Næringsliv oktober 2017

Page 2

NÆRINGSLIV

2017

Du og eg er ein attraksjon va er det mest unike med Vestlandet? Fjord og fjell, sjølvsagt. Men like viktig er du og eg. Kampen om turistar og K arbeidsplassar er to ting som skil oss frå mange andre stadar. Ekte og levande menneske som går rundt i gatene eller jobbar på marka. Det er liv i bygdene, og turistane får ekte natur kopla opp mot ekte folk og fe. Det er ein ressurs me må forvalte på rett måte.

V

elkommen til eit nytt temanummer frå Tysvær Bygdeblad og Grannar. Denne gongen har me vore på besøk hos verksemder med både tung tradisjon og i etableringsfasen. Felles for dei alle er ei stor tru på framtida. Og det står i kontrast til temaavisa me hadde for få år sidan, då nesten alle me snakka med, var redde for kva framtida skulle bringe. Nå er det ein ny positiv vind som kjem innover Haugalandet. Frå Utsira i vest til høgfjellet inst i Etne. Det handlar om interkommunal tenking, om må gjere kvarandre gode, og å utnytte den posisjonen vår del av verda er i. Når me begynner med å presentere turistnæringa er ikkje det berre for at den nå for alvor er tilbake i startblokka og vil bre om seg med både arbeidsplassar og kroner, men også fordi den er eit døme på kor langt ein kan komme med god planlegging og internasjonalt- og lokalt samarbeid. Dette er noko næringslivet på Haugalandet alltid har vore gode på. Om det har vore i skog- og landbruksnæringa eller i den moderne teknologi- og oljebaserte næringa, speler inga rolle. Samvirke og samhald har vore med på å plassere små vestlandsbygder på verdskartet i mange år. Og det er dei som lukkast best. Dei som tør dele og gi av sin kunnskap. Dei som ser mulegheiter der andre ser bokstavelegtalt fjellveggen.

augalandet i 2017 er rivande utvikling når det gjeld etableringar og optimisme. Næringsparkar og kjøpeH senter med spenstige og realistiske planar finnast over alt.

Grunderar og businessfolk utanfrå har gode lokale møtestadar, og kan drøfte idear og kreative løysingar saman. Me har gode aktørar samla i interkommunale prosjekt som Haugaland Vekst, Destinasjon Haugaland og interesseorgan for hamn, flyplass og næringsliv. slik tid er det også kjekt at me som er lokalaviser kan stå og levere ei rykande fersk næringsavis, der me har Itatteisaman pulsen på distriktet sitt næringsliv. Og det har heldigvis ein høg puls i 2017.

Alf-Einar Kvalavåg Redaktør - Tysvær Bygdeblad Arne Frøkedal Redaktør - Grannar

Næring og Industri, opplag 6800 Layout Grannar TYSVÆR BYGDEBLAD Postboks 13, 5575 Aksdal Besøksadresse: Aksdal Senter Tlf.: 52 77 77 75 post@tysver-bygdeblad.no

2

Torsdag 26. oktober 2017

GRANNAR Postboks 84, 5590 Etne Besøksadresse: Etne Senter Tlf.: 52 77 11 00 post@grannar.no

Målbevis Som leiar for ni bensinstasjonar er det eitt fokus Anne Lise Sjurseike jobbar mot heile tida; å vera ein motivator for dei tilsette. Grethe Hopland Ravn Det som starta for 25 år sidan i svigerfaren sin bensinstasjon i Vats har utvikla seg til å bli ein livsstil for Anne Lise Sjurseike (54) som i dag driv Knapphus bensinstasjon, Ølen bensinstasjon og sju andre Shell-stasjonar på Haugalandet og i Sunnhordland — Me kjøpte opp Ølen bensinstasjon for 20 år sidan, og den har eg hatt i porteføljen. For tre år sidan starta me opp selskapet Knapphus Retail AS, som er eit system som driftar Shell sine stasjonar, fortel Sjurseike som har Odda, Stord, Karmsundgata i Haugesund, Aksdal, Avaldsnes og Karmøy i retailsystemet sitt. I desember opnar Shell Norheim, som også går inn i retailsystemet under vatsbuen si daglege leiing.

Felles begeistring For 54-åringen er den viktigaste delen av jobben hennar å vera ein motivator for dei tilsette som no nærmar seg rundt 100 personar. — Eg synest felles begeistring er fantastisk, og me prøver å vera flinke til å setja fokus på dette. Me har kollektive feiringar når ting går godt, me gler oss over å nå mål og over positivitet. I ein slik bransje er det også alltid noko ein må jobba med, ting me kan streba mot og utfordringar me må ta. Eg trur me får ballast til å ta tak i dette, når me er flinke til å setja fokus på det positive, seier ho. Med erfaringa som Sjurseike har, veit ho både korleis ein butikk skal drivast, og korleis ein butikk bør sjå ut for å framstå meir freistande for kundane.

Stor breidde - mange hattar Veka startar alltid med å samla tala og sala frå førre veke, etter oppsette mål. Så skal neste veke planleggjast. Sjurseike er glad for at ho har flinke driftssjefar på kvar stasjon som ho jamleg samarbeider med. Måndagen er ofte ein dag ho brukar på både administrasjon og oppsummering, der ho ser på rapportar og alt som kjem inn. Dei tre neste dagane brukar ho på å vera ute på vegane, for å treffa butikksjefane i retail-stasjonane hennar. Fredag er ho tilbake på kontoret på Knapphus. Ein del av jobben som motivator for Anne Lise er å skapa yrkesstoltheit. Dette er noko alle leiarar i bransjen brenn for, og som dei har mangla tidlegare. — Me har ein stor breidde i kunnskap og har mange hattar. Me er seljarar, bakarar, vaktmeister, teknikarar på vaskemaskinar, psykologar for den saks skuld på nattevaktene, og det er viktig for oss at kundane kan forlata bensinstasjonen med eit lettare sinn når han går ut igjen, seier ho.

Familiebedrift

I ein tiårsperiode har det vore veldig lett for folk å få seg arbeid over alt, så dette har vore ei utfordring for Anne Lise Sjurseike og dei mange bensinstasjonane ho har ansvar for. No har det snudd litt og ho trur folk set meir pris på jobben