 379

Epost: gravferd@haugnett.no www.olenbb.no

ETNE • VINDAFJORD • TYSVÆR

ALT AV • stålarbeid • næringsbygg • landbruksbygg • redskapshus • trapper • rekkverk

5585 Sandeid, tlf. 4884 9191 post@veststal.no • www.veststal.no


18

tema

TORSDAG 3. MAI

Næringsliv

Frisør Silje Digernes Lothe tilbyr kundane sine komfortable stolar med fotstøtte når dei skal få håret vaska. 

Følgde draumen om eig Ho har lenge gått med ein draum om å eiga sin eigen salong og i går kunne frisør Silje Digernes Lothe (31) opna dørene til Sax Design AS midt i Ølen sentrum. Irene Mæland Haraldsen

I lokala der den tidlegare malarbutikken like ved Europavegen heldt hus er det igjen full aktivitet. Malingspanna som tidlegare fylte hyllene i butikken er byta ut med kremar, hårkurar og fargevæsker, og langs den eine veggen står frisørstolane på rekkje og rad. To komfortable kvilestolar har fått plass ved hårvaskane, og med eit lett trykk på handkontrollen stiller fotstøtta seg i rett posisjon slik at kunden kan få kvila føtene medan frisøren fyller håret med shampoo og balsam. Hårtørkene er forma som designlampar og trendy flaggermusstolar har fått plass i venteområdet. Den nye frisørsalongen midt i Ølen sentrum er smakfullt innreia. — Eg har lagt vekt på design og komfort. Eg hadde lyst til å skilja meg ut med ein fin salong og ynskjer at interiøret skal gje litt luksusfølelse, seier Silje Digernes Lothe og viser rundt i salongen som ho håpar skal fyllast med nye og gamle kundar. Førebels er det berre eigaren sjølv som skal syta for at alle kundane får førsteklasses service, men med tida håpar ho å få fleire med på laget. — Eg startar aleine, men håpar å tilsetja fleire seinare.

Eventuelt ein lærling også med tida, seier 31-åringen som står bak eitt av 31 nyetablerte føretak i Etne og Vindafjord så langt i år.

Mange om beinet Med den nye frisørsalongen i Kyrkjehompen aukar talet på frisørsalongar i Ølen/Vågen til sju, men den unge frisørgründeren ser lyst på framtida sjølv med mange konkurrentar i nabolaget. — Eg var veldig uroleg ei tid for om dette ville gå, men nå er bestillingane byrja å tikka inn, fortel Lothe som tar i mot bestilling både via nett og telefon. Med 12 års fartstid hos sin tidlegare arbeidsgjevar like nede i gata har ho opparbeidd seg ein eigen kundekrets som ho håpar vil stikka innom den nye salongen. For heilt sidan ho var ferdig utdanna frisør i 2006 har Frisørhuset i Ølen vore hennar faste arbeidsplass. Her har ho hatt mange fine år, men draumen om ein eigen salong har alltid lege på lur.


tema

Næringsliv

TORSDAG 3. MAI

19

Nyregistrerte firma Til saman 31 firma i Etne og Vindafjord er oppført som nyregistret i Brønnøyssundregisteret sidan årsskiftet. 14 firma i Vindafjord og 17 i Etne er etablert etter første januar 2018. Av desse er 21 registrert som aksjeselskap.

Stilfullt design kjenneteiknar den nye frisørsaalongen.

Nyetableringar registrert i Brønnøysundregisteret

VINDAFJORD BJBLIKK AS BJØRKHAUG ENTREPRENØR AS CHRISTIANSEN AS CLARUS AS GRANBERGS HUGGERI JOSTEIN OG ØYSTEIN VETRHUS ANS NESHEIM EIENDOM AS SAX DESIGN AS STAKNES TURVOGN AS SVEIN CATO BIRKELAND TONERA MANTAS JOKSAS TRUE BLUE MATRE AS VIKEDAL KRO OG MOTELL AS XL-BYGG HAUGALANDET AS

Venteområdet er innreia med moderne flaggermusstolar og trendy småbord.

ETNE ABC GAMLESKULEN AS ÅKRAFJORDEN NATURE B&B ANDERS ANDERSEN AWSM TAK AS BYRAAPARTNER ÅSE BERGE EGIL KAMBO ELKON NORGE AS EØS BYRÅ OG BLOMSTER AS FIKSE RENGJØRING AS FJELLSTAD HYTTA AS FJÆRA GAMLE SKULE AS FRISØRBILEN AS GORDON AS LUNDEBØ AS MARIANNE EIKJELAND ROBLAI HOLDING AS WAI PANSANTHIA VARM MAT Foto: Irene Mæland Haraldsen

Frisør Silje Digernes Lothe satsar på miljøvenlege produkt i sitt sortiment.

en salong n Store pengar i hår- og hudpleie n Frisørsalongar og bedrifter innan annan skjønnheitspleie omsette for 18,7 milliardar kroner i 2016. n Veksten er på rundt fire prosent frå året før. n Hår- og hudpleiesektoren sysselsette over 27.000 i 2016 n Talet på føretak var rundt 13.400 og brutto driftsresultat var 3.549 millionar kroner. n Rogaland hadde 1.205 bedrifter med 2.540 tilsette i bransjen, medan det var 1.183 bedrifter og 2.813 sysselsette i Hordaland i 2016. Kjelde: Statistisk sentralbyrå

— Eg trivst svært godt på Frisørhuset og hadde det topp der, men eg ynskte å driva for meg sjølv. Nå er ungane så store at det er lettare å satsa, og då lokalet her i den gamle malebutikken blei ledig ved nyåret bestemte eg meg for å satsa, seier frisøren som er mor til tre barn i alderen 4, 8 og 10 år.

Investering Sjølv om lokalet er leigd har Lothe investert store summar i inventar. — Ventilasjon og innreiing har eg kosta sjølv. Eg har investert rundt ein halv million i arbeidsplassen, så nå får eg håpa kundane vil koma, seier ho og smiler. I tillegg til å stella håret til folk tek ho på seg å pynta brurer, leggja sminke og farga bryn, og med tida håpar ho å satsa på spesialtilbod til mannfolka i distriktet.

— Eg har lyst til å starta med barbering, men først må eg kursa meg litt. Det er ingen som driv med det her i vårt distrikt, seier ho. Sax Design AS kan tilby hårprodukt av

Eg har lagt vekt på design og komfort Silje Digernes Lothe, frisør

det tradisjonelle slaget, og i tillegg kan ein finna eit godt utval av miljøvenlege produkt i hyllene. — Eg har gått for eit dansk merke som har miljøvenlege og parabenfrie produkt. Eg ynskjer å tilby kundane litt andre produkt

enn ein vanlegvis finn i frisørsalongane og eg ynskjer at mest mogleg skal vera grønmerka, seier ho.

Triveleg yrke Medan stadig f leire frisørar vel å hoppa over til andre yrke etter nokre år i jobben på grunn av eit belastande yrke, har den ferske salongeigaren ingen planar om å skifta beite. — Eg trivst godt i frisørjobben. Den har blitt kjekkare og kjekkare og det er fint å møta folk. Eg har utvikla meg dei siste åra og nå føler eg meg trygg i jobben. Den nye salongen er ei utfordring som eg synest er kjempekjekk, seier kvinna bak nyskipa Sax Design AS og gler seg til å ta fatt på nye utfordringar i åra som kjem.

Naeringsliv Grannar mai 2018  
Naeringsliv Grannar mai 2018